Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
4 Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
200 | Kunnskapsdepartementet | 266 598 | 257 374 | 264 950 | 2,9 |
Sum kategori 07.10 | 266 598 | 257 374 | 264 950 | 2,9 |
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
3200 | Kunnskapsdepartementet | 7 470 | |||
Sum kategori 07.10 | 7 470 |
Kap. 200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 251 522 | 235 794 | 250 674 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 13 522 | 19 015 | 11 652 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 1 554 | 2 565 | 2 624 |
Sum kap. 200 | 266 598 | 257 374 | 264 950 |
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til drift av den norske UNESCO-kommisjonen og utgreiings- og utviklingsoppgåver i Kunnskapsdepartementet. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.
Mål for 2013
Måla for løyvinga over kap. 200 gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.
Måla for 2013:
Departementet skal ha eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken.
Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.
Departementet skal ha god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.
Rapport for 2011
Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I 2011–12 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:
Prop. 67 L (2011–2012) Endring i universitets- og høyskoleloven (rapportering til database for vitenskapelig publisering)
Prop. 84 L (2011–2012) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse m.m.)
Prop. 92 L (2011–2012) Endringer i studentsamskipnadsloven
Prop. 98 L (2011–2012) Endringer i barnehageloven (tilskudd og foreldrebetaling i ikke-kommunale barnehager)
Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis
Kunnskapsdepartementet arbeider kontinuerleg med å forbetre styringa av si eiga verksemd og av underliggjande verksemder og sektoren elles. I dette arbeidet vurderer departementet blant anna korleis arbeidsoppgåvene best kan fordelast mellom departementet og underliggjande forvaltningsorgan. Kunnskapsdepartementet har delegert oppgåver på barnehageområdet til Utdanningsdirektoratet frå 1. januar 2012. Delegeringa styrkjer den statlege kapasiteten for styring og kvalitetsutvikling i barnehagesektoren, og legg til rette for heilskap og samanheng i utdanningsløpet.
I 2010–11 reviderte departementet den nasjonale målstrukturen for universitet og høgskolar, med brei involvering frå sektoren. Departementet gjennomførte i 2011 eit prosjekt om god forvaltning i universitets- og høgskolesektoren. Prosjektet har omfatta både den interne styringa og forvaltninga i verksemdene og organisering og arbeid med styring frå departementet.
Både Kunnskapsdepartementet og andre offentlege verksemder bruker rett som det er oppdragsforsking som fagleg grunnlag for politikkutforminga. For å leggje til rette eit godt rammeverk for slik oppdragsforsking har departementet utarbeidd ny standardavtale for forskings- og utgreiingsoppdrag. Standardavtalen gir eit solid rammeverk for korleis offentlege oppdragsgivarar kan sikre at forskings- og utgreiingsoppdrag blir gjennomførte innanfor anerkjende vitskaplege og etiske prinsipp, at både oppdragsgivar og oppdragstakar får rett til resultata, og at resultata blir offentlege.
Åtaket mot regjeringskvartalet 22. juli 2011 påverka arbeidsvilkåra til departementet. Mellom anna vart det nødvendig å finne andre lokale. Stortinget løyvde 11,9 mill. kroner på kap. 200 post 01 til ekstrautgifter etter bombeåtaket, sjå Innst. 21 S (2011–2012), jf. Prop. 154 S (2010–2011).
Kunnskapsdepartementet har halde fram med det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Etter at departementet laut flytte ut av regjeringskvartalet som følgje av åtaket 22. juli 2011, vart mykje merksemd retta mot å ta vare på dei tilsette og syte for trygge lokale på den nye lokaliseringa. Kunnskapsdepartementet har elles gjennomført eit seminar om samfunnstryggleik og beredskap for dei underliggjande verksemdene, der mellom anna røynslene frå 22. juli var tema.
Ein mindre del av løyvinga over post 21 gjekk til Den norske UNESCO-kommisjonen. Kommisjonen har halde fast ved dei prioriteringane som tidlegare er gjorde for perioden 2008–12: menneskerettar, utdanning, ytringsfridom og tryggleik for journalistar.
I arbeidet med Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis la Kunnskapsdepartementet stor vekt på eit breitt samarbeid med andre departement, utdanningstilbydarar og partane i arbeidslivet. Gjennom ein open prosess med aktiv deltaking frå desse er det utvikla felles forståing om utfordringar og retning for det vidare arbeidet på dette feltet. Det gir ei solid plattform for framtidige utdanningar til velferdsyrka.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å flytte 6,5 mill. kroner frå kap. 200 post 21 til kap. 200 post 01. Overføringa gjeld driftsoppgåver som opphavleg var etablerte som prosjekt, men som i dag er ein del av det ordinære arbeidet departementet gjer retta mot sektoren.
Departementet foreslår å flytte 1,5 mill. kroner frå kap. 200 post 21 til kap. 288 post 76 i samband med oppretting av eigen post for tilskott til UNESCO-formål. Midlane til drift av den norske UNESCO-kommisjonen vil framleis bli løyvd over kap. 200 post 21. Forslaget blir nærmare omtalt under kap. 288 post 76.
Departementet nemnde hausten 2012 opp ei ekspertgruppe i spesialpedagogikk. Ekspertgruppa skal gi råd til styresmaktene og fagmiljøa om framtidig utdanning på det spesialpedagogiske området, og korleis ein bør innrette og dimensjonere utdanningane for å dekkje samfunnsbehova i åra som kjem. Ekspertgruppa skal levere tilrådingane sine hausten 2013.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
02 | Salsinntekter o.a. | 376 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 560 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 3 678 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 124 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 732 | ||
Sum kap. 3200 | 7 470 |
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
220 | Utdanningsdirektoratet | 304 673 | 311 062 | 320 752 | 3,1 |
221 | Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane | 12 402 | 13 887 | 14 322 | 3,1 |
222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 107 943 | 86 430 | 89 468 | 3,5 |
223 | Sametinget | 35 420 | 36 518 | 37 723 | 3,3 |
224 | Senter for IKT i utdanninga | 90 980 | 87 558 | 89 565 | 2,3 |
225 | Tiltak i grunnopplæringa | 1 125 261 | 1 140 048 | 1 156 681 | 1,5 |
226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 1 151 001 | 1 221 045 | 1 458 992 | 19,5 |
227 | Tilskott til særskilde skolar | 64 333 | 72 579 | 114 074 | 57,2 |
228 | Tilskott til private skolar o.a. | 3 086 151 | 3 091 206 | 3 284 125 | 6,2 |
229 | Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar | 27 413 | 22 669 | 23 528 | 3,8 |
230 | Statleg spesialpedagogisk støttesystem | 740 725 | 718 545 | 687 147 | -4,4 |
Sum kategori 07.20 | 6 746 302 | 6 801 547 | 7 276 377 | 7,0 |
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
3220 | Utdanningsdirektoratet | 9 199 | 4 651 | 4 805 | 3,3 |
3221 | Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane | 6 | |||
3222 | Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat | 7 727 | 4 581 | 4 732 | 3,3 |
3224 | Senter for IKT i utdanninga | 6 653 | 2 352 | 1 500 | -36,2 |
3225 | Tiltak i grunnopplæringa | 57 352 | 50 423 | 42 858 | -15,0 |
3229 | Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar | 6 729 | 2 534 | 2 617 | 3,3 |
3230 | Statleg spesialpedagogisk støttesystem | 82 552 | 68 326 | 70 581 | 3,3 |
Sum kategori 07.20 | 170 218 | 132 867 | 127 093 | -4,3 |
Innleiing
Grunnopplæringa skal vere av høg kvalitet. Ho skal gi den einskilde og samfunnet nødvendige føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og demokratisk utvikling. Opplæringa skal medverke til å utvikle dei faglege dugleikane til elevane, deira sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk tenking og medverknad i demokratiske prosessar. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, holdningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølv og andre i samfunnet. Alle skal ha moglegheit til å nå læringspotensialet sitt i ein inkluderande skole. Dette er eit omfattande og viktig mandat som samfunnet har gitt grunnopplæringa.
Samfunnsmandatet er nærmare konkretisert i formålsparagrafen for grunnopplæringa og i privatskolelova og dei andre delane av lovverket. Kommunane, fylkeskommunane og dei private skolane som er godkjende etter privatskolelova, har fått i oppdrag å realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa.
Grunnopplæringa held god kvalitet, men det er dokumentert at ho har forbetringspotensial innanfor sentrale område. Departementet vil derfor prioritere tiltak for kvalitetsutvikling som er retta mot tre mål:
Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet.
Alle elevar og læringar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet.
Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring.
Måla blir følgde opp gjennom dei verkemidlane departementet rår over. Grunnopplæringa blir i all hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov. Dette gjeld til både drift, investering og kvalitetsutvikling av grunnopplæring ved skolane og i lærebedriftene. For ei samla framstilling av ressursbruken i grunnopplæringa viser ein til del III i budsjettproposisjonen under kapittel 5 Ressursar i grunnopplæringa.
Programkategori 07.20 finansierer nasjonale tiltak for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa, jamfør særskilt kap. 226 post 21. Enkelte særskilde skolar og private skolar som er godkjende etter privatskolelova, blir også finansierte over programkategori 07.20 høvesvis kap. 225 tiltak i grunnopplæringa, kap. 227 tilskott til særskilde skolar og kap. 228 tilskott til private skolar o.a.
Hovudprioriteringar for 2013
I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa ei samla styrking av grunnopplæringa på 483 mill. kroner.
Regjeringa vil i 2013 styrkje satsinga retta mot ungdomstrinnet og gjennomføring av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. Satsinga omfattar innføring av valfag, kompetansetiltak og fleire lærarar. Regjeringa foreslår å løyve 68,4 mill. kroner til innføring av valfag på 9. trinn på ungdomstrinnet. Av dette blir 66,1 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til kommunane. I meldinga foreslår regjeringa at valfag blir innførte gradvis. Hausten 2012 vart valfag for 8. trinn innført, og i 2013 blir skoleeigarane kompenserte for heilårseffekten med 97,7 mill. kroner. Departementet tek sikte på å utvide tilbodet til 10. trinn i 2014. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til ein eigen strategi for ungdomstrinnet for betre klasseleiing og å betre grunnleggjande dugleikar hos elevane i rekning, lesing og skriving. Forslaget aukar løyvinga med 30 mill. kroner, og det blir omprioritert om lag 50 mill. kroner frå løyvinga til etterutdanning, slik at den samla løyvinga til gjennomføringsstrategien for ungdomstrinnet blir på 80 mill. kroner.
For å styrkje lærartettleiken på ungdomstrinnet og på den måten bidra til å gi tilpassa opplæring, ei meir praktisk, variert og relevant opplæring, samt å styrkje dei grunnleggjande dugleikane, foreslår regjeringa å løyve 157 mill. kroner til ei fireårig tilskottsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet. Kommunar som skoleåret 2011-2012 hadde skolar med ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og grunnskolepoeng under snittet for landet kan søke om midlar til forsøket. Den fireårige tilskottsordninga skal nyttast til å hauste erfaring og kunnskap om effekten av auka lærarressursar. Dette kan vere eit grunnlag for eventuelt seinare å forskriftsfeste eit forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar.
Regjeringa foreslår å nytte 30 mill. kroner til fag- og yrkesopplæringa i 2013, for å følgje opp staten sine forpliktingar i Samfunnskontrakten for flere læreplasser. Løyvinga skal stimulere til at fleire elevar får læreplass. I dette inngår eit forslag om å løyve 6 mill. kroner slik at fleire minoritetsspråklege med kort butid og svake norskdugleiker skal få læreplass.
Satsinga Ny GIV for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring held fram ut 2013. I løpet av 2013 vil alle kommunane i landet delta i prosjektet. Løyvinga for 2013 vil vere på om lag 185 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet å løyve om lag 35 mill. kroner for at fylkeskommunane kan følgje opp elevar med særskilde utfordringar, jf. kap. 226 post 60.
I budsjettet for 2009 vart det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering og investering i skole- og symjeanlegg med sikte på ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. Investeringsramma blir gradvis fasa inn i budsjettet gjennom perioden. Frå 2009 til 2012 er 9 mrd. kroner fasa inn i budsjettet. I 2013 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 1 mrd. kroner med ein budsjetteffekt på 20 mill. kroner.
I Meld. St. 18 (2010-2011) Læring og fellesskap og Stortingets handsaming av meldinga, er det mellom anna vedteken ein omorganisering av Statped og ei kompetansestrategi for dei tilsette i PP-tenesta. Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 10 mill. kroner til oppfølging av dette arbeidet.
Regjeringa foreslår å løyve 73,8 mill. kroner til innføring av ein veketime med kulturskoletilbod i skole-/SFO-tida på barnetrinnet (1.–4. trinn) frå hausten 2013. Skoleeigarane blir kompenserte for tiltaket tilsvarande ein ny veketime med lærarlønn inkludert for- og etterarbeid. Tilbodet skal vere frivillig for elevane.
Regjeringa foreslår å styrkje tilskottet til opplæring i kriminalomsorga med 6,4 mill. kroner. Løyvinga er knytt opp til etablering av forsøk med ungdomseiningar for barn og unge i Bergen og Oslo og auka soningskapasitet ved Hustad fengsel.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dei regionale vitensentra med 8,8 mill. kroner og å løyve 1,2 mill. kroner til Newtonrom. Delar av midlane til Newtonrom skal gå til evaluering av prosjektet.
Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett til kompetansehevande tiltak knytt til utdanning av minoritetsspråklege. Dette er som oppfølging av den kommande stortingsmeldinga om inkludering frå Barne-, likestillings-og inkluderingsdepartementet.
Regjeringa vil i tillegg følgje opp strategien Kompetanse for Kvalitet gjennom vidareutdanning for lærarar og rektorutdanninga. Departementet foreslår å løyve om lag 350 mill. kroner til desse to tiltaka slik at aktiviteten kan vere på same nivå som i inneverande år.
Tilstandsvurdering
Måla for grunnopplæringa gjeld for alle elevar og lærlingar. Elevbakgrunn er ei viktig forklaring på forskjellar i måloppnåing mellom skolar og kommunar, særleg den sosioøkonomiske bakgrunnen til elevane. Det betyr ikkje at effekten av elevbakgrunn er upåverkeleg. Fleire studiar viser at effekten av sosioøkonomisk bakgrunn er svakare i Noreg enn i mange andre land, men framleis er effekten betydeleg òg i Noreg.
Mål: Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande dugleikar som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet
Grunnleggjande dugleikar er eit nødvendig grunnlag for både fagkunnskap og læringsutbytte i vid forstand. Hovudårsaka til fråfall i vidaregåande opplæring er at dette grunnlaget er for svakt hos mange elevar. Både svake grunnleggjande dugleikar og ikkje fullført vidaregåande opplæring svekkjer grunnlaget for deltaking i vidare utdanning og i arbeids- og samfunnslivet vesentleg. PIRLS-undersøkinga av lesing på 4. og 5. trinn viste at norske elevar skåra om lag som gjennomsnittet av land som deltek, og at det faglege nivået var stabilt frå 2001 til 2006. Resultata frå den neste PIRLS-undersøkinga blir lagde fram i desember 2012.
I 2008 vart TIMSS-undersøkinga om læringsutbyttet til elevar i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn lagd fram. Samanlikna med 2003 var det tydeleg framgang i prestasjonar i matematikk og naturfag på 4. trinn. I tillegg var det klar framgang i matematikkprestasjonane på 8. trinn. Nivået var likevel lågare enn i 1995, i både naturfag og matematikk. Det var dessutan relativt få elevar i Noreg som presterte på dei høgste nivåa i den siste TIMSS-undersøkinga samanlikna med andre land. Resultata frå den neste TIMSS-undersøkinga blir lagde fram i desember 2012.
PISA-undersøkinga frå 2009, som testar 15-åringar, syner at Noreg er tilbake på nivået frå 2000 i lesing, naturfag og matematikk. Det er ein tydeleg framgang frå 2006 i alle fagområda, men størst i lesing, jf. figur 4.1. Dei norske elevane ligg over gjennomsnittet for OECD-landa i lesing og rundt gjennomsnittet for matematikk og naturfag. Resultata frå PISA-undersøkinga stadfestar dermed resultata frå TIMSS-undersøkinga.
I 2009 er dessutan delen elevar på dei lågaste nivåa redusert samanlikna med 2000 for alle dei tre fagområda i PISA. På den andre sida er delen elevar på dei høgste nivåa redusert i lesing og matematikk. Noreg har framleis svært få elevar på dei høgste prestasjonsnivåa samanlikna med andre land.
I 2009 vart ICCS, ei internasjonal undersøking om medborgarskap, gjennomført. Resultata viste at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om og god forståing av omgrepet medborgarskap samanlikna med dei andre landa, og at nivået er likt som ved den førre undersøkinga i 1999.
I motsetnad til i internasjonale undersøkingar kan ein ikkje eintydig tolke endringar i nasjonal karakterstatistikk eller nasjonale prøver som endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Det skyldast at prøvene ikkje har eit felles utgangspunkt som endringar over år kan samanliknast med. Karakterstatistikk og nasjonale prøver avdekkjer derimot forskjellar mellom kommunar, skolar og elevgrupper. Figur 4.2 viser at den sosiale bakgrunnen til elevane har svært stor betyding for dei faglege prestasjonane til elevane. Det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld meistringsnivået elevane viser på dei ulike prøvane.
Mål: Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring med kompetanseprov som kan verdsetjast for vidare studium eller i arbeidslivet
Fullført vidaregåande opplæring er ein føresetnad for opptak til høgre utdanning og er den plattforma all ungdom bør ha for å vere rusta for arbeidslivet. Det er stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande eller høgre utdanning. I tillegg er personar utan vidaregåande opplæring spesielt sårbare for utstøyting frå arbeidslivet i økonomiske nedgangstider. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at arbeidsløysa blant ungdom (16–24 år) auka frå 7,5 pst. i 2008 til 9,3 pst. i 2010. I første kvartal i 2012 var arbeidsløysa blant ungdom fallen tilbake til 7,9 pst. Det inneber at rundt 29 000 ungdommar var arbeidslause.
Det er derfor ei stor utfordring at dagens nivå for gjennomføring av vidaregåande opplæring berre er i underkant av 70 pst. Gjennomføring av vidaregåande opplæring blir normalt definert som fullført og bestått opplæring fem år etter påbegynt opplæring, jf. figur 4.3. For dei elevane som begynte vidaregåande opplæring i 2006, viser figuren kompetanseoppnåinga i 2011. Gjennomføringa er betre på studieførebuande enn yrkesførebuande utdanningsprogram. I Ny GIV-prosjektet er det sett som mål at gjennomføringa (definert som fullført og bestått i løpet av fem år, på normert tid eller meir enn normert tid) skal auke til 75 pst. innan 2015, det vil seie for elevar som starta vidaregåande opplæring i 2010.
Ein del av elevane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbegynt opplæring, aukar den delen elevar som fullfører og består vidaregåande opplæring, til rundt 80 pst. Det er store forskjellar i kompetanseoppnåinga til dei elevane som ikkje fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Av dei elevane som starta vidaregåande opplæring i 2006, slutta 18 pst. undervegs i opplæringa, medan resten anten var i vidaregåande opplæring framleis (fem pst.), eller dei hadde gjennomført utan å ha bestått (sju pst.).
Figur 4.4 viser forskjellane mellom fylka i gjennomføringa av vidaregåande opplæring etter fem år. Dei størst utfordringane finn ein i Nord-Noreg. Situasjonen i Nord-Noreg har i liten grad samanheng med skoleeksterne faktorar som elevbakgrunn, forhold på arbeidsmarknaden eller lange reiseavstandar. Det tyder på at faktorar som fylka sjølve kan påverke, er ei viktig forklaring på forskjellane mellom fylka og resten av landet. Sogn og Fjordane, Akershus, Oslo og Rogaland har hatt ei klar positiv utvikling mellom kulla som starta i 2000 og i 2006.
Eit anna mål på gjennomføring er overgangane frå kvart trinn i vidaregåande opplæring, jf. figur 1.5. Elevane kan ha ordinær progresjon, vere ute av vidaregåande opplæring eller repetere lågare eller same trinn i vidaregåande opplæring. Ordinær progresjon frå Vg1 og Vg2 blir rekna som overgang til opplæringstilbod på høgre nivå. Ordinær progresjon frå Vg3 blir rekna som oppnådd vitnemål / fag- eller sveinebrev / læreplass. Det er sett som nasjonalt mål at den ordinære progresjonen skal auke med to prosentpoeng for alle trinna i prosjektperioden.
83,8 pst. av elevane frå Vg1 hadde ein ordinær progresjon i 2010. Det er ei forbetring samanlikna med tidlegare år. Delen elevar med ordinær progresjon frå Vg2 ligg stabilt rundt 80 pst. i perioden 2007 til 2010. For overgangen frå Vg3 har delen elevar med ordinær progresjon auka i same tidsperiode, men med eit svakt tilbakefall i 2010. Førebelse tal for 2011 viser at 84,9 pst. av elevane frå Vg1 hadde ein ordinær progresjon. Det tyder på at den positive trenden for overgangen frå Vg1 fortsetter. Overgangen frå Vg2 ligg derimot stabilt på rundt 80 pst. for 2011.
Overgangen frå Vg2 er kritisk for at elevar skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Delen elevar som er ute av vidaregåande opplæring eitt år, aukar frå rundt ni–ti pst. frå Vg1 til rundt 15–16 pst. frå Vg2. Samstundes er delen elevar med ordinær progresjon frå begge desse trinna relativt lik.
Mål: Alle elevar og lærlingar skal inkluderast og oppleve meistring
Eit godt læringsmiljø er ein rett for alle elevar. Dette inneber blant anna at alle elevar og lærlingar skal inkluderast i eit fellesskap der dei trivst og ikkje blir utsette for mobbing. Gode forhold for læring er også knytt til at elevane ikkje blir forstyrra av bråk og uro i undervisningstimane. Det er vidare viktig at alle elevar og lærlingar opplever meistring og framgang i faga. Det er fellesskolen som skal vere ramme for opplæringa. Det inneber at både fagleg sterke og fagleg svake elevar skal få utfordringar og oppleve motivasjon og meistring i opplæringa. Fleire studiar viser at gode faglege elevprestasjonar ofte heng saman med eit godt læringsmiljø i skolen.
Elevundersøkinga gir tilbakemelding på kva for oppfatning elevane har av sin eigen læringssituasjon, og er obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn i grunnskolen og på Vg1 i vidaregåande opplæring. For dei andre trinna er undersøkinga frivillig å gjennomføre for skoleeigarane. I figur 4.6 blir nokre sentrale spørsmål frå Elevundersøkinga presenterte.
Trivselen i skolen er generelt høg gjennom heile grunnopplæringa. Det er likevel rundt åtte til ni pst. som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare på 7. og 10. trinn. Denne delen er noko lågare på Vg1. Desse tala har vore stabile over lang tid. Med mobbing meiner ein gjenteke negativ åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev.
Når det gjeld motivasjon, skjer det ei tydeleg endring på ungdomstrinnet i delen elevar som liker skolearbeidet godt eller svært godt. Medan over 60 pst. i 2012 liker skolearbeidet godt eller svært godt på 7. trinn, er det berre 37 pst. av elevane som opplever det same på 10. trinn. Det har likevel vore ei forbetring i delen elevar som liker skolearbeidet godt eller svært godt på 10. trinn i løpet av dei siste åra. I vidaregåande opplæring aukar delen elevar som rapporterer om det same, til rundt 49 pst. I løpet av dei siste åra har denne delen auka klart i vidaregåande opplæring.
Samanlikna med dei andre trinna kan ein også observere ein svak auke på ungdomstrinnet i delen elevar som ofte eller svært ofte blir forstyrra av bråk og uro. Om lag 29 pst. av elevane på 10. trinn rapporterer at dei blir forstyrra av bråk og uro ofte eller svært ofte. Det er likevel ein nedgang på om lag to prosentpoeng frå 2010. Dette er ei utvikling som òg er stadfesta i undersøkinga Ung i Norge (2010), der det kjem fram at det er eit lågare konfliktnivå og mindre uro i ungdomsskolen no enn det har vore på lenge.
Vidare tyder Elevundersøkinga og annan dokumentasjon på at opplæringa generelt sett ikkje i tilstrekkeleg grad blir fagleg tilpassa både fagleg sterke og fagleg svake elevar. Det er ikkje alle elevar som opplever høge krav til læring. Den relativt låge delen norske elevar som presterer på høgste nivå i dei internasjonale undersøkingane, tyder på at opplæringa framleis ikkje blir tilpassa i tilstrekkeleg grad, verken for fagleg sterke eller fagleg svake elevar.
ICCS frå 2009 viser at norske elevar opplever miljøet i klasserommet som meir ope enn gjennomsnittet. I studien er det ein klar samanheng mellom korleis elevane opplever miljøet i klasseromet og skår på ein test om kunnskapar og dugleikar. Ein svært høg del av elevane i Noreg opplever rettferdige, interesserte og lyttande lærarar.
Strategiar og tiltak
Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa i Noreg har mange sterke sider, men på same tid er måloppnåinga ikkje god nok på enkelte område. Det er derfor nødvendig å setje inn tiltak frå statleg side som meir effektivt kan støtte opp under det ansvaret som skoleeigarane har for at grunnopplæringa skal bli betre. Det er fleire sentrale satsingar som departementet også vil gjennomføre i 2013 for å nå måla i grunnopplæringa. Dette er mellom anna vidareutdanninga for lærarar, ein eigen strategi for gjennomføring av tiltak i Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter, og oppfølging av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, styrking av fag- og yrkesopplæringa og fortsatt satsing på auka gjennomføring av vidaregåande opplæring gjennom Ny GIV.
Kompetanseutvikling
Dei viktigaste kvalitetstiltaka i grunnopplæringa er kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar. Til saman foreslår departementet å løyve 460 mill. kroner til ulike kompetansetiltak i grunnopplæringa. Dette gjeld vidareutdanning for lærarar og rektorutdanning, gjennomføringsstrategien for ungdomstrinnet og ei ny satsing på kompetanseutvikling for opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne. Løyvinga legg til rette for at om lag 1 850 lærarar kan ta vidareutdanning hausten 2013. Dersom det blir fleire søkjarar kan det vere aktuelt å omprioritere midlar til dette. I tillegg kjem kompetanseutviklingstiltaka i Ny GIV. Internasjonal forsking viser at kompetansen til lærarar og skoleleiarar er blant dei faktorane som har mest å seie for læringsutbyttet til elevane.
Strategien Kompetanse for kvalitet har som mål å styrkje den faglege og pedagogiske kompetansen hos lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Satsinga skal gi deltakarane vidareutdanning i eit omfang på inntil 60 studiepoeng i det enkelte faget eller på det enkelte området. Vidareutdanninga skal vere målretta mot fagområde og emne som det på landsbasis særleg er behov for å styrkje.
Kunnskapsdepartementet, KS og arbeidstakarorganisasjonane er einige om ein ny avtale for fordeling av kostnadene til vikarmidlar, der staten frå august 2012 aukar sin del frå 40 til 50 pst., mens den delen som fell på kommunane og lærarane, blir 25 pst. kvar. Målet med den nye avtalen er å få fleire kommunar til å delta. Erfaringane til og med 2012 viser at kommunane i større grad nytta seg av ordninga enn tidlegare.
Ungdomstrinnet
Undersøkinga Ung i Norge (2010) viser at elevane på ungdomstrinnet trivst på skolen, men at klart fleire elevar no enn på 90-talet meiner at det er for mykje teori og for lite praktisk opplæring i skolen. Stortinget handsama stortingsmeldinga om ungdomstrinnet, Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon –Mestring – Muligheter i januar 2012, jf. Innst. 145 S (2011–2012). Den sentrale bodskapen er at eit meir praktisk, variert, relevant og utfordrande ungdomstrinn skal auke motivasjonen og læringa til elevane. Regjeringa tek fire hovudgrep som skal føre til dette:
innføringa av valfag
auka fleksibilitet gjennom endring i fag- og timefordelinga
satsingar innanfor strategien Motivasjon og meistring for betre læring
fleire lærarar
Hausten 2012 vart det innført valfag på 8. trinn, og regjeringa foreslår å innføre valfag på 9. trinn frå og med hausten 2013. Vidare tek regjeringa sikte på å innføre valfag for 10. trinn frå hausten 2014.
For å nå målet om ei meir praktisk, variert og relevant opplæring har Kunnskapsdepartementet vidare utarbeidd ein strategi for ungdomstrinnet. Strategien inneber ei felles satsing på klasseleiing, lesing, skriving og rekning, der kompetanseheving og erfaringsutveksling om praktiske og varierte metodar er eit viktig element. Ambisjonen er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i satsinga i løpet av dei neste fem åra. Satsinga blir prøvd ut i 22 kommunar i skoleåret 2012–2013. Organisasjonar i GNIST-partnarskapen har gitt viktige innspel til strategidokumentet og vil på ulike måtar hjelpe til med å realisere måla og gjennomføringa av tiltaka. Dei sentrale tiltaka i strategien er:
skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, rekning, lesing og skriving for lærarar og skoleleiarar
utvikling av rettleiingsmateriell for god klasseleiing og god undervisning i rekning, lesing og skriving
stønad og tilrettelegging for lokalt utviklingsarbeid
nettverk for erfaringsutveksling og profesjonsfellesskap
Vidare foreslår regjeringa å opprette ei fireårig øyremerka tilskottsordning som eit forsøk frå hausten 2013 med auka lærartettleik på ungdomstrinnet. Kommunar som skoleåret 2011-2012 har skolar med ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og grunnskolepoeng under snittet for landet kan søke om midlar til formålet. Kommunane vil bli tildelt midlar til eit eller fleire årsverk per skole ut frå storleiken på dei skolane som blir omfatta av tilskottet. Formålet er at auka lærarressursar skal støtte opp under desse skolane sitt arbeid med tilpassa opplæring, gjere opplæringa på ungdomstrinnet meir praktisk, variert og relevant og styrkje dei grunnleggjande dugleikane. Det er og eit mål å sjå om tiltaket kan bidra til å redusere behovet for spesialundervisning. For omtale av den fireårige tilskottsordninga sjå kap. 226 post 62.
Gjennomføring i vidaregåande opplæring
Ny GIV vart lansert ved skolestart hausten 2010 og vil bli vidareført i 2013. Ny GIV legg hovudvekta på tett oppfølging av dei svakaste elevane i siste del av 10. trinn og i vidaregåande opplæring. Formålet er at dei skal få betre føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Alle fylkeskommunar og kommunar er med, og det er etablert eit nært samarbeid mellom desse. Det blir særleg lagt vekt på å utvikle rekne-, skrive- og lesedugleikane til elevane. For at denne intensivopplæringa skal bli best mogleg, finansierer staten ei seksdagars skolering av lærarar i både ungdomsskolar og vidaregåande skolar. Alle ungdomsskolar og vidaregåande skolar i landet vil i løpet av 2013 ha fått skolert minimum to lærarar i grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring, det vil seie i alt om lag 3 600 lærarar. Ny GIV samarbeider og med folkehøgskolemiljøet, mellom anna i gjennomføring av sommerskoletilbod.
Det er kvart år vel 20 000 unge mellom 16 og 21 år som verken er i vidaregåande opplæring eller i arbeid. Desse har falt frå, ikkje søkt, ikkje møtt opp til eller ikkje tatt i mot ein opplæringsplass i vidaregåande opplæring. Mange av desse kan ha store og samansette vanskar. Det er særlege utfordringar knytte til dei under 19 år, blant anna fordi dei har ein aldersbestemt avgrensa tilgang på arbeidsretta tiltak i NAV. Tidlegare har den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT) ikkje klart å komme i kontakt med om lag 10 000 av desse unge. Gjennom Oppfølgingsprosjektet i Ny GIV er samhandlinga på tvers av sektorar forbetra slik at langt fleire er blitt tatt hand om og at talet på ukjende no er redusert til om lag 2 500.
Målet er å motivere ungdom i målgruppa tilbake til ei vidaregåande opplæring som fører fram til grunnkompetanse eller ordinær kompetanse, eller hjelpe dei inn på arbeidsmarknaden. Dette krev eit betre og meir forpliktande samspel mellom dei ulike verkemidla som fylkeskommunen, kommunane og NAV rår over. For å målrette arbeidet med målgruppa er forskrifta til den fylkeskommunale oppfølgingstenesta endra, slik at det er kvalifiserande tiltak som skal gjevast og ikkje berre sysselsettande tiltak. Forskrifta forpliktar fylkeskommunane til tettare oppfølging av målgruppa. For å styrkje den faglege kvaliteten i oppfølginga har Kunnskapsdepartementet finansiert firedagars intensivkurs for 760 tilsette i OT og tilsette i NAV lokalt, i alle fylka.
Frå hausten 2012 er det etablert ei studiepoengsgivande vidareutdanning for oppfølgingstenesta, ved Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Finnmark. Hausten 2012 er også fylkesmennene inviterte inn i Ny GIV for å styrkje prosjektsamarbeidet rundt dei helse- og sosialfaglege oppgåvene til kommunane. Hausten 2012 er det sett i gang ei toårleg følgeforsking på innsatsområdane i Oppfølgingsprosjektet.
Det er sett i gang forskingsbasert evaluering av Ny GIV-prosjektet. I tillegg er det avsett midlar til forskingsbasert evaluering av arbeidet i fylka med målgruppa til Ny GIV.
Fag- og yrkesopplæringa
Gode fagarbeidarar er ein føresetnad for eit berekraftig og velfungerande samfunns- og arbeidsliv i tida framover. Derfor er den låge gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa ei stor utfordring. Berre 60 pst. av elevane som begynner, fullfører og består. Kunnskapsdepartementet har sett i gang eit delprosjekt innanfor Ny GIV for å gjere opplæringa i norsk-, engelsk- og matematikkfaget meir relevant og yrkesretta. Målet er å auke motivasjonen hos elevane for fellesfaga og det faglege utbyttet deira av desse faga.
I Innst. 12 S (2011–2012) har kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen vist til at praksis med å slå saman grupper av elevar frå mange utdanningsprogram for fellesfagopplæring kan hindre yrkesretting. Kunnskapsdepartementet har våren 2012 undersøkt kor vanleg det er å slå saman grupper av elevar frå ulike utdanningsprogram, og i kva grad forskriftsendringa frå hausten 2010 om at opplæringa i fellesfag skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma, er følgd opp av skoleeigarar og skolar.
Undersøkinga Spørsmål til Skole-Noreg våren 2012 (NIFU-rapport 21/2012) viser:
Åtte av ti skoleleiarar seier at skolane i stor grad har kjennskap til forskriftsendringa.
Ni av ti skolar har i nokon eller stor grad teke organisatoriske/strukturelle grep for å tilpasse opplæringa i fellesfaga til det gjeldande utdanningsprogrammet.
63 pst. er ueinige i at det er vanleg å slå saman elevar frå forskjellige utdanningsprogram i fellesfagundervisninga, 23 pst. er delvis einige, mens 13 pst. er einige i påstanden.
Departementet støttar på denne bakgrunnen tolkinga til NIFU om at samanslåtte klasser i liten grad er ei aktuell problemstilling.
Departementet har eit godt utvikla samarbeid med hovudorganisasjonane for å sikre at fag- og yrkesopplæringa er i tråd med kompetansebehova til arbeidslivet. I Samfunnskontrakten for flere læreplasser har Kunnskapsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet blitt einige med partane i arbeidslivet om tiltak for å auke talet på læreplassar. Innan utgangen av 2015 er det sett som mål at talet på godkjende lærekontraktar skal auke med 20 pst. samanlikna med nivået ved utgangen av 2011, at talet på vaksne som tek fag- eller sveinebrev, har auka, og at delen lærlingar som fullfører og består med fag- eller sveinebrev, har auka. Regjeringa vil nytte 30 mill. kroner for å følgje opp dei tiltaka i kontrakten som utdanningsstyresmaktene har eit særskilt ansvar for. Regjeringa foreslår å føre vidare på same nivå auka tilskott til lærebedrifter på om lag 200 mill. kroner, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringar i statsbudsjettet for 2009 med tiltak for arbeid. Midlane blir tildelte gjennom rammetilskottet til fylkeskommunane. Det er opna for at tilskottet kan bli brukt slik fylkeskommunane finn det mest formålstenleg for å auke talet på læreplassar.
Departementet har innhenta juridiske råd i høve til innføring av rett til læreplass. Etter ei vurdering finner departementet at ein slik rett ikkje er eit egna verkemiddel for at fleire skal få læreplass. Regjeringa vil derfor ikkje innføre ein rett til læreplass. Vurderinga om rett til læreplass vart sett i samanheng med vurdering av alternativt utdanningsløp Vg3 i skole over to år. Departementet vil invitere fylkeskommunane til å setje i gang forsøk med eit alternativt forsterka Vg3 for dei som ikkje får læreplass.
Tilpassa opplæring og spesialundervisning
Regjeringa la våren 2011 fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, ei melding om opplæringa til barn, unge og vaksne med behov for særskild hjelp og støtte. Det er viktig å setje i verk tiltak tidleg når skolane oppdagar elevar som ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Opplæringa på alle trinn må bli betre slik at færre elevar får behov for spesialundervisning. Skolane må bli flinkare til å gi elevane tilpassa opplæring i samsvar med evnene og føresetnadene deira. I tillegg til dei generelle tiltaka som skal auke kvaliteten på opplæringa, vil det vere viktig å heve kompetansen også til den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) på dette området. Departementet vil arbeide for at PP-tenesta skal bli betre i å bistå skolane til å gjere meir innanfor ramma av tilpassa opplæring før eventuelle spesialpedagogiske behov til eleven blir greidde ut.
Stortinget har ved handsaming av meldinga i Innst. 405 S (2010–2011) og Innst. 50 S (2011–2012), peikt på korleis eit omorganisert Statped skal bidra til å gi kommunar og fylkeskommunar betre rettleiing i arbeidet med barn og unge som treng spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Statped skal i dei neste åra utvikle organisasjonen til å bli ein tydeleg og tilgjengeleg tenesteytar av spesialpedagogisk støtte på individ- og systemnivå, og sikre alle kommunar og fylkeskommunar ein likeverdig tilgang til tenestene.
Kulturskoletilbod i skole/SFO-tid
Sidan 2010 er det årleg løyvd eit stimuleringstilskott på 40 mill. kroner til kulturskolar og kulturskoletilbod. Det blir foreslått å løyve ytterlegare 33,8 mill. kroner frå 2013, totalt 73,8 mill. kroner. Samla skal midlane nyttast til å innføre ein veketime med kulturskoletilbod i skole/SFO-tida for 1.-4. trinn frå hausten 2013. Skoleeigarane blir kompenserte for tiltaket tilsvarande ein ny veketime med lærarlønn inkludert for- og etterarbeid. Kulturskoletilbodet skal vere eit gratis, frivillig tilbod for elevane. Hovuddelen av midlane vil bli løyvd over rammetilskottet til kommunane. Departementet tek sikte på å lovfeste plikt for kommunane til å gi elevane eit slikt tilbod. Kulturskoleutvalet (2010) rådde til at samarbeidet mellom kulturskolen og skole/SFO bør styrkjast for at kulturskolen skal kunne nå ut til fleire elevar enn i dag. Kombinerte stillingar mellom kulturskole og grunnskole/SFO har vore stimulert med statlege prosjektmidlar dei siste tre åra. Med den foreslåtte auken i midlar frå 2013 vil dette bli utvida og vil innebere eit gratis kulturskoletilbod som vil nå ut til alle elevar som ønskjer det, og som vil kunne medverke til auka mangfald og inkludering.
Minoritetsspråklege
Kunnskapsdepartementet følgjer opp NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Oppfølging av minoritetsspråklege elevar inngår i mange politikkområde og ulike meldingar til Stortinget. Fleire store arbeid er sette i gang. Mellom anna har Stortinget i 2012 vedteke ei lovendring som gjer det mogleg å organisere eigne innføringstilbod for nykomne elevar, jf. Innst. 321 L (2011–2012). Det blir utforma ein rettleiar for bruk av innføringstilbod. Departementet vil arbeide vidare med problemstillingar knytte til nykomne elevar.
Regjeringa skal leggje fram ei melding for Stortinget om integrering og inkludering der opplæring for minoritetsspråklege vil vere eit viktig tema. Arbeidet med meldinga blir koordinert av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 30 mill. kroner til utvikling av kompetanse i opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne gjennom heile utdanningsløpet frå barnehage og grunnopplæring; herunder vaksenopplæring og høgre utdanning.
Oppfølging av Kunnskapsløftet
Regjeringa skal neste vår leggje fram ei stortingsmelding om grunnopplæringa. Meldinga skal gjere greie for statusen for Kunnskapsløftet og vurdere utviklinga av grunnskolen og vidaregåande opplæring sidan innføringa av reforma i 2006. Ti ulike forskingsprosjekt har følgt reforma sidan innføringa, og dei leverer no sluttrapportane sine. Desse vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for den kommande meldinga, saman med andre nasjonale og internasjonale undersøkingar.
Læringsmiljø
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å styrkje klasseleiing og gode relasjonar mellom elevane og mellom lærar og elev gjennom satsinga Bedre læringsmiljø(2009–2014). Innsatsen mot krenkjande handlingar som mobbing, rasisme og diskriminering held fram, mellom anna gjennom Manifest mot mobbing. Resultata frå Elevundersøkinga skal følgjast opp i samarbeid med Elevorganisasjonen nasjonalt og med elevrepresentantar lokalt på den enkelte skole.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 241 547 | 256 969 | 264 874 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 6 781 | 3 861 | 3 988 |
70 | Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21 | 56 345 | 50 232 | 51 890 |
Sum kap. 220 | 304 673 | 311 062 | 320 752 |
Kap. 220 omfattar faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes gjennomføring av eksamen, jf. kap. 225 post 01, og mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 (grunnopplæring) og kap. 231 (barnehage). Omtale av verksemda til Utdanningsdirektoratet er derfor dels plassert under andre kapittel i denne proposisjonen. Oppgåvene i direktoratet er knytte til barnehage- og grunnopplæringsområdet. Departementet delegerte ei rekkje oppgåver på barnehageområdet til direktoratet frå og med 2012.
Barnehagar og skolar er pedagogiske institusjonar med ulik historie og ulikt samfunnsmandat. Departementet legg til grunn at direktoratet i arbeidet sitt tek i vare eigenarten i barnehagesektoren. Mål og oppgåver som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 og 07.30, er førande for arbeidet til direktoratet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld drift av Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet er underlagt Kunnskapsdepartementet og skal medverke til at vedteken politikk for barnehagane og grunnopplæringa blir sett i verk. Gjennom fagleg arbeid, nasjonale utviklingstiltak, juridiske og økonomiske verkemiddel, rettleiing, informasjon og dialog medverkar direktoratet til å sikre at den nasjonale barnehage- og utdanningspolitikken blir sett i verk, gjennomført og utvikla vidare, slik at barn, unge og vaksne i heile landet kan få eit likeverdig og tilpassa tilbod i eit inkluderande fellesskap.
Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld
embetsstyringa av fylkesmannsembeta på barnehage- og utdanningsområdet
tilsynsarbeid som følgjer av barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova
tolking av barnehagelova, opplæringslova, privatskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå, og å gi god rettleiing om regelverket for barnehagar og grunnopplæringa
etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222
tilskott til minoritetsspråklege barn i førskolealderen, eksamensavvikling, privatskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 227, 228, 229, 231 og 253
det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230
Mål for 2013
Direktoratet vil i 2013 halde fram med arbeidet med å byggje opp den interne kompetanse på barnehageområdet. Eit sentralt mål i 2013 er å sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet for alle barn. Direktoratet skal satse vidare på å sikre at kommunane følgjer opp føringane i barnehagelova og rammeplanen, og skal utvikle kvaliteten og metodikken i tilsynet som fylkesmennene gjennomfører. Direktoratet må særskilt vere merksam på korleis kommunane følgjer opp forskrift om likeverdig behandling, rett til plass og pedagogisk bemanning, og styrkje tilsynet med og rettleiinga av kommunane på dette feltet. Direktoratet skal dessutan forvalte og utvikle tiltak som sikrar kompetanseutvikling for tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar, samt styrkje kompetansen til kommunen som barnehagemyndigheit.
Eit anna sentralt mål i 2013 er å auke kunnskapen i og om barnehagar. Direktoratet skal sørgje for tilgjengeleg og relevant statistikk samt dokumentasjon og analyse av god kvalitet på barnehagefeltet. Direktoratet skal arbeide vidare med å etablere eit nasjonalt system for å følgje med på kvaliteten i barnehagesektoren.
Direktoratet skal i 2013 føre vidare arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Departementet viser til omtale av mål og rapportering for oppgåver knytte til kvalitetsutvikling under kap. 226 post 21. Drift av Utdanningsdirektoratet og forvaltningsoppgåvene direktoratet har ansvaret for, sikrar og støttar tiltak som gjeld kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.
Direktoratet skal sikre at kommunane og fylkeskommunane følgjer opp føringane i opplæringslova med forskrifter, og skal utvikle kvaliteten og metodikken i tilsyn som blir gjennomførte av fylkesmennene. Direktoratet skal dessutan forvalte og utvikle tiltak som sikrar kompetanseutvikling i sektoren. Direktoratet skal sørgje for tilgjengeleg og relevant statistikk, dokumentasjon og analyse av god kvalitet på grunnopplæringsområdet. Direktoratet har ansvaret for å styre det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) i tråd med måla for verksemda, jf. kap. 230. Direktoratet skal føre vidare satsinga på grunnopplæring for vaksne etter kap. 4A i opplæringslova, jf. kap. 226.
Direktoratet skal leggje til rette for god kontakt og samhandling mellom relevante aktørar for å nå måla for barnehagane og grunnopplæringa.
Direktoratet skal følgje opp tiltak i følgjande stortingsmeldingar:
St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen
St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen
Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap
Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter
Rapport for 2011
For oppgåver direktoratet har ansvaret for i samband med kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagar og i grunnopplæringa, viser departementet til omtale under kap. 231 post 21 og 226 post 21. Under kap. 226 post 21 blir blant anna arbeidet med kompetanseutvikling, statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling, forvaltning og utvikling av læreplanar og nasjonalt kvalitetsutviklingssystem i grunnopplæringa omtalt.
Utdanningsdirektoratet har i 2011 førebudd innlemminga av oppgåver på barnehageområdet, mellom anna ved å gjere seg kjent med sektoren og rekruttere kompetanse. I tillegg har direktoratet sidan 2009 hatt einskilde oppgåver på barnehagefeltet. Desse er omtalte under programkategori 07.30 Barnehagar.
Utdanningsdirektoratet har i 2011 bidrege i arbeidet med fleire stortingsmeldingar og oppfølginga av desse. Stortingets handsaming av Meld. St. 18 (2010–2011) blir følgd opp i eit eige prosjekt med sikte på å etablere eit fleirfagleg, regionalisert Statleg pedagogisk støttesystem (Statped) med felles leiing frå 1. januar 2013, jf. omtale under kap. 230.
Hausten 2010 og gjennom 2011 har Utdanningsdirektoratet gjennomført felles nasjonalt tilsyn med det psykososiale miljøet til elevane. I alt er 106 kommunar og alle fylkeskommunane kontrollerte, til saman 316 grunnskolar og 48 vidaregåande skolar. Opplæringslova § 9a-4 slår fast at skolane aktivt skal drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremme helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. Det er skoleleiinga som har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette arbeidet, og resultata frå tilsyna tyder på at skoleleiinga er involvert i dette arbeidet. Når det gjeld lovbrot i samband med kravet om å drive førebyggjande arbeid, viser resultata at majoriteten av lovbrota er knytt til kravet om at skolane skal evaluere planar og rutinar. Resultata som gjeld kravet til individretta arbeid på skolane, indikerer at dei fleste lovbrota er knytte til reglane om enkeltvedtak og til rettane og pliktene til elevane. Det er òg mangelfull informasjon til elevar og foreldre om rettane knytte til enkeltvedtak.
Utdanningsdirektoratet er i gang med å utarbeide ein langsiktig metode for tilsynet der eit hovudmål er å auke læringseffekten av det enkelte tilsynet og i større grad medverke til ei opplæring av høg kvalitet.
På bakgrunn av ein kontroll av årsrekneskapane frå 2010 til alle dei 274 private skolane med rett til statstilskott, har direktoratet i 2011 sett i gang tilsyn ved 18 private skolar med tema økonomi, det psykososiale miljøet til eleven og helse og tryggleik for elevane. Resultata frå tilsyna viser lovbrot for alle dei kontrollerte tilsynstema. Ei av hovudårsakene til lovbrota er at skolane har for svake styringssystem. Utdanningsdirektoratet følgjer opp resultata frå tilsynet overfor skolane der det er funne lovbrot. Direktoratet kontrollerer i tillegg årsrekneskapane til alle dei 274 private skolane årleg.
Metoden for privatskoletilsyn er utvikla løpande i tråd med den auka mengda av tilsyn og tema for tilsyn. Direktoratet har mellom anna laga malar for tilsynet som skal sikre høg kvalitet, samtidig som tilsynsrapporten skal vere forståeleg for lesaren. Det er eit mål å tilpasse det enkelte tilsynet knytt til vurderingar av risiko og vesentlege tilhøve.
Med bakgrunn i at Utdanningsdirektoratet forvaltar ei rad ulike tilskottsordningar, blir det lagt vekt på ei effektiv og god forvaltning av desse ordningane. Frå 2009 er det arbeidd med eit utviklingsprogram for å leggje om ordningane til ei løysing for elektronisk tilskottsforvaltning (ETF). Formålet med ETF er mellom anna å redusere risikoen for feil i utrekningar og utbetalingar, og leggje til rette for betre vurderingar av resultat og effekt i tilskottsforvaltninga. I 2011 har direktoratet sett ETF i produksjon. Hovudtyngda av dei tilskottsordningane som direktoratet har utbetalingsansvaret for, er ført over til ETF. I 2011 er 46 ordningar behandla i ETF og omfattar 4 400 mill. kroner i utbetalt tilskott, 6 600 utbetalingstransaksjonar, 2 250 elevteljingar og søknader samt utbetalingar til 900 tilskottsmottakarar. Erfaringane med ETF gjennom 2011 er positive. I tillegg til at ETF er sett i produksjon, er det òg arbeidd med ei vidareutvikling.
For å få ein meir heilskapleg og systematisk kunnskap om tilstanden på læreplanfeltet har Utdanningsdirektoratet etablert eit informasjonssystem som skal gi opplysningar om korleis læreplanane fungerer i bruk. Informasjonssystemet vart prøvt ut i 2011. Utprøvinga viste at informasjonssystemet kan bidra til å gi ei meir systematisk innsikt i korleis bruken av læreplanane fungerer i sektoren, i tillegg til å styrkje heilskapstenkinga og samordninga på læreplanfeltet i direktoratet. Første ordinære driftsår for informasjonssystemet er 2012, jf. også omtale under kap. 226 post 21.
OECD har i 2010–11 sett nærmare på det norske systemet for vurdering og evaluering og foreslått tiltak for vidare utvikling. Sentrale råd er til dømes å utvikle vidare Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem slik at det framstår som eit samanhengande system, og å halde fram med å byggje opp evaluerings- og vurderingskompetanse blant lærarar, skoleleiingar og skoleeigarar. Utdanningsdirektoratet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet vurdere kva for tiltak som bør gjennomførast for å følgje opp råda frå OECD.
I fag- og yrkesopplæringa kan det vere ei utfordring å finne løysingar som tilfredsstiller behova for fleksibilitet og raske avgjerder i arbeidslivet, og behova for føreseielegheit i utdanningssektoren. Våren 2011 la ei arbeidsgruppe med representantar for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene fram dei nye retningslinjene for samarbeidet mellom partane. I dei nye retningslinjene for Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) er det slått fast at SRY skal prioritere overordna og prinsipielle problemstillingar og tema, og at dei ni faglege råda skal ha som hovudprioritet spørsmål knytte til utdanningsprogramma dei har ansvaret for. Vidare skal SRY ha meir direkte kontakt og møte med politisk leiing i departementet. SRY skal også i hovudsak fatte vedtak som forpliktar partane, i større grad enn berre å vere eit rådgivande organ overfor utdanningsmyndigheitene.
Direktoratet har i 2011 arbeidd for å auke regelverkskompetansen knytt til grunnopplæring for vaksne gjennom blant anna å informere om temaet på regelverkssamlingar for fylkesmenn, i møte med utdanningsdirektørane og i kontaktmøte med KS. Vidare har direktoratet utarbeidd utkast til rundskriv om den retten vaksne har til grunnskoleopplæring. I samarbeid med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har direktoratet utarbeidd eit felles informasjonsbrev til kommunane om høvet til å gi grunnskoleopplæring som ein del av introduksjonsordninga for innvandrarar.
Talet på fråsegner om rettferdsvederlag i 2011 var monaleg høgre enn det totale talet på nye søknader. Den totale restansen var ved årsskiftet 334 saker. Tilsvarande tal for 2010 var 705. Direktoratet nådde målet om at saksbehandlingstida ved utgangen av 2011 ikkje skulle overstige tolv månader.
For å tilpasse kommunikasjonen til brukarane har direktoratet i 2011 blant anna arbeidd med å gjere tekstane på udir.no tydelegare, med meir aktive setningar og mindre byråkratisk språk. Direktoratet har også teke i bruk sosiale medium i større grad enn tidlegare. Direktoratet har fått gjennomgåande positive tilbakemeldingar frå brukarane på dette arbeidet.
Eit opplegg for å auke kunnskapen hos skoleeigarar og skoleleiarar om førebygging av alvorlege skolehendingar vart starta i 2009. Det blir gjennomført av Politidirektoratet i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Ei undersøking som vart gjennomført våren 2012, viser at 67 pst. av skolane i landet har utarbeidd beredskapsplanar, og at 31 pst. av skolane har gjennomført øvingar. Undersøkinga syner at det er større merksemd på andre generelle førebyggjande tiltak, til dømes trivsel og sosialpedagogisk kompetanse. Politiet held fram med arbeidet, som også er utvida til å omfatte fagskolar, folkehøgskolar, høgskolar og universitet.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Mål for 2013
Løyvingane på postane 21 og 70 må ein sjå i samanheng. Målet er å medverke til at elevar og lærlingar får eit opplæringstilbod av høg kvalitet.
Løyvinga på post 21 er knytt til oppdrag, jf. kap. 3220 post 01 Inntekter frå oppdrag. Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette gjeld læremiddel for smale fag og/eller små elevgrupper, inkludert nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Utviklinga av læremiddel skal skje i samsvar med prinsippa om tilpassa opplæring og universell utforming, og ein skal ta vare på det fleirkulturelle perspektivet.
Rapport for 2011
Utdanningsdirektoratet har gitt tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel til smale fag / små elevgrupper, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel til minoritetsspråklege elevar.
For Vg1, Vg2 og Vg3 innanfor yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram er det gitt tilskott til både basisutgivingar, parallellutgåver på nynorsk og fellesspråklege utgivingar.
Når det gjeld barnehagebarn, elevar og lærlingar med behov for særskilde tilretteleggingar, er det gitt tilskott til læremiddel for opplæring i barnehagen, i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Det har vore ei sterkare satsing på læremiddel retta mot alternativ, supplerande kommunikasjon og digitale læremiddel.
Det er vidare gitt tilskott til læremiddel for språkstimulering av minoritetsspråklege barn i barnehage samt læremiddel i morsmål og for tospråkleg fagopplæring for minoritetsspråklege elevar i heile grunnopplæringa. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN er ført vidare. Brukarundersøkinga av prosjektet viser at LEXIN blir nytta av mange, og at brukarane er tilfredse med LEXIN som eit læringsverktøy.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Departementet foreslår at løyvinga over posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 1 509 | 3 596 | 3 715 |
02 | Salsinntekter o.a. | 7 690 | 1 055 | 1 090 |
Sum kap. 3220 | 9 199 | 4 651 | 4 805 |
Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 12 402 | 13 887 | 14 322 |
Sum kap. 221 | 12 402 | 13 887 | 14 322 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld drift av Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG). FUG og FUB har felles sekretariat, og får eitt tildelingsbrev.
FUB er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim. FUB skal stimulere til eit godt samarbeid mellom barnehage og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng. Funksjonstida til det noverande utvalet går ut 31. desember 2014.
FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker som gjeld samarbeid mellom skole og heim. FUG skal stimulere til eit godt samarbeid mellom skole og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng. Nye medlemmer til FUG vart oppnemnde frå 1. januar 2012. Funksjonstida til det noverande utvalet går ut 31. desember 2015.
Mål for 2013
Hovudmålet for FUB er at samarbeidet mellom barnehage og heim skal medverke til at alle barn i barnehage får eit best mogleg tilbod. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar og bidra til ein god overgang frå barnehage til skole.
For å nå dette målet skal Foreldreutvalet for barnehagar i 2013
vere eit rådgivande organ overfor Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage og heim
utføre informasjonsarbeid og rettleiing overfor dei tilsette i barnehagane, foreldra og kommunane om verdien av samarbeid med foreldra om arbeidet i barnehagen
vere i dialog med relevante organisasjonar og institusjonar
Hovudmålet for FUG er at samarbeidet mellom heim og skole skal komme alle elevar til gode, slik at dei får eit best mogleg utbytte av opplæringa. Eit godt samarbeid kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar mellom elevar og til å hindre fråfall. For å nå dette målet skal FUG i 2013
medverke til å auke læringsutbyttet til elevane gjennom å arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skole
medverke til å auke kompetansen i heim–skole-samarbeid for dei tilsette i skolen
medverke til å få fleire foreldre engasjerte i opplæringa
Rapport for 2011
FUB vart oppnemnt i juni 2010, og 2011 har vore det første heile arbeidsåret for utvalet. FUB har hatt eit høgt aktivitetsnivå for å profilere seg overfor ulike aktørar. I tillegg til ordinære utvalsmøte har FUB hatt møte med ulike instansar og organisasjonar. FUB har delteke i fleire arbeids- og referansegrupper, har helde foredrag i ulike fora og levert høringssvar til departementet i ulike samanhenger. FUB har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og barnehagar, og arrangerte hausten 2011 ein nasjonal foreldrekonferanse. FUB har i samarbeid med FUG og Utdanningsforbundet utarbeidd brosjyren Med spent forventning om overgangen mellom barnehage og skole.
FUG avslutta i 2011 sin førre fireårsperiode. FUG har i tillegg til ordinære utvalsmøte hatt møte med ulike aktørar, delteke i arbeids- og referansegrupper, halde foredrag, levert høringssvar til departementet og arrangert den årlege nasjonale foreldrekonferansen for tillitsvalde foreldre med temaet «Skolen som sosial arena». FUG har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon til foreldre og skolar, mellom anna om prosjektet Skap dialog, som skal bevisstgjere foreldre om kor viktige dei er for læringa til barna. FUG og KS starta i 2011 planlegginga av eit prosjekt med tverrfaglege beredskapsteam mot mobbing. FUG erfarer at skole og skoleeigar ikkje alltid tek problema til foreldra på alvor.
Både FUB og FUG får mange førespurnader frå foreldre, og gir råd om kva som bør gjerast vidare. På nettstadene ligg mykje informasjon og skoleringsmateriell på fleire språk.
Budsjettforslag 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 106 626 | 85 083 | 88 090 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 1 317 | 1 347 | 1 378 |
Sum kap. 222 | 107 943 | 86 430 | 89 468 |
Kapitlet omfattar hovudsakleg
drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino
lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Mål for 2013
Målet for løyvinga til dei samiske skolane er mellom anna å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.
Rapport for 2011
Sameskolen i Midt-Noreg
Søkinga til elevplassane ved skolen har i nokre år vore svært låg, og i skoleåret 2011–12 hadde skolen ingen faste elevar. Talet på elevar som får fjernundervisning, har derimot auka. I skoleåret 2011–12 fekk 41 elevar fjernundervisning ved skolen mot 29 elevar året før.
Skolen fyller ein funksjon ved det auka tilbodet i fjernundervisning som bidreg til å halde oppe og utvikle sørsamisk identitet, språk og kultur. Skoledrifta blir derfor halden oppe i inneverande skoleår med auka tilbod om fjernundervisning. Departementet har motteke forslag frå Sameskolen i Midt-Noreg til handlingsplan for vidare drift av skolen. Departementet vil på bakgrunn av dette dokumentet og i samråd med Utdanningsdirektoratet vurdere grunnlaget for vidare drift av skolen.
Fjernundervisning
Tilbodet i lulesamisk fjernundervisning ved Drag skole i Tysfjord er flytt til Bodø. I Bodø er det større tilgang på lærarkrefter, noko som sikrar eit betre grunnlag for å gi eit stabilt undervisningstilbod til elevane. Direktoratet har i 2011 kartlagt tilbodet i samisk fjernundervisning, jf. også omtale under kap. 226 post 21.
Samiske vidaregåande skolar
Hausten 2011 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 142 fulltidselevar mot 140 elevar året før. Skolen gir også eksternt finansierte kurs. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2011 79 fulltidselevar, mot 88 elevar året før. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk.
Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet, og dei held fram med ordninga med vertsfamiliar primært for dei yngste tilreisande elevane.
Statsbygg har sett i gang arbeid med ei behovsvurdering for ombygging/nybygg ved dei samiske vidaregåande skolane. Statsbygg har no gjennomført programfasen og levert byggjeprogram, og Kunnskapsdepartementet har på dette grunnlaget gitt Statsbygg i oppdrag å starte forprosjektfasen. Ein rapport om framtidig forvaltningsansvar for dei to samiske vidaregåande skolane vart handsama i Sametinget i 2008. Sametinget vedtok å setje i verk eit utgreiingsarbeid for å vurdere om Sametinget skulle ta over forvaltningsansvaret for skolane. Våren 2012 handsama Sametinget «Sametingsmelding om opplæring og utdanning» (Sametinget 2011). Sametinget slutta seg da til vurderinga i meldinga om at «.. Sametinget ikke skal ta på seg oppgaven med forvaltning av de statlige videregående skolene i Kautokeino og Karasjok eller andre skoler før Sametingets rolle i budsjettsammenheng er blitt styrket og rammeverket for et samisk eierskap til skolene er på plass». Utdanningsdirektoratet har inntil vidare forvaltningsansvaret for skolane.
Rettsvilkårsavtale og ventelønn
I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark er det utbetalt om lag 2,5 mill. kroner i 2011 til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
02 | Salsinntekter o.a. | 7 727 | 4 581 | 4 732 |
Sum kap. 3222 | 7 727 | 4 581 | 4 732 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning.
Kap. 223 Sametinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Tilskott til Sametinget | 35 420 | 36 518 | 37 723 |
Sum kap. 223 | 35 420 | 36 518 | 37 723 |
Post 50 Tilskott til Sametinget
Mål for 2013
Målet med tilskottet er å medverke til finansiering av utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og -utvikling og tilskott til råd og rettleiing om samisk opplæring. Det er eit høgt prioritert mål for tilskottet at dei samiske elevane skal få raskare og betre tilgang til læremiddel på sitt eige språk.
Rapport for 2011
Sametingsrådet har i 2011 utarbeidd ei sametingsmelding om opplæring og utdanning. Opplæringsmeldinga tek sikte på å avklare og styrkje den rolla Sametinget skal ha i utdanningspolitikken.
Det er stadig stor mangel på samiske lærarar (jf. omtale under kap. 281) og samiske læremiddel. Ei arbeidsgruppe, med representantar frå Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet, la i 2010 fram ein rapport med forslag til tiltak for meir effektiv utvikling og produksjon av samiske læremiddel. Sametinget har ansvaret for oppfølginga av rapporten. Kunnskapsdepartementet held seg orientert om oppfølginga av rapporten blant anna i jamlege samarbeidsmøte med Sametinget. Sametinget gir informasjon om samiske læremiddel gjennom læremiddelportalen ovttas.no og gjennom Samisk læremiddelsentral.
Resultatet frå tilsyn i 2010 tydde på at det kan vere tilfelle der elevar med rett til opplæring i og på samisk ikkje får korrekt timetal i alle fag, jf. fag- og timefordelinga i Kunnskapsløftet. Ei arbeidsgruppe med representantar frå Sametinget, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet la vinteren 2011 fram ein rapport med tiltak for å møte desse utfordringane. Nye modellar for fag- og timefordelinga har vore ute til høring. Nye modellar for fag- og timefordeling blir fastsette hausten 2012 etter konsultasjon med Sametinget og skal gjelde frå 2013. Hovudfunn frå tilsynet i 2011 er at kommunane får avvik grunna manglande forsvarleg system knytt til den retten samiske elevar har til opplæring i og på samisk. Dette såg ein også i tilsynet frå 2010. Fylkesmannen vil følgje opp resultata frå tilsyna, medrekna tilsynet som blir gjennomført i 2012.
Sametinget og Kunnskapsdepartementet har faste samarbeidsmøte to gonger i halvåret på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 52 398 | 51 393 | 52 207 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 38 582 | 36 165 | 37 358 |
Sum kap. 224 | 90 980 | 87 558 | 89 565 |
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Mål for 2013
Hovudmålet for arbeidet til senteret er betre bruk av IKT for auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar i utdanninga. Verkeområdet til senteret er i hovudsak barnehagen, grunnopplæringa og lærar- og førskolelærarutdanninga.
Senter for IKT i utdanninga skal medverke til å realisere og utvikle politikken på IKT-feltet og skal samarbeide med relevante offentlege og private verksemder.
Ei sentral oppgåve er å arbeide for å styrkje digital kompetanse for elevar, lærlingar og studentar uavhengig av deira sosiale bakgrunn og bustad. Senteret skal bidra til innføring og fagleg bruk av IKT i utdanninga ut frå læreplanar og andre styrande dokument, og medverke til at IKT blir ei drivkraft for pedagogisk innovasjon.
Verksemda skal utvikle og spreie kunnskap basert på forsking om bruk av IKT i utdanninga. Senteret skal vurdere ny teknologi, digitale medium og digitale læremiddel og analysere det pedagogiske potensialet deira. Senteret skal fremme digital dømmekraft i sektoren og følgje opp arbeidet med universell utforming av IKT. Senteret skal fremme utvikling av IKT i utdanninga av lærarar og førskolelærarar samt andre tilsette i barnehagane. Senteret skal greie ut om og kvalitetssikre læringsteknologiske løysingar og profesjonelle driftsløysingar for sektoren og sikre utvikling av infrastruktur for IKT i grunnopplæringa. Senteret skal følgje opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – Felles elektronisk identitet – og delta i arbeidet med identitetsforvaltning i offentleg sektor.
Den samiske læremiddelportalen Ovttas er utvikla i eit samarbeid mellom Sametinget og Senter for IKT i utdanninga. Ovttas er ein digital portal som gjer det lettare å søkje etter, dele, få oversikt over og tilgang til samiske læremiddel. Arbeidet starta våren 2012, med førebels prosjektslutt desember 2012. Det er semje om å forlenge prosjektperioden til juni 2013.
Senteret skal samle og gjere tilgjengeleg informasjon om utdanning og yrke, og gi støtte til val av utdanning og karriere. Den nasjonale utdanningsportalen utdanning.no skal utvikle innovative tenester som er i tråd med satsinga til regjeringa på Digitalt førsteval.
Rapport for 2011
Senteret har i 2011 hatt ein brei prosjekt- og aktivitetsportefølje, samt at meirforbruket i 2010 vart dekt inn i løpet av 2011. Samtidig har senteret formidla forskings- og praksisbasert kunnskap av høg kvalitet om IKT og læring i offentlegheita og til sektoren. Senteret er i normal drift frå og med 2012.
I tillegg har Kunnskapsdepartementet i eigne oppdragsbrev gitt senteret to nye prosjekt: Den virtuelle matematikkskolen, som er forankra i Meld. St. 22 (2010–2011), og utvikling av ein digital læringsressurs i samband med stemmerettsjubileet i 2013 og grunnlovsjubileet i 2014. I tillegg har senteret fleire nasjonale og internasjonale prosjekt med ekstern finansiering. Senteret har vidare rulla ut Feide til stadig fleire kommunar, og utdanning.no viser stabil vekst i talet på brukarar.
I samarbeid med Utdanningsdirektoratet har senteret arbeidd med å utvikle eit rammeverk for grunnleggjande dugleikar. Rammeverket inkluderer ei beskriving av korleis den grunnleggjande dugleiken i bruk av digitale verktøy bør bli forstått.
Senteret har i 2011 samarbeidd nært med Utdanningsdirektoratet, dei nasjonale sentra innanfor opplæring og UNINETT. Senteret har òg knytt til seg ei rekkje internasjonale samarbeidspartnarar (EU, European Schoolnet (EUN), International Association for the Evaluation of Academic Achievement (IEA)).
Senteret har etablert eit fast samarbeidsråd med universitets- og høgskolesektoren om tenesteutvikling.
Senteret lanserte saman med Sametinget den samiske læremiddelportalen ovttas.no, som gir oversikt over nord-, lule-, sørsamiske og norske trykte og digitale læremiddel for samiske lærarar og førskolelærarar.
Gjennom formidling på nettsidene til IKT-senteret, nettenesta Utdanning.no og Samisk læremiddelteneste ovttas.no har senteret bidrege til å nå måla til regjeringa om digitalt førsteval. Utdanning.no har dobla talet på besøk sidan 2008 til 1,3 millionar unike besøkjarar i 2011. Senteret gjennomførte ei kartlegging om effektivisering av informasjonsutveksling for studiedata og tenesteutvikling i høgre utdanning.
Senteret har ført vidare etablering av Feide. Status per 2011 er at 17 fylke (det vil seie 90 pst. av elevane i vidaregåande opplæring) har implementert Feide, medan det for grunnskolen er 144 kommunar som har implementert tenesta (25 pst. av elevane i grunnskolen). Senteret har vore aktivt overfor tenestetilbydarar, og tilfanget av tenester med Feide-pålogging har auka med om lag 30 i 2011 og 2012.
Innanfor personvern og informasjonssikkerheit har senteret i 2011 utført ei omfattande kartlegging og utprøving i samarbeid med skoleeigarane. Kartlegginga og utprøvinga har lagt vekt på korleis skoleeigarar kan gjennomføre risikovurderingar av IKT-system. Indikatorar for digital kompetanse er utvikla vidare gjennom fleire prosjekt, både nasjonalt og internasjonalt. Dette inkluderer utvikling av den longitudinelle kartleggingsundersøkinga, Monitor, og spørsmål til kartleggingsprøve i digital kompetanse for Utdanningsetaten i Oslo. Senteret starta også arbeidet med utvikling av nasjonal kartleggingsprøve i digital kompetanse på 4. trinn på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
I samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Universitetet i Oslo har senteret bidrege til indikatorutvikling knytt til digitale dugleikar og bruk av IKT i klasseromma i den internasjonale studien International Computer and Information Literacy Study, leidd av IEA. Senteret har også medverka til indikatorutvikling gjennom deltaking i prosjektet Survey of Schools: ICT and Education, ei europeisk undersøking om bruk av IKT i skolen leidd av EUN.
Senteret deltek i EU-prosjektet Innovative Technologies for an Engaging Classroom (iTEC), leitt av European Schoolnet. iTEC bidreg til å forme klasserom for framtida gjennom å planleggje og gjennomføre undervisningsopplegg med IKT som blir testa og evaluert i stor skala på europeiske ungdomsskolar.
Vidare er Nordic Journal of Digital Literacy (NJDL) ein viktig del av det arbeidet senteret gjer med å formidle kunnskap. Universitets- og høgskolerådet har oppjustert NJDL frå nivå 1 (ordinære publiseringskanalar) til nivå 2 (leiande på fagområdet).
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å redusere inntektsløyvinga til IKT-senteret over kap. 3224 post 01 med 930 000 kroner. Utgiftsløyvinga blir foreslått redusert tilsvarande.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meir-inntekter under kap. 3224, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Inntekter frå oppdrag o.a. | 6 653 | 2 352 | 1 500 |
Sum kap. 3224 | 6 653 | 2 352 | 1 500 |
Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd, i hovudsak frå EU-prosjekt og frå Universitetet i Oslo. Løyvinga blir foreslått redusert med 930 000 kroner.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 170 240 | 152 332 | 157 002 |
60 | Tilskott til landslinjer | 173 567 | 178 774 | 184 495 |
62 | Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv | 20 909 | 21 578 | |
63 | Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast | 47 009 | 52 487 | 52 919 |
64 | Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar | 148 256 | 134 822 | 125 316 |
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 41 137 | 42 618 | 43 982 |
67 | Tilskott til opplæring i finsk | 7 420 | 8 160 | 7 958 |
68 | Tilskott til opplæring i kriminalomsorga | 218 776 | 225 339 | 238 984 |
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 251 878 | 246 937 | 231 297 |
70 | Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov | 23 926 | 30 480 | 37 486 |
71 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 9 705 | 10 006 | 10 336 |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar | 4 567 | 4 723 | 5 296 |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 9 730 | 10 032 | 10 363 |
74 | Tilskott til organisasjonar | 19 050 | 22 429 | 29 669 |
Sum kap. 225 | 1 125 261 | 1 140 048 | 1 156 681 |
Kap. 225 omfattar tilskott til målretta tiltak i grunnopplæringa.
Post 01 Driftsutgifter
Mål for 2013
Målet med løyvinga er å finansiere gjennomføringa av sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, samt den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.
Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Løyvinga dekkjer kostnader til trykking, pakking og distribusjon av eksamensoppgåver, Kopinor-avgift, språkvask, nemndsamlingar, sensorskolering osv. Løyvinga dekkjer også utgifter til sensur og klagesensur, som er kostnader til lærarar som har teke på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen. Midlane blir utbetalte via Fylkesmannen.
Rapport for 2011
Våren 2011 vart det avlagt om lag 76 000 eksamenar i grunnskolen og om lag 173 000 i vidaregåande opplæring; av desse var 27 000 privatistar. Totalt var det om lag 3 100 sensorar som deltok i vurderingsarbeidet. Totalt vart om lag 62 pst. av eksamenssvara leverte elektronisk i Prøvegjennomføringssystemet (PGS).
Evalueringa av eksamen i nokre utvalde fag våren 2011 vart som tidlegare gjennomført som ein kombinasjon av ei kartlegging og ei fagleg evaluering. Evalueringa hadde fire overordna tema:
førebuingsdagen
hjelpemiddelordninga
den moglegheita elevane har til å vise kompetansen sin på eksamen
korleis sensorane vurderer kompetansen på eksamen
Som ei følgje av resultata frå evalueringa i utvalde samfunnsfag vil eksamen i samfunnsøkonomi bli endra til ein todelt modell for hjelpemiddelbruk frå våren 2013, det vil seie at del 1 av eksamen blir gjennomført utan hjelpemiddel.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 60 Tilskott til landslinjer
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunar med landslinjer slik at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring. Tilskottet går til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr.
Rapport for 2011
Kapasiteten i skoleåret 2011–12 var på 1 450 heilårsplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 89 pst. hausten 2011 og om lag 85 pst. våren 2012.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er mellom anna å halde oppe og utvikle samisk identitet, språk og kultur. Opplæringa ved skolane følgjer Kunnskapsløftet – Samisk.
Rapport for 2011
Hausten 2011 hadde skolen i Snåsa ti elevar, som er same elevtal som året før. I tillegg fekk ni elevar fjernundervisning. Skolen i Målselv hadde hausten 2011 13 elevar, mot 22 elevar året før. I tillegg fekk 22 elevar fjernundervisning.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samisk i grunnskolen, ei ordning med samiske studieheimlar for lærarar i grunnskolen og ei ordning for samisk i den vidaregåande opplæringa.
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med §§ 6-2 og 6-3 i opplæringslova. Opplæringa skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk. Elevane skal ha opplæring i samisk som førstespråk (samisk 1) eller samisk som andrespråk (samisk 2 / samisk 3). Målet med tilskottet er òg å styrkje kompetansen i samisk for lærarar i grunnskolen.
Rapport for 2011
Tabellen under viser at det i dei siste åra har vore nedgang i talet på grunnskoleelevar som vel samisk som førstespråk og samisk som andrespråk.
Tabell 4.1 Tal på grunnskoleelevar som vel samisk som første- og andrespråk i perioden 2008–12
Skoleår | 2008–09 | 2009–10 | 2010–11 | 2011–12 |
---|---|---|---|---|
Samisk som førstespråk | 1 043 | 1 010 | 975 | 940 |
Samisk som andrespråk | 1 474 | 1 326 | 1 285 | 1 213 |
Totalt | 2 517 | 2 336 | 2 260 | 2 153 |
Endring frå året før | - 7,2 % | - 3,3 % | - 4,7 % |
Tala inkluderer også elevar som går på dei samiske skolane.
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI)
Forbruk til studieheimlar på posten har vore på om lag same nivå i dei siste åra.
Ved teljedato 2. mai 2012 var det i alt 302 elevar/lærlingar som fekk opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og private vidaregåande skolar. Dette er ein auke samanlikna med året før, da 228 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.
Tilskottsordninga har vorte evaluert. Evalueringa viser mellom anna at det er store forskjellar mellom tilskottsmottakarane med omsyn til det talet på årstimar som tilskottsmodellen bereknar, og det talet på faktiske årstimar som er rapportert i GSI. Direktoratet har utarbeidd eit forslag til nye modellar for berekning av tilskott. Modellane er under vurdering i departementet og har vorte presenterte for Sametinget og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten noko grunna nedgang i elevtal og endringar i gruppesamansetjinga. Det blir foreslått ei samla løyving på 52,9 mill. kroner på posten i 2013.
Post 64 Tilskott til opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar
Mål for 2013
Målet med tilskottet er å medverke med finansiering til kommunar slik at unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar samt einslege mindreårige asylsøkjarar får grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1, 2. ledd. Tilskottet skal nyttast til opplæring av barn og unge i grunnskolealderen og ungdom i alderen 16–18 år som ikkje har utdanning tilsvarande norsk grunnskole.
Under denne posten er det to tilskottsordningar. Tilskottssats for opplæring av unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar i statlege asylmottak er i 2013 sett til 75 446 kroner per barn per skoleår, og sats for opplæring i omsorgssenter er sett til 164 182 kroner per barn per skoleår.
Rapport for 2011
Hausten 2011 fekk 1 427 barn i grunnskolealderen og 140 i aldersgruppa 16–18 år busette i mottak opplæring. 129 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring. Våren 2012 fekk 1 457 barn i grunnskolealderen og 108 i aldersgruppa 16–18 år busette i mottak opplæring. 73 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter fekk opplæring.
Budsjettforslag for 2013
Talet på asylsøkjarar varierer mykje frå år til år. Budsjettet for 2013 finansierer opplæring for hausten 2012 og våren 2013, dette fordi tilskottet blir betalt ut etterskottsvis ut frå talet på elevar i opplæring. Hausten 2012 er det venta eit snitt på 1 538 som får opplæring i mottak, og 69 som får opplæring i omsorgssenter. Tilsvarande tal for våren 2013 er 1 461 i mottak og 71 i omsorgssenter.
Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 125 mill. kroner på posten i 2012.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Tilskottet skal medverke til å dekkje lønnsutgifter til lærarane. Midlar til leirskoleopphald er innlemma i rammetilskottet og må finansierast av kommunane.
Rapport for 2011
Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at 10,2 pst. av alle elevane i grunnskolen planla å reise på leirskole i skoleåret 2011–12. Dette talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. planlegg å reise på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.
Departementet vil følgje utviklinga i talet på elevar som får tilbod om å reise på leirskole.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 67 Tilskott til opplæring i finsk
På denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei ordning for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning for finske studieheimlar i grunnskolen.
Mål for 2013
Målet med tilskottet til grunnskolen er å medverke med finansiering til kommunar og private skolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Det er òg eit mål å styrkje kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen. Det er vidare eit mål å gi opplæring i finsk som andrespråk til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn i vidaregåande opplæring, og det blir gitt tilskott til fylkeskommunar og private skolar som gir slik opplæring.
Rapport for 2011
Tabellen under viser nedgang i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk i dei siste åra.
Tabell 4.2 Utviklinga i talet på grunnskoleelevar med finsk som andrespråk
Skoleår | 2008–09 | 2009–10 | 2010–11 | 2011–12 |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar | 826 | 761 | 754 | 657 |
Endring frå året før | - 7,9 % | - 0,9 % | - 12,9 % |
Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem (GSI)
Forbruk til studieheimlar på posten har vore på om lag same nivå i dei siste åra.
Ved teljedato 2. mai 2012 var det i alt 22 elevar som fekk opplæring i finsk i vidaregåande opplæring. Dette er ein nedgang samanlikna med året før, da 25 elevar fekk opplæring i finsk.
Tilskottsordninga har vorte evaluert. Evalueringa viser mellom anna at det er store forskjellar mellom tilskottsmottakarane med omsyn til det talet på årstimar som tilskottsmodellen bereknar, og det talet på faktiske årstimar som er rapportert i GSI. Direktoratet har utarbeidd eit forslag til nye modellar for berekning av tilskott. Modellane er under vurdering i departementet og har mellom anna vorte presenterte for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten noko grunna nedgang i elevtalet. Departementet foreslår å løyve om lag 8 mill. kroner på posten i 2013.
Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller lauslatne som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller lauslatne som har rett til og ønskjer det. Det er vidare eit mål å leggje til rette for god opplæring i dei eigne soningseiningane for barn og unge, som er under etablering som forsøk. Mange har kort soningstid eller sit i varetekt. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit opplæringstilbod, er det også eit mål at det blir gitt kortare kurs, med ei primær målsetjing om kurs eller delkurs som er knytte til kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar.
Rapport for 2011
Det er no etablert opplæring i alle dei 51 fengsla regjeringa har sagt det skal vere opplæring i. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. I 2011 var talet på opplæringsplassar 1 942 (592 på deltid og 1 183 på heiltid). Talet på registrerte elevar gjennom året var 7 923 i 2011, mot 8 949 i 2010. Endringa i elevtal må sjåast i samanheng med type innsette. Gruppa av innsette er i dag meir krevjande enn tidlegare, og innsatsen per elev, mellom anna gjennom alternative straffeformer, har vorte høgre. Mellom anna har det vore ei sterk auke i delen innsette med utanlandsk bakgrunn. Talet på eksamenar (970) var på om lag same nivå som året før, medan talet på kompetansebevis (531) viste ein nedgang på 27 pst. Talet på lærekontraktar som er inngåtte, har hatt ein sterk auke frå året før (82 i 2011 mot 53 i 2010).
Skolane arbeider også meir med å leggje til rette for opplæring og rådgiving overfor innsette med korte dommar. Det skjer ved realkompetansevurdering, korte arbeidskvalifiserande kurs, rådgiving og planlegging av utdanning etter avslutta soning. 1 589 innsette har gjennomført korte arbeidskvalifiserande kurs. Dette er meir enn ei dobling frå året før.
For å få ei betre oppfølging av straffedømde etter avslutta soning er prosjektet Tilbakeføring gjennom utdanning og arbeid (tilsvarande KrAmi i Sverige) etablert i Rogaland og Troms under leiing av Fylkesmannen i Hordaland. Dette er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, NAV, kommunane og frivillige organisasjonar. Prosjektet vil bli vidareført ut 2013. Det skal utarbeidast ein sluttrapport.
Budsjettforslag for 2013
Det er eit auka budsjettbehov knytt til prosjekt for etablering av forsøk med soningseiningar for barn og unge i Bergen og Oslo. Dette er soning som finn stad utanfor dei ordinære fengsla. Det er viktig å leggje til rette for at desse gruppene får ei opplæring som er tilpassa føresetnadene og behova deira. I tillegg er soningskapasiteten ved Hustad fengsel utvida med seks plassar i 2012. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 6,4 mill. kroner.
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Målet med tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar. Den samla investeringsramma var fastsett til 5 182,9 mill. kroner. Ordninga med kompensasjon for investeringar i skolebygg vil halde fram til 2017. Per 31. desember 2012 er samla restgjeld på 973,1 mill. kroner, og per 31. desember 2013 vil restgjelda vere på 760,8 mill. kroner. Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med eit tillegg på 0,5 prosentpoeng. I 2012 var rentesatsen for ordninga 2,92 pst., og for 2013 er han fastsett til 1,95 pst.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert med 15,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2012.
Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Særskilde behov viser her til manglande evne til å få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. I tillegg skal tilskottsordninga stimulere lærebedrifter til å gi kandidatar som er omfatta av forsøksordninga med praksisbrev, høve til å oppnå praksisbrev. Dette skal styrkje sjansen for ungdommane til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.
Rapport for 2011
Tabellen under viser at talet på søknader har auka vesentleg i dei siste åra.
Tabell 4.3 Søknader for perioden 2007–11 fordelte på lærlingar og lærekandidatar
År | Tal på søknader | Lærlingar | Lærekandidatar |
---|---|---|---|
2007 | 97 | 97 | 0 |
2008 | 186 | 129 | 57 |
2009 | 278 | 159 | 119 |
2010 | 357 | 176 | 181 |
2011 | 326 | 122 | 204 |
Søknader om tilskott for lærekandidatar, som vart innlemma i ordninga frå hausten 2007, utgjorde i 2011 om lag 63 pst. av søknadene. Retningslinjene for tilskottsordninga vart endra frå 1. januar 2011 for å svare på den auka søknadsmengda og sikre ei likeverdig behandling av søkjarane til tilskottsordninga. Endringa har ført til at alle godkjende søknader i 2011 fekk utbetalt tilskott.
Budsjettforslag for 2013
For å stimulere lærebedrifter til å teikne fleire lærekontraktar med minoritetsspråklege, foreslår departementet å opne for at tilskottet også kan nyttast til lærlingar og lærekandidatar med utfordringar knytte til kort butid i landet og svake norskdugleikar. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt. Tilskottsmottakar er Norsk kulturskoleråd, og målgruppa er musikk- og kulturskolar som gjennomfører prosjekt for å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane.
Rapport for 2011
Følgjande større nasjonale/regionale prosjekt har fått støtte i 2011:
Kulturskolefokus og KOM i fokus er prosjekt som har som mål å utvikle kulturskolen som kunst- og kulturfagleg ressurssenter i kommunen i samarbeid med andre delar av skole- og kultursektoren. Prosjekta er treårige, og dei har i 2011 vore gjennomførte i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Finnmark og Agder-fylka. Representantar for universitets- og høgskolemiljøa i dei aktuelle fylka er med i referansegruppene for prosjekta. Integrert i programma er eit eige program for kulturskoleleiarane, Gehørbasert Ledelse, som er skreddarsydd for desse leiarane i den omstillingsprosessen dei kommunale kulturskolane er inne i. Dette programmet blir støtta med betydelege beløp av KS.
I tillegg har midlane vore brukte til Kulturskoledagene (etterutdanning for kulturskolelærarar), Ungdommens musikkmesterskap (UMM), Musikkteknologi og lokale utviklingsmidlar. I samarbeid med Noregs musikkhøgskole er det etablert ein årleg forskingskonferanse med vekt på kulturskolerelatert forsking, og det er arrangert Kulturskolenes lederkonferanse med leiarar frå skole- og kulturfeltet. Til saman bidreg desse tiltaka til fagleg utvikling for tilsette i skoleslaget og representerer nødvendige møteplassar for tilsette på yrkesfeltet og utdanningsfeltet. Det er òg etablert eit Nasjonalt fagforum for visuelle kunstfag, dans og teater.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar
Mål for 2013
Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten skal dekkje bidraget frå Noreg til Cedefop, utgifter til nasjonal ekspert ved Cedefop og nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP). Tilskottet skal medverke til at Noreg tek del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning. Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.
Kontingent til Cedefop
Cedefop er EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring. Aktivitetane som er underlagde Cedefop, har som målsetjing å auke kunnskapen om og kompetansen innanfor grunnleggjande yrkes- og profesjonsopplæring på alle nivå og auke kvaliteten på og tilgangen til etter- og vidareutdanning. Det blir utbetalt kontingent til Cedefop, med fråtrekk for kostnader knytte til den nasjonale eksperten, etter fastsett regelverk.
Nasjonal ekspert
Den nasjonale eksperten er tilsett ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), og det er EU som disponerer eksperten etter avtale. Tilskott blir utbetalt til SIU for å dekkje utgifter til den nasjonale eksperten etter fastsett regelverk.
Det europeiske ungdomsparlamentet
Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP) er ei parlamentssamling for ungdom frå over 30 land i Europa der globale og europeiske spørsmål blir diskuterte. Noreg har delteke i dei årlege sesjonane med ti ungdommar og to vaksne sidan EUP vart oppretta i 1987. Tilskottet til EUP skal dekkje utgifter til deltaking i EUP og drift av ein nasjonal komité. Ein del av løyvinga skal dekkje utgifter til informasjon om EUP, uttak av deltakarskolar og deltaking i nasjonale og internasjonale sesjonar i EUP.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet betaler ein fast årleg kontingent til Det europeiske språksenteret i Graz. For å samle kontingentar til internasjonale organisasjonar innanfor grunnopplæringa foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte 400 000 kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 225 post 72.
Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på posten med 400 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21.
Departementet foreslår ei samla løyving på 5,3 mill. kroner i 2013.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land og auka identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike.
Rapport for 2011
I 2011 gjekk 60 elevar frå Noreg på dei treårige franske vidaregåande skolane. Det kom inn 68 nye søknader for hausten 2011, og 22 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 22 elevar per årskull til dei tre skolane.
I 2011 vart det gitt tyske stipend til 15 elevar fordelte på fem heilstipend og ti delstipend. Det var også ein norsk følgjelærar med delstipendiatane.
Hausten 2011 gjekk 80 elevar på United World Colleges (UWC) fordelte på to årskull. Det kom inn 135 nye søknader for hausten 2011, og 22 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane.
I 2011 vart 24 søknader om gruppereise til Frankrike godkjende. Desse stipenda har ført til at 392 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen fekk reise saman med 45 lærarar på studieopphald og skoleutveksling i Frankrike med støtte frå Trollstipend. Individuelle Trollstipend vart gitte til 22 lærarar.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 74 Tilskott til organisasjonar
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å stimulere offentlege, private og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som på ulike måtar bidreg til å nå måla for grunnopplæringa, jf. omtale av måla i kategoriinnleiinga. Tilskottet skal gå til drift av organisasjonane. Hovuddelen av midlane blir lyst ut. Kunnskapsdepartementet vil i 2013 revidere retningslinjene for tilskottsordninga. Midlane for 2013 vil bli lyste ut i tråd med reviderte retningslinjer.
Rapport for 2011
I 2011 er det gitt tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent Pedagogisk Forum, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk handverksutvikling, International Baccalaureate Organization, Elevorganisasjonen, Landslaget for norskundervisning, Friluftsrådenes Landsforbund, Magasinett og Pirion, Foreningen Norden, Landslaget Fysisk Fostring i Skolen, Seanse, Fellesrådet for kunstfag i skolen (med medlemsorganisasjonar) og Samarbeidsforum for estetiske fag (med medlemsorganisasjonar).
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 5,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21. I tillegg blir det foreslått å auke løyvinga på posten med ytterlegare 1 mill. kroner.
Tilskott til Fellesrådet for kunstfag i skolen (FKS) og Samarbeidsforum for estetiske fag (SEF) med tilhørande medlemsorganisasjonar, samt tilskott til Seanse, er frå andre halvdel av 2011 samla på budsjettet til Kunnskapsdepartementet etter flytting av midlar frå budsjettet til Kulturdepartementet, jf. Prop. 1 S (2011–2012). Departementet foreslår at midlar til desse organisasjonane, i 2012 totalt om lag 6,8 mill. kroner, blir øyremerkte også i 2013. Det blir òg foreslått at 1 mill. kroner på posten blir øyremerkt til Newtonrom. Departementet vil i 2013 evaluere tilskottet til Newtonrom.
Kunnskapsdepartementet foreslår at resterande midlar på posten blir lyste ut.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 57 352 | 50 423 | 42 858 |
Sum kap. 3225 | 57 352 | 50 423 | 42 858 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving over kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er i 2013 på om lag 42,9 mill. kroner.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast | 1 078 009 | 1 101 946 | 1 157 790 |
50 | Nasjonale senter i grunnopplæringa | 57 344 | 62 236 | |
60 | Tilskott til kommunar og fylkeskommunar | 50 000 | 36 050 | 37 204 |
62 | Tilskott for auka lærartettleik | 157 000 | ||
70 | Tilskott til NAROM | 7 409 | ||
71 | Tilskott til vitensenter | 22 992 | 25 705 | 35 353 |
72 | Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa | 2 000 | ||
Sum kap. 226 | 1 151 001 | 1 221 045 | 1 458 992 |
Kap. 226 omfattar løyvingar som skal støtte kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. I tillegg til dei midlane som blir løyvde over kapitlet, har skoleeigarane eit sjølvstendig ansvar for kvalitetsutvikling av opplæringa ved sine eigne skolar og i lærebedriftene.
Løyvinga på post 21 finansierer tidsavgrensa statlege eller lokale prosjekt, medan løyvingane på postane 50, 60, 62, 70, 71 og 72 finansierer tilskott til underliggjande statlege einingar, kommunesektoren eller andre mottakarar. Ansvaret for forvaltninga av midlane på kapitlet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegert til Utdanningsdirektoratet. Dei faste driftsoppgåvene til direktoratet blir finansierte over kap. 220.
Det er godt dokumentert at lærarar og skoleleiarar har behov for auka kompetanse. Dette gjer det nødvendig med statleg støtte til kompetanseutvikling i sektoren. Den største delen av løyvinga på kapitlet går til kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar.
Eit anna sentralt verkemiddel er å forbetre den lokale kapasiteten til kvalitetsutvikling gjennom statlege støttetiltak. Løyvinga finansierer derfor statlege skoleutviklingsaktørar (nasjonale senter, vitensenter), statlege kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott. Satsinga Ny GIV blir også finansiert over dette kapitlet.
Vidare finansierer løyvinga aktivitetar knyta til forvalting og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Utdanningsdirektoratet er delegert dette ansvaret samt ansvaret for å gi rettleiing om bruken av læreplanane.
Løyvinga finansierer nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, som består av følgjande element: internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering.
Løyvinga finansierer GNIST-sekretariatet og GNIST-partnarskapen.
Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet og hos andre statlege aktørar som er knytte til drift av dei ulike utviklingsprosjekta og tiltaka.
Deler av løyvinga over kap. 226 post 21 gjeld barnehageformål.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Mål for 2013
Tilstandsvurderinga av grunnopplæringa viser at grunnopplæringa har mange sterke sider, og at måloppnåinga har vorte betre dei siste åra. Framleis er det likevel behov for å føre vidare tiltak som er sette i gang, og ta nye grep for å styrkje kvaliteten i grunnopplæringa. Målet med midlane på posten er å medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa slik at sektormåla blir nådde, jf. omtale i kategoriinnleiinga.
For å nå desse vil departementet i 2013 prioritere kompetanseutvikling for tilsette i sektoren, statleg støtte og stimulering av lokal kvalitetsutvikling, forvaltning og utvikling av læreplanverket og eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Desse tiltaka er òg omtalte i strategiar og tiltak for grunnopplæringa under kategoriinnleiinga.
Omtala av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 226 post 21 må sjåast i samanheng med omtala av rapport, mål og budsjettforslag under kap. 220 post 01. Drift av Utdanningsdirektoratet og generelle oppgåver direktoratet er delegert, sikrar og støttar tiltak som gjeld kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.
Rapport for 2011
Kompetanseutvikling i grunnopplæringa
Skoleeigarane har ansvaret for å sikre nødvendig kompetanseutvikling for sine tilsette i grunnopplæringa, jf. § 10-8 i opplæringslova. Det er likevel nødvendig med statleg støtte til kompetanseutvikling i sektoren til dømes ved endringar i kompetansekrav, implementering av reformer og oppfølging av avdekte nasjonale behov. Staten har etablert eit system for kompetanseutvikling med tre hovudelement: eit varig system for vidareutdanning for lærarar, etterutdanning på nasjonalt prioriterte område og rektorutdanning.
Vidareutdanning
Gjennom strategien Kompetanse for kvalitet er det etablert eit varig system for vidareutdanning for å styrkje den faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetansen til lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Strategien dekkjer viktige fag og område med særleg nasjonale behov for vidareutdanning. Strategien er utforma i samarbeid med Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag, Skolenes Landsforbund, Skolelederforbundet, KS og Nasjonalt råd for lærerutdanning. Vidareutdanninga består av individuelle opplegg på høgskole- og universitetsnivå som gir studiepoeng. Strategien inneber at lærarane får frigjort tid til å studere, ved at det blir gitt tilskott til skoleeigaren til å dekkje vikarutgifter. Sidan 2008 har samla deltaking av lærarar i vidareutdanning (kurs med 30 eller 60 studiepoeng) auka med nesten 30 pst.
Om lag 1 500 lærarar deltok i studieåret 2011–12. Målet var 2 500. Hausten 2011 utforma partane eit nytt strategidokument: Kompetanse for kvalitet. Strategi for etter- og videreutdanning 2012–2015, der partane vart einige om nasjonalt prioriterte fag og område. For å auka deltakinga vart partane òg samde om ein ny finansieringsmodell: Staten dekkjer halvparten, medan skoleeigaren og læraren dekkjer ein firedel kvar. Tidlegare dekte staten og skoleeigaren 40 pst. kvar og læraren 20 pst. Deltakarevalueringa for studieåret 2010–11 syner at lærarane er svært tilfredse med undervisninga, godt over halvparten av lærarane omtalte vidareutdanninga som «i stor grad» forskingsbasert, praktisk, relevant og godt tilrettelagd. 373 kommunar, alle fylkeskommunane og 86 private skolar har rapportert at dei har delteke i etter- og vidareutdanning med statleg støtte i 2011. Dei prioriterte faga i strategien er norsk/samisk, matematikk, engelsk, leseopplæring, yrkesfaglege programfag, andrespråkspedagogikk, rådgiving, mat og helse, kroppsøving, musikk, kunst og handverk og tilbod for lærarar på vidaregåande skole.
Som følgje av lågare deltaking i vidareutdanning i 2011–12 enn planlagd vart det i 2011 omdisponert 60 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett til gjennomføring av tiltak i Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter og kompetanseutviklingstiltak i prosjektet Ny GIV.
Etterutdanning
Gjennom fylkesmennene er det tildelt midlar til etterutdanning av lærarar, rådgivarar og aktørar innanfor fag- og yrkesopplæringa på prioriterte område. Etterutdanning er ulike former for kompetanseutvikling som ikkje gir studiepoeng til deltakarane. I 2011 fordelte fylkesmennene midlar til gjennomføring av etterutdanning i leseopplæring, rekneopplæring, vurdering, klasseleiing og fag- og yrkesopplæringa. Skoleeigarane rapporterer òg om ein sterk eigeninnsats når det gjeld midlar til etterutdanning. Dei har rapportert om totalt 153 200 kursdeltakarar på etterutdanning i 2011. Mange lærarar var med på fleire kurs. Om lag 24 700 deltok i leseopplæring, 15 400 i rekneopplæring og 40 500 i vurdering. Fylkeskommunane rapporterer i tillegg at over 13 000 instruktørar og faglege leiarar i verksemdene har delteke i etterutdanning. I samband med Ny GIV-prosjektet vart det gjennomført kompetanseheving for rundt 600 lærarar i både ungdomsskolar og vidaregåande skolar våren 2011. 1 350 lærarar fullførte tilsvarande skolering hausten 2011 / våren 2012. Skoleringa la vekt på opplæring i dei grunnleggjande dugleikane i lesing, skriving og rekning. Det vart òg undervist i tema som læringsmiljø, motivasjon, klasseleiing og vurdering. Evalueringa viser at lærarane er særs nøgde med det faglege innhaldet og med sitt eige utbytte av skoleringa, både for arbeidet med Ny GIV-elevane og i anna undervisning. Vidare fekk 380 medarbeidarar i oppfølgingstenesta og NAV kompetanseheving hausten 2011. Evaluering av tilbodet viser at 75 pst. av deltakarane vurderte samlingane som bra eller svært bra.
Det er i perioden 2010–12 gitt støtte til etterutdanning og hospitering i fem fylke for lærarar på yrkesfaglege utdanningsprogram samt for faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene. Formålet er å bidra til ei meir praktisk og relevant opplæring for elevane og lærlingane og dermed motverke fråfallet i vidaregåande opplæring. Ordninga blir evaluert og sluttrapport ferdigstilt i desember 2012.
I 2011 vart det òg tildelt midlar til lærarutdanningsinstitusjonane til tiltak knytte til rettleiing av nyutdanna lærarar. Midlane vart nytta i samanheng med midlar frå kap. 231 til rettleiing av nyutdanna førskolelærarar.
Rektorutdanning
I 2011 vart rektorutdanninga tilbode av seks universitet og høgskolar. 400 personar starta opp hausten 2011. Tilbakemeldingane på utdanninga har vore positive. Skoleeigarar har vist aukande interesse for å velje ut kandidatar, samt studiestad dei ønskjer at kandidatane deira skal studere ved. Det har vore ein sterk vekst i søkninga til det nasjonale rektorprogrammet sidan oppstarten hausten 2009. Talet på søkjarar er nesten tredobla frå 2009 til 2011, og den sterkaste veksten var i 2011. Rektorprogrammet blir følgjeevaluert, og departementet vil vurdere opplæringa når sluttevalueringa ligg føre i 2014.
Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling
Løyvinga finansierer statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling i skolen. Dette gjeld ulike statlege kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott.
Rettleiarkorpset er eit tilbod til skoleeigarar og skolar som treng rettleiing for å betre læreprosessane i skolen, og tilbodet er ført vidare. I perioden januar 2011–juni 2012 gav rettleiarkorpset tilbod om rettleiing i sju fylke. Det vart inngått avtalar med 29 skoleeigarar med til saman 97 skolar. Det er etablert rettleiarkorps med 49 rettleiarar frå heile landet. Erfaringane frå rettleiinga i prosjektet syner at det engasjementet skoleeigarane viser i utviklingsarbeidet ved skolane, og den vekta dei legg på systematisk arbeid, er svært viktig.
Arbeidet med Skole- og kommuneutviklingsprosjektet (SKUP) for å støtte kommunar med svake elevresultat er ført vidare. Skolane er valde ut på grunnlag av resultata på nasjonale prøver. Målet er å betre elevresultata gjennom å støtte kommunane med skoleutvikling. Utviklingsarbeidet skal ha eit langsiktig perspektiv utover prosjektperioden (2011–12). Trinn 2 av prosjektet starta hausten 2011, og 20 kommunar deltek i hovudtilbodet, som er eit organisasjonsutviklingsprogram.
Bedre læringsmiljø (2009–2014) vart i 2010 etablert som den nasjonale strategien på læringsmiljøfeltet. Bedre læringsmiljø er konsentrert rundt arbeidet med nettressursar, oppfølging av resultat frå felles nasjonalt tilsyn og oppfølging av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. Vidare er det sett i gang lokale utviklingsprosjekt hos 50 skoleeigarar og 112 skolar og formidla forskingsbasert kunnskap. Evalueringar viser at Bedre læringsmiljø blir brukt som kjelde til kunnskap og som praktisk hjelpemiddel. Hausten 2011 kjende 80 pst. av skoleleiarane og 90 pst. av skoleeigarane til satsinga.
Manifest mot mobbing vart underteikna i 2010 av sentrale nasjonale partar for perioden 2010–14, og dette arbeidet er ført vidare. Våren 2012 hadde om lag 330 kommunar underteikna lokale manifest. I 2011 vart det gjennomført ei kampanje retta mot digital mobbing. Målet med kampanjen er å skape lokalt engasjement i kvar kommune. Vidare vart ein rettleiar om arbeid mot mobbing send til alle grunnskolar.
Heilskapleg skoledag (2009–2012) er eit utviklingsprosjekt som prøver ut tre modellar for god samanheng mellom skolen og skolefritidsordninga (SFO). Målsetjinga er at SFO støttar opp under utviklinga av eit godt læringsmiljø og fagleg læring i skolen. Innhaldet i den utvida skoledagen i prosjektet er både fagleg styrking, leksehjelp, fysisk aktivitet, sunne måltid og kulturelle aktivitetar. Totalt deltek ni skolar i seks kommunar i prosjektet i skoleåret 2010/2011. Prosjektet blir evaluert. Evalueringa så langt viser at innsatsen i SFO får større anerkjenning. Kompetansen i SFO har auka, og samarbeidet mellom skolen og SFO har auka noko. Elevar er i hovudsak nøgde med den hjelpa dei får til lekser på skolen, og foreldre er positive til at SFO skal støtte læringsarbeidet i skolen. Når det gjeld leksehjelp på desse skolane, peiker evalueringa på eit tydeleg behov for avklaringar av kva tilbodet om leksehjelp skal vere, at ein er bevisst kva for elevar ein rekrutterar, kompetanse og ansvars- og rollefordelinga mellom dei tilsette ved skolen og SFO. Evalueringa er eit godt supplement til evalueringa av den generelle ordninga med åtte timar leksehjelp på 1.–4. trinn.
Forsøk med arbeidslivsfag som eit alternativ til språkleg fordjuping på ungdomstrinnet omfatta i 2011 82 kommunar og 135 skolar. Tilbodet om arbeidslivsfag har hatt betydeleg innverknad på rekrutteringa til fordjupingsfaga, som på nokre av forsøksskolane er vorten avvikla. To tredelar av elevane i arbeidslivsfaget er gutar. Evalueringa av forsøket syner at skoleleiarar er entusiastiske, og at faget er ønskt av både lærarar, elevar og foreldre. Sluttevalueringa av dei skolane som har delteke i prosjektet fram til no, kjem hausten 2013 og vil vere eit grunnlag for å vurdere framtida til faget. Forsøksperioden er imidlertid utvida frå 2013 til 2016, og alle kommunar kan no starte med forsøk med arbeidslivsfag, men utan økonomisk kompensasjon.
Vurdering for læring (2009–2014) er eit prosjekt for å styrkje vurderingspraksis og vurderingskultur. Departementet prioriterar auka kvalitet på vurderingsarbeidet i skolen høgt. Undervegsrapportar frå 2011 syner at det er stor variasjon i kor langt den enkelte skoleeigar, skole og lærebedrift har komme, og korleis utviklingsarbeidet er gjennomført. Mange peiker på at det tek lang tid å endre holdningar, kultur og praksis. Arbeidet med vurdering er komplekst. For å sikre at vurderingsforskrifta blir brukt riktig i sektoren, har Utdanningsdirektoratet gjennomført seminar i alle fylka og utvikla rettleiingsmateriell, inkludert ein ny nettstad. Samarbeid med elevorganisasjonane er også vesentleg.
Forsøk med praksisbrev vart ført vidare i 2011. Evalueringa har vist at ordninga fungerer godt som ein alternativ veg inn i ordinær lærlingordning etter toårig praksisbrev for eit stort fleirtal av kandidatane. Per 2012 tilbyr 15 av 19 fylke praksisbrev, men ikkje som eit opplæringstilbod ein kan søkje på. Departementet vil vurdere korleis praksisbrevet eventuelt skal inngå i den samla strukturen i samband med ei stortingsmelding om Kunnskapsløftet som skal leggjast fram i 2013.
Utprøving av ordninga gjennomgåande dokumentasjon for fag- og yrkesopplæringa vart sluttført i 2011. Dokumentasjonen skulle vere eit tillegg til vitnemål og fag- og sveinebrev og gi lærebedrifter og arbeidsgivarar informasjon om læringsaktivitetar elevane og lærlingane har delteke i. Evalueringa gir ikkje eit klart grunnlag for å vurdere innføring av gjennomgåande dokumentasjon. Frå aktørane i lærebedriftene blir det gitt få signal om at det er behov for innføring av slik dokumentasjon. Departementet vil derfor vurdere om og korleis ordninga eventuelt skal førast vidare.
Prosjekta Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skoler med mer enn 25 prosent minoritetsspråklige elever vart avslutta i 2011. Evalueringa viser at midlane er nytta til tiltak rundt språkstimulering og språklæring. Samarbeidet mellom skole og barnehage har vore blant dei mest vellykka tiltaka.
GNIST (2009–14) er eit samarbeid mellom utdanningsmyndigheitene og partane i sektoren. Formålet er å nå felles målsetjingar om auka status og rekruttering til læraryrket samt betre kvalitet i lærarutdanningane, lærarprofesjonen og skoleleiinga. Betra kvalitet i lærarutdanningane er eit av formåla bak reforma av grunnskolelærarutdanninga (GLU), jf. omtale under programkategori 07.60. Betra kvalitet i lærarprofesjonen blir målt blant anna gjennom deltaking frå lærarane og oppfatninga deira av vidareutdanningssystemet. Rekrutteringskampanjen Har du det i deg? vart gjennomført også i 2011, i tillegg vart det bestemt å føre vidare kampanjen i 2012 og 2013. I 2011 arrangerte GNIST-sekretariatet møte og konferansar med det nasjonale og dei fylkesvise partnarskapane og deltok på seks utdanningsmesser. GNIST Indikatorrapport 2011 viser framgang for statusen til læraryrket samt auka rekruttering til lærarutdanningane: I perioden 2008–11 har talet på kvalifiserte førstevalssøkjarar vakse med 54 pst. for femårig integrert lærarutdanning, 46,6 pst. for faglærarutdanningane og 46,2 pst. for allmennlærar- og grunnskolelærarutdanningane.
I 2011 vart det gitt stimuleringstilskott for kulturskolar, i alt 210 prosjekt. Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) mottek rapportar frå prosjekta. Fleire prosjekt er vurderte til å ha nasjonal interesse med stor overføringsverdi, og desse blir følgde opp spesielt. Evaluering av tildelingane i 2010 og 2011 vil vere klar i løpet av 2012.
Læreplanar
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å forvalte læreplanverket og justere læreplanane ved behov. I 2011 vart arbeidet med å betre informasjonssystemet for læreplanar for fag, revidering av læreplanar for gjennomgåande fag for grunnopplæringa og utvikling av eit rammeverk for grunnleggjande dugleikar prioritert. Rammeverket for grunnleggjande dugleikar skal brukast som eit verktøy for å utarbeide læreplanar for fag. For å støtte sektoren i implementeringa av læreplanane er det utarbeidd rettleiingar til læreplanane for fag. I 2011 gjennomførte direktoratet ei kartlegging av kjennskap til og bruk av rettleiingane i sektoren. Ein konklusjon var at rettleiingane var lite kjende og lite brukte i sektoren. Resultata frå kartlegginga vil vere eit grunnlag når rettleiingane blir reviderte i 2013.
Våren 2012 vart det fastsett åtte læreplanar i valfag for ungdomstinnet som ei oppfølging av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. Målet med valfaga er auka motivasjon og meistring for elevane. Læreplanane i dei åtte valfaga tok til å gjelde frå skoleåret 2012–13. Det er også utarbeidd rettleiingar om korleis skolane kan ta i bruk dei nye læreplanane.
Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem omfattar internasjonale undersøkingar, eit samanhengande nasjonalt prøve- og vurderingssystem, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering. Når det gjeld formidling av informasjon frå systemet til sektoren, er nettstaden Skoleporten eit sentralt verktøy.
Dei internasjonale undersøkingane er viktige for å vurdere kvaliteten på norsk grunnopplæring samanlikna med andre land, og utviklinga over tid av det faglege nivået til elevane. Noreg deltek for tida i desse internasjonale undersøkingane: PISA (OECD), TALIS (OECD), PIRLS (IEA), TIMSS (IEA), TIMSS Advanced (IEA), TEDS-M (IEA) og ICILS (IEA).
Resultata frå TEDS-M (IEA) vart lagde fram våren 2012. Undersøkinga er retta mot lærarstudentar i 16 land og skal kartleggje korleis lærarstudentane er førebudde på å undervise i matematikk. Resultata viser at dei norske allmennlærarane, både med og utan ekstra matematikk, presterer svakare enn nesten alle dei andre landa når det gjeld matematikk på ungdomstrinnet, og markant under det internasjonale gjennomsnittet totalt. For å betre kunne komme i møte dei utfordringane som viser seg i grunnopplæringa, er det sett i gang ei større reform av lærarutdanningane, jf. omtale under programkategori 07.60.
Nasjonal karakterstatistikk og nasjonale prøver kan ikkje eintydig tolkast som endringar i faglege dugleikar frå eitt elevkull til eit anna. Det skyldast at prøvene ikkje har eit felles utgangspunkt som endringar over fleire år kan samanliknast med.
Det samanhengande nasjonale prøve- og vurderingssystemet består i hovudsak av nasjonale prøver og obligatoriske kartleggingsprøver. Dei nasjonale prøvene gir styringsinformasjon til nasjonale utdanningsmyndigheiter, skolar og skoleeigarar og blir nytta som eit pedagogisk verktøy for læraren. Dei obligatoriske kartleggingsprøvene og anna prøve- og kartleggingsmateriell skal avdekkje behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå. I skoleåret 2011–12 er det gjennomført nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn i lesing og rekning og på 8. trinn i engelsk. Prøva i engelsk på 5. trinn måtte avlysast grunna tekniske problem. Resultata frå nasjonale prøver viser at det er relativt store skilnader mellom fylka i elevane sitt meistringsnivå, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Det er vidare gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i talforståing og reknedugleik på 2. trinn, i lesedugleik på 1., 2. og 3. trinn og i lesing og rekning som grunnleggjande dugleik på Vg1. Det er utvikla frivillige kartleggingsprøver i talforståing og reknedugleik på 1. og 3. trinn, i engelsk på 3. trinn og i engelsk på Vg1.
Utviklinga av kvalitetsvurderingssystemet i fag- og yrkesopplæringa er ført vidare. Systemet skal bestå av informasjon om gjennomføring, læringsmiljø, kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og overgangen til arbeidsmarknaden for nyutdanna fagarbeidarar, jf. St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja. I 2011 ble Program for forskning på fag- og yrkesopplæringen sett i verk. Forskinga skal konsentrere seg om desse seks hovudtema: læringsmiljøet, innhald og vurdering, kvalitetsarbeid, gjennomføring og fråfall, fagopplæringa som inngangsport til arbeidslivet og eit heilskapleg kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa.
Formålet med brukarundersøkingane er at elevar, lærlingar, lærarar og føresette skal kunne gi tilbakemelding om læringsmiljøet på skolen eller i lærebedrifta. Resultata frå brukarundersøkingane blir brukte av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen. Det blir arbeidd kontinuerleg for å auke deltakinga i brukarundersøkingane. Elevundersøkinga er obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar på Vg1 i vidaregåande opplæring. I tillegg tilbyr Utdanningsdirektoratet brukarundersøkingar for lærarar, foreldre, lærlingar og instruktørar i lærebedrift.
I 2010–11 gjennomførte åtte av 19 fylkeskommunar Lærlingundersøkinga. Svarprosenten i målgruppa varierer frå 21 pst. til 69 pst. mellom dei ulike fylka. Analysen av undersøkinga viser at lærebedriftene i liten grad bruker undersøkinga i arbeidet sitt, hovudsakleg fordi dei ikkje kjenner til ho. Fylkeskommunaneer dei som i størst grad har brukt Lærlingundersøkinga, men også her er det variasjonar mellom fylkeskommunane i kor aktivt dei nyttar ho. Analysen viser òg at spørjeskjemaet blir oppfatta som for omfattande og lite relevant av opplæringskontora og lærebedriftene. Departementet legg opp til ein revisjon før neste undersøking.
Fleire forskings- eller evalueringsprogram om grunnopplæringa blir heilt eller delvis finansierte over kapitlet. Dette gjeld evalueringa av Kunnskapsløftet og ei rekkje mindre kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar. Vidare gjeld dette forskingsprogramma Utdanning2020 og PRAKUT og undersøkinga PIAAC, jf. omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Det overordna målet for utdanningsforskinga er å medverke til å heve kvaliteten i utdanninga gjennom meir og betre kunnskap om utdanningsektoren.
Den forskingsbaserte evalueringa av Kunnskapsløftet skal mellom anna gi kunnskap om korleis reforma blir implementert. Hausten 2011 vart det starta opp ei evaluering av Ny GIV. Evalueringa skal både kartleggje gjennomføringa av tiltak og dokumentere og forklare effektane av tiltaka for gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Sluttevalueringa skal vere klar i 2013. I forskingsprogrammet Utdanning2020 tek fleire av prosjekta for seg overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring og mellom vidaregåande opplæring og arbeidsliv eller høgre utdanning. PRAKUT er eit forskingsprogram som skal styrkje den praksisnære forskinga om barnehagen, grunnopplæringa og lærarutdanningane. Ved den siste utlysinga i 2011 vart det løyvt 72 mill. kroner til sju prosjekt, og fire av desse er retta mot grunnopplæringa. Kunnskapssenteret for utdanning vart i 2011 oppretta som ei avdeling i Noregs forskingsråd, jf. omtale under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Senteret har i hovudoppgåve å halde oversikt over og formidle nasjonal og internasjonal utdanningsforsking slik at kunnskapen kjem til nytte i barnehagar, skolar, høgre utdanningsinstitusjonar og i den offentlege forvaltninga.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 1 160 mill. kroner over kap. 226 post 21 i 2013.
Kompetanseutvikling
Kompetansen til lærarane er den viktigaste faktoren for læringa til elevane. Departementet vil derfor føre vidare satsinga på kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet 2012–2015. Det vil bli nytta om lag 350 mill. kroner til vidareutdanning og til rektorutdanning. Departementet vil tildele midlar for at dei om lag 1 850 deltakarane som starta opp hausten 2012, skal fullføre, samt at nye 1850 deltakarar kan starte opp hausten 2013. Dersom det blir fleire søkjarar kan det vere aktuelt å omprioritere midlar til dette. Departementet legg opp til at tildelinga til rektorutdanninga blir ført vidare på same nivå som i 2012 med 400 deltakarar.
Departementet vil nytte om lag 80 mill. kroner til ein eigen strategi for ungdomstrinnet. Av desse er 50 mill. kroner omprioritert frå etterutdanning. Strategien omhandlar ei satsing på kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Målet er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i satsinga i løpet av dei neste fem åra. Skolebasert kompetanseutvikling skal prøvast ut i eit utval kommunar i skoleåret 2012–13, og fullskalatilbod vil bli gitt frå skoleåret 2013–14. Satsinga inneber at midlar som tidligare er tildelte kommunar og fylkeskommunar til etterutdanning på prioriterte område, no blir nytta til denne kompetanseutviklinga.
Departementet vil føre vidare arbeidet med å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring gjennom satsinga Ny GIV, og vil bruke om lag 185 mill. kroner på dette formålet. Ny GIV må òg sjåast i samanheng med løyvinga på kap. 226 post 60. Midlane skal blant anna nyttast til å lette overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring for elevane, til etterutdanning for 1 600 lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring og til vidareutdanningstilbod for om lag 50 tilsette i den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT) og NAV. I tillegg blir det nytta midlar til prosjektleiing i kommunane og fylkeskommunane. I 2013 vil aktiviteten bli trappa opp, og alle kommunane i landet skal delta i satsinga, som da vil nå tilnærma alle skolar med ungdomstrinn og om lag 6 000 nye elevar. Departementet vil nytte noko av den ressursen dei kommunale prosjektleiarane i Ny GIV representerar til gjennomføringsstrategien for ungdomstrinnet frå 2013. Eit viktig tiltak for betre gjennomføring er at opplæringa innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma blir meir yrkesretta og meir relevant for elevane. Departementet vil derfor satse særskilt på auka yrkesretting og relevans i faga norsk, matematikk og engelsk.
Det vil i 2013 bli nytta midlar innanfor ramma av Ny GIV til å kompensere Hedmark fylkeskommune for å oppretthalde kvaliteten på tilbodet om opplæring ved Tyrilistiftelsen og Fossumkollektivet i Hedmark fylke – dvs. vidareføre talet på stillingar knytt til tilbodet om opplæring på same nivå som i dag. Kompensasjonen gjeld den delen av tilbodet som er utover det som er fylkeskommunane sitt ansvar etter opplæringslova. Departementet vil samstundes arbeide med å finne ei varig løysing på problema knytte til finansieringa. Når det gjeld situasjonen for 2012, vil ei tilsvarande løysing bli lagt fram i omgrupperingsproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2012.
Departementet foreslår å løyve om lag 30 mill. kroner til utvikling av kompetanse i opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne frå barnehage og grunnopplæring; herunder vaksenopplæring og høgre utdanning. Dette inneber mellom anna satsing på andrespråksdidaktikk, vaksenpedagogikk, kunnskap om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Både tilsette, leiarar og eigarar av barnehagar og skolar samt lærarutdannarar vil bli omfatta av satsinga. I hovudsak vil midlane gå til etterutdanning, men det vil òg bli sett av midlar til vidareutdanning. Departementet tar sikte på at satsinga vil gå over fleire år. I 2013 vil midlane bli nytta til kompetanseheving av universitets- og høgskolesektoren, skole- og barnehagebasert etterutdanning og kompetanseheving av skoleeigar og barnehageansvarleg.
Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap dokumenterer store utfordringar i den evna utdanningssystemet har i å møte mangfaldet av barn, unge og vaksne med behov for eit tilpassa opplæringstilbod. Det viktigaste grepet er å byggje eit lag rundt læraren. Den kommunale PP-tenesta er heilt sentral i denne samanhengen. Mange PP-tenester rundt i landet har utfordringar i både kapasitet og kompetanse. Departementet meiner ein systematisk kompetanse- og utviklingsstrategi er nødvendig for å møte begge desse utfordringane. Departementet vil nytte midlar til omstilling av Statped og til eit kompetanseutviklingstilbod for tilsette i PP-tenesta.
Som eit ledd i oppfølginga av Samfunnskontrakten for flere læreplasser blir det foreslått løyvd midlar til hospitering mellom skole og arbeidsliv for tilsette i vidaregåande skole og i lærebedrifter, jf. samla omtale av satsinga innanfor fag- og yrkesopplæringa under.
Rettleiing av nyutdanna lærarar skal sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke og rekruttere og halde på fleire dyktige lærarar i skolen. Departementet inngikk i 2009 ein avtale med KS om at alle nyutdanna lærarar skal få rettleiing. Departementet vil føre vidare dette tiltaket.
Departementet vil føre vidare utviklinga av kompetanseutviklingsmateriell for opplæring om rasisme, intoleranse og demokratiforståing.
Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling
Satsinga på kvalitetsutvikling i sektoren gjennom statlege støttetiltak blir ført vidare i 2013, og departementet vil samla nytte om lag 260 mill. kroner til dette formålet. Dette omfattar skoleutviklingsaktørar, statlege skoleutviklingsprogram og -prosjekt samt statlege stimuleringstilskott.
Det er eit sentralt mål å auke gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa, der berre 60 pst. av elevane fullfører og består. Departementet vil nytte om lag 30 mill. kroner til tiltak i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, jf. Samfunnskontrakt for flere læreplasser. Løyvinga vil omfatte hospitering for lærarar i vidaregåande skole og faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter, ekstra tilskott til lærebedrifter som tek inn lærlingar med kort butid i Noreg, jf. omtale under kap. 225 post 70, midlar til forsøk med vekslingsmodellar og til forsøk med forsterka Vg3 i skole og tiltak i samarbeid med partane i arbeidslivet for auka status og betre rekruttering i fag- og yrkesopplæringa.
Rettleiarkorpset skal gi rettleiing til skoleeigarar og skolar for å styrkje læringsresultata og læringsmiljøet på skolane. Departementet vil føre vidare tiltaket i 2013. I samband med rettleiarkorpset vil òg erfaringane frå SKUP-prosjektet bli førte vidare.
Departementet vil føre vidare dei fem overordna målsetjingane for GNIST-partnarskapen: heva status for læraryrket, betre kvalitet i lærarprofesjonen, betre kvalitet i skoleleiinga, betre kvalitet i lærarutdanninga og auka rekruttering til lærarutdanninga og læraryrket. Målet med kampanjen Har du det i deg? i 2013 er auka søking til lærarutdanningane og heva status til læraryrket. Særskilte delmål er å rekruttere fleire menn og fleire med minoritetsbakgrunn til lærarutdanningane. Dei midlertidige engasjementa i dei fylkesvise GNIST-partnarskapane skal støtte gjennomføringa av satsingsområda for ungdomstrinnet.
Lektor II-ordninga blir ført vidare. Ordninga inneber at yrkesaktive i industri og anna arbeidsliv blir knytte til opplæring på fagområde der skolen ser nytta av å få tilført kompetanse. Målsetjinga er å skape motivasjon hos elevane ved å gi ei meir praktisk tilnærming til faget, samt betra rekruttering til realfaga. Ei evaluering av ordninga skal vere ferdig i 2014.
Det arbeidet læraren gjer som leiar av klassa, er den faktoren som har størst betydning for læringsmiljøet. Departementet vil styrkje klasseleiing og gode relasjonar mellom elevane og mellom lærar og elev gjennom satsinga Bedre læringsmiljø(2009–2014). Bedre læringsmiljø og satsinga på kompetanseutvikling i klasseleiing som oppfølging av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter blir sette i samanhang. Innsatsen mot krenkjande handlingar som mobbing, rasisme og diskriminering held fram, mellom anna gjennom Manifest mot mobbing. Departementet vil dele ut HM Dronning Sonjas skolepris til ein skole som utmerkjer seg i arbeidet for inkludering og likeverd, og Benjaminprisen til ein skole som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering.
Departementet arbeider for å gjere karriererettleiinga betre. Tilskottet til partnarskapa for karriererettleiing skal medverke til å vidareutvikle partnarskapa og sikre tilgang til karriererettleiing for ungdom og vaksne i alle fylke, mellom anna gjennom oppretting av karrieresentre.
Elevar og lærlingar lærer best når dei forstår kva dei skal lære, får tilbakemeldingar på kvaliteten på arbeidet, får vite korleis dei kan forbetre seg og er deltakande i sitt eige læringsarbeid. Satsinga Vurdering for læring(2012–2014) skal bidra til at skoleeigarar, skolar og lærebedrifter utviklar vidare ein vurderingspraksis og ein vurderingskompetanse som har læring som mål. Vurdering er eit arbeid som er krevjande og som føreset høg fagleg kompetanse, godt utvikla fagleg skjønn og omfattande kollegasamarbeid, og som samstundes skal sikre ein rettvis og likeverdig praksis. I 2013 blir den siste puljen av kommunar med i satsinga. Departementet vil òg etablere klare reglar for vurdering ved lokalt gitt eksamen i grunnopplæringa. Arbeidet med å vidareutvikle vurderingskompetansen i skolane skjer i nært samarbeid med Elevorganisasjonen.
Mellom 25 og 30 pst. av elevane på ungdomstrinnet får karakteren 1 eller 2 til avgangsprøva i matematikk på 10. trinn, og det er framleis for få som vel realfagleg fordjuping i vidaregåande opplæring. Departementet vil føre vidare arbeidet med å auke rekrutteringa til utdanning, forsking og yrkesval innanfor realfaga, og for å styrkje resultata i grunnopplæringa gjennom strategien Realfag for framtida og læringsressursen den virtuelle matematikkskolen. Løyvinga gjeld vidare satsinga på natur, miljø og berekraftig utvikling i grunnopplæringa gjennom Den naturlige skolesekken og strategien Kunnskap for en felles framtid, ein ny strategi for utdanning for berekraftig utvikling for perioden 2012–15.
Sidan 2010 er det årleg løyvd eit stimuleringstilskott på 40 mill. kroner til kulturskolar og kulturskoletilbod. Det blir foreslått å løyve ytterlegare 33,8 mill. kroner frå 2013. Samla skal midlane nyttast til å innføre ein veketime med kulturskoletilbud i skole/SFO-tida frå hausten 2013. Hovuddelen av midlane vil bli løyvd over rammetilskottet til kommunane. 40 mill. kroner blir derfor foreslått flytta frå kap. 226 post 21 til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. For meir omtale, sjå strategiar og tiltak under 07.20.
Prosjekta Språkløftet og Utviklingsprosjektet for skoler med mer enn 25 prosent minoritetsspråklige elever vart avslutta i 2011, men tiltak på skoleområdet blir følgde opp for perioden 2012–16 med eit skoleutviklingsprogram for å løyse samansette utfordringar på enkelte skolar i Groruddalen og i bydel Søndre Nordstrand. Midlane skal gå til styrkt skoleleiing, auka kvalitet i undervisninga og betre samarbeid med føresette. Det skal i 2013 setjast i gang følgjeforsking som del av prosjektet.
Utdanningsdirektoratet har i 2012 kartlagt tilbodet i samisk fjernundervisning. Departementet vil føre vidare løyvinga til samisk fjernundervisning for elevar som bur i delar av landet der det er vanskeleg å gi ordinær samiskopplæring.
Vidare skal det nyttast midlar til utvikling av læremiddel for kvensk-finsk opplæring, samt for å leggje betre til rette opplæring som kan komme rom- og romanielevar til gode.
Departementet vil styrkje arbeidet med å leggje til rette for god implementering av regelverket mellom anna gjennom rettleiing av skoleeigarar i sentrale reglar i opplæringslova. For å nå flest mogleg skolar og skoleeigarar skal det arrangerast fylkesvise samlingar. Arbeidet med å betre forståinga for den retten vaksne har til grunnopplæring blir ført vidare. Målet er at fleire vaksne blir rekrutterte til og fullfører grunnskole og/eller vidaregåande opplæring. Det skal i 2013 utarbeidast eit forslag til nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering.
Læreplanar
Departementet vil fastsetje reviderte læreplanar for norsk, samfunnsfag, naturfag, engelsk og matematikk og sju nye læreplanar i valfag for ungdomstrinnet. Departementet vil, med bakgrunn i sluttrapporten, vurdere om arbeidslivsfaget skal innførast på ungdomstrinnet som alternativ til andre framandspråk.
Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem
Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet blir utvikla vidare i 2013, og departementet vil tildele om lag 190 mill. kroner til dette formålet. I tillegg blir midlar til systemet løyvde over kap. 220 post 01. Løyvinga blir nytta til drift og utvikling av Skoleporten og brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar, prøveutvikling, gjennomføring av nasjonale prøver og kartleggingsprøver og deltaking i internasjonale undersøkingar. Eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa er under utvikling. Departementet vil òg støtte fylkeskommunane i deira arbeid med statistikk og analyse.
I 2013 kjem ein forskingsrapport om nasjonale prøver som system. Den kommande stortingsmeldinga om Kunnskapsløftet som er planlagd fremma våren 2013, vil mellom anna ta føre seg Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem. Det vil vere aktuelt å sjå på heilskap og samanheng mellom elementa i systemet og moglege forslag til vidare utvikling med bakgrunn i kunnskap om utfordringar eller manglar.
Resultat frå PISA (OECD) (dugleikar i lesing, matematikk og naturfag for 15-åringar) blir presenterte hausten 2013. Ei ny runde med deltaking i TALIS (OECD) (kartlegging av lærarar og rektorar på ungdomstrinnet) blir gjennomført hausten 2013. Noreg skal i 2013 òg delta i International Computer and Information Literacy Study (ICILS). Studien vart initiert av IEA i 2009. Formålet med ICILS er å undersøke IKT-kompetansen til elevane, med vekt på deira evne til å utforske, skape og kommunisere ved hjelp av digitale verktøy heime, på skolen og i samfunnet for øvrig.
For å kunne møte utfordringane i grunnopplæringa vil den langsiktige satsinga på utdanningsforsking halde fram i 2013 gjennom programma Utdanning2020 og PRAKUT. Utdanning2020 vil frå 2013 inkludere forsking på spesialundervisning. Tilgangen til norsk og internasjonal utdanningsforsking vil bli styrkt gjennom Kunnskapssenteret for utdanning. Ei ny eining for psykometrisk forsking ved Universitetet i Oslo vart oppretta i 2012. Eininga skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling innan pedagogiske målingar og til å utvikle og formidle kunnskap til utdanningssektoren. Den omfattande evalueringa av Kunnskapsløftet vil vere ferdigstilt i 2012. Funna blir følgde opp i stortingsmeldinga om Kunnskapsløftet. Vidare vil departementet i 2013 nytte midlar til følgjeevaluering av det nye tilskottet til auka lærartettleik, jf. kap. 226 post 62.
Anna
Løyvinga på kapitlet blir òg nytta til tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen og til tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Etter kunngjering blir ein mindre del av posten tildelt private aktørar. Dette gjeld organisasjonar som driv antimobbeprogram.
Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samarbeid med departementet, innanfor ramma som er foreslått over.
Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte følgjande løyvingar frå kap. 226 post 21 til budsjettområda til andre departement:
Ei løyving på 2 mill. kroner til Senter for problemadferd og innovativ praksis blir foreslått flytt til kap. 854 post 72 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Ei løyving på 500 000 kroner til Fylkesmannen i Hordaland for ivaretaking av oppgåver innanfor grunnopplæring i kriminalomsorga blir foreslott flytt til kap. 1510 post 01 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
40 mill. kroner blir foreslått flytt til kap. 571 post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet til ein veketime med kulturskoletilbud i skole/SFO-tida.
I tillegg foreslår departementet at løyvinga på kap. 226 post 21 blir redusert med om lag 26 mill. kroner på grunn av flyttingar av løyvingar til andre postar på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. Dette gjeld følgjande:
Løyvinga på 300 000 kroner til deltaking i internasjonalt samarbeid blir foreslått flytt til kap. 288 post 21.
Løyvingane til diverse organisasjonar på 5,5 mill. kroner blir foreslått flytt til kap. 225 post 74.
Løyvinga til kontingent til Det europeiske språksenteret i Graz på 400 000 kroner blir foreslått flytt til kap. 225 post 72.
Løyvinga til Murmanskskolen på 660 000 kroner blir foreslått flytt til kap. 227 post 60.
Løyvinga til NAROM AS på 7,4 mill. kroner blir foreslått flytt til post 70.
Løyvingane til utviklingsprosjekt på 2 mill. kroner til ulike organisasjonar blir foreslått flytte til post 72.
Løyvinga til ulike barnehageformål på 10 mill. kroner blir foreslått flytt til kap. 231 post 21.
Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa
Dei nasjonale sentra skal bidra til at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført slik at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap. Sentra skal hjelpe universitets- og høgskolesektoren og lærarutdanningsinstitusjonane i arbeidet med satsingar på kompetanseutvikling. Fagleg styring og oppfølging av sentra er delegert til Utdanningsdirektoratet. Sentra har fått delegert ansvaret for dei nasjonale strategiplanane. Det er oppretta åtte nasjonale senter innanfor sentrale fagområde i grunnopplæringa: fleirkulturell opplæring, naturfag, matematikk, leseopplæring og leseforsking, nynorsk, framandspråk, kunst og kultur, skriveopplæring og skriveforsking.
Mål for 2013
Dei nasjonale sentra skal innanfor fagområda sine støtte sektoren med lokal kvalitetsutvikling gjennom læreplanrelatert verksemd, formidling og rettleiing samt kompetanseutvikling. Departementet vil arbeide for at alle sentra er til nytte for målgruppa og at sentra skal utviklast vidare.
Rapport for 2011
Arbeidet med fagstyring og utvikling av verksemdene er ført vidare. I oppdragsbrevet for 2011 og 2012 fastsette Utdanningsdirektoratet mål, resultatkrav og prioriteringar i samsvar med statlege satsingar. Det er gjennomgåande høg aktivitet frå sentra mot sektoren. Sentra har vist stor fleksibilitet og løyst oppdraga med høg fagleg kvalitet trass i kapasitetsutfordringar. Det er større medvit i sentra om å ta i bruk strategiar som sikrar landsdekkjande verksemd som nettbaserte tenester, nettverksbygging og regional aktivitet. Dei nasjonale sentra er sentrale aktørar i arbeidet med nasjonale satsingar på lesing, realfag, rekning og matematikk, tiltaksplan for nynorsk og tiltaksplan for programfag innanfor framandspråk, samt oppfølging av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter og Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap.
Budsjettforslag for 2013
I 2013 skal det etablerast eit nasjonalt senter for læringsmiljø og adferdsforsking som oppfølging av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. For tre av sentra skal målgruppa utvidast til å inkludere pedagogisk-psykologisk teneste, og departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 62,2 mill. kroner på posten.
Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar
Mål for 2013
Målet for løyvinga er å styrkje satsinga på tettare oppfølging av elevar med svake grunnleggjande dugleikar på obligatoriske kartleggingsprøver i Vg1, og elevar med svake grunnleggjande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Tilskottet skal inngå som eit element i Ny GIV-satsinga.
Rapport for 2011
I tråd med St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja har departementet for åra 2009, 2010 og 2011 gitt ei eiga løyving for tettare oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har svake resultat. Ein suksessfaktor ser ut til å knytte seg til tette relasjonar mellom lærar og elev og tett oppfølging av den einskilde. Midlane blir gitte for å styrkje kapasiteten i sektoren til å leggje til rette for overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande skole, og i vidaregåande opplæring. Rapportar frå fylkeskommunane viser stort mangfald i dei lokale tiltaka. Tiltak som kan nemnast, er utarbeiding av tiltaksplanar, etterutdanningstilbod for rektorar, lærarar og rådgivarar, etablering av regionale rettleiingssenter og samarbeid mellom ulike skoleslag, tolærarordning, ekstra gruppedeling og tilsetjing av miljøarbeidarar. Av individretta tiltak kan nemnast identifisering, kartlegging og oppfølging av einskilde elevar både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, styrking av skolehelsetenesta, sommarskole, innføringskurs, førebuande kurs for minoritetsspråklege elevar og alternative læringsarenaer. Dei fleste fylkeskommunane rapporterer at dei har nytta ei eller anna form for kartlegging av læringsresultata til elevane, i tillegg til fråvær, også frå ungdomstrinnet. Fylkeskommunane rapporterer at få tiltak har eksistert lenge nok til at dei kan seie noko sikkert om effektar av dei. Tilskottsordninga skal sjåast i samanheng med Ny GIV.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2012.
Post 62 Tilskott for auka lærartettleik
Mål for 2013
Departementet foreslår å opprette ei fireårig tilskottsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet frå hausten 2013. Målet med tilskottsordninga er å styrkje lærartettleiken ved skolar som har ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og med resultat under snittet for landet. Dette skal bidra til å støtte opp under desse skolane sitt arbeid med tilpassa opplæring, å gjere opplæringa på ungdomstrinnet meir praktisk, variert og relevant og å styrke dei grunnleggjande dugleikane. Det er og eit mål å sjå om tiltaket kan bidra til å redusere behovet for spesialundervisning. Tilskottet skal gå til kommunar med skolar som skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestørrelse på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet, og som har grunnskolepoeng under snittet for landet.
Tilskottet skal vere søknadsbasert. Kommunane med skolar som er omfatta av ordninga må søke første året og må deretter årleg søke om å få vidareført midlane i fireårsperioden. Kommunane må årleg rapportere på bruk av midlane. Kommunane vil bli tildelte midlar til eit eller fleire årsverk per skole ut frå storleiken på dei skolane som blir omfatta av tilskottet. Det vil bli lagt til grunn at midlane skal gå til å auke lærartettleiken ved desse skolane ut over ressursnivået slik det er før tildeling av midlar.
Departementet vil utarbeide retningslinjer for tilskottet med føringar for mellom anna søknad, rapportering og føresetnader for tildeling av midlar.
Departementet vil foreslå ei endring i opplæringslova for Stortinget som gir heimel til å forskriftsfeste eit forholdstal mellom talet på elevar og talet på lærarar. Den fireårige tilskottsordninga skal nyttast til å hauste erfaring og kunnskap om effekten av auka lærarressursar. Dette kan vere eit grunnlag for å eventuelt seinare forskriftsfeste eit forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve 157 mill. kroner til ei fireårig tilskottsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet frå hausten 2013. Midlane på posten blir lyste ut og tildelte etter søknad til kommunar med skolar som er omfatta av formålet med tilskottet.
Post 70 Tilskott til NAROM
Mål for 2013
NAROM AS skal bidra til rekruttering til norsk romverksemd samt skape større interesse for real- og teknologifaga. Senteret skal òg arbeide med å få ein posisjon for Noreg innanfor internasjonalt samarbeid om romopplæring.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å flytte løyvinga til NAROM AS, på 7,4 mill. kroner, til ein eigen post, jf. kap. 226 post 21.
Post 71 Tilskott til vitensenter
Mål for 2013
Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle regionale vitensenter som eit tilbod til elevar, studentar, lærarar og foreldre samt allmenta. Eit vitensenter skal vere eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkjarane lærer ved å eksperimentere. Saman skal dei regionale vitensentra utgjere eit heilskapleg nasjonalt tilbod. Vitensentra er eit viktig verkemiddel for å styrkje holdningar til og kunnskap i realfag, og for rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både no og i framtida. Sentra skal vere ei støtte og gi verktøy til skolane og lærarane i opplæringa og skal bidra til mellom anna oppfølging av nasjonale strategiar, slik som realfagsstrategien. Tilbodet er mellom anna knytt til læreplanar i realfag og kan medverke til ei praktisk tilnærming til faga. Åtte vitensenter er omfatta av Vitensenterprogrammet: Jærmuseet, Nordnorsk vitensenter, Norsk Teknisk Museum, Vilvite – Bergen Vitensenter, Vitenlaben Grenland, Vitensenteret i Trondheim, Vitensenteret innlandet og Inspiria Science Center.
Rapport for 2011
I 2011 fekk åtte regionale vitensenter statleg støtte. Besøkstala i 2011 var på totalt 697 367, ein auke på 107 709 besøkande frå 2010. Dette utgjer meir enn ei tredobling frå 2003, da talet på besøkjarar var 225 000.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir auka med 8,8 mill. kroner.
Post 72 Tilskott til utviklingsprosjekt i grunnopplæringa
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å støtte private og frivillige organisasjoner til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar bidreg til å nå måla for grunnopplæringa, jf. omtale av sektormåla i kategoriinnleiinga. Prosjekta skal ha overføringsverdi / nasjonal verdi. Tilskottet skal gå til prosjektstønad, og prosjekta skal vere tidsavgrensa. Kunnskapsdepartementet vil i 2013 lage retningslinjer for tilskottsordninga. Midlane vil bli lyste ut i tråd med dei nye retningslinjene.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner til organisasjonar som driv ulike utviklingsprosjekt som er relevante for grunnopplæringa. Departementet vil løyve 2 mill. kroner på posten mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21. Midlane på posten blir lyste ut og tildelte etter søknad.
Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
60 | Tilskott til Moskvaskolen og Murmanskskolen | 1 300 | 1 339 | 2 044 |
61 | Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune | 4 500 | 4 644 | |
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 5 205 | 5 361 | 5 533 |
70 | Tilskott til Den franske skolen i Oslo | 6 460 | 6 660 | 6 880 |
71 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole | 22 331 | 23 023 | 23 783 |
72 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 28 164 | 29 037 | 29 995 |
73 | Tilskott til opplæring i Kenya | 873 | 2 659 | 1 186 |
74 | Tilskott til Signo og Briskeby | 40 009 | ||
Sum kap. 227 | 64 333 | 72 579 | 114 074 |
Kap. 227 omfattar tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønskjer å støtte fordi verksemda ved skolane dekkjer viktige behov.
Post 60 Tilskott til Moskvaskolen og Murmanskskolen
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta Vg3 ved Moskvaskolen og Murmanskskolen (Norsk-russisk vidaregåande skole i Murmansk). Tilskottet til Moskvaskolen skal nyttast til å dekkje pliktene til Akershus fylkeskommune i høve til avtalen med Det statlege russiske vitskapsakademiet om driftsstønad til Moskvaskolen. Tilskottet til Murmanskskolen går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av Murmanskskolen.
Rapport for 2011
I skoleåret 2011–12 var det fem elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Moskvaskolen. Talet på elevar har i dei siste åra svinga frå null til elleve elevar, noko som skyldast svingingar i etterspurnaden frå elevar frå Noreg etter skoleplassar ved skolen.
Troms fylkeskommune har i dei siste åra drive Murmanskskolen som eit forsøk etter opplæringslova. Frå skoleåret 2012–13 er skolen godkjend for permanent drift.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga til Moskvaskolen for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Frå skoleåret 2012–13 er Murmanskskolen godkjend for permanent drift. Departementet forslår derfor å flytte løyvinga frå kap. 226 post 21 til kap. 227 post 60 slik at løyvinga på posten aukar med om lag 660 000 kroner.
Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å sikre at vaksne som bur ved Stiftelsen Signo i Andebu kommune, får vaksenopplæring dersom dei har behov for det.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole.
Rapport for 2011
Talet på deltakarar ved leirskolen i 2011 var totalt 947 personar. Resultatkravet som er fastsett i retningslinjene for tilskottet, er 900 per år.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo
Mål for 2013
Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg. Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike, og å styrkje stillinga til det franske språket i Noreg.
Rapport for 2011
I skoleåret 2011–12 hadde Den franske skolen i Oslo 244 elevar på barnetrinnet, 180 elevar på ungdomstrinnet og 56 elevar i vidaregåande opplæring, totalt 480 elevar. Dette er ein svak vekst frå skoleåret 2010–11 (477 elevar) og skoleåret 2009–10 (476 elevar). I 2011 og 2012 er det til saman seks lærlingar frå Noreg som får opplæring innanfor restaurant- og matfaget i Frankrike.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av internatet ved Krokeide vidaregåande skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen, slik at vaksne som treng eit særskilt opplegg under skolegangen, kan få eit tilfredsstillande tilbod som kvalifiserer dei for arbeidslivet.
Rapport for 2011
I 2011 var det totalt 163 elevar ved internatet, 80 elevar om våren og 83 elevar om hausten. Våren 2012 var det totalt 88 elevar, ein auke på åtte elevar i høve til våren 2011.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
Mål for 2013
United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av ti UWC-skolar på fem kontinent. Skolen fører elevane fram til ein IB-eksamen. Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering av Røde Kors Nordisk United World College, slik at dei nordiske landa kan halde fram med å ha ein UWC-skole plassert i Noreg.
Rapport for 2011
I skoleåret 2011–12 hadde RKNUWC 202 elevar frå 94 land. 27 pst. av elevane kom frå nordiske land, fire pst. frå Nord-Amerika, åtte pst. frå Vest-Europa, 14 pst. frå Afrika, 19 pst. frå Asia, ti pst. frå Aust- og Sentral-Europa og ti pst. frå Latin-Amerika.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga for 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at misjonærbarn frå Noreg i Kenya kan få god undervisning lokalt i staden for å måtte bu på skoleinternat langt frå foreldra. Tilskottet skal bidra til at misjonærskolane i Kenya skal kunne drive desentralisert undervisning for barneskoleelevar og ha ei samarbeidsordning med internasjonale skolar for ungdomsskoleelevar. Misjonærskolen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.
Rapport for 2011
Hausten 2011 fekk ein elev på barnetrinnet og fire elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya. Våren 2012 fekk seks elevar på barnetrinnet og tre elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya.
Budsjettforslag for 2013
Skolen i Etiopia vart lagd ned frå 1. januar 2011. Det blir derfor ikkje lenger gitt tilskott til denne skolen. På den bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med om lag 1,5 mill. kroner.
Post 74 Tilskott til Signo og Briskeby
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er at Signo og Briskeby skal få ekstra tilskott som gjer at skolane kan halde oppe eit tilbod med høg kvalitet til målgruppene sine. Desse skolane er frå hausten 2012 godkjende som private skolar for funksjonshemma elevar. Dei var tidlegare ein del av det statlege pedagogiske støttesystemet (Statped) og fekk driftstilskott over kap. 230 post 01. Skolane får tilskott etter privatskolelova over kap. 228 post 75. I samband med revidert nasjonalbudsjett vart det vedteke at skolane skal få eit ekstra tilskott som gjer at dei får tilskott på same nivå som tidlegare.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve 40 mill. kroner på posten, jf. omtale under kap. 230 post 01. Forslaget inkluderer 4,3 mill. kroner i forventa ekstra utgifter til arbeidsgivardel til Statens pensjonskasse etter at skolane vart godkjende etter privatskolelova, jf. merknad frå Finanskomiteen i Innst. 375 S (2011–2012), der komiteen ber departementet om å vurdere pensjonskostnadene til skolane.
Kap. 228 Tilskott til private skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Private grunnskolar, overslagsløyving | 1 274 010 | 1 294 934 | 1 397 510 |
71 | Private vidaregåande skolar, overslagsløyving | 1 209 894 | 1 230 504 | 1 297 475 |
72 | Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving | 196 972 | 161 008 | 133 667 |
73 | Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving | 92 419 | 88 877 | 97 338 |
74 | Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving | 21 884 | 21 565 | 23 619 |
75 | Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving | 177 411 | 184 720 | 207 412 |
76 | Andre private skolar, overslagsløyving | 40 875 | 41 755 | 43 457 |
77 | Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving | 10 904 | 10 639 | 12 137 |
78 | Kompletterande undervisning | 33 975 | 28 534 | 41 894 |
79 | Toppidrett | 25 564 | 26 358 | 27 228 |
80 | Privatskoleorganisasjonar | 628 | 647 | 668 |
81 | Elevutveksling til utlandet | 1 615 | 1 665 | 1 720 |
Sum kap. 228 | 3 086 151 | 3 091 206 | 3 284 125 |
Innleiing
Private skolar som er godkjende etter § 2-1 i privatskolelova og § 17 i kap. 4 i vaksenopplæringslova, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter føresegnene i lova. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. privatskolelova § 6-4. I tillegg til tilskott som blir gitte i samsvar med privatskolelova og vaksenopplæringslova, blir det over kapitlet gitt tilskott til Den tyske skolen i Oslo, toppidrett, privatskoleorganisasjonar og til elevutveksling i utlandet.
Tabellen under viser korleis talet på elevar og private skolar som mottek tilskott, har endra seg frå skoleåret 2009–10 til skoleåret 2011–12. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.
Tabell 4.4 Private skolar, tal på skolar og elevar
Skoletype | Skolar | Elevar | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
2009-10 | 2010-11 | 2011-12 | 2009-10 | 2010-11 | 2011-12 | |
Skolar for funksjonshemma elevar | 10 | 10 | 10 | 509 | 542 | 543 |
Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova | 41 | 35 | 31 | 2 277 | 2 211 | 1 655 |
Andre private skolar1 | 2 | 2 | 2 | 166 | 180 | 180 |
Vidaregåande skolar | 76 | 75 | 75 | 11 750 | 12 155 | 12 378 |
Grunnskolar | 147 | 151 | 157 | 14 387 | 14 751 | 15 008 |
Grunnskolar i utlandet | 14 | 15 | 14 | 836 | 778 | 799 |
Vidaregåande skolar i utlandet | 6 | 5 | 6 | 198 | 203 | 206 |
Sum | 296 | 293 | 295 | 30 123 | 30 820 | 30 769 |
1 Desse skolane fekk tilskott per elev frå og med budsjettåret 2010.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Hausten 2011 gjekk 2,4 pst. av grunnskoleelevane i private skolar i Noreg. Andelen er uendra sett i høve til hausten 2010. Hausten 2011 gjekk 7,9 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2010 var talet til samanlikning 6,4 pst.
Tilskottssatsar
Satsane for tilskott til dei fleste private skolar byggjer på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova kap. 6. Satsane for 2013 blir rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2011, rapportert gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunesektoren og ikkje dei private skolane. Satsane blir justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2013. Nærmare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.
Post 70 Private grunnskolar, overslagsløyving
Om ordninga
Private grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, får tilskott med 85 pst. av tilskottssatsen. Posten omfattar tilskott til gratis frukt og grønt for elevar ved private grunnskolar med ungdomstrinn og kombinerte skolar med barne- og ungdomstrinn. Posten omfattar også tilskott til gratis leksehjelp for elevar på 1.–4. trinn.
Budsjettforslag for 2013
På bakgrunn av oppdaterte elevtal, nye satsar, innføring av valfag på 9. trinn og innføring av kulturskoletilbod i skole/SFO foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 102,6 mill. kroner frå saldert budsjett 2012.
Post 71 Private vidaregåande skolar, overslagsløyving
Om ordninga
Dei private vidaregåande skolane får 85 pst. av tilskottssatsen.
Budsjettforslag for 2013
På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 67 mill. kroner. Tidlegare har løyvinga på posten inkludert eit ekstra tilskott til Kongshaug Musikkgymnas. Departementet foreslår å avvikle dette tilskottet på bakgrunn av omsynet til lik handsaming av skolar. Denne endringa inneber isolert sett ein reduksjon av løyvinga på posten på 3,2 mill. kroner.
Post 72 Private skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving
Om ordninga
Vaksenopplæringslova slår fast at satsane for tilskott til desse skolane skal reknast ut frå tilskottsgrunnlaget, som tilsvarer kostnader per elev i offentleg skole. Satsane til desse skolane er knytte til tre av satsane for private vidaregåande skolar. Unntak frå dette er Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.
Budsjettforslag for 2013
Norsk lydskole, Oslo kunstfagskole, Film- og TV-akademiet og Westerdals School of Communication har fått godkjent delar av tilboda sine som høgskolestudium. Desse utdanningane er organiserte under dei juridiske einingane Westerdals høyskole AS og NISS Høyskole AS. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å overføre 22,4 mill. kroner til kap. 260 post 70. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2012 vart Bårdar Akademiet AS overført til kap. 276 med halvårsverknad på bakgrunn av at skolen har vorte fagskole. Departementet foreslår at tilskottet blir overført med heilårsverknad, og at posten blir redusert med 12,5 mill. kroner. På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar samt overføring av midlar til kap. 260 og kap. 276, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 27,3 mill. kroner.
Post 73 Private grunnskolar i utlandet, overslagsløyving
Om ordninga
Skolane får tilskott etter same grunnlag som private grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar tilskott til gratis frukt og grønt for elevar ved private grunnskolar med ungdomstrinn og kombinerte skolar med barne- og ungdomstrinn. Posten omfattar også tilskott til gratis leksehjelp for elevar på 1.–4. trinn, samt avrekning mellom Norge og Sverige for svenske elevar i norske skolar i utlandet og norske elevar ved svenske private grunnskolar i utlandet.
Budsjettforslag for 2013
På bakgrunn av oppdaterte elevtal, nye satsar, innføring av valfag på 9. trinn og innføring av kulturskoletilbod i skole/SFO foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 8,5 mill. kroner.
Post 74 Private vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving
Om ordninga
Skolane får tilskott etter same grunnlag som private vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift.
Budsjettforslag for 2013
På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,1 mill. kroner.
Post 75 Private skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving
Om ordninga
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte 100 pst. ved statstilskott etter ein normalsats per elev, jf. privatskolelova § 6-1, fjerde ledd. Skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).
Budsjettforslag for 2013
Det er godkjent to nye skolar som får tilskott etter denne posten. Det gjeld Signo grunn- og vidaregåande skole og Briskeby vidaregåande skole. På bakgrunn av dette, samt oppdaterte elevtal og nye satsar, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 22,7 mill. kroner.
Post 76 Andre private skolar, overslagsløyving
Om ordninga
Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter sats for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.
Budsjettforslag for 2013
På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,7 mill. kroner.
Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving
Om ordninga
Gjeldande avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo vart godkjend av Stortinget 19. november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009) Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Tyskland om omgjøring av Den tyske skolen i Oslo – Max Tau til en tysk-norsk bikulturell skole. Utdanningsdirektoratet godkjende hausten 2010 Den tyske skolen i samband med den nye avtalen. Tilskottet til Den tyske skolen i Oslo er regelstyrt. Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til private skolar som er godkjende etter privatskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen. Hausten 2011 var det 226 elevar ved Den tyske skolen i Oslo.
Budsjettforslag for 2013
På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner.
Post 78 Kompletterande undervisning
Om ordninga
Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar.
Tilskottsordninga vart evaluert i 2006. Ein av konklusjonane var at det er vanskeleg å dokumentere at elevar som får opplæring i regi av foreldre eller i gruppeundervisning, får opplæring av tilfredsstillande kvalitet, og at midlane blir brukte etter intensjonen. På denne bakgrunnen vart tilskottsordninga lagt om frå og med skoleåret 2010–11 slik at berre verksemder, det vil seie godkjende norske private grunnskolar i utlandet, svenske skolar i utlandet, nettskolar og internasjonale eller utanlandske grunnskolar i Noreg, kan få tilskott. Vi viser til Innst. S. nr. 355 (2008–2009), St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 og Innst. 12 S (2009–2010), Prop. 1 S (2009–2010) for Kunnskapsdepartementet.
Rapport for 2011
Det vart innført ei overgangsordning for foreldre- og gruppeundervisning, det vil seie at tilskottet til slik undervisning vart redusert med ein tredel kvart skoleår i tre år frå og med hausten 2010, slik at tilskottet er heilt avvikla frå og med skoleåret 2012–13. Kunnskapsdepartementet la til grunn at fleire elevar ville velje nettskole når tilskottet til foreldre- og gruppeundervisning vart redusert. Søknads- og elevtala for skoleåra 2010–11 og 2011–12 stadfester at endringa har ført til auka oppslutning om undervisningstilboda til nettskolane.
