Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Strategiar og oversikter

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

5.1 Innleiing

Ny kunnskap og ny erkjenning skaffa fram gjennom forsking er viktig for at Noreg skal utvikle seg og lykkast som samfunn. Regjeringa vil derfor framleis satse på forsking i åra framover, og held fast ved målet om å auke forskingsløyvingane i tråd med dei forskingspolitiske måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima forforskning, jf. Innst. S. nr. 354 (2008–2009).

Innsatsen til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2013 er førebels anslått til 27,4 mrd. kroner, inkludert Skattefunn. Dette er ein auke på om lag 1,4 mrd. kroner samanlikna med statsbudsjettet for 2012, ein realauke på 2,2 pst. Sidan 2005 har det vore ein realauke i den offentlege FoU-innsatsen på 32,1 pst., ein gjennomsnittleg årleg realauke på 3,5 pst.

Forslaget til statsbudsjett for 2013 viser følgjande hovudprioriteringar: klimaforsking, forsking på samfunnstryggleik og beredskap, europeisk forskingssamarbeid, nanoteknologi og eit nytt isgåande forskingsfartøy.

Dei ni forskingspolitiske måla

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima forforskning slo regjeringa fast at forskingspolitikken skal rettast inn mot fem strategiske mål og fire tverrgåande mål. Dei fire tverrgåande måla omhandlar forskingssystemet, medan dei strategiske måla viser temaområde som skal vere særleg prioriterte i forskingspolitikken. I tråd med Soria Moria-erklæringa legg måla òg sterkare vekt på velferdsutfordringane og det globale perspektivet i forskinga.

Figur 5.1 Målbilete for norsk forsking

Figur 5.1 Målbilete for norsk forsking

Målet til regjeringa er at norsk forskingspolitikk skal medverke til

  • å løyse globale utfordringar med særleg vekt på miljø-, klima-, hav-, mattryggleiks- og energiforsking

  • god helse, utjamning av sosiale helseskilnader og utvikling av helsetenester av høg kvalitet

  • forskingsbasert velferdspolitikk og profesjonsutøving i yrka i velferdssektoren

  • eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet

  • næringsrelevant forsking på områda mat, marin, maritim, reiseliv, energi, miljø, bioteknologi, IKT og nye materialar/nanoteknologi

  • høg kvalitet i forskinga

  • eit velfungerande forskingssystem

  • høg grad av internasjonalisering av forskinga

  • effektiv utnytting av forskingsressursane og -resultata

Dei forskingspolitiske måla er felles for alle departementa, og løyvingane til forsking og utvikling i statsbudsjettet må sjåast i lys av alle måla. Dei fire tverrgåande måla er også nærmare omtalte under programkategori 07.70 Forsking.

5.2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2013

Regjeringa ønskjer i statsbudsjettet for 2013 å styrkje den nasjonale forskingsinnsatsen i tråd med måla i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima forforskning. Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2013 er klimaforsking, forsking på samfunnstryggleik og beredskap, europeisk forskingssamarbeid, nanoteknologi og eit nytt isgåande forskingsfartøy.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2012 frå NIFU viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til Regjeringa for 2013 er på om lag 25,8 mrd. kroner. Dette er ein nominell auke på om lag 1,4 mrd. kroner frå 2012. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på 27,4 mrd. kroner i 2013. Dette vil utgjere om lag 0,92 pst. av anslaget for BNP i 2013. Rekna som del av Fastlands-BNP vil FoU-innsatsen utgjere om lag 1,1 pst. i 2013.

Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement. Tala er usikre. NIFU vil leggje fram endelege tal for FoU-løyvingane i statsbudsjettet i juni 2013.

Tabell 5.1 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet, i mill. kroner

Departement

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Endring 2012–13

Kunnskapsdepartementet

12 469

13 227

758

Helse- og omsorgsdepartementet

3 260

3 468

208

Nærings- og handelsdepartementet

1 894

1 940

47

Utanriksdepartementet

1 035

1 208

173

Forsvarsdepartementet

1 010

1 010

Fiskeri- og kystdepartementet

888

980

92

Olje- og energidepartementet

797

804

7

Miljøverndepartementet

708

714

6

Landbruks- og matdepartementet

599

641

42

Samferdsledepartementet

294

299

5

Kommunal- og regionaldepartementet

243

252

9

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

220

214

–5

Arbeidsdepartementet

214

229

15

Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet

150

161

11

Kulturdepartementet

132

139

7

Finansdepartementet

110

115

5

Justis- og beredskapsdepartementet

49

65

16

Statsbankane

362

362

Totalt

24 434

25 828

1 397

Den nominelle auken i løyvingane til forsking er foreløpig anslått til om lag 1,4 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012. Dette tilsvarer ein realvekst på 2,4 pst. Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del, og delvis frå konkrete FoU-satsingar, sjå nedanfor.

Over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er det ein anslått auke i FoU-innsatsen på 758 mill. kroner. Auken er særleg knytt til auka kontingent til EUs rammeprogram for forsking og at studieplassar som har blitt oppretta tidlegare år blir førde vidare. Auken over budsjettet til Utanriksdepartementet er særleg knytt til EØS-finansieringsordningane, der NIFU har berekna at ein del av desse finansierer forsking. Det er også anslått at det vil vere ein auke i løyvingane til forsking og utvikling over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet på 208 mill. kroner. Auken er særleg knytt til auka aktivitetsvekst i helseføretaka. Nedgangen over budsjettet til Fornyings, administrasjons- og kyrkjedepartementet skriv seg frå at byggeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren har eit venta lågare finansieringsbehov i 2013 enn i 2012.

Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2013 – nye tiltak

Ei brei satsing på klimaforsking

Klimaendringane er omfattande og skjer raskt. Noreg treng ei brei satsing på klimaforsking for å kunne ta i bruk ny kunnskap og innsikt i møte med desse endringane. Regjeringa foreslår derfor 42 mill. kroner til ei satsing på klimaforsking gjennom Noregs forskingsråd over budsjetta til Kunnskapsdepartementet, Miljøverndepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Satsinga skal omfatte samfunnsvitskapleg og humanistisk klimaforsking, og grunnleggjande forsking knytt til klimaendringane i Arktis, klimasystemet og klimatilpassa matproduksjon. Satsinga vil følgje opp Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk, Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken – Velkommen til bords, klimaforliket og målet i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima forforskning om å utvikle kunnskap for å møte globale utfordringar. I tillegg foreslår regjeringa å auke tildelinga til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret med 5 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen, med Havforskingsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar. Over budsjettet til Miljøverndepartementet foreslår regjeringa også 5 mill. kroner til byforsking og 2 mill. kroner til rovdyrforsking gjennom Noregs forskingsråd.

Styrkt forsking på samfunnstryggleik og beredskap

Terroraksjonen 22. juli 2011, ekstremvêr og ras, problem med telenettet og ulykker til sjøs har synt behovet for ein styrkt, sektorovergripande forskingsinnsats innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Forskingsrådets femårige program Samfunnssikkerhet og risiko (SAMRISK) vart avslutta i 2011. Regjeringa foreslår derfor at det frå 2013 blir oppretta eit nytt forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd innanfor samfunnstryggleik og beredskap, med eit budsjett på 20 mill. kroner over budsjetta til Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Samferdsledepartementet og Forsvarsdepartementet. Eit eige programutval skal ved årsskiftet leggje fram ein programplan med den tematiske og faglege innrettinga til programmet, med utgangspunkt i mellom anna Gjørv-kommisjonens rapport. Justis- og beredskapsdepartementet, Samferdsledepartementet og Forsvarsdepartementet deltek i utvalet.

Internasjonalisering av norsk forsking

St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning peikte ut internasjonalisering som eitt av dei fire tverrgåande måla. Det europeiske samarbeidet er ein hovudarena for internasjonalt samarbeid og ein hovudprioritet for norsk forsking. Noreg har med stort utbytte delteke i EUs rammeprogram for forsking sidan 1994. Deltakinga er viktig for å auke kvaliteten i norsk forsking. Forskingssamarbeidet gjennom rammeprogramma har vorte stadig meir omfattande. Noregs kontingent til rammeprogramma er i 2013 berekna til å bli om lag 1,7 mrd. kroner, ein auke på om lag 318 mill. kroner frå 2012. Den norske deltakinga i den europeiske romorganisasjonen ESA er ein viktig del av internasjonaliseringa av norsk romforsking, sikrar norske forskarar tilgang til dei beste satellittdataa og har stor betyding for auka verdiskaping i norsk høgteknologisk industri. Regjeringa foreslår derfor å sette av 113,6 mill. kroner i 2013 over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet til deltaking i dei nye ESA-programma. I tillegg foreslår regjeringa å styrkje arbeidet med felles europeiske forskingsprogram (Joint Programming Initiatives – JPI) gjennom Noregs forskingsråd med 6,2 mill. kroner over budsjettet til Miljøverndepartementet.

Styrkt forskingsinnsats i polarområda

Behovet for eit nytt isgåande forskingsfartøy er slått fast i nordområdestrategien til regjeringa. Arktis og Antarktis har ei nøkkelrolle i global klimasamanheng. Eit isgåande forskingsfartøy vil mellom anna styrkje Noregs evne til å bidra med viktig kunnskap i det internasjonale klimaarbeidet gjennom auka forskingsinnsats i Arktis og Antarktis. I statsbudsjettet 2013 foreslår derfor regjeringa ei startløyving på 75 mill. kroner til bygging av eit nytt isgåande forskingsfartøy. Fartøyet vil ha heimehamn i Tromsø, og vil vere svært viktig for polar- og miljøforskinga og ressurskartlegging i nordområda. Samla kostnadsramme for fartøyprosjektet er om lag 1,42 mrd. kroner. Regjeringa foreslår òg 10 mill. kroner til oppretting av eit forskings- og kompetansesenter innanfor arktiske utfordringar over budsjettet til Olje- og energidepartementet. Senteret skal liggje i eitt av dei tre nordlegaste fylka, og tildelinga til senteret vil bli lyst ut gjennom Noregs forskingsråd.

Oppfølging av teknologistrategiane

Regjeringa la fram ein FoU-strategi for nanoteknologi i juni 2012. Målsettinga til regjeringa er at ansvarleg nanoteknologi skal gi eit vesentleg bidrag til norsk næringsutvikling og samfunnsnytte. Regjeringa vil at nanoteknologi skal bidra til auka konkurransekraft i norsk næringsliv og betre handtering av dei globale samfunnsutfordringane, utan å gi uønska effektar på helse, miljø og samfunn. Regjeringa har peikt ut tre satsingsområde som den offentlege innsatsen skal konsentrerast om: grunnleggjande kunnskapsutvikling, innovasjon og kommersialisering og ansvarleg teknologiutvikling. For å følgje opp strategien vil regjeringa mellom anna føre vidare ei målretta FoU-satsing på nanoteknologi gjennom eit eige program i Noregs forskingsråd, NANO2021. I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa ei satsing på NANO2021 på 20 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Nasjonal strategi for bioteknologi vart lagd fram i desember 2011. Strategien har som mål at vi i stadig større grad skal ta i bruk bioteknologi for å møte dei store samfunnsutfordringane og for å sikre betre verdiskaping. I strategien identifiserer regjeringa fire tematiske område. Dei fire områda er havbruk, sjømat og forvaltning av det marine miljøet; landbruksbasert mat- og biomasseproduksjon; miljøvennlege industrielle prosessar og produkt; helse, helsetenester og helserelaterte næringar. For å følgje opp strategien foreslår regjeringa ei styrking av programmet BIOTEK2021 i Noregs forskingsråd på 10 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Forsking for helse- og velferdstenestene

Det er behov for å styrkje forskinga for helse- og velferdstenestene og samtidig bidra til å auke forskingsforankringa i fagmiljøa som gir helse- og sosialfagleg utdanning. I 2012 vart Forskingsrådets program for praksisretta FoU i helse- og velferdstenestene etablert. Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis. Regjeringa foreslår å auke tildelinga til programmet med 7 mill. kroner innanfor Kunnskapsdepartementets tildeling til Noregs forskingsråd. I tillegg vil Arbeidsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet føre vidare dei 11 mill. kronene som kom til programmet i samband med revidert nasjonalbudsjett 2012, som ei varig styrking av programmet. Anna oppfølging av Meld. St. 13 (2011–2012) er nærare omtalt under kategori 07.60.

Nye Senter for framifrå forsking

Ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) har til formål å leggje til rette for at forskingsinstitusjonane kan utvikle forskingsmiljø i verdsklasse. I tillegg verkar ordninga strukturerande ved at ho legg til rette for auka samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskingssektoren. Sidan 2008 har 21 senter fordelte på åtte vertsinstitusjonar vore i full drift. Sentra varer i inntil ti år, og dei første sentra som hadde oppstart i 2003, er no i ferd med å bli avslutta. Midlane frå den første runden er derfor lyste ut på nytt, og til den første fristen mottok Forskingsrådet 139 søknader. Alle søknadene vart vurderte av internasjonale fagpanel, og til slutt vart 29 av søkjarane inviterte til å levere ein fullstendig søknad. I november 2012 vil det bli klart kven av dei 29 som får status som SFF i 2013. For å sikre gode rammevilkår for sentra som blir tildelt midlar frå 2013, foreslår Regjeringa ei styrking av ordninga med 35 mill. kroner innanfor Kunnskapsdepartementets tildeling til Noregs forskingsråd.

Oppfølging av landbruks- og matmeldinga

I tråd med dei overordna måla i St. Meld 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken – Velkommen til bords, skal landbruks- og matforskinga bidra til å auke nasjonal matproduksjon i takt med etterspurnaden til ei aukande befolkning. Klimaendringane skapar utfordringar, men også betydelege moglegheiter for det norske landbruket. Regjeringa foreslår derfor å styrkje forskingsinnsatsen for å auke matproduksjonen og for å tilpasse produksjonen til eit endra klima. Særleg skal forsking for betre agronomi og auka kornproduksjon prioriterast. Samtidig er det viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurranseevne innanfor dei mange næringane i landbruket. Det leggjast derfor opp til å styrkje forsking som fremjar auka konkurranseevne i næringsmiddelindustrien. Regjeringa foreslår å styrkje matforskinga med 10 mill. kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet.

