1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak
Arbeidsforskningsinstituttet AS
Dagleg leiar fekk i 2011 ei samla godtgjering på 845 704 kroner og del av pensjonspremie på 105 976 kroner. Ved overgang til aksjeselskap vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse førte vidare. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje plikta til selskapet.
HiST kompetanse AS
Dagleg leiar fekk 162 605 kroner i lønn i 2011.
NCE Subsea drift AS
Dagleg leiar fekk 996 959 kroner i lønn og 6 000 kroner i andre godtgjeringar i 2011. Selskapet har ei tenestepensjonsordning som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.
Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS
Administrerande direktør fekk 961 771 kroner i lønn og 22 207 kroner i andre godtgjeringar i 2011. Pensjonskostnader vart dekte med 92 878 kroner.
Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje til særlege ytingar ved opphør av tilsetjingsforholdet.
NTNU Samfunnsforskning AS
Dagleg leiar fekk 925 337 kroner i lønn i 2011. Pensjonsutgifter vart dekte med 100 236 kroner.
NTNU Technology Transfer AS
Dagleg leiar fekk 893 211 kroner i lønn og 15 691 kroner i andre godtgjeringar i 2011. Selskapet har ei pensjonsordning for alle tilsette som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.
Sem gjestegård AS
Dagleg leiar fekk 643 864 kroner i lønn og 88 716 kroner i andre godtgjeringar i 2011. Dei tilsette i selskapet er omfatta av lov om obligatorisk tenestepensjon, og dei samla pensjonsutgiftene var 147 273 kroner.
Senter for innovasjon og bedriftsøkonomi AS
Dagleg leiar fekk utbetalt 408 333 kroner i lønn og 15 447 kroner i andre godtgjeringar i 2011.
Senter for økonomisk forskning AS
Dagleg leiar har i 2011 fått utbetalt lønn på 153 335 kroner for administrasjon av selskapet og 264 293 kroner for anna arbeid.
Simula Research Laboratory AS
Administrerande direktør fekk 1 533 523 kroner i lønn og 302 120 kroner i andre godtgjeringar i 2011. Selskapet har òg ei pensjonsforsikring for administrerande direktør som er kostnadsført med 406 955 kroner.
UNINETT AS
Administrerande direktør fekk 1 124 294 kroner i lønn og 23 116 kroner i andre godtgjeringar i 2011. Til finansiering av førtidspensjon for administrerande direktør vart det oppretta ei livrente med innskott på 3 mill. kroner i 2003. Netto kostnadsført i 2011 er 357 441 kroner.
Unirand AS
Administrerande direktør fekk 190 945 kroner i lønn i 2011. Administrerande direktør har ikkje avtale om sluttvederlag, og selskapet har ikkje bonus- eller opsjonsordning. Det er ikkje gitt lån eller stilt sikring for administrerande direktør.
Universitetssenteret på Svalbard AS
Lønn til administrerande direktør er i 2011 utbetalt med 1 117 665 kroner. Delen til selskapet til pensjon er ført som utgift med 122 943 kroner. Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna eit eige fiktivfond for selskapet.
Vangslund AS
Dagleg leiar fekk 184 418 kroner i lønn og 4 000 kroner i andre godtgjeringar i 2011. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.
Følgjande heileigde selskap har ingen tilsette
Rya gods og skoger AS, Unifond AS, Universitetet i Bergen eiendom AS.