For skoleåret 2011–12 kom det inn i alt 98 søknader om tilskott til kompletterande undervisning. Av 87 innvilga søknader gjaldt 45 av desse søknadene foreldreundervisning, og 29 søknader gjaldt undervisning i grupper. Dette var ei halvering av søkjartalet for desse to søkjargruppene samla i høve til tilsvarande tal for skoleåret 2009–10. Vidare var det i skoleåret 2011–12 seks søknader frå godkjende svenske skolar i utlandet, fem søknader frå internasjonale skolar i Noreg, og to søknader frå nettskolar. Dei to nettskolane hadde i alt 1 523 elevar hausten 2011. Dette var ein auke på 65 pst. eller 599 elevar i høve til hausten 2009. Elevtalet hausten 2011 var 1 274 elevar ved Globalskolen og 249 elevar ved Norskskolen, og elevane budde i 99 forskjellige land.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga i 2013 blir auka med om lag 13,4 mill. kroner for å møte den auka oppslutninga om undervisningstilboda til nettskolane. Posten har i dag stikkordsfullmakta «overslagsløyving», som gjer det mogleg å justere løyvinga etter aktivitetsnivå. I og med at elevane ikkje har rett til kompletterande undervisning, foreslår departementet å fjerne stikkordsfullmakta og gjere ordninga om til ei rammestyrt ordning.
For å sikre at tilskottet til kompletterande undervisning skal haldast innanfor gjeldande budsjettramme, vil Kunnskapsdepartementet endre retningslinjene for ordninga slik at tilskottet kan avkortast høvesvis for den einskilde tilskottsmottakaren dersom det samla timetalet det blir søkt om tilskott for, overstig løyvinga på posten. I tillegg vil departementet vurdere endringar i berekningsreglane for nettskolar. Dei nye retningslinjene vil vere gjeldande frå 1. januar 2013.
Post 79 Toppidrett
Om ordninga
Målet med tilskottet er å medverke til at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan leggje betre til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring. Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter privatskolelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgjande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Moss og Stavanger, og Telemark toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott. Tilskottsposten blir prisjustert kvart år. Nærmare informasjon om tilskott per skole ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 80 Privatskoleorganisasjonar
Om ordninga
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine. Tilskott blir gitt til privatskoleorganisasjonar som har private skolar med rett til statstilskott som medlemmer.
I 2011 fekk fem privatskoleorganisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 232 godkjende medlemsskolar.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 81 Elevutveksling til utlandet
Om ordninga
Statstilskott etter privatskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i private vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Skolane kan søkje om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgjande private vidaregåande skolar er godkjende for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad. I 2012 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane vart fordelte etter talet på elevar innanfor ordninga. Skolane fekk tilskott for totalt 74 elevar for skoleåret 2011–12.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 25 582 | 21 623 | 22 458 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 1 831 | 1 046 | 1 070 |
Sum kap. 229 | 27 413 | 22 669 | 23 528 |
Løyvinga på posten går til drift av Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar.
Den fremste målsetjinga til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde.
Fagskolen har elevar og studentar fordelte på tre hovudretningar: blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege utdanningsprogram. Vea er NOKUT-godkjend tilbydar innanfor fagområdet grøne designar og miljøfag og har i dag seks ulike fagskoletilbod på fagområdet.
Skolen skal framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Mål for 2013
I 2013 skal Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar halde fram med arbeidet med å utvikle ei fagskoleutdanning med god kvalitet, auke talet på studentar gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg, heve kompetansen hos tilsette og utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.
Rapport for 2011
Tal for opptak hausten 2011, med teljedato 1. oktober 2011, viser at Vea samla har 156 elevar og studentar som tek utdanning på heiltid og deltid ved Vea.
I skoleåret 2011–12 er det to heiltidsstudentar på fagskolenivå. Det er 58 deltidsstudentar på fagskolenivå.
I skoleåret 2011–12 var det 76 deltidsstudentar og 13 heiltidsstudentar som tok vaksenopplæring på vidaregåande nivå. Sju elevar i vidaregåande opplæring gjekk på fylkeskjøpte plassar.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga i 2013 blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3229, postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3229 Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
02 | Salsinntekter o.a. | 4 302 | 1 531 | 1 582 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 3 | ||
16 | Refusjon foreldrepengar | 224 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 952 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 1 248 | 1 003 | 1 035 |
Sum kap. 3229 | 6 729 | 2 534 | 2 617 |
Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplasser ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar. Departementet foreslår at løyvingane blir førte vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 668 620 | 655 894 | 622 509 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 64 267 | 54 632 | 56 435 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 7 838 | 8 019 | 8 203 |
Sum kap. 230 | 740 725 | 718 545 | 687 147 |
Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) er ei verksemd under Utdanningsdirektoratet. Statped skal gi spesialpedagogiske tenester av god kvalitet på individ- og systemnivå, særleg på område der ein ikkje kan forvente at kommunane har kompetanse. På denne måten skal Statped medverke til at barn, unge og vaksne får eit tilfredsstillande læringsutbytte. Statped skal i tillegg spreie spesialpedagogisk kompetanse og forskingsbasert kunnskap om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring.
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvingane gjeld
drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige
utvikling, produksjon og distribusjon av spesialpedagogiske læremiddel
drift av Utdanningsdirektoratets råd for inkluderande opplæring
prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma. Desse midlane blir tildelte etter søknad og gitte kriterium. Midlane for 2013 vil kunngjerast med offentleg utlysing
utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for European Agency for Development in Special Needs Education, internasjonalt samarbeid m.m.
Mål for 2013
Statped skal arbeide etter følgjande mål i 2013:
Tenesteyting: Statped er ein tydeleg og tilgjengeleg ytar av spesialpedagogiske tenester til kommunar og fylkeskommunar. Statped gir tenester på både individ- og systemnivå, og alle kommunar og fylkeskommunar får likeverdig tilgang til tenester frå Statped.
Kunnskapsspreiing: Statped har spisskompetanse innanfor spesialpedagogiske fagområde og er ein bidragsytar til kunnskaps- og kompetansespreiing på desse områda.
Kompetanseutvikling: Statped har ein strategi for prioritering av område for forskings- og utviklingsarbeid og er ein samarbeidspartnar for universitet og høgskolar.
Statped skal frå 1. januar 2013 vere organisert som ei verksemd med ei sentral leiing og fire fleirfaglege regionsenter: Statped Nord, Statped Midt, Statped Vest og Statped Sørøst. Det blir også etablert eit avdelingskontor i Kristiansand under Statped Sørøst. I 2013 blir det særleg viktig å få den nye organiseringa til å fungere. Statped må ta vare på og utvikle spisskompetansen sin i den nye strukturen, samtidig som det blir viktig å etablere nye arbeidsmåtar som sikrar fleirfagleg tenesteyting.
Statped skal i 2013 sørgje for å lage ein plan for arbeidet med å etablere formålstenlege system og rutinar for å sikre at alle kommunar og fylkeskommunar får likeverdig tilgang til tenestene til Statped. Statped skal i større grad enn tidlegare arbeide systemretta mot PP-tenestene i dei respektive regionane og gjere sitt til å skape eit godt samarbeid med kommunane når det gjeld utnytting og utvikling av kompetanse i kvar region. Statped må også sørgje for å etablere samarbeidsrelasjonar til aktuelle helseføretak og institusjonar. Statped skal vidare lage ein plan for arbeidet med å få på plass gode avtalar med universitet og høgskolar.
I samband med omorganiseringa av Statped er det særleg viktig at Statped gir god og tydeleg informasjon til skolesektoren om tenestene og kompetansen til Statped, og sørgjer for at denne informasjonen er godt tilgjengeleg.
Statped skal i 2013 utvikle og implementere ein ny modell for tilbodet om deltidsopplæring i og på teiknspråk etter opplæringslova § 2-6. Statped skal også utarbeide ein ny strategi for rettleiing og støtte til kommunar når det gjeld opplæring av døvblinde.
Rapport for 2011
Statped har i hovudsak arbeidd på to område: å yte spesialpedagogiske tenester overfor kommunar og fylkeskommunar og å utvikle, formidle og byggje opp spesialpedagogisk kompetanse. Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei ca. 840 årsverka i Statped. Fordeling av tenestene frå Statped harmonerer med folketalet, og ein kan derfor ikkje påvise geografiske skeivskapar, men små og mellomstore kommunar nyttar Statped etter måten meir enn store (by-)kommunar. Ei forklaring på dette er at dei største kommunane sjølve har brei kompetanse i si eiga PP-teneste.
Tenesteyting
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om tenester frå Statped på dei områda der dei ønskjer å heve sin eigen kompetanse. Dei fleste tenestene frå Statped er gratis, og vedtak frå Statped om å yte tenester til enkeltbrukarar vil som hovudregel blir rekna som enkeltvedtak om spesialundervisning etter forvaltningslova og opplæringslova. Frå 2008 har det systematisk vorte samla dokumentasjon for verksemda til Statped som heile, utifrå årsrapportane til dei sjølvstendige kompetansesentra. Tenesteproduksjonen i Statped har hatt om lag same profil i 2011 som året før, men likevel slik at systemretta tiltak og tenester har fått ein noko større plass og merksemd. Dette kjem mellom anna til syne i saker der tenester blir gitte til grupper av kommunar der kompetansebygging for å gjere dei meir sjølvhjelpne er eit viktig mål. Fleire av sentra melder om søknader om tenester til nye brukargrupper, og at det er ei utfordring å prioritere innsatsen. Det er også ei utfordring for Statped å utvikle gode samarbeidsformer med andre tenesteytarar som arbeider med same målgrupper som Statped.
Tabellen nedanfor viser at innretninga på tenesteytinga frå Statped har vore stabil, og at det ikkje er gjennomført større dreiing og endringar i drifta. Dette er i samsvar med dei føringane som er gitte om at Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap skal danne grunnlaget for omorganisering. Statped har i 2011 i tillegg til tenesteytinga i stor grad medverka i arbeidet med omstillinga.
Tabell 4.5 Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike typane teneste (i pst.)
Type teneste/aktivitet | 2009 | 2010 | 2011 |
---|---|---|---|
Opplæring heiltid (over 12 veker) og deltid (under 12 veker) | 20 % | 20 % | 20 % |
Bu- og fritidstilbod | 7 % | 7 % | 7 % |
Utgreiingar | 12 % | 13 % | 12 % |
Rådgiving, konsultasjon | 14 % | 19 % | 16 % |
Kurs og kunnskaps-/informasjonsspreiing | 24 % | 27 % | 32 % |
FoU/kompetanseutvikling | 11 % | 6 % | 5 % |
Læremiddelarbeid/-produksjon | 6 % | 6 % | 6 % |
Anna | 6 % | 2 % | 2 % |
Sum | 100 % | 100 % | 100 % |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Det er i 2010 og 2011 gjennomført ei brukarkartlegging av tilfredsheit hos brukarar, skolar/barnehagar og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste). Kartlegginga er utført av Oxford Research på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Det kom i 2011 svar frå 73 til 97 pst. av brukarsakene ved dei sentra som var med i kartlegginga. Resultata frå begge år syner at brukarar, skole/barnehage og PP-teneste er godt nøgde med gjennomføringa av og kvaliteten på dei tenestene sentra gir. På ein skala frå 1 til 5 skårar i 2011-undersøkinga generell tilfredsheit 4,5, medan fagleg kvalitet ligg på 4,1.
Den statlege spesialundervisninga i Noreg vart omorganisert i 1992, da fleire statlege spesialskolar vart avvikla eller overførte til andre forvaltningsnivå. Fleire spesialskolar vart også omgjorde til statlege spesialpedagogiske kompetansesenter. Unntaket var at staten framleis skulle behalde dei statlege skolane for hørselshemma. I handsaminga av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap vart det bestemt at dei statlege skolane for hørselshemma i Bergen, Oslo og Holmestrand skal avviklast etter skoleåret 2013–14. Den statlege skolen for hørselshemma i Trondheim og den statlege skolen for døvblinde i Oslo skal førast vidare. Tabellen nedanfor viser at 97 elevar fekk opplæring på heiltid ved desse skolane hausten 2011. Det har vore ein nedgang i talet på heiltidselevar i dei siste åra, og dei fleste hørselshemma elevane får no opplæringstilbod i bustadkommunen/heimefylket. Nokre av desse får opplæring på deltid ved dei statlege skolane, samtidig som dei er elevar ved kommunale eller fylkeskommunale skolar. I 2011 var det 207 elevar som fekk eit slikt tilbod på deltid.
Tabell 4.6 Heiltidselevar, deltidselevar og internatelevar i grunnskole og vidaregåande opplæring ved dei statlege skolane for hørselshemma i 2009–11 (døvblindegruppa er ikkje teke med):
Elevtype | Haust 2009 | Haust 2010 | Haust 2011 |
---|---|---|---|
Heiltidselevar grunnskolealder | 87 | 76 | 40 |
Heiltidselevar vidaregåande opplæring | 63 | 58 | 57 |
Sum heiltidselevar | 150 | 134 | 97 |
Deltidselevar grunnskolealder | 194 | 195 | 173 |
Deltidselevar vidaregåande opplæring | 12 | 9 | 34 |
Sum deltidselevar | 206 | 204 | 207 |
Internatelevar heiltid | 22 | 24 | 18 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet; Årsrapport Statped 2011
Kompetanseutvikling
Det andre av hovudoppdraga til Statped er å utvikle kompetanse og formidle kunnskap om brukarar med behov for særskild hjelp og støtte i opplæringa. Statped formidlar kunnskap til kommunar og fylkeskommunar, PP-teneste, barnehagar, skolar, vaksenopplæring og til den einskilde læraren/førskolelæraren. Arbeidsform er rettleiing, skolering, kurstiltak, film- og læremiddelarbeid m.m. Kompetanseutvikling skjer ofte i eit samarbeid med universitet, høgskolar og andre forskingsmiljø ved at Statped-sentra inngår samarbeidsavtalar, for eksempel om felles forskingsprosjekt. Fram til omorganiseringa av Statped er gjennomført, er dei ulike sentra definerte som eigne verksemder som i stor grad sjølve organiserer arbeidet sitt med forsking og utvikling. Arbeidet blir som oftast finansiert gjennom eigen, men til ein viss grad også ekstern finansiering. Den strategiske tilnærminga til arbeidet er godt forankra ved det enkelte kompetansesenteret, men kartlegginga viser samtidig at det ikkje finst ein formalisert heilskapleg strategi for forskings- og utviklingsarbeidet i Statped som heile.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 687 mill. kroner over kap. 230 postane 01, 21 og 45.
Briskeby og Signo er frå hausten 2012 godkjende som private skolar for funksjonshemma elevar. Desse skolane får etter dette tilskott på kap. 228 post 75 og kap. 227 post 74 og får ikkje lenger tilskott over kap. 230. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å redusere løyvinga på post 01 med 56,8 mill. kroner. Kap. 230 omfattar framleis arbeid som Signo og Briskeby gjer som kompetansesenter med mellom anna støtte og rettleiing til kommunar og fylkeskommunar. Etter at denne verksemda vart skilt frå skoleverksemda, får Signo og Briskeby plikt til å betale arbeidsgivardel til Statens pensjonskasse. Post 01 er auka med 2,7 mill. kroner for å ta høgde for denne utgifta, jamfør merknad frå Finanskomiteen i Innst. 375 S (2011–2012), der komiteen ber departementet om å vurdere pensjonskostnadene til skolane. Samla er posten redusert med 54,1 mill. kroner som følgje av flyttinga av Signo og Briskeby.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 64 267 | 54 632 | 56 435 |
02 | Salsinntekter o.a. | 18 285 | 13 694 | 14 146 |
Sum kap. 3230 | 82 552 | 68 326 | 70 581 |
Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs.
Departementet foreslår å føre løyvingane på postane vidare på same nivå som i 2012.
Programkategori 07.30 Barnehagar
Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
231 | Barnehagar | 447 853 | 342 236 | 331 316 | -3,2 |
Sum kategori 07.30 | 447 853 | 342 236 | 331 316 | -3,2 |
Innleiing
Regjeringa ønskjer at barnehagetilbodet skal vere av høg kvalitet og tilgjengeleg for alle, og at det gjennom tidleg innsats medverkar til sosial utjamning og livslang læring. Den norske barnehagemodellen får positiv internasjonal merksemd fordi Noreg legg vekt på at barnehagen både skal vere ein barndomsarena med omsorg og leik samtidig som barna får eit pedagogisk tilbod.
Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet i 2013 er at retten til barnehageplass blir innfridd, at det er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og danning, at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap, og at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage.
Barnehagesektoren har gått gjennom store endringar i dei siste åra, og mange mål er nådde. Rett til plass i barnehage vart innført i 2009, noko som har gjort kvardagen betre for småbarnsfamiliane. Det store krafttaket for utbygging av barnehageplassar har sikra full dekning. Den store prisreduksjonen for barnehageplass har ført til at fleire familiar med svak økonomi har fått råd til å ha barna i barnehagen. I åra framover er det satsing på betre kvalitet og tidleg innsats som skal få størst merksemd.
Til og med 2010 var barnehagane finansierte gjennom statleg tilskott løyvt over programkategori 07.30, frie midlar til kommunane og foreldrebetaling. Frå 2011 vart hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane. Kommunen som barnehagemyndigheit har som følgje av denne endringa fått eit større ansvar for barnehagane. Enkelte tilskott og andre tildelingar blir framleis finansierte over programkategori 07.30. Dette gjeld tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50, tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63, og midlar til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 post 21 og 51. Nærmare informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst i kap. 7 i del III.
I dei siste åra har fleire offentlege utgreiingar og stortingsmeldingar innehalde forslag til ei rekkje tiltak på barnehageområdet. Regjeringa har lova å komme tilbake til forslaga, og korleis sektoren kan utviklast vidare. Regjeringa vil derfor vinteren 2013 leggje fram ei stortingsmelding om barnehagen i framtida. Meldinga skal gi ei tydeleg retning for barnehagepolitikken, både om kvaliteten og innhaldet, kompetansen til personalet i barnehagen og styringsutfordringane i sektoren. Samtidig skal meldinga presentere eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for utviklinga av politikken i sektoren. Saman med meldinga vil det bli lagt fram ein ny kompetansestrategi for barnehagane som skal gjelde frå 2014.
Hovudprioriteringar for 2013
Regjeringa vil i 2013 føre vidare satsinga på barnehagar. Totalt er det foreslått å auke løyvingane til barnehageformål med om lag 764 mill. kroner i 2013.
Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor, og leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Ein kostnadsanalyse som er utført av Telemarksforskning for Kunnskapsdepartementet i 2011, viser at personalkostnadene per årsverk er 18 pst. høgre i kommunale barnehagar enn i ordinære ikkje-kommunale barnehagar. Det er særleg pensjonskostnadene som er lågare i dei ikkje-kommunale barnehagane. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 1. august 2013 frå 92 til 94 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Det er foreslått å løyve 58 mill. kroner til formålet i 2013. Inkludert heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla styrking av ikkje-kommunale barnehagar på om lag 99 mill. kroner. Styrkinga vil leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.
Regjeringa ønskjer å føre vidare og styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Mangelen på pedagogar og den låge formelle kompetansen til mange av assistentane i barnehagane krev vidare satsing for å rekruttere fleire pedagogar og for å heve kompetansen til tilsette i barnehagen. Departementet vil styrkje satsinga på kompetanseheving i 2013, og foreslår å auke løyvinga over kap. 231 post 21 med 20 mill. kroner til ei mellombels ordning med etter- og vidareutdanningstiltak for assistentar. Satsinga må sjåast i samanheng med den nye kompetansestrategien som kjem i 2013.
Kunnskapsdepartementet foreslår i tillegg å løyve 30 mill. kroner over kap. 226 post 21 til eit eige kompetanselyft for tilsette i barnehagar og skolar når det gjeld opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne gjennom heile opplæringa frå barnehage og grunnopplæring til vaksenopplæring og høgre utdanning. Dette inneber mellom anna satsing på kunnskap om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Både tilsette, leiarar og eigarar av barnehage og skole samt lærarutdannarar vil bli omfatta av tiltaka, jf. omtale under kap. 226 post 21.
Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass. Regjeringa vil føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år framover, til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner) blir innfridd. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2012. Det er foreslått å løyve 273 mill. kroner til lågare pris i 2013. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla løyving på om lag 336 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.
Mål: Retten til barnehageplass blir innfridd
Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Retten inneber at barn som har fylt eitt år innan 1. september, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopptaket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august det året det blir søkt om plass for. Den individuelle retten er ei minimumsplikt for kommunane. Det er viktig at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar dimensjoneringa av barnehagetilbodet. Fleire kommunar har fleire opptak i året eller løpande opptak, noko regjeringa synest er positivt. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at om lag 11 200 eittåringar utan rett til plass gjekk i barnehage ved utgangen av 2011. Det er ei utfordring at barn utan rett til plass kan få lang ventetid før dei får barnehageplass. Problemstillinga vil bli behandla i meldinga om barnehagen i framtida.
Tilstandsvurdering
Fylkesmannen har fulgt opp om alle kommunar oppfyller retten til barnehageplass i 2012. Rapporteringa frå fylkesmennene viser at alle barn med rett til plass har fått tilbod om plass.
Ved utgangen av 2011 gjekk om lag 282 700 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 89,7 pst. for eitt- til femåringar. I tillegg nytta om lag 5 700 barn tilbod om open barnehage. Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2011 har om lag 59 200 fleire barn fått plass i barnehage, og kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 74 900 nye heiltids barnehageplassar. Veksten i talet på små barn i barnehage har auka sterkt i desse åra, og dekningsgraden for eitt- til toåringar har auka frå 54 pst. i 2005 til 79,5 i 2011. Dekningsgraden for tre- til femåringar har auka frå 90,5 pst. i 2005 til 96,5 i 2011. Dekningsgraden berre for femåringane er på 97,3 pst. i 2011. Sjå kap. 7 i del III for nærmare omtale av ressursar i barnehagesektoren.
Strategiar og tiltak
Som følgje av omlegginga av kontantstøtteordninga, med differensierte satsar for eittåringar og avvikling av kontantstøtta til toåringar, vart det i revidert nasjonalbudsjett for 2012 lagt til grunn eit høgre anslag for behovet for plassar i 2012 enn det som vart rekna med i saldert budsjett for 2012, jf. Innst. 375 S (2011–2012) og Prop. 111 S (2011–2012). Kommunane vil bli kompenserte for meirutgiftene ved å dekkje heilårsverknaden for desse plassane i 2013 gjennom ein auke i rammetilskottet på om lag 309 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2012–2013) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Fylkesmannen skal halde fram med å følgje med på korleis kommunane oppfyller retten til plass. For nærmare omtale av oppgåvene til Fylkesmannen, sjå Prop. 1 S (2012–2013) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Mål: Likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar
Regjeringa ønskjer å sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet for alle barn. Barnehagen er eit pedagogisk tilbod der mange faktorar bidreg til kvaliteten, og to av dei viktigaste indikatorane på god kvalitet er kompetansen hos personalet og talet på tilsette i høve til talet på barn. Dette er omtalt under målet om barnehagen som ein god arena for omsorg og leik, læring og danning. Det er store variasjonar i barnehagesektoren i Noreg når det gjeld eigarskap, storleik, samansetjing av barnegrupper, organisering og personale.
Tilstandsvurdering
Fleire undersøkingar som har vore gjennomførte i dei siste åra, viser at det er store variasjonar mellom kommunane i tilrettelegging for høg og likeverdig kvalitet i alle barnehagar. International Research Institute of Stavanger (IRIS) presenterte i 2011 undersøkinga Barnehagers organisering og strukturelle faktorers betyding for kvalitet, der det går fram at barnehagar av ulik storleik har ulike kvalitetar. Ein av konklusjonane er at store barnehagar har større og meir varierte fagmiljø, men også meir uklar organisering enn dei små, som er prega av ein meir føreseieleg kvardag. Undersøkinga syner at mellomstore barnehagar kjem godt ut på ulike kvalitetsindikatorar.
Familiebarnehagar er dei minste einingane i barnehagesektoren. Mange familiebarnehagar arbeider systematisk og godt med det pedagogiske arbeidet, men samtidig har høvet til å gjere unntak frå regelverket ofte vorte nytta i godkjenninga av nye heimar. Rambøll gjennomførte våren 2012 undersøkinga Kvalitet i familiebarnehagar, som viser at det er stor variasjon blant desse barnehagane og mellom kommunar og bydelar i oppfølginga av dei. Undersøkinga viser mellom anna at 44 pst. av familiebarnehagane ikkje følgjer kravet om at verksemda skal drivast i fellesskap med andre barnehagar, og at delen dispensasjonar frå utdanningskravet er noko høgre enn for landsgjennomsnittet. I åtte pst. av familiebarnehagane var pedagogisk rettleiar til stades sjeldnare enn ein gong i veka. 20 pst. av kommunane/bydelane hadde ikkje plan for tilsyn med familiebarnehagane.
Ein måte for å vurdere kvaliteten i barnehagetilbodet er å sjå på trivselen til barna i barnehagen. I fleire undersøkingar svarer eit fleirtal av foreldra at barna trivst i barnehagen. Rapporten Barns trivsel og medvirkning i barnehagen frå NTNU Samfunnsforskning våren 2012 viser at dei fleste barn i undersøkinga trivst i barnehagen. Rapporten er basert på ei undersøking av 17 barnehagar i Trøndelag. Det er interessant at foreldra og dei tilsette vurderer trivselen til barna høgre enn barna sjølve gjer.
Ei undersøking frå Atferdssenteret våren 2012, som omhandlar den sosiale utviklinga til barn i barnehagen, viser at sosial kompetanse for barn under tre år blir utvikla best i små barnegrupper og i eigne småbarnsgrupper.
Undersøkinga Barnepass fram til 18 måneder – Sammenhenger mellom barnepass fram til 18 måneder og språklige ferdigheter og psykisk fungering ved 5 års alder (Rapport 2011: 5), som er eit underprosjekt i den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa), kan tyde på at tidleg barnehagestart kan gi nokre språkrelaterte vanskar i femårsalderen, og at lang dagleg opphaldstid i barnehagen kan ha negativ verknad på femåringane. Effektane er så små at dei er å rekne som ubetydelege.
Høgskolen i Oslo og Akershus leverte i 2012 Hva betyr livet i barnehagen for barn under tre år?, ei oversikt over norsk og internasjonal forsking i perioden 2000–11 knytt til barn i alderen null til tre år. Resultata er samstemte i at barnehagar med høg kvalitet er vesentlege for den kognitive, sosiale og språklege utviklinga hos barn. Høg kvalitet heng saman med stor personaltettleik, stabilt personale og personale med høg utdanning. Nøkkelfaktorar er godt samspill mellom vaksne og barn, og at erfarne og sensitive vaksne skaper eit stressfritt miljø i barnehagen. Dei fleste longitudinelle undersøkingane viser at barnehage har ein positiv effekt på barn, og særleg for barn med bakgrunn frå vanskelege sosioøkonomiske miljø.
Noregs forskingsråd har fått i oppdrag å etablere eit nasjonalt kunnskapssenter for utdanning. Kunnskapssenteret skal mellom anna samle, analysere og spreie kunnskap om kva som gir god kvalitet i barnehagar. Senteret er under oppbygging.
God styring av barnehagesektoren kan medverke til å redusere kvalitetsskilnadene mellom barnehagane. Den statlege styringskapasiteten er styrkt ved at Utdanningsdirektoratet frå 2012 er delegert ei rekkje forvaltnings- og utviklingsoppgåver, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet.
Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre høg kvalitet på barnehagetilbodet, noko som mellom andre Riksrevisjonen har peikt på. Rapporten Tilsyn til besvær frå PricewaterhouseCoopers (PwC) i 2011 viste mellom anna at det kommunale tilsynet med barnehagane varierte betydeleg. Fylkesmannsembeta vart styrkte i 2011 for å auke tilsynsaktiviteten, og styrkinga er ført vidare i 2012, jf. omtale under strategiar og tiltak.
I samband med oppfølginga av St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen har departementet starta arbeidet med å utvikle eit system for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein plan for utviklinga av systemet med frist hausten 2012.
Overgangen til rammefinansiering har vore ei utfordring for sektoren der både kommunale og ikkje-kommunale barnehageeigarar må rette seg etter eit nytt system. Kunnskapsdepartementet har spelt ei aktiv rolle når det gjeld å informere om forskrifta om likeverdig behandling ved tildeling av offentleg tilskott til ikkje-kommunale barnehagar, mellom anna i eit oppdatert rundskriv F-05/2011 som vart sendt ut 31. oktober 2011. I tillegg har Fylkesmannen rettleidd kommunane i dei nye reglane. Kunnskapsdepartementet , via Utdanningsdirektoratet og fylkesmennene, følgjer med på situasjonen for ikkje-kommunale barnehagar etter innføringa av rammefinansiering av barnehagesektoren. For å styrkje Fylkesmannens rettleiing av kommunane har departementet vidare hatt dialog med KS og Private barnehagers landsforbund (PBL) om situasjonen for ikkje-kommunale barnehagar etter omlegginga av finansieringa. KS og PBL har i tillegg samarbeidd om å utvikle ein rettleiar som skal bidra til meir einskapleg forskriftspraktisering i sektoren. Rettleiaren vart lagt fram i september 2012. Utdanningsdirektoratet har sett ut ei undersøking om forskrifta om likeverdig behandling, og korleis kommunane praktiserer denne. Resultata vil etter planen komme i desember 2012.
Forskrifta om likeverdig behandling ved tildeling av tilskott til ikkje-kommunale barnehagar tok til å gjelde frå 1. januar 2011. Dei kommunale tilskotta skal gi økonomisk grunnlag for eit godt barnehagetilbod, og det er derfor ein føresetnad at midlane blir brukte i barnehagane, og ikkje går til urimeleg høge vederlag til eigarane. Rapporten Gullgraving i sandkassa – profittmuligheter og uttak av verdier fra private barnehager ble våren 2012 lagt fram av Telemarksforskning. Rapporten teiknar eit bilete av ein sektor der dei ikkje-kommunale barnehagane i hovudsak er godt drivne og er lojale til formålet i bruken av midlane, samtidig som det er indikasjonar på at det i dag er eit relativt stort potensial for skjult uttak av verdiar. Utviklinga av eigarstrukturar i sektoren frå 2003 har vist teikn på endring frå ideelle organisasjonar til eigarstrukturar som i større grad legg til rette for uttak av verdiar. Det dreier seg om betydelege summar, og i lys av at barnehagane i dag driv ei verksemd som for ein stor del er finansiert gjennom kommunalt tilskott og foreldrebetaling, er det viktig at det er sikkerheit for at midlane blir nytta i samsvar med formålet. Dette gjer det nødvendig med reglar om bruk av det kommunale tilskottet og foreldrebetalinga som sikrar at desse midlane blir nytta i samsvar med formålet og kjem barna til gode. Framlegget frå departementet til føresegner som regulerer bruken av tilskott og foreldrebetaling, fekk god støtte i høringsprosessen, og vart vedteke av Stortinget 31. mai 2012, jf. Innst. 352 L (2011–2012) og Prop. 98 L (2011–2012) Endringer i barnehageloven (tilskudd og foreldrebetaling i ikke-kommunale barnehager). Lovendringane med utfyllande forskrifter skal tre i kraft 1. januar 2013.
Det nasjonale barnehageforumet (NABAFO) for sentrale aktørar i sektoren vart oppretta i 2010, og har jamlege møte med statsråden. Forumet skal medverke til dialog og kunnskapsdeling om dei utfordringane som er knytte til kvalitet, kompetanse, rekruttering, kunnskapsutvikling og styring i barnehagesektoren.
Strategiar og tiltak
Departementet skal leggje fram ei stortingsmelding om barnehagen i framtida vinteren 2013. Meldinga vil gi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, og ho vil òg omfatte forslag baserte på fleire offentlege utgreiingar som har vorte lagde fram i dei siste åra. Forslaga til tiltak skal saman med kunnskapsgrunnlaget leggje eit grunnlag for innsatsen til regjeringa for barnehagen i framtida.
For å sikre likeverdig kvalitet i alle barnehagar og stabile rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar tek regjeringa sikte på å halde fram med opptrappinga av tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar. Hausten 2012 vart minimumstilskottet til dei ikkje-kommunale barnehagane auka frå 91 til 92 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentlege tilskott. I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å auke minimumstilskottet frå 92 til 94 pst. frå 1. august 2013. Departementet foreslår å løyve 58 mill. kroner til dette formålet. Inkludert heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla styrking av ikkje-kommunale barnehagar på om lag 99 mill. kroner. Regjeringa tek sikte på å oppnå full likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i løpet av 2014.
Barnehagelovutvalget har vurdert styringsverktøya i barnehagesektoren og leverte innstillinga si 16. januar 2012, jf. NOU 2012: 1 Til barnas beste. Høringa våren 2012 gav over 200 høringssvar. Departementet vil vurdere tilrådingane frå utvalet og komme tilbake til oppfølginga, mellom anna i stortingsmeldinga om barnehagen i framtida vinteren 2013.
Forsking om og for barnehagar er framleis nødvendig for å utvikle praksisfeltet, og fleire undersøkingar er i gang eller under planlegging, mellom anna gjennom forskingsprogramma Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT) og Utdanning2020. Departementet vil føre vidare forskingsinnsatsen på barnehagefeltet i 2013, jf. kap. 231 post 21 og 51.
Oppsummeringa av årsrapportane frå fylkesmannsembeta for 2011 viste at tilsynsaktiviteten på barnehageområdet ikkje var auka i samsvar med styrkinga i statsbudsjettet. Utdanningsdirektoratet vil følgje opp tilsynsaktiviteten til Fylkesmannen gjennom embetsstyringa. Utdanningsdirektoratet vil utvikle ein felles metode for Fylkesmannens tilsyn i barnehagesektoren og opplæringssektoren. Denne metoden kan bli teken i bruk i 2013 og dermed bidra til einsarta tilsyn med større læringseffekt for kommunen. Utdanningsdirektoratet vil i perioden 2013–14 hente inn kunnskap om sektoren og gjere risikovurderingar med sikte på å etablere sentrale tilsynssatsingar for dei tilsyna embeta fører med barnehagesektoren. Sentralt etablerte tilsyn vil bidra til likebehandling, forenkle tilsynsverksemda til embeta, og sikre at den samla tilsynsaktiviteten i større grad svarer til risiko i sektoren.
Utdanningsdirektoratet skal innan årsskiftet 2012–13 levere ein plan for utviklinga av eit system for å følgje med på kvaliteten i sektoren, og departementet vil følgje opp dette i 2013.
Tilstrekkeleg kompetanse i forvaltninga er ein nøkkelfaktor både for å nå og for å halde oppe dei nasjonale måla på barnehageområdet. Det er derfor viktig med kompetansetiltak for å utvikle og styrkje kommunen som barnehagemyndigheit. Utdanningsdirektoratet har i 2012 fått i oppdrag å foreslå eit studieopplegg for kommunen som barnehagemyndigheit innan 15. november 2012. Direktoratet skal sikre tett dialog og involvering av KS i prosessen.
Mål: Alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning
Førskolealderen er ein læringsintensiv fase for barna. Grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling, læring og danning blir lagt i tidlege barneår. Barnehagen skal ta på alvor læringa og utviklinga til alle barn og ruste det einskilde barnet for livslang læring.
For at barnehagen skal vere ein lærande og utviklande arena for alle barn, er det nødvendig at barnehagen har nok tilsette med god kunnskap og kompetanse når det gjeld barndom og utvikling hos barn. Kompetente tilsette er ein føresetnad for å gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod, slik at barnehagen blir ein god arena for omsorg, leik, læring og danning. Dette ligg til grunn for satsinga til regjeringa på kompetanseutvikling for alle som arbeider i barnehage.
Tilstandsvurdering
I dag har om lag halvparten av dei tilsette som arbeider med barna i barnehagen, barne- eller barnehagefagleg kompetanse. Dei andre tilsette har ikkje nokon formell utdanning for å arbeide med barn. I dei siste åra har det vore ei beskjeden, men positiv utvikling i delen med barne- og barnehagefagleg kompetanse. I 2011 arbeidde 28 761 førskolelærarar i barnehagane, noko som utgjer 35,2 pst. av alle dei tilsette i barnehagen som arbeider med barn. Denne delen har halde seg stabil på ein tredel i dei seinaste åra trass den store veksten i sektoren. Tal frå SSB viser at vi manglar om lag 4 100 førskolelærarar med godkjend utdanning. Delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning etter barnehagelova vart i 2011 redusert til 13,3 pst. (4 112 personar) frå 13,7 pst. i 2010 (4 108 personar) og 13,8 pst. i 2009 (3 992 personar).
I barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er det lagt nasjonale føringar for å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Krava til pedagogisk bemanning (pedagognorma) skal sikre tilstrekkeleg kvalifiserte pedagogar i barnehagen. Rettleiaren som departementet sende ut i august 2011, klargjorde regelverket for pedagogisk bemanning. Rettleiaren og tydeleggjeringa av regelverket vil i ein periode kunne gi ein auke i talet på dispensasjonar. På lengre sikt vil delen pedagogar i barnehagane kunne auke sidan den store barnehageutbygginga er over og det blir utdanna fleire førskolelærarar.
SSB har i analysen av tilbodet og etterspurnaden etter lærarar (LÆREMOD) rekna ut at det i 2020 vil mangle om lag 1 000 førskolelærarar, dette gitt at vi fører vidare dagens situasjon i barnehagesektoren.
I 2011 var det nesten 11 000 barne- og ungdomsarbeidarar som arbeidde i barnehagen, mot 10 164 i 2010 og 5 309 i 2005. Barne- og ungdomsarbeidarane utgjer 13,4 pst. av alle dei tilsette i barnehagen som arbeider med barn.
Både Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2011) og Strategi for rekruttering av førskolelærere i barnehagen (2007–2011) vart avslutta i 2011, og departementet etablerte prosjektet GLØD. Prosjektet har som målsetjing å betre kompetansen blant alle tilsette, auke rekrutteringa til førskolelærarutdanninga og bidra til å heve statusen for arbeid i barnehagane. GLØD skal utarbeide ein samla kompetansestrategi for barnehagane. Departementet tek sikte på å leggje fram kompetansestrategien vinteren 2013, saman med meldinga om barnehagen i framtida.
GLØD har i 2011 innhenta kunnskap om sentrale problemstillingar knytte til kompetanse og rekruttering i barnehagane som vil bidra til å danne grunnlaget for utforminga av kompetansestrategien saman med råd og innspel frå sentrale aktørar i sektoren.
Strategi for rekruttering av førskolelærere i barnehagen (2007–2011) er evaluert av Rambøll i 2012. Evalueringa konkluderer med at strategien har vore vellykka, og at sektoren sjølv opplever tiltaka som relevante og nyttige. Barnehageeigarane bør gjerast meir ansvarlege og forplikte seg til å delta gjennom målretta og planfesta rekrutteringsarbeid og tilrettelegging for deltaking i tiltaka. Dei mest kjende tiltaka er leiarutdanning for styrarar i barnehagen og rettleiing av nyutdanna førskolelærarar. Barnehageeigarar og daglege leiarar seier at arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning (ABF) er det mest relevante tiltaket for rekruttering av førskolelærarar. ABF rekrutterer studentar som ikkje ville søkt seg til ordinær førskolelærarutdanning. Gode permisjonsordningar og økonomisk kompensasjon for den einskilde er viktig for gjennomføring av studiet.
Trøndelag Forskning og Utvikling AS har gjennomført ei kompetansekartlegging blant alle gruppene tilsette i barnehagane, og rapporten viser at dei største kompetansebehova dei tilsette har, er knytte til desse tema: barn med særskilde behov, IKT i arbeidet i barnehagen, språkleg og kulturelt mangfald, og blant styrarar og pedagogiske leiarar er òg leiarskap høgt etterspurd. Dårleg økonomi og at kompetansetiltaka ikkje gir høgre lønn, blir oppgitte som dei største barrierane for å delta i kompetanseutviklingstiltak, jf. rapporten Kompetansebehov i barnehagen frå 2012.
I februar 2012 vart rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig lansert. Kampanjen skal vare i minst tre år, og målet er å få fleire søkjarar av begge kjønn til førskolelærarutdanninga, og å heve statusen for arbeid i yrket. Kampanjen har mellom anna omfatta reklamefilm på TV og kino, webfilm, ei eiga nettside, Facebook-side og deltaking på studiemesser rundt omkring i landet. Tal frå Samordna opptak per 19. juli 2012 viser at talet på kvalifiserte søkjarar som har førskolelærarutdanning som førsteval, har auka med heile 18 pst. frå året før. I 2011 var det 2 296 søkjarar som hadde førskolelærarutdanning som førsteval. I 2012 har talet stige til 2 710 , ein auke på 414 personar. 3 571 har fått tilbod om plass på utdanninga, og dette er 420 fleire enn i 2011. Dette er ei gledeleg utvikling, og tyder på at rekrutteringskampanjen har vore vellykka. Som følgje av auken i talet på søkjarar tildelte departementet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 midlar til 115 nye studieplassar i førskolelærarutdanninga. Det er nyleg etablert nettverk i alle fylka. Desse skal i hovudsak bidra til å styrkje det lokale arbeidet knytt til kampanjen. Nettverka blir koordinerte av Fylkesmannen og består av sentrale aktørar i sektoren.
Evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2010 viste at førskolelærarutdanninga ikkje hadde god nok kvalitet, og fleire tiltak er sett i verk i etterkant. Eit breitt samansett rammeplanutval for førskolelærarutdanninga har levert forslag til ny rammeplan, og departementet har fastsett forskrifta for den nye barnehagelærarutdanninga som skal gjelde frå og med skoleåret 2013–14. Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å prøve ut den nye utdanninga frå hausten 2012. Hovudelementa i den nye utdanninga er overgang frå ei fagbasert utdanning til ei utdanning basert på tverrfaglege kunnskapsområde. Det er planlagt å opprette ei eiga følgjegruppe som skal støtte utdanningsinstitusjonane i arbeidet med kvalitetsutvikling når det gjeld både implementering av ny rammeplan for barnehagelærarutdanninga, og dei tilbakemeldingane som den einskilde institusjonen har fått gjennom evalueringa til NOKUT. Departementet vil også halde tett kontakt med utdanningsinstitusjonane gjennom den ordinære styringsdialogen.
I samband med den nye rammeplanen for barnehagelærarutdanninga har departementet fastsett at yrkestittelen blir endra frå «førskolelærar» til «barnehagelærar», og i ein periode vil det bli utdanna studentar med både gammal og ny yrkestittel. Frå 1. januar 2013 vil departementet bruke «barnehagelærar» i staden for «førskolelærar» i alle offentlege dokument.
Utdanningsdirektoratet fekk frå 2012 overført ansvaret for kompetansetiltak som er starta opp på barnehageområdet. Leiarutdanning for barnehagestyrarar vart oppretta hausten 2011. Dei som tilbyr utdanninga, er Noregs handelshøgskole, Handelshøyskolen BI, Høgskolen i Oslo og Akershus, Dronning Mauds Minne, Høgskole for førskolelærarutdanning og Universitetet i Agder. Utdanninga er eit deltidsstudium over til saman tre semester. 300 styrarar fekk studieplass hausten 2011, desse har endeleg eksamen hausten 2012. Utdanningsdirektoratet har i 2012 teke opp 300 styrarar til eit nytt kull som byrjar på leiarutdanninga for styrarar vårsemesteret 2013 – desse tek endeleg eksamen våren 2014. Det har vore stor søknad, og av 725 søkjarar fekk 300 tilbod om studieplass. Evaluering av leiarutdanninga for styrarar byrja våren 2012, og skal leggjast fram hausten 2014, men med delrapport undervegs. Formålet med evalueringa er å undersøkje om dei nasjonale måla som er definerte for utdanninga, blir nådde.
Gode ordningar for rettleiing av nyutdanna førskolelærarar er ei investering som medverkar til å rekruttere og halde på dyktige pedagogar. Kunnskapsdepartementet og KS har inngått ein intensjonsavtale der målet er at alle nyutdanna førskolelærarar skal få tilbod om rettleiing i løpet av barnehageåret 2011–12. Sentrale aktørar som fylkesmannen, kommunar, barnehageeigarar, universitet og høgskoleinstitusjonane og organisasjonane har vore med på arbeidet med utforminga av tilbodet og informert sektoren om tilbodet.
Utdanningsdirektoratet lyser ut midlar til drift og vidareutvikling av igangsette tiltak for rettleiing. Desse har vore drivne i regi av lærarutdanningane, i god dialog med partane i sektoren. Vinteren 2012 vart det gjennomført ei kartlegging blant nyutdanna styrarar og barnehageeigarar som viser at 63 pst. av dei nyutdanna førskolelærarane har fått tilbod om rettleiing. Dei som hadde ei ordning, var svært nøgde, og dette gjeld alle dei tre målgruppene i kartlegginga. Departementet meiner at dette viser ei positiv utvikling.
Den nye formålsparagrafen i barnehagelova som gjeld frå 1. august 2010, slår fast at barnehagen som arena for læring og danning mellom anna skal leggje til rette for undring, utforskartrong og glede over å skape hos barna. For å støtte barnehagane i arbeidet med å implementere endringane i lova og i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, vart pilotprosjektet om barnehagen som læringsmiljø og danningsarena sett i gang i seks fylke hausten 2011. Under koordinering av fylkesmennene og med støtte frå fagfolk ved universitet/høgskolar i regionen skal barnehagane utvikle praksisen sin slik at verdiane i formålet kan bli omsette i kvardagserfaringar for barna. I kvart fylke deltek 10–15 barnehagar, og dei tilsette har delteke på forelesingar på universitet/høgskolar, fått rettleiing og bygt opp ny kunnskap i sin eigen barnehage. Dei skal i samarbeid med universitet/høgskole skrive teori- og praksisbaserte fagartiklar. Dette arbeidet skal vere ferdig innan utgangen av 2012.
Kompetansesatsinga Vennskap og deltakelse – en styrking av arbeidet med implementering av nytt formål i barnehagene vart starta i 2012, og er ei vidareføring og utviding av arbeidet med kompetansestrategien i perioden 2007–11. Kompetansesatsinga for 2012 skal styrkje kompetansen til dei tilsette i å omsetje formålsparagrafen til praktisk arbeid i barnehagen, bidra til å utvikle barnehagen vidare som ein lærande organisasjon og styrkje barnehagen som pedagogisk verksemd.
Handlingsplan for samiske språk har språkmiljø og språkstimulering som eitt av fire prioriterte område, og understrekar at samiske barn må få støtte til å bevare språket sitt. Det er eit godt etablert samarbeid mellom dei fem nordlegaste fylkesmennene og Sametinget (RegioNor). Saman arbeider dei med å utforme regionale og lokale tiltak for aktivt å stimulere kommunar med samiske barn til å søkje kompetansemidlar. Sametinget har i samarbeid med Kunnskapsdepartementet utforma ein rettleiar for kva som kan vere innhaldet i barnehagen når det gjeld samisk språk og kulturutvikling. Temaheftet om språkmiljø og språkstimulering og rettleiaren om overgangen frå barnehage til skole vart omsett til nordsamisk og sørsamisk i 2011.
I dei fem siste åra har det vorte tilsett 2 200 fleire menn i basisverksemda til barnehagen, så delen mannlege barnehagetilsette i basisverksemda har auka med 55 pst., frå 4 032 menn i 2006 til 6 238 menn i 2011. Basisverksemda omfattar den hovuddelen av personalet som arbeider med heile barnegruppa, som styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje tospråklege assistentar). For stillingar i basisverksemda utgjorde mannlege tilsette 8,3 pst. i 2011, same delen som i 2010, sjølv om det reelle talet har auka noko frå 2010 til 2011. 949 barnehagar, eller 14,7 pst., hadde i 2011 minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda. I handlingsplanen Likestilling 2014 –regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene fører regjeringa vidare målet om å auke delen mannlege tilsette i barnehagane til 20 pst. Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig legg vekt på å rekruttere både fleire menn og fleire kvinner til førskolelærarutdanninga.
Foreldresamarbeidet og moglegheita for foreldra til medverknad er styrkt ved at Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) vart oppretta i august 2010. FUB skal medverke til eit godt samarbeid mellom barnehage og heim slik at alle barn får eit best mogleg barnehagetilbod. FUB har arbeidd aktivt og målretta for å etablere seg som ein aktør i sektoren, og er representert i ei rekkje arbeids- og referansegrupper. For nærmare omtale av FUB, sjå kap. 221 post 01.
Barnehagen skal ha eit godt samarbeid med barnevernet slik at barn som treng hjelp, får det. Det er kommunen som har ansvaret for å leggje til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid. Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har tidlegare utarbeidd ein rettleiar for dette samarbeidet. Ei kommande undersøking frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal sjå på om rettleiaren framleis blir brukt av barnehagane. Det har vore merksemd rundt det at barnehagane melder få saker til barnevernet, men tal frå SSB viser ein auke. I 2007 var 7,4 pst. av iverksette undersøkingssaker for barn i alderen null til fem år melde av barnehagane (513 sakar). For 2011 er delen 11,8 pst. (1 251 saker).
Strategiar og tiltak
Den nye samla kompetansestrategien som skal gjelde frå 2014, vil bli lagt fram vinteren 2013 saman med stortingsmeldinga om barnehagen i framtida. Fleire av kompetansetiltaka frå 2012 vil derfor bli førte vidare i 2013, inkludert etter- og vidareutdanningstilbodet, men tilpassa ny kunnskap om kompetansebehov.
Departementet ønskjer å styrkje satsinga på kompetanseutvikling i barnehagesektoren, og foreslår å auke løyvinga på kap. 231 post 21 med 20 mill. kroner. Midlane vil bli nytta til ei mellombels ordning med etter- og vidareutdanningstiltak for assistentar.
Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig, som er retta mot unge utdanningssøkjarar, skal førast vidare i 2013. Hovudmålet med kampanjen er å auke rekrutteringa til førskolelærarutdanninga og heve statusen for arbeidet i barnehagen. Dei regionale nettverka som er etablerte med sentrale aktørar frå sektoren i alle fylke, skal bidra i arbeidet med å støtte opp under det regionale rekrutteringsarbeidet.
Ved behandlinga av St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen vart det varsla ei større revidering av rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, jf. Innst. 162 S (2009–2010). Fleire utval har hatt forslag til endringar. Departementet vil i samband med stortingsmeldinga om barnehagen i framtida, vurdere om det er behov for endringar i rammeplanen.
Likestillingssenteret har fått i oppdrag å setje i verk tiltak for å heve kompetansen i praktisk likestillingsarbeid i barnehagen.
Kunnskapsdepartementet vil følgje opp Handlingsplan for samiske språk. Utdanningsdirektoratet skal mellom anna leggje til rette for informasjons- og erfaringsspreiing om gode språkutviklingstiltak.
Mål: Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap
Barnehagen skal inkludere alle, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå, og har eit særleg ansvar for å sikre god og tidleg hjelp til barn som har behov for særskild oppfølging. Regjeringa er oppteken av at barnehagetilbodet blir lagt til rette slik at alle barn får eit godt omsorgs- og læringsmiljø som fremmer trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd. Barnehagen er ein viktig arena for å arbeide med førebyggjande tiltak for helse, sosial inkludering og livslang læring. Åtferd med karakter av mobbing kan òg skje i barnehagen, og personalet skal stanse dette. Utvikling av eit godt miljø er viktig for å førebyggje negativ åtferd.
Tilstandsvurdering
Stortinget har behandla Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og voksne med særlige behov, jf. Innst. 405 S (2010–2011) og Innst. 50 S (2011–2012). Meldinga omfattar forslag frå NOU 2009: 18 Rett til læring (Midtlyng-utvalget). Departementet foreslår i meldinga mellom anna å flytte opplæringslovas føresegn som gjeld barn under opplæringspliktig alder, til barnehagelova. Dette gjeld mellom anna retten til spesialpedagogisk hjelp. Flytting av desse føresegnene vil kunne medverke til å styrkje samarbeidet mellom barnehagane og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT).
Barnehagen er ein viktig arena for integrering og språkutvikling for minoritetsspråklege barn i førskolealderen. I dei siste åra har delen minoritetsspråklege barn i barnehage auka. I 2011 gjekk 73 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage, mot 54 pst. i 2005. For alle barn i aldersgruppa var dekningsgraden 90 pst. i 2011. Departementet gir eit øyremerkt tilskott til kommunane til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda, jf. Prop. 1 S (2012–2013) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Forsøket med gratis kjernetid i barnehage omfattar område i Oslo, Drammen og Bergen. Forsøket inneber at alle barn i aktuelle årskull i desse områda får tilbod om gratis deltaking i barnehage 20 timar per veke. Målgruppa for ordninga er hovudsakleg fire- og femåringar. Forsøket vart sett i gang i 2006 og har gradvis vorte utvida. Formålet med forsøket er, gjennom auka deltaking i barnehage, å førebu barna på skolestart, å betre norskkunnskapane for minoritetsspråklege barn og å medverke til sosialiseringa generelt. Ei målsetjing med forsøket er å sikre ei målretta oppfølging av dei føresette med innvandrarbakgrunn, slik at dei kan medverke til at barna kan følgje ordinær undervisning på skolen. Forsøket har også til formål å auke forståinga hos foreldra for at norsk språk er viktig, og for deltaking i sosiale aktivitetar. Vidare skal tiltaket medverke til å sikre at barnehagepersonalet har god kompetanse i fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering. Rapporteringa frå forsøkskommunane tyder på at forsøket med gratis kjernetid har medverka til at barnehagedeltakinga har auka, og skolar i Oslo meldar om at skolestartarar meistrar norsk betre enn tidlegare. Etter oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta Fafo i 2011 ei treårig ekstern evaluering av forsøket med gratis kjernetid, og resultata vil komme hausten 2014.
Som følgje av forslag i NOU 2010: 7 Mangfold og mestring frå Østberg-utvalget er det sett i verk fleire tiltak. Utdanningsdirektoratet samarbeider med Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) om å utvikle nettressursar for fleirkulturell praksis. Nettstaden morsmal.no er ein nettressurs retta mot både fleirspråklege barn og foreldre, samt pedagogar og tospråkleg personale i barnehage og skole.
NAFO har i perioden 2010–12 drive kompetansetiltak for fleirspråklege assistentar i samarbeid med tre høgskolar (Oslo og Akershus, Telemark og Dronning Mauds Minne). Tiltaket blir drive etter KOMPASS-modellen, som er utvikla av Høgskolen i Oslo og Akershus. I skoleåret 2011–12 har 96 assistentar delteke ved dei tre studiestadene – to klasser i Oslo, ei i Telemark og ei i Trondheim. 53 av assistentane har teke eksamen, som gir 15 studiepoeng. Tiltaket er i år fullfinansiert av Kunnskapsdepartementet som ei oppfølging av NOU 2010: 7.
NAFO og Høgskolen i Oslo og Akershus gjennomfører i 2012 pilotprosjektet TOSPASS om samanhengen mellom det å ha tospråklege assistentar i barnehagen og den norskspråklege utviklinga hos dei minoritetsspråklege barna. Prosjektet omfattar fem barnehagar, og evalueringa vil skje i slutten av 2012.
Regjeringa er oppteken av at alle barn som har særleg behov for språkstimulering, uansett morsmål, blir følgde opp tidleg. Ekspertutvalet som har vurdert verktøy som blir nytta til språkkartlegging i barnehagane, leverte rapporten sin i desember 2011. Formålet med språkkartlegging er at barnehagane skal finne fram til alle barn som strever med språket, slik at dei kan følgjast opp på ein god måte. Personalet må ha kjennskap til språkutvikling, kartlegging og språkstimulering. Utdanningsdirektoratet har derfor i 2012 fått i oppdrag å lage rettleiingsmateriale for barnehagar om kartlegging av språk hos barn og språkstimulering. Materialet skal ta utgangspunkt i rapporten frå ekspertutvalet.
Strategiar og tiltak
Det er framleis eit mål å auke talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen, og å styrkje kompetansen til barnehagen på området språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 30 mill. kroner over kap. 226 til eit eige kompetanselyft for tilsette i barnehagar og skolar når det gjeld satsing på kunnskap om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk, jf. omtale under kap. 226 post 21.
Mål: Prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage
Tilstandsvurdering
Maksimalprisen for foreldrebetalinga er frå 2005 redusert frå 2 750 kroner per månad til 2 330 kroner i 2012. Dette er ein reell reduksjon på om lag 33 pst. eller 1 150 kroner (2012-kroner) per månad.
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby dei barnefamiliane som har lågast moglegheit til å betale, ein reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) om foreldrebetaling frå januar 2012 viser at 22 pst. av kommunane har inntektsgraderte satsar. Andre kommunar tilbyr friplassar eller andre rabattordningar utanfor det ordinære systemet for betaling til barnehagen. Alle kommunane tilbyr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage.
Barnetilsynsundersøkinga frå 2010 viste at det har vore ein auke i bruken av barnehage for barn frå familiar med låg utdanning og låg inntekt, men at bruken framleis er lågare enn for andre barn.
Strategiar og tiltak
Regjeringa vil føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år framover, til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner) blir innfridd.
Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2013 maksimalt utgjere 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner per år. Departementet foreslår å løyve 273 mill. kroner i budsjettet for 2013, slik at maksimalprisen kan førast vidare på same nominelle nivå som i 2012. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla løyving på om lag 336 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.
Kap. 231 Barnehagar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51 | 158 586 | 131 799 | 166 148 |
50 | Tilskott til samiske barnehagetilbod | 13 753 | 14 179 | 14 647 |
51 | Forsking, kan nyttast under post 21 | 7 517 | 7 750 | 8 006 |
60 | Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving | 51 804 | 10 000 | |
61 | Investeringstilskott, overslagsløyving | 80 810 | 47 000 | 10 000 |
63 | Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder | 118 523 | 122 108 | 126 015 |
64 | Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving | 16 860 | 9 400 | 6 500 |
Sum kap. 231 | 447 853 | 342 236 | 331 316 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51
Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året. Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet og Utdanningsdirektoratet knytte til drift av prosjektet GLØD.
Mål for 2013
Målet med løyvinga i 2013 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane gjennom å føre vidare satsinga på kompetanse og rekruttering. Kompetansetiltaka vil medverke til at regjeringas mål om likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar blir nådd, og gjere det lettare for barnehagane å oppfylle formålsparagrafen til barnehagen. Midlane skal òg medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og kunnskapsoversikter.
Rapport for 2011
I 2011 vart det nytta om lag 131 mill. kroner til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak over post 21. I tillegg vart det løyvt midlar til kvalitetsfremmande tiltak over post 51 og 63. Samla vart det nytta om lag 143 mill. kroner til kvalitetstiltak i 2011 over kap. 231.
Av midlane til kompetanseutvikling på post 21 vart 43 mill. kroner nytta til lokale kompetansetiltak i den nasjonale kompetansestrategien for å auke kompetansen til dei tilsette i barnehagen. Om lag 18 mill. kroner vart nytta til forsking og kunnskapsinnhenting over post 21. 5 mill. kroner av desse midlane vart tildelte forskingsprogrammet Utdanning2020. Til kompetanseutvikling for minoritetsspråklege studentar/assistentar vart det tildelt om lag 1,5 mill. kroner. Desse midlane vart tildelte Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) og nytta til fire klasser for tospråklege assistentar etter den modellen Høgskolen i Oslo og Akershus har for kompetanseheving av assistentar, KOMPASS. Rolla til NAFO var å tildele midlane til fire høgskolar, og å leie og følgje opp kompetansetiltaket.
Samla vart det nytta om lag 15 mill. kroner over post 21 til oppfølging av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011). Av dei midlane som vart brukte til rekruttering, vart om lag 8 mill. kroner nytta til arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning. Midlane vart nytta til 135 studieplassar. Til rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar vart det nytta 3,5 mill. kroner. Det vart tildelt om lag 1,8 mill. kroner til utvalde fylkesmenn i pressregionar for å leggje til rette for målretta rekrutteringstiltak til førskolelærarutdanninga og til barnehagane. Midlane gjekk til regionale rekrutteringstiltak i samarbeid med sentrale aktørar. Tiltaka i rekrutteringsstrategien har medverka til auka breidd og mangfald i utdanningstilbodet. Fleire nyttar seg av moglegheitene til å utdanne seg til førskolelærar gjennom ulike etter-, vidare- og arbeidsplassbaserte utdanningstilbod.
Det vart i 2011 nytta om lag 4,3 mill. kroner til barnehagetiltak i regjeringas handlingsplan Likestilling 2014. Tiltaka har omfatta drift av likestillingsteam i alle fylke, og kompetanseheving i praktisk likestillingsarbeid for dei tilsette i barnehagane. Dette gjeld oppretting av og arbeid i rekrutteringsteam og demonstrasjonsbarnehagar og nasjonale erfaringskonferansar. Rekrutteringsteama dekte alle fylka, og dei fleste hadde forankring på ein høgskole. Demonstrasjonsbarnehagane hadde nådd målet om 20 pst. tilsette menn, og også desse var spreidde i ulike delar av landet. Dette har gitt lokal forankring og kontinuitet på eit område som krev langsiktig satsing.
Fylkesmennene vart i 2011 tildelte 23,5 mill. kroner til særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Midlane vart nytta til informasjon, rettleiing, utviklingstiltak og kommunale nettverk. Fylkesmannsembeta har rettleidd og informert kommunane løpande gjennom året. Dei har halde samlingar og kurs for kommunen som barnehagemyndigheit om nasjonale føringar, lov og regelverk på barnehagefeltet. Dette har gjort sitt til å auke kompetansen hos kommunen som barnehagemyndigheit. 7,3 mill. kroner vart tildelte via Fylkesmannen for å stimulere aktørane i sektoren til å setje i verk særskilde utviklingstiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, og for å styrkje innsatsen for utvikling av fleirkulturell praksis i barnehagen.
Kunnskapsdepartementet oppretta hausten 2011 ei særskild leiarutdanning på masternivå for styrarar i barnehagar. Som følgje av stor interesse for studiet vedtok Stortinget i samband med revidert statsbudsjett for 2011 å løyve om lag 2,3 mill. kroner til å auke studiekapasiteten med 60 plassar, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011). Totalt vart om lag 13 mill. kroner nytta til leiarutdanninga for styrarar i 2011.
Budsjettforslag for 2013
Regjeringa ønskjer å føre vidare og styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Mangelen på pedagogar og låg formell kompetanse til mange av assistentane i barnehagane krev vidare satsing for å rekruttere fleire pedagogar og for å heve kompetansen til tilsette i barnehagen. Departementet foreslår derfor å styrkje satsinga på kompetanseheving, og foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner til ei mellombels ordning med etter- og vidareutdanningstiltak for assistentar. Satsinga må sjåast i samanheng med den nye kompetansestrategien som er varsla.
Leiarutdanninga for styrarar vart utlyst frå Utdanningsdirektoratet som konkurranse med forhandlingar i 2010. Fem utdanningsinstitusjonar vart valde som tilbydarar av utdanninga, som er eit prøveprosjekt. Prosjektet blir gjennomført med to kull studentar/styrarar. Det første kullet starta hausten 2011, og det andre kullet startar i januar 2013. Delar av midlane vil gå til dei private institusjonane Dronning Mauds Minne Høgskole og Handelshøyskolen BI.
Departementet vil halde fram med å fordele midlar til etter- og vidareutdanning for ufaglærte assistentar. Dei private høgskolane Dronning Mauds Minne Høgskole og NLA Høgskolen vil vere blant tilskottsmottakarane, i tillegg til dei offentlege høgskolane som deltek i satsinga.
Delar av løyvinga på kap. 226 post 21 har i dei siste åra vore nytta til barnehageformål. For å synleggjere løyvingane til barnehageformål foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 231 post 21 med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21.
Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod
Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar, barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring og prosjekt og utviklingsarbeid i barnehagar. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har faste samarbeidsmøte på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.
Mål for 2013
Formålet med tilskotta er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.
Rapport for 2011
I 2011 mottok Sametinget om lag 13,8 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. I 2011 er det registrert 33 samiske barnehagar og 28 norskspråklege barnehagar som gir samisk tilbod til høvesvis 823 barn og 91 barn. Om lag 70 pst. av dei samiske barnehagane ligg i Finnmark fylke. 68 pst. av barna har tilbod i Finnmark, 21 pst. i Troms, tre pst. i Nordland, to pst. i Nord-Trøndelag, ein pst. i Sør-Trøndelag og fire pst. i Oslo og Akershus. Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på barn som får eit samisk barnehagetilbod. Sametinget skal i samband med si eiga melding om barnehagar drøfte problemstillinga.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21
Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21.
Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.
Mål for 2013
Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag for barnehagepolitikken. Tilskottet skal medverke til å styrkje forskinga i og om barnehagar.
Rapport for 2011
Dei fleste prosjekta i forskingsprogrammet PraksisFoU vart avslutta i 2011, og endelege resultat frå dei fleste barnehageprosjekta låg føre i 2011 eller tidleg i 2012. PraksisFoU skulle fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving, og medverke til at forskingsbasert kunnskap vart teken i bruk. I alt inneheldt programmet 13 prosjekt som retta seg mot barnehagen. Prosjekta omhandlar tema som innhaldet i barnehagen, læring og utvikling, barnehagen som organisasjon, førskolelærarutdanninga, livslang læring, overgangen mellom barnehage og skole, og barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. På bakgrunn av prosjekta er det skrive 65 artiklar i nasjonale og internasjonale fagtidsskrift. I tillegg kjem ei stor mengd rapportar, bøker og populærvitskaplege artiklar. Rapporten Funn i praksis – ny kunnskap om barnehage frå Forskingsrådet i 2012 presenterer mange av resultata i tillegg til å gi ei meir detaljert oversikt over publikasjonane frå dei forskjellige prosjekta.
Dette er første gong Forskingsrådet har gjennomført ei samla programsatsing overfor forsking på barnehage og førskolelærarutdanning. PraksisFoU har dermed vore med på å skape nettverk og nye forskingsmiljø på eit relativt ungt forskingsfelt.
I 2011 vart det fordelt om lag 15 mill. kroner over kap. 231 post 21 og 51 til barnehageforsking gjennom programma PRAKUT (2010–2013) og Utdanning2020 (2009–2018).
I 2011 nytta departementet om lag 10 mill. kroner til PRAKUT, der 7,5 mill. kroner vart løyvde over post 51. PRAKUT er næmare omtalt under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Eitt av fire forskingsområde i PRAKUT er læring i barnehagar. Der er omsorg, leik og læring samt leiing sentrale komponentar.
Utdanning2020 er eit tiårig forskingsprogram for utdanningssektoren – frå barnehage til doktorgradsutdanning, jf. nærmare omtale under programkategori 07.50. Over kap. 231 post 21 vart det i 2011 løyvt 5 mill. kroner til Utdanning2020.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving
Ordinært driftstilskott til barnehagar
Målet med tilskottet har vore å medverke til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og god kvalitet i barnehagane. Tilskottet vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011.
Rapport for 2011
Ein mindre del av løyvinga på kap. 231 post 60 vart halden utanfor innlemminga i rammetilskottet til kommunane i 2011 for å ta høgd for at nokre utbetalingar av driftstilskott for 2010 først ville bli gjennomførte i 2011. Det vart i 2011 utbetalt om lag 52 mill. kroner i driftstilskott til barnehagar.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at attverande løyving på 10 mill. kroner på kap. 231 post 60 blir overført til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms
Lønnstillegget til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms vart avvikla frå 1. januar 2012.
Rapport for 2011
Om lag 16,3 pst. og 10,4 pst. av styrarane og dei pedagogiske leiarane i Finnmark og Troms var utan godkjend utdanning ved utgangen av 2011 mot 14,1 pst. og 12,1 pst. i 2010. Mangelen på pedagogiske leiarar og styrarar utan godkjend utdanning varierer sterkt mellom dei ulike fylka. Delen pedagogiske leiarar og styrarar utan godkjend utdanning var i 2011 lågare både i Finnmark og Troms enn han til dømes var i Akershus, Oslo og Rogaland. Lønnstillegget utgjorde i 2011 10 000 kroner per år i full stilling. Om lag 206 000 kroner vart nytta til dette formålet i 2011.
Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving
Investeringstilskottet for nye barnehageplassar vart avvikla frå 1. januar 2012.
Rapport for 2011
Det vart i 2011 utbetalt om lag 81 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar. Tilskottet medverka til utbygging av om lag 7 040 nye heiltidsplassar, og det gav nær 5 600 fleire barn barnehageplass i 2011.
Budsjettforslag for 2013
Søknadsfristen for å få investeringstilskott til plassar oppretta i 2011 er innan utgangen av 2012. Det vil derfor vere behov for å løyve midlar på posten i 2013 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner i 2013 for å dekkje etterslepet.
Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder
Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen både i og utanfor barnehagen, og skal samstundes motivere kommunane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen. Tilskottet går mellom anna til å finansiere tospråklege assistentar i barnehagen og kompetanseutvikling for dei tilsette innanfor fleirkulturell praksis og tospråkleg utvikling hos barna. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.
Mål for 2013
Målet er at minoritetsspråklege barn i førskolealderen skal få betre språkforståing.
Rapport for 2011
Totalt vart om lag 119 mill. kroner nytta over posten i 2011. Om lag 115 mill. kroner av desse vart fordelte til kommunane. KOSTRA-tal for 2011 viser at om lag 10 700 barn fekk tilbod om særskild språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen. Det tilsvarande talet i 2010 var 9 600 barn. Av dei som fekk tilbod i 2011, gjekk om lag 8 100 barn i offentlege barnehagar mot 7 300 barn i 2010, og om lag 2 600 barn i private barnehagar mot 2 300 barn i 2010. Totalt var det i 2011 i overkant av 1 100 fleire barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering samanlikna med 2010.
3 mill. kroner vart tildelte NAFO og Høgskolen i Oslo og Akershus for pilotprosjektet TOSPASS, om samanhengen mellom det å ha tospråklege assistentar i barnehagen og den norskspråklege utviklinga hos dei minoritetsspråklege barna. Prosjektet omfattar fem barnehagar, og blir avslutta i 2012 med ei evaluering. I tillegg vart NAFO tildelt 1 mill. kroner til vidareutvikling av nettressursen morsmål.no.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving
Tilskottet til mellombelse lokale vart avvikla frå 1. januar 2012.
Rapport for 2011
Tilskottet har medverka til auka utbygging av barnehageplassar. Rapportering frå kommunane per 20. september 2010 viser at 34 pst. av kommunane nytta mellombelse lokale i 2010. Totalt var det om lag 9 800 faste plassar i mellombelse lokale per 20. september 2010. I 2011 vart det utbetalt totalt om lag 17 mill. kroner i tilskott til faste plassar i mellombelse lokale.
Budsjettforslag for 2013
Søknadsfristen for å få tilskott til mellombelse lokale til plassar oppretta i 2011 er innan utgangen av 2012. Det vil derfor vere behov for å løyve midlar på posten i 2013 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om tilskott til mellombelse lokale knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Departementet foreslår å løyve 6,5 mill. kroner i 2013 for å dekkje etterslepet.
Programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m.
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
252 | EUs program for livslang læring | 174 627 | 210 207 | 242 402 | 15,3 |
253 | Folkehøgskolar | 664 581 | 685 582 | 718 206 | 4,8 |
254 | Tilskott til vaksenopplæring | 211 700 | 212 537 | 219 951 | 3,5 |
255 | Tilskott til freds- og menneskerettssentra | 63 417 | 65 383 | 67 856 | 3,8 |
256 | Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk | 68 815 | 64 296 | 65 346 | 1,6 |
257 | Program for basiskompetanse i arbeidslivet | 74 175 | 88 953 | 91 888 | 3,3 |
258 | Tiltak for livslang læring | 49 278 | 51 408 | 52 968 | 3,0 |
Sum kategori 07.50 | 1 306 593 | 1 378 366 | 1 458 617 | 5,8 |
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
3256 | Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk | 12 857 | 11 282 | 10 654 | -5,6 |
Sum kategori 07.50 | 12 857 | 11 282 | 10 654 | -5,6 |
Innleiing
Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Utdanning stimulerer òg til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til sjølvkjensle og identitet hos den einskilde. Det er derfor viktig å leggje til rette for at fleire vaksne skal kunne oppgradere kompetansen sin og tileigne seg ny kunnskap gjennom utdanning og opplæring.
Regjeringa vil arbeide for at fleire vaksne skal kunne kvalifisere seg til eit yrkesliv som er i stadig utvikling. Regjeringa ønskjer særleg å løfte kunnskapsnivået for dei som treng det mest. God rettleiing og fleksible ordningar for læring er viktige tiltak.
Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk. Kunnskap om språk og kultur er nødvendig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi. Departementet vil leggje til rette for at fleire elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får internasjonal kunnskap som vil vere nyttig for det norske samfunnet, ved sjølve å reise til utlandet eller ved at elevar, studentar og tilsette frå lærestader i utlandet kjem til Noreg.
Departementet ønskjer å medverke til at unge og vaksne kan utvikle forståing for demokrati, menneskerettar og kultur gjennom å støtte vaksenopplæring, folkehøgskolar og arbeidet ved freds- og menneskerettssenter.
Regjeringa ønskjer ein lærande utdannings- og opplæringssektor som rekrutterer breitt og har produktive og gode forskingsmiljø. Forskingsbasert kunnskap er avgjerande for at det norske utdanningssystemet skal kunne utvikle seg vidare i tråd med forventningane frå samfunnet.
Fleire av aktivitetane som er omtalte under programkategori 07.50 blir òg omhandla og finansierte under andre programkategoriar.
Hovudprioriteringar for 2013
Lærarar i vaksenopplæringa deltek i liten grad i den etter- og vidareutdanningsordninga som er ein del av strategien Kompetanse for kvalitet. Departementet vil derfor setje av 20 mill kroner over fire år til å utvikle tiltak som skal leggje betre til rette for at fleire lærarar i vaksenopplæringa skal kunne ta etter- og vidareutdanning. Dette vil supplere satsinga på kompetanseutvikling for lærarar, leiarar og skoleeigarar i grunnopplæringa som arbeider med opplæring av minoritetsspråklege. Sjå nærmare omtale under kategori 07.20 Grunnopplæringa.
Departementet vil halde fram med å styrkje satsinga på utdanningsforsking gjennom utdanningsforskingsprogramma i Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å auke den samla rammeløyvinga til programma med 3,4 mill. kroner i 2013 slik at rammeløyvinga til Utdanning2020 blir på 37,9 mill. kroner, medan rammeløyvinga til PRAKUT blir på 23,2 mill. kroner.
Om lag 50 000 elevar i grunnskolen fekk spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp i skoleåret 2010–11. Storleiken på denne gruppa aukar kvart år og utgjorde i 2010–11 om lag åtte pst. av elevane i grunnskolen. Det er behov for meir kunnskap om effektar av spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, og meir kunnskap om årsakene til at barn og unge får slik hjelp og undervisning. Departementet vil derfor stimulere til meir forsking på dette feltet ved å setje av 3 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Tiltaket er ei oppfølging av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap.
For å medverke til eit kvalitetsløft i helse- og sosialfaga har regjeringa etablert eit praksisretta forskingsprogram for helse- og velferdstenestene, PraksisVEL, gjennom Noregs forskingsråd. Sjå nærmare omtale under kategori 07.70 Forsking.
Departementet foreslår å auke løyvinga til EUs program for livslang læring (LLP) med 32,2 mill. kroner til 242,4 mill. kroner i 2013. Endringa kjem hovudsakleg som følgje av ein auke i kontingenten til programmet.
Aktiviteten ved folkehøgskolane har auka i dei siste åra. Departementet foreslår derfor å styrke løyvinga til folkehøgskolane med til saman 10 mill. kroner i 2013.
Mål: Vaksne som treng det, får opplæring
Noreg har i dag ein arbeidsmarknad med høg produktivitet og høge kompetansekrav til arbeidskrafta. Regjeringa ønskjer å medverke til at alle har høve til læring gjennom heile livet. Formålet er å hindre sosial ulikskap, medverke til at den einskilde skal ha tryggleik i arbeid og samfunnsdeltaking, og leggje til rette for at samfunnet skal få dekt kompetansebehova sine.
Tilstandsvurdering
Statistisk sentralbyrås (SSB) framskriving av kunnskapsbehovet i framtida viser at behovet for ufaglært arbeidskraft har falle kraftig sidan 1970-åra, og at delen ufaglærte blant dei sysselsette ligg an til å bli redusert frå 27 pst. i 2007 til 18 pst. i 2030. Samtidig ventar ein at arbeidsløysa i denne gruppa vil auke. Om lag halvparten av dei arbeidslause i 2011 hadde ikkje fullført vidaregåande opplæring. Same året hadde 21 pst. av befolkninga mellom 25 og 66 år grunnskole som si høgste fullførte utdanning, 43 pst. hadde fullført utdanning på vidaregåande utdanningsnivå, medan 36 pst. hadde fullført utdanning på universitets- eller høgskolenivå.
Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet (Udir) var det i skoleåret 2010–11 til saman 10 500 vaksne som deltok i grunnskoleopplæring. 52 pst. av desse deltok i ordinær opplæring, medan 48 pst. fekk spesialundervisning. Det var om lag 1 000 fleire vaksne i grunnskoleopplæring i 2010–11 enn i det førre skoleåret. I det same skoleåret var det 19 600 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Det er ein nedgang på 1 100 personar, eller fem pst., frå skoleåret 2009–10.
Om lag 8 900 personar som var 25 år eller eldre, avla fag- og sveineprøve i 2010–11, viser tal frå SSB. Dette var om lag 100 fleire personar enn skoleåret før. For denne gruppa har det årlege talet på avlagde fag- og sveineprøver auka med 23 pst. i dei fem siste skoleåra. Av dei som gjekk opp til fag- og sveineprøva i 2010–11, bestod om lag 94 pst. prøva. Om lag tre av fire vaksne som går opp til fag- og sveineprøve, er praksiskandidatar. Sjå programkategori 07.20 for nærmare omtale av grunnopplæringa.
Lærevilkårsmonitoren er ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne, som blir gjennomført av SSB på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Den viser at det var ein markert nedgang i deltakinga i formell og ikkje-formell opplæring frå 2008 til 2010, men at nedgangen ser ut til å ha stoppa opp i 2011. 48,5 pst. av dei sysselsette deltok på kurs og anna opplæring i 2011, noko som er ein auke på to prosentpoeng frå fjoråret. Delen av sysselsette som opplever at dei har eit læringsintensivt arbeid, held seg framleis stabil på over 60 pst.
Tabell 4.7 Læring i arbeidslivet, 2006–11
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Formell vidareutdanning | 8,7 % | 9,9 % | 9,0 % | 7,5 % | 7,4 % | |
Kurs og anna opplæring | 51,2 % | 54,5 % | 51,0 % | 46,5 % | 48,5 % | |
Læringsintensivt arbeid | 61,7 % | 63,5 % | 63,0 % | 61,5 % | 64,4 % |
For perioden 2010–12 har NIFU fått analyseoppdraget for Lærevilkårsmonitoren. Nye metodiske vurderingar gjer at tala for 2007 er utelatne fordi det vart nytta ei anna undersøking til datainnsamlinga det året. Dette har likevel inga følgjer for trenden i deltakinga over tid.