Kavli Institute for Systems Neuroscience

Kavli Institute for Systems Neuroscience ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim er eit av dei mest framifrå forskingsmiljøa i Noreg. For å sikre dette unike forskingsmiljøet stabile rammevilkår, foreslår regjeringa 12,5 mill. kroner til senteret.

Kjønnsbalanse i forsking

Sjølv om kvinner innanfor dei fleste fagområde gjennomfører doktorgradsutdanning i like stor grad som menn, går utviklinga når det gjeld kjønnsbalanse på toppnivå svært langsamt. BALANSE er ei satsing for å fremme kjønnsbalansen i faglege toppstillingar og forskingsleiing. Regjeringa foreslår derfor å auke tildelinga til BALANSE med 7 mill. kroner innanfor tildelinga til Noregs forskingsråd over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Utdanningsforsking

Regjeringa foreslår å auke den samla rammetildelinga til utdanningsforskingsprogramma Utdanning2020 og PRAKUT med 3,4 mill. kroner til 61,1 mill. kroner i 2013 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. For å få meir kunnskap om effektar av spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning foreslår regjeringa i tillegg å setje av 3 mill. kroner årleg i ein femårsperiode til forsking på dette feltet. Tiltaket er ei oppfølging av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap.

Rusmiddelforsking

For å følgje opp Meld. St. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk alkohol – narkotika – doping, foreslår regjeringa å auke tildelinga til Rusmiddelforskingsprogrammet i Noregs forskingsråd med 4 mill. kroner i 2013 over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA)

Regjeringa ønskjer også å prioritere verkemiddel som er retta inn mot breidda av norsk næringsliv og foreslår derfor å styrkje tildelinga til Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med om lag 10 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

5.3 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd mottek løyvingar over budsjetta til alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutt-tildelingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2013.

Tabell 5.2 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane, i 1 000 kroner

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

285.52/53/54

Kunnskapsdepartementet

2 421 598

2 498 311

285.55

Kunnskapsdepartementet – administrasjon

266 505

275 300

920.50

Nærings- og handelsdepartementet

1 360 000

1 413 900

1830.50

Olje- og energidepartementet

718 000

728 000

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

284 141

302 518

1137.50

Landbruks- og matdepartementet

219 271

229 677

1023.50

Fiskeri- og kystdepartementet

205 070

207 200

1410.51/53

Miljøverndepartementet

174 066

197 282

1301.50

Samferdsledepartementet

155 500

142 000

Sum

5 804 151

5 994 188

Totalt er det ein nominell auke i løyvingane frå dei største bidragsytarane på 190 mill. kroner, ein auke på om lag 3,3 pst. Auken skriv seg hovudsakelig frå ein auke på budsjettet til Kunnskapsdepartementet på om lag 77 mill. kroner og ein auke på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet på om lag 54 mill. kroner. I tillegg er det ein nedgang på budsjettet til Samferdsledepartementet på 13,5 mill. kroner.

Det er utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingane frå departementa til Noregs forskingsråd. Systemet inneber felles retningslinjer for styringa av Forskingsrådet, ein felles målstruktur for tildelingsbreva og eit sett rapporteringsindikatorar. Den nye målstrukturen byggjer opp under dei nasjonale forskingspolitiske måla. Den felles mål- og resultatstrukturen for Forskingsrådet er sett i verk frå og med budsjettåret 2010. Basert på desse måla er det også utvikla eit sett med styringsparametrar som er grunnlaget for den rapporteringa Forskingsrådet arbeider fram for departementa. Styringsparametrane er utvikla i samband med tildelingsbreva for 2010. Departementa rapporterte på verksemda til Forskingsrådet i høve til den nye målstrukturen for første gong i 2011. I budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet står denne rapporteringa under kap. 285.

Noregs forskingsråd har vorte evaluert. Evalueringa skulle gi ei samla vurdering av Forskingsrådet ut frå dei overordna måla som er sette for verksemda til rådet, og vurdere desse i lys av nye utviklingstrekk. Technopolis Group har gjennomført evalueringa og la ho fram i september 2012. Den overordna konklusjonen i evalueringa er at Forskingsrådet fungerer godt. Aktørane i det norske forskings- og innovasjonssystemet er òg i stor grad nøgde med innsatsen til Forskingsrådet. Samla viser evalueringa at Forskingsrådet har stor betyding og effekt i det norske FoU-systemet, og at Forskingsrådet har etablert effektive og gode prosedyrar for søknadshandsaming. Evalueringa viser òg at det resultatbaserte finansieringssystemet for institutta allereie har hatt positive effektar, og at Forskingsrådet bør implementere systemet fullt ut.

Evalueringa legg vidare vekt på at kvaliteten på norsk forsking er høg, men at han ikkje er høg nok. Evaluatorane tilrår derfor at Forskingsrådet bør leggje enda sterkare vekt på kvalitet framover. Arbeidet med evalueringar i Forskingsrådet bør systematiserast og leggje større vekt på effektane av innsatsen. Forskingsrådet bør også tilby jamlege evalueringar av enkeltinstitutt eller grupper av institutt. Evalueringa inneheld mange tilrådingar som dels rettar seg mot departementa og dels mot den eigne verksemda til Forskingsrådet. Regjeringa vil mellom anne følgje opp resultata og tilrådingane i evalueringa gjennom den kommande forskingsmeldinga.

Forskingsinstitutta

Den noverande ordninga for statleg basisløyving til forskingsinstitutta kom i stand i 2009, jf. Budsjettinnst. S. nr. 12 (2008–2009) og St.prp nr. 1 (2008–2009) for Kunnskapsdepartementet. Det vart da varsla at ordninga ville bli evaluert etter tre år. Damvad Norge har no gjennomført ei evaluering på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Sjølv om det er krevjande å måle og isolere effekten av det nye systemet etter berre tre år, syner evalueringa at endringa har vore eit viktig steg for å styrkje instituttsektoren som leverandør av relevant forsking av høg kvalitet. Samstundes viser evalueringa at systemet er komplekst, og at ei forenkling kan bidra til betre måloppnåing. Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til oppfølging i samband med den varsla stortingsmeldinga om forskingspolitikken i 2013.

Det er òg to andre utgreiingar om instituttsektoren under arbeid. Den eine handlar om samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon i instituttsektoren og mellom instituttsektoren og universitet og høgskolar. Den andre utgreiinga tar for seg korleis anvend oppdragsforsking er organisert i ulike land. Til saman vil evalueringa og utgreiingane bidra til å gi regjeringa eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare utforming av instituttpolitikken.

5.4 Utviklinga i offentleg forskingsinnsats

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) varsla regjeringa at ho vil supplere det overordna målet om at forsking og utvikling (FoU) skal utgjere tre pst. av BNP med andre indikatorar som gir eit meir nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg: FoU-innsats per innbyggjar og FoU-årsverk per 1 000 sysselsette.

Tabell 5.3 Utgifter til FoU og FoU-årsverk per 1 000 sysselsette i 2009

Land

FoU-utgifter som pst. av BNP

Offentlege FoU-utgifter som pst. av BNP

Utgifter til FoU per innbyggjar (PPP-dollar)1

Offentlege FoU-utgifter per innbyggjar (PPP-dollar)1

FoU-årsverk 3 per 1 000 sysselsette

Sverige

3,61

0,99

1360

368

9,9

Finland2

3,87

0,99

1403

340

15,4

Danmark2

3,06

0,85

1245

342

12,2

Noreg

1,78

0,83

982

455

10,2

Austerrike2

2,76

1,1

1124

431

8,4

Nederland

1,82

0,75

759

306

5,9

OECD-gjennomsnitt

2,4

0,73

797

241

7,2

EU15

2,07

0,72

720

247

-

1 For at ein skal kunne samanlikne FoU-innsatsen til dei ulike landa, er tala rekna i PPP-dollar, ei eining der det er justert for skilnader i kjøpekraft mellom landa.

2 Tal frå 2010.

3 Utført av universitets- og høgskoleutdanna personale.

Kjelde: OECD main Science and Technology Indicators og Indikatorrapporten 2012 Forskingsrådet/NIFU

Statistikk over norsk innsats innanfor forsking og utvikling (FoU) blir utarbeidd av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Den siste FoU-statistikken er frå 2009 og 2010. Tabellen viser skår på nokre indikatorar for FoU-finansiering. I 2009 utgjorde den totale FoU-innsatsen om lag 1,8 pst. av BNP. Det er lågast av referanselanda og under gjennomsnittet for OECD og EU15. Rekna som del av Fastlands-BNP var den totale FoU-innsatsen høgre, om lag 2,32 pst. av BNP. Den offentlege FoU-innsatsen som prosentdel av BNP ligg over gjennomsnittet i OECD og EU15, men lågare enn i dei andre referanselanda. Den offentlege innsatsen over statsbudsjettet har frå 2005 til 2012 hatt ein gjennomsnittleg årleg realvekst på om lag 3,6 pst. Om ein ser på offentleg finansiert forsking per innbyggjar, ligg Noreg her høgst av referanselanda, og på andreplass i OECD-området. For total FoU-innsats per innbyggjar ligg Noreg derimot sist av referanselanda, bortsett frå Nederland. Den offentlege FoU-innsatsen i Noreg er med andre ord høg, medan FoU-innsatsen i næringslivet framleis ligg lågare enn i dei andre nordiske landa og gjennomsnittsnivået i Europa. Dette kjem også til syne i tala for næringslivet, sjå nedanfor.

Samanlikna med dei fleste andre land har Noreg ein høg del forskarar, og talet på årsverk ligg godt over gjennomsnittet av OECD-landa. Av referanselanda er det berre Finland og Danmark som har ein større del FoU-årsverk enn Noreg.

I tillegg til FoU-statistikken utarbeider NIFU mellom anna kvart år ein analyse av statsbudsjettet, og analysen gir ein indikasjon på utviklinga i den offentlege FoU-innsatsen etter 2010. Anslaget for FoU over statsbudsjettet ligg om lag ti pst. høgre enn offentlege kjelder i FoU-statistikken. Hovudårsaka til forskjellen er at statsbudsjettanalysen inkluderer midlar som blir kanaliserte til utlandet. FoU-innsatsen over statsbudsjettet for 2011 er anslått til 23,7 mrd. kroner. Det utgjer om lag 0,88 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP) i 2011. I 2012 er anslaget for FoU-innsatsen 24,4 mrd. kroner. Korrigert for forventa lønns- og prisutvikling vil dette gi ein reell nullvekst i dei offentlege FoU-løyvingane samanlikna med saldert budsjett for 2011. Basert på førebelse tal er midlane til FoU over statsbudsjettet om lag 0,85 pst. av BNP i 2012. Rekna som del av Fastlands-BNP utgjorde FoU-innsatsen om lag 1,1 pst. i 2012.

I tillegg til direkte FoU-løyvingar kjem tapte skatteinntekter og tilskott gjennom Skattefunn-ordninga. Finansdepartementet reknar skatteutgiftene (tapte skatteinntekter) av prosjekt som vart gjennomførte i 2011, til om lag 1,35 mrd. kroner. På usikkert grunnlag kan ein anslå provenyeffekten av Skattefunn-ordninga til om lag 1,53 mrd. kroner i 20121. Samla offentleg FoU-finansiering inkludert Skattefunn er på om lag 26 mrd. kroner i 2012, noko som tilsvarer 0,91 pst. av BNP.

Forsking og utvikling i sektorane

I 2010 hadde ein i Noreg utgifter til forsking og utviklingsarbeid på om lag 42,9 mrd. kroner. Samanlikna med 2009 er dette ein nominell auke på om lag 875 mill. kroner, noko som utgjer ein realnedgang på 0,7 pst. Også frå 2008 til 2009 var det ein realnedgang, den gangen på 1,17 pst. Sidan 2001 har det vore ein gjennomsnittleg årleg realauke for totale FoU-utgifter på 2,6 pst. Fordelt på sektor var realnedgangen frå 2009 til 2010 på heile 6,9 pst. i helseføretaka, 2,5 pst. i instituttsektoren og 0,3 pst. i næringslivet. Universitets- og høgskolesektoren var den einaste sektoren med positiv utvikling med ein realauke på 1,5 pst.

Ved universiteta og høgskolane utgjorde FoU-utgiftene om lag 11,9 mrd. kroner i 2010, noko som er ein betydeleg auke frå 9,1 mrd. kroner2 i 2005. Dette utgjer ein realauke på 23 pst. og gjer universitets- og høgskolesektoren til den sektoren som har hatt den største realauken i perioden. Universitets- og høgskolesektoren stod for 28 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg i 2010. I den historiske FoU-statistikken er helseføretaka rekna som ein del av universitets- og høgskolesektoren fram til 2007. I 2010 utgjorde forskingsinnsatsen i helseføretaka om lag 5,5 pst. av dei totale FoU-utgiftene.

Instituttsektoren stod for om lag 24 pst. av dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2010. Sektoren hadde om lag 10 mrd. kroner i FoU-utgifter i 2010, ein auke på nærmare 3,1 mrd. kroner3 samanlikna med i 2005. Dette gir ein samla realauke på 21 pst. frå 2005 til 2010.

FoU-utgiftene i næringslivet var på om lag 18,5 mrd. kroner i 2010. Dette er ein realnedgang på 0,3 pst. samanlikna med 2009. Også frå 2008 til 2009 var det ein realnedgang i FoU-utgiftene til næringslivet, da på 3,7 pst. Over ein periode på 40 år er det likevel næringslivet som har hatt den største auken i FoU-utgiftene. Næringslivet stod for om lag 43,3 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg i 2010, noko som er relativt lågt samanlikna med dei andre europeiske landa, og ein nedgang frå 46 pst. i 2005. Også justert for ulikskapar i næringsstruktur er FoU-intensiteten i norsk føretakssektor lågare enn gjennomsnittet i OECD og dei andre nordiske landa4.