Kjelde: NIFU
Strategiar og tiltak
Ein viktig føresetnad for læringa til elevane er lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. Denne premissen ligg til grunn for etter- og vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet. Lærarar i vaksenopplæringa er òg omfatta av denne strategien, men sidan satsinga starta i 2009, er det relativt få av desse lærarane som har fått moglegheit til å delta i etter- og vidareutdanning. For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa vil Kunnskapsdepartementet derfor setje av 20 mill. kroner over fire år til å utvikle tiltak som skal leggje til rette for at fleire lærarar i vaksenopplæringa skal kunne ta etter- og vidareutdanning.
Departementet vil hausten 2012 publisere ei oppsummering av regjeringas tiltak for å betre moglegheitene for vaksne til å oppnå utdanning på vidaregåande opplæringsnivå.
For å medverke til at fleire vaksne med låg formell utdanning skal kunne fullføre vidaregåande opplæring, har departementet sett i verk forsøk med modellar som skal leggje betre til rette for at vaksne kan delta i vidaregåande opplæring. I 2010 vart det sett i gong forsøk med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar i fire fylke, og i 2011 vart det i fem fylke starta opp forsøk med vidaregåande opplæring i tilknyting til arbeidsplassen. Fylkeskommunane, NAV, lokale verksemder og opplæringstilbydarar samarbeider om å utvikle tilpassa modellar for vidaregåande opplæring. Forsøksordninga for arbeidssøkjarar varer etter planen ut 2012 og blir forvalta av Utdanningsdirektoratet (Udir), medan forsøksordninga på arbeidsplassen blir forvalta av Vox og skal etter planen vare ut 2013.
I Meld. St. 30 (2010–2011) Fordelingsmeldingen varslar regjeringa at ho vil vurdere ei vidareføring av forsøka med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar etter at forsøksperioden har løpt ut og forsøka er grundig evaluerte. Departementet har i 2012 starta arbeidet med å evaluere forsøka med utprøving av nye modellar for vidaregåande opplæring. Som ei anna oppfølging av Meld. St. 30 (2010–2011) vil departementet setje i verk forsøk i tre fylke knytte til moglegheiter for arbeidssøkjarar til å avleggje fagbrev. Departementet har bedt Udir utarbeide ein rapport om korleis desse nye forsøka vil kunne supplere dei som alt er i gang på best tenlege vis. Når rapporten ligg føre, vil departementet vurdere innretninga for dei nye forsøka.
Departementet har gitt Noregs forskingsråd i oppgåve å lyse ut midlar til forskingsprosjekt som skal medverke til meir og betre kunnskap om årsakene til at vaksne med lite formell utdanning og svake grunnleggjande dugleikar i liten grad deltek i opplæring, og om effektane av å delta i opplæring for denne gruppa. Satsinga er organisert under utdanningsforskingsprogrammet Utdanning2020, og etter planen skal departementet setje av til saman 25 mill. kroner i perioden 2012–16 til dette formålet. Satsinga skal òg medverke til å styrkje kvaliteten og kapasiteten i norsk forsking på området, og til betre utnytting av internasjonalt komparative data om læring blant vaksne.
Mål: Kunnskap om samfunnets kompetansebehov
God og regelmessig oppdatert kunnskap om behov for kompetanse er nødvendig for at utdanningssystemet skal kunne medverke til å utdanne den arbeidskrafta samfunnet treng i framtida. Tilgang til kompetent arbeidskraft er avgjerande for å halde oppe offentlege tenestetilbod av god kvalitet, og for at det skal vere mogleg for næringslivet å utvikle konkurransedyktige og miljøvennlege produkt og tenester.
Eit solid datagrunnlag, forsking og gode analysar er viktige verktøy for arbeids- og samfunnslivet generelt og for utdannings- og opplæringssektoren spesielt. Det er eit mål at kompetansepolitikken er innretta med omsyn til dei framtidige behova i arbeidsmarknaden og samfunnet.
Tilstandsvurdering
Statistisk sentralbyrå (SSB) har sidan 1990-åra utvikla og nytta makroøkonomiske modellar for å lage framskrivingar av tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft, og i dei siste åra har SSB publisert fleire rapportar baserte på desse framskrivingane. To rapportar frå 2010 og 2011 viser at det fram mot 2030 vil vere aukande etterspurnad etter arbeidarar med utdanning på universitets- og høgskolenivå, og frå yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande opplæringsnivå. Desse trendane er stabile òg når det blir teke omsyn til moglege økonomiske kriser i perioden.
I 2012 la SSB fram ein ny rapport basert på LÆRERMOD om det framtidige behovet for lærarar og førskolelærarar. Rapporten anslår at det med ei vidareføring av standarden i skoletilbodet i dag vil vere behov for 5 200 nye lærarar og førskolelærarar i 2020. Dette er ein reduksjon i behovet for lærarar på om lag 60 pst. samanlikna med anslaget i ein tilsvarande rapport frå 2009. Reduksjonen kjem hovudsakleg av at det er oppretta fleire studieplassar ved lærarutdanningane. Sjå òg nærmare omtale av lærarsatsinga GNIST under kap. 226 post 21.
I ein annan rapport frå 2012 har SSB simulert arbeidsmarknaden for helse- og sosialpersonell fram mot 2035. Som følgje av aldringa av befolkninga vil behovet for helsepersonell auke sterkt i åra framover. Dette gjeld særleg etterspurnaden etter helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, helsesystrer, fysioterapeutar og bioingeniørar.
Strategiar og tiltak
På oppdrag frå departementet har Vox utarbeidd ein rapport med utgreiing av grunnlaget for eit heilskapleg system for kartlegging og analysar av og dialog om framtidas kompetansebehov i Noreg. Rapporten inneheld òg Vox’ vurderingar av og tilråding om innretninga av eit slikt system. Departementet har sendt ut ei høyring med frist 1. oktober 2012 om behovet for og organiseringa av eit system for analyse og formidling av kompetanseframskrivingar i Noreg.
Kunnskapsdepartementet har saman med Arbeidsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet inngått ein avtale med SSB om utvikling av modellar for framskriving av tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft. Oppgradering av modellen MOSART gjer det mogleg å simulere framtidig tilbod om arbeidskraft fordelt på ei rekkje utdanningstypar, og sjå i samanheng det samla tilbodet av og etterspurnaden etter arbeidskraft fordelt på ulike utdanningar. SSB publiserte våren 2012 artikkelen «Utdannes det riktig kompetanse for fremtiden?», som nyttar den oppgraderte MOSART-modellen. Hovudkonklusjonen er at det norske utdanningssystemet er godt tilpassa framtidas etterspurnad etter arbeidskraft, men at det truleg blir utdanna for få lærarar, helsepersonell, ingeniørar og andre med realfagsbakgrunn, og personar med vidaregåande fagutdanning retta inn mot industri og byggje- og anleggsverksemd. SSB peikar òg på at utdanninga av personar med økonomi og administrasjon, samfunnsfag, sosialfag og humanistiske og estetiske fag kan liggje i overkant av den forventa etterspurnaden.
Datainnsamlinga til PIAAC – den internasjonale undersøkinga om lese- og talforståing vart gjennomført som planlagd og avslutta våren 2012. PIAAC vil gjere det mogleg å måle dugleikar og kompetanse i den vaksne delen av befolkninga og samanlikne resultata med andre land. Ein vil òg kunne analysere korleis arbeidstakarar nyttar dugleikane sine på arbeidsplassen og korleis dugleikane endrar seg gjennom deltaking i arbeidsmarknaden. I Noreg og dei andre deltakarlanda blir det arbeidd med kvalitetssikring og tilrettelegging av datamaterialet fram mot offentleggjeringa av resultata hausten 2013. Den norske deltakinga i PIAAC blir i 2013 finansiert av Kunnskapsdepartementet over kap. 226 post 21, og av Arbeidsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Departementet har fastsett eit nasjonalt heilskapleg kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Rammeverket omtaler læringsutbyttet på alle utdanningsnivåa, frå grunnskole til doktorgrad. I løpet av første halvår 2013 vil NKR etter planen bli kopla til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF), som skildrar utdanningskvalifikasjonar på europeisk nivå og er eit verktøy for å kunne samanlikne utdanningssystemet i ulike land.
Mål: Solid kunnskap om utdannings- og opplæringssektoren
Det overordna målet for utdanningsforskinga er å medverke til å heve kvaliteten i barnehagane, i skolane og i høgre utdanning. Departementet vil halde fram med satsinga på utdanningsforsking ved å leggje til rette for meir og betre kunnskap om utdannings- og opplæringssektoren, og for at denne kunnskapen skal komme betre til nytte.
Tilstandsvurdering
Den langsiktige oppbygginga av norsk utdanningsforsking er ført vidare og har vorte styrkt i 2012. Forskingsprogrammet Utdanning2020 (2009–2018) har til no finansiert 22 forskarprosjekt og 19 forprosjekt med ei samla kostnadsramme på om lag 180 mill. kroner. Interessa for Utdanning2020 er stor i forskingsmiljøa, og så langt er det søkt om 1,3 mrd. kroner fordelte på 220 prosjekt. Vurderingane frå dei internasjonale ekspertpanela som har vurdert prosjekta, viser at mange av prosjekta ligg på eit høgt fagleg nivå og har tydeleg relevans. Innanfor utdanningsforskinga er det følgjeleg kapasitet og kvalitet til å styrkje og vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget om og for utdannings- og opplæringssektoren.
I tillegg til dei ordinære utlysingane blir det gjennom Utdanning2020 lyst ut til saman 25 mill. kroner til ei eiga satsing retta mot læring hos vaksne. Gjennom Utdanning2020 er det i 2012 òg sett i gang eit eige forskingsprosjekt om kvaliteten i barnehagesektoren, og eit prosjekt om kvaliteten i høgre utdanning.
I samband med Utdanning2020 er det sett i verk særskilde tiltak for å styrkje internasjonaliseringa av norsk utdanningsforsking. Programmet har mellom anna gitt støtte til den nordiske fellessatsinga på utdanningsforsking gjennom programmet Education for Tomorrow (2012–2016). Dette er eit program som NordForsk, Nordisk Ministerråd og dei nasjonale forskingsråda i Norden har gått saman om.
PRAKUT (2010–2014) har som mål å få fram forsking om korleis barnehagane, grunnopplæringa og lærarutdanningane nyttar gode erfaringar og kunnskap. PRAKUT skal òg medverke til å styrkje FoU-arbeidet ved lærarutdanningane. I 2011 lyste programmet ut prosjektmidlar for til saman 75 mill. kroner, og i 2012 vart midla tildelte til sju nye forskingsprosjekt knytte til temaområda læring i barnehagar, i grunnopplæringa, og i ulike samfunnskontekstar og -arenaer. Til saman er det starta opp elleve forskingsprosjekt under programmet. Satsinga på Nasjonal forskarskole for lærarutdanningane (NAFOL) inngår som ein del av PRAKUT, og gjennom forskarskolen får stipendiatane i PRAKUT systematisk fagleg rettleiing og støtte.
Strategiar og tiltak
I St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet vart det lagt fram ein strategi for å styrkje utdanningsforskinga, Kunnskap for kvalitet 2008–2013. Departementet held fram med å følgje opp strategien gjennom forskingsprogramma i Noregs forskingsråd, Kunnskapssenteret for utdanning, forskarskolen NAFOL, direkte FoU-oppdrag, og støtte til ei eining for psykometrisk forsking. Til saman skal desse tiltaka medverke til å auke kapasiteten i og rekrutteringa til forskingsfeltet og stimulere til betre kvalitet og relevans i utdanningsforskinga. Målet er at forskinga skal gi eit stadig meir solid kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og fornying, og motivere til ein meir kunnskapsbasert praksis i sektoren. Eit rikare tilfang av god utdanningsforsking vil medverke til ei betre forståing av kva som fungerer for å få til fornying og kvalitetsutvikling ved utdanningsinstitusjonane.
Departementet ønskjer å medverke til at utdanningsforskinga held høg kvalitet og i størst mogleg grad er relevant for behova i sektoren. Ein solid kunnskapsbase gjer at vi kan forstå betre kva som skjer på ulike nivå, og kva som må til for at styring, organisering, utvikling og læring kan fungere betre i utdannings- og opplæringssektoren. Kunnskapssenteret for utdanning skal ha oversikt over nasjonal og internasjonal forsking som gir innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdannings- og opplæringssektoren. Senteret skal òg formidle denne kunnskapen og dermed medverke til at opplæringa i barnehagane, grunnopplæringa og høgre utdanning er basert på den beste tilgjengelege kunnskapen. Gjennom senteret vil arbeidet med formidling av resultat frå utdanningsforskinga bli styrkt slik at desse kan kome betre til nytte og bli tekne i bruk. Solide forskingsmiljø med evne til samarbeid er avgjerande for kvalitet og fornying i utdanningsforskinga. Dette er òg viktig for at norske utdanningsforskarar kan hevde seg internasjonalt. Arbeidet med å stimulere til meir tverrfagleg samarbeid og sterkare internasjonal orientering vil halde fram. Kunnskapssenteret vil i 2013 bli finansiert over kap. 226 post 21.
Departementet legg i 2013 opp til å styrkje satsinga på utdanningsforsking. Frå 2013 vil departementet setje av 3 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Om lag 50 000 elevar i grunnskolen fekk spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp i skoleåret 2010–11. Storleiken på denne gruppa aukar kvart år og utgjorde i 2010–11 om lag åtte pst. av elevane i grunnskolen. Det er behov for meir kunnskap om effektar av spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, og meir kunnskap om årsakene til at barn og unge får slik hjelp og undervisning. Midlane vil bli løyvde gjennom Utdanning2020, og tiltaket er ei oppfølging av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Forutan denne øyremerkte løyvinga vil rammeløyvinga til Utdanning2020 vere på 37,9 mill. kroner i 2013 og bli finansiert over kap. 226 post 21, kap. 231 post 21, kap. 258 post 21, kap. 281 post 50 og kap. 286 post 52.
PRAKUT vil ha ei rammeløyving på 23,2 mill. kroner i 2013 og bli finansiert over kap. 226 post 21, kap. 231 post 21, kap. 231 post 51 og kap. 281 post 50.
Eit ekspertpanel av forskarar frå Noreg, Sverige og Danmark har fått i oppgåve å evaluere dei to utdanningsforskingsprogramma Utdanning2020 og PraksisFoU, eit praksisretta program som vart avslutta i 2010 og som PRAKUT byggjer på. Panelet skal vurdere fagleg kvalitet, resultat, samfunnsrelevans og effektar av dei aktivitetane som er sette i gang. Panelet skal òg gi råd om vidare drift og organisering av utdanningsforskingsprogramma til Forskingsrådet. Evalueringsrapporten skal etter planen liggje føre innan mars 2013.
Ei ny eining for psykometrisk forsking ved Universitetet i Oslo vart oppretta 1. oktober 2012. Eininga blir finansiert over kap. 226 post 21 og skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling innan pedagogiske målingar og til å utvikle og formidle kunnskap til utdanningssektoren.
For å medverke til eit kvalitetsløft i helse- og sosialfaga har regjeringa etablert eit praksisretta forskingsprogram for helse- og velferdstenestene, PraksisVEL, gjennom Noregs forskingsråd. Sjå nærmare omtale under kategori 07.70 Forsking.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Forskingsrådet lyst ut om lag 6 mill. kroner (1 mill. US-dollar) for perioden 2012–16 for å støtte forskings- og formidlingsopphald i Noreg for toppforskarar innan utdanningsforsking frå Nord-Amerika. Ordninga skal medverke til meir samarbeid mellom utdanningsforskarar i Noreg og Nord-Amerika, til å spreie resultat av nordamerikansk forsking i Noreg, og til kompetansebygging i norske forskingsmiljø.
Mål: Fremming av internasjonal mobilitet og forståing for menneskerettane og kultur
Departementet ønskjer å fremme deltaking i demokratiske prosessar og forståing for menneskerettane, fred og kultur gjennom å gi tilskott til vaksenopplæring, folkehøgskolar og freds- og menneskerettssentra.
Gjennom norsk deltaking i internasjonale mobilitetsprogram vil departementet til leggje for at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse.
Tilstandsvurdering
Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk, og det er nødvendig å stimulere den faglege utviklinga til institusjonane, elevane og studentane på dette området. Kunnskap om språk og kultur er svært viktig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna personar skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Norsk deltaking i internasjonale mobilitetsprogram er eit viktig tiltak i denne samanhengen.
Freds- og menneskerettssentra medverkar til å formidle demokratiske verdiar og holdningar til barn og unge. Gjennom utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg gir dei kvart år opplæring til fleire tusen elevar i grunnopplæringa. Fleire av sentra tilbyr òg opplæring for studentar og lærarar. Sentra har ulik profil, nyttar ulike verkemiddel og har forskjellige pedagogiske opplegg som dei presenterer for elevane. Felles for alle sentra er at dei på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare konfliktar og krigar ønskjer å fremme dialog, samhandling og forståing.
Dei 77 folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet. I dei seinare åra har det totale elevtalet på folkehøgskolane lege på 6 000–7 000 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi moglegheit til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.
Strategiar og tiltak
Departementet vil medverke til at det skal vere mogleg for elevar, studentar og tilsette i utdanningssektoren i Noreg å skaffe seg internasjonal kompetanse. Deltaking i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–2013 (LLP), legg til rette for at elevar og studentar kan ta delar av utdanninga si i utlandet, at tilsette ved norske lærestader kan ha arbeidsopphald i utlandet, og at elevar, studentar og tilsette frå utanlandske lærestader kan komme til Noreg. Formålet med programmet er å fremje mobilitet, internasjonal forståing og samarbeid innafor utdannings- og opplæringssektoren. EU arbeider med å avklare innretninga på eit nytt program for utdanning og mobilitet som vil gjelde frå 2014 til 2020.
Departementet gir støtte til drift og utvikling av sju freds- og menneskerettssenter. Desse sentra skal medverke til formidling, dokumentasjon og forsking på områda fred, menneskerettar, fangehistorie og folkemord, og gjere sitt til at elevar i grunnopplæringa kan få opplæring i demokratiske verdiar og holdningar.
Folkehøgskolane legg vekt på allmenndanning og folkeopplysning. Pedagogisk fridom er eit særtrekk ved folkehøgskolane, som er eksamensfrie og ubundne av pensum.
Kap. 252 EUs program for livslang læring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Tilskott | 174 627 | 210 207 | 242 402 |
Sum kap. 252 | 174 627 | 210 207 | 242 402 |
Post 70 Tilskott
Mål for 2013
Noreg deltek i EUs program for livslang læring, Action Programme in the field of Lifelong Learning 2007–2013 (LLP). Målet med norsk deltaking er å fremme større mobilitet i heile utdanningssektoren. Mobilitet skal medverke til å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystemet. Gjennom deltaking i programmet får norske aktørar sjansen til å samarbeide med elevar, studentar og tilsette ved utdanningsinstitusjonar frå dei fleste landa i Europa, anten ved sjølve å reise utanlands eller ved at elevar, studentar og tilsette frå lærestader i Europa kjem til Noreg.
LLP dekkjer heile utdanningsløpet frå barnehage til vaksenopplæring og består av fire sektoraktivitetar: Comenius, Erasmus, Leonardo da Vinci og Grundtvig. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) er nasjonal koordinator for programmet.
Rapport for 2011
Comenius er eit program for samarbeid mellom barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar i europeiske land. Programmet gir økonomisk støtte både til personar og til institusjonar. Talet på søknader med norsk deltaking auka frå 146 i 2010 til 159 i 2011, medan talet på godkjende søknader heldt seg stabilt, slik det har vore i heile programperioden. 92 søknader vart godkjende i 2011. Den årlege prosentdelen søknader som blir innvilga (utteljingsprosent), har dermed falle i dei siste åra og var på 58 pst. i 2011. Talet på deltakarar held seg òg nokolunde stabilt. I 2011 deltok 1 876 personar i utveksling gjennom Comenius-partnarskap, noko som var ein nedgang på to pst. frå 2010, men ein auke på sju pst. frå 2008. 53 pst. av søknadene i 2011 kom frå grunnskolar, 42 pst. frå vidaregåande skolar, og fem pst. frå barnehagar og andre institusjonar. Tema for Comenius-partnarskapane er i hovudsak språk, europeisk dimensjon og borgarskap, kulturarv, miljøspørsmål, interkulturell utdanning, kunnskap om andre land, aktivt medborgarskap og helse.
Erasmus er EUs program for samarbeid innanfor høgre utdanning. Programmet gir økonomisk støtte til institusjonar slik at både studentar, vitskapleg tilsette og andre tilsette ved institusjonane får moglegheit til å studere eller arbeide i Europa. I alt 55 norske høgre utdanningsinstitusjonar har tilgang til deltaking i Erasmus’ mobilitetsaktivitetar. I studieåret 2010–11 var det 1 529 Erasmus-studentar frå Noreg som reiste utanlands. Dette var ein auke på 13 pst. samanlikna med førre studieåret og ein auke på 33 pst. samanlikna med første året i programperioden. Til saman har om lag 5 500 Erasmus-studentar frå Noreg reist utanlands sidan 2007–08. Samstundes har talet på Erasmus-studentar til Noreg auka jamt i denne perioden, frå 2 847 i 2007–08 til 4 281 i 2010–11, ein auke på 50 pst. Noreg tek dermed imot langt fleire utvekslingsstudentar gjennom Erasmus enn vi sender ut, noko som òg er tilfellet for ein del andre vesteuropeiske land. I studieåret 2010–11 var det 615 vitskapleg tilsette og andre tilsette som reiste utanlands til ein annan institusjon. Dette er ein auke på ni pst. frå førre studieår, medan auken frå oppstartsåret 2007–08 er på 27 pst. I 2010–11 var det 660 vitskaplege tilsette og andre tilsette som kom til Noreg gjennom Erasmus, ein auke på 47 pst. frå 2007–08.
Leonardo da Vinci er eit program for samarbeid innanfor fag- og yrkesopplæringa i EU. Programmet legg til rette for kompetanseutvikling gjennom utplassering i bedrifter eller i yrkesfaglege utdanningsinstitusjonar i europeiske land. Mange norske utdanningsinstitusjonar og bedrifter bruker ordninga som eit verkemiddel for å auke rekrutteringa innanfor ulike fag, fremme lærelyst og motivasjon, og førebu norske elevar og lærlingar på arbeid ved fleirkulturelle arbeidsplassar. Det er ei god geografisk og fagleg spreiing blant søkjarane. I 2011 mottok programmet 80 søknader mot 92 året før. Samstundes auka talet på deltakarar frå 801 i 2010 til 920 i 2011, ein auke på 15 pst. Sidan oppstartsåret 2008 har talet på deltakarar auka med 36 pst. Dei norske programdeltakarane var i 2011 utplasserte i til saman 260 mottakarinstitusjonar i 27 partnarland i Europa.
Grundtvig er EUs program for samarbeid mellom institusjonar og organisasjonar som legg til rette for læring blant vaksne. Gjennom økonomisk støtte gjer ordninga det mogleg å samarbeide med andre europeiske land for å lære meir om læring blant vaksne. Etter at det i 2010 vart rapportert om ein nedgang i talet på søknader til Grundtvig-partnarskapen, var det i 2011 ein auke i søkinga på 50 pst. I 2011 var det 36 søknader mot 24 året før, og dette er det største talet på søknader sidan programmet starta opp i 2007. I 2011 var det 228 deltakarar gjennom Grundtvig-partnarskapane. Dette er ein auke på seks pst. frå 2010, men det årlege deltakartalet har heldt seg nokolunde stabilt i programperioden
Tabell 4.8 Deltaking i EUs program for livslang læring, 2007–11
Studieår | 2007/08 | 2008/09 | 2009/10 | 2010/11 | Endring 2007/08–2010/11 |
---|---|---|---|---|---|
Erasmus* | |||||
Utreisande studentar | 1 154 | 1 410 | 1 356 | 1 529 | 32,5 % |
Innreisande studentar | 2 847 | 3 402 | 3 865 | 4 281 | 50,4 % |
Utreisande lærarar og tilsette | 482 | 477 | 561 | 615 | 27,6 % |
Innreisande lærarar og tilsette | 448 | 482 | 670 | 660 | 47,3 % |
Kalenderår | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | Endring 2008–2011 |
Comenius | |||||
Deltakarar i partnarskap | 1 748 | 1 760 | 1 920 | 1 876 | 7,3 % |
Grundtvig | |||||
Deltakarar i partnarskap | 228 | 240 | 216 | 228 | 0 % |
Leonardo da Vinci** | |||||
Deltakarar i mobilitetsprosjekt | 675 | 762 | 801 | 920 | 36,3 % |
* Tala for studieåret 2010–11 er førebelse.
** Tilsvarande tabell i Prop. 1 S (2011–2012) nytta talet på omsøkte deltakarar til Leonardo da Vinci, og ikkje talet på personar som faktisk deltok i mobilitetsprosjekta. Tala i årets tabell vil derfor vere lågare enn dei som vart rapportert i fjor.
Kjelde: Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).
Alle dei fire sektoraktivitetane i LLP medverkar til å stimulere den faglege utviklinga til institusjonane, elevane, dei tilsette og studentane. Dette byggjer opp under det at den norske utdanningspolitikken legg vekt på internasjonalisering som eit viktig verkemiddel. Språkkompetanse og kulturkunnskap er svært viktig for at næringslivet og samfunnet skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna personale skal vere kvalifisert for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv.
Budsjettforslag for 2013
Kontingenten for 2013 er berekna til om lag 234,1 mill. kroner. Vidare er det sett av 8,3 mill. kroner som skal dekkje kostnadene for fem norske nasjonale ekspertar under LLP. Departementet foreslår ei løyving på 242,4 mill. kroner. Endringa frå 2012 kjem i hovudsak av ein auke i kontingenten.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Tilskott til folkehøgskolar | 659 685 | 680 135 | 712 579 |
71 | Tilskott til Folkehøgskolerådet | 3 725 | 4 240 | 4 380 |
72 | Tilskott til nordiske folkehøgskolar | 1 171 | 1 207 | 1 247 |
Sum kap. 253 | 664 581 | 685 582 | 718 206 |
Post 70 Tilskott til folkehøgskolar
Mål for 2013
Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning gjennom å medverke til at det kan opprettast og drivast folkehøgskolar.
Om ordninga
Folkehøgskolane er eit supplement til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet. Tilskottet er tredelt. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei siste tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar der ein stor del av elevane har redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane. Folkehøgskolane gir tilbod om langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell m.m. er gitt i forskrifta til folkehøgskolelova. Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling er godkjende som folkehøgskoleliknande tiltak, og får tilskott etter folkehøgskolelova.
Tabell 4.9 Elevtal i folkehøgskolane 2007–11
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | |
---|---|---|---|---|---|
Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker) | 11 908 | 12 014 | 13 160 | 13 840 | 14 747 |
Elevar kortkurs (3 dagar–16 veker) | 18 588 | 16 849 | 19 011 | 19 049 | 17 039 |
Sum elevar | 30 496 | 28 863 | 32 171 | 32 889 | 31 786 |
Årselevar langkurs | 6 130 | 6 291 | 6 539 | 6 945 | 7 077 |
Årselevar kortkurs | 756 | 714 | 794 | 745 | 676 |
Sum årselevar | 6 886 | 7 005 | 7 333 | 7 690 | 7 753 |
Sum godkjende årselevar/ fastsett elevtal | 6 879 | 6 851 | 7 280 | 7 608 | 7 695 |
Tilskottselevar | 7 269 | 7 181 | 7 136 | 6 989 | 7 063 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Rapport for 2011
Elevtalet på langkurs har auka med 6,6 pst. frå 2010 til 2011. Talet på deltakarar på kortkurs viser ein nedgang på heile 10,6 pst. frå 2010 til 2011.
Budsjettforslag for 2013
Folkehøgskolane har dei siste åra hatt ei auke i aktiviteten og departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet
Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Både Norsk Folkehøgskolelag og Noregs Kristelege Folkehøgskolelag har medlemmer i rådet. I tillegg har rådet eit fast sekretariat. Tilskottet medverkar til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til skolane.
Frå 2012 inkluderer tilskottet finansiering av ei stilling som internasjonal sekretær som er overført frå kap. 226 post 21.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar
Tilskottet medverkar til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd. Tilskottet går til dekning av utgifter til norske lærarressursar ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv og til norsk deltaking på kursa ved Den Nordiske Folkehøgskolen i Genève. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Tilskott til studieforbund | 184 951 | 184 951 | 189 054 |
71 | Tilskott til nettskolar | 13 304 | 13 716 | 15 169 |
72 | Tilskott til Studiesenteret Finnsnes | 3 868 | 3 996 | 4 128 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 9 577 | 9 874 | 11 600 |
Sum kap. 254 | 211 700 | 212 537 | 219 951 |
Post 70 Tilskott til studieforbund
Mål for 2013
Tilskottet til studieforbund skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.
I samsvar med vaksenopplæringslova skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av desse overordna måla:
medverke til å halde ved like og styrkje demokratiet og leggje grunnlaget for ei berekraftig utvikling ved å engasjere og utvikle aktive medborgarar
gjere det mogleg for menneske å påverke sin eigen livssituasjon
kjempe mot utstøyting og medverke til inkludering
medverke til motivasjon og tilgang til kunnskap og kompetanse for alle og slik møte behov i eit samfunn og arbeidsliv i stadig endring
styrkje det kulturelle mangfaldet og auke deltakinga i kulturlivet
vere ein sjølvstendig arena for læring og eit supplement til offentlege utdanningstilbod for vaksne
Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskolar, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.
Rapport for 2011
Ifølgje offisiell statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) rapporterte 20 av dei 22 godkjende studieforbunda om til saman 42 600 kurs med rett til tilskott i 2011. Kursa hadde til saman 470 700 deltakarar, og dei fleste deltok på kurs innanfor estetiske fag og handverksfag. Dei tre største studieforbunda står som mottakarar av 58 pst. av det statlege tilskottet. SSB opplyser om at grunna endringar i innrapporteringa kan ikkje statistikken for aktiviteten i 2011 utan vidare samanliknast med tal frå tidlegare år. Med utgangspunkt i grunnlagsdata frå SSB har Vox laga ein oversikt med samanliknbare tal. Vox oppgir at det frå 2010 til 2011 var ein samla auke på seks pst. i talet på kurs. Talet på kortare kurs, som ikkje vart rekna med i den gamle tilskottsordninga, auka med 52 pst. i same periode, medan talet på lengre kurs auka med to pst. Nokre kurs utmerkjer seg med svært høgt timetal og få deltakarar.
Studieforbunda skal i årsmeldinga si rapportere på dei seks overordna måla som er fastsette i vaksenopplæringslova. Av 22 godkjende studieforbund er det tre som ikkje har levert årsmelding for 2011, og ytterlegare seks som ikkje har rapportert på måla. Dei 13 studieforbunda som har rapportert på måla, har gjort dette ulikt. Nokre viser til formålet sitt og til handlingsplanar knytte til måla. Andre prioriterer enkeltmål. Fleire studieforbund gir døme på korleis valet av kursemne og målgrupper medverkar til å nå dei ulike måla. Nokre knyter òg deltakarstatistikk til enkeltmål. Rapporteringa for 2011 viser at dei overordna måla er generelle og dels går over i kvarandre. I samarbeid med studieforbunda arbeider Vox med å vidareutvikle rapporteringa.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve 189,1 mill. kroner over posten i 2013.
Post 71 Tilskott til nettskolar
Fellesorganet for nettskolane, Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF), skal gi ein samla rapport om oppnådde resultat i utviklingsarbeidet. Frå 2012 skal NFF òg gi ei fagleg vurdering av bruk og fordeling av det årlege tilskottet. NFF innstiller til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, som forvaltar løyvinga over kap. 254 post 71.
Mål for 2013
Tilskottet skal medverke til at nettskolane kan
utvikle fjernundervisning som opplæringsmetode
gi tilgang til fleksibel, kvalitetssikra opplæring for å møte behova til den einskilde i samfunns- og arbeidsliv
utvikle opplæringstilbod som er lagde til rette for den einskilde ut frå føresetnader og behov
Rapport for 2011
Frå 2011 vart halvparten av tilskottet fordelt etter søknad til utviklingstiltak i nettskolane. Grunnlaget for å rapportere normerte timar frå nettskolane fell derfor bort. NFF tok i 2011 initiativet til å gjennomgå rapporteringa til Statistisk sentralbyrå (SSB) slik at ho gir grunnlag for statistikk på individnivå. Normerte timar vart erstatta med rapportering knytt til årstimar og studiepoeng for ulike utdanningar. Overgangen resulterte i eit brot i statistikken frå 2011, og forseinka publisering av den offentlege statistikken. Førebelse tal viser at dei godkjende nettskolane rapporterte om 14 800 fullførte kurs og til saman 19 600 studentar i 2011.
Etter ein utlysings- og søknadsprosess tildelte Vox i 2011 om lag 6,7 mill. kroner til utviklingsprosjekt i nettskolane. Alle søkjarane fekk midlar til minst eitt prosjekt i 2011. Ein førebels rapport frå NFFtyder på at den nye tilskottsordninga for nettskolar er godt motteken av skolane. Nettskolane rapporterer om gode resultat i samsvar med dei måla dei sette for utviklingsprosjekta sine. Dei rapporterer òg at prosjekta truleg har overføringsverdi til andre nettskolar og styrkjer samarbeidet med andre utdanningsinstitusjonar.
Budsjettforslag for 2013
Tilskottet til nettskolane var fram til 2012 knytt til deltaking og aktivitet hos tilskottsmottakarane. I tillegg lyste derfor departementet i ein periode ut om lag 1 mill. kroner til pedagogisk utviklingsarbeid i nettskolane over kap. 258 post 21. Ettersom tilskottet over kap. 254 post 71 frå 2012 går til utvikling av metodar og kvalitet i fjernundervisninga, foreslår departementet derfor å slå saman tilskottsmidlane. Departementet foreslår å flytte 1 mill. kroner frå kap. 258 post 21 til kap. 254 post 71. Departementet foreslår å løyve 15,2 mill. kroner over posten i 2013.
Post 72 Tilskott til Studiesenteret Finnsnes
Mål for 2013
Tilskottet skal medverke til drift av Studiesenteret Finnsnes slik at det kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Aktivitetane ved studiesenteret skal særleg vere innretta mot behova i industri og næringsliv i ytre Midt-Troms, og skal medverke til å styrkje kontakten mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og offentleg forvaltning.
Rapport for 2011
Studiesenteret Finnsnes hadde i 2011 åtte desentraliserte høgskolestudium i samarbeid med Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Finnmark. I tillegg til profesjonsstudia tilbydde senteret òg fleire vidareutdanningskurs. Ved årsskiftet 2010–11 fekk Studiesenteret Finnsnes løyvt midlar frå Sparebank1 Nord-Norge til eit doktorgradsprosjekt for å drive regional komparativ forsking i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Prosjektet finansierer tre doktorgradsstipendiatar som har vore tilsette ved studiesenteret sidan 1. november 2011.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Mål for 2013
Tilskottet skal medverke til drift av fellesorgana for nettskolane og studieforbunda, Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF) og Voksenopplæringsforbundet (VOFO). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.
Tilskottsforvaltninga er delegert til Vox. Tilskottet blir fastsett etter årleg søknad, årsmelding og revidert årsrekneskap frå institusjonane.
Rapport for 2011
20 av dei godkjende studieforbunda er medlemmer i VOFO, fellesorganet for studieforbunda. VOFO har i 2011 arbeidd med fleire saker knytte til iverksetjinga av ny vaksenopplæringslov av 2009 og forskrift. Kursadministrasjonsprogram for studieforbunda (KAS/KursAdmin) vart testa ut av studieforbunda mot slutten av 2011, og VOFO tek sikte på at all rapportering av aktivitet i studieforbunda for 2012 skal skje gjennom dette programmet. VOFO deltek i fleire nettverk og prosjekt om frivillig arbeid og læring blant vaksne, både nasjonalt og internasjonalt.
14 av dei 15 godkjende nettskolane er medlemmer i NFF. Organisasjonen har til saman 37 medlemmer. I tillegg til nettskolane er mellom anna fleire av høgskolane og universiteta medlemmer i NFF. I 2011 har NFF særleg arbeidd med oppgåver som følgjer av endra retningslinjer for tilskott til nettskolane etter ny vaksenopplæringslov av 2009. Det gjeld mellom anna nytt grunnlag for rapportering og statistikk. NFF har medverka i utforminga av kriteria og utlysinga av tilskottet og har ansvaret for å gi ei samla vurdering til Vox av oppnådde resultat i utviklingsprosjekta til nettskolane i 2011. NFF er engasjert i fleire norske, nordiske og europeiske utviklingsprosjekt om fjernundervisning.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å flytte 1,4 mill. kroner i tilskotts- og utviklingsmidlar frå kap. 258 post 21 til kap. 254 post 73. Departementet foreslår å auke løyvinga til VOFO med 1 mill. kroner. I denne løyvinga inngår tilskotta til Læringsdagene og reisestipend til tilsette i studieforbund. Departementet foreslår òg å auke løyvinga til NFF med 0,4 mill. kroner. Midlane skal gå til utviklingsarbeid. Departementet foreslår å løyve 11,6 mill. kroner over posten i 2013.
Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter | 25 919 | 26 722 | 27 604 |
71 | Falstadsenteret | 15 184 | 15 655 | 16 487 |
72 | Stiftelsen Arkivet | 6 196 | 6 389 | 6 600 |
73 | Nansen Fredssenter | 5 155 | 5 315 | 5 490 |
74 | Narviksenteret | 2 047 | 2 110 | 2 180 |
75 | Det europeiske Wergelandsenteret | 6 916 | 7 130 | 7 365 |
76 | Raftostiftelsen | 2 000 | 2 062 | 2 130 |
Sum kap. 255 | 63 417 | 65 383 | 67 856 |
Freds- og menneskerettssentra er stiftelsar som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling innanfor områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Tilskotta skal medverke til at sentra kan vere med på å synleggjere historia på desse områda, styrkje fredsarbeid og mellommenneskeleg forståing, og gi opplæring i demokratiske verdiar og holdningar, særleg blant barn og unge.
Tilskottsforvaltninga under kapitlet er delegert til Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, unnateken post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå departementet. Vox arbeider med å utvikle felles kriterium for rapportering av aktivitet i samarbeid med sentra.
Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.
Rapport for 2011
Utstillingane ved HL-senteret har i 2011 hatt om lag 6 000 besøk, medan 5 000 personar har vore til stades ved foredrag, konsertar og andre arrangement ved senteret.
HL-senteret har i 2011 vidareutvikla undervisningsopplegga sine, har teke imot klasser frå ungdomsskolar og vidaregåande skolar, og har halde kurs for studentar og lærarar. Til saman 5 500 elevar frå grunnopplæringa deltok i undervisningsopplegg ved HL-senteret i 2011.
På oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet gjennomførte HL-senteret hausten 2011 holdningsundersøkinga Antisemittisme i Norge? I rapporten frå undersøkinga konkluderer HL-senteret med at stereotypiske holdningar om jødar eksisterer i det norske samfunnet.
Noregs forskingsråd har løyvt midlar til HL-senterets prosjekt Demokratiets institusjoner i møte med en nazistisk okkupasjonsmakt: Norge i et komparativt perspektiv. Prosjektet starta i 2011 og skal etter planen vare i fire år.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 71 Falstadsenteret
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.
Rapport for 2011
I 2011 deltok vel 5 000 skoleelevar, konfirmantar, studentar og lærarar på undervisningsopplegg, kurs og seminar ved Falstadsenteret. Senteret tilbyr òg spesialtilpassa pedagogiske opplegg for målgrupper med særskilde behov. Til saman vitja om lag 11 500 personar Falstadsenteret i 2011. I løpet av året vart det utvikla nye undervisningstilbod og nettressursar til bruk i undervisning og formidling. Delar av fotosamlinga ved senteret er gjorde tilgjengelege på Internett.
Forskingsprosjektet Krigsgraver søker navn vart sluttført i 2011 med offisiell lansering av databasen krigsgraver.no. Målet med prosjektet var å identifisere flest mogleg av sovjetiske krigsfangar som døydde i Noreg i 1941–45. Falstadsenteret skal framover drifte og vidareutvikle databasen.
Internasjonalt intervjuprosjekt vart òg avslutta i 2011. Målet var å spore opp og intervjue norske og utanlandske personar som sat i tyske fangeleirar i Noreg under okkupasjonen. 26 personar vart intervjua i løpet av 2011.
I samarbeid med Program for lærerutdanning ved NTNU og Det europeiske Wergelandsenteret er det sett i gang arbeid med å utvikle ei fagleg plattform for undervisning om menneskerettar.
Budsjettforslag for 2013
På oppmoding frå Kunnskapsdepartementet kjøpte Statsbygg i 2011 Kommandantboligen på Falstad. Eigedommen skal disponerast av Falstadsenteret gjennom ein leigeavtale med Statsbygg. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2012 fekk Falstadsenteret ein auke i løyvinga med 315 000 kroner for å kompensere for auka husleige som følgje av kjøpet, jf. Innst. 420 S (2011–2012). Departementet foreslår å føre auken vidare i 2013.
Post 72 Stiftelsen Arkivet
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet er eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og er eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Tilskottet skal særleg medverke til at stiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.
Rapport for 2011
Stiftelsen Arkivet hadde meir enn 10 000 besøk i 2011. Til saman 8 000 elevar, studentar og lærarar har i 2011 vore med på ulike undervisningsopplegg ved senteret, med tema som rasisme, menneskerettar, barn i krig og mobbing.
Stiftelsen Arkivet sette hausten 2010 i gang eit internt prosjekt med sikte på å utvikle historieformidlinga i Gestapokjellaren. Dette prosjektet var sentralt i 2011, og ei ny permanent utstilling vart opna i oktober same år.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 73 Nansen Fredssenter
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring for å fremme arbeidet for fred, forsoning og menneskerettane som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.
Rapport for 2011
Senteret har halde fram med arbeidet med konflikthandtering nasjonalt og internasjonalt, har arbeidd vidare med eit forsoningsprosjekt på Vest-Balkan, og har vore aktivt i ulike diasporamiljø i Noreg. Senteret har jamleg besøk av grupper frå Balkan som ledd i forsoningsprosjektet.
Aktivitetane ved Nansen Fredssenter har i stor grad vore retta mot elevar og studentar med flyktningbakgrunn. Senteret har stått bak fleire foredrag, opne møte, konferansar, samlingar og seminar. Til saman har om lag 1 100 barn og unge delteke på aktivitetar gjennomført i regi av Nansen Fredssenter. Senteret har òg arrangert fagseminar for å ta opp utfordringar og dilemma i fredsarbeid, og har halde fram med dialogseminar for deltakarar frå krigsramma område.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 74 Narviksenteret
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Narviksenteret kan fremme kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna krigs- og okkupasjonshistoria til Nord-Noreg. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar for barn og unge.
Rapport for 2011
Narviksenteret har i 2011 drive formidlingsaktivitet i form av mellom anna seminar, foredrag, artiklar og turar til kamparenaer frå den andre verdskrigen. Til saman har om lag 2 400 barn og unge delteke på slike aktivitetar i regi av senteret.
I juni 2011 arrangerte Narviksenteret i samarbeid med Nordland Røde Kors Krigsminnemuseum ein internasjonal forskarkonferanse om dei jugoslaviske fangane i Noreg under den andre verdskrigen. Under konferansen offentleggjorde Riksantikvaren fredinga av den såkalla Serber-leiren ved Øvre Jernvann i Narvik.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) kan vere eit ressurssenter for opplæring i interkulturell forståing, menneskerettane og aktivt medborgarskap.
Rapport for 2011
Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) vart etablert som eit samarbeid mellom Noreg og Europarådet i 2008. EWC tilbyr opplæring til ulike målgrupper innanfor utdanningsfeltet, til dømes lærarutdannarar, lærarar, rektorar, forskarar og politikkutformarar. Til saman deltok om lag 800 personar i seminar, kurs, konferansar og andre opplæringsaktivitetar i regi av senteret. EWCs tenester er tilgjengelege for alle dei 47 medlemslanda i Europarådet.
EWC samarbeider nært med Europarådet i fleire prosjekt. I samband med Europarådets opplæringsprogram for lærarutdannarar, Pestalozzi-programmet, vart det i 2011 arrangert to seminar, Schools as Intercultural Communities og From Division to Diversity: Educational Challenges related to Past and Present. Vidare har EWC medverka med ekspertise til publikasjonar og i fleire ekspertgrupper.
I løpet av 2011 har EWC utvikla og sett i verk ein opplæringsmodell basert på ei heilskapleg skoletilnærming til opplæring i menneskerettar og demokratisk medborgarskap. Opplæringsmodellen byggjer på erfaringar frå opplæringsseminaret The Summer Academy, som kvart år finn stad i Polen med deltakarar frå fleire europeiske land.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 76 Raftostiftelsen
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Raftostiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om menneskerettane for elevar, studentar, lærarar og andre grupper. Løyvinga skal medverke til at stiftelsen kan sørgje for kvalitetssikring, ivaretaking og vidareføring av kunnskap, kompetanse og kontaktnett som er bygde opp gjennom åra.
Rapport for 2011
Raftostilftelsen opna i februar 2011 nye undervisningslokale kalla Rettighetstanken, som vil gjere stiftelsen i stand til å ta imot fleire skoleelevar. Stiftelsen lanserte ein ny undervisningsportal for å marknadsføre undervisningstilbodet til skolar, lærarar og elevar. I 2011 deltok om lag 2 800 skoleelevar i Raftostiftelsens tilbod til grunnskolen.
I 2011 oppretta Raftostiftelsen eit permanent samarbeid med praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen. Kvart år vil samfunnsdidaktikkstudentane gjennom Raftostiftelsen få kunnskap om metodikk for undervisning om menneskerettar.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 53 319 | 48 844 | 49 384 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 15 496 | 15 452 | 15 962 |
Sum kap. 256 | 68 815 | 64 296 | 65 346 |
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter
Mål for 2013
Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk skal vere eit kompetansepolitisk fagorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Vox har ansvaret for å forvalte tilskott til vaksenopplæring, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentra, jf. kap. 255, Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), jf. kap. 257, løyvinga til dei regionale partnarskapane for karriererettleiing, jf. kap. 226 post 21, og nokre av dei prosjektmidlane som blir løyvde over kap. 258 post 21.
På oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har Vox ansvaret for dei faglege og pedagogiske tilhøva i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Vox forvaltar òg prosjektmidlar frå Arbeidsdepartementet knytte til reduksjon av ufrivillig deltid.
Vox arbeider for å auke deltakinga blant vaksne i samfunns- og arbeidsliv gjennom å heve kompetansenivået hos vaksne. I dei seinare åra har Vox lagt særleg vekt på opplæring i grunnleggjande dugleikar og læring blant vaksne. Det har òg særleg vore arbeidd med eit effektivt og heilskapleg system for vurdering av realkompetanse, og utvikling av god og relevant karriererettleiing. Desse er hovudmåla for Vox i 2013:
Vox skal medverke i arbeidet med å utvikle kompetansepolitikken.
Vox skal ha oppdatert kunnskap om kompetansebehova i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt, og formidle denne.
Vox skal medverke til høgre kompetanse blant vaksne.
Vox skal forvalte og utvikle tilskottsordningar på ein god måte.
Rapport for 2011
Vox har òg i 2011 komme med kompetansepolitiske innspel til departementet. I 2011 er det lagt særleg vekt på å kommunisere med andre statlege verksemder og etatar for å gi bidrag til politikkutforminga.
Ein ny statistikkbank vart lansert i april 2011. Den nye løysinga gjer det mellom anna mogleg for brukaren å lage eigne tabellar og figurar av datamaterialet i statistikkbanken. Etter lanseringa og ut året var talet på besøkjarar i statistikkbanken meir enn firedobla samanlikna med talet på besøkjarar i den gamle statistikkbanken i heile 2010.
Vox har medverka til å formidle kunnskap knytt til kompetansepolitikken, mellom anna gjennom foredrag, innlegg på seminar og publisering av rapportar og faktaark. I 2011 oppretta Vox ei teneste med elektroniske nyheitsbrev for dei ulike fagfelta Vox arbeider med.
Som bidrag til høgre kompetanse blant vaksne har Vox i 2011 lagt stor vekt på spreiing av rammeverket for grunnleggjande dugleikar til nye tilbydarar, særleg i samarbeid med NAV og justissektoren. Vox har ført vidare arbeidet for å auke kompetansen hos lærarar som underviser vaksne, men ifølgje Vox kan det verke som om kommunane i liten grad prioriterer kompetanseutvikling for desse lærarane.
Som sekretariat for Nasjonalt fagskoleråd har Vox førebudd, lagt til rette for og følgt opp møte i rådet. Sekretariatet handsamar saker knytte til høringar, utgreiingsarbeid og oppnemningar til utval og arbeidsgrupper. I 2011 har det òg vore arbeidd med etableringa av ein studentorganisasjon for fagskolestudentar.
Nasjonal eining for karriererettleiing vart oppretta i Vox frå 1. januar 2011. Eininga har etablert kontakt med sentrale aktørar og er i dialog med aktuelle samarbeidspartnarar innanfor karriererettleiing. Det er òg sett i verk arbeid for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om karriererettleiing. Vox har forvalta tilskottet til dei fylkesvise partnarskapane for karriererettleiing, og i 2011 vart 28 mill. kroner likt fordelte mellom desse.
Frå november 2011 held Vox til i nye lokale i Oslo sentrum.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å redusere inntektskravet over kap. 3256 post 02 med 1 mill. kroner. Forslaget har bakgrunn i at ein stadig større del av læringsmateriellet og andre publikasjonar blir gjord gratis tilgjengeleg digitalt. Departementet foreslår å redusere utgiftsløyvinga over kap. 256 post 01 tilsvarande. Departementet foreslår å løyve 49,4 mill. kroner over post 01 og 16 mill. kroner over post 21 i 2013.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3256 Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 10 804 | 10 006 | 10 336 |
02 | Salsinntekter o.a. | 663 | 1 276 | 318 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 940 | ||
17 | Refusjon lærlingar | 19 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 431 | ||
Sum kap. 3256 | 12 857 | 11 282 | 10 654 |
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem frå sal av læremateriell.
Ein stadig større del av publikasjonane til Vox blir gjord gratis tilgjengeleg digitalt. I tråd med behova er òg utviklinga av læremateriell redusert over tid. Inntektene frå sal av læremateriell og publikasjonar har dermed gradvis vorte reduserte. Omlegging til digital distribusjon og utfasing av gammalt materiell vil gi ein reduksjon i inntektene. Departementet foreslår å redusere inntektsløyvinga over kap. 3256 post 02 med 1 mill. kroner, jf. kap. 256 post 01.
Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 7 440 | 5 155 | 5 325 |
70 | Tilskott, kan overførast | 66 735 | 83 798 | 86 563 |
Sum kap. 257 | 74 175 | 88 953 | 91 888 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Mål for 2013
Løyvinga skal nyttast til å utvikle programmet slik at fleire vaksne med svake grunnleggjande dugleikar kan få opplæring, og slik at opplæringa skal halde høg kvalitet. Det er eit mål å utvikle programmet vidare slik at ulike bransjar og grupper av arbeidstakarar med svake grunnleggjande dugleikar kan delta i programmet.
Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet.
Rapport for 2011
Sidan 2009 har Vox samarbeidd med fengsel i ulike delar av landet om tilpassa opplæring i grunnleggjande dugleikar for innsette. På grunnlag av desse prosjekta utarbeidde Vox i 2011 rapportar og andre ressursar om tilrettelegging av praksisnær opplæring for grupper av vaksne som står utanfor arbeidslivet. Det er òg starta opp samarbeidsprosjekt med kriminalomsorga for at soningsdømde utanfor fengselet skal få tilpassa og praksisnær opplæring i grunnleggjande dugleikar som kan medverke til tilbakeføring til samfunnet.
Vox publiserte i 2011 den første rapporten om effektar av BKA-opplæring frå utviklings- og samarbeidsprosjektet med Posten AS om opplæring i grunnleggjande dugleikar. Gjennom svar på spørjeskjema og i fokusgrupper rapporterer deltakarane at dei har fått betre grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT etter å ha delteke på kurset.
Delar av løyvinga har vore lyste ut som stipend til vidareutdanning i undervisning i grunnleggjande dugleikar for vaksne. Målgruppa er lærarar som underviser i BKA.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Post 70 Tilskott, kan overførast
Mål for 2013
Tilskottsordninga skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Bedrifter og offentlege verksemder kan søkje om tilskott både til motivasjonsarbeid og til opplæring i grunnleggjande lesing, skriving, rekning og IKT.
Det er eit prioritert mål at opplæringa skal nå vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.
Det er eit mål at ulike bransjar er representerte i programmet, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette bransjar, samt at programmet skal nå små og mellomstore verksemder.
Ein mindre del av løyvinga skal gå til å utvikle gode modellar for samarbeid mellom NAV, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkjarar kan få opplæring i grunnleggjande dugleikar.
Rapport for 2011
Kunnskapsdepartementet gav i 2011 Proba Samfunnsanalyse i oppdrag å evaluere effektane av BKA. Evalueringa byggjer på spørjeundersøkingar retta mot deltakarar og verksemder, men manglar ved kontaktinformasjonen førde til færre respondentar enn forventa. Dette gjeld særleg for kursdeltakarane. Med desse atterhalda er evalueringa i hovudsak positiv om effektane av BKA-opplæringa. Verksemdene som har hatt BKA-kurs opplyser at kursdeltakarar gjer ein betre jobb som følgje av kurset, at dei skriv og les meir og betre, at dei har fått større sjølvtillit og er mindre redde for å gjere feil, og at dei har betre moglegheit til å ta fagbrev eller anna opplæring. Deltakarane i undersøkinga rapporterer sjølve om hovudsakleg positive effektar av å delta på BKA-kurs, sjølv om dei gjennomgåande er mindre positive enn arbeidsgjevarane. Om lag 60 pst. av verksemdene i undersøkinga ville ikkje ha gjennomført opplæringa utan tilskottet frå BKA.
Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Vox følgje opp evalueringa av BKA.
I 2011 lyste Vox ut 81,3 mill. kroner i BKA-tilskott. Det kom inn 408 søknader med omsøkt beløp på til saman 193,8 mill. kroner. Det er ein auke på 30,2 mill. kroner eller 18,5 pst. frå 2010. I samband med revidert nasjonalbudsjett i 2011 fekk BKA ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner, jf. Innst. 420 S (2010–2011), slik at det til saman vart tildelt 91,3 mill. kroner i tilskott til opplæring i grunnleggjande dugleikar i bedrifter og offentlege verksemder i 2011. I tildelinga vart søknader med hovudformål opplæring i lesing og skriving prioriterte. Eit fleirtal av kursa kombinerte opplæring i fleire dugleikar.
Talet på registrerte kursdeltakarar har auka kvart år sidan BKA vart etablert i 2006. Til saman er det no registrert 27 800 innmelde deltakarar.
Tabell 4.10 Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), 2006–12
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Omsøkt beløp, i mill. kroner | 85,5 | 78,2 | 122,5 | 142,2 | 169,3 | 197,6 | 188,4 |
Tildelt beløp, i mill. kroner* | 14,5 | 20,0 | 31,7 | 68,5 | 80,8 | 93,4 | 106,0 |
Talet på søknader | 167 | 208 | 282 | 339 | 345 | 410 | 498 |
Talet på innvilga søknader | 65 | 70 | 99 | 214 | 210 | 250 | 369 |
Talet på innmelde deltakarar** | 2 032 | 2 153 | 2 923 | 5 951 | 7 197 | 6 318 | 1 204 |
Tabellen omfattar søknader og tildelingar knytt til saldert budsjett og tilleggsløyvingar i budsjettåra. Nokre av tala i denne tabellen avvik dermed noko frå tala i tabellen i Prop. 1 S (2011–2012) som berre inkluderte søknader og tildelingar knytt til saldert budsjett.
* Dei siste åra har det vore store overføringar på post 70. For å innvilge fleire kvalifiserte søknader og for å redusere overføringane, har Kunnskapsdepartementet i 2012 gitt Vox fullmakt til å gi tilsegn på inntil 22,7 mill. kroner utover den ordinære løyvinga for 2012.
** Talet på innmelde deltakarar i 2010, 2011 og 2012 er førebelse. Talet på innmelde deltakarar i 2012 er lågt fordi dei fleste innmeldingane blir registrert først mot slutten av året.
Kjelde: Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 258 Tiltak for livslang læring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 3 918 | 3 981 | 5 376 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01 | 45 360 | 47 427 | 47 592 |
Sum kap. 258 | 49 278 | 51 408 | 52 968 |
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01
Mål for 2013
Departementet vil nytte løyvinga over kap. 258 til tiltak for livslang læring, og til statistikk, dokumentasjon, analysar og forsking som kan medverke til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av læring blant vaksne. Målet er mellom anna å kartleggje kompetansebehova i framtida.
Rapport for 2011
I samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet starta Kunnskapsdepartementet hausten 2011 ei utprøving med modellar for vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for ufaglært arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Etter ein søknadsprosess vart Hedmark, Hordaland, Nord-Trøndelag, Rogaland og Vestfold fylkeskommunar valde ut til å delta i utprøvinga. Saman med lokale verksemder arbeider fylka med å utvikle modellar for vidaregåande opplæring på arbeidsplassen. Fylkeskommunane er sjølve ansvarlege for utprøvingsprosjekta i fylka sine, medan Vox har ansvaret for oppfølginga på nasjonalt nivå. Utprøvinga skal etter planen avsluttast i løpet av 2013.
Forsøka med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar blir finansierte over kap. 258 post 21. Forsøka skal medverke til å utvikle opplæringsmodellar på vidaregåande nivå som kan byggje på og kombinerast med dei tilboda vaksne kan få gjennom arbeidsmarknadsopplæringa. Fylkeskommunane, NAV og lokale opplæringstilbydarar har saman utarbeidd lokale modellar for opplæring, og per november 2011 var det til saman hundre arbeidssøkjarar som deltok i denne opplæringa. Forsøka blir forvalta av Utdanningsdirektoratet og skal etter planen vare ut 2012.
Departementet medverkar til å finansiere Statistisk sentralbyrås (SSB) gjennomføring av Eurostat-undersøkinga Adult Education Survey (AES). Eit grundig utviklingsarbeid starta opp i 2011, medan intervjuundersøkinga vart gjennomført i 2012. AES vil gi nyttig informasjon om læring blant vaksne i Noreg, og statistikken frå undersøkinga kan samanliknast med den tilsvarande undersøkinga i 2007 og med statistikk frå dei fleste andre landa i Europa.
Utdanningsforskingsprogrammet Utdanning2020 vart i 2011 delvis finansiert over posten. Departementet har òg arrangert samlingar i Nasjonalt forum for utdanningsforsking for å medverke til å samle forskarar og utveksle kunnskap og erfaringar på feltet.
Vox samarbeider med Arbeids- og velferdsdirektoratet om å utvikle ein opplæringspakke for rettleiarar i NAV om grunnleggjande dugleikar. Formålet er å gi medarbeidarar i NAV betre kompetanse om grunnleggjande dugleikar for å betre kunne kartleggje behova til brukarane.
Den nasjonale eininga for karriererettleiing ved Vox forvaltar tilskottsmidlane til kompetanseheving av tillitsvalde. Formålet med tilskottet er at tillitsvalde skal kunne rettleie om opplæring og kompetanseheving, slik at fleire arbeidstakarar deltek i livslang læring. Tilskottsmidlane for 2011 var på om lag 1 mill. kroner og vart lyste ut gjennom dei fylkesvise partnarskapane for karriererettleiing. Midlane for 2011 vart fordelte mellom tre prosjekt i Trøndelag, Nordland og Østfold.
Ein mindre del av løyvinga er gjennom Vox fordelt til utviklingsarbeid i studieforbunda og nettskolane, mellom anna til fusjonering av studieforbunda. Midlane vart lyste ut på Vox’ nettsider eller gjennom vaksenopplæringsorganisasjonane VOFO og NFF, sjå kap. 254 post 73.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve 5,4 mill. kroner på post 01 i 2013.
Departementet foreslår å samle utgiftene til ei rammeavtale med Statistisk sentralbyrå ved å flytte 1,3 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til kap. 258 post 01.
Departementet foreslår å løyve 47,6 mill. kroner på post 21 i 2013.
Departementet foreslår å flytte 1 mill. kroner i utviklingsmidlar til nettskolane frå kap. 258 post 21 til kap. 254 post 71. Vidare foreslår departementet å flytte 1,4 mill. kroner i tilskotts- og utviklingsmidlar til studieforbunda og nettskolane frå kap. 258 post 21 til kap. 254 post 73. Departementet foreslår òg å flytte 1 mill. kroner frå kap. 258 post 21 til kap. 288 ny post 76 til ny tilskottsordning for UNESCO-formål.
For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa vil departementet setje av 20 mill. kroner over fire år for å utvikle tiltak som skal stimulere til meir etter- og vidareutdanning blant lærarar i vaksenopplæringa.
Tilskottsmidlar til kompetanseheving av tillitsvalde skal medverke til at tillitsvalde kan gi rettleiing om opplæring og kompetanseutvikling. Departementet foreslår å auke løyvinga til dette formålet med 0,5 mill. kroner, slik at det samla tilskottet i 2013 blir på 1,5 mill. kroner. Tilskottsmidlane blir lyste ut og forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.
Departementet foreslår å auke rammeløyvinga til Utdanning2020 over posten med 2 mill. kroner til om lag 4 mill. kroner i 2013. I tillegg vil den årlege satsinga på 5 mill. kroner til forsking på læring hos vaksne gjennom Utdanning2020 halde fram også i 2013.
Departementet vil føre vidare forsøka med vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for ufaglærte tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren.
Som ei oppfølging av Meld. St. 30 (2010–2011) Fordelingsmeldingen vil departementet vurdere ei vidareføring av forsøka med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar. Ei slik vidareføring vil bli sett i samanheng med forsøk knytte til moglegheiter for arbeidslause til å avleggje fagbrev, som er eitt av tiltaka i meldinga. Departementet vil vurdere korleis dei nye forsøka eventuelt kan supplere dei forsøka som alt er i gang, på best tenlege vis.
Etter ein anbodskonkurranse i 2012 fekk Proba Samfunnsanalyse i oppdrag å evaluere forsøka med utprøving av nye modellar for vidaregåande opplæring. Departementet vil i 2013 følgje opp arbeidet med evalueringa.
Departementet vil arbeide vidare med å utvikle statistikk på vaksenopplæringsfeltet, jf. Innst. 192 S (2009–2010) og St.meld. nr. 44 (2008–2009) Utdanningslinja.
Departementet vil la delar av løyvinga gå vidare til Vox til utvikling av kunnskapsbasert og fleksibel vaksenopplæring.
Departementet har ute ei høring om behovet for og organiseringa av eit system for analyse og formidling av kompetanseframskrivingar i Noreg. Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2013.
Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
260 | Universitet og høgskolar | 25 022 073 | 26 087 058 | 27 538 941 | 5,6 |
270 | Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar | 302 392 | 329 784 | 340 667 | 3,3 |
276 | Fagskoleutdanning | 55 158 | 56 868 | 71 236 | 25,3 |
280 | Felles einingar | 343 627 | 364 681 | 391 794 | 7,4 |
281 | Felles tiltak for universitet og høgskolar | 419 913 | 364 445 | 364 911 | 0,1 |
Sum kategori 07.60 | 26 143 163 | 27 202 836 | 28 707 549 | 5,5 |
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
3280 | Felles einingar | 1 382 | 1 172 | 1 211 | 3,3 |
3281 | Felles tiltak for universitet og høgskolar | 10 | 10 | 0,0 | |
Sum kategori 07.60 | 1 382 | 1 182 | 1 221 | 3,3 |
Innleiing
Noreg skal ha høgre utdanning, forsking og fagskoleutdanning av høg kvalitet som utviklar kunnskap og kompetanse for den einskilde og samfunnet, og medverkar til framtidig velferd og verdiskaping.
Noreg skal ha ein høgre utdanningssektor med god studiekapasitet og høg internasjonal kvalitet i utdanninga som kan svare på den veksande etterspurnaden etter høgre utdanning og auka kompetansebehov i samfunnet. Noreg skal drive forsking av høg internasjonal kvalitet for å medverke til ei berekraftig utvikling og verdiskaping, nasjonalt og globalt. Norsk høgre utdanning, forsking og formidling skal ha tilgang til den internasjonale forskingsfronten og slik bli fornya.
Det er eit viktig mål for regjeringa å sikre lik tilgang til høgre utdanning. Det gir gode framtidsutsikter for unge menneske og sikrar god tilgang på kvalifisert arbeidskraft, noko som i sin tur fører til nasjonal og regional utvikling. God rekruttering til høgre utdanning og forsking er avgjerande for å møte behova i samfunnet og til den einskilde for å utvikle kunnskap og kompetanse. Det er òg nødvendig med betre infrastruktur i sektoren for å kunne tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet.
Det er satsa mykje på kvalitetsutvikling i høgre utdanning i dei siste åra. Høg kvalitet i forsking og utdanning med relevans for kompetansebehovet i samfunnet og arbeidslivet er, saman med kapasitetsutbygging, avgjerande for framtidig verdiskaping og velferd i landet vårt. Arbeidet med å utvikle og sikre kvaliteten i utdanning og forsking må halde fram.
Samarbeid, klarare arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon er nødvendig for å styrkje kvaliteten i utdanning og forsking. Robuste fagmiljø kan betre møte regionale og nasjonale behov og framstå som attraktive partnarar i internasjonalt samarbeid.
Mål for høgre utdanning og fagskoleutdanning
Kunnskapsdepartementet set sektormål som aktørane i sektoren samla skal medverke til å nå. I sektormåla for høgre utdanning og fagskoleutdanning legg departementet vekt på behova til samfunnet og eigenarten ved institusjonane. Departementet legg til grunn at sektormåla skal vere langsiktige og gi ei stabil ramme som aktørane kan utvikle sine eigne strategiar og planar innanfor. Innanfor sektormåla har regjeringa overordna forventningar og særskilde prioriteringar. Saman med sektormåla ligg dei til grunn for strategiane og tiltaka til departementet, og skal liggje til grunn for dei strategiane og planane som aktørane sjølve utviklar.
I ny målstruktur frå 2012 ligg det ein vesentleg delegasjon frå departementet til universitet og høgskolar, ved at institusjonane sjølve skal definere verksemdsmåla sine. Det gir dei større handlingsrom og sjølvstendig ansvar for å tilpasse mål- og resultatstyringa betre til eigenarten, strategiane og utfordringane for den einskilde institusjonen. I tildelingsbreva til institusjonane har departementet sett betrakteleg færre nasjonale styringsparametrar, både for å auke handlingsrommet til institusjonane og for å gi tydelegare politiske signal og retning i den overordna styringa.
Sektormåla gjeld alle dei institusjonane og lærestadene som får tildeling eller tilskott frå Kunnskapsdepartementet. Dei omfattar i tillegg andre aktørar med finansiering frå departementet, og som har ulike oppgåver knytte til høgre utdanning og fagskoleutdanning. Sektormåla er i stor grad avhengige av kvarandre.
Måla for den høgre utdanningssektoren:
Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet.
Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking, kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet.
Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping.
Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum.
Innanfor desse sektormåla legg regjeringa særskild vekt på at sektoren prioriterer
auka kapasitet i høgre utdanning, særskilt i profesjonsfaga
auka forskingsinnsats i realfag, teknologifag og profesjonsfag
auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon
Det overordna målet for fagskoleutdanning er at
godkjend fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod
Hovudprioriteringar i 2013
Regjeringa foreslår å løyve 114,7 mill. kroner i 2013 til opptak av nye kull for dei om lag 1 000 nye studieplassane som vart oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012. I tillegg foreslår regjeringa å løyve om lag 178,9 mill. kroner til opptak av nye kull for studieplassane oppretta i samband med budsjetta for 2009 og 2011. Samla gir det om lag 3 250 flere studieplasser i 2013, og totalt over 22 000 fleire plassar i 2017.
Regjeringa foreslår om lag 940 mill. kroner til byggjeprosjekt som er sett i gang i sektoren, og 147,5 mill. kroner til utstyr og inventar til tre byggeprosjekt høvesvis i Bergen, Tromsø og Oslo.
Regjeringa foreslår 18,5 mill. kroner i startløyving til rehabilitering av Urbygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Prosjektet har ei samla kostnadsramme på 368,6 mill. kroner (per juli 2013).
Regjeringa foreslår ei løyving på 30 mill. kroner over tre år for å sikre dei unike vikingsamlingane ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.
Ei av dei viktigaste studentvelferdsoppgåvene til studentsamskipnadene er å tilby studentbustader. Regjeringa foreslår å løyve om lag 250,2 mill. kroner til bygging av om lag 1 000 nye studentbustader i 2013.
Kunnskapsdepartementet vil medverke til å sikre og auke kvaliteten i norsk høgre utdanning og forsking med særleg vekt på profesjonsfaga, og foreslår om lag 70 mill. kroner til tiltak for dette i 2013. Det inneber å styrkje Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) med 10 mill. kroner frå 2013. Vidare omfattar det tiltak for å følgje opp velferdsutdanningane og lærarutdanningane, tiltak for rekruttering til realfag og for å fremme entreprenørskap i høgre utdanning. Departementet foreslår mellom anna å opprette tre nye senter for framifrå utdanning (SFU). Gitt tilfredsstillande kvalitet, tek departementet sikte på at eit av sentra blir retta inn mot oppfølging av Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Det er behov for å styrkje forskinga for helse- og velferdstenestene og samtidig medverke til å auke forskingsforankringa i fagmiljøa som gir helse- og sosialfagleg utdanning. I 2012 vart Forskingsrådets program for praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene etablert. Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012). Kunnskapsdepartementet foreslår å auke tildelinga til programmet med 7 mill. kroner innanfor tildelinga til Forskingsrådet.
Det er òg behov for å styrkje teknologi- og ingeniørutdanningane. Kunnskapsdepartementet foreslår ei eingangsløyving på om lag 27 mill. kroner i 2013 til vitskapleg utstyr for desse utdanningane.
Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 85 mill. kroner til ulike tiltak for å fremme utvikling og kvalitet innanfor andre område som kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid, maritim utdanning, forsking, formidling og likestilling.
Samarbeid, klarare arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) er nødvendig for å medverke til auka berekraft og kvalitet i utdanning og forsking. Regjeringa vil føre vidare 50 mill. kroner til regionale og nasjonale SAK-prosessar.
Felles løysingar og standardar for desentralisert og fleksibel utdanning er ein del av samarbeidet i sektoren. Ny teknologi og læringsmetodar gjer det mogleg å utvikle fagleg samarbeid i nettverk, dele læringsressursar og samkjøre undervisning særleg i små fag. Kunnskapsdepartementet foreslår 15 mill. kroner til vidare utvikling av eCampus i 2013.
Departementet foreslår om lag 70 mill. kroner til tiltak for å stimulere til internasjonalt samarbeid. Det omfattar mellom anna oppfølging av Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika 2012–2015 og av nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning.
Som ei oppfølging av Meld. St. 7 (2011–2012) Nordområdene – visjon og virkemidler foreslår regjeringa ei grunnløyving til Universitetet i Nordland på 10 mill. kroner frå 2013 for å sikre langsiktig og stabil drift ved Nordområdesenteret.
Nedanfor følgjer ei overordna tilstandsvurdering for kvart av dei fem sektormåla for universitets- og høgskolesektoren og for fagskolemålet. Tilstandsvurderinga byggjer mellom anna på den årlege tilstandsrapporten for høgre utdanning, på årlege rapportar og planar frå universitet og høgskolar og andre aktørar i sektoren og andre analysar av og statistikk over sektoren. Sjå òg tabellar i vedlegg 2 og 3 for oversikt over utvikling i ulike indikatorar og nøkkeltal for universitet og høgskolar.
Mål: Universitet og høgskolar skal gi utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med behov i samfunnet
Tilstandsvurdering
Talet på søkjarar til høgre utdanning har stige kraftig i dei seinare åra, med om lag 20,3 pst. frå 2008 til 2012. Det viser tal frå Samordna opptak. Det har vore ein positiv auke innanfor mellom anna teknologi-, realfags-, lærar- og helseutdanningane. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at ungdomskulla vil halde fram med å vekse i åra framover. Det er òg venta at delen av befolkninga som ønskjer å ta høgre utdanning, framleis vil auke.
For å møte denne utviklinga har regjeringa prioritert å auke kapasiteten i høgre utdanning i dei seinare åra, noko som har medverka til ein auke i talet på studentar ved norske universitet og høgskolar. Studieplassane er oppretta i alle delar av landet. Regjeringa har prioritert teknologi-, realfags, lærar- og helseutdanningane, men òg gitt rom for dei strategiske prioriteringane som institusjonane gjer sjølve. Seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 tildelte regjeringa midlar til vel 1 000 nye studieplassar.
Talet på avlagde studiepoeng per student har stige etter innføring av Kvalitetsreforma, og fleire studentar gjennomfører i tråd med sin eigen utdanningsplan. Betre gjennomføring er ein indikasjon på at kvaliteten i utdanninga i hovudsak er god, og at lærestadene følgjer opp studentane på ein god måte. Likevel har mellom anna evalueringar vist at det er kvalitetsutfordringar innanfor einskilde utdanningar.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har evaluert fleire utdanningar i dei siste åra, mellom anna lærar-, ingeniør- og sjukepleiarutdanning. Evalueringane har vist at utdanningane har varierande kvalitet, og at det er behov for utvikling. Som følgje av denne kunnskapen har departementet sett i gang omfattande endringar i dei aktuelle utdanningane. Omlegging av lærarutdanningane har så langt vore vellykka, og departementet følgjer prosessen tett for å medverke til at utviklinga går i riktig retning. Det er utvikla nye rammeplanar for både ingeniørutdanning og barnehagelærarutdanning. Gjennom Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis har regjeringa lagt fram eit solid grunnlag for å ta tak i dei utfordringane som gjeld dei helse- og sosialfaglege utdanningane.
For å sikre kvalitet i utdanninga er det behov for å styrkje tilsynet med dei ulike utdanningstilboda, og sikre at alle institusjonane arbeider godt med sine eigne kvalitetsutviklingsprosessar. NOKUT har ei heilt sentral rolle i kvalitetssikringssystemet i norsk høgre utdanning. Tilsyn er ein viktig del av dette arbeidet.
Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning vart vedteke i 2009. Institusjonane skal i løpet av 2012 innføre kvalifikasjonsrammeverket, det vil seie skildre faga og studieplanane sine ut frå venta læringsutbytte. For kvart studietilbod skal det stillast krav til kva studentane skal ha av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse etter avslutta utdanning. Rammeverket vil såleis gi eit betre utgangspunkt for å vurdere kvaliteten i ulike utdanningar, og for at arbeidslivet betre kan forstå kompetansen til kandidatane. Arbeidet med oppfølging av rammeverket på nasjonalt nivå er ein kontinuerleg prosess.
Kandidatundersøkingar tyder på at relevansen i norsk høgre utdanning i hovudsak er god. Arbeidet med innføring av Råd for samarbeid med arbeidslivet vil venteleg styrkje relevansen av utdanningstilboda ytterlegare, gjennom at institusjonane oppnår eit meir formalisert samarbeid med andre samfunnsaktørar.
Internasjonalisering og internasjonalt samarbeid er òg viktige verkemiddel for betre kvalitet i norsk utdanning. Norsk høgre utdanning blir stadig meir internasjonal. Sidan 2009 er talet på internasjonale fellesgradar dobla. Talet på både inn- og utreisande utvekslingsstudentar er aukande, det same gjeld talet på engelskspråklege studietilbod. Alt dette er i tråd med politikken for internasjonalisering i høgre utdanning, der ein òg legg vekt på betre kopling mellom internasjonalt forskings- og høgre utdanningssamarbeid.
Ikkje berre talet på studentar, men òg talet på uteksaminerte kandidatar har stige i dei siste åra, ved både universiteta og høgskolane. Dei fleste masterkandidatane blir uteksaminerte frå universiteta, men òg ved høgskolane er talet aukande.
Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) skal medverke til profilerte institusjonar og robuste fagmiljø for å leggje til rette for betre kvalitet i utdanning og forsking. I dei siste åra er det skipa nettverk og samarbeid mellom universitet og høgskolar i alle delar av landet. Nokre av prosessane er avgrensa til regionale samarbeidsaktørar, medan andre omfattar institusjonar i mange delar av landet. Samarbeidet omfattar i ulik grad både utdanning, forsking og administrasjon. Siktemålet er i nokre tilfelle samanslåing av institusjonar. I andre tilfelle er siktemålet eit breitt fagleg samarbeid mellom nokre institusjonar, eller eit samarbeid avgrensa til einskilde utdannings- eller forskingsområde som omfattar mange institusjonar. SAK omfattar mange konstellasjonar og tiltak som er i ulike prosessar, og som har oppnådd ulike resultat. For sektoren samla meiner departementet at løyvingane gitt til SAK-prosessane har medverka positivt til meir fagleg samarbeid og mange lokale initiativ. Det er òg større fagleg vilje og engasjement i sektoren for å oppnå klarare arbeidsdeling og konsentrasjon.
Det er framleis nødvendig å styrkje SAK-arbeidet. Profilerte institusjonar med robuste fagmiljø er viktig for at universiteta og høgskolane kan vere attraktive partnarar for samfunnet og oppfylle mandatet som sentrale aktørar i samfunnsutviklinga. Mange institusjonar har eit breiare utdanningstilbod enn det er tilstrekkeleg rekruttering til eller fagleg og økonomisk grunnlag for. Studentgruppene bør vere så store at det gir grunnlag for eit godt læringsmiljø.
Ei vidare styrking av arbeidet med klarare arbeidsdeling og konsentrasjon krev at institusjonane, kvar for seg og saman, har tydelege siktemål, opne prosessar, klare prosedyrar og ein langsiktig strategi.
Den auken i studenttala som er venta å halde fram i fleire år, aktualiserer byggjebehova i universitets- og høgskolesektoren. Formålstenlege bygg er òg ein føresetnad for utdanning av høg kvalitet. Bygningsmassen ved universitet og høgskolar omfattar store økonomiske verdiar. I tillegg er fleire bygg i sektoren kulturhistorisk eigedom og representerer nasjonale verdiar. Delar av bygningsmassen tilfredsstiller ikkje fastsette krav, og fører til at kvaliteten i høgre utdanning og forsking blir svekka. Det er behov for nybygg, oppgradering og rehabilitering av den eksisterande bygningsmassen i sektoren for at han skal vere tilpassa gjeldande krav og situasjon.