Nærmare om dei fem strategiske måla for forskingspolitikken

Noregs forskingsråd gir i Årsrapport for 2011 ei vurdering av måloppnåing for Forskingsrådet på dei fem strategiske måla i forskingspolitikken. Vurderinga tek utgangspunkt i Forskingsrådets eigen innsats og budsjett og omfattar såleis ikkje andre aktivitetar i forskingssektoren som bidreg til desse måla. Sidan programma og ordningane til Forskingsrådet rettar seg mot alle delar av det norske forskingssystemet, kan vurderinga likevel vere med på å gi eit bilete av korleis det står til innanfor desse fem områda.

For kvart målområde er det nytta tal for målretta innsats. Målretta innsats er definert som program og aktivitetar som har til hovudformål å følgje opp dei einskilde prioriteringane. Totalinnsatsen vil altså vere høgre enn den målretta innsatsen fordi dette også omfattar prosjekt som er relevante for målområdet, men som hører til program og aktivitetar der hovudformålet er eit anna.

Globale utfordringar

Globale utfordringar omfattar forskingsutfordringar knytte til klimaendringar, energitryggleik, tilgang på miljøvennleg energi, mattryggleik, reduksjon av global fattigdom og globale miljøutfordringar. Tyngdepunktet innanfor innsatsen til Forskingsrådet ligg på tilgang på miljøvennleg energi, energitryggleik og miljø- og klimautfordringar. Forskingsprogram som Klimaendringar og konsekvensar for Noreg(NORKLIMA) og Polarforskingsprogrammet er sentrale for satsinga, saman med mellom anna ordninga for Senter for miljøvennleg energi (FME). I 2011 vart det etablert tre nye FME-ar innanfor samfunnsvitskapleg energi- og klimaforsking. Desse sentra skal bidra til auka kunnskap om samspelet mellom energiteknologi og samfunn. I 2011 var det også ein auke i forskingsinnsatsen innanfor berekraftig matproduksjon, og det vart mellom anna starta opp to nye Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) som er relevante for området, eitt innanfor berekraftig fiske og eitt knytt til forsking om lakselus. Internasjonalt samarbeid, både i Europa og med bilaterale samarbeidspartnarar som til dømes Brasil, er også ein viktig del av innsatsen. Den målretta innsatsen til Forskingsrådet under Globale utfordringar var i 2011 på om lag 1,6 mrd. kroner, noko som gjer dette strategiske målet til det nest største i Forskingsrådet målt som total målretta innsats. Innsatsen er på om lag same nivå som i 2010 totalt sett, men det har vore ein nedgang innanfor klimaforsking som mellom anna skyldast at det internasjonale polaråret (IPY) vart avslutta og det nye polarprogrammet framleis var under oppstart.

Betre helse og helsetenester

Betre helse og helsetenester omfattar forsking og innovasjon som medverkar til kunnskap om helse og helsefremmande forhold, førebygging, behandling og reduksjon av sjukdommar og funksjonsavgrensingar, og organisering og effektivisering av helse- og omsorgstenestene. Mykje av midlane til helseforsking kjem i Noreg direkte frå helseføretaka, men innsatsen til Forskingsrådet omfattar både grunnleggjande, anvend og tverrfagleg forsking. Innsatsen til Forskingsrådet er mellom anna retta mot utfordringar knytte til demografiske endringar og sosial ulikskap i helse, forskingsbasert innovasjon i helse- og omsorgstenestene, utviklinga av ny teknologi og nye behandlingar og etiske utfordringar innanfor helsebehandling. Det viktigaste verkemiddelet til Forskingsrådet på området er mellom anna dei store programma Funksjonell genomforskning (FUGE) og Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT (VERDIKT), program for helse- og omsorgstenester og psykisk helse, og satsingar på ikkje-tematiske arenaer som Fri prosjektstøtte (FRIPRO), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA). Forskingsrådet har òg engasjert seg i europeisk og nordisk forskingssamarbeid om omsorg og aldring. I 2011 sette Forskingsrådet i gang arbeidet med ei større satsing kalla fleire aktive og sunne år for å møte utfordringar knytte til den demografiske og epidemiologiske utviklinga, noko som fører til eit aukande behov for forsking og forskingsbasert innovasjon i helse- og omsorgssektoren. I 2011 vart også evalueringa av biologisk, medisinsk og helsefagleg forsking avslutta. Evalueringa synte at fleire norske forskargrupper og forskingsmiljø har høg internasjonal kvalitet, men evalueringa kjem også med tilrådingar knytte til finansiering, samarbeid og auka internasjonalisering. I 2011 var den målretta innsatsen til Forskingsrådet under Betre helse og helsetenester på om lag 920 mill. kroner, noko som er ein liten nedgang frå 2010. Samfunnsmedisinsk og anna helsefagleg forsking er styrkt i 2011, medan dei andre områda har hatt ein mindre nedgang fordi fleire program er inne i sluttfasen.

Velferd og forskingsbasert profesjonsutøving

Velferd og forskingsbasert profesjonsutøving omfattar forsking frå fleire disiplinar og fagområde, til dømes forsking innanfor arbeidsliv, sjukefråvær, oppvekst, migrasjon og integrering, sosial ulikskap, utdanning, profesjonsutøving og -utdanning i velferdsstatens yrke, likestilling og oppgåveløysing i velferdssektorane. Innsatsen til Forskingsrådet er mellom anna retta mot utfordringar knytte til demografisk utvikling, arbeidsdeltaking, kvalitet og fråfall i skolen og kompetanse og kvalitet i utdanningar som lærar- og sjukepleiarutdanninga. Den målretta satsinga innanfor velferds- og forskingsbasert profesjonsutøving er dominert av handlingsretta program, som Praksisretta utdanningsforsking (PRAKUT) og Program for arbeidsliv, velferd og migrasjon (VAM). Forsking på velferd og helse skjer også gjennom andre aktivitetar, slik som Fri prosjektstøtte, Senter for framifrå forsking (SFF) og Strategiske høgskoleprogram. Over ein treårsperiode frå 2009 til 2011 er innsatsen på alle område under målet styrkt. Oppstarten av til dømes VAM i 2009, som er det største samfunnsvitskaplege forskingsprogrammet i Forskingsrådet, har mellom anna gjort det mogleg å studere viktige samfunnsendringar på tvers av sektorar, disiplinar og tema. Gjennom program som PRAKUT har samarbeidet mellom sentrale FoU-miljø og lærarutdanningsinstitusjonar utan sterke forskingstradisjonar vorte styrkt. Forskingsrådets totale innsats innanfor Velferd og forskingsbasert profesjonsutøving var på om lag 406 mill. kroner i 2011. Dette er ein auke på om lag fire pst. frå 2010.

Næringsrelevant forsking på strategiske område

Næringsrelevant forsking på strategiske område omfattar næringsområda mat, marin, maritim, energi, miljøteknologi, reiseliv, IKT, bioteknologi og nanoteknologi. Næringsrelevant forsking omfattar forsking både i og for næringslivet og byggjer på eit tett samspel mellom næringsliv, universitet, forskingsinstitutt og departement. For nokre av næringsområda er det viktig å leggje til rette for direkte stimulering av forskingsaktiviteten i næringslivet, medan det for andre område er viktigare at Forskingsrådet legg til rette for samspel mellom akademia og næringsaktørar, slik at forskingsmiljøa blir i betre i stand til å møte nærings- og verdiskapingsutfordringar. Satsinga inkluderer derfor både brukarstyrt forsking og strategisk grunnleggjande forsking av langsiktig karakter. Dei store programma er særleg viktige for dette området, men også ikkje-tematiske tiltak som BIA og infrastruktursatsinga er viktige. Forskingsrådets fordeling av forskingsmidlane til dei ulike sektorane varierer mykje mellom dei ulike tema- og teknologiområda. I 2011 hadde universitets- og høgskolesektoren prosjekt på alle næringsområda, men i varierande grad. Bioteknologi var det største området for universitets- og høgskolesektoren også i 2011, men med ein nedgang frå 2010. Dette skyldast hovudsakleg at det store programmet FUGE hadde sitt siste år i 2011. Instituttsektoren er ein viktig aktør innanfor områda energi, marin, mat og miljøteknologi, medan næringslivet er særleg gjer seg gjeldande innanfor energi, maritim, IKT og miljøteknologi. Den totale målretta innsatsen til Forskingsrådet innanfor Næringsrelevant forsking på strategiske område var på om lag 1,75 mrd. kroner i 2011, noko som gjorde dette til det største området av dei fem strategiske måla. Dette er også ein vesentleg auke frå om lag 1,6 mrd. kroner i 2010.

Kunnskapsbasert næringsliv i heile landet

Kunnskapsbasert næringsliv i heile landet omfattar det arbeidet Forskingsrådet gjer med å leggje til rette for utvikling av langsiktig, næringsrelevant kompetanse i gode forskingsmiljø, og utvikling av eit meir kunnskapsbasert næringsliv uavhengig av geografisk plassering. Innsatsen er mellom anna retta mot å syte for at læring og innovasjon kan auke konkurranseevne og verdiskaping i norsk næringsliv. Dei viktigaste verkemidla er dei tematisk- og bransjeuavhengige forskings- og innovasjonsverkemidla slik som Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), Senter for næringsdriven innovasjon (SFI), Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI), regionale forskingsfond og ordninga med nærings-ph.d. Også Skattefunn ei eit viktig verkemiddel innanfor dette målet. Skattefunn er ei ordning der norske bedrifter som har forskings- eller utviklingsprosjekt, kan søkje om godkjenning av prosjektet slik at bedrifta kan bruke retten sin til skattefrådrag. Tala for 2011 syner stor breidd i tematiske område og næringar, men det er særleg IKT, bioteknologi, miljøteknologi og fornybar energi som stikk seg ut som dei største områda. Vidare er det i 2011 ei større geografisk breidd på dette målområdet enn det er for Forskingsrådet totalt. I 2011 var det også ein auke i talet på doktorgradsstipendiatar innanfor området. Desse kandidatane er knytte til prosjekt med klar næringslivsrelevans og er ein viktig del av målsetjinga om eit meir kunnskapsbasert næringsliv. Den totale målretta innsatsen innanfor Kunnskapsbasert næringsliv i heile landet var på om lag 642 mill. kroner i 2011. Dette er ein nedgang på om lag 65 mill. kroner frå 2010, noko som i hovudsak skyldast ein nedgang i talet på prosjekt innanfor BIA.

Måling av forsking

Det er krevjande å finne indikatorar som gir eit fullstendig bilete av korleis det står til med forskinga i Noreg. Det er mellom anna ei utfordring å finne fram til indikatorar som seier noko om resultata av forskinga, og ikkje berre om innsatsen. I forskingsmeldinga slå regjeringa fast at ho vil etablere eit opplegg for ein meir systematisk gjennomgang av resultat og ressursar i norsk forsking. I 2011 lanserte Kunnskapsdepartementet for første gong Forskningsbarometeret – eit årleg barometer med 24 indikatorar for norsk forsking og innovasjon. Forskningsbarometeret 2012 utvikla desse indikatorane vidare og presenterte også ein eigen spesialdel om instituttsektoren. Forskningsbarometeret 2012 viste to hovudtrendar: at den offentlege finansieringa og offentlege delen av forskingssystemet stort sett skårar godt og at Noreg framleis har ei utfordring i å auke FoU-innsatsen i næringslivet. Instituttsektoren kan også vise til gode resultat på fleire indikatorar, men det er stor skilnad mellom institutta, og det er mogleg at det er rom for betre måloppnåing og effektivitet.

Regjeringa sette i 2010 ned eit ekspertutval for god måloppnåing av offentleg finansiert forsking, Fagerbergutvalet, som leverte utgreiinga si 2. mai 2011, jf. NOU 2011:6. Utvalet foreslår mellom anna å opprette eit forskingsbarometer med indikatorar som viser samanhengen mellom mål, ressursar og resultat i norsk forsking, i første omgang for universitets- og høgskolesektoren. Kunnskapsdepartementet meiner det for tida ikkje er aktuelt med nye system for å synleggjere samanhengen mellom resultat og ressursar, men departementet vil følgje opp utgreiinga gjennom å utvikle vidare den årlege tilstandsrapporten om universiteta og høgskolane, og gjennom det årlege forskingsbarometeret til Kunnskapsdepartementet. Utgreiinga er også eit viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med den kommande forskingsmeldinga.

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur og anna har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar og påverka av til dømes tilgang på lærarar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2011 om lag 57 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2011 om lag 24 mrd. kroner. Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utviklinga i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av lærartettleik og assistentar. Dei neste tema er vaksne i grunnopplæringa, leirskoleordninga, skolefritidsordninga (SFO) og leksehjelp, før det blir gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev, samt skolestruktur, kommunale forskjellar i ressursbruk og tilgang på lærarar. Mot slutten av kapitlet er internasjonale undersøkingar omtalte.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune–stat-rapportering) og Utdanningsspeilet 2012 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Hausten 2011 var det 614 413 elevar i ordinære offentlege og private grunnskolar. Tabellen under viser utviklinga i elevtalet sidan skoleåret 2006–07.

Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2006–07 til 2011–12. Ordinære grunnskolar

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt*

2006–07

431 543

189 470

621 013

2007–08

429 585

188 725

618 589

2008–09

426 769

189 327

616 139

2009–10

424 052

191 831

615 927

2010–11

423 333

192 549

615 973

2011–12

423 374

190 960

614 413

* Talet inkluderar og nokre få elevar som får grunnskoleopplæring ut over 10. trinn. Desse er ikkje inkluderte i barnetrinn eller ungdomstrinn. Det er derfor eit mindre avvik mellom totaltalet og summen av barnetrinn og ungdomstrinn.