Studentbustader er viktige for at alle studentar kan få tilbod om ein rimeleg bustad under utdanninga. I Soria Moria II-erklæringa er det sett som mål å byggje 1 000 studentbustader i året. I dei seinare åra har regjeringa prioritert bygging av studentbustader, og det er løpande oppfølging av bygginga. I 2011 vart det gitt tilsegn om statsstøtte til bygging av 1 054 studentbustader. Det er likevel behov for fleire studentbustader for å møte det aukande talet på studentar, inkludert internasjonale studentar.
Strategiar og tiltak
Kunnskapsdepartementet vil føre vidare studieplassar som vart oppretta i 2009, 2011 og 2012 med opptrapping av nye kull. Samla inneber denne satsinga på nye studieplassar over 22 000 fleire plassar i 2017 når dei er fullt opptrappa. Dette kjem i tillegg til dei studieplassane som vart oppretta i 2006. Sjå kap. 260 post 50 og 70.
Departementet vil framleis følgje med på utviklinga i tilbod om og etterspurnad etter studieplassar, søkning og rekruttering til ulike fagområde. Departementet legg til grunn at universiteta og høgskolane medverkar til å fylle dei plassane som er oppretta, og til å møte nasjonale og regionale behov på område der det er særleg behov.
Departementet vil satse vidare på kvalitetsutvikling av høgre utdanning gjennom å styrkje NOKUT. Tilsynet deira er ein avgjerande del av kvalitetssikring av norsk utdanning, og skal medverke til høg utdanningskvalitet. Sjå nærmare omtale under kap. 280 post 01. Departementet vil arbeide for å få auka kunnskap i institusjonane og i samfunnet om kvaliteten i utdanningane. Den årlege tilstandsrapporten om høgre utdanning er eitt verkemiddel for å medverke til dette.
Styring og leiing av utdanningsverksemda omfattar styret si strategiske planlegging og overordna leiing av den samla studieporteføljen ved institusjonen. Den strategiske gjennomtenkinga av samanhengen mellom FoU-portefølje og studieportefølje ved institusjonen er ein viktig del av denne planlegginga. Departementet vil ha dette som tema i styringsdialogen med institusjonene for å framheve ansvaret til styret for utdanningskvaliteten.
God kopling mellom forsking og utdanning og robuste fagmiljø er viktig for både forskings- og utdanningskvaliteten. NOKUT dokumenterte i ein rapport våren 2012 at tilsette med forskingskompetanse er ein avgjerande føresetnad for å sikre og styrkje utdanningskvaliteten. Kunnskapsdepartementet vil drøfte kva som bør leggjast i omgrepet forskingsbasert utdanning i stortingsmeldinga om forsking, som blir lagd fram i 2013.
Arbeidet med å auke kvaliteten i lærarutdanningane går føre seg kontinuerleg, i departementet og i sektoren. Kvar lærarutdanning skal utgjere ein integrert, forskingsbasert og profesjonsretta heilskap. Pedagogikk, praksisopplæring og fag/fagdidaktikk skal rettast mot dei årstrinna som utdanninga kvalifiserer for. To nye grunnskolelærarutdanningar (GLU) er etablerte. Ny rammeplan for barnehagelærarutdanning skal tre i kraft i 2013. For praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og dei øvrige utdanningane for årstrinna 8–13 er rammeplanane ute til høring hausten 2012. Følgjegrupper for GLU og barnehagelærarutdanninga skal følgje nøye med på utviklingsarbeidet ved institusjonane. Øvrige utdanningar vil òg bli følgde opp.
Samfunnet vil ha stort behov for kompetanse i realfag og teknologi i framtida. Departementet følgjer opp den nye ingeniørutdanninga og realfagsstrategien for å betre rekrutteringa til og kvaliteten på utdanningane og redusere fråfall. Departementet foreslår ei eingangsløyving på om lag 27 mill. kroner i 2013 til investeringar i vitskapleg utstyr for å styrkje teknologi- og ingeniørmiljøa ved universitet og høgskolar.
Regjeringa vil ha særskild merksemd retta mot helse- og sosialfagleg utdanning, som oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Departementet foreslår frå 2013 å opprette tre nye senter for framifrå utdanning (SFU). Gitt tilfredsstillande kvalitet, tek departementet sikte på at eit av sentra blir retta inn mot oppfølging av Meld. St. 13 (2011-2012). I meldinga blir det lansert fleire tiltak som skal sikre at utdanningane blir meir tilpassa den kompetansen som trengst i helse- og velferdstenestene. Særleg er det lagt vekt på at kommunane skal få tilgang på relevant kompetanse av høg kvalitet. I 2013 vil departementet sette i gang arbeidet med å utvikle felles innhald i utdanningane og auke kvaliteten på praksisstudia. Vidare vil arbeidet med rammevilkåra for praksisstudia bli prioriterte. Det tette samarbeidet med andre departement og relevante aktørar i utdannings- og helse- og velferdssektorane vil halde fram.
SAK-politikken skal medverke til at store og små aktørar profilerer seg og utvikler gode fag- og utdanningsmiljø. Departementet stimulerer SAK-arbeidet gjennom ei rekkje grep, gjennom Noregs forskingsråd, gjennom særskild finansiering og etatsstyring.
Departementet meiner at samanslåing av institusjonar er formålstenleg i nokre tilfelle, og vil støtte dei institusjonane som arbeider for dette. Samtidig er det viktig å styrkje faglege nettverk mellom institusjonar som gjer sitt til auka ansvarsdeling og fagleg konsentrasjon. Dette gjer at institusjonane kan utvikle robuste studieporteføljar. Auka samarbeid og profilerte institusjonar medverkar til ei forskingsbasert og relevant utdanning og legg til rette for betre gjennomstrøyming i sektoren. Universitets- og høgskolerådet er ein viktig part i arbeidet med å koordinere gode faglege prosessar.
Rehabilitering av bygg er nødvendig for å føre vidare god kvalitet i høgre utdanning og forsking. Regjeringa foreslår 18,5 mill. kroner i startløyving for rehabilitering av Urbygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Sjå kap. 260 for nærmare omtale av prosjektet.
Det er fleire nye byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren til vurdering. Av desse er seks førte fram til forprosjekt, jf. tabell 2.16 i vedlegg 2. Kunnskapsdepartementet har bestilt prosjektering av sju prosjekt, jf. tabell 2.17 og 2.18 i vedlegg 2. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet foreslår i 2013 ei løyving på om lag 57 mill. kroner på kap. 1580 post 30 til prosjektering av bygg utanfor husleigeordninga for sjølvforvaltande institusjonar, og om lag 118,1 mill. kroner over kap. 2445 post 30 for prosjektering av ordinære bygg innanfor husleigeordninga. I tillegg til dette vil ein del av dei midlane som er foreslått løyvd over kap. 2445 post 32 Prosjektering og igangsetting av kurantprosjekt, bli nytta til prosjektering.
Andre byggjefase av universitetsklinikken i Trondheim, som i hovudsak omfattar bygging av Kunnskapssenteret, skal etter planen stillast ferdig hausten 2013. Finansieringa frå Kunnskapsdepartementet av universitets- og høgskoleareala i universitetsklinikken var ferdig i 2010, jf. Prop. 1 S (2011–2012).
Ved Universitetet i Oslo har planlegginga av eit nytt forskings- og undervisningsanlegg for livsvitskap inkludert kjemi og farmasi vore gjennom ekstern kvalitetssikring (KS1). Regjeringa har bestemt at konvergenskonseptet skal liggje til grunn for den vidare utgreiinga av prosjektet. Alternativet inneber ei samla løysing for kjemi, farmasi og livsvitskap i eit felles anlegg.
Konseptvalsutgreiinga for nytt klinikkbygg for odontologi ved Universitetet i Oslo er framleis under utvikling. Sentrale delar i utgreiinga er etableringa av kompetansesentera til tannhelsetenesta og den faglege arbeidsdelinga mellom desse og Universitetet i Oslo.
Mål: Universitet og høgskolar skal i tråd med eigenarten sin utføre forsking, kunstnarleg og fagleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet
Tilstandsvurdering
Opptrappinga av stipendiatstillingar på 2000-talet har vore ein suksess. Det vart i 2011 avlagt fleire doktorgradar i Noreg enn nokon gong før, og dobbelt så mange som for ti år sidan. Noreg ligg no rett bak Sverige og Finland når det gjeld talet på doktorgradar samanlikna med folketalet. Delen utlendingar som tek norsk doktorgrad, er òg større enn nokon gong. Det er balanse mellom tilbod og etterspurnad etter doktorgradsutdanna i medisin, humaniora og samfunnsvitskap, medan etterspurnaden er større enn tilbodet i MNT-faga (matematikk, naturfag, teknologi), jf. rapporten Etterspørsel etter og tilbud av stipendiatstillinger i Norge frem mot 2020 (2012) frå Universitets- og høgskolerådet og Kunnskapsdepartementet. Sjølv om talet på doktorgradar har auka kraftig, vurderer departementet likevel at det framleis er behov for fleire, særleg i MNT-fag.
Stipendprogrammet for kunstnarleg utvikling er viktig for å auke kompetansen i kunstnerisk verksemd. Saman med prosjektprogrammet for kunstnarleg verksemd utgjer dette ei betydeleg satsing som vekkjer internasjonal merksemd.
Mange norske forskingsmiljø held høg internasjonal kvalitet, og nokre ligg i verdstoppen. Samtidig viser fagevalueringar at det er mange små og fragmenterte fagmiljø i sektoren. Auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) er derfor viktig for å styrkje kvaliteten i forskinga. Departementet ser ei positiv utvikling i FoU-landskapet, med satsing på senter, større forskingsgrupper og meir profilerte institusjonar. Nasjonale forskingssatsingar og SAK-midlane har lagt til rette for samarbeid mellom universitet og høgskolar om ulike forskingsprosjekt, FoU-arbeid og forskarskolar, men departementet meiner at mangel på merksemd om arbeidsdeling framleis er ei utfordring.
Som følgje av nye, komplekse utfordringar og kompetansebehov i helse- og velferdstenestene er det behov for å heve kvaliteten i dei aktuelle utdanningane og betre tenestene. Det må leggjast sterkare vekt på FoU-baserte utdanningar og profesjonsretta forsking innanfor helse- og sosialfaga. Forskinga må medverke til å styrkje forholdet mellom forsking, utdanning og praksis.
Publiseringa i universitets- og høgskolesektoren har auka kraftig sidan 2004, og auka igjen i 2011 etter ei utflating året før. Publiseringsindikatoren har stimulert til stor vekst i publiseringa, samtidig som kvaliteten er halden oppe. Delen artiklar publisert saman med utanlandske forskarar har òg auka kraftig over tid.
Tildelingar frå Noregs forskingsråd til universitets- og høgskolesektoren held seg på om lag same nivå som tidlegare. Desse tildelingane utgjer ein betydeleg del av dei eksterne inntektene, særleg ved dei store universiteta. Inntekter frå EUs rammeprogram for forsking utgjer ein mindre del av inntektene ved norske universitet enn ved universitet i dei andre nordiske landa. Inntekter til universitet og høgskolar frå rammeprogramma har auka i dei seinare åra, særleg frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Det er framleis eit potensial for å auke tildelingane frå EU. I takt med eit endra internasjonalt forskingslandskap har Noreg ei breiare satsing internasjonalt der vi utanom Europa prioriterer samarbeid med USA, Kina, India, Canada, Russland, Japan, Sør- Afrika, Brasil, Chile og Argentina.
Formålstenlege bygg og infrastruktur er ein føresetnad for forsking av høg kvalitet. Særleg i dei eksperimentelle faga er det viktig med tilgang til det fremste innanfor vitskapleg utstyr for å liggje i forskingsfronten. Den nasjonale satsinga på forskingsinfrastruktur er eit viktig verkemiddel for å styrkje kvaliteten i forskinga. Satsinga skal òg auke effektiviteten i norsk forsking gjennom å sikre arbeidsdeling og tilgang til infrastrukturar nasjonalt og internasjonalt. I 2011 har Forskingsrådet oppdatert den nasjonale strategien for forskingsinfrastruktur og Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet gjer store og nasjonalt viktige forskingsinfrastrukturar synlege og skal vere ein rettleiar for framtidige investeringar. Noreg deltek i om lag halvparten av prosjekta på det europeiske vegkartet for storskala forskingsinfrastruktur, ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure), og er vertskap for tre prosjekt. Sjå kap. 285.
Strategiar og tiltak
I tiltakspakken for arbeid i 2009 vart det løyvt midlar til å opprette 57 stipendiatar innanfor MNT-faga. Tiltakspakken var midlertidig og retta inn mot å dempe verknadane på norsk økonomi av internasjonal finansuro. Etter fire år skulle stillingane fasast ut. Forsking i MNT-faga er eit prioritert område for regjeringa, og det er framleis behov for stipendiatar innanfor desse fagområda. Det har òg vore ein kraftig vekst i talet på søkjarar til ingeniør- og teknologiutdanningane. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor innanfor ramma på kap. 260 post 50 å føre vidare stipendiatstillingane innanfor MNT-faga.
Departementet vil føre vidare satsinga på nasjonale nettverksforskarskolar for å knyte stipendiatar innanfor same fagfelt ved ulike institusjonar til eit større fagleg nettverk. Profesjonsfaga vil vere særleg prioriterte, for å møte dei auka behova for forsking i desse utdanningane og leggje til rette for forskingsbasert utdanning. Ambisjonen er å styrkje kvaliteten i doktorgradsutdanninga, auke gjennomstrøyminga og få fleire til å fullføre.
Departementet foreslår å føre vidare satsinga på nasjonale FoU-program i Noregs forskingsråd knytte til utdanningsforsking, regional utvikling og innovasjon, musea og dei strategiske høgskoleprosjekta. Satsinga på Program for kunstnarleg utviklingsarbeid blir òg ført vidare.
Delen av befolkninga som er eldre aukar, og vi treng meir kunnskap om helse- og velferdstenestene og om utdanningane innanfor feltet. I 2012 vart Forskingsrådets program for praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene etablert. Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. For å medverke til å heve kvaliteten i helse- og velferdssektoren og dei aktuelle utdanningane foreslår Kunnskapsdepartementet å auke tildelinga til programmet. Sjå kap. 285 post 52 under programkategori 07.70 Forsking.
Med auka tal for publisering er det viktig å sørgje for kvalitet. Internasjonalt samarbeid med større merksemd på sampublisering og gode forskingsvilkår er viktige føresetnader for meir publisering av høgre kvalitet. Departementet legg vekt på at institusjonane gjer interne prioriteringar for å ta omsyn til gode forskingsvilkår. Samanhengande tid til forsking er av stor betydning.
Noregs forskingsråd skal medverke til å styrkje kvaliteten i norsk forsking og sikre at samfunnsbehova for forsking blir møtte. Forskingsrådet skal òg medverke til eit velfungerande forskingssystem og til god utnytting av forskingsressursane gjennom aktivitetar og verkemiddel som gjer sitt til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon. Forskingsrådet skal vidare medverke til å sikre langsiktig finansiering av grunnleggjande forsking og medverke til å løyse dei store samfunnsutfordringane. Departementet stimulerer universitet og høgskolar til å søkje midlar frå Forskingsrådet gjennom finansieringssystemet. Samtidig blir midlar til ulike tematiske satsingar og dei frie konkurransearenaene førte vidare. Institusjonane bør leggje til rette for eit godt samspel mellom sine eigne strategiar og prioriteringar og dei mange verkemidla gjennom Noregs forskingsråd. Sjå kap. 281 post 50.
Kunnskapsdepartementet legg vekt på internasjonalisering av forsking for å styrkje kvalitet, mobilitet og samhandling. Det vil vere viktig for sektoren å medverke til og sjå moglegheiter for samarbeid om arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon som kan medverke til at dei òg hevdar seg internasjonalt. Viktige element i dette er norsk deltaking i det europeiske forskingssamarbeidet.
Internasjonalt forskingssamarbeid gir norske forskingsmiljø tilgang til den internasjonale forskingsfronten. Dette er avgjerande for å sikre høg kvalitet på den nasjonale forskinga, og for at vi skal kunne ta i bruk kunnskap frå utlandet og slik utvikle velferdssamfunnet og auke verdiskapinga i Noreg. Departementet stimulerer universitet og høgskolar til å søkje EU-midlar i finansieringssystemet, og gjennom Noregs forskingsråd. Det er vesentleg at norske universitet og høgskolar nyttar dei moglegheitene som rammeprogramma i EU gir for større deltaking i internasjonalt samarbeid og auka finansiering av forsking.
Departementet vil føre vidare satsinga på forskingsinfrastruktur i tråd med det nasjonale vegkartet. Internasjonalt samarbeid om etablering av tung infrastruktur for forsking blir stadig viktigare. Noreg vil framleis vere involvert i fleire prosjekt i vegkartet for stor europeisk forskingsinfrastruktur, ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure). Sjå programkategori 07.70 Forsking og kap. 285.
Mål: Universitet og høgskolar skal vere tydelege samfunnsaktørar og medverke til internasjonal, nasjonal og regional utvikling, formidling, innovasjon og verdiskaping
Tilstandsvurdering
Samspelet mellom forsking, innovasjon og utdanning er nødvendig for å sikre kunnskapsoverføring frå institusjonane til samfunnet. Det er framleis behov for at universiteta og høgskolane styrkjer orienteringa si og tilpassar verksemda til samfunnet rundt. Det er fleire prosessar i gang i sektoren for å komme dette i møte. Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) skal formalisere samarbeidet mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet. I råda skal ein mellom anna diskutere utvikling av etter- og vidareutdanning i tråd med behova i samfunnet. Målet er å skape meir relevante utdanningar for regionalt og nasjonalt arbeidsliv. Kandidatane er det viktigaste bidraget frå universiteta og høgskolane for å overføre kunnskap til samfunnet. Institusjonane arbeider no med å opprette råda og å utvikle strategiar for samarbeid med arbeidslivet.
Nordområdesenteret er ein del av Universitetet i Nordland og driv verksemd innanfor hovudområda forsking, utdanning og kunnskaps- og kompetanseformidling overfor samfunns- og næringsliv. Som ei oppfølging av regjeringa si nordområdesatsing foreslår Kunnskapsdepartementet å styrkje løyvinga til Universitetet i Nordland for å sikre langsiktig og stabil drift ved Nordområdesenteret.
Universitet og høgskolar formidlar resultat frå forskinga i stort omfang og i mange ulike kanalar. Det er ikkje noko som tyder på at formidlinga blir hemma av manglande insentiv i finansieringssystemet. Delen ope tilgjengelege vitskaplege artiklar auka kraftig i 2011, men frå eit lågt nivå.
Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) er verksemd som ikkje er finansiert gjennom løyvinga frå Kunnskapsdepartementet, Noregs forskingsråd eller forskingsfinansieringa frå EU. Ho spenner over alt frå grunnforsking til etter- og vidareutdanning, og kjeldene er alt frå lokalt næringsliv til internasjonale konsern og lokale, regionale og nasjonale myndigheiter. Omfanget av BOA indikerer den relevansen institusjonane har for aktørar på ulike nivå i samfunnet rundt. Delen BOA-inntekter av totale driftsinntekter har gått svakt ned i dei siste åra. Sett i samanheng med ambisjonen om auka orientering mot samfunnet burde universitet og høgskolar ha potensial for å auke desse inntektene. Det gjeld inntekter frå forsking så vel som frå etter- og vidareutdanning.
Resultata frå kommersialisering av forskinga viser at talet på forretningsidear og nye føretak gjekk noko ned i 2011 samanlikna med året før. Sett i eit lengre perspektiv har likevel talet både på idear og føretak auka kraftig.
Strategiar og tiltak
Departementet er oppteke av betre samhandling og kontaktflate mellom høgre utdanningsinstitusjonar, næringsliv og relevante samfunnsaktørar. Dette må vere ein integrert del av strategiane til institusjonane slik at dei gir betre deling og flyt av kunnskap.
Departementet er oppteke av at forretningsidear skal nyttast betre i form av nye selskap og fleire lisensieringar og patent. Departementet vil føre vidare FORNY2020 som eit viktig verkemiddel for å kommersialisere og formidle forskingsresultat til samfunnet.
Synleggjering av forsking og formidling av forskingsresultat både i tradisjonelle kanalar og i nye medium er avgjerande for å nå ut til eit breitt publikum. Dette er òg viktig for forståing av og interesse for forsking i folket. Forskingsinformasjonssystemet CRISTIN er etablert mellom anna for å stille saman informasjon om norsk forsking ut frå prinsippet om open tilgang for alle. Sjå kap. 280 post 51.
Departementet vil peike på at arbeidet for å styrkje inntektene frå bidrags- og oppdragsfinansiert verksemd (BOA) heng saman med utviklinga av universitet og høgskolar som samfunnsaktørar og den samfunnsrolla dei tek. Større inntekter frå bidrag kan òg representere eit potensial for å styrkje kjerneverksemda og dermed underbyggje eigne faglege strategiar ved institusjonane. Departementet er oppteke av at institusjonane held fram med å utarbeide gode rutinar knytte til BOA, og slik auke både samspelet med samfunnet rundt og eksterne inntekter.
Mål: Universitet og høgskolar skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsrolla si
Tilstandsvurdering
Styringsdialogen mellom departementet og dei statlege universiteta og høgskolane er endra i dei siste åra og er no prega av meir dialog om langsiktige perspektiv, strategisk utvikling og profil.
Frå 2012 fastsette departementet ny målstruktur for universitet og høgskolar for å gi dei større handlingsrom og sjølvstendig ansvar for å tilpasse mål- og resultatstyringa betre til eigenarten og strategiane for den einskilde institusjonen. Ny målstruktur inneber ein vesentleg delegasjon frå departementet ved at institusjonane sjølve skal definere verksemdsmåla sine og setje eigne styringsparametrar. Dette skal gi eit tydelegare bilete av profil, satsingar og utfordringar som institusjonane har. Departementet vurderer at Noreg er best tent med profilerte institusjonar i ein robust og mangfaldig sektor. Profil kan innebere ulik fagleg profilering, men òg differensiering av oppgåver ved at ulike institusjonar tek ulike roller.
Prosessen med å utarbeide ein målstruktur tilpassa den einskilde institusjonen er eit omfattande og krevjande strategisk arbeid. Dei fleste institusjonane er godt i gang med prosessen og vil fastsetje nye verksemdsmål og styringsparametrar for 2013.
Kompetansen til det faglege personalet er avgjerande for kvaliteten i forsking og utdanning, og er ein grunnleggjande føresetnad for at sektoren skal nå måla sine. Samtidig er god personalpolitikk ein viktig føresetnad for å rekruttere og halde på høgt kvalifisert personale. Ved dei eldste universiteta er det allereie eit høgt kompetansenivå, og det har skjedd ei kraftig heving av kompetansen ved nye universitet og høgskolar i dei ti siste åra.
Universitet og høgskolar er i dag attraktive arbeidsplassar for dei som har avlagt doktorgraden, sjølv om einskilde små institusjonar i distrikta har vanskar med å rekruttere kvalifisert personale. Dei gode arbeids- og tilsettingsforholda under doktorgradsutdanninga gjer òg at Noreg er ein attraktiv studiestad for utanlandske doktorgradskandidatar, særleg på fagområda naturvitskap og teknologi. Dette er fagområde som har utfordringar knytte til rekruttering av norske søkjarar.
Delen mellombelse tilsettingar er framleis for høgt ved universitet og høgskolar. Kvinner er framleis underrepresenterte i faglege toppstillingar, sjølv om delen kvinner blant professorar har auka med om lag eit prosentpoeng for kvart år i dei siste ti åra.
Gode administrative tenester ved universitet og høgskolar støttar opp under kvaliteten i utdanning, forsking og formidling. Sjølv om økonomiforvaltninga i sektoren er god og i positiv utvikling, er det framleis mogleg å forbetre denne. Nokre institusjonar har òg særskilde utfordringar. Departementet vurderer at det spesielt blant dei mindre institusjonane er behov for å etablere fellesfunksjonar eller felles innkjøp av tenester. På mange av dei administrative områda blir administrasjonane for små til å vere kostnadseffektive og til å levere tenester av høg nok kvalitet. Det er behov for meir samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon på det administrative området for å sikre tenester av høg kvalitet og utnytte ressursane betre.
Informasjonstryggleik er framleis ei stadig større utfordring i statleg forvaltning som følgje av stadig meir komplekse omgivnader. Framleis har mange av universiteta og høgskolane komme for kort i arbeidet med å få på plass retningslinjer, system og kontrolltiltak for informasjonstryggleik.
Som eit ledd i samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap, jf. Innst. S. nr. 176 (2007–2008) og St.prp. nr. 30 (2007–2008) Framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole, oppnemnde Kunnskapsdepartementet i 2010 eit fellesstyre for det nye universitetet på Ås. Fellesstyret har arbeidd med å definere samfunnsoppdrag, visjon, namn, visuell profil, styrings- og leiingsordning, fagleg organisering og strategisk plan. I tillegg har fellesstyret gitt innspel til prosjekteringa av nybygg på Ås.
Strategiar og tiltak
God verksemdsstyring inkludert langsiktig økonomisk planlegging er viktig for at den einskilde institusjonen og sektoren samla skal nå måla sine. Departementet vil utvikle styringsdialogen vidare og leggje vekt på at han skal spegle det ansvaret institusjonane har for si eiga styring og utvikling. På bakgrunn av dette tek departementet frå 2013 sikte på å halde etatsstyringsmøte med styret ved den einskilde institusjonen annakvart år.
I styringsdialogen med institusjonane vil departementet vere oppteke av at den einskilde institusjonen har verksemdsmål som tydeleggjer eigenarten, utfordringane og utviklingsstrategiane til institusjonen. I tillegg skal summen av verksemdsmåla i sektoren vere tilstrekkeleg for å oppfylle sektormåla og dei nasjonale prioriteringane regjeringa har for sektoren.
Utvikling av ein god politikk for rekruttering og arbeidsmiljø er i all hovudsak ei oppgåve for den einskilde utdanningsinstitusjonen. Ansvaret til departementet ligg i overordna tilrettelegging og regelverk. Departementet følgjer utviklinga på feltet, og har dialog med institusjonane og Universitets- og høgskolerådet (UHR) om politikken og behova på området.
Departementet meiner universitets- og høgskolesektoren må redusere talet på mellombelse tilsetjingar. Departementet har utforma ein styringsparameter for dette i målstyringssystemet og tek opp problemstillinga i styringsdialogen med sektoren.
Universiteta og høgskolane skal medverke til eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv. Likestilling blir teke opp i styringsdialogen, og departementet krev at universiteta og høgskolane har handlingsplanar for likestilling. Den treårige prøveordninga med insentiv for tilsetjing av kvinner i høgre vitskaplege stillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag vil bli forlengd med eitt år og vil verke i 2013 medan ein ventar på ei evaluering av ordninga. Sjå nærmare omtale i del III kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering, og kap. 281 post 01.
Rapporteringa frå institusjonane er viktig for å sikre innsyn i og kunnskap om utviklinga og resultata i sektoren. På bakgrunn av evalueringa av rapporteringa frå underliggande verksemder i 2011 har departementet sett i gang eit arbeid om nivået på rapporteringa frå sektoren, både rapporteringa institusjonane treng til den interne styringa si, og rapporteringa til departementet.
Auka standardisering og digitalisering gjer det mogleg å konsentrere den administrative oppgåveløysinga i sektoren. Departementet støttar SAK-prosessar som medverkar til god administrativ samordning mellom institusjonane, gjennom å etablere administrative løysingar baserte på arbeidsdeling og konsentrasjon.
Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å ta i vare tryggleiken i IKT-infrastrukturen i sektoren, og for at det førebyggjande arbeidet med IKT-tryggleik i sektoren er tilfredsstillande. Departementet har bede UNINETT AS opprette eit sekretariat for informasjonstryggleik og beredskap. Sekretariatet skal tilby råd og tenester til institusjonane som til dømes å gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar, etablere internkontrollsystem for informasjonstryggleik og gjennomføre revisjonar, og koordinere aktivitetar knytte til kritiske system.
Arbeidet med samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap og byggjeprosjektet på Ås held fram. Fellesstyret for det nye universitetet har som mål at den organisatoriske samanslåinga skal vere ferdig i god tid før nybygg på Ås står klart. Fellesstyret føreset likevel at samorganisering skjer etter at startløyving for nybygg er vedtatt. Administrasjonen ved dei to institusjonane deltek no i eit omfattande prosjekt for å få på plass ein operativ, felles administrasjon frå tidspunkt for samanslåing.
Mål: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø skal byggje opp, drive og halde ved like museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum
Tilstandsvurdering
Samlingane ved universitetsmusea inneheld objekt av stor nasjonal og internasjonal verdi. Den strategiske forskingssatsinga ved universitetsmusea gjennom Noregs forskingsråd medverkar til å utvikle musea når det gjeld forsking, formidling og bevaring.
I to rapportar frå Riksrevisjonen til Stortinget, seinast våren 2008, og i St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale blir det peikt på at statusen for sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea ikkje er tilfredsstillande. Situasjonen for sikring og bevaring av samlingane har betra seg ved musea i dei seinare åra, grunna både tiltak i eksisterande lokale og leige av eksterne magasinlokale. Musea har gjennom fleire år fått ekstra løyvingar frå Kunnskapsdepartementet for å betre magasintilhøva. Fleire av utfordringane for sikring og bevaring kan ikkje løysast innanfor den bygningsmassen universitetsmusea har i dag.
Eit internasjonalt ekspertutval vart sett ned av Kunnskapsdepartementet i 2010 for å vurdere risiko, skade og kostnad knytte til ei mogleg flytting av vikingskipa og dei alunkonserverte gjenstandane. Arbeidet omfatta òg ei risikovurdering av den planlagde tomta i Bjørvika. Utvalet konkluderer med at vikingskipa ikkje kan flyttast frå Bygdøy. Utvalet understrekar òg at skipa og gjenstandane er unike i verdssamanheng, og at det er nødvendig å sikre og konservere dei på ein betre måte.
Strategiar og tiltak
Regjeringa foreslår 30 mill. kroner over tre år til Universitetet i Oslo for å setje i verk tiltak for å sikre og bevare vikingsamlingane ved Kulturhistorisk museum. Sjå omtale under kap. 260 post 50.
Departementet vil føre vidare satsinga på forsking ved musea gjennom Noregs forskingsråd og slik bevare viktig kompetanse, og samtidig redusere talet på mellombelse stillingar. Vidare satsing på forsking ved musea vil òg gi betre vilkår for samarbeid mellom musea og relevante fagmiljø ved andre delar av universiteta.
Universiteta må framleis prioritere ressursar for å betre tilhøva for sikring og bevaring av samlingane ved musea, gjennom å betre tilhøva i eksisterande lokale eller leige av mellombelse lokale til nye er på plass. Det er avgjerande for å sikre og bevare samlingane som forskingsobjekt for framtida.
Det er sett i gang planar for utbetring av byggfasilitetar ved alle dei fem institusjonane som har universitetsmuseum. Statsbygg har fått i oppdrag å planleggje nye magasin og utstillingslokale som skal gi betre høve for utstillingar og for sikring, bevaring og tilgang til samlingane. Ferdig skisseprosjekt ligg føre for Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Statsbygg har fått i oppdrag å planleggje nye lokale for Vitskapsmuseet i Trondheim. Statsbygg arbeider òg med planar om eit nytt magasinbygg i Breivika for Universitetsmuseet i Tromsø. Universitetet i Oslo har sett i gang arbeid med å vurdere behovet for rehabilitering, utviding og magasin for Naturhistorisk museum. Magasinforholda er foreløpig betra gjennom mellombels leigekontrakt på Økern.
I 2013 vil Kunnskapsdepartementet halde fram med arbeidet med byggjeprosjekta ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Kunnskapsdepartementet vil i det vidare arbeidet leggje til grunn at vikingskipa ikkje kan flyttast frå Bygdøy. I samråd med Universitetet i Oslo vil Kunnskapsdepartementet vurdere ei løysing for resterande delar av Kulturhistorisk museum.
Mål: Godkjend fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod
Tilstandsvurdering
Fagskoleutdanning er viktig for å sikre korte, yrkesretta tilbod som er tilpassa ny teknologi og nye trendar og krav i arbeidslivet. Fagskoleutdanning byggjer på fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Nær 60 pst. av fagskolestudentane blir tekne opp på bakgrunn av yrkesfagleg kompetanse.
Departementet har oppretta Database for statistikk om fagskoleutdanning (DBH-F), og eit forum for fagskolestatistikk. Databasen var på plass hausten 2011, som òg er året for første rapportering. Rapporteringa for private og offentlege fagskolar er lik. Forum for fagskolestatistikk vil ha sekretariatet i Database for høgre utdanning (DBH), som har fått oppdraget med å utvikle og drifte DBH-F. Tilstandsvurderinga under er gitt på grunnlag av den første rapporteringa frå fagskolane til DBH-F.
Det er i dag tre kjelder til finansiering av fagskolar. I 2012 vart det fordelt om lag 372 mill. kroner gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane, 80 mill. kroner som øyremerkt tilskott til helse- og sosialfaglege fagskolar gjennom Helsedirektoratet, og om lag 57 mill. kroner over kap. 276 post 72 til 15 fagskolar med utdanningstilbod i fag som mellom anna kunst og film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk. Sjå kap. 276 post 72.
Det var i 2011 totalt 121 offentlege og private fagskolar registrerte i DBH-F, som samla dekkjer eit stort spekter av utdanningar innanfor ei rekkje fagfelt. Fagskolane hadde til saman 904 aktive utdanningstilbod hausten 2011.
Om lag 60 pst. av fagskolane er private. Nærmare halvparten av fagskolane er lokaliserte i austlandsområdet, og om lag 85 pst. av utdanningstilboda er stadbasert undervisning. Delen stadbasert og fjern- eller nettundervisning er tilnærma lik ved offentlege og private fagskolar.
Samla er det 14 812 fagskolestudentar i 2011. Fagskolane uteksaminerte om lag 5 800 fagskolekandidatar i 2011, og av desse var 51 pst. menn og 49 pst. kvinner.
Nasjonalt opptakskontor for fagskolen administrerer opptaket for dei fylkeskommunale fagskolane. Frå 2011 til 2012 auka søkjartala for desse fagskolane frå om lag 3 700 til 4 100, eller med om lag 12 pst. Det var i 2011 om lag 5 400 registrerte studentar i fylkeskommunal teknisk og maritim fagskoleutdanning.
Departementet har i 2012 òg fått utført ei kandidatundersøking blant fagskolestudentar, gjennomført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Dette for å få meir kunnskap om mellom anna kva slags hovudaktivitet fagskolekandidatane er engasjerte i etter å ha gjennomført ei fagskoleutdanning. Resultata viser at kandidatar i helse- og sosialfag, naturvitskaplege og tekniske fag, samferdsels- og tryggleiksfag og økonomisk-administrative fag i all hovudsak er yrkesaktive. Om lag ein av fire fagskolekandidatar studerer vidare etter fagskolen, dei fleste på heiltid. Rapporten viser òg at tre av fire fagskolestudentar er nøgde eller særs nøgde med den relevansen utdanninga har for arbeidslivet.
Departementet har medverka til å opprette Fagskolerådet frå 2010, som er eit nasjonalt råd for fagskoleutdanning. Med det har fagskolane fått eit eige forum og eit kontaktpunkt mot Kunnskapsdepartementet og andre nasjonale instansar. Med den endringa i fagskolelova som vart vedteken i desember 2010, jf. Innst. 64 L (2010–2011) og Prop. 161 L (2009–2010), fekk departementet heimel til å gi forskrift om eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk om ulike kvalitetsfremmande tiltak i fagskoleutdanning.
Departementet har medverka til at det i april 2012 vart etablert ein eigen studentorganisasjon for fagskolestudentar, Organisasjon for norske fagskolestudentar. Organisasjonen skal representere alle fagskolestudentar, ved både offentlege og private fagskolar.
Strategiar og tiltak
Regjeringa har vurdert dei gjeldande finansieringsordningane for fagskolane. Sidan forvaltningsreforma berre har virka frå 2010, er det for tidleg å fastslå om sterke og svake trekk ved ordningane er av varig karakter. Regjeringa har i samband med Innst. O. nr. 30 (2008–2009) og Ot.prp. nr. 10 (2008–2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv. lagt opp til å sjå tidspunkt for innlemming av midlane til dei helse- og sosialfaglege fagskolane i inntektssystemet til fylkeskommunane i samanheng med Omsorgsplan 2015. Regjeringa meiner derfor at 2016 står fram som eit naturleg tidspunkt for ei mogleg omlegging av finansieringa av fagskolane. Regjeringa vil hauste erfaringar og hente inn ny kunnskap fram mot kommuneproposisjonen for 2016. Det vil årleg bli vurdert om det er tenleg med justeringar innanfor gjeldande ordningar.
Departementet vil halde fram med utviklinga av DBH Fagskolestatistikk. Departementet arbeider òg med ein gjennomgang av fagskolelova. Formålet med dette er mellom anna å styrkje rettane til fagskolestudentane.
Kap. 260 Universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Statlege universitet og høgskolar | 24 140 650 | 25 102 667 | 26 451 926 |
70 | Private høgskolar | 881 423 | 984 391 | 1 087 015 |
Sum kap. 260 | 25 022 073 | 26 087 058 | 27 538 941 |
Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar
Mål for 2013
Måla for den høgre utdanningssektoren samla sett er gitt i kategoriinnleiinga.
Rapport for 2011
Stortinget løyvde til saman om lag 25 mrd. kroner til universitet og høgskolar i 2011 over kap. 260 post 50 og 70. Nedanfor følgjer eit oversyn over resultata av den totale løyvinga til sektoren, innanfor dei fem sektormåla.
For rapportering for 2011, sjå òg tabellar i vedlegg 2 og 3.
Mål: Utdanning av høg internasjonal kvalitet
Kapasitet i utdanninga
Talet på søkjarar til høgre utdanning har auka monaleg i dei siste åra. Tal frå Samordna opptak (SO) våren 2011 viste ein auke på 5 200 søkjarar samanlikna med 2010. I tillegg var det stigning i talet på søkjarar gjennom lokale opptak. Departementet har særleg engasjert seg i auka rekuttering til helse-, lærar-, realfags- og teknologiutdanningane, og vi ser ei større søkning til desse utdanningane i dei siste åra. Gjennom budsjettet for 2011 tildelte departementet midlar til om lag 2 200 nye studieplassar. Det medverka til at institusjonane kunne møte den auka tilgangen på studentar hausten 2011.
I 2011 var det i snitt om lag 2,1 søkjarar per utlyst studieplass. Det er framleis slik at lærestader i og nær dei større byane har best søkning. Lærestader i Oslo har om lag tre førstevalssøkjarar for kvar plass. Ved fleire lærestader i dei nordlegaste fylka var det i 2011 kring ein søkjar per plass.
Hausten 2011 var det registrert om lag 218 000 eigenfinansierte studentar i høgre utdanning, ifølgje tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Det er ein auke på om lag 11 000 studentar frå 2010. Auken kan sjåast i samanheng med veksten i ungdomskulla og regjeringa si tildeling av nye studieplassar frå 2009.
Talet på uteksaminerte kandidatar har stige. I 2011 vart det uteksaminert litt over 2 000 fleire kandidatar enn året før. Det har samanheng med oppretting av fleire studieplassar, auka studentopptak og betre gjennomstrøyming. Fleirtalet av masterkandidatane blir uteksaminerte frå universiteta. Dette talet er stigande, men òg talet på masterkandidatar frå høgskolane har vakse. Om lag 7 900 kandidatar på mastergradsnivå vart uteksaminerte frå universiteta i 2011. Frå høgskolane kom om lag 1 300 masterstudentar. Det vart uteksaminert om lag tolv kandidatar i snitt for kvart masterprogram i 2011 ved universiteta. Tilsvarande tal for høgskolane var ni. Talet på kandidatar for kvart masterstudium varierer mykje frå lærestad til lærestad.
Det blir årleg oppretta mange nye studietilbod ved universitet og høgskolar. I 2011 var dette talet likevel mindre enn året før. I tillegg vart fleire tilbod vedteke avvikla i 2011 enn i 2010. Talet på program med registrerte studentar har halde seg relativt stabilt i dei siste åra. Dette tyder på at ikkje alle program som er vedtekne oppretta, blir sette i gang. Ein netto auke i talet på studieprogram tyder likevel på eit behov for meir fagleg konsentrasjon. Om lag 60 pst. av studentane er på ordinære studieprogram; av desse er høvesvis 46 pst. på bachelor- og 15 pst. på masterprogram. Talet på bachelor- og mastergradsprogram aukar, medan talet på årskurs og korte program går litt ned.
Kvalitet i utdanninga
Talet på studiepoeng per student har stige i dei siste åra. Studentar ved høgskolane tek fleire studiepoeng enn studentar ved universiteta. Fleire studentar enn tidlegare gjennomfører dessutan studia sine i samsvar med avtalt utdanningsplan. I 2011 vart 86,1 pst. av planlagde studiepoeng avlagde, mot 83,6 pst. i 2008. Dette er tal som tek omsyn til at mange studentar tek utdanning på deltid.
Omlegging i DBH frå aggregerte data til individdata gir nye studenttal som er betre eigna til å måle gjennomføring, fråfall og flytting mellom institusjonane. 41 pst. av dei studentane som vart tekne opp på ei bachelorutdanning i 2008, hadde avlagt graden tre år etter ved same institusjon. Av masterstudentane hadde 36 pst. fullført graden ved same institusjon to år etter opptak. 30 pst. av bachelorstudentane og 47 pst. av masterstudentane var framleis registrerte som studentar ved same institusjon. Det kan vere ulike grunnar til at studentar ikkje fullfører på normert tid eller sluttar på eit studium. Departementet arbeider vidare med å få fram meir fullstendige tal. For sektoren under eitt bør ein likevel framleis kunne vente ei forbetring.
Kandidatundersøkingar tyder på at relevansen i norsk høgre utdanning i hovudsak er god. Mellom anna svarer mange kandidatar at dei får relevant jobb etter endt utdanning. Det er òg svært låg arbeidsløyse blant kandidatar frå høgre utdanning. I dei siste åra har departementet likevel lagt vekt på tiltak som kan styrkje relevansen i utdanningane. Institusjonane skal frå 2011 ha etablert Råd for samarbeid med arbeidslivet for blant anna å formalisere samarbeidet med andre samfunnsaktørar, og er i ferd med å implementere kvalifikasjonsrammeverket.
Forskingsbasert utdanning medverkar til auka kvalitet, relevans og internasjonalisering av studia. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har starta eit arbeid med å analysere korleis FoU-basert utdanning er realisert i den praktiske undervisninga og rettleiinga. I 2011 vart òg det første senteret for framifrå utdanning (SFU) etablert i Noreg. FoU-basert utdanning er sentralt i dette arbeidet.
I den siste Kvalitetsbarometerundersøkinga frå NOKUT framgår vurderingar frå både studentar og fagleg tilsette. Fagleg tilsette gir den mest positive vurderinga av den faglege og pedagogiske kompetansen til lærargruppa, innhald og arbeidsformer i studia, og i sluttvurderinga av studentane. Studentane på si side gir gjennomgåande svak vurdering av undervisning, rettleiing og eksamensformer. Seminar med lærar, forelesingar og individuelt skriftleg arbeid blir vurderte som dei mest læringseffektive arbeidsformene.
Internasjonalisering av utdanninga
Departementet legg stor vekt på internasjonale fellesgradar som kvalitetsfremmande tiltak. Talet på internasjonale fellesgradar ved norske universitet og høgskolar har auka frå 15 i 2009 til 31 i 2011. Meir enn halvparten av alle fellesgradane er eit resultat av EUs program for utdanningssamarbeid, Erasmus Mundus. Utlysingar i 2012 i oppfølginga av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vil venteleg gi ein vidare auke i talet på fellesgradar.
Frå 2008 til 2011 har det vore ein auke i talet på engelskspråklege utdanningstilbod. Slike tilbod er viktige for å trekkje til seg utanlandske studentar. I 2011 vart det gitt tilbod om meir enn 200 engelskspråklege mastergradsutdanningar ved norske lærestader.
Talet på innreisande utvekslingsstudentar som tek delar av utdanninga i Noreg og får ho innpassa i graden ved institusjonen i heimlandet, har auka frå om lag 4 800 til nesten 6 000 i perioden 2008–10. I dei siste åra har dei fleste utvekslingsstudentane komme frå Tyskland, følgde av dei frå Frankrike og Spania.
Talet på studentar med utanlandsk statsborgarskap aukar. Dette er ei samansett gruppe der nokre har varig opphald i Noreg, medan andre er i landet for å ta utdanning. I perioden 2008–11 har talet på utanlandske studentar stige frå 13 500 til 17 800, og utgjer no om lag åtte pst. av den totale studentmassen. Delen varierer likevel mykje mellom lærestadene frå eit par pst. til om lag 20 pst. I 2011 er russarar og svenskar dei største gruppene med utanlandsk statsborgarskap, følgde av tyskarar og kinesarar.
Talet på utreisande utvekslingsstudentar frå Noreg aukar. I 2011 var det nesten 5 600 studentar som tok delar av utdanninga ved ein utanlandsk lærestad gjennom samarbeidsavtalar med utenlandske partnarar. Studentar ved statlege vitskaplege høgskolar reiser i størst grad ut, færrast ved statlege og private høgskolar. I tillegg tek ein stor del studentar delstudium i utlandet utanfor samarbeidsavtalar. I perioden 2011–12 fekk over 8 000 studentar støtte gjennom Lånekassen til å ta delstudium i utlandet.
I 2011 var det om lag 14 000 norske studentar som tok ein heil grad ved ein utanlandsk lærestad. Den største enkeltgruppa er medisinstudentane, følgde av studentar i økonomi og administrasjon.
Samla tyder indikatorane at norsk høgre utdanning blir stadig meir internasjonal, noko som òg var ambisjonen i St.meld. nr. 14 (2008–2009).
Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK)
SAK-strategien vart etablert etter utgreiinga til Stjernø-utvalet, jf. NOU 2008: 3 Sett under ett, som eit svar på utfordringane knytte til institusjonsstruktur og samhandlingsmønster i universitets- og høgskolesektoren. Strategien omfattar tiltak og prosessar som skal skape meir profilerte institusjonar og robuste fagmiljø og gi høgre kvalitet og større mangfald i utdanning og forsking, men med utgangspunkt i frivillige prosessar, og ikkje sentralt styrte strukturreformer.
Departementet har støtta SAK-prosessane med særskilde løyvingar som skal stimulere til utvikling og kvalitetsheving i universitets- og høgskolesektoren, basert på frivillige prosessar og lokalt eigarskap.
Mål- og resultatstyring ligg til grunn når resultata av tiltak og prosessar innanfor SAK-strategien skal vurderast og følgjast opp. Det er òg nødvendig å evaluere strategien for å kunne måle framdrift og resultat av dei prosessane institusjonane har teke initiativ til. Desse prosessane har oftast langsiktige mål. Departementet legg derfor eit breitt og langsiktig perspektiv til grunn ved vurderinga av tiltaka, og vil sjå på utviklinga over fleire år. Av same grunn vil vurderinga ikkje vere avgrensa til tiltak som har fått særskilde løyvingar under SAK-strategien, men òg inkludere andre tiltak som har gitt positive resultat når det gjeld profilering, etablering av robuste fagmiljø og ei meir slagkraftig kunnskapsforvaltning i sektoren regionalt og nasjonalt.
Evaluering av SAK
Som i andre land går utviklinga i Noreg mot færre og større utdanningsinstitusjonar. Departementet vil peike på at SAK-midlane har medverka til finansiering av fleire større regionale prosessar i sektoren. Nokre prosessar har ført til positive resultat, medan andre enno ikkje har ført heilt fram til målet. I tillegg har midlane medverka til SAK-prosessar på tvers av institusjonar innanfor ulike fagområde. I dokumentet Tilstandsrapport for høyere utdanningsinstitusjoner 2011 har departementet vurdert SAK-strategien nærmare.
I statsbudsjettet for 2011 vart det løyvt til saman 50 mill. kroner i SAK-midlar. Eit tilsvarande beløp vart løyvt i budsjetta for 2010 og 2012. Hovuddelen av midlane vart fordelte til større regionale SAK-prosessar der fleire institusjonar er involverte.
Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus slo seg saman 1. januar 2011 og fekk midlar for å utvikle den nye institusjonen, som blir ein av dei største i Noreg. Det vart òg gitt midlar til fusjonsprosessen mellom Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole og fusjonsprosessen mellom NLA Høgskolen, Høgskolen i Staffeldtsgate og Mediehøgskolen Gimlekollen. Dei tre private høgskolane har vedtak om fusjon frå 1. januar 2013.
Både høgskolane i Gjøvik, Hedmark og Lillehammer og høgskolane i Buskerud, Vestfold og Østfold fekk SAK-midlar i 2011. I begge prosessane var det mål om å slå seg saman i 2013, og midlane vart nytta til å greie ut prosessane fram mot fusjon. Høgskolane i Vestfold og Buskerud har sidan gjort vedtak om fusjon. Dei andre institusjonane vart i løpet av våren 2012 einige om at det ikkje er grunnlag for fusjon på det noverande tidspunktet, men vil på ulike måtar halde fram med det regionale SAK-arbeidet.
Høgskolen i Telemark og Universitetet i Agder gjennomførte våren 2011 eit omfattande utgreiingsarbeid om eit nærmare forpliktande samarbeid, eventuelt fusjon. Det er styrevedtak om ein vidare treårig samarbeidsavtale som tek utgangspunkt i fagleg samarbeid på nærmare definerte område. Dei to institusjonane skal utvikle eit felles Råd for samarbeid med arbeidslivet og ein pilotversjon av ein felles samfunnskontrakt. Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark fekk midlar for å leggje grunnlaget for vidare samarbeid i 2011. Begge institusjonane har styrevedtak om å vurdere grunnlaget for ein mogleg fusjon.
Institusjonane som inngår i Midt-norsk nettverk (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Dronning Mauds Minne Høgskole for førskolelærerutdanning, høgskolane i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Molde, Volda og Ålesund) og UH-nett Vest (Universitetet i Bergen og høgskolane i Bergen, Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund og Volda), rapporterte at SAK-midlane som vart gitte i 2011, har medverka til meir samarbeid om utdanning, forsking og administrasjon. Midt-norsk nettverk har etablert eit samarbeid om lærarutdanning, og eit samarbeid om helse- og sosialfaga er i positiv utvikling. UH-nett Vest er ei samanslutning av fleire faglege nettverk på Vestlandet, mellom anna TeknoVest, som medverkar til arbeidsdeling i teknologiutdanningane i landsdelen.
Universitets- og høgskolerådet (UHR) vart tildelt SAK-midlar for å koordinere nasjonale prosessar i samband med innføringa av ny rammeplan for ingeniørutdanninga og leggje til rette for samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon innanfor ulike fagområde. UHRs fakultetsmøte for humaniora er i gang med eit prosjekt for å sjå på arbeidsdeling mellom institusjonane.
Departementet meiner at SAK-strategien og løyvingane knytte til denne har medverka til aktivitet som samla sett har ført til ein sektor som viser vilje til omstilling og nytenking. Sjølv om ikkje alle prosessane isolert sett har nådd dei måla som opphavleg vart sette, vurderer departementet at institusjonane i sektoren arbeider godt med å gjennomføre SAK-strategien i tråd med intensjonane. Sjå òg rapport under måla for høvesvis forsking, formidling og organisering.
Bygg
Bygningar og lokale utgjer ein stor kostnad for universitet og høgskolar. Alle institusjonane som sjølve forvaltar eigedommane, har aktivert bygningsmassen i rekneskapane for å synleggjere kostnadene og gi betre informasjonsgrunnlag for framtidig investeringsbehov. Aktiveringa viste at universitet og høgskolar forvaltar ein stor formue for samfunnet. Samtidig er store delar av eigedommane gamle, og dette vil i åra framover gjere det krevjande å halde oppe verdien av desse eigedommane.
I alt disponerer universitets- og høgskolesektoren 3,2 mill. kvm. Av dette vart om lag 0,8 mill. kvm leigde av Statsbygg, om lag 0,7 mill. kvm av private og stiftingar, og om lag 1,7 mill. kvm er sjølvforvalta bygg. Dei institusjonane som sjølve forvaltar eigedommane sine, er Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Tromsø, Universitetet for miljø- og biovitskap, Noregs handelshøgskole, Noregs idrettshøgskole og Noregs veterinærhøgskole.
I 2011 var sju ordinære byggjeprosjekt og fleire kurantprosjekt under oppføring i universitets- og høgskolesektoren. Sjå vedlegg 2 tabell 2.14 og 2.15 for oversikt over dei prosjekta som er sette i gang, og som held fram i 2013, og tabellane 2.17, 2.18 og 2.19 for prosjekt i planleggingsfasen.
I 2011 vart det stilt ferdig eit kurantprosjekt, nybygget for studentorganisasjonen ved Universitetet i Stavanger. Bygget skal medverke til å fremme det sosiale miljøet blant studentane på Ullandhaug.
Kunnskapsdepartementet og Statsbygg stilte i 2011 ferdig ein landsverneplan for bygningar og anlegg under ansvarsområdet til Kunnskapsdepartementet. Landsverneplanen skal danne grunnlaget for forvaltning av dei kulturhistoriske eigedommane i sektoren. I planen er det foreslått å frede eller gi annan vernestatus til 293 bygningar. Riksantikvaren sluttbehandlar no landsverneplanen. Underliggjande institusjonar som forvaltar bygningar i landsverneplanen, må lage forvaltningsplanar for bygningane etter at planen er endeleg fastsett.
Mål: Forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet
Forskarutdanning
Noreg er eit av dei landa i verda som har satsa tyngst på forskarrekruttering i dei ti siste åra, og ligg no på eit høgt internasjonalt nivå når det gjeld omfanget av doktorgradsutdanninga. I nordisk samanheng nærmar både Noreg og Danmark seg nivået for avlagde doktorgradar i Finland og Sverige. Desse to landa ligg i verdstoppen når det gjeld doktorgradstettleik.
Det vart avlagt 1 329 doktorgradar i Noreg i 2011 – det høgste talet nokon gong. Auken var på tolv pst. frå året før. Talet på doktorgradar per år er no dobbelt så høgt som for ti år sidan. Det viser at opptrappinga av talet på stipendiatstillingar på 2000-talet har gitt gode resultat. I alt 18 universitet og høgskolar tildelte doktorgradar i 2011. Dei fire eldste universiteta stod for 85 pst. av dei nye doktorgradane.
Framleis er medisin det største fagområdet for nye doktorgradar, men dei prioriterte fagområda matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-fag) stod for over 70 pst. av veksten i avlagde doktorgradar i 2011. Det er på desse områda etterspurnaden etter kompetanse på doktorgradsnivå er størst utanfor akademia. Fleire doktorgradar i MNT-fag er viktig for å auke kunnskapsintensiteten i næringslivet.
Gjennomstrøyminga i doktorgradsutdanninga var tidlegare for dårleg. Institusjonane har i dei seinare åra følgt doktorgradsstudentane mykje tettare opp enn før. Det har ført til at fleire fullfører doktorgradsutdanninga, og at fleire fullfører raskare. Tida for gjennomføring ligg likevel høgre enn normert tid som er sett til fire år. Norsk forskarutdanning vart evaluert av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2011–12. Evalueringa slår fast at forskarutdanninga held høg kvalitet. Finansieringa og organiseringa er god, og utdanninga gir kandidatane gode moglegheiter for karriere. Omfanget av utdanninga er dobla på under ti år utan merkbart fall i kvaliteten. Dette har vore mogleg grunna standardisering, merksemd mot kvalitet og effektivitet, og ved at ein større del av forskarane deltek i utdanninga enn tidlegare. Evalueringa viser at doktorgradsutdanninga har vorte langt viktigare for institusjonane og prioriteringane deira. Å tilby god doktorgradsutdanning er prestisjefylt. Samstundes medverkar dette til at fleire institusjonar vil tilby doktorgradsutdanning, og at denne blir spreidd.
Gjennomføringa av utdanninga har vorte noko betre i dei siste 20 åra. Om lag 80 pst. fullfører innan ti år. Det er berre små endringar i gjennomsnittleg alder ved disputas, og kandidatane er framleis relativt gamle, kring 37–38 år. Når det gjeld både fullføring og disputasalder, er det store skilnader mellom fagområda. Matematisk-naturvitskaplege fag har høgst gjennomføring og lågast disputasalder, medan det er omvendt innanfor samfunnsvitskap.
Rekrutteringa til utdanninga er stort sett god, men med nokre utfordringar i MNT-fag. Gode arbeidsvilkår for stipendiatar gir likevel Noreg eit fortrinn i rekrutteringa. Trass i dette er det kvaliteten på forskingsmiljøa, og korleis kandidatane er integrerte i forskingsmiljøa, som avgjer om Noreg evnar å trekkje til seg og halde på dei beste kandidatane. Utanlandske medlemmer i komitéar som har vurdert norske doktorgradsavhandlingar meiner at 60 pst. av avhandlingane held framifrå eller høg kvalitet, og at dei òg er gode i internasjonal samanheng.
Kvalitet i forskinga
Noregs forskingsråd sørgjer for at norske forskingsmiljø jamleg blir evaluerte av internasjonale fagpanel for å sjå norsk forsking i ein internasjonal samanheng. Gjennom dei siste fem åra er det gjennomført 14 fagevalueringar, og dei viser at det er mange gode fagmiljø i dei fleste disiplinar. Nokre av desse miljøa ligg heilt i verdstoppen. Samtidig peiker evalueringane på at omfanget av norsk forsking i fleire disiplinar er mindre enn i dei andre nordiske landa. Andre utfordringar er at mange fagmiljø er små og fragmenterte, og at dei er for lite internasjonalt orienterte. Nasjonale forskingssatsingar er vesentlege for å byggje forskargrupper og heve kvaliteten i forskinga. Forskingsrådet har i dei siste ti åra etablert fleire senterordningar som skal medverke til å konsentrere og spisse norsk forsking for å auke kvaliteten, mellom anna Senter for framifrå forsking (SFF), sjå omtale av dei ulike satsingane under kap. 285 Noregs forskingsråd.
Vitskaplege publikasjonar er den viktigaste kanalen for forskarane når det gjeld å kommunisere resultata av forskinga til andre forskarar. Talet på publiseringspoeng ved universitet og høgskolar gjekk opp med nesten ti pst. frå 2010 til 2011. Publiseringa voks dermed igjen kraftig, etter ei utflating i 2010. Publiseringsmønsteret er stabilt over tid. Dette gjeld både fordelinga på bøker, bokkapittel og artiklar, og delen publisering på det høgste kvalitetsnivået. Ei samanlikning mellom dei nordiske landa viser at talet på vitskaplege artiklar frå Noreg voks langt raskare enn talet på artiklar frå Danmark, Finland og Sverige på 2000-talet.
Noregs forskingsråd
Verkemidla frå Forskingsrådet skal fremme kvalitet i norsk forsking, og å sikre at det blir forska på relevante område for samfunnet. Det å oppnå tildelingar frå Forskingsrådet er jamt over eit teikn på kvalitet i forskinga, og medverkar til meir strategisk miljø- og kompetansebygging. I 2011 mottok sektoren 2,24 mrd. kroner frå Forskingsrådet. Nivået i kroneverdi var om lag det same som året før. Tildelinga tilsvarte om lag ni pst. av statstilskottet til universitet og høgskolar. Universiteta stod for 91 pst. av tildelinga. Over tid har sektoren sin del av den samla tildelinga frå Forskingsrådet minka. Det heng saman med større satsing i Forskingsrådet på verkemiddel retta mot næringslivet.
Deltakinga frå universiteta og høgskolane i Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) har gått noko ned.Deltakinga frå institusjonene i Regionale forskingsfond (RFF) har hatt ein markert auke i 2011. Den to år gamle ordninga er i ferd med å bli godt innarbeidd, er godt forankra regionalt og sentralt, og har utløyst ein omfattande aktivitet. Programma Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) og Praksisrettet utdanningsforskning (PraksisFoU/PRAKUT) har vore viktige for å styrkje forsking på kompetanseområde som høgskolane har eit spesielt ansvar for, og for å styrkje kvaliteten i profesjonsfaga. Ei evaluering av SHP frå 2010 viser at satsinga har vore svært vellykka. Programmet har auka merksemda om FoU og har styrkt forskingskvaliteten og -kompetansen ved høgskolane. Midlane gjennom desse programma medverkar til å stimulere til betre samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Sjå òg kap. 285 og 281 post 50.
Forsking i realfag, teknologi og livsvitskap
Rapporten Baklengs inn i fremtiden? (2005) frå Det nasjonale fakultetsmøtet for realfag viste ei negativ utvikling for matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag) i sentrale FoU-indikatorar i perioden 1995–2001. Samla har likevel MNT-faga halde oppe sin del av driftsutgiftene til FoU gjennom 2000-talet, etter eit fall gjennom heile 90-talet. Delen ekstern FoU-finansiering har auka, og var i 2009 nesten 50 pst. Det er særskilt delen FoU-finansiering frå Forskingsrådet som har auka, medan finansieringa frå næringslivet har gått tilbake. Talet på FoU-årsverk i MNT-fag har vakse med nærmare 50 pst. i perioden 2001–09, etter ein tilbakegang føregåande åtteårsperiode. Veksten har nesten utelukkande komme i form av rekrutteringsstillingar og andre mellombelse forskarstillingar.
Den nasjonale strategien frå regjeringa for bioteknologi, nanovitskap og -teknologi er viktig i styrkinga av forskingsinnsatsen til desse fagområda, der etikk og regelverk, næringsverksemd og tverrfaglege satsingsområde er sentrale i satsinga på Noregs bioøkonomi.
Internasjonalisering av forsking
Norsk forsking er i dag langt meir internasjonalt orientert enn for 10–15 år sidan. Delen internasjonalt samforfatta vitskaplege publikasjonar er ein sentral indikator på internasjonalt forskingssamarbeid. I snitt er om lag halvparten av artiklane ved universitet og vitskaplege høgskolar samforfatta, men det er store variasjonar mellom institusjonane og over tid. Talet på artiklar med internasjonalt samforfattarskap har vakse kraftig i løpet av dei siste åra, med nesten ei dobling frå 2 100 til 4 000 artiklar i perioden 2004–10.
Midlar frå EUs rammeprogram for forsking er den største utanlandske kjelda til finansiering av forsking ved norske universitet og høgskolar. Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid og internasjonale forskingsprogram som til dømes EUs sjuande rammeprogram er viktig både for å auke kvaliteten i norsk forsking og for å kunne samanlikne norsk forsking med forskinga i andre land. Universiteta og høgskolane henta i 2011 ut 257 mill. kroner frå rammeprogramma for forsking. Universiteta mottok 93 pst. av EU-midlane som gjekk til sektoren. Institusjonane hadde per mars 2012 fått tilslag på 19 pst. av drygt 1 800 søknader om støtte frå EUs sjuande rammeprogram. Noreg ligg blant dei ti landa med høgst suksessrate i sjuande rammeprogram, men bak land som Danmark og Sverige. Det tyder på at det framleis er potensial for å auke tilslagsprosenten.
Forskingsrådet har òg vedteke ein internasjonal strategi med mål om å integrere og støtte eit internasjonalt perspektiv, samarbeid og mobilitet som eit vesentleg element i alle satsingar, tiltak og program.
Samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK)
Både norske og internasjonale evalueringar peiker på at det sjølv blant relativt store utdannings- og forskingsinstitusjonar er for mange små og fragmenterte fagmiljø i Noreg. Dersom norske institusjonar skal lykkast med å auke omfanget på og heve kvaliteten i forskinga og medverke til å løyse globale og samfunnsmessige utfordringar, er det nødvendig å styrkje SAK-arbeidet. Det er òg viktig at institusjonane ser SAK i eit nordisk og internasjonalt perspektiv.
Rapporteringa frå institusjonane om SAK-arbeidet viser at det er oppslutning om auka samarbeid. Det blir teke mange initiativ som samla legg eit grunnlag for vidare kvalitetsutvikling når det gjeld å utvikle felles FoU-prosjekt på tvers av institusjonar eller ved å utvikle forskarskolar. I 2011 tildelte departementet mellom anna midlar til SAK-prosessar knytte til fornybar energi og livsvitskap. UH-nett Vest nytta i 2011 SAK-midlar til å etablere ein forskarskole i musikk (Grieg Research School) og til å greie ut ein forskarskole i helse- og sosialfag. Sjå òg rapport under måla for høvesvis utdanning, formidling og organisering.
Infrastruktur for forsking
Høg kvalitet på forskingsinfrastruktur, som moderne vitskapleg utstyr, avanserte laboratorium og infrastruktur for samling og handsaming av data, er ein føresetnad for at universitet og høgskolar skal kunne drive med utdanning og forsking på internasjonalt nivå. Det gjer det òg mogleg å hevde seg i den internasjonale konkurransen om forskingsmidlar og rekruttering av dei beste.
I EUs rammeprogram for forsking er investeringar i forskingsinfrastruktur ein grunnpilar for utviklinga av internasjonalt forskingssamarbeid. Det er etablert eit europeisk vegkart for storskala forskingsinfrastruktur, ESFRI. Noreg deltek eller har interesser i 21 av 44 prosjekt på vegkartet, og er vertskap for prosjekta ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure), ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System) og CESSDA (Council of European Social Science Data Archives).
Noregs forskingsråd har utarbeidd Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet gjer store og nasjonalt viktige forskingsinfrastrukturar synlege og skal vere ein rettleiar for framtidige investeringar som allereie er i utvikling eller planlagd. Ved å lyfte fram investeringsklare prosjekt som er grundig vurderte og kvalitetssikra, men som heilt eller delvis manglar finansiering, fungerer vegkartet òg som rettleiar for offentlege eller private finansieringskjelder av forskingsinfrastruktur. Det vart i 2011 innvilga 100 mill. kroner til avansert vitskapleg utstyr, eInfrastruktur og databaser, og elleve storskala forskingsinfrastrukturprosjekt med samla tilsegn på 400 mill. kroner. Nokre av felta som kan investere i ny moderne infrastruktur, er mellom anna hjerneforsking, tungrekningskapasitet, materialforsking, bioinformatikk og databasar for språkforsking, samfunnsvitskap og marin forsking.
Mål: Formidling, innovasjon og verdiskaping
Universitet og høgskolar som samfunnsaktørar
Samfunnsrolla til institusjonane var eit hovudtema i styringsdialogen i 2011. Den politiske merksemda om dette har ført til at samfunnsrolla og samhandlinga med omgivnadene er mykje tydelegare profilert og innlemma i strategiane og verksemda til universiteta og høgskolane. Dei nordnorske institusjonane har hatt eit felles pilotprosjekt organisert gjennom Rådet for høgre utdanning i Nord-Noreg. Dei har komme fram til felles overordna mål for å møte behovet for kompetanse og kunnskap i landsdelen.
Høgskolane i Volda, Ålesund og Molde har i fellesskap samarbeidd om å utvikle samfunnsrolla si. Arbeidet med å utvikle ulike modellar for slikt samarbeid i Mørealliansen vart støtta av SAK-midlar frå departementet. Sjå òg rapport under måla for høvesvis utdanning, forsking og organisering.
Institusjonane har i 2011 arbeidd for å opprette Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA). RSA skal sikre eit meir formalisert samarbeid mellom institusjonane og arbeidslivet og betre forankringa i organisasjonen for samarbeidet med andre aktørar. Det første råda skal gjere, er derfor å utvikle ein strategi for samarbeid med arbeidslivet. Institusjonane har komme ulikt langt i etableringa av RSA, og det er òg for tidleg å sjå resultata av dei etableringane som er gjorde. Departementet vil følgje dette vidare opp i styringsdialogen med institusjonane.
Formidling
Universitet og høgskolar formidlar resultat frå forsking i mange kanalar, i stort omfang og til ulikt publikum. Det finst ikkje ei total oversikt over omfanget av formidling i sektoren, men talet på registrerte formidlingsbidrag stig. I dokumentasjonssystemet CRISTIN er det registrert 20 000 ulike formidlingsbidrag i 2011 – 3 000 fleire enn året før. Intervju i media, og deretter konferansebidrag og foredrag, er dei mest vanlege formene for formidling. Sjølv om formidling ikkje gir utteljing i finansieringa av universitet og høgskolar, er det ikkje noko som tyder på at institusjonane og dei einskilde forskarane forsømmer slike aktivitetar. Fleire institusjonar premierer dessutan formidling i dei interne budsjettmodellane.
Ope tilgjengeleg forsking
Meir enn 2 800 vitskaplege artiklar frå norske universitet og høgskolar var i 2011 ope tilgjengelege i fulltekst, 44. pst. fleire enn året før. Det inneber at lesaren har gratis tilgang til artiklane på Internett. Totalt er om lag seks pst. av artiklane frå sektoren i 2011 ope tilgjengelege. Fleire institusjonar og Forskingsrådet har vedteke ein politikk for open tilgang som krev at forskarane lagrar kopi av artiklane sine i eit ope digitalt arkiv, så sant utgivarane tillèt det. Nokre institusjonar har òg sett av midlar til å dekkje kostnadene for forskarar som ønskjer å publisere i tidsskrift med open tilgang. Delen ope tilgjengelege artiklar vil derfor venteleg halde fram med å auke frå eit lågt nivå i dag.
Bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet
Omfanget av bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) gir ein indikasjon på i kva grad institusjonane er etterspurde FoU-aktørar og attraktive leverandørar av etter- og vidareutdanning. Inntekter frå BOA som del av totale driftsinntekter har gått noko ned ved universitet og statlege høgskolar. Inntekter frå Forskingsrådet og forskingsfinansiering frå EU er ikkje medrekna. I 2011 utgjorde BOA-inntektene for dei statlege institusjonane 1,9 mrd. kroner, eller 5,9 pst. av dei totale driftsinntektene. Sjå tabell 2.13 i vedlegg 2. Delen BOA-inntekter varierer mykje frå institusjon til institusjon.
Samla for sektoren kom 65 pst. av BOA-inntektene frå bidrag og 35 pst. frå oppdrag. Ei mogleg forklaring er at det eksisterer ei arbeidsdeling i forskingssystemet der institutta tek hovudtyngda av oppdraga innanfor forsking. Næringslivet er den viktigaste kjelda til BOA-inntekter, dessutan aukar finansiering frå stiftingar. Omfanget av BOA-inntekter må sjåast i samanheng med målet om meir samfunnsorienterte institusjonar. Sektoren burde ha potensial for å auke BOA-inntektene igjen.
Kommersialisering av forskingsresultat
Omfanget av mottekne forretningsidear, lisensieringskontraktar som er inngåtte, nye etablerte føretak, registrerte patent og patentsøknader dannar eit bilete på innovasjonskrafta til norske universitet og høgskolar og ved TTO-ane (Technology Transfer Offices). Talet på patentsøknader og lisensieringskontraktar som er inngåtte, har auka frå 2010 til 2011. Delen mottekne forretningsidear og nye etablerte føretak har gått noko ned, men den samla nedgangen skriv seg frå ei justering av ein betydeleg vekst frå 2009 til 2010.
Departementet har òg ført vidare eit breitt verkemiddelapparat for å nå dei måla regjeringa har for forsking, utdanning og innovasjon. Det omfattar mellom anna program i Noregs forskingsråd som FORNY2020, VRI, RFF og Skattefunn, samt større merksemd kring immaterielle rettar. Sjå òg kap. 285 og 281 post 50.
Mål: Organisering, drift og ressursforvaltning
Mål- og resultatstyring
Rapporten Handlingsrom for kvalitet (2010) etterlyste mellom anna tydelegare styringssignal frå departementet og ein styringsdialog meir prega av eit langsiktig perspektiv, strategisk utvikling og profilen til den einskilde institusjonen.
I 2010–11 vurderte departementet i samarbeid med ei referansegruppe frå sektoren mål- og resultatstyringa og dei måla og styringsparametrane som departementet set for universitet og høgskolar. På bakgrunn av dette arbeidet har departementet frå 2012 innført ein revidert målstruktur for sektoren. Departementet har delegert til institusjonane å fastsetje verksemdsmål som gir eit tydeleg bilete av profilen, satsingane og utfordringane til institusjonen. Sjå òg omtale i kategoriinnleiinga.
Økonomistyring
Statlege universitet og høgskolar mottok om lag 33,9 mrd. kroner i driftsinntekter i 2011. Dei samla inntektene har auka 6,4 pst. frå 2010 til 2011. Dette er om lag på samme nivå som frå 2009 til 2010. Om lag 83 pst. av inntektene er løyving til statsoppdraget frå Kunnskapsdepartementet og andre departement og statlege etatar. Sjå tabell 3.11 i vedlegg 3, som viser inntekter etter inntektskjelde.
Statlege universitet og høgskolar er nettobudsjetterte institusjonar. Avsetningane gir handlingsrom til større investeringstiltak, vedlikehald, og tiltak som går over fleire år. Dei økonomiske avsetningane til planlagde tiltak i framtidige budsjettår var ved utgangen av 2011 på om lag 3,1 mrd. kroner, ein auke på 0,7 mrd. kroner frå 2010. Avsetningane utgjer med dette 12,5 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet i 2011. Av dette var avsetningar til utsett verksemd på 1,1 mrd. kroner i 2011. Det må mellom anna sjåast i samanheng med dei nye studieplassane som vart oppretta hausten 2011. Nivået har likevel ikkje auka frå 2010. Det er ein auke på om lag 600 mill. kroner i delen av avsetningane som går til strategiske formål og til større investeringar i 2011, mellom anna på grunn av utstyrsløyvingar og avsetningar til byggjeprosjekt. Institusjonane nyttar fullmakta til å setje av midlar til strategisk utvikling av verksemda, og til investeringar og vedlikehald i dei sjølvforvaltande institusjonane. Den avsette kapitalen gjer det òg mogleg for institusjonane å møte dei utfordringane som den auka konkurransen innanfor forsking og høgre utdanning utgjer. Sjå tabell 3.12 i vedlegg 3, som viser forholdet mellom kontantbehaldning, påkomne kostnader og avsetningar.
Ei kartlegging departementet har gjennomført, viser at om lag ein tredel av institusjonane har innført langtidsbudsjett, og fleire arbeider med dette.
Private høgskolar som mottek løyving over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, hadde om lag 2,3 mrd. kroner i bokførte inntekter i 2011. Løyvinga frå staten utgjorde om lag 883 mill. kroner, ein auke på 50 mill. kroner frå 2010. For nokre av dei private høgskolane viser rekneskapane svak soliditet. Departementet har i tilskottsbrevet for 2012 sett som vilkår at desse institusjonane utarbeider ein langsiktig plan for å byggje opp tilstrekkeleg eigenkapital, slik at studentane ikkje risikerer at studietilbodet blir avvikla, eller at løyvingane frå staten blir nytta til andre formål enn dei er løyvde til.
Økonomiforvaltning
Departementet gjennomførte i 2011 eit utgreiingsprosjekt som vurderer tiltak som kan medverke til betre kvalitet og meir effektiv økonomiforvaltning. Rapporten God forvaltning og veien dit vart utarbeidd av PricewaterhouseCoopers på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Undersøkinga har hatt særleg merksemd på forvaltning av bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet, lønn og rekneskap. Dette er forvaltningsområde der det er gjennomført større endringar i dei siste åra. Konklusjonen i rapporten er at forvaltninga er rimeleg god og i positiv utvikling, men med moglegheiter til forbetring. Departementet arbeider vidare med oppfølginga av rapporten.
Det er i 2011 òg gjennomført ei sjølvevaluering ved institusjonane av organisering og oppfølging av innkjøpsområdet som viser at dei framleis har utfordringar på dette området. Departementet har bedt institusjonane lage ein tiltaksplan for oppfølging.
Administrativ SAK
Departementet har i styringsdialogen oppfordra institusjonane til administrativt samarbeid for å få ei meir effektiv ressursutnytting og betre kvalitet i forvaltninga. Sjå òg rapportering om SAK under måla for høvesvis utdanning, forsking og formidling.
Kunsthøgskolen og dei statlege vitskaplege høgskolane i Oslo er små institusjonar og har avgrensa moglegheit til å utvikle kompetanse innanfor breidda av administrative oppgåver. Departementet har i 2010 og 2011 tildelt midlar til eit samarbeid på det administrative området mellom Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo og Arkitektur- og designhøgskolen. Institusjonane er framleis i prosess for å få til konkrete løysingar, og departementet har ein aktiv dialog med dei for å få framgang i prosessen.
I Bergen og i Trøndelag har dei statlege institusjonane sett i gang prosjekt for felles system for innkjøp. Prosjektet inneber deling av kompetanse og løysingar mellom institusjonane der Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har teke eit særskilt ansvar for kvar sin region. Prosjektet fekk SAK-midlar i 2011 og er godt i gang.
Universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø har eit administrativt samarbeid innanfor økonomiforvaltning og IKT-system.
Arbeidsmiljø og personale
Universitet og høgskolar arbeider generelt godt med utvikling av personalpolitikken. Det har i 2011 vore ei større merksemd ved institusjonane på behovet for å styrkje generell kompetanse og også karriererettleiing for tilsette i rekrutteringsstilling. Dette er fordi ein stor del av denne gruppa skal ha sin framtidige karriere utanfor universiteta og høgskolane. Til no har 13 institusjonar signert retningslinjene for rekruttering og arbeidstilhøve for fagleg personale (Charter and Code for researchers) som er utvikla i EU, og Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet fyller allereie krava.
Undersøkinga av tidsbruken som Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) gjennomførte blant dei fagleg tilsette i universitets- og høgskolesektoren i 2011, viste at forholdet mellom tid nytta til forsking og til undervisning har halde seg rimeleg stabilt sidan innføringa av Kvalitetsreforma. Delen tid som er gått med til administrasjon, har minka frå 17 pst. i 2000 til tolv pst. i 2010.
Likestilling mellom kjønna
Universitet og høgskolar skal medverke til eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv. I 2011 utgjorde kvinner 51 pst. av dei tilsette ved statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Kvinnedelen blant det faglege personalet har auka i alle stillingskategoriane i dei siste åra, og på mange fagområde er kvinnedelen som heilskap god. Det er likevel slik at delen kvinner blir lågare dess høgre ein kjem i stillingsstrukturen. Særleg kvinnedelen av professorstillingar er framleis for låg. Det er eit potensial for å auke talet på kvinner i toppleiarstillingar, både faglege og administrative. Kvinner er framleis sterkt underrepresenterte i faglege stillingar, og særleg toppstillingar, på einskilde fagområde som matematikk, natur- og teknologifag (MNT-fag). Kvinner er i noko større grad enn menn mellombels tilsette i faglege stillingar og i støttestillingar, mens det er omvendt i administrative stillingar.
Mellombels tilsette
Mellombelse tilsettingar er ei utfordring for sektoren. I 2011 vart 19,6 pst. av årsverka i undervisnings- og forskarstillingar, 17 pst. av dei administrative årsverka og 14 pst. av årsverka i støttestilling utførte av personale utan fast tilsetjing. Dette talet er høgre enn i arbeidslivet elles. Den største gruppa er mellombels tilsette i forskarstillingar på universiteta. Dette har nær samanheng med kravet om at institusjonane skal innhente finansiering på tidsavgrensa prosjekt frå eksterne kjelder. Nesten like stor er gruppa av lærarar og lektorar. Dei fleste av desse er tilsette ved høgskolane, og årsakene er fleire, alt frå at dei er tilsette utan formelle kvalifikasjonar, til at dei er tilsette i eit vikariat for dei som er i permisjon. Når det gjeld administrative stillingar, er det vanskeleg å sjå nokon klar grunn til at tala er høgre enn i arbeidslivet elles. Delen tilsette i mellombels stilling er noko høgre blant kvinner enn blant menn, med 20,5 pst. mot 18,8 pst. i 2011. I etatsstyringsdialogen i 2011 stilte departementet krav til institusjonane om at dei skulle gå gjennom rutinane sine med omsyn til å tilsetje i mellombels stilling, og fekk tilbakemelding om at dei ville ta fatt i utfordringa.
Mål: Universitetsmusea
Riksrevisjonen har ved fleire høve peikt på for dårleg sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea. Gjennom fleire år har musea motteke ekstra løyvingar frå Kunnskapsdepartementet for å betre situasjonen. Delen av samlingane med tilfredsstillande sikring og bevaring har auka, særleg gjennom leige av eksterne magasinlokale. Framleis er det stor variasjon mellom musea når det gjeld status for sikring og bevaring.
Alle dei fem universitetsmusea er i prosess med tanke på nybygg eller omfattande rehabilitering. Universitetsmusea er ein viktig arena for profilering av universiteta mot eit breiare publikum. Over 1,3 millionar personar besøkte universitetsmusea i 2011, om lag like mange som i dei to førre åra. Digitalisering av samlingane er ein føresetnad for store delar av verksemda ved universitetsmusea.Det varierer mykje mellom musea kor stor del av samlingane som er digitaliserte. Universitetsmusea er i ulik grad integrerte i strategiane til universiteta, men det har vore ei klar betring i dei siste åra. Universitetsmusea ligg på nivå med universiteta elles når det gjeld publisering per faglege stilling. Dei har sett ambisiøse mål for å auke omfanget av og heve kvaliteten på forskinga. Alle musea deltek i prosjekt under den nasjonale FoU-strategiske satsinga for universitetsmusea. Programmet vart oppretta i 2009, og midlane blir fordelte gjennom Forskingsrådet, jf. kap. 281 post 50. Programmet medverkar til å styrkje forskinga ved universitetsmusea og til å styrkje forskarrekrutteringa i museumsfaga.
Budsjettforslag for 2013 for post 50 og 70
Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på om lag 27,5 mrd. kroner over kap. 260 i 2013, fordelte med om lag 26,4 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50, og om lag 1,1 mrd. kroner til private høgskolar over post 70. Dette omfattar både den langsiktige og strategiske løyvinga og den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanningsinsentiva og forskingsinsentiva.
Utdanning
Det vart i budsjetta for 2009, 2011 og i 2012 løyvt midlar til høvesvis 4 200, 2 200 og 1 000 nye studieplassar. Når dei i 2017 er fullt opptrappa med nye kull, vil det innebere over 22 000 nye plassar. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 290 mill. kroner over kap. 260 i 2013 for å føre vidare desse studieplassane med opptrapping for nye kull. Det inneber ein auke i løyvinga på om lag 278,2 mill. kroner på kap. 260 post 50, og om lag 11,9 mill. kroner på kap. 260 post 70. Sjå òg kap. 280 post 71. Departementet legg til grunn at universiteta og høgskolane medverkar til å fylle dei plassane som er oppretta, og til å møte regionale og nasjonale behov på område med særskilde behov, som innanfor lærarutdanninga, MNT-faga og helsefaga.
Frå budsjettet for 2011 vart dei nye grunnskolelærarutdanningane innplasserte i kategori D i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Finansiering av den auka grunnløyvinga skjer over fire år, parallelt med opptrapping av nye kull i dei nye utdanningane. For 2013 inneber det ein auke i løyvinga på om lag 26 mill. kroner på kap. 260 post 50 og om lag 1 mill. kroner på kap. 260 post 70.
Det har vore ein kraftig auke i talet på søkjarar til ingeniør- og teknologiutdanningane, parallelt med at regjeringa dei siste åra har prioritert meir forsking i desse faga. Regjeringa foreslår å styrkje teknologi- og ingeniørmiljøa ved universitet og høgskolar med ei eingangsløyving på om lag 27 mill. kroner over kap. 260 post 50 til investeringar i vitskapleg utstyr. Departementet foreslår å fordele midlane på bakgrunn av talet på registrerte studentar i teknologi- og ingeniørfag.
Den resultatbaserte utteljinga knytt til utdanning aukar med 260,5 mill. kroner i 2013, fordelte med 236 mill. kroner over post 50 og 24,5 mill. kroner over post 70. Auken kjem i hovudsak som følgje av større studentopptak, og av at dei nye grunnskolelærarutdanningane frå 2013 gir resultatbasert utteljing i kategori D i utdanningsinsentiva.
Anthon B. Nilsen Utdanning AS eig fleire skolar som har fått tilskott etter kap. 4 i vaksenopplæringslova: Westerdals School of Communication AS, Norsk lydskole AS, Film- og TV-akademiet AS og Oslo Kunstfagsskole AS. Fleire av utdanningane ved desse skolane er frå 2011 akkrediterte på høgskolenivå og er organiserte under dei juridiske einingane Westerdals Høyskole AS og NISS Høyskole AS. Midlar vart flytte frå kap. 228 post 72 til kap. 260 post 70 i statsbudsjettet for 2012. For 2013 foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte ytterlegare 22,4 mill. kroner frå kap. 228 post 72 til kap. 260 post 70 i tråd med at høgskoletilbodet blir bygt opp, samstundes med at vaksenopplæringstilbodet blir bygt tilsvarande ned. Sjå òg kap. 228 post 72.
Forsking
Den resultatbaserte utteljinga til forsking utgjer om lag 1,53 mrd. kroner i 2013. Dei resultata som institusjonane har oppnådd på indikatorane for forskingsinsentiva i 2011, inneber ein reduksjon på om lag 3 mill. kroner for dei statlege institusjonane over post 50, og ein tilsvarande auke for dei private over post 70.
I tiltakspakken for arbeid vart det i 2009 oppretta 57 stipendiatstillingar i MNT-fag, jf. Innst. S. nr. 139 (2008–2009) og St.prp. nr. 37 (2008–2009). Bakgrunnen for tilleggsløyvingane i tiltakspakken var den daverande finanskrisa, og tiltaka var såleis midlertidige. Ordinær tilsetjingsperiode for ein stipendiatstilling er fire år. Kunnskapsdepartementet meiner det er viktig at institusjonane kan føre vidare desse stillingane innanfor MNT-faga. Departementet foreslår derfor innanfor ramma på kap. 260 post 50 å oppretthalde stillingane ved dei institusjonane som fekk midlar til dei i 2009.
Kavli Institute for Systems Neuroscience (KISN) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er eit av dei mest framifrå forskingsmiljøa i Noreg. Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving til senteret på 12,5 mill. kroner frå 2013 gjennom tildelinga til Noregs forskingsråd. Sjå kap. 285 post 52.
I tillegg foreslår regjeringa å auke løyvinga til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret med 5 mill. kroner. Dette er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og med Havforskingsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar. Løyvinga blir gitt gjennom tildelinga til Universitetet i Bergen over kap. 260 post 50.
Nordområdesenteret ved Handelshøgskolen i Bodø vart etablert i 2007, og inngår som ei viktig eining ved Universitetet i Nordland. Verksemda til Nordområdesenteret fell innanfor tre hovedområde: forsking, utdanning og kunnskaps- og kompetanseformidling retta mot næringsliv og politiske miljø. Som ei oppfølging av Meld. S. 7 (2011–2012) Nordområdene – visjon og virkemidler foreslår regjeringa ei grunnløyving til Universitetet i Nordland på 10 mill. kroner frå 2013 for å sikre langsiktig og stabil drift ved Nordområdesenteret.
Eit internasjonalt ekspertutval har i 2012 vurdert vikingsamlingane ved Kulturhistorisk museum på Bygdøy og mogleg flytting av skipa til Bjørvika. Utvalet tilrådde ikkje flytting av skipa. Ekspertutvalet peika like fullt på behovet for snarlege tiltak for å sikre og bevare vikingskipa og tilhørande samlingar der dei i dag er lokaliserte. Regjeringa foreslår derfor ei løyving på 30 mill. kroner over tre år til Universitetet i Oslo for å setje i verk slike tiltak.
Bygg
Regjeringa foreslår 18,5 mill. kroner i startløyving for rehabilitering av Urbygningen ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Stortinget har vedteke å fusjonere og samlokalisere Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole på Ås, jf. Innst. S. nr. 176 (2007–2008) og St.prp. nr. 30 (2007–2008) Framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Ved ferdigstilling vil Urbygningen vere eit bygg for studiefasilitetar ved det nye universitetet. Samla kostnadsramme for prosjektet er 368,6 mill. kroner (per juli 2013). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til utstyrsløyving.
Regjeringa foreslår 940,5 mill. kroner i 2013 til vidareføring og avslutning av sju ordinære byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren. Sjå Prop. 1 S (2012–2013) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, kap. 1580 post 33 og kap. 2445 post 33.
Sjå tabell 2.14 i vedlegg 2 for oversikt over ordinære byggjeprosjekt under oppføring i 2013. To kurantprosjekt blir førte vidare i 2013, jf. tabell 2.15.
Regjeringa foreslår å løyve 147,5 mill. kroner til utstyr og inventar til tre igangsette byggjeprosjekt. Nybygg for Høgskolen i Bergen skal etter planen vere stilt ferdig til studiestart hausten 2014. Departementet har fordelt løyvinga over tre år og foreslår å løyve siste del på 87,8 mill. kroner i 2013. For fase to av rehabilitering og ombygging av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo legg departementet til grunn ei samla utstyrsramme på 15,5 mill. kroner og foreslår å løyve heile beløpet i 2013. For nytt teknologibygg ved Universitetet i Tromsø legg departementet opp til ei samla kostnadsramme på 85,5 mill. kroner (per 2012) og foreslår ei løyving på om lag 44,2 mill. kroner i 2013.
Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve om lag 20 mill. kroner i husleigekompensasjon for nybygg for sjukepleiarutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og om lag 5,4 mill. kroner for nytt sentralbygg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Beløpa vil bli lagde inn i budsjettrammene til institusjonane. Departementet føreset at institusjonane dekkjer resterande kostnader til husleige innanfor eksisterande rammer.
Kunnskapsdepartementet foreslår å auke ramma til Universitetet i Nordland med 5 mill. kroner frå 2013, når Kunnskapssenteret i Mo i Rana står ferdig. Kunnskapssenteret er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna, Høgskolen i Narvik og Rana kommune, og omfattar mellom anna felles undervisningslokale, bibliotektenester og IKT-infrastruktur for støtte til fleksible studietilbod. Utvikling av felles IKT-infrastruktur vil bli sett i samanheng med nasjonalt eCampus-prosjekt i regi av UNINETT AS. Sjå kap. 280 post 72.
Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK)
Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare satsinga på samarbeid, klarare arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK) med 50 mill. kroner i 2013. Det er framleis behov for spissing og konsentrasjon for å sikre ei god kvalitetsutvikling i sektoren, sjå omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga. Midlane vil kunne bli fordelte til både statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar, eller til Universitets- og høgskolerådet (UHR). Midlane vil spesielt bli prioriterte til fusjonar, til SAK-prosessar som har tydelege mål om eller kan vise til resultat når det gjeld arbeidsdeling og konsentrasjon, og til SAK-samarbeid om nasjonalt viktige utdanningar med behov for kvalitetslyft.
Kunnskapsdepartementet vil på ulike måtar leggje til rette for, stimulere og medverke til kvalitetsheving i sektoren gjennom å følgje dei ulike SAK-prosessane i tett dialog med institusjonane og fagmiljøa.
Departementet vil følgje opp SAK-strategien gjennom den rapporteringa om SAK som institusjonane gir i dei årlege rapport- og plandokumenta. Dei krava departementet stiller i tildelingsbreva til institusjonane om rapportering på SAK, understrekar at styret og leiinga ved institusjonane har ansvaret for å følgje opp SAK-tiltak og for å sikre at SAK blir prioritert i strategiane.
Andre saker
Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien vil bli redusert frå 12,09 pst. til 12,03 pst. frå 2012 til 2013. Dette inneber ein viss kostnadsreduksjon for institusjonane i 2013 samanlikna med året før. Nivået på pensjonspremien i 2013 svarer framleis om lag til den kompensasjonen som vart lagd inn i rammene til institusjonane ved overgangen til nettobudsjettering.
Regjeringa oppretta Barentsinstituttet i 2006 med formål om å styrkje forsking på forholdet mellom aust og vest i den nordlege delen av Europa. Instituttet vart lagt til Universitetet i Tromsø i 2010. Kunnskapsdepartementet foreslår å leggje løyvinga på 5 mill. kroner inn i ramma til universitetet på kap. 260 post 50, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.
I samsvar med St.meld. nr. 18 (2001–2002) Om høyere kunstutdanning tildelte Kunnskapsdepartementet midlar til eit nasjonalt talentutviklingsprogram i musikk ved Noregs musikkhøgskole første gong i 2004. Departementet foreslår å leggje midlane til programmet på 4 mill. kroner inn i ramma til Noregs musikkhøgskole på kap. 260 post 50, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.
Barratt Due musikkinstitutt har motteke eit særskilt årleg tilskott for talentutviklingstilbodet sitt. Departementet foreslår å leggje tilskottet på 7,2 mill. kroner inn i rammeløyvinga til musikkinstituttet på kap. 260 post 70, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 70.
Kunnskapsdepartementet viser til Innst. 320 S (2010–2011) og Prop. 74 S (2010–2011) Økonomiske og administrative konsekvenser av overføring av Rettsmedisinsk institutt fra Universitetet i Oslo til Nasjonalt folkehelseinstitutt. Overføringa inneber flytting av administrative tenester frå universitetet til Folkehelseinstituttet frå 2011, og dei to partane er samde om ei ytterlegare overføring knytt til vitskaplege bistillingar. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å redusere løyvinga til Universitetet i Oslo over kap. 260 post 50 med 0,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Folkehelseinstituttet over kap. 710 post 01 under Helse- og omsorgsdepartementet.
Den nasjonale forskningsetiske komité for medisin og helsefag (NEM) er mellom anna rådgivande og koordinerande instans for dei sju regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). Det er behov for å styrkje arbeidet for å kvalitetssikre og harmonisere forvaltningspraksisen i dei regionale komiteane. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å styrkje det nasjonale sekretariatet gjennom overføring av oppgåver frå dei sju regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å redusere løyvinga til dei fire universiteta med medisinmiljø over kap. 260 post 50 med totalt 2,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 284 post 01.
I statsbudsjettet for 2009, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp. nr. 1 (2008–2009), løyvde regjeringa midlar til fleksible utdanningstilbod for tospråklege lærarar ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Høgskolen i Hedmark, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Agder. Kunnskapsdepartementet foreslår å overføre midlane til rammene til institusjonane, og auke løyvinga på kap. 260 post 50 med 1,47 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.
Departementet foreslår å flytte 103 000 kroner til drift av sekretariatet for arbeid med politiattestar inn i ramma til Høgskolen i Oslo og Akershus over kap. 260 post 50, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.
Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
71 | Tilrettelegging for internasjonal mobilitet | 14 673 | 15 128 | 15 627 |
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 75 169 | 72 427 | 74 817 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast | 212 550 | 242 229 | 250 223 |
Sum kap. 270 | 302 392 | 329 784 | 340 667 |
Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet
Posten omfattar midlar til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA).
Mål for 2013
Målet med tilskottet er å medverke til internasjonal mobilitet for studentar og forskarar.
Rapport for 2011
I 2011 vart det løyvt 7 mill. kroner til Fulbright-programmet over dette kapitlet. Løyvinga har gått til stipendprogrammet og medverka til å støtte særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar og forskarar frå USA som vil studere i Noreg. Om lag 60 norske studentar fekk i 2010–11 stipend over dette programmet for å studere eller forske i USA.
Det vart løyvt 7,6 mill. kroner til ANSA i 2011. Løyvinga har gått til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og utgifter til tilrettelegging for studium i utlandet og studentvelferd for norske studentar i utlandet.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve om lag 15,6 mill. kroner over kap. 270 post 71 i 2013. Beløpet omfattar ei løyving til Fulbright Foundation på om lag 7,4 mill. kroner i 2013 og å føre vidare løyvinga til ANSA med om lag 8,2 mill. kroner.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane og å fremme interessene til studentane.
Rapport for 2011
Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Studentvelferda er organisert gjennom dei 24 studentsamskipnadene ved lærestadene i landet. Studentsamskipnadene varierer i storleik når det gjeld både talet på utdanningsinstitusjonar dei skal betene, talet på studentar, tilsette og omsetning.
Tilskottet til samskipnadene blir gitt som grunntilskott og tilskott per student. For 2011 vart det ikkje løyvt øyremerkte tilskott til studentbarnehagar, men det vart teke særskilt omsyn til studentbarnehagane i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Samla vart det utbetalt om lag 75,2 mill. kroner over posten i 2011. Av dette var om lag 69,7 mill. kroner tilskott til 24 studentsamskipnader, med totalt om lag 200 000 medlemmer. Dette inkluderte 5 mill. kroner til studentsamskipnadene til styrking av velferdstilbodet etter 22. juli 2011. Fleire av studentsamskipnadene har på bakgrunn av dette auka kapasiteten sin når det gjeld helse- og rådgivingstilbodet.
I tillegg til helse- og rådgivingstenester driv studentsamskipnadene velferdstilbod som kantine, bokhandel, idrett, studentbustader, barnehage mv. Tilskottet blir gitt til drift av studentsamskipnadene slik at dei kan gi studentane rimelege velferdstilbod. Det vart utbetalt om lag 4,3 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Vidare vart det utbetalt 563 000 kroner til Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for ein analyserapport av undersøkinga Eurostudent IV. Vidare vart det utbetalt 660 000 kroner til stiftinga av ein studentorganisasjon for fagskolestudentane, Organisasjon for norske fagskolestudenter, sjå òg tilstandsvurdering av fagskolar i kategoriinnleiinga.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Statistisk sentralbyrå gjennomført ei levekårsundersøking blant studentar, basert på samanlikning mellom 2005 og 2010. Resultatet frå undersøkinga Levekår blant studenter 2010 blir presentert i to ulike rapportar. Den første rapporten vart lagd fram i november 2011, og viser mellom anna at talet på studentar med avbrot i studia har gått ned. Fleire studentar planlegg å fullføre ei utdanning på meir enn fire år, og studentane er noko meir til stades ved studiestaden. 95 pst. av studentane trivst svært bra eller bra ved studiestaden sin, om lag same prosentdel som i 2005. Undersøkinga gir òg eit bilete av helsesituasjon, buforhold og nærmiljø, hushaldning, familiesituasjon og sosial kontakt, fritidsvanar og organisasjonstilknyting, økonomi og finansiering og studium og arbeid. Den neste rapporten, som kjem i desember 2012, vil utdjupe den økonomiske situasjonen til studentane og arbeid ved sida av studia.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve 74,8 mill. kroner over kap. 270 post 74 i 2013. Departementet foreslår at ein ved utrekninga av tilskott til studentsamskipnadene for 2013 skal føre vidare ordninga frå 2009 når det gjeld studentbarnehagar, som inneber at alle samskipnader som har barnehagar, får ekstra tilskott.
Tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar vil bli gitt etter søknad. Departementet foreslår frå og med 2013 at mindre studentorganisasjonar, der medlemmene òg er representerte gjennom andre større landsomfattande organisasjonar, og der det ikkje er særlege interesser som skal fremmast, til dømes utanlandske studentar i Noreg, ikkje får tilskott over denne posten.
Kunnskapsdepartementet har gjennomført ein brei gjennomgang av studentsamskipnadslovgivinga og vurdert alternative styringsmodellar for studentvelferda som kan styrkje grunnlaget for god økonomisk drift av studentvelferdstenestene. Sett i lys av den økonomiske situasjonen ved nokre studentsamskipnader og behovet for å sikre likeverdig og robust studentvelferd i heile landet, har departementet vurdert at det er behov for å gjere endringar i lovgivinga. Regjeringa la på bakgrunn av dette våren 2012 fram forslag endringar i studentsamskipnadslovgivinga. Endringane vart vedtekne 12. juni 2012 og trer i kraft 1. januar 2013.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, for bygging av studentbustader. Husbanken forvaltar tilskottsordninga for Kunnskapsdepartementet.
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å sikre bygging av studentbustader og medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.
Rapport for 2011
Regjeringa har i dei siste åra gitt tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av om lag 1 000 studentbustader årleg; i 2011 for 1 054 hybeleiningar. Den faktiske auken i studentbustader vil likevel variere noko frå år til år, avhengig av mellom anna oppføringstakt. Auken var på om lag 670 hybeleiningar frå 2010 til 2011, medan auken var på 1 573 einingar frå 2009 til 2010. På grunn av omstrukturering og sal av bustader vil ikkje auken alltid samsvare med oppføringa av nye bygg per år. I 2011 vart 1 222 hybeleiningar stilte ferdig. Ved utgangen av 2011 disponerte studentsamskipnadene 32 995 hybeleiningar.
Budsjettforslag for 2013
Det er eit mål for regjeringa at alle skal kunne ta høgre utdanning. Derfor er studentbustader eit viktig tiltak. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å finansiere om lag 1 000 nye hybeleiningar i 2013, og foreslår derfor å løyve om lag 250,2 mill. kroner over kap. 270 post 75 i 2013. Departementet vil kunngjere invitasjonen til å søkje om tilskott til studentbustader for 2013 i oktober 2012 i ei pressemelding. Departementet følgjer oppføringa av studentbustader tett, og vurderer no at òg Bodø er å rekne som pressområde. Den øvre kostnadsramma i pressområda Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger, Drammen, Kristiansand og Bodø frå 2013 er 700 000 kroner per hybeleining, der 250 000 kroner er fast statstilskott. Den øvre kostnadsramma i landet elles er 600 000 kroner per hybeleining, der 200 000 kroner er fast statstilskott.
Departementet vil inn mot 2014 vurdere regelverk knytt til oppføring av studentbustadene, inkludert nivå på kostnadsramme og tilskott.
Departementet føreset at husleiga for bustader for studentar med nedsett funksjonsevne ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til studentar med nedsett funksjonsevne.
Kap. 276 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
72 | Annan fagskoleutdanning | 55 158 | 56 868 | 71 236 |
Sum kap. 276 | 55 158 | 56 868 | 71 236 |
Post 72 Anna fagskoleutdanning
Posten omfattar tilskott til 16 fagskolar. Desse fagskolane har godkjende utdanningstilbod i fag som mellom anna kunst og film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk. Dei skil seg med det frå dei tekniske og helse- og sosialfaglege fagskoletilboda. I tillegg har dei i større grad eit nasjonalt nedslagsfelt. Skolane låg tidlegare under kap. 6A i privatskolelova og har sidan fått akkreditering som fagskoleutdanning.
Tilskottsordninga for fagskolar under kap. 276 post 72 er rammestyrt, og tilskott til den einskilde fagskole blir gitt som vidareføring av det tilskottet skolen tidlegare fekk under anna tilskottsordning før godkjenning som fagskole.
Mål for 2013
Målet med tilskottsordninga er å medverke til gode utdanningstilbod på fagskolane med tilskott over posten.
Rapport for 2011
I 2011 var det 14 fagskolar som fekk tilskott over posten, og dei hadde til saman 678 studentar hausten 2011. Dei 14 fagskolane er geografisk spreidde, med ein fagskole i høvesvis Hordaland, Møre og Romsdal, Nordland, Rogaland og Østfold, to fagskolar i Vest-Agder, tre i Oslo og fire i Akershus.
I budsjettet for 2011 vart tilskottet til 13 fagskolar, som låg under tidlegare kap. 6A i privatskolelova, teke ut av rammetilskottet til fylkeskommunane og lagt til kap. 276 post 72 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Tilskottet til den fjortande skolen vart samtidig overført frå kap. 228 Tilskott til private skolar o.a. til kap. 276 post 72.
I tillegg til midlar i rammetilskottet til fylkeskommunane og over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir det løyvt midlar til fagskoleutdanning innanfor helse- og sosialfag over kap. 761 post 60 Kommunale kompetansetiltak under Helse- og omsorgsdepartementet. Sjå òg omtale av fagskoleutdanning i kategoriinnleiinga.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på om lag 71,2 mill. kroner i 2013. Forslaget inneber ei vidareføring av tilskottet til dei fagskolane som fekk tilskott i 2012. I tillegg blir tilskottet til Bårdar Akademiet flytt frå kap. 228 post 72 til kap. 276 post 72. Sjå tabell 2.21 i vedlegg 2 for oversikt over forslag til fordeling av tilskott mellom fagskolane over kap. 276 post 72.
Kap. 280 Felles einingar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 58 034 | 57 407 | 69 296 |
50 | Senter for internasjonalisering av utdanning | 45 154 | 52 554 | 55 088 |
51 | Drift av nasjonale fellesoppgåver | 97 932 | 103 121 | 107 337 |
71 | Tilskott til UNIS | 98 217 | 105 272 | 112 217 |
72 | Tilskott til UNINETT | 23 247 | 23 968 | 24 759 |
73 | Tilskott til NORDUnet, kan overførast | 21 043 | 22 359 | 23 097 |
Sum kap. 280 | 343 627 | 364 681 | 391 794 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar løyving til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
Mål for 2013
NOKUT skal vere eit anerkjent kvalitetssikringsorgan på høgt internasjonalt nivå. NOKUT skal vere ein kvalitetsutviklar som medverkar til å styrkje kvaliteten i utdanninga. NOKUT skal gi allmenta informasjon om kvalitet og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning. NOKUT skal òg vere godkjenningsorgan for utanlandsk utdanning.
Departementet vil i løpet av 2012 vere i dialog med NOKUT om å setje nye mål for verksemda, eller å justere styringsparametrane slik at dei betre speglar den aktiviteten NOKUT driv.
Rapport for 2011
Ei ny forskrift om tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning vart fastsett i januar 2011 på bakgrunn av ei brei høring i sektoren. Med dette er alle føresegner som gjeld tilsyn med studium og institusjonar som omfattar høgre utdanning, samla i ei forskrift. Forskrifta skildrar verkemidla til NOKUT, og korleis ein kan søkje om akkreditering av studium og institusjonar. Den nye forskrifta har medverka til enklare og tydelegare arbeid med tilsyn.
NOKUT har stor pågang av søknader om nye utdanningstilbod. Særleg gjeld dette fagskoletilbod, men òg nye studium på master- og doktorgradsnivå. Fleire nye institusjonar søkjer om å få opprette studium på bachelornivå og i mindre emne. Den nye organisasjonsstrukturen med ei samla avdeling for all tilsynsaktivitet har saman med innføring av søknadsfristar og koordinert sakshandsaming i nokon grad medverka til meir effektiv, lik og kvalitetssikra sakshandsaming. Samtidig er det ei utfordring å handtere den store mengda søknader.
Det er viktig å få eit betre bilete av situasjonen for utdanningskvalitet i høgre utdanning og fagskoleutdanning. NOKUT har derfor satsa meir på analysar i 2011 og gav mellom anna ut eit «Kvalitetsbarometer». Barometeret er utvikla ut frå ei elektronisk spørjeundersøking for eit utval fagleg tilsette og studentar ved norske universitet og høgskolar. Dei vart bedne om å vurdere kvalitetsaspekt ved eit studietilbod dei er engasjerte i og kjenner godt. NOKUT ønskjer i tillegg å bruke resultata frå akkrediteringsarbeidet til å analysere og framheve ulike sider ved utdanningskvalitet. Ei vidareutvikling av dette vil vere eit godt verktøy for å vurdere aktuelle tiltak for å betre kvaliteten.
Budsjettforslag for 2013
Eit av hovudmåla for universitets- og høgskolesektoren er utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet. NOKUT har ei sentral rolle i å sikre kvaliteten i norsk høgre utdanning og medverke til vidare kvalitetsheving. NOKUT skal føre tilsyn med om lag 5 000 utdanningstilbod. Vidare skal NOKUT handsame alle søknader om godkjenning frå utdanningsinstitusjonar og enkeltpersonar, søknader frå enkeltpersonar om godkjenning av utanlandsk utdanning i Noreg og søknader om godkjenning av fagskoleutdanning. Talet på søknader frå institusjonar om akkreditering av utdannings- og doktorgradstilbod og talet på søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning har auka kraftig i dei siste åra. Til dette kjem at NOKUT i dei seinare åra har fått utvida oppdrag og ansvar knytt til oppfølging av evaluering av kvalitetssikringssystemet og til analyse av kvalitet.
Tilsyn er ein avgjerande del av den samla kvalitetssikringa av norsk høgre utdanning, og Noreg treng eit fungerande og effektivt tilsynsorgan med stor legitimitet i sektoren. Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga til NOKUT over kap. 280 post 01 med 10 mill. kroner frå 2013. Dette inneber ei samla løyving til NOKUT i 2013 på 69,3 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga over posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3280, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga over posten vart i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2011 flytt til kap. 280 ny post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver. Sjå post 51 for omtale av resultatrapport for 2011, mål og budsjettforslag for 2013.
Post 50 Senter for internasjonalisering av utdanning
Posten omfattar driftsmidlar til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og midlar til program og tilskott som SIU forvaltar.
Mål for 2013
Som følgje av endringar i målstrukturen for universitet og høgskolar frå 2012 er òg måla for Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) reviderte, med verknad frå 2013. Ny målstruktur gjer det tydeleg at styret har handlingsrom og sjølvstendig ansvar til å utvikle sin eigen mål- og resultatstyringsmodell som speglar strategiane og utfordringane til institusjonen.
Det er sett følgjande mål for SIU i 2013:
SIU skal medverke til at internasjonalisering styrkjer kvalitetsutviklinga i norsk utdanning.
SIU skal medverke til betre samordning og utvikling av arbeidet med internasjonalisering i samarbeid med relevante nasjonale og internasjonale aktørar.
SIU skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med sitt samfunnsoppdrag.
Rapport for 2011
Namnet til SIU er i 2011 endra frå Senter for internasjonalisering av høgre utdanning til Senter for internasjonalisering av utdanning, som følgje av at SIU frå 2010 fekk nye oppgåver med å vere eit sørvis- og kompetansesenter for grunn- og vidaregåande skolar og skolestyresmakter. Høgre utdanning er likevel framleis hovudarbeidsfeltet til SIU, noko som er presisert i dei nye vedtektene for SIU frå 2011. Vedtektene slår vidare fast at SIU skal vere det nasjonale programkontoret for internasjonalt utdanningssamarbeid og forvalte program og tiltak på vegner av Kunnskapsdepartementet og andre aktørar.
SIU forvaltar ein stor programportefølje på oppdrag frå Norad, EU-kommisjonen, Utanriksdepartementet, Nordisk Ministerråd, Kunnskapsdepartementet og andre. Rekneskapen viser at utbetaling av tilskott frå SIU til andre aktørar utgjorde 271 mill. kroner i 2011. Det er i all hovudsak god aktivitet og ei positiv utvikling i interesse for og deltaking i dei programma som SIU forvaltar, innanfor både høgre utdanning og grunnopplæringa. SIU legg stor vekt på kvalitet i programforvaltninga.
Kunnskapsdepartementet tildelte SIU ei rammeløyving på 45,2 mill. kroner i 2011. I tillegg fekk SIU midlar over kap. 281 post 01, mellom anna til å styrkje bilateralt samarbeid, medverke til utvikling av internasjonale fellesgradar og oppfølging av Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika. For nærmare omtale av tiltak og resultat, sjå kap. 281 post 01. I tillegg vart det i 2011 tildelt midlar til SIU over kap. 281 post 73 Tilskott til internasjonale program, sjå nærmare omtale der. SIU er òg nasjonalt kontor for EUs program for livslang læring (LLP), sjå kap. 252 post 70.
SIU har etter vedtektene ei viktig rolle i å samarbeide med og gi råd og rettleiing til utdanningsinstitusjonar og utdanningsstyresmakter. SIU har i 2011 hatt merksemd på å utvikle vidare dialogen med universitet og høgskolar og å etablere kontakt med fylkeskommunane. SIU har etablert god dialog med Utdanningsdirektoratet på grunnopplæringsområdet. Det har vore ei positiv utvikling av SIU som kompetansesenter, sjølv om dette er eit område som bør utviklast vidare.
SIU har òg sett i verk fleire interne tiltak som oppfølging av evalueringa av SIU, til dømes målgruppeorientert organisasjonsstruktur, ny økonomistyringsmodell og oppgradering på IKT.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på om lag 55,1 mill. kroner til SIU i 2013. Beløpet omfattar mellom anna ein auke på 800 000 kroner knytte til kvalitetssikring av kortare studieopphald i utlandet for elevar i vidaregåande opplæring. Sjå òg programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Om lag halvparten av den samla løyvinga er midlar som SIU utbetaler som tilskott til andre, og midlar til drift av program. Sjå òg kap. 252 post 70 og kap. 281 post 01. Kunnskapsdepartementet og SIU har sett i gang eit arbeid for å gå gjennom ordninga med kunnskap om Noreg ved høgre lærestader i utlandet, og departementet vil komme tilbake til saka.
Post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver
Dei fem organa Samordna opptak (SO), Noregsuniversitetet (NUV), BIBSYS, Artsdatabanken og CRISTIN (Current Research Information System in Norway) er einingar for drift av nasjonale fellesoppgåver som er organiserte etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universitet og høgskolar, og som ligg til universitet med status som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Løyvingane til dei fem organa er samla under denne posten.
Mål for 2013
Studentopptaket gjennom SO til grunnutdanningane ved universitet og høgskolar skal vere effektivt og korrekt.
NUV skal gjere høgre utdanning meir tilgjengeleg og stimulere utviklinga av fleksible studietilbod slik at studentar får tilgang til relevant utdanning uavhengig av tid, stad og livsfase.
BIBSYS skal gi universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.
Artsdatabanken skal gi samfunnet oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald, noko som sikrar eit vitskapleg grunnlag for miljøforvaltninga.
CRISTIN skal gi forskinga auka verdi for samfunnet ved at forsking i fleire sektorar blir sett i samanheng. CRISTIN skal òg dokumentere, presentere og gjere ope tilgjengeleg kvalitetssikra data om vitskapleg publisering i ein felles nasjonal database som grunnlag for finansieringssystema i universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren og dei regionale helseføretaka.
Rapport for 2011
Kunnskapsdepartementet tildelte 28,2 mill. kroner til SO i 2011. SO arbeider for å leggje til rette for og gjennomføre eit effektivt og korrekt studentopptak ved hjelp av den nasjonale opptaksmodellen (NOM). SO handterte i 2011 om lag 111 000 søkjarar. IT-systema til SO er sårbare, og det er stort behov for oppgradering. I 2011 vart det gjennomført eit forprosjekt som har kartlagt behova, og det er utarbeidd ein prosjektplan med sikte på å få på plass eit nytt IT-system frå 2015. Sjå òg kap. 281 post 45.
NUV vart tildelt 23,1 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet i 2011. Midlane har medverka til å utvikle og spreie kunnskap om IKT-støtta og fleksibel utdanning ved universitet og høgskolar. Gjennom utlysing fekk prosjekt innanfor eit breitt spekter av fagområde tildelt midlar i 2011. Fleire prosjekt dreier seg om utvikling av generell nettmetodikk og læringsmetodar. NUV har i 2011 drifta og utvikla vidare den juridiske rettleiingstenesta på nett. I tillegg har NUV gjennomført den andre runden i Digital tilstand, ei undersøking som ser på utviklingstrekk i bruk av digitale verktøy og medium (IKT) i høgre utdanning. Rapporten vart lagd fram i 2012. Digital tilstand 2011 viser at studentar og fagleg tilsette i større grad nyttar digitale verktøy og medium, og meir variert i 2011 enn i 2008. Undersøkinga tyder likevel på at det er lite endring i korleis lærestadene arbeider med tilrettelegging og bruk. Mykje av teknologibruken ser ut til å støtte opp under tradisjonell undervisning, og det er eit stykkje igjen før potensialet i teknologien er fullt utnytta.
BIBSYS driv biblioteksystemet BIBSYS for biblioteka på universitet og høgskolar, for Nasjonalbiblioteket og fagbibliotek i Noreg. Det er i stor grad ei brukarfinansiert ordning. Departementet tildelte 5,1 mill. kroner til BIBSYS i 2011. BIBSYS har i 2011 arbeidd for innføring av eit nytt biblioteksystem for å medverke til meir effektive bibliotektenester. BIBSYS har måtta avbryte det pågåande prosjektet med leverandøren, og prosessen er derfor forseinka. BIBSYS vil likevel halde fram arbeidet med å skaffe nytt biblioteksystem.
Artsdatabanken fekk ei tildeling på 22,4 mill. kroner frå departementet i 2011. I 2011 lanserte Artsdatabanken den første nasjonale raudlista for naturtypar; denne er sentral for oppfølging av naturmangfoldloven. Arbeidet med å vurdere økologisk risiko for framande artar vart ført vidare, og danna grunnlaget for ei ny svarteliste i 2012. Artsdatabanken førte òg vidare arbeidet med å kvalitetssikre og leggje til rette artsdata, og gjere dei tilgjengelege i den nettbaserte karttenesta Artskart. Ved slutten av 2011 var det registrert 12,5 mill. artsfunn frå 30 dataeigarar og totalt 95 databasar. Arbeidet med registreringsverktøyet Artsobservasjoner heldt fram, der amatørar har lagt inn 1,2 mill. nye artsfunn i 2011, og ein har arbeidd med å leggje til rette for at òg profesjonelle brukarar kan registrere data.
CRISTIN er eit felles system for informasjon om forsking ved universitet og høgskolar, i helsesektoren og instituttsektoren. CRISTIN vart etablert som permanent organisasjon frå 1. januar 2011 og fekk ei tildeling på 19,2 mill. kroner i 2011. CRISTIN har i løpet av 2011 utarbeidd ein tiltaksplan for open tilgang til vitskaplege artiklar. Den tekniske løysinga for å levere inn fulltekstversjon av artiklar vart forbetra og forenkla. CRISTIN har i 2011 drifta arbeidet med å forhandle med forlag om lisensar og abonnement på tidsskrift og elektroniske ressursar.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 107,3 mill. kroner over kap. 280 post 51 i 2013.
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Samordna opptak med om lag 29,8 mill. kroner i 2013. I tillegg foreslår departementet ei løyving på 7 mill. kroner i 2013 over kap. 281 post 45 til vidare investeringar i IKT-systemet, sjå omtale der.
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til Noregsuniversitetet med om lag 24,6 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere løyvinga til BIBSYS med 2 mill. kroner til om lag 3,4 mill. kroner i 2013. Dette er i påvente av avklaringar rundt innføring av nytt biblioteksystem.
Departementet foreslår ei løyving til Artsdatabanken på om lag 25,9 mill. kroner i 2013. Det omfattar ei eingangsløyving på 2 mill. kroner i 2013 til mellom anna utvikling av ArtiPedia, ei nett-teneste med kvalitetssikra og oppdatert informasjon om alle dei 41 000 artane som finst i Noreg.
Departementet foreslår å auke løyvinga til CRISTIN til om lag 23,7 mill. kroner. Auken skriv seg frå at departementet foreslår å flytte løyvinga til Nasjonalbiblioteket på 960 000 kroner frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 51, slik at CRISTIN står for koordinering og utbetaling av desse midlane til Nasjonalbiblioteket.
Post 71 Tilskott til UNIS
Posten omfattar løyving til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS).
Mål for 2013
UNIS skal tilby høgre utdanning og drive forsking av høg internasjonal kvalitet med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område.
Rapport for 2011
UNIS vart tildelt om lag 97,2 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2011 inkludert ein auke på 1,6 mill. kroner til 20 nye studieplassar. UNIS fekk òg 1 mill. kroner i SAK-midlar for å støtte arbeidet med å utvikle nye samarbeidsavtalar med universiteta og tilpassing av kurs til felles utnytting. UNIS er ei aktiv og utoverretta verksemd, som leverer utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet, og som har nedslagsfelt både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom dette har UNIS fått ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard. I 2011 vart det gjennomført om lag 150 studentårsverk ved UNIS, mot 120 i 2010. 41 pst. av studentane var norske. Studentar og tilsette ved UNIS utgjer ein stadig viktigare del av lokalsamfunnet. UNIS har òg ein stor del finansiering mellom anna frå Noregs forskingsråd og ved samarbeid med næringsliv. Svalbard CO2 Lab er eit prosjekt om forsking på fangst og lagring av CO2. For å skilje dette prosjektet frå dei andre delane av verksemda vart det skilt ut i eit eige selskap i starten av 2012.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving til UNIS på 112,2 mill. kroner i 2013. Det omfattar 3,4 mill. kroner til vidareføring av nye studieplassar i samband med statsbudsjettet for 2011.
Post 72 Tilskott til UNINETT
Posten omfattar driftstilskott til UNINETT AS.
Mål for 2013
UNINETT AS skal utvikle vidare eit landsomfattande datanett og tilby avanserte tenester for forsking, formidling og utdanning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og verda elles.
Rapport for 2011
UNINETT AS fekk i 2011 om lag 23,2 mill. kroner i tilskott til drift over denne posten, i tillegg til 3,5 mill. kroner til vidare utvikling av eCampus over kap. 281 post 01.
eCampus er eit program for utbygging av ny og moderne IKT-infrastruktur i sektoren. Prosjektet inneber utbygging av ein felles overordna arkitektur med standardiserte løysingar og felles grensesnitt. Det skal gjere tilgjengeleg eksisterande utdanningstilbod og læringsressursar. I 2011 er det gjennomført fleire pilotprosjekt og prøvt ut ulike verktøy mellom anna for felles webmøteløysingar for sektoren, løysingar for oversending av store filer og bruk av video og podcast.
UNINETT AS driv kontinuerleg utvikling av forskingsnettet for at det skal ha den same funksjonaliteten og kvaliteten som forskingsnett i resten av verda. UNINETT AS har nådd målet om gigabitkapasitet til alle institusjonane som er med i forskingsnettet. Trafikken i nettet er aukande, delvis på grunn av sterkt stigande bruk av video med høg kvalitet. UNINETT AS har derfor innført ny teknologi som betrar kapasiteten utan at kostnadene stig tilsvarande. Den utbygginga som er i gang av funksjonaliteten i forskingsnettet, bruker teknologi som gir eit framtidsretta forskingsnett med større kapasitet, og som kan betene spesielt krevjande forskingsprosjekt.
Budsjettforslag for 2013
UNINETT AS driv kontinuerleg utvikling av forskingsnettet og utvikling og implementering av nye teknologiske løysingar. For å føre verksemda vidare foreslår departementet ei løyving på om lag 24,8 mill. kroner over kap. 280 post 72. eCampus inneber ei viktig satsing for å leggje til rette for fleksibel og desentralisert utdanning i sektoren, der UNINETT AS samarbeider tett med universiteta og høgskolane i sektoren. Gjennom eCampus blir det etablert ein nasjonal infrastruktur som skal gi universiteta og høgskolane IKT-verkty og IKT-tenester til undervisning, IKT-støtte til forsking og som skal gjere det mogleg å få undervisning tilgjengeleg på internett i nasjonal skala. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor ei tilleggsløyving på 15 mill. kroner over kap. 281 post 70 til vidare utvikling av eCampus, jf. kap 281 post 70.
Post 73 Tilskott til NORDUnet AS, kan overførast
Posten omfattar tilskott til NORDUnet AS.
Mål for 2013
NORDUnet AS skal medverke til å sikre felles nettverksinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, og dessutan knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Målet med tilskottet er å sikre norsk tilgang til det nordiske samarbeidet om ein IKT-infrastruktur i verdsklasse.
Rapport for 2011
Det vart tildelt om lag 21,3 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2011. NORDUnet AS har i dei siste åra gjennomført ei stor nettverksoppgradering. Denne vart fullført i 2011 og gjer at nettverket til NORDUnet AS er på internasjonalt toppnivå. Samarbeidet om NORDUnet AS gir dei nordiske akademiske netta meir kostnadseffektive løysingar enn om kvart land skulle operert aleine. Det gir òg dei nordiske landa tung påverknad når det gjeld utforming av internasjonalt nett og val av tekniske løysingar.
Budsjettforslag for 2013
For å føre vidare aktiviteten foreslår Kunnskapsdepartementet ei løyving på 23,1 mill. kroner i 2013.
Kap. 3280 Felles einingar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 382 | 1 172 | 1 211 |
Sum kap. 3280 | 1 382 | 1 172 | 1 211 |
Løyvinga på post 02 gjeld inntekter til NOKUT frå kurs og konferansar.
Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 255 443 | 177 646 | 149 450 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 43 900 | 11 000 | 11 253 |
50 | Tilskott til Noregs forskingsråd | 80 755 | 79 258 | 79 258 |
70 | Andre overføringar, kan nyttast under post 01 | 65 876 | 91 432 | |
73 | Tilskott til internasjonale program | 18 211 | 16 124 | 18 296 |
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 21 604 | 14 541 | 15 222 |
Sum kap. 281 | 419 913 | 364 445 | 364 911 |
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt for å fremme og utvikle kvalitet i sektoren og femner om dei fem sektormåla for universitet og høgskolar og målet for fagskoleutdanning. Tiltaka spenner over fleire område som lærarutdanning, velferdsutdanningar, realfag og entreprenørskap, kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid, internasjonalt samarbeid, maritim strategi, likestilling, forsking og formidling og analysar knytte til universitets- og høgskolesektoren og fagskolar. Sidan midlane kan bli tildelte til både statlege og ikkje-statlege aktørar, kan løyvinga nyttast under kap. 281 post 70 Andre overføringar. For post 70 kan løyvinga tilsvarande nyttast under post 01. Sjå òg kap. 281 post 70.
Mål for 2013
Målet med midlane er å medverke til kvalitetssikring og -utvikling, samordning av prioriterte område og andre fellestiltak for å nå måla for universitets- og høgskolesektoren.
Rapport for 2011
Lærarutdanning
Departementet tildelte til saman om lag 44 mill. kroner til ulike tiltak innanfor lærarutdanning i 2011. Det var ein reduksjon samanlikna med 2010 som mellom anna skriv seg frå at midlar til studieplassar innanfor barnehagelærarutdanning og barnehagepedagogikk vart flytte til kap. 260 post 50 og 70, og at midlar til den nasjonale forskarskolen for lærarutdanning vart flytte til kap. 281 post 50.
Midlane har medverka til å føre vidare den nasjonale satsinga på vidareutdanning av rettleiarar for nyutdanna og nytilsette lærarar. Vidare har arbeidet med å utvikle lærarutdanningane for trinn 8–13 kunna halde fram, og departementet har hausten 2012 sendt tre reviderte og to nye forslag til forskrifter om rammeplanar ut til høring. Departementet foreslår mellom anna ein eigen rammeplan for integrert femårig lektorutdanning. Ambisjonen er å ta opp studentar etter dei nye rammeplanane hausten 2013. Ny forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga (tidlegare førskolelærarutdanning) er fastsett etter forslag frå eit utval og påfølgjande høring. Ein nasjonal rekrutteringsstrategi for samisk høgre utdanning er fastsett for perioden 2011–14. Arbeidet blir følgt opp gjennom årlege tiltaksplanar.
Ei følgjegruppe for grunnskolelærarutdanningane, oppnemnd i 2010 for fem år, har sekretariat ved Universitetet i Stavanger. Følgjegruppa skal hente data om og analysere utviklinga i dei nye utdanningane og kvart år leggje fram ein rapport til departementet. Den første rapporten kom våren 2011 og den andre våren 2012. Hovudfunna så langt er at det er gjort mykje bra, særleg i samarbeidet med praksisskolane. Dei største utfordringane er svak rekruttering og sårbare fagmiljø ved fleire av institusjonane i distrikta.
Ei nasjonal satsing for å auke kvaliteten i praksis i lærarutdanningane, PIL-prosjektet, vart sluttført i 2011. Ein sluttrapport viste mykje godt utviklingsarbeid og god erfaringsutveksling mellom dei institusjonane som deltok i prosjektet.
NOKUT fekk i oppdrag å lage retningslinjer for, lyse ut og administrere eit Senter for framifrå utdanning som ein pilot innanfor lærarutdanning. Ei internasjonalt samansett ekspertgruppe vurderte åtte søknader frå tolv institusjonar. Status som Senter for framifrå utdanning vart i 2011 tildelt til ProTed (Professional Learning in Teacher Education), eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø.
Realfag og entreprenørskap
Departementet tildelte i 2011 om lag 18 mill. kroner til tiltak innanfor realfag og entreprenørskap over kap. 281 post 01.
Regjeringa har som mål å auke talet på kandidatar med realfagleg og teknologisk kompetanse i samsvar med strategiplanen Realfag for framtida. Tal frå Samordna opptak viser at det i dei siste åra har vore ein gradvis auke i talet på søkjarar på dette fagfeltet. I 2011 viser tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) at det vart utdanna over 6 000 kandidatar i MNT-faga (matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag), det høgste talet som er registrert i dei siste ti åra. Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (RENATE-senteret) har spelt ei viktig rolle i det nasjonale arbeidet med å auke rekrutteringa, mellom anna gjennom prosjekta ENT3R og ALFA.
Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologisk utdanning fekk i oppgåve å støtte arbeidet til institusjonane med å innføre ny rammeplan for ingeniørutdanninga. Det har medverka til nasjonal koordinering, erfaringsutveksling og større vekt på samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon for å leggje til rette for ei forskingsbasert, yrkesretta og integrert ingeniørutdanning med betre rekruttering og gjennomstrøyming.
Det vart tildelt midlar til Noregsuniversitetet, som lyste ut midlar til kompetanseheving og utvikling av studietilbod. Utlysinga var ei oppfølging av tiltak 3 i Handlingsplan for entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014. Det vart som ei oppfølging av handlingsplanen òg tildelt midlar til Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning til følgjeforsking av entreprenørskap i utdanning.
Departementet tildelte 6 mill. kroner til Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) over kap. 281 post 01. Sjå òg kap. 226 post 70.
Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid
Departementet tildelte om lag 32,6 mill. kroner til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utdanning i 2011.
Program for kunstnarleg utviklingsarbeid omfattar to program, stipendprogrammet og prosjektprogrammet for kunstnarleg verksemd. Kunsthøgskolen i Bergen er operatør for programma. Stipendprogrammet omfattar midlar til stipendiatar og er ein parallell til doktorgradsprogram, og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis ved tilsetjing i universitets- og høgskolesystemet. Prosjektprogrammet for kunstnarleg verksemd omfattar midlar til prosjekt. I 2011 tildelte departementet 21,8 mill. kroner til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, inklusive midlar til programdrift. I samband med evalueringa av finansieringssystemet for universitet og høgskolar vart det vedteke at kunststipendiatar skal gi utteljing tilsvarande doktorgradar. Fire stipendiatar fullførte programmet i 2011, og utteljinga for desse får budsjettverknad i 2013.
Løyvingane til talentutviklingsprogramma i musikk ved høvesvis Noregs musikkhøgskole og Barratt Due musikkinstitutt vart førte vidare med til saman om lag 10,8 mill. kroner, og har medverka til rekruttering og styrking av kvaliteten på utdanninga.
Internasjonalt samarbeid
Departementet tildelte til saman om lag 64 mill. kroner til tiltak innanfor internasjonalt samarbeid over kap. 281 post 01. Sjå elles kap. 280 post 50 om korleis Senter for internasjonalisering av utdanning forvaltar programporteføljen sin.
Om lag 40 mill. kroner gjekk til Nordisk Ministerråd og avtalen om tilgang til høgre utdanning. Det har vore ei jamn stigning i talet på norske studentar som søkjer opptak i andre nordiske land i dei seinare åra. Avtalen går ut i 2012, og det har i 2011 vore ein prosess med dei andre nordiske landa for å forlengje avtalen.
Løyvinga til Barentsinstituttet vart ført vidare med 5 mill. kroner. Tiltak frå internasjonaliseringsmeldinga vart følgt opp med om lag 4,5 mill. kroner og internasjonale samarbeidsprogram og -avtalar vart følgt opp med om lag 12 mill. kroner, jf. nærmare omtale nedanfor.
Som ei oppfølging av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning vart det løyvt midlar til utvikling og etablering av internasjonale fellesgradar i 2011. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) administrerer midlane og gjennomførte første utlysing våren 2012. SIU fekk tretten søknader frå norske universitet og høgskolar, og to prosjekt fekk støtte. Både talet på søknader og prosjekt som fekk støtte, er lågare enn ønskt, og SIU vil sjå på grunnane til dette. Det blir ny utlysing av fellesgradar hausten 2012. Det vart òg utlyst fellesgradar i samarbeid med Frankrike med midlar frå både norsk og fransk side.
Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika vart følgt opp. Hovuddelen av midlane vart nytta til Partnerskapsprogrammet for Nord-Amerika og prosjektmidlar til etablering og styrking av samarbeidsrelasjonar mellom norske og nordamerikanske universitet og høgskolar. I 2011 gjekk den første strategien ut, og departementet lanserte ein revidert strategi for perioden 2012–15. I løpet av strategiperioden 2008–11 har det vore ein stor auke i studentmobiliteten mellom Noreg og USA. Det har totalt sett vore ein nedgang i talet på norske studentar i Canada i strategiperioden.
Kunnskapsdepartementet inngjekk i 2008 intensjonsavtalar for samarbeid med dei latinamerikanske landa Argentina, Chile og Brasil. SIU fekk ansvaret for å administrere midlane for oppfølging. Det har vore utfordringar med å utvikle gode samarbeidstiltak, og departementet gav derfor i 2011 SIU signal om å prioritere samarbeidet med Brasil, jf. Brasilstrategien til regjeringa, som vart lagd fram i 2011. Bilateralt samarbeid med India, Kina og Russland er omtalt under kap. 281 post 73.
Tilskottet til International Council for Open and Distance Education (ICDE) vart ført vidare med om lag 2,3 mill. kroner og har medverka til det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring. I 2011 har ICDE lagt til rette for kunnskapsutveksling og kunnskapsutvikling mellom anna gjennom å arrangere konferansar og aktivitetar for medlemmer.
Maritim strategi
Departementet tildelte 18,5 mill. kroner i 2011 for å følgje opp den maritime strategien til regjeringa, Stø kurs. Av desse midlane vart 13,6 mill. kroner nytta til MARKOM2020-prosjektet, medan 4,9 mill. kroner gjekk til fagskolar som tilbyr maritim utdanning.
MARKOM2020 er resultatet av eit samarbeid mellom dei fire høgre utdanningsinstitusjonane innanfor maritim profesjonsutdanning: Universitetet i Tromsø, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Vestfold. Det er eit utviklingsprosjekt der dei overordna måla er å lyfte utdanninga til eit høgre og meir spesialisert nivå. Samtidig ønskjer utdanningsinstitusjonane å auke interessa for og rekrutteringa til maritim utdanning, i tillegg til å auke attraktiviteten for utdanninga i marknaden.
Likestilling
Det vart tildelt 4,5 mill. kroner til ulike tiltak innanfor likestilling over kap. 281 post 01 i 2011. Midlane har medverka til å fremme kvinner i forsking og likestilling i akademia gjennom Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif) og Likestillingsprisen, som vart tildelt Universitetet i Tromsø.
Forsking og formidling
Det vart løyvt 2 mill. kroner til evaluering av norsk forskarutdanning over kap. 281 post 01. Sjå omtale av hovudresultata frå evalueringa under kap. 260. Etter konsultasjonar med Sametinget oppnemnde Kunnskapsdepartementet i august 2010 eit utval for å greie ut utviklingstrekk, behov og målsetjingar for samisk forsking og høgre utdanning. Utvalet la fram innstillinga si i juni 2012, og rapporten vil bli send ut til høring.
Dokumentasjon, statistikk og analyse
Departementet tildelte om lag 29 mill. kroner til tiltak innanfor dokumentasjon, statistikk og analyse over kap. 281 post 01 i 2011, medrekna Kandidatundersøkelsen 2011 og Strategisk forskningsprogram 2009–11, begge gjennomført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og innovasjon. Tiltaka har medverka til å føre vidare og betre kunnskapsgrunnlaget om og for sektoren, mellom anna gjennom drift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), som er tilknytt Norsk samfunnsvitenskapelige datatjeneste. DBH har i 2011 fått i oppdrag frå departementet å drifte og utvikle DBH Fagskolestatistikk som ein database knytt til fagskolesektoren. Det har òg vore nytta midlar til det internasjonale AHELO-prosjektet (Assessment of Higher Education Learning Outcomes), som skal utarbeide ei undersøking som kan brukast til å måle og samanlikne læringsutbytte i høgre utdanning på tvers av landegrenser.
Andre tiltak
Departementet tildelte om lag 37 mill. kroner til andre tiltak i 2011. Summen omfattar mellom anna midlar som har medverka til å føre vidare samorganiseringa av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap. Det har vore gitt tilskott til å starte arbeidet med å utvikle eCampus, sjå òg kap. 280 post 72. I 2011 starta programmet utprøving og utrulling av eit verktøyknippe blant anna for webmøteløysingar, og verktøy for overføring av filer som er for store til å sende på e-post.
Andre mottakarar av tilskott i 2011 er Studiesenteret.no og stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden. Vidare er det tildelt midlar til mellom anna levekårundersøkinga for studentar, Felles studentsystem, SIMULA, arbeid med statens kulturhistoriske eigedommar, utgreiing av flytting av vikingskipa, og sikring og bevaring av universitetsmusea. Det vart òg tildelt midlar til sikring og bevaring av universitetsmusea over kap. 281 post 45.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 241 mill. kroner på kap. 281 post 01 og post 70 i 2013. Av desse foreslår departementet å løyve om lag 149,5 mill. kroner over post 01 og om lag 91,4 mill. kroner over post 70. Sjå òg kap. 281 post 70. Reduksjonen frå 2012 skriv seg frå at departementet foreslår å flytte til saman om lag 20,3 mill. kroner ut frå kap. 281 post 01 og 70. Det omfattar midlar til fleksibelt utdanningstilbod for tospråklege lærarar, talentutviklingsprogramma i musikk, Barentsinstituttet og til arbeid med politiattestar, som departementet foreslår å leggje inn i ramma til dei aktuelle institusjonane på kap. 260 post 50 og 70. Vidare gjeld det midlar til Nasjonalbiblioteket som departementet foreslår å leggje inn i løyvinga til CRISTIN for utbetaling over kap. 280 post 51, og midlar til rekneskapsføring for Universitets- og høgskolerådet som departementet foreslår å leggje inn i løyvinga til rådet over kap. 281 post 78.
Kvalitet i utdanning
Departementet foreslår å løyve til saman om lag 61,7 mill. kroner over kap. 281 post 01 knytte til kvalitet og entreprenørskap i utdanning i 2013.
Det omfattar midlar til oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Midlane skal nyttast til å utvikle felles innhald i dei helse- og sosialfaglege utdanningane, til å få på plass ein handlingsplan for å heve kvaliteten i praksisstudia og til å prøve ut y-vegen i nokre utvalde utdanningar. Målet med midlane er at utdanningane skal endrast slik at kompetansen til kandidatane er i samsvar med den kompetansen helse- og velferdstenestene treng for å gi kvalitativt gode tilbod til heile befolkninga. Departementet foreslår å sette av midlar til å opprette tre nye senter for framifrå utdanning (SFU). Tildelinga til sentera vil vere basert på ei brei og open utlysing, som gode miljø i sektoren kan konkurrere om. Dette understrekar at SFU er ein viktig konkurransearena for å stimulere til styrkt utdanningskvalitet. Gitt tilfredstillande kvalitet, tek departementet sikte på at eit av sentera blir retta inn mot oppfølging av Meld. St. 13 (2011-2012).
Midlane til SFU innanfor lærarutdanning ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø vil bli førte vidare, og det same gjeld følgjegruppe for lærarutdanningsreforma, oppfølging av barnehagelærarutdanninga og lærarutdanninga for ungdomstrinna 8–13 og rettleiing av nyutdanna lærarar.
Det er òg behov for å halde fram med arbeidet med å styrkje rekrutteringa til realfag og følgje opp arbeidet med å auke entreprenørskap i høgre utdanning.
Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet og hos andre statlege aktørar til drift av dei ulike utviklingsprosjekta og tiltaka.
Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid
Departementet foreslår å løyve om lag 31,7 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å føre vidare Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert drift av programmet. Det omfattar ei flytting av om lag 2,6 mill. kroner frå kap. 281 post 50 til kap. 281 post 01 for å styrkje prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid ytterlegare til om lag 8,6 mill. kroner.
Departementet foreslår å leggje midlane til talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole, 4 mill. kroner, inn i ramma til høgskolen over kap. 260 post 50.
Internasjonalt samarbeid
Departementet foreslår å løye til saman om lag 21 mill. kroner over kap. 281 post 01 til tiltak for å stimulere internasjonalt samarbeid.
Departementet foreslår mellom anna å løyve 4,5 mill. kroner til oppfølging av St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Departementet foreslår vidare å løyve 10 mill. kroner til oppfølging av Strategien for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika 2012–2015. Hovuddelen av midlane vil bli nytta til Partnerskapsprogrammet for Nord-Amerika, utlysing av prosjektmidlar og møteplassar og andre tiltak for auka samarbeid med Canada. Departementet vil òg følgje opp forpliktingar i samarbeidet med Russland knytte til stipend for russiske studentar og andre bilaterale samarbeidsrelasjonar.
Maritim strategi
Departementet foreslår å løyve 18,5 mill. kroner til MARKOM2020 for å føre vidare samarbeidet mellom dei involverte institusjonane om å utvikle vidare den maritime profesjonsutdanninga i Noreg.
Likestilling
Departementet foreslår ei løyving på 7,4 mill. kroner til likestillingstiltak over kap. 281 post 01. Beløpet omfattar likestillingsprisen på 2 mill. kroner og utteljing i insentivordninga for kvinner i høgre vitskaplege stillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag på om lag 5,4 mill. kroner.
Andre tiltak
Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 9,6 mill. kroner til andre tiltak over kap. 281 post 01. Løyvinga omfattar mellom anna fusjonsprosessen mellom Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Noregs veterinærhøgskole (NVH), Felles studentsystem og andre mindre tiltak. Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet og hos andre statlege aktørar til drift av dei ulike utviklingsprosjekta og tiltaka.
Studiesenteret.no har fått årlege tilskott over budsjettet til Kunnskapsdepartementet sidan 2008, totalt er det utbetalt om lag 9,3 mill. kroner i perioden 2008–12. Senteret er ikkje ein del av det formelle utdanningstilbodet, men tilbyr tenester for å leggje til rette for desentralisert utdanning. Tilskottet har vore gitt til dekning av driftsutgifter til infrastrukturtenester for høgre utdanning og læremiddelutvikling ved Studiesenteret.no. Departementet kan ikkje sjå at tenestetilbodet frå Studiesenteret.no har medverka til utvikling av fagleg innhald i utdanningar.
Departementet legg til grunn at det er fleire tenestetilbydarar knytte til marknaden for desentraliserte studium, og at universiteta og høgskolane sjølve er dei beste til å vurdere kva for desentraliserte tilbod dei ønskjer å tilby studentane. Vidare er institusjonane sjølve dei beste til å vurdere og prioritere kva for tenestar dei har behov for å kjøpe frå aktuelle tilbydarar i marknaden. Studiesenteret.no er ein av fleire moglege tilbydarar institusjonane kan velje å nytte. Departementet viser vidare til satsinga på eCampus, sjå omtale under kap. 280 post 72 og kap. 281 post 70, som skal medverke til å leggje til rette for fleksibel og desentralisert utdanning i sektoren. Departementet foreslår på bakgrunn av dette å ikkje føre vidare tilskottet til Studiesenteret.no.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3281, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren.
Mål for 2013
Midlane skal medverke til gode fasilitetar og utstyr i sektoren.
Rapport for 2011
Det vart tildelt til saman 43,9 mill. kroner over posten i 2011. Det omfattar 30 mill. kroner som vart vedtekne i revidert nasjonalbudsjett for 2011 til rehabiliteringsprosjekt ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Denne løyvinga medverka til mellom anna oppgradering og vedlikehald av varmeteknisk laboratorium ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, opprusting av hage og parkanlegg i Museumshagen ved Universitetet i Bergen, og oppussing i Niels Henrik Abels hus ved Universitetet i Oslo.
Departementet tildelte totalt 10 mill. kroner til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Stavanger og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Desse midlane har mellom anna gått til kjeldesikringsarbeid og dataregistrering av samlingar ved universitetsmusea. Ei tildeling på 1,7 mill. kroner til Senter for internasjonalisering av utdanning har medverka til oppgradering av IKT-systema deira. Det var tildelt 2,2 mill. kroner til eit felles integrert helsefagleg bibliotek for St. Olavs Hospital, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei samla løyving på 11,3 mill. kroner over kap. 281 post 45 i 2013.
Det er framleis behov for investeringar i IT-systema til Samordna opptak (SO). Oppgradering og vidareutvikling av systema skal leggje til rette for at opptak til høgre utdanning kan gjennomførast effektivt og korrekt for både studentar og institusjonar. For å medverke til eit oppdatert datasystem foreslår departementet ei tilleggsløyving til SO på 7 mill. kroner over kap. 281 post 45 i 2013. Sjå òg kap. 280 post 51.
Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd
Posten omfattar midlar som blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd til ulike forskingsprogram om og for universitets- og høgskolesektoren, og midlar til nasjonal forskarskole for lærarutdanninga.
Mål for 2013
Tilskottet skal styrkje universitet og høgskolar som innovasjonsaktørar, gi meir og betre forsking i høgskolane og i profesjonsfaga, og fremme forsking ved universitetsmusea.
Rapport for 2011
Det vart løyvt om lag 80,8 mill. kroner til ulike program i Noregs forskingsråd over denne posten i 2011. Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) har medverka til innovasjon, kunnskapsutvikling og verdiskaping gjennom forsterka samhandling mellom institusjonane og regionale myndigheiter og FoU-innsats i regionane. FORNY-programmet har medverka til å styrkje arbeidet med kommersialisering av forretningsidear frå offentleg finansierte forskingsmiljø. Med bakgrunn i ei evaluering utført av NIFU i 2009 vart eit nytt og meir spissa FORNY2020 etablert frå og med 2011.
Programma Strategiske høgskoleprosjekt (SHP) og Praksisretta utdanningsforsking (PraksisFoU/PRAKUT) har vore viktige for å styrkje forsking på kompetanseområde som høgskolane har eit spesielt ansvar for, og for å styrkje kvaliteten i profesjonsfaga. Ei evaluering av SHP frå 2010 viser at satsinga har vore svært vellykka. Programmet har auka merksemda om FoU og har styrkt forskingskvaliteten og -kompetansen ved høgskolane. Midlane gjennom desse programma medverkar til å stimulere til betre samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø.
Utdanning2020 er eit tiårig forskingsprogram om utdanningssektoren – frå barnehage til doktorgradsutdanning. Utdanning2020 har styrkt forskinga om undervisning og læring, styring, leiing og organisering av utdanning, og utdanning i samspel med arbeids- og samfunnsliv. Praksisretta utdanningsforsking(PRAKUT) medverkar til å styrkje forskarkompetansen og kunnskapsgrunnlaget i lærarutdanningane. FoU-program for universitetsmusea skal medverke til å konsentrere forskinga, auke samarbeidet og heve kvaliteten på forskinga ved universitetsmusea. Det er òg etablert ein forskarskole for lærarutdanning (NAFOL). Det vart òg tildelt midlar til Forskingsprogram for forsking og innovasjon (FORFI) over denne posten i 2011. FORFI medverkar til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare tilskottet til VRI, FORNY, Utdanning2020, PRAKUT 2010–2014, NAFOL og FORFI og FOU-program for universitetsmusea på same nivå som i 2012. Departementet foreslår å flytte 2,6 mill. kroner frå kap. 281 post 50 til kap. 281 post 01 for å styrkje prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid. Sjå òg kap. 281 post 01. Departementet foreslår dermed ei løyving på om lag 79,3 mill. kroner over kap. 281 post 50 i 2013.
Som oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis foreslår Kunnskapsdepartementet å auke tildelinga til programmet for praksisretta FoU for helse- og velferdstenestene gjennom Noregs forskingsråd med 7 mill. kroner over kap. 285 post 52. Sjå nærmare omtale der.
Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01
Midlar over kap. 281 post 01 Driftsutgifter kan vere retta mot både statlege og ikkje-statlege aktørar. Det vart derfor i 2012 oppretta ein ny post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01. Sjå kap. 281 post 01 for omtale av mål for 2013.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei samla løyving på om lag 91,4 mill. kroner over kap. 281 post 70 i 2013.
Av denne løyvinga foreslår departementet å tildele 15 mill. kroner til UNINETT AS for vidare satsing på eCampus, som er ein auke på 3 mill. kroner frå 2012. Målet er å sikre utvikling av felles IKT-løysingar og bruk av felles standardar i sektoren for å gjere utdanningstilbod og læringsressursar tilgjengelege mellom institusjonane.
Departementet foreslår ei løyving på om lag 48 mill. kroner for å dekkje kontingenten til Nordisk Ministerråd for den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning. Avtalen er forlengd med tre år frå 2013. Avtalen sikrar at norske søkjarar til høgre utdanning i andre nordiske land blir handsama likt med nasjonale søkjarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søkjer opptak til høgre utdanning i Noreg.
For å fremme det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring foreslår departementet eit tilskott til ICDE (International Council for Open and Distance Education) på om lag 2,3 mill. kroner i 2013.
Departementet foreslår å leggje midlane til Unge talenter ved Barratt Due musikkinstitutt, om lag 7,2 mill. kroner, inn i ramma til høgskolen over kap. 260 post 70.
Departementet foreslår òg å setje av inntil 80 000 kroner som tilskott til arbeidet i RIHR (Research Institutions and Human resources), ei arbeidsgruppe under forskingskomiteen i OECD.
Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) ved Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste er ei sentral informasjonskjelde for og om sektoren. Innrapporterte data til DBH er mellom anna eit av grunnlaga for etatsstyringsdialogen med universitet og høgskolar og den årlege tilstandsrapporten frå Kunnskapsdepartementet om sektoren. Departementet foreslår eit tilskott på om lag 14,6 mill. kroner til DBH i 2013.
Universitets- og høgskolerådet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet etablert Publiseringsutvalget. Utvalet har fagleg ansvar for utvikling og fagleg drift av System for dokumentasjon av vitenskapelig publisering. Departementet foreslår å føre vidare tilskottet til arbeidet i utvalet med 1,7 mill. kroner i 2013.
For å møte behovet for meir kunnskap om universitets- og høgskolesektoren har departementet hausten 2012 lyst ut eit nytt strategisk forskingsprogram på 5 mill. kroner årleg i perioden 2012–14.
Departementet foreslår å setje av 1,25 mill. kroner på kap. 281 post 70 til å føre vidare arbeidet med kandidatundersøkinga gjennom Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og innovasjon.
Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) i Universitets- og høgskolerådet har gjeldande programperiode 2010–13. Hovudmålet for komiteen er å støtte opp under og gi tilrådingar om tiltak som kan medverke til å integrere arbeidet med likestilling ved universiteta og høgskolane og forskingsinstitutta. Departementet foreslår eit tilskott på 1,2 mill. kroner til komiteen i 2013.
Departementet vil i 2013 støtte FoU-verksemd innanfor likestilling, kjønn og feminisme med 1 mill. kroner. Midlane vil bli lyste ut.
Departementet foreslår eit tilskott på 150 000 kroner i 2013 til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), som er sekretariat for Brukerforum for funksjonshemmede i høyere utdanning. Forumet skal vere ein møtestad for representantar frå organisasjonar for funksjonshemma, studentorganisasjonar, universitet og høgskolar. Departementet vil avklare vidare drift og samansetjing av forumet med FFO.
Fagskolerådet er eit nasjonalt råd for fagskoleutdanning og vart etablert i 2010 med stønad frå Kunnskapsdepartementet. Rådet skal vere eit eige forum og kontaktpunkt til departementet og andre nasjonale instansar innanfor fagskolefeltet. Departementet foreslår å føre vidare tilskottet til Fagskolerådet med 1 mill. kroner i 2013.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Tilskottet over posten går til å dekkje medlemskontingenten for å delta i EU-programmet Erasmus Mundus.
Mål for 2013
Målet er å auke det internasjonale samarbeidet i høgre utdanning gjennom Erasmus Mundus.
Rapport for 2011
Samla vart det løyvd om lag 18,2 mill. kroner over posten i 2011, inkludert om lag 1,8 mill. kroner til nokre mindre tiltak knytte til internasjonalisering som frå 2012 er flytte til kap. 281 post 01.
Erasmus Mundus er eit tiltak som legg til rette for auka samarbeid mellom norske og utanlandske institusjonar om master- og doktorgradsutdanning. Kontingenten i 2011 utgjorde 16,4 mill. kroner. Deltaking i Erasmus Mundus skal mellom anna medverke til å auke fagleg utdanningskvalitet i Noreg og gjennom det auke tiltrekningskrafta overfor utanlandske studentar, særleg frå land utanfor Europa. På lengre sikt kan dette auke både kvaliteten og omdømmet til norsk høgre utdanning.
Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) fekk midlar til å styrkje det samarbeidet som universiteta og høgskolane har med institusjonar i India, Kina og Russland. Det har vore ei god utvikling i det høgre utdanningssamarbeidet med Russland, etter at Kunnskapsdepartementet i 2010 inngjekk ein intensjonsavtale med det russiske utdanningsdepartementet. Avtalen har medført auka dialog mellom styresmaktene, som legg til rette for gode partnarskapar mellom norske og russiske universitet og høgskolar. For å styrkje evna til norske institusjonar til å samarbeide med russiske institusjonar vart det i 2011 arrangert eit seminar der norske høgre utdanningsinstitusjonar fekk utveksle erfaringar og utvikle samvirke retta mot Russland-samarbeid.
Samisk høgskole hadde i perioden 2009–11 driftsansvaret for hovudkontoret for World Indigenous Nations Higher Education Consortium (WINHEC) og Kunnskapsdepartementet tildelte årleg 850 000 kroner til høgskolen til drift av kontoret. Det har medverka til å betre det internasjonale nettverket og kompetansen ved høgskolen.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på om lag 18,3 mill. kroner i 2013 for å dekkje kontingenten til Erasmus Mundus.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Posten omfattar driftstilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR) og til aktivitet som blir koordinert gjennom rådet, inkludert tilskott til utgiving av lærebøker.
Mål for 2013
UHR skal fremme samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.
Rapport for 2011
UHR fekk i 2011 tildelt 14,1 mill. kroner, som omfatta 4,7 mill. kroner til utgiving av lærebøker. I tillegg har departementet som ein del av arbeidet med samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) tildelt UHR 7,5 mill. kroner for å leggje til rette for felles tiltak som kan medverke til å styrkje den faglege leiinga ved universitet og høgskolar. I 2011 har utvikling av leiing av utdannings- og forskingsaktivitet vore ein viktig del av arbeidet med SAK i UHR. Kvalitet i utdanninga har vore eit overordna perspektiv, og i 2011 har UHR mellom anna utarbeidd rapportar om danningsaspektet i utdanninga og om mogleg nasjonal samordning av opptak av utanlandske studentar. UHR har gitt viktige bidrag i arbeidet med Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til UHR med om lag 15,2 mill. kroner i 2013. Beløpet omfattar om lag 4,9 mill. kroner til utgiving av lærebøker og om lag 200 000 kroner til rekneskapsføring som er flytta frå kap. 281 post 01.
Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
02 | Salsinntekter o.a. | 10 | 10 | |
Sum kap. 3281 | 10 | 10 |
Post 02 omfattar ymse inntekter knytte til dei tiltaka som får løyving under kap. 281 post 01.
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
283 | Meteorologiformål | 287 594 | 327 609 | 336 463 | 2,7 |
284 | Dei nasjonale forskingsetiske komitéane | 16 300 | |||
285 | Noregs forskingsråd | 1 440 422 | 2 688 103 | 2 773 611 | 3,2 |
286 | Forskingsfond | 4 427 981 | 219 000 | -100,0 | |
287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 235 090 | 251 298 | 476 817 | 89,7 |
288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 1 322 113 | 1 634 782 | 1 945 993 | 19,0 |
Sum kategori 07.70 | 7 713 200 | 5 120 792 | 5 549 184 | 8,4 |
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
3286 | Forskingsfond | 3 946 432 | 80 219 000 | -100,0 | |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak | 21 509 | 209 100 | 419 000 | 100,4 |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak | 4 094 | 4 618 | 4 492 | -2,7 |
Sum kategori 07.70 | 3 972 035 | 80 432 718 | 423 492 | -99,5 |
Innleiing
Samfunnet krev i dag forskingsbasert kunnskap på stadig fleire område. Forsking skal gi oss grunnleggjande ny kunnskap. Forsking er eit nødvendig verkemiddel for å møte dei globale utfordringane, for å utvikle velferda i samfunnet og for at vi skal ha eit framtidsretta og nyskapande næringsliv. Regjeringa vil halde fram med å satse på forsking i åra framover, og tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om forsking i 2013.
I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009), sette regjeringa fem strategiske og fire tverrgåande mål for forskingspolitikken. Forsking knytt til dei fem strategiske måla skal medverke til å møte globale utfordringar, velferdsutfordringar og leggje grunnlaget for verdiskaping i framtida. Dei fire tverrgåande måla er desse: eit velfungerande forskingssystem, høg kvalitet i forskinga, auka internasjonalisering av forskinga og effektiv utnytting av ressursar til og resultat frå forskinga.
Dei tverrgåande måla i forskingsmeldinga gjeld for heile det norske forskingssystemet. Desse måla er omfattande, og dei er i stor grad overlappande og avhengige av kvarandre. Kunnskapsdepartementet har som forskingskoordinerande departement og som departementet med ansvar for forskingssystemet, eit særleg ansvar for desse måla. Det er derfor desse som blir omtalte i denne programkategorien. Departementet har òg eit særleg finansieringsansvar for grunnleggjande forsking.