Kjelde: GSI

Om lag 98 pst. av alle elevane som gjekk ut av 10. trinn i grunnskolen våren 2011, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Dette er ein liten auke frå om lag 97 pst. året før. Om lag halvparten av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2011, begynte på eit studieførebuande program. Talet på elevar i vidaregåande opplæring hausten 2011 var i alt 195 364 elevar. Tidlegare var elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse, skilte ut i kategorien alternativ opplæring. Desse er frå 2010–11 inkluderte i totaltala. Tala for Vg1 frå 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala frå åra før. Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. At talet på elevar på yrkesfaglege program går ned på Vg3 samanlikna med på Vg2, skyldast at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2.

Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole. Reviderte tal

Steg 1

(Vg1)

Steg 2

(Vg2)

Steg 3

(Vg3)

År

Studieførebuande

Yrkesfagleg**

Studieførebuande

Yrkes- fagleg

Studieførebuande

Yrkes- fagleg

I alt

2008–09

33 359

38 821

30 236

33 812

41 345

5 947

183 520

2009–10

32 772

38 620

30 558

34 963

44 674

5 905

187 492

2010–11

35 508

40 706

29 877

35 386

45 640

6 714

193 831

2011–12

35 993

40 453

30 647

35 238

45 531

6 158

194 020

** Av desse er det nokre elevar med vedtak om opplæring som fører fram til grunnkompetanse. Desse var tidlegare skilte ut i kategorien alternativ opplæring. Tala for Vg1 for 2010–11 kan derfor ikkje direkte samanliknast med tala frå åra før. I 2010–11 var talet på desse elevane 4 884.

Kjelde: SSB/Utdanningsdirektoratet

Frå og med 2003, da talet på lærlingar var i underkant av 30 000, auka talet fram til 2008. Per 1. oktober 2011 var det registrert 33 184 lærlingar og 1 356 lærekandidatar. Dette er om lag ein pst. færre lærlingar enn i 2010, mens det er om lag tre pst. fleire lærekandidatar enn i 2010. Til læreplass i skoleåret 2010–11 var det 17 692 søkjarar, noko som utgjer ein auke på 240 søkjarar frå året før. Det er flest søkjarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk, helse- og sosialfag og elektrofag.

For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2012.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. I 2011 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver 57 447, det er ei marginal endring frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

2007–08

55 113

5 962

2008–09

57 112

6 895

2009–10

57 890

7 236

2010–11

57 705

7 072

2011–12

57 447

6 855

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2011 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 21 197. Dette er om lag same nivå som i 2011. Sidan 2006 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med om lag 700. Auken har mellom anna samanheng med at det har vore vekst i elevtalet i same periode.

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, fylkeskommunale skolar ekskl. lange fråvær

2007–08

20 618

2008–09

20 846

2009–10

21 067

2010–11

21 215

2011–12

21 197

Kjelde: KOSTRA

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

Indikatoren berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unntekne spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar i praksis knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottek særskilde individretta styrkingstiltak.

Dei berekna gruppestorleikane har vore relativt stabile på heile 2000-talet. Tabellen nedanfor viser ein marginal auke i gruppestorleik 1 og 2 frå 2010 til 2011. Ei forklaring på at gruppestorleikane ikkje går ned i særleg stor grad i perioden, er at det er vorte færre små skolar med under 100 elevar, noko som medfører større grupper.

Gruppestorleik 2 har berre hatt ein svak nedgang sidan 2005–06. Det tyder på at hovudtyngda av dei auka ressursane i grunnskolen har gått til utviding av timetalet for alle på barnetrinnet, og til auke i spesialundervisning og individretta tiltak.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestorleik 1

Gruppestorleik 2

2007–08

13,51

16,71

2008–09

13,45

16,76

2009–10

13,35

16,64

2010–11

13,41

16,85

2011–12

13,39

16,86

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Det er stor variasjon i gruppestorleik 2. Figuren nedanfor viser at det er mange kommunar som har ein gruppestorleik som ligg under gjennomsnittet for landet. Dei større bykommunane og store kommunar i sentrale område har oftast høgre gruppestorleik, mens mindre kommunar har lågare gruppestorleik.

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet, grunnskole

Kjelde: GSI

Assistentar

Tabellen nedanfor viser at det i heile perioden frå 2006–07 til 2011–12 har vore ein auke i talet på årsverk til assistentar. Relativt sett har talet på assistentar auka meir enn talet på lærarar.

Tabell 6.6 Årsverk til bruk for assistentar med oppgåver knytte til undervisninga i perioden frå 2006–07 til 2011–12

Skoleår

Assistentårsverk

2006–07

6 384

2007–08

7 116

2008–09

7 316

2009–10

7 701

2010–11

8 432

2011–12

8 515

Kjelde: GSI

Frå og med 2009–10 er assistenttimar til spesialundervisning registrerte særskilt i GSI. Sjå omtale under spesialundervisning.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning.

Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar har auka moderat i dei siste åra og ligg på 8,6 pst. av alle elevar hausten 2011 mot 8,4 pst. hausten 2010. Auken er lågare enn i tidlegare år. Om lag 70 pst. av alle elevar som mottek spesialundervisning, er gutar. I løpet av barnetrinnet og utover ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning. Hausten 2011 hadde 4,1 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 11,6 pst.

Av elevane i ordinær grunnskoleopplæring som hadde enkeltvedtak om spesialundervisning, fekk 96 pst. spesialundervisning med undervisningspersonale. 48 pst. av elevane fekk timar med assistent. Berre eit fåtal elevar hadde enkeltvedtak som berre omfatta timar med assistentar.

Når det gjeld omfanget av lærarressursar som blir sette av til spesialundervisning, går om lag 18 pst. av lærartimane til spesialundervisning.

Språklege minoritetar

I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Hausten 2011 fekk 43 991 elevar særskild norskopplæring, ei marginal endring frå året før. Elevane har om nødvendig òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2011 var det 2 484 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 11 346 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 3 987 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei mest vanlege språka. For meir om dette, sjå Utdanningsspeilet 2012.

Hausten 2011 mottok 1 567 asylsøkjarar i mottak og 129 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter opplæring. For meir om dette, sjå omtale under kap. 225 post 64.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønskjer det (jf. opplæringslova § 4A-1).

Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2011 var det 10 325 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det tilsvarande talet for 2010 var 10 503. Av dei som fekk slik opplæring i 2011, var det 4 677 som fekk spesialundervisning. Dette er 354 færre enn i 2010.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal tilpassast behova og livssituasjonen til den enkelte.

Vaksne som ønskjer å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søkje om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkjarane med ungdomsrett, eller dei kan søkje om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søkje vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane.

Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har hatt store manglar. Problema har mellom anna vore knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterer på ulike måtar. Utdanningsdirektoratet har leia eit arbeid med å betre rutinane og kravspesifikasjonen for registrering og rapportering av deltakinga til vaksne i vidaregåande opplæring. På grunn av usikre tal som følgje av dette arbeidet vart det ikkje publisert tal for vaksne i vidaregåande opplæring for 2009–10.

Samla deltok 19 609 vaksne i vidaregåande opplæring i skoleåret 2010–2011, mot 20 705 året før. Av desse vart om lag 12,5 pst. realkompetansevurderte.

For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2012.

Leirskole

I skoleåret 2011–12 planla 62 476 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer om lag 10,2 pst. av alle elevane i grunnskolen, ein auke på 0,1 pst. frå året før. Talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Elevar kan få eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. deltek på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen, i samsvar med målsetjinga.

Skolefritidsordninga

Hausten 2011 gjekk i alt 150 797 barn i skolefritidsordning (SFO). Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på om lag 63 pst. Delen har auka frå 55 pst. i 2002. Om lag 56 pst. av barna i SFO hadde 100 pst. plass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 2 083 kroner per månad i skoleåret 2011–12 (GSI-tal for opphaldstid på 20 timar). I 2010–11 var talet 2 005. Korrigert for prisvekst er gjennomsnittleg pris om lag den same i desse to åra.

Leksehjelp på 1.–4. trinn

Frå og med hausten 2010 er det innført eit lovfesta tilbod om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Det er lagt til grunn at kommunane skal ha ansvaret for tilbodet, og at det kan organiserast slik det er mest hensiktsmessig ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2011–12 deltok 122 865 barn på 1.–4. trinn på leksehjelp. Dette utgjer om lag 52 pst. av elevane. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har SSB gjennomført ei Barnetilsynsundersøking i 2010 (BTU). Både BTU og GSI viser at delen barn som deltek, er lågast på 1. trinn og høgst på 2. og 3. trinn. Ifølgje BTU er dei som deltek mest på leksehjelp, barn av foreldre med låg utdanning, barn frå låginntektsfamiliar og barn med mor frå eit anna fødeland enn Noreg.

Kommunal ressursbruk

Utgifter per elev

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 93 710 kroner i 2011. Dette er ein auke på om lag tre pst. frå 2010. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 111 262 kroner, og på yrkesfaglege program 136 203 kroner – det vil seie ein auke på om lag 2,5 pst. og 2,6 pst. Den kommunale deflatoren var i same periode 3,4 pst. Det vil seie at det har vore ein liten realnedgang i utgifter per elev både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Til tross for ein betydeleg elevtalsvekst i vidaregåande opplæring etter 2004 har fylkeskommunane klart å halde oppe ressursbruken per elev om lag på same nivå.

Driftsutgifter til undervisningsmateriell er i dei siste åra lågare enn i 2007 og 2008. Hovudårsaka til dette er at utgiftsveksten har bremsa opp etter at Kunnskapsløftet i ein periode medførte eit behov for utskifting av læremiddel som følgje av nye læreplanar.

Tabell 6.7 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, løpande prisar

2008

2009

2010

2011

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

80 402

85 971

91 013

93 710

  • Lønnsutgifter per elev

61 946

66 361

70 462

73 242

  • Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

723

726

854

850

  • Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 793

1 505

1 502

1 445

Vidaregåande opplæring

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

98 905

106 496

108 579

111 262

  • Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

59 790

64 485

66 265

68 116

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieprogram

122 586

130 066

132 735

136 203

  • Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

79 185

83 559

85 610

88 351

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 78 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 61 pst. på allmennfaglege og 65 pst. på yrkesfaglege studieretningar i 2011.

Kommunale forskjellar i ressursbruk

Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skolen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. For å kunne samanlikne kommunar må ein derfor korrigere for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering. Om lag 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Skolestruktur

I skoleåret 2011–12 var det 3 000 grunnskolar i Noreg. Dette er ein nedgang på 28 skolar frå skoleåret 2010–11. Av dei 3 000 skolane var 165 private grunnskolar godkjende etter privatskoleloven og med rett til økonomisk støtte frå staten. Nærmare tre pst. av elevane gjekk på ein privat grunnskole hausten 2011. Når grunnskolar blir lagde ned, ser det ut til at det vanlegaste mønsteret er at elevane flytter til eksisterande offentlege skolar heller enn nye private skolar.

Storleiken på grunnskolane varierer frå berre nokre få elevar til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.

Tabell 6.8 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)

1997

2000

2005

2011

Færre enn 100 elevar

40

37

36

33

100–299 elevar

42

41

39

40

300 elevar eller meir

19

22

26

27

Kjelde: GSI

Tabellen viser at det er ein tendens til at det blir færre skolar med mindre enn 100 elevar og fleire større skolar. Åtte pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 37 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 55 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar (meir enn 300 elevar).

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utførte Utdanningsdirektoratet våren 2010 ei kartlegging av skolenedleggingar. I perioden 2007–08 til 2009–10 vart det lagt ned 154 grunnskolar. Nordland og Møre og Romsdal er dei fylka der flest grunnskolar vart lagde ned. Kartlegginga viser at lågt elevtal er den viktigaste årsaka (i 60 pst. av tilfella), saman med kommuneøkonomi (50 pst.) og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar (tolv pst.). I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi er oppgitt som årsak, er dette i kombinasjon med få elevar. Dette tyder på at ønsket om betre ressursutnytting er ein viktig forklaringsfaktor. Totalt omfatta nedleggingane i perioden vel 6 000 elevar. 66 pst. av desse vart flytte til samanslåtte eller eksisterande skolar, 30 pst. til heilt nye offentlege skolar og fire pst. til nye private skolar. 264 elevar har fått meir enn 20 kilometer reiseveg éin veg som følgje av nedleggingane. Dette tilsvarer om lag fire pst. av dei 6 000 elevane.

Hausten 2011 var det 430 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 347 fylkeskommunale, 81 private og to statlege. Dette er åtte skolar færre enn skoleåret før. Sidan 2001 har det vorte 67 færre vidaregåande skolar i landet. For meir om dette, sjå Utdanningsspeilet 2012.

Internasjonale samanlikningar

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2009 frå OECD (Education at a Glance 2012: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, er Noreg eit av landa med dei høgste utgiftene, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Samla utgifter per elev for heile grunnopplæringa i Noreg var om lag 50 pst. over OECD-snittet. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg, men den delen av arbeidstida til lærarane som blir brukt til undervisning, trekkjer også utgiftene opp, særleg i vidaregåande opplæring. Lønnsnivået til lærarane og talet på undervisningstimar trekkjer ned samanlikna med gjennomsnittet for OECD.

Målt på bakgrunn av landets økonomiske evne (BNP per innbyggjar) er ressursbruken i Noreg lågare enn gjennomsnittet for OECD. OECD viser at ressursbruken per elev til vanleg aukar med velstanden i landet, men Noreg ligg litt under forventa nivå. Dette må sjåast i samanheng med at oljeinntektene inngår i BNP.

7 Ressursar i barnehagesektoren

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Frå 1. januar 2011 er det kommunane som har ansvaret for å finansiere barnehagane. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren har vakse kraftig i dei seinare åra, og er no det tredje største tenesteområdet i kommunane. Samla brutto driftsutgifter i kommunane til barnehagar i 2011 var om lag 38,6 mrd. kroner, og utgjorde om lag tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.