Størstedelen av forskingsløyvingane under programkategori 07.70 er løyvingar til forsking gjennom Noregs forskingsråd. Programkategorien omfattar òg løyvingar til Meteorologisk institutt. Direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar er omtalte under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Alle departementa finansierer forsking på sine område, og skal gjennom forskingsløyvingane medverke til å nå dei forskingspolitiske måla som regjeringa har sett. Del III kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet inneheld ein omtale av den samla satsinga på forsking i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2013.
Tilstandsvurdering
Mål: Eit velfungerande forskingssystem
Eit velfungerande system for forsking har godt samarbeid mellom forskingsaktørane, tilstrekkeleg forskingskapasitet i heile landet, god balanse mellom konkurranse og samarbeid, gode system for kunnskapsoverføring og høg etisk standard i forskinga. Noreg har i all hovudsak eit velfungerande forskingssystem.
Noregs forskingsråd har ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Om lag 30 pst. av dei offentlege midlane til forsking går gjennom Forskingsrådet, og desse midlane er med på å strukturere og utvikle det norske forskingssystemet. Forskingsrådet har ansvaret for å utvikle ein godt samansett portefølje av verkemiddel som sikrar kvalitet og relevans på prioriterte område, og som stimulerer til formålstenleg samarbeid, konsentrasjon og arbeidsdeling i norsk forsking. Forskingsrådet har i dei siste ti åra brukt ein aukande del av midlane på program og aktivitetar som verkar strukturerande på forskingssystemet. Ei evaluering av Noregs forskingsråd, gjennomført av Technopolis, vart lagd fram i september 2012. Evalueringa viser at Forskingsrådet gjennom verksemda si bidreg til nyskaping, auka kvalitet og redusert fragmentering i det norske forskingssystemet. Dette gjeld til dømes verkemiddel som dei store programma, tverrgåande sentersatsingar og andre program der det i stigande grad er krav om samarbeid. Noregs forskingsråd har òg ei viktig rolle som ein rådgivar som skal gi kunnskapsbaserte råd til styresmaktene. I tillegg har Forskingsrådet ein møteplassfunksjon. For ein meir detaljert omtale av aktiviteten til Forskingsrådet, sjå kap. 285.
Den norske forskingsinstituttsektoren har ein sentral plass i det norske forskingssystemet. Institutta er innretta for å møte behov for kunnskap i samfunns- og næringsliv. Sjølv om det er store skilnader mellom institutta, viser tal frå Forskningsbarometeret 2012 at dei har hatt ein monaleg auke i vitskapleg produksjon i det siste tiåret, og prosentvis har auken vore like stor som ved universiteta og høgskolane. Forskningsbarometeret viser at institutta har god utteljing i Forskingsrådet og i EUs rammeprogram for forsking, og at institutta har stor evne til å innrette forskinga mot å løyse samfunns- og teknologiutfordringar. Institutta har òg stor evne til å hente inntekter frå utanlandske kjelder, og det er tydeleg at kunnskapen deira er etterspurd av utanlandske aktørar. Instituttsektoren bidreg til god kunnskapsflyt i det norske forskingssystemet gjennom å levere relevant forsking for samfunns- og næringsliv og gjennom internasjonalt forskingssamarbeid.
Universitet og høgskolar fyller ei viktig rolle i forskingssystemet. Dei store universiteta driv grunnforsking på mange område og har derfor særleg gode føresetnader for å utforske eigendefinerte faglege spørsmål. For høgskolane er særleg profesjonsforsking og utvikling av utdanning knytt til praksisfeltet viktig. For omtale av forsking i universitets- og høgskolesektoren, sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.
Ein viktig del av eit velfungerande forskingssystem er å sikre heile landet tilgang til forskingsbasert kompetanse. Dei regionale forskingsfonda supplerer dei nasjonale FoU-verkemidla og skal styrkje regional forsking og innovasjon. Den første delrapporten i ei treårig følgjeevaluering av dei regionale fonda som kom i januar 2012, viser at fonda er komne godt i gang. Evalueringa blir utført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og held fram i 2012 og 2013.
Forskingskapasitet i form av doktorgradskandidatar er òg ein indikator på eit velfungerande system. I 2011 vart det avlagt nær 1 330 doktorgradar i Noreg, noko som er dobbelt så mange som i 2001. Kvinnedelen blant doktorandane i 2011 var på 46 pst., det same som året før. Det har vore ein vekst i avlagde doktorgradar innanfor alle fagområde. Medisin og helsefag har hatt den klart sterkaste veksten – både absolutt og i prosent. I 2001 hadde 19 pst. av dei som avla doktorgrad, utanlandsk statsborgarskap. I 2011 var denne delen auka til 33 pst. Ei evaluering som skulle vurdere kvalitet, effektivitet og relevans i doktorgradsutdanninga, vart lagd fram i juni 2012. Konklusjonen i evalueringa er at doktorgradsutdanninga i Noreg fungerer godt og rangerer høgt, også om ein samanlikner med utdanningar i andre land. Evalueringa er gjennomført av NIFU. Ordninga med nærings-ph.d. i regi av Forskingsrådet skal styrkje FoU-aktiviteten i næringslivet. Ved utgangen av 2011 var det 115 prosjekt med nærings-ph.d. i næringslivet, ei dobling samanlikna med 2010. Forskingsrådet finansierer om lag halvparten av postdoktorstipenda og ein firedel av doktorgradsstipenda i Noreg. I tillegg er det øyremerkte stillingar finansierte av Kunnskapsdepartementet, stillingar oppretta av universitet og høgskolar, helseføretak og forskingsinstitutt og stipendiatar finansierte av andre kjelder, til dømes næringslivet.
Noreg har eit omfattande system for å sikre god forskingsetisk praksis. Forskingsutførande institusjonar har ansvaret innanfor sine forskingsmiljø. Dei forskingsetiske komiteane og Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking er fagleg uavhengige organ for forskingsetiske spørsmål og gransking innanfor alle fagområde. Komiteane har mellom anna i oppgåve å skape debatt om forsking og forskingsetikk, metodar og bruk av resultat. Dei utarbeider både generelle og fagspesifikke retningslinjer for god forskingsetisk praksis. Forskingsinstitusjonane har ansvaret for at slike retningslinjer blir følgde opp av tilsette og studentar, og skal ha system for å handtere moglege forskingsetiske konfliktar og tvilsspørsmål. Arbeidet for god etisk standard i norsk forsking er ein viktig del av eit velfungerande forskingssystem. Sjå òg omtale under Strategiar og tiltak og kap. 284.
Mål: Høg kvalitet i forskinga
Norsk forsking skal ha høg kvalitet. Forskingskvalitet kan handle om vitskaplege publiseringar og siteringar, men for å skape kvalitet i forskinga treng ein òg moderne forskingsinfrastruktur, langsiktige og stabile økonomiske rammer, forskarrekruttering og god kopling mellom utdanning og forsking. Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid og i internasjonale forskingsprogram som til dømes EUs sjuande rammeprogram, er viktig både for å auke kvaliteten i norsk forsking og for å kunne samanlikne norsk forsking med forskinga i andre land.
Å måle kvalitet i forskinga kan vere krevjande. Vitskapeleg publisering vurdert av fagfellar er ei viktig form for kvalitetssikring av forskinga. Tala frå Forskningsbarometeret 2012 viser at forskarar i Noreg publiserer stadig meir. Veksten i publiseringar, målt som talet på artiklar per 1 000 innbyggjar, har vore på 65 pst. i perioden 2001–10. Dette er ein større vekst enn dei landa vi samanliknar oss med i Forskningsbarometeret (Danmark, Sverige, Nederland, Finland og Austerrike). Men sjølv om veksten har vore stor, ligg Noreg framleis bak Sverige og Danmark.
Siteringar kan seie noko om gjennomslagskrafta, og dermed kvaliteten, til forskinga. Talet på siteringar av norske artiklar ligg over verdssnittet, men vi ligg framleis langt bak dei landa som skårar best, til dømes Danmark. I eit lengre tidsperspektiv har det vore ei positiv utvikling, men det har vore ein svakt fallande trend etter 2005.
Bibliometriske indikatorar er aleine ikkje nok til å seie noko om kvaliteten på norsk forsking. Noregs forskingsråd har i oppgåve å gjennomføre systematiske og jamlege evalueringar av norsk forsking på fag- eller institusjonsnivå. I 2011 vart det gjennomført evalueringar av norsk geografiforsking, grunnleggjande forsking i geofaga og forsking på biologi, medisin og helsefag. Gjennomgåande viser resultata frå evalueringane at kvaliteten på forskinga er god, og at fleire forskargrupper og -miljø held høg internasjonal standard. Samstundes viser evalueringane at det er potensial for forbetring. Evalueringa av biologi, medisin og helsefag viser mellom anna at det er mange små forskingsfelt, og at forskingsaktiviteten er lite konsentrert. Ei utfordring framover blir derfor å stimulere til meir samarbeid og arbeidsdeling på tvers av institusjonar. Samstundes bør norske forskarar stimulerast til å søkje meir internasjonal finansiering. Våren 2012 vart det òg lagd fram ei internasjonal evaluering av norsk klimaforsking og norsk IKT-forsking. Evalueringa av klimaforskinga viste at Noreg har særs gode klimaforskingsmiljø, men at den faglege breidda samstundes bør bli større, og at den samfunnsvitskaplege klimaforskinga bør styrkjast. Evalueringa av IKT-forskinga konkluderer med at norsk IKT-forsking held eit høgt nivå sett i lys av ressursinnsatsen, og at fleire norske miljø har potensial til å bli internasjonalt leiande innanfor sitt felt. Resultata frå dei einskilde evalueringane er å finne på nettsidene til Forskingsrådet.
Forskingsrådet har fleire verkemiddel som har som hovudmål å fremme kvalitet i forskinga. Dei viktigaste verkemidla er Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og ordningane Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). FRIPRO er eit av dei største verkemidla under Forskingsrådet og utgjer 25 pst. av midlane Forskingsrådet får tildelt frå Kunnskapsdepartementet i 2012. FRIPRO har vorte evaluert i 2011–12. Konklusjonen er at FRIPRO er eit godt verkemiddel for å fremme forsking av høg vitskapleg kvalitet. Ordninga har ein positiv innverknad på rekruttering, karriereutvikling, internasjonalt samarbeid og kjønnsbalanse i forskinga. Evalueringa tilrår likevel at Forskingsrådet ser på korleis ordninga i større grad kan støtte opp om innovativ og banebrytande forsking. Forskingsrådet vil følgje opp evalueringa i 2012 og 2013.
I statsbudsjettet for 2012 foreslo regjeringa å auke løyvinga til FRIPRO med 100 mill. kroner. Løyvinga skulle mellom anna støtte opp under regjeringas prioritering av bioteknologi og av faga matematikk, naturfag og teknologi (MNT). Universiteta hadde, før budsjettet vart lagt fram, lovt å omdisponere midlar til ordninga innanfor sine eigne budsjettrammer med ein tilsvarande sum som satsinga frå regjeringa, det såkalla «Fellesløftet». Til saman gav dette dermed ei styrking av ordninga på 200 mill. kroner. Allereie i 2012 sørgde Fellesløftet for at innvilgingsprosenten for FRIPRO steig frå sju til 16 pst., og at 90 prosjekt med høgste vurderingskarakter 6 eller 7 som før lyftet ikkje ville fått støtte, vart realiserte. I tillegg har 13 søkjarar til Det europeiske forskingsrådet (ERC), som vart vurderte som kvalifiserte til å få Starting Grant, men der ERC-budsjettet ikkje strekte til, fått midlar frå FRIPRO i 2012.
ERC er eit verkemiddel i EUs sjuande rammeprogram for forsking som liknar fri prosjektstøtte i det at programmet er retta mot grunnforsking og finansierer prosjekt berre på grunnlag av kvalitet, og ikkje tema eller relevans. Norske resultat i ERC kan såleis også seie noko om kvaliteten i norsk forsking i konkurranse med dei andre europeiske landa. I 2011 kom det inn 230 søknader med norsk deltaking til ERC, der 24 vart innstilte til finansiering. Dette gir ein suksessrate på 10,4 pst., mot eit snitt for alle deltakerlanda i ERC på om lag 14 pst. Om ein ser på tildelingar i euro per innbyggjar per mars 2012, kjem Noreg lågt ut og ligg klart sist av Austerrike, Danmark, Finland, Nederland og Sverige. Utviklinga er likevel positiv, og Noreg har auka suksessraten samanlikna med i 2010.
Eit viktig tiltak for å sikre kvalitet i forskinga er satsing på forskingsinfrastruktur. Gjennom den nasjonale satsinga på infrastruktur er det så langt gitt 1 mrd. kroner til investeringar i forskingsinfrastruktur, fordelte på 40 prosjekt. Frå 2011 har det vore øyremerkt 280 mill. kroner til satsinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Den nasjonale strategien for forskingsinfrastruktur og det norske vegkartet for forskingsinfrastruktur er viktige grunnlagsdokument for Forskingsrådets koordinering av satsinga.
For ein nærmare omtale av kvalitet i høgre utdanning, sjå programkategori 07.60.
Mål: Internasjonalisering av forskinga
Internasjonalt forskingssamarbeid gir norske forskingsmiljø tilgang til den internasjonale forskingsfronten. Dette er avgjerande for å sikre høg kvalitet på den nasjonale forskinga, og for at vi skal kunne ta i bruk kunnskap frå utlandet og slik utvikle velferdssamfunnet og auke verdiskapinga i Noreg. Forskingsrådet vedtok ein ny strategi for internasjonalt samarbeid i 2010. Målet med strategien er at internasjonalisering skal vere ein integrert del av alle satsingane, til dømes skal alle programma ha ein plan for internasjonalt samarbeid på programnivå.
Norsk forsking har vorte meir internasjonal. Dette er ikkje særskilt for Noreg, men ein del av ein internasjonal trend. Medan delen norske artiklar med internasjonalt samforfattarskap låg på 23 pst. i midten av 1980-åra, var delen heile 57 pst. i 2010. Noreg skil seg ikkje frå andre land det er naturleg å samanlikne oss med – både i Sverige, Danmark, Finland, Austerrike og Nederland er delen av internasjonale sampubliseringar over 50 pst. Norske forskarar samarbeider særleg med forskarar i USA, Storbritannia, Sverige og Tyskland.
Deltakinga i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er viktig for auka internasjonalisering av norsk forsking. Programmet starta i 2007, og 2013 er siste året i programperioden. Rammeprogrammet har ei totalramme i heile programperioden på 50,5 mrd. euro. Dette utgjer om lag fem pst. av den samla forskingsproduksjonen i Europa. Det meste av forskinga i Europa blir altså framleis finansiert av nasjonale forskingsmidlar.
Av dei midlane som har vorte konkurranseutsette i det sjuande rammeprogrammet fram til og med første halvår 2012, står kontraktar med norsk deltaking for 1,78 pst. Noregs bidrag til rammeprogrammet i form av kontingentinnbetalingar er høgre. Noregs kontingent for deltaking i rammeprogrammet blir bestemd på bakgrunn av størrelsen på Noregs BNP i høve til samla BNP i EU-landa og Noreg. Kor mykje Noreg skal betale i kontingent, er altså avhengig av den økonomiske utviklinga i Europa og Noreg. Sidan starten på EUs sjuande rammeprogram har Noregs del av den samla kontingenten auka frå 2,15 pst. til 2,68 pst. Sjølv om 2013 er det siste året med utlysingar i denne programperioden, vil utbetalingane til prosjekt som allereie har fått tilsegn, halde fram i fleire år. Med tanke på den økonomiske utviklinga i Europa er det grunn til å tru at Noreg vil betale ein enda større del av programkostnadene i dei neste åra. Det vil vere krevjande for Noreg å få tilbake like mykje i rein økonomisk retur som det vi betaler inn i kontingent. Kor stor utteljing forskarar frå Noreg har i rammeprogrammet, er avhengig av kapasiteten i det norske forskingssystemet. Figuren under viser at om ein ser på utteljing frå rammeprogrammet per forskarårsverk, hentar forskarar frå Noreg meir støtte frå rammeprogrammet enn forskarar frå sterke forskingsnasjonar som Danmark og Finland. Forskarar i Noreg gjer det med andre ord bra.
Alle dei ulike programma i EUs sjuande rammeprogram fell innanfor eit av dei prioriterte områda i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning. Noreg gjer det best innanfor miljøforsking med høgst retur per innbyggjar av alle desse landa. Noreg gjer det òg bra på energiområdet – her er det berre Danmark som har høgre retur per innbyggjar enn Noreg. Helse og IKT er dei områda der Noreg har lågast retur per innbyggjar samanlikna med dei andre landa.
Deltakinga i EUs rammeprogram er viktig ut over den direkte økonomiske returen. Deltaking i rammeprogrammet gir mellom anna tilgang til viktige forskingsnettverk. For næringslivet er deltaking for eksempel viktig for å etablere kontakt med verksemder i andre land, og for å få tilgang til nye marknader.
Gjennom utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA) ønskjer ein fri flyt av forsking mellom landa i Europa, slik at samordninga i bruken av nasjonale midlar blir betre. Forskingsinfrastruktur er eit av dei områda der det per i dag er sett i gang aktivitetar under ERA. Det europeiske strategiforumet for forskingsinfrastruktur (ESFRI) har laga eit europeisk vegkart med storskala forskingsinfrastruktur av felleseuropeisk verdi. Noreg deltek i, eller har interesse i, totalt 24 forskingsinfrastrukturar på vegkartet. Tre av prosjekta er under norsk leiing: Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System(SIOS),European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure(ECCSEL) og Council of European Social Science Data Archives (CESSDA).
Utvikling av felles forskingsprogram for å møte dei store samfunnsutfordringane, såkalla Joint Programming Initiatives, er ein viktig del av utviklinga av Det europeiske forskingsområdet. Noreg deltek i utviklinga av alle dei ti initiativa som er etablerte. Eit av initiativa, Healthy and Productive Seas and Oceans (JPI Oceans), kjem frå Noreg.
Det er stadig fleire utanlandske forskarar som arbeider ved norske institusjonar og verksemder. Forskingsinstitutta er viktige for internasjonaliseringa av forskingssektoren. Dei er gode når det gjeld å få støtte frå EUs sjuande rammeprogram, og dei har ein høg del tilsette forskarar frå utlandet. Det er potensial for å auke deltakinga til institutta i EUs rammeprogram ytterlegare. Noregs forskingsråd vart derfor tildelt 26 mill. kroner over kap. 285 post 52 i 2012 for å etablere eit nytt stimuleringsverkemiddel, STIM EU, der målet er å auke deltakinga frå forskingsinstitutta i i rammeprogrammet. Verkemiddelet gir støtte til forskingsinstitutt som har fått tilsegn frå rammeprogrammet, og premierer prosjekt der institutta samarbeider med norske bedrifter.
Når det gjeld talet på doktorgradar, er delen med utanlandsk statsborgarskap stadig aukande, særleg innanfor teknologifaga. Medan delen utanlandske statsborgarar var 19 pst. i 2001, var han auka til 33 pst. i 2011. Innanfor teknologiområdet var delen på heile 63 pst. i 2011. Det har frå enkelte hald vore uttrykt bekymring for at denne utviklinga er negativ for norsk forskarutdanning. Undersøkingar tyder på at det auka innslaget av utanlandske statsborgarar i hovudsak er positivt for både fagmiljøa og den norske arbeidsmarknaden. Evalueringa av doktorgradsutdanninga som NIFU la fram i 2012, peiker likevel på at universiteta og høgskolane må leggje til rette for at forskarar frå utlandet lærer norsk og blir integrerte i det norske samfunnet for at dei skal bli verande.
Nordiske institusjonar og forskarar har lang erfaring i å samarbeide. I Nordisk Ministerråd er det større merksemd på å styrkje Norden som plattform for internasjonalt forskingssamarbeid. Det blir òg lagt stadig meir vekt på å kople saman utdanning, forsking og innovasjon. Det nordiske toppforskingsinitiativet innanfor klima, energi og miljø er døme på ei større satsing på forsking og innovasjon som dei nordiske landa samarbeider om, og der det finst potensial for eit breiare internasjonalt samarbeid. Noreg har hatt leiarskapen i Nordisk Ministerråd i 2012, og har mellom anna arbeidd for å få fram fellesnordiske initiativ for betre samspel mellom utdanning, forsking og innovasjon på områda grøn vekst og helse og velferd.
Det bilaterale forskingssamarbeidet gir rom for målretta innsats innanfor prioriterte område og overfor einskilde land. Samarbeidet med prioriterte land er ført vidare. I hovudsak er det internasjonale arbeidet integrert i dei faglege og tematiske satsingane hos institusjonane og hos Forskingsrådet. På nokre område har det likevel vore nødvendig med samarbeidsprogram spesifikt retta mot enkeltland, som Kina-, India- og Sør-Afrika-programmet. Desse programma har sikra ønskt kraft i samarbeidet i ein innleiande fase.
Nord-Amerikaer den viktigaste samarbeidsregionen for norsk forsking etter Europa. Sampublisering med forskarar i USA og Canada meir enn dobla seg i perioden 2003–10, og utgjer om lag ein tredel av dei artiklane forskarar i Noreg publiserer i samarbeid med andre land. USA er framleis det viktigaste samarbeidslandet for norsk forsking, både samla og for nesten alle fag og tema. India, Kina og Brasil blir likevel stadig viktigare forskings- og kunnskapsnasjonar, og det er ei stigande norsk interesse for samarbeid med desse landa.
Mål: Effektiv utnytting av resultat og ressursar
Ressursane som blir tilførte norsk forsking, skal utnyttast så effektivt som mogleg. Likeins skal resultata frå forskinga komme anna forsking og samfunnet til gode gjennom god utdanning, betre forvaltning, betre tenester og verdiskaping. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart merksemda i forskingspolitikken i større grad retta mot ei brei forståing av kva som er samfunnsnytten av forskinga. Meldinga sette mål om at forskingspolitikken skal bidra til at vi kan møte globale utfordringar, sikre god helse og sikre eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet. Ei slik brei forståing av forskinga vil òg bli utvikla vidare i den kommande stortingsmeldinga om forskingspolitikken som regjeringa vil leggje fram i 2013.
Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med å gjere samanhengen mellom innsats og resultat meir synleg. Regjeringa sette ned eit utval som skulle sjå på god måloppnåing i offentleg finansiert forsking (Fagerbergutvalet). Utvalet leverte innstillinga si 2. mai 2011. Utgreiinga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med den kommande forskingsmeldinga. I utgreiinga blir det foreslått å opprette eit forskingsbarometer med indikatorar som viser samanhengen mellom mål, ressursar og resultat i norsk forsking. Kunnskapsdepartementet meiner det for tida ikkje er aktuelt med nye system for å synleggjere samanhengen mellom resultat og ressursar. Departementet vil følgje opp utgreiinga gjennom å utvikle vidare den årlege tilstandsrapporten om universiteta og høgskolane og gjennom det årlege forskingsbarometeret til Kunnskapsdepartementet.
Den nasjonale satsinga på forskingsinfrastruktur er eit viktig verkemiddel for å styrkje kvaliteten på forskinga. Satsinga skal òg auke effektiviteten i norsk forsking gjennom å sikre arbeidsdeling og tilgang til infrastrukturar nasjonalt og internasjonalt. Eit døme på sistnemnde er Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) og European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure(ECCSEL) ved NTNU. Desse to prosjekta er inkluderte i vegkartet til Det europeiske strategiforumet for forskingsinfrastruktur (ESFRI) og blir finansierte og følgde opp gjennom den nasjonale infrastruktursatsinga.
Effektiv utnytting av ressursane handlar òg om å utnytte dei menneskelege ressursane best mogleg. Departementet held fram med arbeidet med å fremme likestilling mellom kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde innanfor forskingssektoren. Den største utfordringa er at kvinner er underrepresenterte på dei høgste stillingsnivåa på så godt som alle fagområde. Policy for likestilling og kjønnsperspektiver i forskning (2007–2012) er grunnlaget for Forskingsrådets arbeid med likestilling i forsking. I 2011 var det 28 pst. kvinnelege prosjektleiarar i Forskingsrådet, noko som er det same som året før. Blant forskarrekruttane har delen kvinner auka i dei siste åra. Sjå òg omtale under kap. 8 i del III av proposisjonen.
Strategiar og tiltak
Ei brei satsing på klimaforsking
Klimaendringane er omfattande og skjer raskt. Det er nødvendig med ei brei satsing på klimaforsking og mekanismar for effektivt å ta i bruk ny kunnskap og innsikt. Regjeringa foreslår ei satsing på 47 mill. kroner til klimaforsking i statsbudsjettet for 2013, jf. omtale i kap. 5 i del III av proposisjonen. Satsinga byggjer på tilrådingane i Klima21-strategien og den internasjonale evalueringa av norsk klimaforsking som vart lagd fram våren 2012. 25 mill. kroner av dette vil bli tildelt Noregs forskingsråd over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til klimaforsking med særleg vekt på samfunnsvitskapleg og humanistisk klimaforsking og grunnleggjande forsking knytt til klimasystemet og klimaendringane i Arktis. Som ein del av satsinga, foreslår regjeringa å auke tildelinga til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret med 5 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og med Havforskingsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar. Sjå òg omtale under kap. 260 post 50.
Europeisk forskingssamarbeid
St.meld. nr. 30 (2008–2009) peikte ut internasjonalisering som eitt av dei fire tverrgåande måla. Det europeiske samarbeidet er ein hovudarena for internasjonalt samarbeid og ein hovudprioritet for norsk forsking. Noreg har med stort utbytte delteke i EUs rammeprogram for forsking sidan 1994. Deltakinga er viktig for å auke kvaliteten i norsk forsking. Forskingssamarbeidet gjennom rammeprogramma har vorte stadig meir omfattande. 2013 er det siste programåret for det sjuande rammeprogrammet, og EU har foreslått ein auke i utbetalingsbudsjettet for programmet på 28 pst. Noregs kontingent til rammeprogramma er i 2013 berekna til å bli om lag 1,7 mrd. kroner. Dette er ein auke på 318 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012. EUs rammeprogram er òg omtalt under kap. 288 post 73 og under tilstandsvurderinga til målet Internasjonalisering av forskinga i kategoriinnleiinga.
Horisont 2020 er EUs neste rammeprogram for forsking og innovasjon, og vil vare frå 2014 til 2020. Horisont 2020 skil seg frå tidlegare rammeprogram ved at det inkluderer både forsking og innovasjon, sjølv om forsking vil stå for den største delen. Programmet skal leggje vekt på store samfunnsutfordringar, globalt leiande næringsliv og framifrå forsking. Europakommisjonen har foreslått eit samla budsjett for heile perioden på om lag 88 mrd. euro i løpande prisar. Forslaget frå Kommisjonen er no til politisk handsaming i EU. Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med omtale av Horisont 2020 i den varsla stortingsmeldinga om forskingspolitikken. Eit eventuelt forslag frå regjeringa om at Noreg skal delta i Horisont 2020, vil bli lagt fram som ei eiga sak for Stortinget.
Nye Senter for framifrå forsking
Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) har til formål å leggje til rette for at forskingsinstitusjonane kan utvikle forskingsmiljø i verdsklasse, og ordninga skal slik bidra til måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) om auka kvalitet i norsk forsking. Styrkt forskarrekruttering og styrkt internasjonalt samarbeid er ein viktig del av dette. I tillegg verkar ordninga strukturerande ved at ho legg til rette for auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskingssektoren. I 2011 hadde ordninga eit budsjett på om lag 250 mill. kroner, og sidan 2008 har 21 senter fordelte på åtte vertsinstitusjonar vore i full drift. Sentra varer i inntil ti år, og dei første sentra, som hadde oppstart i 2003, er no i ferd med å bli avslutta. Midlane frå den første runden er derfor lyste ut på nytt, og til den første fristen mottok Forskingsrådet 139 søknader. Alle søknadene vart vurderte av internasjonale fagpanel, og til slutt vart 29 av søkjarane inviterte til å levere ein fullstendig søknad. I november 2012 vil det bli klart kven av dei 29 som får status som SFF i 2013. For å sikre gode rammevilkår for sentra som blir tildelt midlar frå 2013, foreslår Kunnskapsdepartementet ei styrking av ordninga med 35 mill. kroner innanfor tildelinga til Forskingsrådet.
Kavli Institute for System Neuroscience
Kavli Institute for Systems Neuroscience (KISN) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim er eit av dei mest framifrå forskingsmiljøa i Noreg. For å sikre dette unike forskingsmiljøet stabile rammevilkår, foreslår Kunnskapsdepartementet 12,5 mill. kroner til senteret.
Meir forsking på helse- og velferdstenestene
Det er behov for å styrkje forskinga for helse- og velferdstenestene og samtidig bidra til å auke forskingsforankringa i fagmiljøa som gir helse- og sosialfagleg utdanning. I 2012 vart Forskingsrådets program for praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene etablert. Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke tildelinga til programmet med 7 mill. kroner innanfor tildelinga til Forskingsrådet. Sjå òg kap. 5 i del III av proposisjonen.
Kjønnsbalanse i forskinga
Sjølv om kvinner innanfor dei fleste fagområde gjennomfører doktorgradsutdanning i like stor grad som menn, går utviklinga når det gjeld kjønnsbalanse på toppnivå svært langsamt. BALANSE er ei satsing for å fremme kjønnsbalansen i faglege toppstillingar og i forskingsleiing. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke tildelinga til BALANSE med 7 mill. kroner innanfor tildelinga til Forskingsrådet.
Forskningsbarometeret – med trykk på norsk forsking
Det er krevjande å finne indikatorar som gir eit fullstendig bilete av korleis det står til med forskinga i Noreg. I 2011 lanserte Kunnskapsdepartementet for første gong Forskningsbarometeret – eit årleg barometer med 24 indikatorar for norsk forsking og innovasjon. Forskningsbarometeret 2012 utvikla desse indikatorane vidare og presenterte også ein eigen spesialdel om instituttsektoren. Kunnskapsdepartementet har planar om å leggje fram eit nytt forskingsbarometer i løpet av våren 2013.
Intensjonen bak Fondet for forsking og nyskaping blir ført vidare
Fondet for forsking og nyskaping vart avvikla i statsbudsjettet for 2012, jf. Innst. 12 S (2011–2012) og Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet. Avkastninga frå fondet vart ført vidare som ordinære løyvingar over statsbudsjettet. Intensjonen til Stortinget då Forskingsfondet vart oppretta, var å sikre stabil og føreseieleg finansiering av forskingsverksemd, jf. Innst. S nr. 236 (1998–1999). Avkastninga av kapitalen på fondet var basert på renta på statsobligasjonar med tiårig løpetid. Bakgrunnen for avviklinga av fondet, var at det lave rentenivået ville gi vesentleg lågare avkastning i dei kommande åra. Etter at fondet vart avvikla har rentenivået fortsett å falle, noko som understrekar kor viktig avviklinga var for stabile forskingsløyvingar, mellom anna til Forskingsrådet.
Koordinering av forskingspolitikken
Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å koordinere forskingspolitikken til regjeringa. Dette inneber mellom anna koordinering av budsjettprosessane på forskingsområdet og koordinering av forskingssamarbeidet med EU. Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping har vore viktig for å koordinere forskingstiltak på tvers av departementa. I samband med avviklinga av Fondet for forsking og nyskaping i statsbudsjettet for 2012 vart avkastninga ført vidare over kap. 285 post 53 Overordna forskingspolitiske prioriteringar og kap. 285 post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Desse postane, saman med arbeidet med ei ny forskingsmelding og oppfølginga av evalueringa av Forskingsrådet, vil vere viktige verkemiddel framover for koordinering av forskingspolitikken. Koordineringa av forskingspolitikken skjer òg gjennom arbeidet med strategiar på ulike tverrgåande forskingsområde, til dømes arbeidet med strategiane til regjeringa om bioteknologi, nanoteknologi og IKT. Riksrevisjonen gjennomfører no ein forvaltningsrevisjon av den overordna koordineringa av forskingspolitikken som Kunnskapsdepartementet har ansvaret for.
Oppfølging av evalueringa av Noregs forskingsråd
Ei evaluering av Noregs forskingsråd, gjennomført av Technopolis, vart lagd fram i september 2012. Den overordna konklusjonen i evalueringa er at Forskingsrådet fungerer godt. Aktørane i det norske forskings- og innovasjonssystemet er òg i stor grad nøgde med innsatsen til Forskingsrådet. I evalueringa blir det peikt på at programma og aktivitetane i Forskingsrådet er strukturerande i det norske forskings- og innovasjonssystemet og bidreg til fornying, auka kvalitet og redusert fragmentering. Forskingsrådet er ein sentral aktør når dei nasjonale forskingspolitiske prioriteringane skal realiserast, og Forskingsrådet har gjort ein stor innsats for å stimulere til norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid. Samla viser evalueringa at Forskingsrådet har stor betydning for og effekt på det norske FoU-systemet. Evalueringa viser òg at Forskingsrådet har etablert effektive og gode prosedyrar for søknadshandsaming.
Ein viktig del av evalueringa har vore å peike på moglege forbetringar. Evalueringa legg vekt på at kvaliteten på norsk forsking er høg, men at han ikkje er høg nok. Forskingsrådet bør derfor leggje enda sterkare vekt på kvalitet framover. Arbeidet med evalueringar i Forskingsrådet bør systematiserast og leggje større vekt på effektane av innsatsen. Vidare peiker evalueringa på at det felles mål- og resultatstyringssystemet som er etablert for Forskingsrådet, bør hevast til eit høgre nivå av målstyring og redusere omfanget av aktivitetsstyring.
Evalueringa inneheld mange tilrådingar som dels rettar seg mot departementa og dels mot Forskingsrådet. Regjeringa vil følgje opp resultata og tilrådingane i evalueringa mellom anna gjennom den kommande forskingsmeldinga.
Evaluering av finansieringssystemet for forskingsinstitutta
Den noverande ordninga for statleg basisløyving til forskingsinstitutta kom i stand i 2009, jf. Budsjett-innst.S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Det vart da varsla at ordninga ville bli evaluert etter tre år. Damvad Norge har no gjennomført ei evaluering på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Sjølv om det er krevjande å måle og isolere effekten av det nye systemet etter berre tre år, syner evalueringa at endringa har vore eit viktig steg for å styrkje instituttsektoren som leverandør av relevant forsking av høg kvalitet. Evalueringa viser òg at det er stor tilslutning til tankane bak systemet, og at ingen ønskjer seg tilbake til den tidlegare ordninga. Samtidig viser evalueringa at systemet er komplekst, og at ei forenkling kan bidra til betre måloppnåing. Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til oppfølging i samband med den varsla stortingsmeldinga om forskingspolitikken i 2013.
Det er òg to andre utgreiingar om instituttsektoren under arbeid. Den eine handlar om samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon i instituttsektoren og mellom instituttsektoren og universitet og høgskolar. Den andre utgreiinga tar for seg korleis anvend oppdragsforsking er organisert i ulike land. Til saman vil evalueringa og utgreiingane bidra til å gi regjeringa eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare utforming av instituttpolitikken.
Styrking av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking utgjer, saman med det felles sekretariatet, forvaltningsorganet Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Dei har fått større arbeidsmengd, mellom anna gjennom overføring av oppgåver frå dei sju regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). Departementet foreslår derfor ei monaleg styrking av området, og vidare at det blir tilsett ein direktør for sekretariatet. Sjå omtale under kap. 284 post 01.
Akademisk fridom for tilsette ved institusjonar utanfor universitets- og høgskolesektoren
Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 171, 16. februar 2010 i samband med handsaminga av Innst. 135 S (2009–2010), jf. Dokument 8:7 S (2009–2010):
«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag som på egnet måte tydeliggjør den akademiske frihet for forskere ved institusjoner som ikke omfattes av universitets- og høyskoleloven.»
Kunnskapsdepartementet har følgt opp oppmodingsvedtaket om å tydeleggjere den akademiske fridommen ved institusjonar utanfor universitets- og høgskolesektoren på fleire måtar.
For det første har Noregs forskingsråd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet vurdert om Forskingsrådets vilkår for tilskott til forskingsprosjekt kan nyttast til å klargjere den akademiske fridommen for forskarar ved institusjonar som ikkje er omfatta av universitets- og høgskolelova. To ulike forslag til reviderte tilskottsvilkår har vore ute til høring hos organisasjonar, store bedrifter og instituttsamanslutningar. Forskingsrådet tilrår på grunnlag av høringa at det ikkje blir fastsett nye generelle vilkår. Det er svært vanskeleg å finne ei formulering som er meiningsberande og utvitydig, som høver for alle ulike prosjekt og for alle typar prosjektdeltakarar, og som kan handhevast. I forskingsprosjekta som får støtte frå Forskingsrådet, er tema, metode og datagrunnlag i stor mon alt konkretisert. Noverande standardvilkår tek vare på omsynet til offentleggjering av forskingsresultata på ein tilfredsstillande måte. Forskingsrådet viser til at det vil vere meir målretta å tydeleggjere den akademiske fridommen konkret der det er størst behov, og da særleg hos forskingsinstitutt og ved oppdragsforsking. Generelle formuleringar i vilkåra til Forskingsrådet vil kunne verke negativt på samarbeidet med næringslivet. Departementet har slutta seg til denne vurderinga.
Departementet har vidare revidert standardavtalen for forskings- og utgreiingsoppdrag. Avtalen var ferdig i februar 2012, og har fått ei sterkare understreking av den akademiske fridommen for forskarar. Avtalen gir eit solid rammeverk for å sikre at oppdragsforskingsavtalar byggjer på anerkjende vitskaplege og etiske prinsipp, og at resultata blir gjorde offentleg tilgjengelege – til felles nytte. Han er til bruk for alle som ønskjer uavhengig oppdragsforsking med høg legitimitet, og departementet legg stor vekt på at det offentlege alltid skal vurdere å bruke denne avtalen når ein inngår avtalar om forskings- og utgreiingsarbeid.
Finansieringssystemet for instituttsektoren er evaluert. I samband med oppfølginga av evalueringa vil departementet vurdere om ei tydeleggjering av retten til akademisk fridom for tilsette ved forskingsinstitutta bør takast inn i retningslinjene for ordninga.
Kap. 283 Meteorologiformål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Meteorologisk institutt | 261 912 | 270 030 | 280 801 |
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 25 682 | 57 579 | 55 662 |
Sum kap. 283 | 287 594 | 327 609 | 336 463 |
Post 50 Meteorologisk institutt
Meteorologisk institutt er den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid og formidle resultata av arbeidet. Varsling av ekstreme vêrtilhøve og dermed sikring av liv og verdiar har aller høgste prioritet. Meteorologisk institutt har òg andre viktige beredskapsoppgåver, mellom anna varsling ved atomulykker som gir utslepp til luft eller hav. Meteorologisk institutt har såleis ein samfunnskritisk funksjon.
Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Den aukande aktiviteten i nordområda krev gode vêrmeldingar. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.
Mål for 2013
Meteorologisk institutt skal:
auke kvaliteten på varsla for vêr, hav og miljø
utvikle vidare observasjonssystemet sitt for vêrvarslings- og klimaformål
utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta
betre kunnskapen om klimaet i Noreg no, og om klimautviklinga i fortid og framtid
vere påliteleg, tilgjengeleg og relevant i all kommunikasjon
Rapport for 2011
Måla for 2011 vart i hovudsak nådde, og departementet er nøgd med måloppnåinga til Meteorologisk institutt.
Instituttet kan dokumentere stabil kvalitet for modellberekna trykk- og temperaturvarsel.
Kvaliteten på varslinga for vind og døgnnedbør over Noreg viste nedgang i 2011. Til samanlikning viser grovare berekningar frå den globale ECMWF-modellen også lågare kvalitet for vind og nedbør over Noreg i 2011, medan kvaliteten globalt viste jamn betring. Dette viser at vêråret 2011 har vore spesielt uroleg over Noreg med mange vanskelege vêrsituasjonar.
I 2011 starta Meteorologisk institutt eit prosjektsamarbeid med Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut (SMHI). Målet er å få felles produksjon av best moglege vêrvarsel for felles område frå og med våren 2014.
Meteorologisk institutt har arbeidd målretta og systematisk med å forbetre kriseplanverket, organiseringa av beredskapsarbeidet og beredskapsrutinene. Instituttet har òg lagt ned mykje arbeid i samband med informasjonstryggleik, mellom anna fysisk trygging av IKT-systema.
Instituttet arbeider målretta med å sikre stabil drift av IT-systema. Dette har gitt god regularitet i modellkjøringane og terminane i 2011, og sikra med det produksjonen av vêrvarsel. For å sikre at det framleis er god regularitet på dette området, har Meteorologisk institutt mellom anna teke i bruk det nye datasenteret i nybygget Tallhall og fornya lagringsanlegget for operasjonelle data. Begge desse tiltaka gir auka kapasitet og sikrar høg regularitet i varselproduksjonen.
Instituttet har ført vidare arbeidet for å levere kostnadseffektive flyvêrtenester. Det nordiske kvalitetssystemet for vurdering av flyvêrvarsel gir dei norske flyvêrvarsla ein skår på 9,6 av 10 oppnåelege poeng i systemet.
Observasjonsinnsamlinga fyller i hovudsak dei måla som er sette for instituttet. Problemstasjonar er identifiserte og under oppfølging i 2012. Vêrradarnettet vart bygt ut, og stasjonsnettet blir modernisert i planlagd takt. Ny radar i Aust-Finnmark på Varangerhalvøya skal etter planen setjast i drift i løpet av hausten 2012.
Meteorologisk institutt har utført forsking av høg kvalitet som har betra den meteorologiske tenesta. Den grunnlagsorienterte forskinga ved Meteorologisk institutt vart i 2011 evaluert i Forskingsrådets Geofagevaluering med eit svært godt resultat.
Meteorologisk institutt spelte ei sentral nasjonal rolle i samband med den kjernefysiske ulykka ved Fukushima i Japan og vulkanutbrotet frå Grimsvotn i 2011. I begge situasjonane sette instituttet i verk operativ varsling av spreiing av radioaktivt nedfall og vulkansk oske i løpet av kort tid. Resultata av begge episodane vart publiserte på nettsida til instituttet. Prognosane fekk brei publisering og vart nytta av publikum i både inn- og utland.
Vêrportalen yr.no sørgjer for spreiing av vêrvarsel til allmenta, og er instituttets hovudkanal ut til folket. Yr.no hadde på det meste meir enn 3,7 millioner unike brukarar i løpet av ei veke i 2011. I tillegg kjem brukarar av ulike yr-applikasjonar.
Meteorologisk institutt vart for sjette året på rad kåra til den statsetaten som har best omdømme i Noreg.
Budsjettforslag for 2013
For at Meteorologisk institutt skal kunne starte bygginga av ein ny vêrradar på Helgelandskysten i Nordland, foreslår departementet å løyve 12,5 mill. kroner til formålet. Kostnaden ved å byggje vêrradaren er om lag 25 mill. kroner og vil bli finansiert over to år. Når radaren på Helgelandskysten kjem i drift, vil heile den norske kysten vere dekt av vêrradarnettet. Vêrradaren på Helgelandskysten vil medverke til betre varsling av farleg vêr, som til dømes sterke polare lågtrykk, intense byer og flom. Betre vêrvarsling i området vil medverke til å betre tryggleiken for ferdsel til havs, både for fiskefartøy og for den aukande skipstrafikken langs kysten av Nord-Noreg. Radaren vil òg medverke til betre varsling av flyvêret i området, og dermed til betre flytryggleik.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt
Mål for 2013
Målet med ordninga er å medverke til at Meteorologisk institutt kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt, og på den måten utvikle og forbetre dei meteorologiske tenestene i Noreg. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar. Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskott av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til fondet Working Capital Fund (WCF)
Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, ECOMET, EuroGOOS, IUGG og HIRLAM)
Rapport for 2011
Alle organisasjonane som Noreg gir tilskott til under denne posten, har utført verksemda si innanfor formålet sitt. Det meteorologiske samarbeidet i EUMETSAT, ECMWF og EUMETNET er prega av finanskrisa. Noreg har innfridd alle betalingspliktene sine i 2011. Dei andre medlemslanda har stort sett greidd å overhalde betalingspliktene sine, men med enkelte forseinkingar. Organisasjonane arbeider aktivt for å spare inn på pågåande eller planlagde aktivitetar. På grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen for fleire av medlemslanda er det derfor vanskeleg å starte nye samarbeidsaktivitetar innanfor desse organisasjonane.
EUMETSAT opererte i 2011 tre geostasjonære meteorologiske satellittar og ein polarbanesatellitt. Data frå desse satellittane blir brukte i dei numeriske prognosemodellane slik at kvaliteten på varsla for vêr blir betre. ECMWF kan vise til ein klar auke i prognosekvaliteten på grunn av data frå desse satellittane.
Ved ECMWF heldt den jamne framgangen i prognosekvaliteten fram gjennom heile 2011. EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet, særleg med sikte på å dekkje geografiske område som elles ville hatt svært få observasjonar, og på å ta i bruk moderne metodar for observasjon. I tillegg er det samarbeid innanfor numeriske varsel for vêr og varsling av ekstremvêr. ECOMET sørgjer for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta tilfredsstiller konkurranselovgivinga.
WMO sørgjer for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sann tid mellom dei 190 medlemslanda sine. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. Planlegginga av ei betre global klimateneste har halde fram i 2011 og skal etter planen vedtakast av ein meteorologisk verdskongress i oktober 2012.
Budsjettforslag for 2013
Mesteparten av utgiftene på posten er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). På grunn av finanskrisa i Europa er delar av programma under EUMETSAT for 2013 endra eller utsette. Departementet foreslår derfor ein mindre nedgang i løyvinga for 2013.
I budsjetteringa av posten er det teke omsyn til at Noregs del av Working Capital Fund skal vere om lag 5 mill. kroner.
Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komitéane
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 16 300 | ||
Sum kap. 284 | 16 300 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld drift av Dei nasjonale forskingsetiske komitéane, og dekkjer arbeidet i Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag, Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi, Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking (Granskingsutvalet) og det felles sekretariatet.
Departementet foreslår at sekretariatet organisatorisk blir flytt frå Noregs forskingsråd, og at Dei nasjonale forskingsetiske komiteane blir eit ordinært forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet frå 1. januar 2013.
Mål for 2013
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane skal bidra til at forsking i offentleg og privat regi skjer i samsvar med anerkjende etiske normer. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at dei er fagleg uavhengige statlege organ. Sekretariatet skal leggje til rette for at komiteane kan gjennomføre oppgåvene sine innanfor god ressursbruk og med høg kvalitet.
Budsjettforslag for 2013
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane har fått større arbeidsmengd, mellom anna gjennom overføring av oppgåver frå dei sju regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). Departementet foreslår derfor ei monaleg styrking av dette området, og vidare at det blir tilsett ein direktør for sekretariatet. Departementet foreslår ei samla løyving på 16,3 mill. kroner i 2013.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
52 | Forskingsformål | 1 181 930 | 1 274 025 | 1 311 868 |
53 | Overordna forskingspolitiske prioriteringar | 867 573 | 897 203 | |
54 | Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse | 280 000 | 289 240 | |
55 | Administrasjon | 258 492 | 266 505 | 275 300 |
Sum kap. 285 | 1 440 422 | 2 688 103 | 2 773 611 |
Forskingsrådet skal gjennom ulike verkemiddel sikre forsking av høg kvalitet og relevans. Forskingsrådet har ei sentral rolle som forskingspolitisk rådgivar og har òg ein viktig møteplassfunksjon. Noregs forskingsråd er det viktigaste verkemiddelet regjeringa har for å sikre gjennomføringa av forskingspolitikken.
Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført, gjennom å nytte nasjonal konkurranse i fordelinga av forskingsmidlar. Kvaliteten blir sikra ved at søknadene blir vurderte av internasjonale fagfellar. Berre dei prosjekta som får best vurdering, blir tildelte støtte. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking.
Forskingsrådet vart i 2011 tildelt 7,1 mrd. kroner over budsjetta til 16 departement. Ei oversikt over tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement er presentert i del III, kap. 5. I tillegg tildeler Kunnskapsdepartementet midlar til basisfinansiering til forskingsinstitutta over kap. 287 post 57, og til forskingsprogrammet om forsking og innovasjon over kap. 287 post 21. Løyvingane til utdanningsforsking over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er omtalte under kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51 og kap. 258 post 21. Særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren er omtalte under kap. 281 post 50.
Mål for 2013
Dei forskingspolitiske måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009), ligg til grunn for prioriteringane til regjeringa på forskingsområdet. For å medverke til ei koordinert styring av verksemda til Forskingsrådet er det utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingane til Forskingsrådet frå departementa. Det overordna målet for Noregs forskingsråd er å medverke til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn, at Noreg skal vere blant dei fremste når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap, og at forskinga skal skaffe kunnskap som kan medverke til auka verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for erkjenninga. Med utgangspunkt i dette overordna målet er det sett tre hovudmål:
Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet.
God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet.
Resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet.
Løyvinga til Noregs forskingsråd over kap. 285 blir gitt over fire postar som synleggjer politiske prioriteringar. Kap. 285 post 52 skal særleg finansiere tiltak som fremmer kvalitet uavhengig av fagområde, og særskilt følgje opp det ansvaret som Kunnskapsdepartementet har for finansiering av grunnforsking. Løyvinga over kap. 285 post 53 finansierer overordna forskingspolitiske prioriteringar på tvers av sektorar, og løyvinga over kap. 285 post 54 finansierer forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Delar av administrasjonen av Noregs forskingsråd blir finansierte over ein eigen post, kap. 285 post 55.
Rapport for 2011
Mål for tilskotta til Noregs forskingsråd
Dei tre hovudmåla som er nemnde ovanfor, gjaldt òg for tildelinga til Noregs forskingsråd i 2011. Løyvinga vart i 2011 gitt over kap. 285 og kap. 286. Denne oppdelinga vart endra frå 2012, da avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping vart gjord om til ordinære løyvingar over statsbudsjettet. Løyvinga over kap. 286 post 50 vart ført vidare over kap. 285 postane 53 og 54.
Overordna vurdering av måloppnåinga
Tildelingane til Noregs forskingsråd frå Kunnskapsdepartementet skal gjere Forskingsrådet i stand til å setje i verk tiltak for å nå dei forskingspolitiske måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009). Eit viktig grunnlag for å vurdere graden av måloppnåing er evalueringar. I 2011 vart det gjennomført fleire fagevalueringar, og det har òg vore gjennomført evalueringar av einskilde program. Ein hovudkonklusjon frå desse evalueringane er at kvaliteten på dei fagfelta og programma som er evaluerte, er god, og at Forskingsrådet speler ei viktig koordinerande rolle. Ei ekstern evaluering av Forskingsrådet vart lagd fram i september 2012. Ei orientering om dei viktigaste funna blir gitt i kap. 5 i del III av proposisjonen.
Måloppnåing kan òg sjåast i lys av ressursinnsatsen knytt til dei einskilde måla. Forskingsrådet klassifiserer bruken av midlane dei blir tildelte, etter måla i mål- og resultatstyringssystemet. Det vil ofte vere eit overlapp mellom måla, og det er ikkje uproblematisk å knytte kvar krone til eit bestemt mål. Klassifiseringa til Forskingsrådet viser likevel at det meste av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet er knytt til målet om auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet.
Noregs forskingsråd har ei rekkje verkemiddel til rådvelde. Innrettinga og dimensjoneringa av dei ulike verkemidla er avgjerande for å nå dei forskingspolitiske måla. Figuren nedanfor viser korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er fordelte på ulike verkemiddel. Det største verkemiddelet som blir finansiert av løyvinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, er Fri prosjektstøtte (FRIPRO). I 2011 utgjorde FRIPRO 19 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet. I 2012 var denne delen auka til om lag ein firedel. Løyvinga over kap. 285 er etter det særleg retta mot sentersatsingane, forskingsinfrastruktur og verkemiddelet Store program. Figuren viser samanhengen mellom korleis løyvingane over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir nytta, og det særskilde ansvaret departementet har for den grunnleggjande forskinga og tiltak som går på tvers av sektorar.
Internasjonalisering skal vere ein regulær og innarbeidd del av verksemda til Forskingsrådet. Målet er konkrete mål og planar for internasjonalt samarbeid gjennom alle satsingane til Forskingsrådet. Det blir òg lagt vekt på internasjonalt samarbeid og mobilitet i handsaminga av søknadene. Tala frå Forskingsrådet stadfestar at det har vore ein auke i internasjonaliseringsinnsatsen innanfor program og satsingar som ikkje er målretta mot internasjonalisering. På dei fleste områda er det likevel potensial for å auke internasjonaliseringsinnsatsen.
Vurdering av korleis løyvingane over kap. 285 bidreg til å nå måla til Forskingsrådet
Fri prosjektstøtte
Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er ein open, nasjonal konkurransearena der søknadene blir vurderte ut frå vitskapleg kvalitet. Formålet med FRIPRO er å få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet uavhengig av fagområde og disiplinar. Verkemiddelet støttar såleis hovudsakleg opp under mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet.
Ordninga finansierer forskarprosjekt, postdoktorstipend, utanlandsopphald og arrangement og er i heilskap finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2011 vart tildelinga til ordninga styrkt med 60 mill. kroner, og FRIPRO utgjorde 19 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet. Det vart fordelt 520 mill. kroner til 117 ulike prosjekt for perioden 2011–14 etter utlysinga i 2010; dette tilsvarer åtte pst. av søknadene. Ved tildelinga praktiserer Forskingsrådet moderat kjønnskvotering for søknadene om personlege postdoktorstipend og prosjektleiarar for forskingsprosjekta. I tillegg har 13 søkjarar til Det europeiske forskingsrådet (ERC), som vart vurderte som kvalifiserte til å få Starting Grant, men der ERC-budsjettet ikkje strekte til, fått midlar frå FRIPRO i 2012.
Forskingsrådet har i 2011 sett i gang fleire tiltak for å forbetre og effektivisere FRIPRO, mellom anna færre og større fagpanel og ei klarare rolledeling mellom panel, administrasjon og fagkomitear. I 2011 vart det òg sett i verk ei evaluering av FRIPRO. Evalueringa vart ferdig i april 2012, og hovudkonklusjonen er at FRIPRO er eit godt verkemiddel for å fremme forsking av høg vitskapleg kvalitet. Ordninga har ein positiv innverknad på rekruttering, karriereutvikling, internasjonalt samarbeid og kjønnsbalanse i forskinga. Evalueringa tilrår likevel at Forskingsrådet ser på korleis ordninga i større grad kan støtte opp om innovativ og banebrytande forsking. Forskingsrådet vil følgje opp evalueringa i 2012.
Store program
Store program er eit viktig verkemiddel for å gjennomføre nasjonale forskingspolitiske prioriteringar. Det er sju store program som skal byggje langsiktig kunnskap for å stimulere til innovasjon og auka verdiskaping, eller medverke til å løyse prioriterte samfunnsutfordringar. Gjennom fagleg tyngd og samspel mellom ulike fag og aktørar i forskingssystemet er dette verkemiddelet retta mot målet om auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking. Verkemiddelet skal òg ha ei sterk internasjonal orientering. I tillegg til Fri prosjektstøtte kjem det største bidraget til vitskaplege publikasjonar frå Store program. Innanfor Store program er det òg registrert ei rekkje innovasjonsresultat i form av nye produkt, tenester, patentar og lisensar. Store program utgjorde om lag 14 pst. av den totale tildelinga frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet i 2011. Om lag 20 pst. av verkemiddelet Store program vart i 2011 finansiert av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, og om lag åtte pst. vart finansiert over kap. 285 post 52. Resten av verkemiddelet vart finansiert over budsjetta til andre departement. Alle dei sju programma innanfor Store program vart delfinansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.
Om lag 45 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet til Store program i 2011 er knytt til programmet Funksjonell genomforskning (FUGE). Dette programmet har vore Forskingsrådets store satsing innanfor bioteknologi. Programmet har hatt ei ramme på 1,6 mrd. kroner over ti år, og 2011 var det siste året i programperioden. Bakgrunnen for etableringa av FUGE var ei målsetjing om å lyfte norsk bioteknologisk forsking. Mellom anna skulle nivået på grunnforskingsdisiplinane førast opp til internasjonal standard, og Noreg skulle vere verdsleiande på utvalde strategisk viktige område. Ei evaluering av programmet vart lagd fram i 2011, og hovudkonklusjonen er at FUGE har vore ein suksess. Programmet har nådd dei overordna måla om å byggje forskingskompetanse innanfor bioteknologi, og har hatt avgjerande betydning for å lyfte fagfeltet når det gjeld kvalitet og produktivitet. Mellom anna er ein høg del av publikasjonane frå FUGE-prosjektet publiserte i førande internasjonale vitskaplege tidsskrift. Satsinga på bioteknologisk forsking vil bli ført vidare innanfor verkemiddelet Store program gjennom det nye programmet BIOTEK2021 og andre av verkemidla til Forskingsrådet. BIOTEK2021 vil ha meir merksemd på innovasjon og næringsutvikling enn det FUGE hadde. Programmet vil følgje opp den nasjonale strategien for bioteknologi som vart lagd fram i 2011.
NANOMAT har vore Forskingsrådets store program innanfor nanoteknologi og nye materialar. Programmet har hatt ei ramme på 700 mill. kroner i perioden 2002–11, og målet har vore å styrkje norsk nano- og materialteknologisk forsking til eit internasjonalt nivå på utvalde område. Om lag 17 pst. av tildelinga til Store program i 2011 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er knytt til dette programmet. Ei evaluering av programmet vart lagd fram i 2011, og hovudkonklusjonen er at NANOMAT har vore ein suksess. Evalueringa peiker likevel på at det er eit potensial for å oppnå større effektar av programmet gjennom planlegging og styring, og at programmet ikkje fullt ut har utnytta dei moglegheitene som ligg i det å vere ein del av verkemiddelet Store program. Evalueringa viser òg til at dei offentlege investeringane i nanoteknologi fram til no kunne ha skapt større næringsmessig verdi. Satsinga på forsking på nanoteknologi vil bli ført vidare innanfor det nye programmet NANO2021. Regjeringa la fram ein FoU-strategi om nanoteknologi i juni 2012, jf. omtale i kap. 5 i del III av proposisjonen.
Løyvinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til Store program finansierte i 2011 òg forsking på klimaendringar og konsekvensane desse har for Noreg, gjennom programmet NORKLIMA, forsking på framtidas reine energisystem gjennom programmet RENERGI og IKT-forsking gjennom programmet VERDIKT. 51 mill. kroner av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping delfinansierte det store programmet PETROMAKS. Programmet skal gjennom styrkt kunnskapsutvikling, næringsutvikling og internasjonal konkurransekraft bidra til at petroleumsressursane gir auka verdi for samfunnet. Fondsavkastninga finansierte òg forsking på berekraftig vekst i norsk havbruk gjennom det store programmet HAVBRUK.
Grunnforskingsprogram
Innsatsen til Forskingsrådet på dei ulike grunnforskingsprogramma skal byggje opp forskingsmiljø og sikre grunnleggjande kunnskap på område som kan bli viktige i framtida. Grunnforskingsprogramma blir òg sette i gang for å styrkje svake fagområde og byggje opp kunnskap for å løyse kjende utfordringar.
Av den samla porteføljen til Forskingsrådet gjekk i 2011 om lag 2,7 mrd. kroner til grunnforsking, der grunnforskingsprogramma står for 6,5 pst. Det meste av grunnforskingsinnsatsen skjer gjennom verkemiddel som Store program, FRIPRO og sentersatsingane. Forskingsrådet hadde i 2011 til saman 14 grunnforskingsprogram med ein samla portefølje på 174 mill. kroner, der delen til Kunnskapsdepartementet var på 118 mill. kroner.
Matematikk og naturvitskap er det fagområdet som er best representert i grunnforskingsprogramma, med ein del på 45 pst., følgt av humaniora med 18 pst. Det er særleg universiteta og høgskolane som hentar ut midlar frå grunnforskingsprogramma – 80 pst. av prosjektmidlane går til universitets- og høgskolesektoren.
Gåveforsterkingsordninga
Forskingsrådet har i 2011 utbetalt totalt 148,6 mill. kroner i gåveforsterking. Gåveforsterkingsordninga vart avvikla frå og med 2012. I 2011 hadde ordninga ei ramme på 60 mill. kroner. Forskingsrådet mottok langt fleire søknader enn venta på slutten av 2011. På grunn av lågt forbruk i ordninga i tidlegare år har det vorte ført over midlar frå gåveforsterking til forskingsinfrastruktur. I 2011 vart delar av desse midlane førte tilbake til gåveforsterkingsordninga for å kunne finansiere dei søknadene som var kvalifiserte for støtte i 2011.
Handlingsretta program
Dei handlingsretta programma skal gi betre kunnskapsgrunnlag for politiske vedtak og for planlegging på forskjellige forvaltningsnivå. Kunnskapsdepartementet finansierer ei rekkje handlingsretta program saman med fleire andre departement. Departementets del av den samla finansieringa varierer frå program til program. Dei største handlingsretta programma som blir finansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, er forskingsprogramma om biobankar og helsedata, polarforsking og årsaker til sjukefråvær. Tildelinga frå Kunnskapsdepartementet skal i særleg grad sikre rekruttering, internasjonalt samarbeid og bidra til grunnforsking innanfor dei handlingsretta programma.
Både polarprogrammet og programmet Humane biobankarog helsedata er nettopp starta opp, og det er derfor få resultat foreløpig. Programmet om årsaker til sjukefråvær har fått revidert programplan frå 2011, og første utlysing av midlar var hausten 2011.
Brukarstyrte innovasjonsprogram
Brukarstyrte innovasjonsprogram er retta direkte mot verksemder som vil utvikle si eiga bedrift eller næring, og der brukarane er i førarsetet. Programma blir delfinansierte av næringslivet.
Det er ei utfordring å utvikle eit meir kunnskapsbasert næringsliv. Dei offentlege midlane gjennom Noregs forskingsråd som er retta mot næringslivet, skal bidra til at næringslivet styrkjer sin eigen forskingsinnsats og i større grad kan dra nytte av den store mengda forskingsbasert kunnskap som blir utvikla globalt.
Kunnskapsdepartementet delfinansierer nokre av dei brukarstyrte programma. I 2011 finansierte løyvinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet 55 mill. kroner til dei brukarstyrte programma Gassmaks, Brukarstyrt innovasjonsarena og Matprogrammet. Om lag 70 pst. av tildelinga til verkemiddelet blir finansierte over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.
Sentersatsingane
Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) er eit av dei viktigaste verkemidla Forskingsrådet har for å fremme kvalitet i norsk forsking. Ordninga skal leggje til rette for at forskingsinstitusjonane kan utvikle forskingsmiljø i verdsklasse. Styrkt forskarrekruttering og auka internasjonalt samarbeid er ein viktig del av dette. Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) har til formål å stimulere innovasjonsevna og internasjonaliseringa i norsk næringsliv ved å sikre langsiktig kompetanseoppbygging gjennom samarbeid mellom toppforskingsmiljø og næringslivet. Ordninga skal òg bidra til å fremme kvalitet og effektivitet i offentleg sektor. Begge senterordningane støttar hovudsakleg opp under mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet, men er òg relevante for målet om effektiv utnytting av ressursar og resultat.
I 2011 hadde SFF-ordninga eit budsjett på om lag 250 mill. kroner. Heile ordninga vart finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Frå 2008 har 21 senter fordelte på åtte vertsinstitusjonar vore i full drift. Fem av sentra er innanfor humaniora og samfunnsvitskap, seks er innanfor biovitskapane, og ti innanfor naturvitskap og teknologi. Samla hadde sentra eit budsjett på om lag 1 mrd. kroner. I tillegg til støtte gjennom SFF-ordninga får sentra støtte frå vertsinstitusjonane, gjennom programsatsingane til Forskingsrådet og frå andre kjelder.
I 2011 gjennomførte Forskingsrådet ei midtvegsevaluering av dei åtte sentra som starta opp i 2007. Evalueringa vart utført av ein internasjonal evalueringskomité, og formålet var å vurdere vitskapleg kvalitet og oppnådde forskingsresultat i høve til dei opphavlege planane for sentra. I likskap med den midtvegsevalueringa som vart gjennomført av dei første sentra i 2006, fekk også desse sentra gjennomgåande svært positive vurderingar. På bakgrunn av evalueringa vedtok Forskingsrådet å forlengje SFF-statusen til alle sentra for ein ny periode på fem år.
St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning stadfesta at SFF-ordninga skal førast vidare. I 2011 lyste derfor Forskingsrådet ut ein tredje runde i ordninga: SFF-III. Om lag 30 søknader vart inviterte til andre trinn i søknadshandsaminga. Kven som får status som SFF frå 2013, vil bli avgjort i november 2012.
Dei første 14 Sentra for forskingsdriven innovasjon (SFI) kom i drift i 2007. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) slo regjeringa fast at ho ville vurdere ei ny utlysingsrunde for ordninga. I 2011 vart det derfor etablert sju nye SFI-senter. Dei 21 sentra spenner vidt, frå nye material og petroleumsteknologi til medisin. I 2011 kom òg det første samfunnsvitskaplege senteret til, innanfor tenesteinnovasjon. Ordninga er i hovudsak finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet og hadde i 2011 eit samla budsjett på om lag 185 mill. kroner.
I 2010 gjennomførte Forskingsrådet ei midtvegsevaluering av dei første 14 sentra. Evalueringa gav ordninga ei svært positiv samla vurdering. Resultata av evalueringa er i 2011 nytta til å følgje opp dei 14 sentra som vart evaluerte, og i etableringa av dei nye sentra.
Tildelinga frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet var òg med på å finansiere ordninga med Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) med 5 mill. kroner i 2011, av eit totalbudsjett for ordninga på 150 mill. kroner. FME-ordninga har til formål å etablere senter som gjennom langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå skal bidra til å løyse utfordringar på energi- og miljøområdet. Frå 2008 har det vore åtte FME-ar, og frå 2011 fekk enda tre forskingsmiljø status som FME. Desse tre skal ha ei samfunnsvitskapleg tilnærming til dei energi- og klimapolitiske utfordringane og skal mellom anna studere tilhøvet mellom teknologi og samfunn.
Nasjonal satsing på infrastruktur
Nasjonal satsing på infrastruktur vart etablert som ei satsing i 2009. Heile satsinga er finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2011 hadde satsinga eit budsjett på 280 mill. kroner, ei dobling frå 140 mill. kroner i 2010. Nasjonale investeringar i forskingsinfrastruktur og norsk deltaking i internasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur skal styrkje kvalitet og byggje opp under dei nasjonale forskingspolitiske prioriteringane. Satsinga skal òg bidra til å auke effektivitet i norsk forsking gjennom å sikre arbeidsdeling og tilgang til infrastruktur nasjonalt og internasjonalt. Eit døme på sistnemnde er den norske deltakinga i 24 ulike prosjekt i regi av Det europeiske strategiforumet for forskingsinfrastruktur (ESFRI). Desse prosjekta er førte opp på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur av paneuropeisk verdi. Tre av prosjekta er under norsk leiing: Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System(SIOS),European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure(ECCSEL) ved NTNU og Council of European Social Science Data Archives (CESSDA).
Investeringane inkluderer vidareutvikling og samordning av nasjonale databasar og e-infrastruktur. Forskingsinfrastrukturen skal vere tilgjengeleg for relevante forskingsmiljø og næringar. Satsinga støttar såleis hovudsakleg opp under mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet, men er også relevant for mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet.
Forskingsrådet har i perioden 2009–11 tildelt til saman om lag 1 mrd. kroner til 40 nasjonale infrastrukturar. Tildelingane i 2011 gjekk til sju nye prosjekt innanfor avansert vitskapleg utstyr og elleve nye storskala infrastrukturar.
I 2011 har Forskingsrådet oppdatert den nasjonale strategien for forskingsinfrastruktur og Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur. Vegkartet gjer store og nasjonalt viktige forskingsinfrastrukturar synlege og skal vere ein rettleiar for framtidige investeringar. Søknadene til den første utlysinga i satsinga var på i alt 6,7 mrd. kroner. Mange av søknadene var innanfor prioriterte, nasjonale område og fekk svært gode faglege vurderingar. Så mange prosjekt som budsjettet tillét, vart innvilga, mens dei øvrige prosjekta som kvalitativt vart vurderte som investeringsklare og av nasjonal tyding, vart inkluderte i vegkartet. Dei trong ikkje søkje om igjen i den andre utlysinga i 2010. Der kom det inn søknader om ytterlegare 4 mrd. kroner.
Post 52 Forskingsformål
Om ordninga
Det er utarbeidd felles mål for alle løyvingane til Noregs forskingsråd, jf. kapittelomtalen til kap. 285. Desse måla gjeld òg for alle postane under dette kapitlet. Oppdelinga av løyvinga til Forskingsrådet på ulike postar er uttrykk for prioriteringane til departementet innanfor dei overordna måla. Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for grunnforsking. Løyvinga over kap. 285 post 52 skal i hovudsak finansiere grunnforsking på alle fagområde. Løyvinga finansierer mellom anna det meste av verkemiddelet Fri prosjektstøtte (FRIPRO).
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på 1,31 mrd. kroner i 2013. 12,5 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt Kavli Institute for Systems Neuroscience (KISN) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Innanfor løyvinga på posten skal Forskingsrådet òg auke tildelinga til programmet praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene med 7 mill. kroner. Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd og vil gi meir kunnskap om helse- og velferdstenestene og om utdanningane innanfor feltet.
Departementet foreslår at sekretariatet for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane organisatorisk blir flytt frå Noregs forskingsråd og at Dei nasjonale forskingsetiske komiteane blir eit ordinært forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet frå 1. januar 2013. Som ei følgje av flyttinga, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 11,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 284 post 01.
Post 53 Overordna forskingspolitiske prioriteringar
Om ordninga
Det er utarbeidd felles mål for alle løyvingane til Noregs forskingsråd, jf. kapittelomtalen til kap. 285. Desse måla gjeld òg for alle postane under dette kapitlet. Oppdelinga av løyvinga til Forskingsrådet på ulike postar er uttrykk for prioriteringane til departementet innanfor dei overordna måla. Løyvinga over kap. 285 post 53 skal i hovudsak finansiere overordna forskingspolitiske prioriteringar på tvers av sektorar. Saman med løyvinga over kap. 285 post 54 er løyvinga ei vidareføring av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, som vart avvikla i statsbudsjettet for 2012.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 897,2 mill. kroner i 2013. Regjeringa foreslår ei brei satsing på klimaforsking på til saman 47 mill. kroner over budsjetta til fleire departement. Som ein del av satsinga, foreslår Kunnskapsdepartementet at 25 mill. kroner av løyvinga på posten blir tildelt Forskingsrådet til klimaforsking med særleg vekt på samfunnsvitskapleg og humanistisk klimaforsking og grunnleggjande forsking knytt til klimasystemet og klimaendringane i Arktis.
Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) har til formål å leggje til rette for at forskingsinstitusjonane kan utvikle forskingsmiljø i verdsklasse. Ein ny runde med senter vil bli sett i gang frå 2013. For å sikre dei nye sentra gode rammevilkår, foreslår Kunnskapsdepartementet at 35 mill. kroner av løyvinga på posten blir brukt til ei styrking av ordninga.
For å intensivere arbeidet med kjønnsbalanse i faglege toppstillingar i akademia, foreslår departementet at 7 mill. kroner av løyvinga går til ei styrking av satsinga BALANSE. Departementet foreslår at 4 mill. kroner av løyvinga blir tildelt eit nytt forskingsprogram om samfunnstryggleik, jf. omtale i kap. 5 i del III av proposisjonen.
Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse
Om ordninga
Det er utarbeidd felles mål for alle løyvingane til Noregs forskingsråd, jf. kapittelomtalen til kap. 285. Desse måla gjeld òg for alle postane under dette kapitlet. Løyvinga over kap. 285 post 54 skal i hovudsak finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse.
Delar av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping var øyremerkte forskingsinfrastruktur gjennom Forskingsrådet. Løyvinga over kap. 285 post 54 er ei vidareføring av den øyremerkte delen av avkastninga. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart finansieringsansvaret for ulike typar infrastruktur presisert. På bakgrunn av meldinga vart det bestemt at den enkelte forskingsinstitusjonen skal ha ansvaret for investeringane i såkalla basisutstyr, definert som utstyr som det er naturleg at mange institusjonar har, og som har ein investeringskostnad på opptil 2 mill. kroner. Ordninga til Forskingsrådet gjeld forskingsinfrastruktur som er av nasjonal, strategisk interesse, og som har ein investeringskostnad på mellom 2 mill. kroner og 200 mill. kroner. Ansvarsdelinga inneber at Forskingsrådet skal syte for å samordne investeringar i tilfelle der fleire miljø har behov for infrastruktur, men der kostnadene er så høge at det er mest tenleg med samarbeid. Midlane som går via Forskingsrådet, blir tildelte etter konkurranse.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på 289,2 mill. kroner i 2013.
Post 55 Administrasjon
Kunnskapsdepartementet tildeler midlar til administrasjon av Forskingsrådet over denne løyvinga. I tillegg bidreg FoU-løyvingane til å finansiere administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet gjennom refusjonar. Dette gjeld særleg programadministrative kostnader.
Mål for 2013
Målet med løyvinga er at Forskingsrådet skal ha ei god personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane i samsvar med måla for Forskingsrådet.
Rapport for 2011
Løyvingane over posten var på 258,5 mill. kroner i 2011. Dei samla administrasjonskostnadene, inkluderte bruk av FoU-tildelingane frå departementa, var på om lag 422 mill. kroner. Dette var om lag seks pst. av dei samla tildelingane frå departementa til Forskingsrådet, noko som er på same nivå som i dei siste åra. Frå 2010 til 2011 steig dei samla kostnadene til administrasjon med om lag 18,5 mill. kroner.
I 2011 vart Forskingsrådet omorganisert og har no fire fagdivisjonar: Vitskap, Samfunn og helse, Energi, ressursar og miljø og Innovasjon. Omorganiseringa har vorte godt motteken hos brukarane til Forskingsrådet. Som følgje av omorganiseringa har Forskingsrådet sett saman divisjonsstyre som er meir fagleg spissa mot dei overordna prioriteringane i forskingspolitikken.
Det har i dei siste åra vore merksemd kring nivået på den likviditeten Forskingsrådet har i Noregs Bank. Tabell 3.16 i vedlegg 3 viser utviklinga i likviditeten for dei fire siste rekneskapsåra.
Likviditeten består i hovudsak av fire element:
avsetning av midlar til lovpålagde oppgåver som feriepengar og pensjonar
avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir betalt ut før året etter (prosjektgjeld til utførte forskingsprosjekt)
midlar som er fordelte på forskingsprogram, men ikkje på forskingsprosjekt
midlar det er skrive kontrakt med forskarar om, men der det av ulike grunnar har oppstått forseinkingar på prosjektnivå (mellom anna ved universiteta og høgskolane) som gjer at utbetalingane frå Forskingsrådet kjem i eit anna tempo enn budsjettert
Merksemda kring overføring av likviditet frå eitt budsjettår til eit anna har vore knytt til dei midlane som er sette av til planlagd forskingsaktivitet. Ved utgangen av 2011 var denne delen av likviditeten om lag 1,5 mrd. kroner. Dette er ein auke frå 1,3 mrd. kroner året før. Overføringane skyldast mellom anna at det tek tid å starte opp nye program, og at det er nødvendig å gjennomføre lovpålagde planleggings- og innkjøpsprosessar for å kunne investere i utstyr og infrastruktur.
Kunnskapsdepartementet understrekar at det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører midlar frå eitt budsjettår til eit anna. Dette ligg i den rolla Forskingsrådet har i forskingssystemet. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse, og slik sørgje for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som igjen krev tid.
Departementet har som mål at likviditeten er på eit akseptabelt nivå, og følgjer utviklinga nøye gjennom innhenting av halvårlege rapportar. Auken i overføringane blir òg følgd opp gjennom etatsstyringa av Forskingsrådet.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Kap. 286 Forskingsfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd | 1 208 981 | ||
60 | Regionale forskingsfond, tilskott til forsking | 219 000 | 219 000 | |
95 | Fondskapital – Fondet for forsking og nyskaping | 3 000 000 | ||
Sum kap. 286 | 4 427 981 | 219 000 |
Post 50 Fondet for forsking og nyskaping, overføring til Noregs forskingsråd
Rapport for 2011
Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping vart gjord om til ordinære løyvingar i statsbudsjettet for 2012. Kunnskapsdepartementet rapporterer samla om tilskotta til Noregs forskingsråd, jf. omtale under kap. 285.
Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking
Løyvinga er flytt til kap. 287 post 60.
Kap. 3286 Forskingsfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
85 | Avkastning – Fondet for forsking og nyskaping | 3 727 368 | ||
86 | Avkastning – Regionale forskingsfond | 219 064 | 219 000 | |
95 | Fondskapital | 80 000 000 | ||
Sum kap. 3286 | 3 946 432 | 80 219 000 |
Post 85 Avkastning – Fondet for forsking og nyskaping
Sjå omtale under kap. 3286 post 95.
Post 86 Avkastning – Regionale forskingsfond
Løyvinga er flytt til kap. 3287 post 87.
Post 95 Fondskapital
Fondet for forsking og nyskaping vart avvikla i statsbudsjettet for 2012, jf. Innst. 12 S (2011–2012) og Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet. Avviklinga innebar at fondskapitalen på 80 mrd. kroner vart inntektsført på kap. 3286 post 95 i 2012. Fondskapitalen er no ført tilbake til statskassa, og inntektsløyvinga over kap. 3286 post 95 må reduserast med 80 mrd. kroner.
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
21 | Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71 | 8 721 | 13 202 | 11 114 |
53 | NUPI | 4 076 | 4 203 | 4 342 |
56 | Ludvig Holbergs forskingspris | 9 103 | 9 100 | 9 400 |
57 | Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt | 168 858 | 179 093 | 185 003 |
60 | Regionale forskingsfond, tilskott til forsking | 219 000 | ||
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 31 926 | 32 916 | 34 752 |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 406 | 12 784 | 13 206 |
Sum kap. 287 | 235 090 | 251 298 | 476 817 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71
Mål for 2013
Målet med løyvinga er å medverke til utvikling av forskingspolitikken.
Rapport 2011
Storparten av løyvinga på denne posten finansierte forskingsprogrammet Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken (FORFI) i Noregs forskingsråd. Programmet vart sett i drift i 2010, og skal gå over fem år med eit totalbudsjett på om lag 50 mill. kroner. I 2011 vart det gjennomført aktivitet for 6,3 mill. kroner innanfor programmet, samtidig som ei større utlysing om resultat og effektar av forsking og innovasjon vart førebudd. Løyvinga har òg vorte nytta til å finansiere evalueringa av Forskingsrådet som vart sluttført i september 2012, jf. omtale av evalueringsresultata i kap. 5 i del III av proposisjonen.
Delar av løyvinga er gitt som tilskott til tiltak som skal medverke til utvikling av kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. Mellom anna er det gitt tilskott til ei engelskspråkleg nyhendeteneste om forsking, Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA).
Løyvinga vart òg nytta til å finansiere ulike utgreiingar knytte til forskingspolitikken.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at tilskotta til Forskningsinstituttenes fellesarena og CIMPA blir førte vidare i 2013 over kap. 287 post 71. Det er òg eit mindre behov på posten i 2013 som følgje av sluttføringa av evalueringa av Noregs forskingsråd. Departementet foreslår ei løyving på 11,1 mill. kroner i 2013.
Post 53 NUPI
Mål for 2013
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Basisløyvinga til NUPI blir gitt over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 blir nytta til å finansiere NUPIs nasjonale informasjonsoppgåver, mellom anna den rolla instituttet har som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år. Målet for denne ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om internasjonal politikk, med særleg ansvar for å ta hand om kommunikasjonen med elevar, studentar og offentlegheita.
Rapport for 2011
Departementet er godt nøgd med måloppnåinga til NUPI når det gjeld oppgåvene knytt til informasjon og formidling.
I tråd med målsetjinga for informasjonsarbeidet legg NUPI stor vekt på å vere synleg og å delta i det offentlege ordskiftet. NUPI arrangerte over 100 seminar og konferansar i 2011. Av desse var 45 større konferansar eller seminar på meir enn ein dag eller med over 70 deltakarar. Forskarane ved NUPI har også i 2011 vore mykje nytta som kjelder, kommentatorar og ved å setje dagsordenen i media. Forskarane ved NUPI har publisert 99 kronikkar i aviser eller tidsskrift i 2011. Det er 15 meir enn det som var målet for 2011.
NUPI legg særleg vekt på å spreie informasjon til barn og unge i alderen 15–25 år. Den viktigaste kanalen i dette arbeidet er nettstaden hvorhenderdet.no. Talet på brukarar stig jamt og var på i snitt om lag 14 000 per månad gjennom skoleåret. I samband med hvorhenderdet.no har NUPI oppretta eit virtuelt bibliotek.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2012.
Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris
Ludvig Holbergs forskingspris vart oppretta i 2002. Prisen har fram til no vore finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond. Fondskapitalen har vore plassert som eit kontolån til staten med ei rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Rentenivået er vesentleg lågare i dag enn det var då fondet vart oppretta. For å unngå ein reduksjon i løyvinga, foreslår departementet å leggje ned Ludvig Holbergs minnefond og å finansiere prisen gjennom ei ordinær løyving over statsbudsjettet. Med ei slik løysing vil òg løyvinga over posten blir justert tilsvarande pris- og lønsauke. Formålet med løyvinga blir uendra. For ei nærmare omtale av avviklinga av fondsmekanismen, sjå kap. 3287.
Mål for 2013
Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal, vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsfag, juss og teologi. Prisen skal auke merksemda kring dei nemnde fagområda og tverrfagleg forsking. Prisen blir tildelt forskarar som på avgjerande måte har påverka internasjonal forsking på sitt område.
Rapport for 2011
I 2011 vart prisen delt ut til professor i historie Jürgen Kocka. Kocka har hatt avgjerande innverknad på sentrale teoretiske og metodologiske spørsmål i historievitskapen. Han har teke opp spørsmål som omfattar både historiografi og etikk, og som handlar om politisk og kulturell identitet i Tyskland og rolla til landet i Europa både før og etter samlinga.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 300 000 kroner til 9,4 mill. kroner. Auken skriv seg frå at posten har vorte prisjustert sidan han ikkje lenger er finansiert med fondsmidlar, sjå omtale under kap. 3287.
Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt
Kunnskapsdepartementet har ansvaret for basisløyvinga til 26 samfunnsvitskaplege institutt som er omfatta av ordninga med statleg basisløyving. Noverande ordning for statleg basisløyving til forskingsinstitutta kom i stand i 2009, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Da det nye basisfinansieringssystemet vart innført, la regjeringa opp til at systemet skulle evaluerast etter tre år. Evalueringa av finansieringsordninga vart lagd fram hausten 2012, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.
Mål for 2013
Målet med den statlege basisløyvinga er å sikre ein sterk samfunnsvitskapleg forskingsinstituttsektor som kan tilby næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Institutta skal nytte basisløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Løyvinga skal medverke til at forskinga til institutta får høg kvalitet, og til at institutta styrkjer rolla si som leverandør av anvend forsking. Løyvinga skal òg bidra til at institutta styrkjer den internasjonale verksemda si og samarbeider godt med norske universitet og høgskolar.
I 2013 vil ti pst. av basisløyvinga til institutta bli omfordelte etter oppnådde resultat på fastlagde indikatorar. Dette er same delen som i 2011 og 2012.
Rapport for 2011
I 2011 vart forskingsinstitutta Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning, NTNU Samfunnsforskning og Uni Rokkansenteret innlemma i ordninga med statleg basisløyving, jf. Innst. 12 S (2010–2011). I 2011 vart ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta omfordelte mellom institutta etter oppnådde resultat. Den resultatbaserte delen av basisløyvinga premierer kvalitet og relevans i den faglege verksemda til institutta. Omfordelinga i perioden 2009 til 2011 viser at SNF, PRIO, Østlandsforskning og Fafo har hatt sterkast prosentvis nominell vekst. Seks av institutta har fått redusert basisløyvinga.
Tabellen viser basisfinansieringa til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som var med i ordninga i 2011, og korleis basisfinansieringa for kvart samfunnsvitskapleg institutt har endra seg frå 2009 til 2011.
Tabell 4.11 Basisfinansieringa av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta
Basisfinansiering 2011 (i mill. kroner) | Nominell endring 2009–11 (i pst.) | |
---|---|---|
Agderforskning | 3,5 | 1,3 |
IRIS Samfunns- og næringsutvikling | 5,7 | 9,9 |
Møreforsking | 3,9 | 7,9 |
Nordlandsforskning | 4,2 | 4,1 |
NORUT Alta | 2,1 | -2,8 |
NORUT Tromsø, samfunn | 2,9 | 9,5 |
Telemarksforsking – Bø | 3,5 | 3,4 |
Telemarksforsking – Notodden | 0,7 | 8,2 |
Trøndelag Forskning og Utvikling | 2,2 | 9,4 |
Vestlandsforsking | 3,4 | 11,6 |
Østfoldforskning | 2,8 | 6,8 |
Østlandsforskning | 3,1 | 15,5 |
Arbeidsforskningsinstituttet | 6,9 | 6,9 |
Chr. Michelsens Institutt | 14,1 | 0,0 |
Fafo | 13,9 | 15,2 |
Fridtjof Nansens Institutt | 8,4 | -4,8 |
Frischsenteret | 0,7 | * |
Institutt for samfunnsforskning | 10,3 | -1,8 |
Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) | 12,8 | -1,3 |
Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) | 25,7 | -5,8 |
NTNU Samfunnsforskning | 2,8 | * |
Norsk utanrikspolitisk institutt | 16,0 | -5,0 |
Peace Research Institute Oslo (PRIO) | 13,3 | 16,9 |
UNI Rokkansenteret | 1,5 | * |
SINTEF Teknologi og samfunn | 11,3 | 14,3 |
Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) | 6,7 | 18,4 |
* Frischsenteret, NTNU Samfunnsforskning og UNI Rokkansenteret kom med i ordninga frå 2011
Kjelde: Noregs forskingsråd
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på 185 mill. kroner i 2013. Det er same nivå som i 2012. I tillegg kjem basisløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på om lag 14,9 mill. kroner, som blir gitt over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Kunnskapsdepartementet kan nytte denne løyvinga gjennom ei ordning med årleg belastningsfullmakt.
Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking
Dei regionale forskingsfonda vart oppretta frå 1. januar 2009 med ein kapital på 6 mrd. kroner. Kapitalen er plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.
Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for regionale forskingsfond. Retningslinjene spesifiserer styringslinjer og aktørar for ordninga, oppgåvene og ansvarsområda deira, mellom anna grunnleggjande krav til administrasjon og styring av midlane i ordninga.
Mål for 2013
Dei regionale forskingsfonda skal styrkje regional forsking og innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til auka kvalitet i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt som er initierte av offentlege og private aktørar. På denne måten blir forskings- og innovasjonspolitikk forankra i regionale føresetnader og avgjerder.
Rapport for 2011
I 2011 sette Forskingsrådet i gang ei treårig følgjeevaluering av ordninga med regionale forskingsfond som kan gi grunnlag for forbetring og vidareutvikling av ordninga. Evalueringa blir utført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og ho held fram i 2012 og 2013.
Ein hovudkonklusjon i den første delrapporten frå følgjeevalueringa er at ordninga med regionale forskingsfond etter to år har komme godt i gang. Ordninga er godt forankra regionalt og sentralt, og det er utløyst ein omfattande aktivitet. NIFU peiker vidare på at ordninga med regionale forskingsfond har ført til at fylkeskommunane utviklar rolla si som forskingspolitiske aktørar, mellom anna ved at dei har utarbeidd og følgjer opp FoU-strategiane sine. NIFU framhever at det regionale nivået no kan disponere midlar til FoU-aktivitet ut frå behova i regionen, og understrekar at dette medverkar til å utløyse ny FoU-verksemd og til å utvikle og styrkje fagmiljø. Samstundes seier NIFU-rapporten at det enno er for tidleg å kunne seie noko om dei langsiktige effektane av ordninga.
Til saman kom det i 2011 inn 499 søknader til dei sju fondsstyra. 172 av søknadene fekk tildelt midlar. Samla sett for alle regionane er hovuddelen av midlane nytta til forsking på områda mat, helse og formål knytte til offentleg sektor. Om lag 51 pst. av midlane gjekk i 2011 til forskingsinstitutt og universitets- og høgskolesektoren, medan private verksemder mottok nærmare 38 pst. av midlane.
Forskingsrådet fekk tildelt om lag 31,6 mill. kroner over posten i 2011. Midlane er nytta til felles utlysingar mellom fondsregionane.
Forskingsrådet fekk vidare ei tildeling på 8,7 mill. kroner over posten til å dekkje administrative meirutgifter knytte til regionale forskingsfond.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve 219 mill. kroner på denne posten, det er same beløp som i 2012. Hovuddelen av løyvinga er fordelt direkte til fondsregionane (vertsfylkeskommunane) etter faste kriterium, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Kunnskapsdepartementet. I samsvar med retningslinjene for regionale forskingsfond foreslår departementet å tildele 15 pst. av midlane (31,5 mill. kroner) til å finansiere forsking i dei fondsregionane som har best kvalitet på prosjekta sine, og til samarbeidsprosjekt mellom fondsregionane.
Forskingsrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å fremme regional forsking. Departementet foreslår å tildele 8,7 mill. kroner til Forskingsrådet knytte til årlege administrative meirutgifter ved ordninga.
Tabell 4.12 Fordeling av midlane til fondsregionar og Noregs forskingsråd
(i 1 000 kroner) | ||
---|---|---|
Mottakar og formål | Beløp | |
Fondsregionar: | Vertsfylkeskommune | |
– Nord-Noreg | Troms | 31 920 |
– Midt-Noreg | Sør-Trøndelag | 24 959 |
– Innlandet | Hedmark | 15 416 |
– Hovudstaden | Akershus | 28 190 |
– Oslofjordfondet | Vestfold | 33 833 |
– Agder | Aust-Agder | 13 685 |
– Vestlandet | Hordaland | 30 752 |
Noregs forskingsråd for dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga | 8 700 | |
Noregs forskingsråd for fordeling til samarbeidsprosjekt i regionane og til fondsregionane som har best kvalitet på prosjekta | 31 545 | |
Totalt | 219 000 |
Departementet foreslår at løyvinga over posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3287, post 87, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Tilskott blir gitt til Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), Nansenfondet, Det Videnskabelige Forskningsfond av 1919, Egede Instituttet, Institutt for sammenlignende kulturforskning, Forskningsinstituttenes fellesarena og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA).
Mål for 2013
Målet med tilskotta er at tilskottsmottakarane skal halde fram med, eller styrkje, den faglege verksemda og kompetansenivået. Tilskottet til DNVA har òg som mål å medverke til større merksemd på forsking generelt og til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdeling av Abelprisen i matematikk og Kavliprisen i dei tre kategoriane astrofysikk, nevrovitskap og nanovitskap. Utgifter til Abelprisen blir løyvde over kap. 287 post 73.
Rapport for 2011
Rapporteringa for 2011 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda. DNVA har medverka til større merksemd på forsking generelt og har arrangert møte om fleire forskingspolitiske tema, mellom anna The Fridtjof Nansen Science Symposium 2011: Cutting Edge Neuroscience, Oceanography and Polar Research. DNVA deler ut Abelprisen og Kavliprisen i matematisk-naturvitskaplege fag. DNVA medverkar òg til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å føre vidare tilskotta til Forskningsinstituttenes fellesarena og matematikkorganisasjonen CIMPA, som tidlegare vart gitte over kap. 287 post 21, over kap. 287 post 71. Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 34,8 mill. kroner i 2013.
(i 1 000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Institusjon | 2011 | 2012 | 2013 |
Senter for grunnforskning | 17 100 | 17 630 | 18 212 |
Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo | 13 516 | 13 935 | 14 395 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim | 375 | 386 | 399 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse | 410 | 425 | 439 |
Vitskaplege fond1 | 160 | 165 | 170 |
Egede instituttet | 365 | 375 | 387 |
Forskningsinstituttenes fellesarena | 500 | ||
Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA) | 250 | ||
Sum | 34 752 |
1 Tilskottet til vitskaplege fond gjeld administrasjon av Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919, samt Institutt for sammenlignende kulturforskning
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Mål for 2013
Niels Henrik Abels matematikkpris er ein internasjonal pris for framifrå forsking innanfor matematikk. Prisen skal medverke til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet, særleg blant barn og unge.
Rapport for 2011
Abelprisen har vorte delt ut kvart år sidan 2003. Prisen er på 6 mill. kroner. Resten av løyvinga blir nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga, og til aktivitetar som skal auke interessa for matematikk i samfunnet. I 2011 gjekk prisen til professor John Milnor for banebrytande oppdagingar innanfor topologi, geometri og algebra.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på 13,2 mill. kroner i 2013.
Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
85 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 406 | ||
86 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 9 103 | 9 100 | |
87 | Avkastning – Regionale forskingsfond | 219 000 | ||
90 | Fondskapital – Niels Henrik Abels minnefond | 200 000 | ||
91 | Fondskapital – Ludvig Holbergs minnefond | 200 000 | ||
Sum kap. 3287 | 21 509 | 209 100 | 419 000 |
Post 86 Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond
Departementet foreslår å redusere inntektsløyvinga med 9,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3287 post 91.
Post 87 Avkastning – Regionale forskingsfond
Avkastninga frå regionale forskingsfond blir på 219 mill. kroner i 2013. Det er same nivå som i 2012. Løyvinga blir utgiftsført med same beløp på kap. 287 post 60, jf. omtale på denne posten.
Post 90 Fondskapital – Niels Henrik Abels minnefond
Niels Henrik Abels minnefond vart avvikla i statsbudsjettet for 2012, og avkastninga vart ført vidare som ei ordinær løyving over statsbudsjettet. Som ei følgje av avviklinga vart fondskapitalen inntektsført på kap. 3287 post 90 i 2012. Fondskapitalen er no ført tilbake til statskassa, og inntektsløyvinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet må reduserast med 200 mill. kroner.
Post 91 Fondskapital – Ludvig Holbergs minnefond
Ludvig Holbergs minnefond vart oppretta i 2003. Fondskapitalen har sidan opprettinga vore på 200 mill. kroner og har vore plassert som eit kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Den årlege avkastninga av fondet har vore på 9,1 mill. kroner og har finansiert løyvinga til Ludvig Holbergs forskingspris over kap. 287 post 56. Kunnskapsdepartementet foreslår at avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond blir ført vidare som ei ordinær løyving, og at fondsmekanismen blir avvikla frå og med 2013. Formålet med løyvinga blir uendra.
På bakgrunn av dette blir inntektsløyvinga over kap. 3287 post 86 sett ned med 9,1 mill. kroner. Dette beløpet blir motsvart av reduserte renteutgifter på kap. 1650 Statsgjeld, renter mv., post 89 Renter og provisjon mv. på innenlandsk statsgjeld under budsjettområdet til Finansdepartementet.
Ei avvikling inneber vidare at fondskapitalen på 200 mill. kroner blir ført tilbake til statskassa. Teknisk blir dette gjort ved at fondskapitalen blir inntektsført på kap. 3287 post 91.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 6 578 | 7 028 | 7 060 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 212 573 | 218 397 | 201 765 |
73 | EUs rammeprogram for forsking, kan overførast | 1 078 318 | 1 376 686 | 1 694 267 |
74 | Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast | 8 104 | 14 036 | 21 760 |
75 | UNESCO-kontingent | 16 540 | 18 635 | 18 141 |
76 | UNESCO-formål | 3 000 | ||
Sum kap. 288 | 1 322 113 | 1 634 782 | 1 945 993 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Mål for 2013
Det er eit mål at Noreg deltek aktivt innanfor nordisk og internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD samt nokre kostnader knytte til UNESCO-kommisjonens arbeid. Vidare går løyvinga til internasjonalt samarbeid innanfor ansvarsområda til departementet, herunder bilateralt samarbeid med prioriterte land. Ein mindre del av løyvinga vil kunne nyttast til Noregs hus i Cité Universitaire Internationale de Paris (CIUP).
Rapport for 2011
Arbeidet med bilateralt utdanningssamarbeid vart styrkt i 2011. Dette gjeld særleg samarbeidet med Russland, Tyskland og Frankrike. Mellom anna fekk Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) i oppdrag å nytte ein mindre del av løyvinga på posten til tiltak for å få fleire norske elevar og studentar til å velje Frankrike eller Tyskland som studieland.
Noregs hus i Paris vart gjenopna hausten 2011 etter rehabilitering og restaurering i åra 2009–11.
Den norske UNESCO-kommisjonen har hatt fire møte i 2011 og har fremja UNESCOs mål i Noreg mellom anna gjennom samarbeid med andre partar. I samarbeid med Utanriksdepartementet, Norad og Universitetet i Oslo arrangerte Kunnskapsdepartementet og den norske UNESCO-kommisjonen ein fagdag hausten 2011 om UNESCO-programmet Education for all i samband med lanseringa av Global Monitoring Report 2011.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på 7 mill. kroner i 2013.
Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner frå kap. 226 post 21 til kap. 288 post 21 knytt til deltaking i internasjonalt samarbeid.
Departementet foreslår å flytte 0,5 mill. kroner frå kap. 288 post 21 til kap. 288 ny post 76 som ledd i opprettinga av ny tilskottsordning for UNESCO-formål.
For å styrkje det bilaterale samarbeidet med Russland har Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet lyst ut ei stilling som spesialutsending for utdanning, forsking og teknologi ved den norske ambassaden i Moskva. Stillinga vil bli bemanna våren 2013, og delar av kostnadene vil bli løyvde over denne budsjettposten.
Meir internasjonalisering er eit sentralt verkemiddel for auka kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking. For å etablere og vidareutvikle kunnskapssamarbeid mellom Noreg og strategisk viktige samarbeidsland vil departementet frå 2013 foreslå å setje av om lag 5 mill. kroner årleg til bilateralt samarbeid innanfor høgre utdanning og forsking. Midlane skal følgje gjeldande politiske prioriteringar og skal nyttast avhengig av dei skiftande behova overfor ulike land. Midlane vil òg kunne nyttast til utvikling av kunnskapsgrunnlaget. Satsinga vil særleg medverke til å styrkje samarbeidet med land utanfor Europa.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Løyvinga dekkjer Noregs kontingent for deltaking i Organization for Nuclear Research (CERN), European Molecular Biology Laboratory (EMBL), European Molecular Biology Conference (EMBC), European Synchrotron Radiation Facility (ESRF) og International Agency for Research on Cancer (IARC).
Mål for 2013
Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til å nå overordna mål for norsk forskingspolitikk, inkludert høg kvalitet og internasjonalisering av norsk forsking.
Rapport for 2011
Medlemskapen i dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane sikrar norske forskarar tilgang til avansert forskingsinfrastruktur. Forskingsrådet har eit særleg ansvar for norsk deltaking, inkludert oppfølging og spreiing av resultat av deltakinga.
CERN er eit av dei største laboratoria i verda for eksperimentelle studium innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. I 2011 er det samla inn ei stor mengd data frå dei store eksperimenta med verdas største partikkelakselerator (Large Hadron Collider). Gjennom desse eksperimenta har fysikarane observert ein ny partikkel, som kan vere Higgs-bosonet, som ein såg føre seg allereie i 1964. Det har vorte publisert ei lang rekkje vitskaplege publikasjonar som ei følgje av forskinga ved CERN. 110 norske studentar, stipendiatar og forskarar frå miljø ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Høgskolen i Bergen arbeidde ved CERN i 2011. Noreg har ein eigen person ved CERN som arbeider med å formidle kontakt mellom CERN og norsk industri med tanke på kontraktar og teknologioverføring.
EMBL er ein verdsleiande europeisk organisasjon innanfor molekylærbiologi. Noregs medlemskap er av stor verdi for det norske forskingsmiljøet innanfor livsvitskapane. EMBL utviklar teknologi, og tilbyr medlemslanda ei rekkje tenester knytte til mellom anna infrastruktur og opplæring i nye metodar. EMBL har i dei siste åra opna for å inngå partnarskapsavtalar med framifrå forskingsmiljø i medlemslanda. EMBL har inngått slike avtalar med to ulike forskingsmiljø i Noreg. Dette er eit kvalitetsstempel for norsk forsking, og Kunnskapsdepartementet er særs nøgd med dette, særleg sett i lys av at EMBL berre har inngått seks slike avtalar totalt. Dei norske miljøa det er inngått avtale med, er Sars International Centre for Marine Molecular Biology og Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM), som offisielt vart opna i 2010.
European Molecular Biology Conference (EMBC) er ein internasjonal organisasjon med 27 medlemsland. Gjennom kontingenten til EMBC finansierer Noreg og dei andre medlemslanda mellom anna stipendprogram, kurs, workshops og konferansar.
Medlemskapen i European Synchrotron Radiation Facility (ESRF) er organisert gjennom eit nordisk konsortium (NORDSYNC), og gjer at norske forskarar får drive materialforsking og livsvitskap som krev avansert synkrotonstråling. Gjennom eit eige følgjeforskingsprogram skal Forskingsrådet medverke til god norsk utnytting av medlemskapen i ESRF. Frå 2010 er også nøytronforsking inkludert i programmet. Prosjekta i programmet medverkar til grunnleggjande forsking på felta fornybar energi, klima, helse og medisin. Gjennom ESRF er norske forskarar også med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje. I 2011 vart det oppretta ei ny tiårig programsatsing på dette området med vekt på metodeutvikling og kapasitetsutbygging i dei norske fagmiljøa. Medlemskapen i ESRF blir godt utnytta av Noreg og dei andre nordiske partnarane i konsortiet. Programmet har medverka til god utnytting av nasjonale investeringar i avansert storskala forskingsinfrastruktur gjennom oppbygging av metodekompetanse og kapasitet i dei norske miljøa.
IARC er eit internasjonalt kreftinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Den største nasjonale nytta av Noregs medlemskap ligg i det generelle bidraget organisasjonen gir til kreftforskinga, som spenner frå laboratoriebasert til epidemiologisk forsking. Norske forskarar er aktive både i forskinga og i styrearbeid.
Budsjettforslag for 2013
Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir bestemde ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalprodukt er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2013 er enno ikkje fastsette for alle kontingentane. Budsjettforslaget for 2013 er derfor basert på vedtekne kontingentar for 2012. Departementet foreslår ei løyving på 201,8 mill. kroner i 2013. Dette er ein reduksjon på 16,6 mill. kroner samanlikna med 2012. Reduksjonen skyldast i all hovudsak valutakursendringar.
Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast
Løyvinga dekkjer norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar.
Mål for 2013
Hovudmåla for Noregs deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er å fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking, å styrkje nasjonalt prioriterte FoU-område og å medverke til kunnskapsbasert innovasjon og fornying i norsk nærings- og samfunnsliv. Dette skjer mellom anna gjennom at norske forskarar deltek i tverrnasjonale prosjektsamarbeid, gjennom mobilitet av forskarar og ved at det blir etablert internasjonale forskarnettverk. Noreg legg stor vekt på deltakinga i EUs forskingssamarbeid.
Rapport for 2011
EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007–13) er verdas største internasjonale forskingsprogram med eit samla budsjett på 50,5 mrd. euro. Den totale norske kostnaden for deltakinga i heile rammeprogrammet har vorte berekna til om lag 10 mrd. kroner. Det sjuande rammeprogrammet har som overordna mål å medverke til at det europeiske forskingsområdet blir verdsleiande. Rammeprogrammet skal òg medverke til at måla i Europa 2020-strategien om eit kunnskapssamfunn og ein berekraftig, kunnskapsbasert økonomi i Europa blir nådde. Med grunnlag i EØS-avtalen deltek norske forskingsmiljø og verksemder i rammeprogrammet på lik linje med medlemslanda i EU. Evalueringa som Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) gjorde av det sjette og delar av det sjuande rammeprogrammet, stadfestar at norske deltakarar har eit stort utbytte av deltakinga. Samtidig er det rom for å gjere det enda betre. Rammeprogrammet er det mest omfattande internasjonale forskingssamarbeidet Noreg er med i, både fagleg og økonomisk. Dei viktigaste samarbeidspartnarane til Noreg innanfor det sjuande rammeprogrammet er Storbritannia, Tyskland, Italia, Frankrike og Spania.
Alle søknadene til rammeprogrammet blir vurderte ut frå vitskapleg kvalitet, forventa nytte av prosjektresultata og implementering og prosjektleiing. Berre ein del av søknadene som er kvalifiserte for støtte, blir innstilte til finansiering. 24 pst. av prosjekta med norsk deltaking har fått støtte frå rammeprogrammet. Dette er 3,5 prosentpoeng over snittet for alle søknadene som er evaluerte. Dette tyder på at kvaliteten på dei norske søknadene er høg. Det er til og med i første halvår 2012 teikna 933 kontraktar for i alt 4 mrd. kroner med prosjekt med norske deltakarar. Det er instituttsektoren som har flest prosjekt med støtte frå rammeprogrammet. 36 pst. av prosjekta med norsk deltaking som har fått midlar, er frå instituttsektoren. Bedriftene står for 27 pst. av deltakinga frå Noreg og universitets- og høgskolesektoren for 24 pst. Av dei midlane som har vorte konkurranseutsette i det sjuande rammeprogrammet fram til og med første halvår 2012, står kontraktar med norsk deltaking for 1,78 pst. Sjå òg omtale av EUs sjuande rammeprogram under målet Internasjonalisering av forskinga i kategoriinnleiinga.
Budsjettforslag for 2013
Samla budsjett for det sjuande rammeprogrammet for perioden 2007–13 er på om lag 50,5 mrd. euro. Etter EØS-avtalen Art. 82 nr. 1 bokstav a) skal Noregs bidrag til programsamarbeidet med EU vere lik Noregs del av det samla BNP i EU-landa og i Noreg. Noregs del skal reknast av dei totale utbetalingane gjennom programmet i løpet av kalenderåret. Kor store dei årlege utbetalingane vil vere, er ikkje kjent før året er omme. Løyvingsbehovet for 2013 er derfor basert på anslaget til Europakommisjonen for kor mykje som vil bli utbetalt i 2013. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2013 vil liggje føre når EU har vedteke budsjettet sitt for 2013 i løpet av hausten 2012. Noregs kontingent for 2013 vil bli betalt i august 2013. Deretter vil det bli gjort ei etterberekning våren 2014 basert på dei endelege utbetalingstala for 2013. Ei eventuell korrigering som følgje av etterberekninga vil bli gjort i kontingentkravet for 2015.
I forslaget til Europakommisjonen om utbetalingsbudsjett for det sjuande rammeprogrammet i 2013 har Kommisjonen budsjettert med ein auke på 28 pst. samanlikna med 2012. Samstundes viser etterberekning at Noregs kontingentinnbetaling i 2011 var om lag 57 mill. kroner for låg. Dette beløpet er lagt inn i kontingenten for 2013. Totalt sett gjer desse forholda at Noregs kontingent i 2013 er berekna til å vere om lag 317,6 mill. kroner høgre enn i saldert budsjett for 2012. Departementet foreslår ei løyving på 1,69 mrd. kroner i 2013.
Post 74 Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi, kan overførast
Mål for 2013
Deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) skal medverke til å utvikle internasjonal innovasjonsevne i norske miljø og utvikle samspel mellom utdanning, næringsliv og forsking.
Rapport for 2011
Norsk deltaking i Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) fekk tilslutning frå Stortinget våren 2008, jf. St.prp. nr. 56 (2007–2008) og Innst. S. nr. 251 (2007–2008). EIT er del av utviklinga av det europeiske forskingsområdet (ERA), og har som mål å fremme den europeiske innovasjonsevna gjennom å utvikle samarbeid på tvers av Europa for utdanning, næringsliv og forsking – det såkalla kunnskapstrianglet. Slikt samarbeid skal skje gjennom oppretting av kunnskaps- og innovasjonsnettverk, kalla KICs (Knowledge and Innovation Communities). Det er foreløpig inga norsk deltaking i dei KICs som er etablerte. EIT har eit styre samansett av 18 medlemmer frå ulike land og har hovudkontoret sitt i Budapest.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår ei løyving på 21,8 mill. kroner i 2013. Dette er ein auke på om lag 7,7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012. Auken i løyvingsbehovet skyldast at Europakommisjonen foreslår å auke utbetalingsbudsjettet for EIT i 2013.
Post 75 UNESCO-kontingent
Mål for 2013
UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltek på UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med på å påverke UNESCOs arbeid. Kontingenten er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.
Rapport for 2011
Løyvinga har vore nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har arbeidd for at UNESCO skal bli meir effektiv og målretta, mellom anna gjennom aktiv medverknad til UNESCOs styremøte. Noreg deltok òg på UNESCOs generalkonferanse i Paris hausten 2011.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å løyve om lag 18,1 mill. kroner til å dekkje forpliktingane til kontingenten og tilskottet til World Heritage Fund i 2013.
Post 76 UNESCO-formål
Mål for 2013
UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon og har som hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på desse fagområda. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Kommisjonen skal òg medverke til å gjere UNESCOs idear, mål og oppgåver kjende.
For å styrkje den norske UNESCO-kommisjonens høve til å gjere UNESCOs idear, mål og oppgåver kjende, foreslår departementet å etablere ei eiga tilskottsordning til UNESCO-formål og samla sett auke løyvinga som kommisjonen disponerer. Tilskottsmidla vil bli lyste ut på kommisjonen sine nettsider og på departementet sine nettsider. Det overordna målet for tilskottsordninga vil vere å skape interesse for UNESCOs idear, mål og oppgåver og gjere desse kjende.
Budsjettforslag for 2013
Departementet foreslår å flytte 1,5 mill. kroner frå kap. 200 post 21, 1 mill. kroner frå kap 258 post 21 og 500 000 kroner frå kap. 288 post 21 til kap. 288 ny post 76 i samband med oppretting av ny tilskottsordning for UNESCO-formål. Departementet foreslår å løyve til saman 3 mill. kroner på posten i 2013.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 4 094 | 4 618 | 4 492 |
Sum kap. 3288 | 4 094 | 4 618 | 4 492 |
Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.
Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning | 29 249 913 | 30 841 858 | 31 402 494 | 1,8 |
Sum kategori 07.80 | 29 249 913 | 30 841 858 | 31 402 494 | 1,8 |
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning | 12 340 284 | 13 291 758 | 11 099 458 | -16,5 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning | 3 866 019 | 4 824 471 | 3 377 934 | -30,0 |
Sum kategori 07.80 | 16 206 303 | 18 116 229 | 14 477 392 | -20,1 |
Innleiing
Utdanningsstøtteordningane skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at behovet for kompetanse i samfunnet blir dekt. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i lov av 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte.
Utdanning og kompetanse er viktig for å gi kvar einskild utvikling og identitet, evne til å tenkje kritisk og ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn, der den einskilde kan nytte evnene sine og medverke til å skape verdiar. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning, og for å støtte opp om mål om livslang læring. Støtteordningane bidreg òg til rekruttering til forsking. Utdanningsstøtta er eit sentralt verkemiddel for å nå visjonar og mål for regjeringa. Utdanningsstøtta medverkar til dømes til å sikre utdanna personale i barnehagen og i skolen, og gjer det mogleg for enkeltmenneske å nytte retten til vidaregåande opplæring og ta høgre og anna utdanning.
Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Utdanning og kompetanse er stadig viktigare for at arbeidsmarknaden skal fungere godt. Kunnskapsdepartementet ønskjer at utdanningsstøtteordningane skal medverke til at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.
Utdanningsstøtta skal leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa også vere målretta mot grupper og personar med særskilde behov.
Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til at kvar einskild står fritt i val av utdanning. Alle kan ta utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold
Tilstandsvurdering
Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2011–12 var det om lag 477 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning i Noreg (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 381 000 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år, men i overkant av 1 100 personar var over 50 år i 2011–12. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett) har rett til utstyrsstipend. I 2011–12 nytta 92,4 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.
Endringar over tid i samansetjinga av gruppa studentar og elevar gjer at dei ulike innretningane av støtteordninga må bli vurderte frå tid til anna. Dei behova ulike grupper har for økonomisk støtte og tryggleik, bør komme til uttrykk i støtteordninga på ein tenleg måte. I all hovudsak er ordninga for studentar ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit likt grunnlag for livsopphald under utdanninga. Kunnskapsdepartementet arbeider med å undersøkje kva for vilkår, mellom anna økonomiske, studentane i høgre utdanning lever under. Både Levekårsundersøkelsen blant studentar og andre granskingar vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere generelle forbetringstiltak.
I dei seinaste åra har det vore ein klar profil på tiltaka departementet har foreslått for Stortinget om utdanningsstøtteordninga. Departementet ser at einskilde grupper kan ha behov for meir tilrettelegging enn det ein har i dag, for at dei skal ha ei reell moglegheit til fritt å velje utdanning. Dette gjeld mellom anna søkjarar med redusert funksjonsevne, studentar som er sjuke over lang tid, og studentar med barn. Når det gjeld arbeid med forbetringar for einskilde grupper, må ein òg sjå situasjonen i samanheng med dekninga frå andre velferdsordningar som skal sikre sosial utjamning, som ytingar frå folketrygda eller ytingar frå fylkeskommunen eller kommunen.
Studentar som ikkje har moglegheit til å arbeide ved sida av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, kan få utvida støtteperioden til tolv månader. I tillegg kan dei få eit ekstra månadleg stipend. Vidare kan studentar med nedsett funksjonsevne som er forseinka ut over eitt år på grunn av manglande tilrettelegging i studiesituasjonen, få tildelt basisstøtta som stipend. Desse tiltaka skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får høve til å ta høgre utdanning, og hindre at dei får høgre gjeld etter fullført utdanning. For undervisningsåret 2011–12 vart det innført ei midlertidig ordning med gradert sjukestipend til studentar som vart delvis sjukemelde. Ordninga vart innført særleg med tanke på elevar og studentar som vart råka av terrorhandlingane 22. juli 2011, men skulle òg gjelde for andre søkjarar. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 foreslo regjeringa å la ordninga vare ut kalenderåret 2012.
Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til internasjonalisering av utdanning og forsking ved å sikre at dei som ønskjer det, kan ta heile eller delar av utdanninga i utlandet
Tilstandsvurdering
For å nå dei måla om auka internasjonalisering som er nedfelte mellom anna i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, er det ein føresetnad at det er tilstrekkeleg mange som har økonomisk moglegheit til å ta utdanning utanfor Noreg. Utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen er eit sentralt verkemiddel for å få til dette. I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det er likevel grunn til å arbeide vidare med å redusere dei barrierane som finst for å velje utdanning i utlandet, særleg i ikkje-engelskspråklege land. Det er gjort nokre endringar i regelverket for å opne for at fleire studentar enn tidlegare skal få støtte til utdanning i ikkje-engelskspråklege land. Frå og med undervisningsåret 2012–13 blir det mogleg å få støtte til det første året av bachelorutdanning i Brasil, Russland, India og Kina, ved lærestader som er plasserte på internasjonalt anerkjende rangeringslister for utdanninginstitusjonar. Det blir normalt ikkje gitt støtte til det første året av bachelorutdanning i desse landa, fordi året ikkje blir rekna å vere på nivå med høgre utdanning i Noreg. Samtidig blir det innført ei forsøksordning med støtte til språkopplæring i inntil eitt år i Russland og Kina.
Ein trygg økonomisk basis er viktig for å velje utdanning i utlandet, men utdanningsstøtteordninga vil aldri kunne vere det einaste verkemiddelet for å få nokon til å velje utdanning i utlandet framfor utdanning i Noreg. Ein må sjå dei økonomiske støtteordningane i samanheng med mellom anna styrkt satsing på informasjon og meir praktisk hjelp til å søkje seg til utdanning i utlandet.
Frå og med undervisningsåret 2004–05 til og med undervisningsåret 2007–08 var det ein liten nedgang i talet på studentar i høgre utdanning i utlandet. Frå og med 2008–09 og til no har studenttalet auka, særleg i dei siste par åra. Det har særleg vore ein auke i talet på gradsstudentar i denne perioden, men talet på delstudentar har òg auka noko. I 2010–11 var det 14 154 søkjarar som fekk støtte til ein heil grad i utlandet, medan 7 657 fekk støtte til å ta ein del av graden i utlandet. Tilsvarande tal frå 1. august 2012 viser at 15 328 gradsstudentar og 8 114 delstudentar fekk støtte frå Lånekassen i 2011–12. Talet på studentar i utlandet har endra seg i takt med talet på støttemottakarar totalt i Lånekassen. Dette tyder på at generelle endringar i talet på studentar blir reflekterte i søkjartala som gjeld støtte til utdanning i utlandet.
Departementet vil arbeide vidare med å følgje opp dei tiltaka for utdanningsstøtteordninga som vart varsla i St.meld. nr. 14 (2008–2009). Tiltaka gjeld både grunnopplæringa og høgre utdanning, og målet vil vere å leggje til rette for at elevar og studentar kan delta på undervisningsopplegg av høg kvalitet i utlandet.
Når det gjeld internasjonalisering av grunnopplæringa, er hovudmålsetjinga å auke talet på elevgrupper som får høve til å ta eit skoleår ved ein utanlandsk vidaregåande skole, i samarbeid med ein norsk vidaregåande skole. Deltaking frå yrkesfaglege studieprogram og alle delar av landet skal sikrast. For undervisningsåret 2012–13 vil mellom anna tre nye elevgrupper frå ulike stader i Noreg kunne ta delar av den vidaregåande opplæringa i Frankrike, Skottland og Canada med støtte frå Lånekassen.
For høgre utdanning er det eit viktig mål at det skal lønne seg å velje utdanning av høg kvalitet. I arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 14 (2008–2009) har det vorte sett på om til dømes stipenddelen av stønaden til skolepengar kan variere avhengig av kvaliteten på den utdanninga som blir vald. Slik situasjonen er nå, er det ikkje praktisk mogleg å få til ein modell som kan få den verknaden på val av studiestader som er hensikta. Det har ikkje vore mogleg å finne gode nok kriterium som måler utdanningskvalitet i fleire dimensjonar, og som samstundes ikkje krev store ressursar til forvaltning. Kunnskapsdepartementet vil derfor ikkje prioritere ei slik ordning.
Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til at arbeids- og næringsliv har tilgang på kompetanse og utdanna arbeidskraft
Tilstandsvurdering
Utdanningssektoren må svare på dei behova arbeidslivet har for kunnskap og kompetanse. Noreg vil i framtida trenge fleire personar med relevant fagopplæring og med høgre utdanning. Nesten kvar tredje person i aldersgruppa over 25 år har no fullført ei utdanning på universitets- og høgskolenivå (kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB) 2011). Brorparten av desse har motteke støtte frå Lånekassen under utdanninga. Utdanningsstøtta er også viktig for å sikre elevar moglegheit til å ta vidaregåande opplæring og fagopplæring. Støtteordningane skal sikre at elevar og studentar har økonomisk moglegheit til å ta utdanning som seinare kan nyttast i arbeidslivet.
Utdanningsstøtta er lik for alle på den måten at det blir gitt det same støttebeløpet, uavhengig av kva slags utdanning ein student tek. Dette medverkar til at det blir utdanna eit breitt spekter av mellom anna fagarbeidarar, ingeniørar, lærarar og legar i Noreg og i utlandet. Lån og stipend skal gi elevar og studentar midlar å leve for under utdanninga, medan omgjering av lån til stipend og rentefritak på grunn av utdanning er subsidieelement som skal sikre dei som har avslutta ei utdanning, mot for stor gjeldsbyrde. Det finst også tryggleiksmekanismar i støtteordninga knytte til rentefritak ved for eksempel arbeidsløyse, og ettergiving av lån ved varig uførleik. Dette bidreg til at unge ikkje vel bort utdanning fordi dei er bekymra for høg gjeld etter avslutta utdanning.
Vidare finst det enkelte element i utdanningsstøtteordninga som skal bidra til å sikre spesiell kompetanse på særskilde stader, for eksempel Finnmarksordninga og ordninga med ettergiving av lån for visse lærarutdanningar. Det finst òg element i utdanningstøtteordninga som skal medverke til raskare gjennomstrøyming av studentar på lærestadene, for eksempel ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga). Dette skal freiste å gi samfunnet kompetansen så raskt som mogleg.
Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, var i 2011–12 om lag 18 pst. Dette kan tyde på at utdanningsstøtteordningane framfor alt blir nytta til å skaffe seg ei første kompetansegivande utdanning. Relativt få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring. Utdanning på deltid er meir utbreidd blant dei eldre studentane i høgre utdanning, og delen som vel deltidsutdanning, stig med alderen. I aldersgruppa 20–24 år var det berre 2,5 pst. som valde deltidsutdanning i 2011–12, medan heile 42 pst. av dei som tok høgre utdanning i aldersgruppa 40–44 år, tok utdanning på deltid. Sjølv om talet på deltidsstudentar har vore stabilt i dei seinare åra, utgjer dei ein mindre del av alle støttemottakarane.
Strategiar og tiltak
Regjeringa meiner det er viktig å halde oppe kjøpekrafta i støtta til elevar, studentar og lærlingar, og har auka satsane i utdanningsstøtteordningane kvart år for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. Det blir foreslått å auke basisstøtta frå 92 500 kroner for undervisningsåret 2012–13 til 94 400 kroner for undervisningsåret 2013–14. Justeringa frå undervisningsåret 2012–13 til 2013–14 er på to pst.
Utdanningsstøtta blir tildelt slik at heile basisstøtta blir utbetalt som lån (trinn 1), og ein student som ikkje bur saman med foreldra, kan i etterkant få inntil 40 pst. av basisstøtta gjord om til utdanningsstipend dersom han eller ho består eksamen (konverteringsordninga). Omgjeringa til stipend (trinn 2) skjer fortløpande, etter kvart som eksamensresultat blir rapporterte inn til Lånekassen. Når skattelikninga for det kalenderåret det er gitt støtte for, er klar, blir stipendet behovsprøvt mot inntekt og formue (trinn 3). Dersom inntekt/formue ligg over fastsette grenser, vil stipend bli gjorde om til lån igjen. Dette er ein svært komplisert prosess som er vanskeleg å forstå for kundane, og aukar risikoen for feilbehandling. Departementet foreslår å gjere konverteringsordninga enklare. Dette inneber mellom anna at konverteringa (trinn 2) blir utsett til etter at skattelikninga for kalenderåret ligg føre, slik at konvertering og likningskontroll kan bli gjorde i ein og samla prosess. Studentane vil måtte vente lenger på omgjering av lån til stipend etter bestått eksamen, men det endelege resultatet vil liggje føre på same tidspunkt som i dag. Studentane vil på denne måten få det endelege resultatet for støtteperioden i eitt samla vedtak, i staden for to. Endringa vil gjere konverteringsordninga enklare å forstå for studentar og elevar og enklare å handtere for Lånekassen. Den reduserte kompleksiteten vil gi høgre kvalitet i vedtaka, og færre klager og omgjorde vedtak.
Endringa som er foreslått, vil føre til auka rentestøttebehov og større behaldning av renteberande lån. I tillegg vil konvertering som elles skulle vore gjennomført hausten 2013, bli utsett til 2014, noko som medfører ei forskyving i uttak frå konverteringsfondet. Sjå nærmare omtale under budsjettforslag. For den enkelte student har ikkje omlegginga av ordninga nokre økonomiske konsekvensar. I den nye ordninga vil det ta noko lengre tid før lån blir gjorde om til stipend, men det vil bli korrigert for renter som er påløpte i tida mellom eksamen og likningskontroll, på same måte som i ordninga i dag.
Departementet foreslår enkelte mindre endringar i regelverket for å gjere det smidigare og meir føreseieleg. Sjå nærmare omtale under budsjettforslag.
I tråd med målsetjingane i St.meld. nr 14 (2008–2009) arbeider departementet med å få på plass eit kvalitetssikringssystem for visse kortare studieopphald i utlandet. Dette gjeld samarbeid mellom norske og utanlandske vidaregåande skolar, og individuell utveksling gjennom utvekslingsorganisasjonar. Departementet tek sikte på å fastsetje eit sett av kvalitetskriterium som skal gjelde både for godkjenning og for regelmessige evalueringar av opplegga. Arbeidet med kvalitetssikring skal etter planen vere ferdig i løpet av 2012–13. Så snart arbeidet med kvalitetskriteria er ferdigstilt, vil departementet flytte ut oppgåvene med godkjenning og oppfølging av desse opplegga til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Departementet foreslår derfor å styrkje løyvinga til SIU med 800 000 kroner. Sjå omtale under kap. 280 post 50.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 | 304 865 | 301 267 | 311 764 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 101 527 | 158 974 | 203 027 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving | 4 845 681 | 5 036 313 | 5 411 062 |
70 | Utdanningsstipend, overslagsløyving | 2 881 137 | 2 976 742 | 2 969 578 |
71 | Andre stipend, overslagsløyving | 620 511 | 598 289 | 659 984 |
72 | Rentestøtte, overslagsløyving | 973 908 | 1 265 271 | 846 018 |
73 | Avskrivingar, overslagsløyving | 301 758 | 452 020 | 440 520 |
74 | Tap på utlån | 323 288 | 350 000 | 322 500 |
76 | Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving | 8 290 | 7 898 | 8 056 |
90 | Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving | 18 888 948 | 19 695 084 | 20 229 985 |
Sum kap. 2410 | 29 249 913 | 30 841 858 | 31 402 494 |
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 gjeld midlar til moderniseringsarbeidet i Lånekassen.
Mål for 2013
Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitativt god måte. Samtidig skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelege løysingar. Lånekassen skal nå måla for moderniseringsarbeidet innanfor dei tids- og kostnadsrammene som er fastsette i gjeldande styringsdokument.
Rapport for 2011
Samla sett hadde Lånekassen ei god måloppnåing i 2011. Mål knytte til sakshandsaminga og til kontakten med studentar, elevar, lærlingar og dei som er i ein tilbakebetalingsfase, vart i all hovudsak nådde. Gjennomsnittleg svartid for elektroniske førespurnader vart seks verkedagar, mot målet på tre verkedagar, og var det einaste målet som ikkje vart nådd i sin heilskap. Gjennomsnittleg sakshandsaming vart ni dagar for søknad om tildeling av støtte og sju dagar for søknad om betalingsutsetjing, og betre enn målsetjingane. Det vart sett mål om at 80 pst. av dei som ringde Lånekassen i 2011, skulle få svar. Resultatet vart 92 pst.
Lånekassen kan òg vise til gode resultat knytte til effektiv sakshandsaming og til digitalisering av sakshandsaminga. I 2011 vart det laga nye nett-tenester med elektroniske løysingar for kundar i tilbakebetalingsfasen, noko som har ført til at enda fleire av kundane til Lånekassen kan bruka dei digitale løysingane.
Den andre av til saman fire hovudleveransar i IKT-fornyinga, som inneheld løysingar for handtering av saker knytte til tilbakebetaling, vart driftssett før sommaren 2011. Arbeidet med den tredje hovudleveransen av IKT-fornyinga i Lånekassen starta mot slutten av 2010. Som følgje av problem knytte til framdrift, styring, organisering og kostnader vart nye risikovurderingar av prosjektet gjennomførte i 2011. Resultatet vart at Kunnskapsdepartementet, som eit risikoreduserande tiltak, gav Lånekassen fullmakt til å overta prosjektstyring og prosjektansvar for den tredje hovudleveransen frå hovudleverandøren. Leverandøren vil framleis vere hovudsamarbeidspartnar, jf. Prop. 1 S (2011–2012) for Kunnskapsdepartementet.
Arbeidet med å spesifisere innhaldet i hovudleveranse fire vart starta opp i andre halvår av 2011. Arbeidet vart fullført og gjennomføringsmodell valt våren 2012. Mellom anna på bakgrunn av dette vart styringsdokumentet for fornyingsprogrammet revidert. Planlagt sluttidspunkt er flytt til medio 2014, og Kunnskapsdepartementet har gitt Lånekassen fullmakt til å nytta 12,5 mill. kroner meir av usikkerheitsavsetninga innanfor vedteken kostnadsramme. Dette inneber at usikkerheitsavsetninga i LØFT-programmet blir redusert frå 40 mill. kroner til 27,5 mill. kroner. Den auka tildelinga til Lånekassen vil bli fordelt over dei enkelte budsjettåra i den perioden som står att. Kostnadsramma for programmet, som vart vedteken i statsbudsjettet for 2008, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008), er ikkje endra.
Budsjettforslag for 2013
Kunnskapsdepartementet foreslår å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med 3 mill. kroner. Midlane skal nyttast til vidareutvikling av dei nye IKT-systema etter kvart som dei blir overførte frå fornyingsprosjektet til linjeorganisasjonen. Midlane vil bidra til at den gode måloppnåinga i Lånekassen i dei siste åra blir ført vidare i åra etter fornyinga. Eit formålstenleg nivå på vedlikehald og vidareutvikling vil òg forlengje levetida for IKT-systema. Vidare skal midlane nyttast til å dekkje utgifter Lånekassen har til auka manuell sakshandsaming som følgje av forslaget om redusert konverteringsperiode frå åtte til fire år. Sjå nærmare omtale av forslaget under postane 50–90. Som tidlegare vil delar av løyvinga på posten bli disponerte av departementet til oppfølging av moderniseringsarbeidet i Lånekassen.
Lånekassens utgifter til eID på høgt tryggleiksnivå er dekte gjennom rammeoverføring til Direktoratet for forvaltning og IKT basert på det forventa talet på transaksjonar per virksomhet og kostnader per transaksjon. Departementet foreslår å overføre om lag 0,6 mill. kroner frå kap. 2410 post 01 til kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 22 Betaling av eID til private leverandører, jf. omtale i Prop. 1 S (2012–2013) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 2410 post 01 med om lag 2,7 mill. kroner og å auke løyvinga på kap. 2410 post 45 med om lag 39,5 mill. kroner, i tråd med gjeldande finansieringsplan for LØFT-programmet. Lånekassen vil i 2013 ha behov for å inngå avtalar som krev at Lånekassen forpliktar seg økonomisk ut over den løyvinga som er foreslått for 2013. Departementet foreslår at Lånekassen får fullmakt til å inngå avtalar ut over løyvinga for 2013, sjå forslag til vedtak IV nr. 4.
Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5310, post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1
Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617
Løyvinga på desse postane utgjer støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i Lånekassens støtteordningar har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei enkelte postane omtalte kvar for seg lenger nede i teksten.
Mål for 2013
Sjå omtale av måla for utdanningsstøtteordninga for 2013 under programkategori 07.80.
Rapport for 2011
Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 31. desember 2011 om lag 922 000 kundar. Av desse er om lag 560 700 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2011–12 var det om lag 477 000 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 381 000 personar mottok støtte frå Lånekassen.
Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2011–12 på 21,8 mrd. kroner. Av dette vart 3,6 mrd. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.15 for fordeling på dei ulike stipendformene. 18,2 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2011–12 utbetalte som lån.
I kalenderåret 2011 vart om lag 3,5 mrd. kroner betalte ut som stipend, i tillegg vart om lag 4,8 mrd. kroner konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2011 vart dermed på om lag 8,3 mrd. kroner.
I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og kunderelevante forhold både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.
Tabell 4.13 Hovudtal for tildeling til vidaregåande opplæring
2008–09 | 2009–10 | 2010–11 | 2011–12 | |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar i vidaregåande opplæring1 | 225 858 | 228 097 | 228 223 | 232 291 |
Tal på elevar med ungdomsrett2 | 187 741 | 200 638 | 201 012 | 206 270 |
Tal på støttemottakarar med ungdomsrett | 122 873 | 157 312 | 168 440 | 172 452 |
Sum stipend (i mill. kroner) | 2 182 | 2 323 | 2 443 | 2 488 |
Gjennomsnittsstipend (i kroner) | 17 806 | 14 795 | 14 530 | 14 456 |
Sum lån (i mill. kroner) | 127 | 143 | 153 | 158 |
Gjennomsnittslån (i kroner) | 14 655 | 15 402 | 15 820 | 15 929 |
1 Talet er henta frå SSB og synar alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, uavhengig av alder, rett til opplæring, osv.
2 Talet gjeld elevar og lærlingar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring.
Tabell 4.14 Hovudtal for tildeling høgre utdanning m.m
2008–09 | 2009–10 | 2010–11 | 2011–12 | |
---|---|---|---|---|
Tal på studentar i høgre utdanning1 | 218 609 | 227 188 | 232 912 | 244 922 |
Tal på støttemottakarar i høgre utdanning | 149 358 | 155 876 | 164 620 | 170 861 |
Tal på andre støttemottakarar2 | 31 237 | 32 771 | 36 484 | 37 357 |
Sum lån (inkludert konverteringsstipend) | 14 222 | 15 529 | 16 956 | 18 026 |
Gjennomsnittslån (i kroner) | 79 437 | 82 983 | 84 969 | 87 190 |
Utbetalt konverteringsstipend3 | 3 934 | 4 151 | 4 409*) | n/a |
Sum andre stipend (i mill. kroner) | 831 | 903 | 943 | 1 105 |
1 Tal på studentar i høgre utdanning frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og Lånekassens tal på studentar i utlandet.
2 Tala gjeld studentar på fagskolar, folkehøgskolar, bibelskolar, korte yrkesretta utdanningar samt elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.
3 Utbetalt stipend etter kontroll av inntekt og formue mot skattelikninga. Status per 31.12.2011. *) Likningskontroll for 2011 er ikkje gjennomført. Det vil bli ein reduksjon i stipend utbetalte for vårsemesteret 2011 når likningskontroll er gjennomført.
Tabell 4.15 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra
Tal på stipend | Stipend i mill. kroner | |||
---|---|---|---|---|
2010–11 | 2011–12 | 2010–11 | 2011–12 | |
Grunnstipend | 70 945 | 70 522 | 1 082 | 1 090 |
Bustipend | 30 475 | 30 603 | 1 063 | 1 085 |
Utstyrsstipend | 161 892 | 165 544 | 203 | 209 |
Flyktningstipend | 1 103 | 1 186 | 70 | 69 |
Stipend til skolepengar | 12 732 | 13 953 | 327 | 367 |
Tilleggsstipend til skolepengar i utlandet | 831 | 1 139 | 24 | 31 |
Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar | 468 | 493 | 32 | 34 |
Språkstipend | 515 | 493 | 8 | 8 |
Reisestipend, Noreg og Norden | 54 880 | 56 958 | 64 | 67 |
Reisestipend, utanfor Norden | 20 979 | 21 770 | 118 | 123 |
Sjukestipend1 | 589 | 846 | 14 | 21 |
Foreldrestipend1 | 3 329 | 3 297 | 196 | 197 |
Forsørgjarstipend2 | 11 330 | 17 241 | 185 | 271 |
Startstipend til kvotestudentar | 448 | 453 | n/a | n/a |
Stipend til søkjarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming | 0 | 510 | 15 | |
Totalt | 370 516 | 385 008 | 3 386 | 3 587 |
1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2010–11 vart det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 30 mill. kroner, og ved fødsel 235 mill. kroner.
2 Behovsprøving mot inntekta til ektefelle/sambuar er lagd om frå hausten 2011. Stipend blir tildelt på bakgrunn av den årsinntekta søkjaren oppgir. Når skattelikninga ligg føre, vil ein kontrollere inntekta, og eventuelt for mykje utbetalt stipend vil bli gjort om til lån. Tidlegare måtte søkjaren dokumentere brutto månadsinntekt til ektefellen før stipend vart utbetalt.
Tabell 4.16 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | |
---|---|---|---|---|
Tal på tilbakebetalande låntakarar | 530 700 | 538 494 | 547 617 | 560 699 |
Renteberande lån (i mill. kroner) | 72 594 | 76 407 | 79 856 | 84 349 |
Betalte renter (i mill. kroner) | 3 945 | 3 694 | 2 617 | 2 797 |
Avdrag (i mill. kroner) | 4 877 | 4 819 | 5 501 | 5 629 |
Ettergitt/avskrive (i mill. kroner) | 206 | 232 | 420 | 278 |
Rentestøtte (i mill. kroner) | 1 586 | 1 388 | 810 | 974 |
Uteståande lån (i mill. kroner) | 98 468 | 104 074 | 109 982 | 116 736 |
Uteståande renter | 2 906 | 2 627 | 2 396 | 2 329 |
For å halde oppe kjøpekrafta til studentane har regjeringa kvart år auka satsane for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. I undervisningsåret 2011–12 vart alle satsane i utdanningsstøtteordningane auka med to pst. I undervisningsåret 2011–12 vart det innført fleire tiltak for å betre høva for fleire ulike grupper elevar og studentar.
For å betre studiefinansieringa for studentar med nedsett funksjonsevne vart det innført ei ordning med eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skulle medverke til at fleire personar med nedsett funksjonsevne skulle få høve til å ta høgre utdanning. Vidare får personar med nedsett funksjonsevne, og som ikkje har støtte frå folketrygda som er meint å dekkje utdanning, heile basisstøtta som stipend ved forseinking i utdanninga utover eit år. Forseinkinga må skyldast den nedsette funksjonsevna. Dessa tiltaka har vorte godt mottekne hos interesseorganisasjonar og andre som er opptekne av tilhøva for personar med nedsett funksjonsevne. Tiltaka skal medverke til at studentar med nedsett funksjonsevne i større grad enn tidlegare kan gjennomføre utdanning utan høgre gjeld enn andre studentar.
Tal per 31. desember 2011 syner at ordninga med ekstra stipend blir nytta. Ved årsskiftet mottok totalt 219 personar ekstra stipend. 136 fekk dette til høgre utdanning i Noreg, 18 til høgre utdanning i utlandet, og 65 fekk det til anna utdanning, som folkehøgskole, fagskole og støtte til vidaregåande opplæring for vaksne. Når det gjeld regelen om heile basisstøtta som stipend ved forseinking, er dette ein smalare regel som gjeld svært få. Ved årsskiftet var det berre fem personar som fekk støtte etter denne regelen. Det kan tyde på at lærestadene i stor grad klarer å leggje til rette slik at personar med nedsett funksjonsevne ikkje blir forseinka utover eit år. Det er likevel for tidleg å konkludere i dette, og om ordninga elles verkar etter intensjonen.
I 2011–12 vart grunnlaget for unntak frå kravet om generell studiekompetanse i Noreg for å få støtte til høgre utdanning i land utanfor Norden utvida. Målet var å oppnå ein større grad av jamstilling med krava om opptak til høgre utdanning i Noreg. Det vart opna for å behandle kunstfaget utøvande og skapande musikk som dei andre kunstfaga som kunne gi grunnlag for unntak. Vidare vart det innført ein heimel for å kunne gi unntak i dei tilfella der studentane ikkje har greidd å oppnå generell studiekompetanse på grunn av varig sjukdom, redusert funksjonsevne eller liknande. Begge unntaka har vorte nytta av nokre få personar i 2011, og er viktige unntak for den avgrensa gruppa dette gjeld.
For å gjere språkstipendet meir fleksibelt, er det ikkje lenger eit krav om at det må vere undervisning fem dagar i veka, det held at timane er fordelte over tre dagar i veka. Erfaringa til departementet er at endringa har fungert godt.
Det vart også opna for å gi elevar ved vidaregåande skolar i utlandet som er godkjende etter privatskolelova, høve til å ta opp lån til skolepengar på lik linje med elevane ved slike skolar i Noreg. Dette sikrar lik handsaming av skolar i Noreg og i utlandet som er godkjende etter privatskolelova.
Frå 2011–12 blir forseinking rekna i studiepoeng eller tilsvarande, uavhengig av studiebelastning. Dette har medverka til å forenkle betrakteleg den manuelle handsaminga av slike sakar, og har også gjort det enklare for kundar som er forseinka i utdanning, å følgje med på sin eigen rett til vidare støtte.
Det vart også gjort to mindre justeringar for å betre samordninga mellom ytingar gjennom utdanningsstøtteordninga og andre ytingar frå det offentlege. Den eine justeringa gjekk ut på at foreldrestipendet skulle bli gitt med 50 pst. når ektefellen eller sambuaren tok ut graderte foreldrepengar med uttak frå 50 til 90 pst. Den andre justeringa gjekk ut på at det ikkje lenger er høve til å kombinere flyktningstipend med introduksjonsstønad. Begge endringane skal sikre at det offentlege ikkje dekkjer same formålet to gonger.
For å sikre likebehandling av mottakarar av det behovsprøvde grunnstipendet i vidaregåande opplæring vart det i 2011–12 innført ein heimel for å behovsprøve støtta mot inntekta og formuen til personar som har overteke foreldreansvaret for eleven.
Verkeleg verdi
For å anslå den verkelege verdien av utlånsporteføljen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på om lag 119,1 mrd. kroner ved utgangen av 2011. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skyldast at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for når ein har berekna verkeleg verdi av porteføljen. Modellen er utvikla vidare sidan Prop. 1 S (2011–2012), mellom anna ved at det er lagt inn justering for over- og underkurs. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2011 anslått til om lag 108,4 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og anslått verkeleg verdi utgjer om lag 10,7 mrd. kroner. Av dette er om lag 9,5 mrd. kroner knytte til stipend, rentestøtte og avskrivingar, medan om lag 1,3 mrd. kroner skyldast tap som følgje av kredittrisiko. Den verkelege verdien er dermed anslått til å vere om lag 91 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2011.
Tabell 4.17 Verkeleg verdi
Verdi i mill. kroner per 31. desember 2010 | Verdi i mill. kroner per 31. desember 2011 | |
---|---|---|
Opphavleg portefølje | ||
| 81 634 | 86 060 |
| 30 745 | 33 078 |
Sum opphavleg portefølje | 112 379 | 119 138 |
Justeringar | ||
| 3 083 | 3 153 |
| 1 994 | 2 190 |
| 2 005 | 2 124 |
| 386 | 408 |
| 694 | 735 |
| 540 | 572 |
| 309 | 327 |
Sum justeringar | 9 011 | 9 509 |
Justert portefølje | 103 368 | 109 630 |
| 1 265 | 1 339 |
| –185 | –122 |
Verdi | 101 918 | 108 412 |
Ved å leggje til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein anslå noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabellen under syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 64 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Av dei om lag 36 øra av kvar krone som ein ikkje kan forvente blir betalt tilbake, utgjer stipend, rentestøtte og avskrivingar nesten alt. Under eitt øre per nye krone i nytt utlån blir forventa tapt som følgje av at låntakaren ikkje betaler. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.
Tabell 4.18 Noverdien av 1 krone i nytt utlån
Verdi i kroner per 31.12.2010 | Verdi i kroner per 31.12.2011 | |
---|---|---|
Opphavleg portefølje | ||
| 0,00000 | 0,00000 |
| 1,00000 | 1,00000 |
Justeringar | ||
| 0,28381 | 0,28105 |
| 0,05163 | 0,05260 |
| 0,01252 | 0,01252 |
| 0,00241 | 0,00241 |
| 0,00433 | 0,00433 |
| 0,00337 | 0,00337 |
| 0,00193 | 0,00193 |
Sum justeringar | 0,36000 | 0,35821 |
Justert portefølje | 0,64000 | 0,64178 |
| 0,00679 | 0,00677 |
Verdi | 0,63322 | 0,63501 |
Budsjettforslag for 2013
Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde for undervisningsåret 2013–14, og forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar, som skal gjelde for kalenderåret 2013, blir sende ut til alminneleg høring medio oktober 2012. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget.
Departementet foreslår at alle støttesatsar i Lånekassen blir justerte med to pst. for undervisningsåret 2013–14. Foreslåtte løyvingsendringar ut over dette skyldast som hovudregel endra tal på støttemottakarar og/eller endra renteføresetnader.
Det vart hausten 2011 vedteke ei tidsavgrensa ordning med gradert sjukestipend som inneber at studentar og elevar som er 50 pst. sjukemelde eller meir, kan få sjukestipend tilsvarande sjukemeldingsprosenten. Ordninga kom i stand for å møte behova til elevar og studentar som vart råka av terrorhandlingane 22. juli, men gjaldt alle studentar som blir delvis sjukemelde. I revidert budsjett for 2012 foreslo regjeringa å føre vidare ordninga ut kalenderåret 2012. Departementet foreslår at ordninga skal gjelde òg i 2013 og foreslår å auke løyvinga med 620 000 kroner
Departementet foreslår at konverteringsordninga i Lånekassen blir forenkla, slik det er beskrive under «Strategiar og tiltak». Departementet foreslår ein auke i løyvinga til rentestøtte på kap. 2410 post 72 på 10,7 mill. kroner. Departementet forslår óg å auke kap. 2410 post 90 med 10,1 mill. kroner som følgje av omlegginga; det skyldast mellom anna ein auke i berekna renter. Vidare blir det anslått at renteinntektene frå Lånekassen på kap. 5617 post 80 vil auke med til saman 20,7 mill. kroner. Konvertering som elles ville vorte gjennomført hausten 2013, blir forskuva til 2014. Dette inneber redusert uttak frå konverteringsfondet på kap. 5310 post 93 i 2013 berekna til om lag 2,2 mrd. kroner i 2013. Frå 2014 vil løyvingsbehovet vere tilbake på om lag same nivå som før omlegginga.
Ordninga med omgjering av lån til utdanningsstipend ved gjennomført utdanning er lagt opp slik at det blir gitt omgjering for tidlegare periodar dersom søkjaren fullfører meir utdanning enn normert, eller tek utdanning utan støtte, og ikkje har fått fullt utdanningsstipend for tidlegare periodar. Fristen for slik innhenting av forseinking er i dag åtte år. Vidare er det slik at dersom søkjaren har fått fullt utdanningsstipend for tidlegare periodar, men tek fleire studiepoeng enn normert, kan overskottsresultata bli «sett på konto» og nytta til omgjering for seinare periodar dersom søkjaren blir forseinka. Fristen for å få brukt slike overskott av studiepoeng er i dag åtte år etter at studiepoenga vart tekne.
Departementet foreslår å redusere desse to åtteårsfristane til fire år. Fire år er ei rimeleg grense som gir tilstrekkeleg moglegheit til å hente inn fagleg forseinking og til å bruke ekstra studiepoeng ved seinare forseinking. For søkjarar som er forseinka i utdanninga, vil ei grense på fire år gi sterkare insentiv til å fullføre utdanninga raskare. Gruppa som tek ekstra studiepoeng og som seinare blir forseinka, er i tillegg svært liten, og konsekvensane av å redusere den perioden studiepoeng «står på konto» er små. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 36,2 mill. kroner.
For å sikre studentar med barn føreseielege reglar foreslår departementet å gjere to mindre endringar. For det første foreslår departementet å utvide den unntaksregelen som i dag gjeld berre ved prematur fødsel, slik at søkjarar som føder før termindato, generelt skal ha rett til foreldrestipend dersom dei ved fødsel på termindatoen ville hatt rett til dette stipendet. Hovudregelen skal framleis vere at søkjaren må ha hatt rett til støtte i seks månader før fødselen. Departementet foreslår å auke løyvinga med 198 000 kroner. Vidare foreslår departementet å endre fristen for innsending av opplysningar om fødsel, slik at studentar som får barn 1. mars eller seinare, kan sikrast forsørgjarstipend for vårsemesteret. Etter regelverket som gjeld i dag, må opplysningar om endringar som har betydning for støttebeløpet, vere komne inn til Lånekassen innan 15. mars for at ny støtte skal kunne bli tildelt. Det verkar urimeleg at studentar ikkje skal kunne få forsørgjarstipend dersom dei ikkje melder frå om at dei venter barn, før fødselen har funne stad. Søknadsfristen for studentar som får barn etter 1. mars, blir foreslått endra til slutten av undervisningsåret/kurset. Departementet foreslår ikkje å endre fristen for andre. Budsjetteffekten av dette forslaget kjem ikkje før i 2014 og er berekna til om lag 120 000 kroner.
Departementet ønskjer auka internasjonalisering i høgre utdanning. Noreg har inngått samarbeidsavtalar om utdanning med Kina og Russland, og studentmobilitet er eit viktig element i desse avtalane. For å unngå dobbeldekking av utgifter til same formål får norske studentar i utlandet i dag ikkje støtte frå Lånekassen dersom dei mottek støtte frå ei offentleg støtteordning i eit anna land. For enkelte medfører dette at dei takkar nei til stipend frå Russland eller Kina. Departementet foreslår å innføre ei ordning der søkjarar som vel å ta imot stipend frå russiske eller kinesiske offentlege stipendordningar, i tillegg kan få utdanningsstøtte frå Lånekassen som lån. Departementet foreslår også at desse søkjarane skal få reisestøtte etter dei same reglane som gjeld for andre studentar i utlandet. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 234 000 kroner som følgje av forslaget. I tillegg kjem 488 000 kroner i auka utbetaling av lån.
Tildeling av grunnstipend og lån til elevar i vidaregåande opplæring er behovsprøvd og er avhengig av inntekta til forsørgjarane. Grenser og frådrag går fram av ein tabell i forskrifta. For enkelte inntektsintervall er tabellen av i dag ikkje heilt systematisk, og departementet foreslår nokre forenklingar i tabellen, slik at det blir ein meir konsekvent samanheng mellom størrelsen på inntekta og størrelsen på ytinga. Dette er i hovudsak ei opprydding, og endringane for dei fleste elevane blir små. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 700 000 kroner. I tillegg kjem 300 000 kroner i auka utbetaling av lån.
For å ha rett til støtte til utdanning i land utanfor Norden må søkjaren ha budd i Noreg i minst to år samanhengande i løpet av dei fem siste åra før utdanninga i utlandet startar. Det er gjort ein del unntak frå dette kravet om butid i regelverket. Departementet foreslår no ei forenkling av eit av krava, og ei utviding av eit av dei andre krava. Forenklinga inneber endringar i unntaket for søkjarar som er busett i utlandet fordi søkjaren sjølv, ein av foreldra eller ektefellen er i teneste for norsk næringsliv i utlandet. Avgrensinga «norsk næringsliv» medfører mange vanskelege saker, og det er behov for ei avklaring av kva som ligg i dette omgrepet. Departementet foreslår derfor at dette blir definert som eit norskregistrert føretak med generell skatteplikt til Noreg. I tillegg foreslår departementet at arbeidsforholdet blir definert som tidsavgrensa for å sikre at søkjaren har ei reell tilknyting til Noreg. Vidare foreslår departementet å opne for rett til støtte til elevar i vidaregåande opplæring som følgjer med foreldre eller ektefelle som tek utdanning i utlandet i ein periode. Forslaget vil bidra til likebehandling mellom elevar som følgjer med foreldre/ektefelle som arbeider ute, og elevar som følgjer med foreldre/ektefelle som studerer ute. Samla foreslår departementet at løyvinga blir redusert med 209 000 kroner som følgje av endringa. I tillegg kjem 991 000 kroner i redusert utbetaling av lån.
For at låntakarar som bur i, eller flytter til, Finnmark (og enkelte utvalde kommunar i andre fylke), skal få ettergiving av delar av utdanningslånet, må dei bu og arbeide der i minst tolv månader samanhengande. I dag blir oppteningstida rekna frå det første månadsskiftet etter at låntakaren har starta i jobben. Dette inneber at det unntaksvis er eksemplar på personar som ikkje får ettergiving sjølv om dei har jobba samanhengande i tolv månader. Departementet foreslår derfor at den faktiske datoen låntakaren startar i arbeidsforholdet, skal nyttast som starttidspunkt for oppteningsgrunnlag. Budsjetteffekten av dette forslaget kjem ikkje før i 2014 og er berekna til 87 000 kroner.
I statsbudsjettet for 2012 vart det vedteke at kapitalinntekter skal reknast med i grunnlaget for behovsprøving av stipend. Sommaren 2012 varsla kunnskapsministeren at departementet ville ta initiativ til å endre reglane slik at renteinntekter frå Bustadsparing for Ungdom (BSU) ikkje skal føre til redusert stipend. Departementet vil komme med forslag til nødvendige løyvingsendringar for 2012 i omgrupperingsproposisjonen. For 2013 foreslår departementet ein auke i løyvinga med 4,1 mill. kroner.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Løyvinga på post 50 dekkjer avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekkjer midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Ved budsjettering av posten for 2013 blir det lagt til grunn at ti pst. av utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje blir bestått og derfor ikkje gir omgjering frå lån til stipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvt mot inntekt og formue. Ved budsjettering av posten er det derfor føresett at delar av stipenda blir gjorde om til lån etter den etterskottsvise behovsprøvinga mot inntekt og formue. Avsetninga på posten er altså redusert for den delen av låna som ikkje er forventa å bli konvertert fordi utdanninga ikkje blir gjennomført, og for den delen av stipenda som er forventa å bli rekonvertert til lån i samband med likningskontrollen.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, samt flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgjarstipend for alle grupper.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reise, skolepengar og språkkurs i innland og utland.
Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i lov om utdanningsstøtte nr. 37 av 3. juni 2005. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar, og for personar som er busette og arbeider i Finnmark. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.
Tabellen viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:
Tabell 4.19 Avskrivingselement
(i 1000 kr) | |||
---|---|---|---|
Element | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
Sjukdom1 | 6 620 | 250 000 | 125 000 |
Dødsfall | 57 277 | 58 000 | 58 900 |
Automatisk avskriving | 1 425 | 1 200 | 1 200 |
Avskriving for lærarutdanning | 11 076 | 12 100 | 12 100 |
Finnmarks-avskriving2 | 92 817 | 132 250 | 114 650 |
Avskriving kvoteordninga | 21 847 | 23 020 | 20 720 |
Rentefritak | 110 696 | 107 400 | 107 950 |
Sum | 301 758 | 538 970 | 440 520 |
1 På grunn av feil i IT-system i Lånekassen vart det ikkje gjennomført noka ettergiving pga. sjukdom hausten 2011. Ein forventar at all avskriving som skulle vore gjord i 2011, blir gjennomført i 2012, og det har ikkje hatt økonomiske konsekvensar for kundane.
2 På grunn av feil i IT-system i Lånekassen vart det gjennomført mindre avskriving av lån til låntakarar i Finnmark m.m. hausten 2011. Ein forventar at all avskriving som skulle vore gjord i 2011, blir gjennomført i 2012, og det har ikkje hatt økonomiske konsekvensar for kundane.
Av samla avskriving på 440,5 mill. kroner reknar ein med at om lag 305 mill. kroner vil utgjere opphavleg hovudstol (det opphavlege utdanningslånet til kunden). Dei resterande avskrivingane fordeler seg med 40 mill. kroner frå renter i 2013 og 95 mill. kroner i renter frå tidlegare år.
Post 74 Tap på utlån
Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).
Tabellen nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:
Tabell 4.20 Tapselement
(i 1000 kr) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | |
SI-permanent | 291 846 | 280 000 | 280 000 |
Lån etter gjeldsordning | 29 362 | 35 000 | 35 000 |
Andre forhold | 2 080 | 7 500 | 7 500 |
Sum | 323 288 | 322 500 | 322 500 |
Tap på den opphavlege hovudstolen er berekna til å utgjere 239,5 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar utgjer om lag 76 mill. kroner i 2013. Årets renter på tap/kostnadsfordringane er berekna til å utgjere 7 mill. kroner i 2013.
Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet og handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapeleg samband blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2011 har 55 841 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 6,04 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 2,4 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2011 for permanent overførte studielån vart på 269 mill. kroner mot 251 mill. kroner i 2010 og 207 mill. kroner i 2009. Det vart overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 292 mill. kroner i 2011, 284 mill. kroner i 2010 og 277 mill. kroner i 2009. Innkrevjinga til SI av overførte studielån er berekna til 240 mill. kroner i 2013.
Gjeldssletting etter gjeldsordning er berekna til 35 mill. kroner i 2013. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til om lag 7,5 mill. kroner.
Post 76 Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av stipend til kvotestudentar tilsvarande basisstøtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong.
Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer samla nye utlån frå Lånekassen i 2013, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.
Nye utlån til kundar samt omgjeringar er berekna til å utgjere i underkant av 19,3 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 970 mill. kroner. Den totale løyvinga på posten blir da om lag 20,2 mrd. kroner i 2013.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
03 | Diverse inntekter | 188 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 24 000 | 24 000 | 24 000 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 267 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 381 | ||
29 | Termingebyr | 26 298 | 25 500 | 25 616 |
89 | Purregebyr | 81 803 | 91 009 | 88 850 |
90 | Redusert lån og rentegjeld | 7 380 581 | 8 235 800 | 8 015 109 |
93 | Omgjering av studielån til stipend | 4 821 766 | 4 915 449 | 2 945 883 |
Sum kap. 5310 | 12 340 284 | 13 291 758 | 11 099 458 |
Kapitlet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.
Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.
Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Post 29 gjeld gebyr på 35 kroner for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).
Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.
Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 6,4 mrd. kroner i 2013. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 894 mill. kroner i 2013. Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 716 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74).
Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
80 | Renter | 3 866 019 | 4 824 471 | 3 377 934 |
Sum kap. 5617 | 3 866 019 | 4 824 471 | 3 377 934 |
Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekkje kostnadene til staten på lån som er rentefrie under utdanninga, og på lån som er avskrivne.
Rentestøtta er berekna til å utgjere om lag 966 mill. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,4 mrd. kroner i 2013. Opptente ikkje-betalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 968 mill. kroner, medan årets renter frå tap/kostnadsløyvingar er berekna til å utgjere om lag 47 mill. kroner i 2013.