Første del av kapitlet gir ei oversikt over utviklinga i talet på barn i barnehage, og gir mellom anna informasjon om dekningsgradar for ulike aldersgrupper, og opphaldstid i barnehagen. Det neste temaet er barnehagestruktur og organisering av barnehagane. Vidare er det ein omtale av personalet i barnehagane, den formelle kompetansen til dei tilsette og utdanning av førskolelærarar. Kapitlet inneheld òg informasjon om likestilling, minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage og barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Til sist i kapitlet er det ein omtale av kostnadene i og finansieringa av barnehagane.

Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune–stat-rapportering), Barnetilsynsundersøkelsen 2010, Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), Asplan Viak og ulike undersøkingar som har vorte gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2008–11

2008

2009

2010

2011

Tal på barn i barnehage

261 886

270 174

277 139

282 737

Auke i talet på barn i barnehage

12 071

8 288

6 965

5 598

Auke i talet på heiltids barnehageplassar

14 500

10 100

8 400

7 000

Dekningsgrad 1–5 år

87,2

88,5

89,3

89,7

Dekningsgrad 1–2 år

74,7

77,2

78,8

79,5

Dekningsgrad 3–5 år

95,6

96,2

96,5

96,5

Dekningsgrad 1 år

65,8

68,6

70,4

70,9

Dekningsgrad 2 år

83,6

85,9

87,4

88,0

Dekningsgrad 3 år

93,6

94,5

95,1

95,1

Dekningsgrad 4 år

96,4

96,9

97,1

97,2

Dekningsgrad 5 år

96,8

97,3

97,4

97,3

Gjennomsnittleg opphaldstid per veke

42,4

42,8

43,1

43,4

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Asplan Viak

Ved utgangen av 2011 gjekk om lag 283 000 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. I 2010 var tilsvarande tal om lag 277 000 barn, og i 2009 270 000. I tillegg nytta om lag 5 700 barn open barnehage i 2011. Barn under tre år utgjer no 36 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.

Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2011 har nær 59 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 74 000 nye heiltids barnehageplassar i same periode. Som tidlegare år gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2011 med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde plass i barnehage. Både i 2009, 2010 og 2011 vart det etablert 1,2 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom i barnehage. Det har dermed vorte bygt fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen.

I 2011 hadde 88 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 87 pst. i 2010. Det vil seie avtalt opphaldstid i veka på 41 timar eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 43,1 til 43,4 timar per veke. I 2003, da barnehageforliket vart inngått i Stortinget, hadde 60,8 pst. av barna heiltidsplass i barnehage, og gjennomsnittleg avtalt opphaldstid var 38,1 timar per veke.

Det er viktig å skilje mellom avtalt opphaldstid og barnas faktiske opphaldstid. I Barnetilsynsundersøkelsen 2010 spurte SSB foreldra om når dei vanlegvis leverer og hentar barna, det vil seie faktisk opphaldstid. Undersøkinga viser at få barn har svært lange dagar i barnehagen. Berre 19 pst. nyttar heile plassen, det vil seie at dei lèt barna vere i barnehagen i 41 timar eller meir per veke. Det store fleirtalet av barnehagebarna (om lag 70 pst.) har ei faktisk opphaldstid i barnehagen på 25–40 timar i veka, og i gjennomsnitt er barna i barnehagen 35 timar i veka. Både den avtalte og den faktiske opphaldstida er nesten identiske for alle aldersgrupper. Det vil seie at eittåringar og femåringar er like lenge i barnehagen.

Dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år var i 2011 89,7 pst., som er ein auke frå 89,3 pst. ved utgangen av 2010. Tilsvarande tal for 2009 var 88,5 pst. Den største auken i veksten i talet på barn er for barn over tre år. Auken her var på om lag 4 000 barn. For barn i aldersgruppa tre til fem år låg dekningsgraden konstant på 96,5 pst. både i 2010 og i 2011. For barn i aldersgruppa eitt til to år auka dekningsgraden frå 78,8 pst. til 79,5 pst. frå 2010 til 2011. Veksten i talet på barn i denne aldersgruppa tilsvarer om lag 1 700 barn.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2008–11

2008

2009

2010

2011

Offentlege

141 502

145 046

147 180

148 822

– kommunale

138 576

143 454

146 051

147 909

– fylkeskommunale/statlege

2 926

1 592

1 129

913

Private

120 384

125 128

129 959

133 915

– kyrkjelyd/trussamfunn

7 667

7 769

7 723

7 612

– foreldreeigd

33 616

33 170

33 083

33 169

– husmorlag/sanitetsforening

1 194

1 139

1 151

1 032

– bedrift

25 527

33 039

30 724

36 681

– pedagogisk/ideologisk org.

4 989

4 900

8 048

8 109

– enkeltpersonar

20 238

18 692

18 183

18 398

– andre

27 153

26 419

31 047

28 914

I alt

261 886

270 174

277 139

282 737

Note: Barn som går i familiebarnehagar, er inkluderte i tabellen. I 2011 gjekk 455 barn i offentlege familiebarnehagar, og 6 514 barn gjekk i private familiebarnehagar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2011 var det 6 469 barnehagar i Noreg. Om lag 54 pst. av desse var private. Frå 2008 til 2011 er det vorte 236 færre barnehagar. 5 598 fleire barn begynte i barnehage i 2011. Det er private barnehagar som har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. 71 pst. av veksten i talet på barn i barnehage i 2011 var i private barnehagar, mot 69 pst. i 2010.

Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2011 hadde 53 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 47 pst. hadde tilbod i ein privat barnehage.

Barnehagestruktur

Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og tal på barnehagar etter barnehagestorleik, 2009–11

2009

2010

2011

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

1–25 barn

30 005

2 351

28 528

2 197

25 852

2 007

26–50 barn

68 031

1 834

66 762

1 794

67 813

1 826

51–75 barn

95 391

1 548

96 818

1 570

96 927

1 571

76 barn eller fleire

76 747

800

85 031

872

92 145

936

I alt

270 174

6 533

277 139

6 433

282 737

6 340

Note: Dersom opne barnehagar vert inkluderte, er totaltalet på barnehagar i 2011 6 469.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Talet på store barnehagar har auka i dei siste åra, og stadig fleire av barnehagebarna går i desse barnehagane. I 2011 gjekk 33 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire, mot 31 pst. i 2010. Denne utviklinga blir stadfesta i undersøkinga Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet, som IRIS gjennomførte i 2010. Ho viser at sjølv om delen barnehagar med meir enn 80 barn er lav, går ein firedel av barna i denne typen barnehage. 51 pst. av barna går i barnehagar med plass til 60 barn eller meir. Gjennomsnittsstorleiken på norske barnehagar er 47 barn.

Undersøkinga syner vidare at det framleis er mest vanleg at barnehagane er organiserte heilt eller delvis som tradisjonell avdelingsbarnehage (56 pst.). 25 pst. av barnehagane i undersøkinga plasserer seg mellom tradisjonell barnehage og avdelingsfri barnehage, medan seks pst. av barnehagane reknar seg heilt eller delvis som avdelingsfrie barnehagar. 13 pst. av barnehagane har berre ei barnegruppe og under 30 barn. Det er altså ein firedel av barnehagane som har innslag av både avdelingsbasert og avdelingsfri drift. Det er ikkje nokon klar samanheng mellom storleiken på barnehagen og organiseringsform for barnehagar med inntil 99 barn. For barnehagar med 100 eller fleire barn er det meir vanleg med avdelingsfri organisering eller mellomformer (51 pst.).

IRIS-undersøkinga viser at gjennomsnittleg gruppestorleik for barn under tre år er 12,4 barn, for grupper med barn over tre år er talet 18,7 barn. For blanda grupper med barn over og under tre år er gruppestorleiken 17,6 barn. Den gjennomsnittlege gruppestorleiken er vesentleg større i barnehagar etablerte etter 2005 enn i barnehagar som er etablerte tidlegare.

Dess større barnehagen er, målt i talet på barn, dess større er barnegruppene. Gjennomsnittleg storleik på reine småbarnsgrupper i dei aller minste barnehagane (med mindre enn 30 barn) er 9,2 barn. I barnehagar med 80–99 barn og over 100 barn er dette talet høvesvis 14,0 og 13,2 barn.

Tabell 7.4 Gjennomsnittleg tal på barn per gruppe etter organiseringa av barnehagen

Type grupper

Heilt/delvis avdelingsbasert

Mellom avdelingsbasert og avdelingsfri

Heilt/delvis avdelingsfri

Barnehagar med ei gruppe

Total

Både små og store barn

17,3

17,9

19,9

17,3

17,6

Berre små barn

12,2

12,6

14,8

12,4

Berre store barn

18,8

18,0

22,7

18,7

Kjelde: International Research Institute of Stavanger (IRIS) (2011): «Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet». Rapport IRIS – 2011/09

Gruppestorleikar varierer med organiseringsform. Avdelingsfrie barnehagar har gjennomsnittleg fleire barn per gruppe enn avdelingsbaserte barnehagar. Dette gjeld uansett samansetjing av barnegruppa.

I barnehagane i IRIS-undersøkinga er gjennomsnittleg tal på barn per tilsett 3,4 for grupper med barn på inntil tre år, og 5,5 for grupper med barn på over tre år. For blanda grupper er gjennomsnittet 4,6 barn per tilsett. Desse tala varierte ikkje med organiseringsform (avdelingsfri–avdelingsbasert), men med auka tal på barn i barnehagen er det også ein tendens til at talet på barn per tilsett aukar.

Personalet i barnehagen

Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Det blir slått fast i St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen, og det ligg til grunn for regjeringas satsing på auka kvalitet i barnehagetilbodet. KOSTRA-tal syner at talet på styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning, det vil seie førskolelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, auka med 1 053 personar frå 2010 til 2011.

Delen pedagogiske leiarar og styrarar med godkjend utdanning er ikkje lik over heile landet. Mange stader opplever dei å ha tilstrekkeleg godt kvalifisert pedagogisk personell i barnehagane, medan andre slit med rekrutteringa. Oslo og Akershus er framleis dei fylka som har størst vanskar med å rekruttere nok pedagogar.

Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2009–11

2009

2010

2011

Tal på tilsette

84 884

87 401

88 823

Tal på årsverk

68 096

70 212

71 588

Tal på barn per årsverk

4,0

3,9

3,9

– i offentlege barnehagar

3,9

3,9

3,9

– i private barnehagar

4,1

4,0

4,0

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

28 925

29 915

31 022

– i pst. av dei tilsette

34,1

34,2

34,9

Styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning

25 525

27 150

28 203

– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar

88,2

90,8

90,9

Styrarar og pedagogiske leiarar med førskolelærarutdanning

24 139

25 298

26 374

– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar

83,5

84,6

85,0

Tilsette med pedagogisk utdanning

30 011

31 404

32 211

– i pst. av dei tilsette

35,4

35,9

36,3

Tilsette med førskolelærarutdanning

27 129

28 007

28 761

– i pst. av dei tilsette

32,0

32,0

32,4

Tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning

9 363

10 164

10 934

– i pst. av dei tilsette

11,0

11,6

12,3

Kjelde: Kunnskapsdepartementet og Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2011 var det 88 823 tilsette som utførte 71 588 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på 1 376 årsverk frå året før. I overkant av 30 000 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. Sidan 2008 har talet på tilsette auka med om lag 4 000 personar. Talet på barn per årsverk har gått svakt ned frå 4,0 i 2009 til 3,9 i 2010 og 2011. Dette har samanheng med at det har blitt fleire barn under tre år i barnehagane. Delen tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning har auka med 1,5 prosentpoeng frå 2008 til 2011.

Tabell 7.6 Utdanning av førskolelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2007–11

2007

2008

2009

2010

2011

Opptak til førskolelærarutdanning

2 439

2 475

2 557

2 735

2 553

– av dette menn

314

307

359

424

425

– del menn (i pst.)

12,9

12,4

14,0

15,5

16,6

Uteksaminerte førskolelærarar

1 435

1 365

1 532

1 679

1 752

– av dette menn

128

148

170

168

159

– del menn (i pst.)

8,9

10,8

11,1

10,0

9,1

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Talet på studentar som er tekne opp til førskolelærarutdanninga, har auka frå 2 439 i 2007 til 2 553 i 2011. Ferdig uteksaminerte førskolelærarar har auka frå 1 435 til 1 752 i same tidsrom. Moglegheitene for førskolelærarstudium har samstundes blitt meir mangfaldige og tilgjengelege, med studieplassar fordelte på både ordinær førskolelærarutdanning, arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning, vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for førskolelærarar og vidareutdanning i barnehagepedagogikk for pedagogar med minst tre års høgre utdanning.

Likestilling

Verdigrunnlaget i «Rammeplan om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen» presiserer at barnehagepedagogikken skal vitne om likestilling mellom kjønna. Barnehagen skal oppdra barn til å møte eit likestilt samfunn. Barnehagen skal byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom dei to kjønna. Både gutar og jenter skal bli sette og hørte, og dei skal bli oppmuntra til i fellesskap å delta i alle aktivitetar i barnehagen.

Likestillingsarbeid er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid, samstundes som det krev handling her og no. Departementet arbeider for å fremme ein pedagogikk som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter, og for å auke rekruttering av menn til barnehagen. Barn og unge treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar. Ein betre kjønnsbalanse i barnehagen er også viktig for å kunne sikre personale med variert kompetanse.

Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2007–11

2007

2008

2009

2010

2011

Menn tilsette i basisverksemd

4 672

4 985

5 636

6 106

6 238

– i pst. av tilsette i basisverksemd

7,3

7,3

7,9

8,3

8,3

Styrarar og pedagogiske leiarar

1 545

1 671

1 889

2 030

2 110

Assistentar

3 127

3 314

3 747

4 076

4 128

Note: Assistentar inkluderer ikkje tospråklege assistentar.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2011 var om lag ti pst. av dei tilsette i barnehagane menn, noko som tilsvarer i overkant av 9 000 personar. 8,3 pst. eller om lag 6 200 av dei tilsette i basisverksemda til barnehagen er menn. I basisverksemda inngår personalet som arbeider med heile barnegruppa, det vil seie styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje tospråklege assistentar). Frå 2010 til 2011 har talet på menn i basisverksemda auka med om lag 132, det vil seie ein auke på om lag to pst.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at om lag 15 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda si i 2011. I tillegg arbeidde 87 menn som tospråklege assistentar og 418 som anna personale.

Minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka frå 27 207 i 2010 til 30 508 i 2011. I 2011 gikk 73,0 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på 1,8 prosentpoeng frå 2010. I 2011 gjekk 96 pst. av minoritetsspråklege femåringar i barnehage. Det er 1,0 prosentpoeng høgre enn i 2010.

Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 1–5 år, 2008–11

2008

2009

2010

2011

Tal på minoritetsspråklege 1–5-åringar i barnehage

21 909

24 815

27 207

30 255

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar

67,4

70,6

71,2

73,0

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar

30,3

32,8

34,2

36,8

Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar

48,5

55,2

56,4

59,4

Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar

75,9

81,0

83,5

83,7

Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar

90,8

91,9

92,2

94,5

Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar

92,8

94,6

94,1

96,4

Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå

Tabell 7.9 Førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage, 2009–11

2009

2010

2011

Førskolelærarar med innvandrarbakgrunn som arbeider i barnehage

1 348

1 515

1 711

i pst. av alle førskolelærarar

4,9

5,3

5,9

Kjelde: Arbeidsmarknadsstatistikk, Statistisk sentralbyrå

5,9 pst. av førskolelærarar som var tilsette i barnehagar i 2011, var innvandrarar. Det er ein auke på 0,6 prosentpoeng frå 2010. 14 pst. av anna pedagogisk personell og 15 pst. av anna personell i barnehagane hadde innvandrarbakgrunn i 2011. Delen med anna personell har auka med to prosentpoeng sidan 2009.

Av 7 525studentar i førskolelærarutdanninga i 2011 var 7,3 pst. innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2009 var delen 5,7 pst.

Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Barnehagar er eit viktig pedagogisk tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal derfor ha prioritet ved opptak. I 2011 var det 14 948 barn med nedsett funksjonsevne og særlege behov i barnehagen. I 2011 fekk 6 482 barn under opplæringspliktig alder spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova. Dette tilsvarer om lag 2,3 pst. av alle barn som går i barnehagen.

Figur 7.1 Delen barnehagar som har spesialpedagog blant personalet, etter storleiken til barnehagen

Figur 7.1 Delen barnehagar som har spesialpedagog blant personalet, etter storleiken til barnehagen

Kjelde: International Research Institute of Stavanger (IRIS) (2011): «Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet». Rapport IRIS – 2011/09

I undersøkinga som IRIS har gjennomført på vegner av departementet i 2010, er eitt av tema delen spesialpedagogar i barnehagane. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter opplæringslova. Spesialpedagogisk kompetanse er viktig for å identifisere behov for spesialpedagogisk hjelp hos barn i barnehagen. IRIS framhever derfor at den spesialpedagogiske kompetansen er ein del av den strukturelle kvaliteten til barnehagen. Figuren over viser at det er fleire spesialpedagogar i dei store barnehagane enn i dei små.

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Tabellen nedanfor viser kostnader per korrigerte opphaldstime i 2010 og 2011 for kommunale barnehagar, ikkje-kommunale barnehagar og private familiebarnehagar. Dei ordinære driftskostnadene i ikkje-kommunale barnehagar utgjer om lag 87 pst. av kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar. Frå 2010 til 2011 har kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar auka nominelt med 3,9 pst. I ordinære ikkje-kommunale barnehagar auka dei ordinære driftskostnadene nominelt med 2,7 pst.

Tabell 7.10 Kostnader per korrigerte opphaldstime, ordinære barnehagar og familiebarnehagar 2010–11

2010

2011

Kommunale barnehagar

Ordinære ikkje-kommunale barnehagar

Private familiebarnehagar

Kommunale barnehagar

Ordinære ikkje-kommunale barnehagar

Private familiebarnehagar

Kostnader per korrigerte opphaldstime ordinær drift

48,28

42,65

36,99

50,15

43,80

39,37

Kostnader per korrigerte opphaldstime særskild tilrettelegging

4,73

0,48

0,07

4,93

0,59

0,11

Sum kostnader per korrigerte opphaldstime

53,01

43,13

37,06

55,09

44,38

39,49

Note: Korrigerte opphaldstimar er berekna med omsyn til faktiske opphaldstimar og er omskalerte med ein faktor på 2 for barn under tre år, faktor 1,5 for treåringar og faktor 1 for barn over tre år. Kostnadsanalysen tar utgangspunkt i heile populasjonen. For ei nærmare drøfting av utvalet og nytta utrekningsmetode, sjå rapport frå den aktuelle analysa.

Kjelde: Telemarksforskning (2012): «Analyse av kostnader i barnehagene 2011»

Som tabellen nedanfor viser er foreldrebetalinga vesentleg redusert for alle inntektsgrupper etter innføring av maksimalprisen. Reduksjonen i foreldrebetalinga har vore høgre for hushald med høg inntekt enn for hushald med låg inntekt. Maksimalprisen er frå 2005 til 2012 reelt sett redusert med 33,1 pst. eller om lag 1 150 kroner per månad.

Tabell 7.11 Gjennomsnittlege månadssatsar i kroner (vekta) for foreldrebetaling etter bruttoinntekt, barn over tre år med fulltidsopphald i kommunale barnehagar, 2003–12

250 000

375 000

500 000

Januar 2003

2 579

3 008

3 097

Januar 2004

2 360

2 731

2 805

Januar 2005

2 356

2 691

2 741

Januar 2006

2 010

2 199

2 257

Januar 2007

2 017

2 235

2 289

Januar 2008

2 114

2 265

2 296

Januar 2009

2 060

2 208

2 261

Januar 2010

2 077

2 218

2 263

Januar 2011

2 160

2 237

2 277

Januar 2012

2 145

2 262

2 297

Note: Kostpengar og tilleggsutgifter ekskluderte. Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2012): «Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2012», Rapportar 19/2012

Frå 2011 er barnehagane i all hovudsak vorte finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Foreldrebetalinga utgjer ein stadig mindre del av finansieringa ettersom maksimalprisen har vorte redusert i dei siste åra. Tabellen under viser finansieringa av barnehagane i 2011. 1 544 av dei private ordinære barnehagane går med overskott, medan 734 går med underskott. Underskottet i desse barnehagane utgjer 1,35 pst. av dei samlade kostnadene for ordinære private barnehagar.

Tabell 7.12 Finansiering av barnehagar i 2011.

Kommunale barnehagar

Ordinære ikkje-kommunale barnehagar

Private familiebarnehagar

Opphaldsbetaling/anna brukarbetaling

13,89 %

17,16 %

15,73 %

Statstilskott

1,25%

2,06 %

0,55 %

Kommunal driftsfinansiering/kommunale driftstilskott

84,23 %

77,51 %

81,39 %

Andre offentlege tilskott/andre inntekter

0,63 %

2,50 %

1,19 %

Ikkje-økonomisk støtte frå kommunane til ikkje-kommunale barnehagar

0,0 %

0,64 %

0,14 %

Ikkje-økonomisk støtte frå eigaren eller andre

0,0 %

0,13 %

1,00 %

Sum finansiering = sum kostnader + netto overskott

100 %

100 %

100 %

Kjelde: Telemarkforskning (2012): «Analyse av kostnader i barnehagene i 2011»

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Barnehagen

Barnehagen skal oppdra barn til både å møte og skape eit likestilt samfunn, og byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom dei to kjønna. Dei tilsette skal sjå og høre på både gutar og jenter, og dei skal oppmuntre barna til i fellesskap å delta i all slags aktivitet i barnehagen.

På dei siste fem åra har det vorte tilsett om lag 2 200 fleire menn i basisverksemda i barnehagen, ein auke på 55 pst., frå 4 032 menn i 2006 til 6 238 menn i 2011. Basisverksemda omfattar den hovuddelen av personalet som arbeider med heile barnegruppa, som styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje tospråklege assistentar). Ved utgangen av 2011 utgjorde mannlege tilsette 10,4 pst. av dei tilsette i alle typar stillingskategoriar (9 209 av totalt 88 823 tilsette), mot 10,3 pst. i 2010. Dette inkluderer spesialpedagogar, personlege assistentar, sivilarbeidarar, vaktmeistrar og tospråklege assistentar. For stillingar i basisverksemda utgjorde mannlege tilsette 8,3 pst. i 2011 (6 238 av 74 754), det er same prosentdel som i 2010.

I 2011 hadde 949 av totalt 6 469 barnehagar minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda, noko som utgjer 14,7 pst. Dette er ein liten nedgang frå 2010, da prosentdelen var 15,3 pst.

Delen menn som fullfører førskolelærarutdanninga, var 9,1 pst. våren 2011 mot 10 pst. våren 2010. Det reelle talet var 159 kandidatar våren 2011 mot 168 kandidatar våren 2010.

Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen har vore omfatta av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011, som er vorte avløyst av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet). I den nye planen er det framleis eit mål å auke delen menn som er tilsette i barnehagane, til 20 pst., og at barnehagane skal fremme likestilling mellom gutar og jenter.

Departementet arbeider både for å auke rekrutteringa av menn, og for å fremme ein pedagogikk i barnehagen som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter. Fylkesmannen er pålagd å opprette likestillingsteam i alle fylke for å føre vidare arbeidet med å rekruttere og halde på menn i barnehagane og fremme likestilling mellom gutar og jenter i barnehagane. Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) har ansvaret for å drifte nettstaden mennibarnehagen.no. Intensjonen er at nettstaden skal vere ein arena for deling av erfaringar for dei som arbeider for fleire menn i norske barnehagar og i utdanninga. Vinteren 2012 vart sida fornya som ei følgje av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014. Nettstaden skal gjennom informasjon bidra til at barn og vaksne i barnehagen får oppleve større mangfald i personalgruppa. Det er sett i verk tiltak for å heve kompetansen hos dei tilsette om praktisk likestillingsarbeid i barnehagane. Likestillingssenteret har ansvaret for undervisningsoppdraget.

Barnehagelova fekk ny formålsparagraf §1, som tok til å gjelde 1. august 2010. Paragrafen slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. I dette ligg det at barnehagen skal vere ein inkluderande arena for alle barn. Tidlegare undersøkingar viser at svært mange foreldre er godt nøgde med barnehagetilbodet. For foreldre til barn med nedsett funksjonsevne representerer barnehagen avlasting, tryggleik og støtte. Barn med nedsett funksjonsevne har prioritet ved opptak i barnehage.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen går grundigare inn på verdigrunnlaget til barnehagen. Det går mellom anna fram at barnehagepedagogikken skal medverke til likestilling mellom kjønna, og at personalet må reflektere over sine eigne holdningar til kva samfunnet ventar av gutar og jenter. For å støtte arbeidet med rammeplanen i barnehagen har departementet utarbeidd eigne temahefte, mellom anna om barn med nedsett funksjonsevne, samiske barn, om språkleg og kulturelt mangfald og om likestilling. Målet er at hefta skal formidle kunnskap og erfaringar som grunnlag for refleksjon. Eitt av fagområda i rammeplanen er etikk, religion og filosofi. Gjennom arbeidet med dette skal barnehagen mellom anna bidra til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til den einskilde, uavhengig av den kulturelle, religiøse eller livssynsmessige tilhørsla.

Grunnopplæringa

Fokus på utradisjonelle utdanningsval

Regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna, Likestilling 2014, inneheld tiltak på området til grunnopplæringa. Mellom anna vil ein rette søkjelyset mot dei tradisjonelle utdannings- og yrkesvala. Regjeringa ønskjer ikkje å styre utdannings- og yrkesval, men først og fremst å satse på systematisk, holdningsskapande arbeid og aktive tiltak.

Målet om å jamne ut skilnadene i val av utdanning allereie på vidaregåande nivå er viktig for å oppnå ei vidare økonomisk likestilling. Skeiv kjønnsbalanse i utdanning og arbeidsliv gjer at vi ikkje dreg full nytte av ressursane og talenta til båe kjønn. Det er presisert i forskrift at den einskilde eleven skal ha hjelp til å utvikle seg og utnytte ressursane sine utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Rapportar har vist at verken rådgivarar eller skolar gir nok merksemd til moglegheitene for utradisjonelle utdanningsval.

I arbeidet med Likestilling 2014 vil ein sjå på korleis kjønnsperspektivet er teke hand om i etter- og vidareutdanning av rådgivarar, og korleis det kan forsterkast og forbetrast.

I oppfølging av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter om ungdomstrinnet vil det i faget utdanningsval bli vurdert tiltak for korleis ein kan få elevar til å vurdere utradisjonelle utdanningsval.

Barn og unge med særskilde behov

Stortinget har handsama Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap, jf. Innst. 405 S (2010 – 2011) og Innst. 50 S (2011 – 2012). Meldinga er ei oppfølging av NOU 2009: 18 Rett til læring. Stortinget støttar måla og tiltaka i meldinga. Meldinga inneheld fleire tiltak for å sikre tidleg innsats og gode læringsmiljø for barn, unge og vaksne med særlege behov. Det overordna målet med meldinga er å medverke til at skolar møter det mangfaldet av føresetnader og evner elevane har, gjennom tilpassa opplæring, og å førebyggje vanskar gjennom gode læringsmiljø. Elevar som ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, skal sikrast dette gjennom spesialundervisning av god kvalitet. Meldinga skal gjere sitt til at gjeldande rettar til barn, unge og vaksne med særskilde behov blir realiserte.

Kunnskapsdepartementet vil i 2013 arbeide vidare med å setje i verk tiltak som står omtalte i Meld. St. 18 (2010–2011). Eitt av tiltaka er ei omorganisering av Statped. Frå 1. januar 2013 vil Statped vere ei verksemd med ei sentral leiing og med fire fleirfaglege regionsenter. Eit anna viktig tiltak vil vere å utvikle og setje i verk, i samarbeid med KS, ein etter- og vidareutdanningsstrategi for PP-tenesta. Departementet vil vie meir merksemd til forskjellane i talet på gutar og jenter som får spesialundervisning. I skoleåret 2011–12 var 67,5 pst. av dei som får spesialundervisning gutar. Denne forskjellen mellom kjønna ønskjer departementet å følgje nærmare, og vil vurdere eventuelle tiltak.

Integreringsmelding

Kunnskapsdepartementet deltek i arbeidet med ei melding om integrering av innvandrarbefolkninga. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet leier arbeidet, men utdanning vil bli eitt av fleire viktige tema i meldinga som skal komme i løpet av hausten 2012. Arbeidet med meldinga støttar seg mellom anna til NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Heile utdanningsløpet blir handsama, men det blir lagt særleg vekt på barnehage og opplæring for vaksne. Det vil også bli lagt vekt på behovet for kompetanseheving innanfor andrespråkspedagogikk og det fleirkulturelle perspektivet hos tilsette, leiarar, barnehagemyndighet, skoleeigar og barnehageeigar. Det er planar om eit kompetanselyft på alle nivå frå barnehage til høgre utdanning. Også andre tema innanfor utdanning vil bli tekne opp, som medbrakt kompetanse, og korleis vi betre skal utnytte den medbrakte kompetansen innvandrarbefolkninga har med seg.

Skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme

I mai 2010 sette departementet ned ei arbeidsgruppe for å finne løysingar på korleis skolen kunne arbeide meir systematisk og heilskapleg mot rasisme, antisemittisme og diskriminering. I januar 2011 kom gruppa med anbefalingane sine i rapporten Det kan skje igjen. Rasisme og antisemittisme i skolen gir grunn til bekymring, og det er svært alvorleg for dei elevane som opplever å bli trakasserte. Noreg er eit fleirkulturelt og samansett samfunn, og skolen er ein viktig møteplass der elevar med ulik bakgrunn kan bli kjende med og få tillit til kvarandre. Departementet er oppteke av at skolen har eit stort ansvar for å arbeide systematisk mot rasisme og antisemittisme. Kunnskapsrike lærarar som kan utnytte dei moglegheitene som ligg i læreplanane, er avgjerande.

I Meld. St. 22 (2010–2011) foreslo departementet på bakgrunn av rapporten Det kan skje igjen å utvikle ein heilskapeleg pedagogisk ressurs for skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme, med utgangspunkt i læreplanverket. I tillegg foreslo departementet å utvikle opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring tema antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), Det internasjonale Wergelandsenteret og Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) ved Universitetet i Oslo har no fått oppdraget. Oppstart vil bli i januar 2013. Kunnskapsdepartementet vil også oppfordre skolane til å markere holocaustdagen 27. januar.

Vaksne i grunnopplæringa

I skoleåret 2010–11 var det 10 500 vaksne i grunnskoleopplæring, og 50 pst. av desse var kvinner. 87 pst. av dei som deltok i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege. I vidaregåande opplæring var det i skoleåret 2010–11 om lag 20 600 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Av desse var 53 pst. kvinner, og 23 pst. hadde innvandrarbakgrunn.

Forsking og høgre utdanning

Likestilling mellom kjønna

Tal frå Samordna opptak viser at 60 pst. av søkjarane til høgre utdanning er kvinner. Dette er stabile tal. Tala viser òg at utdanningsval er kjønnsdelte. Ingeniørutdanningane har til dømes stabilt mange mannlege studentar (83 pst.). I andre MNT-fag (matematikk, naturfag og teknologi) har det vore ein auke på nær fire prosentpoeng kvinner i dei siste ti åra, men det er framleis eit stort fleirtal mannlege studentar. I helse- og sosialutdanningane utgjer kvinner mellom 85 og 90 pst. av studentane. I førskolelærarutdanningane har delen kvinner gått ned frå 93 pst. i 2002 til 86 pst. i 2011. I medisin har kvinnedelen auka frå 58 til 64 pst. i det siste tiåret. Dei nye grunnskolelærarutdanningane (GLU) er som allmennlærarutdanningane kvinnedominerte, men i varierande grad. GLU 1–7 har 84 pst. kvinnelege studentar, medan tilsvarande tal for GLU 5–10 er 63 pst.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg regjeringa særleg vekt på kva rekruttering har å seie for forskingskvaliteten. Det er viktig med bevisst rekruttering av studentar og forskarar av begge kjønn til alle fag for å sikre best mogleg kvalitet og relevans i forskinga. Dette er ikkje berre eit spørsmål om rettferd og like moglegheiter for alle, men òg om på beste måte å ta i bruk den kompetansen og dei talenta som finst i befolkninga. Forskinga skal reflektere mangfaldet i samfunnet, slik det kjem til uttrykk gjennom kjønn, etnisk bakgrunn og levekår.

Departementet ser det som ei viktig utfordring å arbeide for lik fordeling av kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde. Kvinner er underrepresenterte på dei høgste stillingsnivåa i så godt som alle fag. Utviklinga går rett veg, men langsamt. Derfor trengst det fleire tiltak for å rekruttere, halde på og kvalifisere forskarar av begge kjønn til alle fag. Blant dei faglege stillingane ved universitet og høgskolar blir delen kvinner lågare dess høgre ein kjem i stillingsstrukturen, jf. figuren nedanfor. I 2011 var delen kvinnelege professorar 23 pst., ein auke på eit prosentpoeng frå året før og åtte prosentpoeng høgre enn for ti år sidan. Kvinnedelen blant professorane vil venteleg halde fram med å auke. Blant førsteamanuensane, som er ein rekrutteringsbase for professorstillingar, er kvinnedelen 39 pst., og framleis aukande. Sett under eitt aukar delen kvinner i alle dei mest sentrale faglege stillingane over tid. Medan kvinner er i fleirtal blant stipendiatane ved universitet og høgskolar samla sett, er likevel delen kvinner som tek doktorgraden, lågare enn delen menn.

Variasjonen i kvinnedel blant faglege stillingar er stor mellom fagområda. Kvinner er særleg dårleg representerte blant førstestillingane i MNT-faga. I 2011 var 46 pst. av doktorandane kvinner, men variasjonen mellom fagområda er stor. Kvinnedelen doktorandar var høgst i medisin og helsefag med 58 pst. og lågast i teknologi med 25 pst. Sjå tabell 2.10 i vedlegg 2.

Departementet sette i 2010 i verk ei treårig prøveordning med insentiv for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Ordninga vil bli forlengd med eitt år og vil verke i 2013, medan ein ventar på ei evaluering av ordninga. Formålet er å premiere universitet og høgskolar ved at kvar tilsetjing av ei kvinne i stillingane førstelektor, førsteamanuensis, professor og dosent i MNT-fag utløyser midlar til institusjonen. Ordninga omfattar no ni institusjonar som gir doktorgradsutdanning innanfor desse fagområda. I 2011 vart det tilsett 18 kvinner i stillingar som gir utteljing i insentivordninga. Ramma for ordninga er på 10 mill. kroner, avgrensa til maksimalt 300 000 kroner per tilsetjing. Budsjettutteljinga for tilsetjingar i 2011 kjem i 2013. Sjå budsjettforslag under kap. 281 post 01.

Figur 8.1 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–10

Figur 8.1 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–10

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Det viktigaste likestillingsarbeidet går likevel føre seg ved institusjonane. Universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Erfaringa viser at forankring i leiinga ved institusjonen og konkrete tiltak der verknadene kan bli målte, speler ei stor rolle for å lykkast med likestillingsarbeidet. Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling mellom anna for å betre arbeidsvilkåra for kvinner i høgre akademiske stillingar. Kunnskapsdepartementet føreset at planane òg omfattar tiltak for å auke delen kvinner i førstestillingar. Departementet tek i tillegg opp likestilling i styringsdialogen med universitet og høgskolar.

I 2007 oppretta departementet ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Universitetet i Tromsø vart tildelt prisen i 2012. Prisen blir delt ut for sjette gong i 2013.

Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i si eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i forskingsmiljøa. Komiteen skal òg medverke til auka medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. Komiteen får tilskott av Kunnskapsdepartementet, sjå kap. 281 post 70. Komiteen har mellom anna sett søkjelyset på at kunnskap om likestilling treng forankring i leiinga på institusjonane. Dagens komité er oppnemnd ut 2013.

Tiltak mot diskriminering

Departementet vil sikre rekrutteringa av minoritetsspråklege lærarar. Det har gjennom særskilde løyvingar vore lagt til rette for tilpassa oppfølging av studentar med tospråkleg bakgrunn, mellom anna i fleksible utdanningstilbod. Frå 2013 er desse løyvingane lagde inn i rammene til institusjonane.

I lov om universitet og høgskolar blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonen skal leggje til rette for studentar med særskilde behov.

Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval, som skal arbeide for at det blir teke vare på læringsmiljøet til studentane, inkludert dei med nedsett funksjonsevne.

Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgre utdanning) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universell skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere ein pådrivar for læringsmiljøutvala ved norske lærestader.

Brukarforum for funksjonshemma i høgre utdanning vart oppretta i 2000. Kunnskapsdepartementet finansierer drifta, og sekretariatet er lagt til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Brukarforumet er ein møtestad for departement, tilsette i universitets- og høgskolesektoren og representantar frå organisasjonane for funksjonshemma, og der problemstillingar knytte til funksjonshemma og høgre utdanning blir drøfta. Departementet vil avklare vidare drift og samansetning av forumet med FFO.

På oppdrag av Kunnskapsdepartementet og Deltasenteret, eit statleg kompetansesenter som arbeider for at personar med nedsett funksjonsevne skal delta i samfunnet, utarbeidde NIFU i 2010 rapporten Tilretteleggingsutfordringer i høyere utdanning før og nå. Rapporten viser mellom anna at lærestadene driv eit omfattande arbeid knytt til til rettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne.

Tiltak mot diskriminering – studiefinansieringsordningar for studentar med nedsett funksjonsevne og funksjonshemma studentar

Regjeringa er oppteken av å sikre reell lik rett til utdanning, og har i dei siste åra satsa på tiltak for einskilde grupper som kan ha behov for meir til rettelegging enn dei ordinære ordningane i studiefinansieringa. Frå hausten 2011 vart det derfor etablert eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne har økonomisk moglegheit til å ta høgre utdanning. Vidare vart det samtidig innført ei ordning der personar med redusert funksjonsevne, og som ikkje har støtte slik frå folketrygda som er meint å dekkje utdanninga, kan få heile basisstøtta som stipend ved forseinking i utdanninga utover eitt år. Forseinkinga må skyldast den nedsette funksjonsevna. Studentar med redusert funksjonsevne har ofte større utfordringar enn andre studentar med å følgje normert studieprogresjon. Tiltaket skal hindre at desse studentane får høgre gjeld etter fullført utdanning enn andre studentar på grunn av den nedsette funksjonsevna.

Tiltak for likestilling i Noregs forskingsråd

Forskingsrådets Policy for likestilling og kjønnsperspektiver i forskning (2007–2012) dannar grunnlaget for rådets arbeid med likestilling i forsking. Formålet med dokumentet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget, kvalitetskrava og aktiviteten i Forskingsrådet på dette feltet. I 2011 var det 28 pst. kvinnelege prosjektleiarar i Forskingsrådet, likt med året før. Blant forskarrekruttane har kvinnedelen stige i dei siste åra. I 2011 var 44 pst. av doktorgradsstipendiatane og 41 pst. av postdoktorstipendiatane kvinner.

Om ein ser på dei enkelte fagområda, er kvinnedelen av doktorgradsstipend og postdoktorstipend over 50 pst. innanfor samfunnsvitskap, humaniora og medisin. Dette gjeld også for kvinnedelen av doktorgradsstipend i landbruks- og fiskerifag. Kvinnedelen er om lag 30 pst. for teknologi og matematikk og naturvitskap. Kvinnedelen er særleg høg innanfor handlingsretta program. Desse programma inneheld mykje samfunnsvitskap, medisin og helsefag, som generelt har høg kvinnedel. Ved tildelinga innanfor fri prosjektstøtte (FRIPRO) praktiserer Forskingsrådet moderat kjønnskvotering for søknadene om personlege postdoktorstipend og prosjektleiarar for forskingsprosjekta.

Forskingsrådet arbeider med ei ny satsing kalla Balanse, som inneheld framlegg om tiltak som skal ha som mål å auke kvinnedelen i faglege toppstillingar og i forskingsleiing.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder underlagde Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop. 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

I Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino og ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea) utgjer kvinner rett i overkant av 60 pst. av dei tilsette, mens det i Senter for IKT i utdanninga er ei jamn fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentra utgjer kvinnene nærmare 70 pst. av dei tilsette. I sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det utelukkande kvinner. I Utdanningsdirektoratet, i Senter for IKT i utdanninga, i dei spesialpedagogiske kompetansesentra og ved Vea tener menn noko meir enn kvinner. Verksemdene har ei bevisst holdning til likestilling, og arbeider aktivt med å syte for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetjing av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.

I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er om lag 69 pst. av dei tilsette kvinner. NOKUT ønskjer ei jamn fordeling mellom kjønna i alle avdelingar. Kvinnelege søkjarar er i fleirtal til utlyste stillingar. Ved å følgje kvalifikasjonsprinsippet får NOKUT dermed ei noko skeiv fordeling med kvinneoverskott. Dette gjeld i alle avdelingar av verksemda. Når det gjeld leiarstillingane, var det ved årsskiftet 201112 like mange kvinner som menn. Det er framleis slik at mannlege tilsette i snitt tener meir enn kvinner, men avstanden har minka frå 2010 til 2011. NOKUT har som ambisjon å kalle inn kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til intervju i ledige stillingar.

Statens lånekasse for utdanning har ei viss overvekt av kvinner blant dei tilsette, men Kunnskapsdepartementet vurderer kjønnsfordelinga som tilstrekkeleg jamn. Denne kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen, både for kjønnsfordelinga og i lønnsfordelinga. Kjønnsfordelinga for faste medlemmer og varamedlemmer i styret til Lånekassen er også jamn. Lånekassen legg vekt på at arbeidsstokken skal spegle befolkninga på ein god måte. Kunngjeringspraksisen og rekrutteringspolitikken bidreg til at Lånekassen ikkje diskriminerer på grunnlag av religion, etnisitet og funksjonshemming. Etaten prøver å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn gjennom eigna formuleringar i stillingskunngjeringane og ved innkalling til intervju. Vidare legg dei til rette for at tilsette med funksjonshemmingar skal få ein effektiv og god arbeidskvardag, mellom anna gjennom tilpassingar av det fysiske arbeidsmiljøet.

I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 75 pst. av dei tilsette kvinner. Av dei som vart tilsette i 2011, var 75 pst. kvinner. Når det gjeld lønn, tener menn noko meir enn kvinner på leiarnivå og blant førstekonsulentar og administrativt personale, medan lønnsnivået er om lag det same for kvinnelege og mannlege rådgivarar og seniorrådgivarar. Ved rekruttering av nye tilsette har Vox ei eiga formulering i utlysingane der dei oppmuntrar kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2010)

Verksemd

Tilsette

Del menn (%)

Del kvinner (%)

Utdanningsdirektoratet

304

31,1

68,9

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

98

36,7

63,3

Sameskolen for Midt-Noreg

15

33,3

66,7

Spesialpedagogiske kompetansesenter

839

26,9

73,1

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

38

39,5

60,5

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

0

100,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

64

31,3

68,8

Senter for IKT i utdanninga

52

48,1

51,9

Statens lånekasse for utdanning

315

39,4

60,6

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

94

26,6

73,4

Kjelde: Statens sentrale tjenestemannsregister pr 1. oktober tabell 3.50 og 3.55

Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2010)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

43 543

41 676

95,7

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

40 574

36 414

89,7

Sameskolen for Midt-Noreg

37 658

32 849

87,2

Spesialpedagogiske kompetansesenter

40 121

37 965

94,6

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

37 180

37 014

99,6

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

40 885

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

44 195

41 008

92,8

Senter for IKT i utdanninga

45 799

44 311

96,8

Statens lånekasse for utdanning

36 991

36 284

98,1

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitik

42 123

40 236

95,5

Kjelde: Statens sentrale tjenestemannsregister pr 1. oktober tabell 3.50 og 3.55

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 1. oktober 2011 var 66,8 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein auke samanlikna med 2010. Kvinner utgjer den største delen av dei tilsette, og departementet vil i rekrutteringsarbeidet sitt framleis vurdere korleis delen menn kan aukast.

Tabell 8.3 Del menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn per årsverk etter stillingskode

Kjønn

Lønn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2011

33,2

66,8

328

46 801

43 297

2010

36,5

63,5

334

44 867

41 846

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2011

62,5

37,5

8

91 300

92 917

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør

2011

42,3

57,7

52

58 546

57 462

2010

47,0

53,0

51

55 273

54 374

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør, kommunikasjonssjef

2011

66,7

33,3

15

57 071

58 543

2010

64,7

35,3

17

57 235

58 522

Seniorrådgivar

2011

34,0

66,0

153

45 203

44 675

2010

36,4

63,6

143

43 526

43 749

Rådgivar

2011

30,5

69,5

59

36 955

37 881

2010

34,8

65,2

69

37 712

37 011

Førstekonsulent

2011

22,6

77,4

31

32 404

34 097

2010

22,0

78,0

41

32 543

33 307

Administrativt personale

Seniorkonsulent, konsulent

2011

0

100

15

-

33 903

2010

18,2

81,8

11

28 155

32 446

Lærling

2011

0,0

100,0

3

-

24 434

2010

0,0

100,0

2

-

23 850

Kjelde: Tabell 2 frå SST per 1. oktober 2010 og per 1. oktober 2011

Per 1. oktober 2011 var 57,7 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., var han per 1. januar 2012 på 37,5 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe denne kjønnsbalansen på leiarnivå.

Dei lokale partane drøfter detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 92,5 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønna stillingskodane (konsulent, seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Tabell 8.4 Del menn og kvinner i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær

Deltid

Midlertidig tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt fråvær

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt i Kunnskapsdepartementet

2011

4,6

22,4

11,9

11,9

0,0

4,6

1,3

4,1

2010

2,5

17,9

11,5

10,8

0,0

4,2

1,9

3,4

Kjelde:  Tabell 1 og 4 frå SST per 1. oktober 2010 og per 1. oktober 2011. Merk at legemeldt fråvær (helt og delvis) er data per 31. desember 2010 og 31. desember 2011

Statistikken for oktober 2011 syner at 22,4 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 4,6 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2010 viser at høvesvis 17,9 pst. og 2,5 pst. var lønte i deltidsstillingar, så det er ein auke i begge gruppene i 2011. Det legemelde sjukefråværet var i 2011 på 4,1 pst. for kvinner og 1,3 pst. for menn. Kvinner har ein auke og menn ein nedgang i legemeldt fråvær samanlikna med 2010.

Overtida i departementet har vorte auka med totalt 1 370 timar frå 2010. I 2011 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 27,6 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 38,3 timar.

Per 1. januar 2012 hadde 22 tilsette avtale om å kunne arbeide ein dag i veka frå heimekontor, 19 av desse var kvinner.

Personalpolitiske tiltak

I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet satsa mykje på utvikling av leiarar og medarbeidarar. Det er sett i gang fleire ulike tiltak: Program for utvikling av medarbeidarar – i tredje kull som starta i 2011, var 14 av 24 deltakarar kvinner. På kollegabasert rettleiing for mellomleiarar deltok ni mellomleiarar med personalansvar, av desse var sju kvinner. Departementet har no 14 interne mentorar, sju av desse er kvinner. På det årlege pensjonistførebuande kurset var det i 2010 19 deltakarar, 15 av dei var kvinner.

Likestillingstiltak: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Kunnskapsdepartementet har i fleire år arbeidd for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire tiltak for å få til dette.

Departementets personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse? utvikla av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar, og prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på slike arrangement.

Det er utvikla ei mentorordning med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn. Ordninga er seinare utvida til å gjelde alle nytilsette. Departementet gir leiarane rettleiing i rekruttering, blant anna om rekruttering til mangfald.

Departementet har få søkjarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søkjer ordinære stillingar. Departementet vil setje i verk fleire IA-tiltak for å rekruttere fleire søkjarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna betre samarbeid med NAV for å leggje til rette for praktikantar, fleire kanalar for kunngjering av ledige stillingar, og betre informasjon om at kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne skal kallast inn til intervju. Arbeidet med dette starta våren 2011 i samband med at det vart inngått ny, lokal IA-avtale, og skal vere avslutta i løpet av året. Departementet deltek òg i felles statleg trainee-ordning for personar med nedsett funksjonsevne i 2011–12.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøfter mellom anna lønnspolitikken årleg med dei hovudtillitsvalde, og med vekt på likestilling. Vi har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker, som mellom anna kan avdekkje forskjellsbehandling. Vi har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær osv. for menn og kvinner.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonal stipendordning, hospiteringsordning osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til både menn og kvinner.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

9 Miljø

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølgje formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen i samarbeid og forståing med heimen ta hand om dei behova barn har for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø. I mange kommunar er det etablert eigne naturbarnehagar, i regi anten av kommunen sjølv eller av private aktørar.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i høve til formålsparagrafen, lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. I samarbeid med Miljøverndepartementet har Kunnskapsdepartementet initiert Den naturlege skolesekken, eit tiltak som koordinerer samarbeid mellom skolar og frivillige organisasjonar, og som mellom anna legg til rette for utvida bruk av det naturlege nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes gir Nettverk for miljølære skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima.

Noreg vil framleis ta aktiv del i FNs tiår for berekraftig utvikling (2005–2014). Den nasjonale strategien for utdanning for berekraftig utvikling (2006–2010) har både vore ei oppfølging av Utdanningstiåret og ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa. FNs tiår for berekraftig utvikling går no inn i sin avsluttande fase. I samarbeid med departementet har Utdanningsdirektoratet i 2012 revidert den nasjonale strategien for perioden 2010–15.

Soria Moria II-erklæringa legg vekt på at Noreg skal bli eit føregangsland i miljøpolitikken. Miljøforsking er nødvendig mellom anna for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforminga, men òg for å leggje til rette for ei grøn omstilling av næringslivet. Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt, også få verknad langt ut over Noregs grenser.

Forskingsmeldinga, St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, legg vekt på at forskinga skal medverke til verdiskaping og til å løyse globale utfordringar. Klima og energi, biologisk mangfald, miljøgifter og havmiljø er sentrale tema.

Departementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. I 2011 var den totale innsatsen til Forskingsrådet innanfor miljørelevant forsking om lag 1,6 mrd. kroner, der om lag ti pst. var med løyvingar over Kunnskapsdepartementets budsjett til miljøforsking, polarforsking, klimaforsking og forsking på fornybar energi, mellom anna forskingssenter for miljøvennleg energi. Departementet har i tillegg sidan 2010 løyvt 20 mill. kroner årleg til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. SKD er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og med Havforskingsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar. Departementet vil auke løyvinga til senteret med 5 mill. kroner frå 2013.

Regjeringa ønskjer å sikre arven etter det internasjonale polaråret, som no er avslutta, derfor løyvde departementet 45 mill. kroner til eit polarforskingsprogram i Noregs forskingsråd i 2011. Polarforskinga er i stor grad miljøretta. Departementet finansierer òg forsking innanfor EUs rammeprogram, der store delar er miljørelaterte.

I 2012 har Forskingsrådet 280 mill. kroner som er øyremerkte til forskingsinfrastruktur. Dette er viktig for å kunne forske på globale utfordringar knytte til klima og miljø. Noreg var initiativtakar til Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS), som er eit internasjonalt prosjekt for samarbeid om forskingsinfrastruktur. Prosjektet er inkludert på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur (ESFRI). SIOS har motteke pengar frå EUs sjuande rammeprogram for å gjennomføre den førebuande fasen av prosjektet. Prosjektet har som mål å leggje til rette for ny kunnskap om klima og miljø i nordområda. ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure) er eit anna norskinitiert ESFRI-prosjekt. Også dette prosjektet har motteke midlar frå EU til første fase. Prosjektet har som mål å gi ny kunnskap om karbonfangst og -lagring, noko som vil kunne redusere utsleppa frå fossilt brennstoff.

Regjeringa foreslår ei satsing på 47 mill. kroner til klimaforsking i statsbudsjettet for 2013, jf. omtale i kap. 5 i del III av proposisjonen. Satsinga byggjer på tilrådingane i Klima21-strategien og den internasjonale evalueringa av norsk klimaforsking som vart lagd fram våren 2012. Av dette vil 25 mill. kroner bli tildelt Noregs forskingsråd over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til klimaforsking med vekt på samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og grunnleggjande forsking knytt til klimasystemet og klimaendringane i Arktis.

Det er vesentleg at den kunnskapen som miljøforskinga resulterer i, blir formidla, både til folk flest og for bruk i forvalting og næringsverksemd. Departementet ønskjer å leggje til rette for auka og betre forskingsformidling. Både universiteta, høgskolane, forskingsinstitutta og Noregs forskingsråd formidlar resultat frå miljørelevant forsking i tidsskrift, bøker, på konferansar og på Internett.

Universitet og høgskolar er viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing for miljøet, og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken.

Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Artsdatabanken vart oppretta i 2004, og er knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Artsdatabanken starta det faglege arbeidet i januar 2005 og gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til og omfang av biologisk mangfald i Noreg når det gjeld både naturtypar og artar. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare tildelinga til Artsdatabanken i 2013. I tillegg foreslår departementet ei eingangsløyving på 2 mill. kroner i 2013, sjå kap. 280 post 51. Tenestene til Artsdatabanken er særskilt viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking. I 2011 lanserte Artsdatabanken den første nasjonale raudlista for naturtypar. Raudlista er sentral for forvaltninga når ho skal følgje opp naturmangfaldloven. Arbeidet med å vurdere økologisk risiko for framande arter vart ført vidare, og danna grunnlaget for ei revidert svarteliste i 2012. Artsdatabanken førte òg vidare arbeidet med å kvalitetssikre og leggje til rette artsdata frå mellom anna universitetsmusea, forskingsinstitutt, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar i tett samarbeid med GBIF-Noreg, og gjere desse tilgjengelege i den nettbaserte karttenesta Artskart. Arbeidet med registreringsverktøyet Artsobservasjonar, der amatørar legg inn nye artsfunn, har halde fram i 2011, og ein har arbeidd med å leggje til rette for at òg profesjonelle brukarar kan registrere data. Artsdatabanken har likeins ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd, universitetsmusea og den svenske ArtDatabanken om ein norsk-svensk forskarskole i biosystematikk, som ein del av Artsprosjektet, finansiert av Miljøverndepartementet.

Universitetsmusea speler ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. I St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale vart utfordringane til universitetsmusea drøfta, på mellom anna områda forsking, formidling og forvaltning av samlingane. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova. Musea er økonomisk styrkte i dei siste åra for å medverke til at samlingane blir forsvarleg oppbevarte og sikra. Gjennom etablering av den norsk-svenske forskarskolen i biosystematikk (sjå omtale av Artsdatabanken) har universitetsmusea fått ei større rolle innanfor undervisning og kompetanseheving på dette fagfeltet.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og den nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern av miljøet.

Fotnotar

1.

Skattefunn er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2011–2012) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kapittel 2, og i Prop. 1 S (2011–2012) for Nærings- og handelsdepartementet.

2.

Løpande priser.

3.

Løpande priser.

4.

Kjelde: Indikatorrapporten, Forskningsrådet/NIFU