Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat
1.1 Status og hovudprioriteringar
Arbeidet med landbruks- og matpolitikken er forankra iMeld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken og Soria Moria-erklæringa.Landbruks- og matmeldinga er ei melding for ein framtidsretta landbruks- og matpolitikk i Noreg. Meldinga legg til grunn fire overordna mål; matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Gjennom behandlinga av meldinga, slutta Stortinget seg til desse måla.
For regjeringa er det svært viktig å ha eit norsk landbruk som produserer nok og trygg mat for innbyggjarane på ein berekraftig måte. Statistikken frå FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) viser at ei aukande folkemengd krev meir produksjon av mat. For å ha nok mat til 9 mrd. menneske er det nødvendig at matproduksjonen aukar med omkring 70 pst. på verdsbasis innan 2050. Dette er ei stor utfordring.
I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vil det i 2030 vere éin million fleire innbyggjarar i Noreg enn det er i dag. Landbruks- og matpolitikken vil, der det er eit naturleg grunnlag for det, legge til rette for meir matproduksjon som dekker auka etterspørsel. Matproduksjon frå land og sjø, basert på berekraftig bruk av nasjonale ressursar, er eit fundament for matsikkerheita. Nasjonal matsikkerheit er avhengig av kontinuerleg produksjon av mat, ivaretaking av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem.
Andre rammevilkår for matproduksjonen er ein kort vekstsesong, spreidde landbruksareal og eit kaldt klima. I tillegg er det eit høgt kostnadsnivå og høg konkurranse om arbeidskrafta i Noreg samanlikna med dei fleste andre land. Trass i desse krevjande rammevilkåra for landbruket, har produksjonen av mat auka dei siste tiåra. For at denne utviklinga skal halde fram, må landbruket vere ein attraktiv arbeidsplass for å gi grunnlag for ny rekruttering.
Regjeringa vil sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper. Regjeringa vil derfor vidareutvikle inntekts- og velferdspolitikken i landbruket med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005. Ei høg innovasjonsevne er nødvendig for å nå dei landbruks- og matpolitiske måla. Dette er òg ein føresetnad for konkurranseevne i verdikjedene for jordbruk, reindrift, skog og innanfor dei mange bygdenæringane. Regjeringa vil derfor vidareutvikle ein målretta og langsiktig innovasjonspolitikk som omfattar heile breidda i norsk landbruks- og matsektor, frå primærledd til industri. Den skal samstundes dekke spennet frå volumproduksjon av mat og fiber til produksjon av andre varer og tenester basert på dei samla ressursane i landbruket.
Norsk landbruk har gjennomgått store endringar, drive fram av endra rammevilkår, teknologisk utvikling og ny kunnskap. Alt tilseier at det òg framover vil vere moglegheiter for vekst i sektoren som resultat av nye produkt og tenester, nye måtar å samhandle på, nye måtar å organisere næringsverksemd på m.m.
Evna til å produsere nok mat er avhengig av sentrale rammevilkår. Klimaendringane, som bidreg til temperaturauke, endring i nedbørsmengder og ustabilt vêr, skapar både utfordringar og moglegheiter for landbruket. Dette er nærmare omtalt i St.meld. nr. 39 (2008-2009); Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Regjeringa vil bidra til at landbrukssektoren kan utvikle betre og fleire tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar og forsterke dei positive klimabidraga som sektoren allereie gir gjennom lagring av karbon i skog og jordsmonn. Samanhengane mellom klimautfordringane og sikker tilgang til nok og trygg mat står sentralt her. Målet er å produsere mat med lågast mogleg klimagassutslepp og å utnytte fornybare ressursar på ein måte som bidreg til så store kutt i klimagassutsleppa som mogleg. Landbruks- og matpolitikken skal bidra til eit meir miljøvenleg landbruk. Av Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk, går det fram at regjeringa legg vekt på å fremme og forsterke gode klimatiltak i landbruket.
For å legge til rette for auka norsk matproduksjon i åra framover, gjer regjeringa framlegg om å styrkje tollvernet på visse jordbruksprodukt. Dette skal gi rom for høgare prisar på norske landbruksvarer. Tollvernet blei lagt om frå kronetoll til prosenttoll for drikkemjølk frå 1. januar 2011. Regjeringa gjer framlegg om å legge om tollvernet frå kronetoll til prosenttoll for faste ostar, biff/filet av storfe og for heile/halve lam frå 1. januar 2013, jf. Prop. 1 LS (2012-2013) Skatter, avgifter og toll 2013.
Verdikjedene i landbruket er blant dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, og omfattar alt frå forsking, produksjon av innsatsvarer, næringsmiddelindustri til forbrukar. Jordbruket sysselsette i 2010 om lag 51 400 årsverk. Matindustrien er den nest største industribransjen i Noreg. Matindustrien, eksklusive fiskevarer, hadde i 2009 ein brutto produksjonsverdi på om lag 117,6 mrd. kroner og ei sysselsetjing på om lag 40 000 årsverk. Skogbruk og trebasert industri sysselsette i 2010 om lag 25 000 årsverk. Trebasert industri hadde i 2010 ein brutto produksjonsverdi på om lag 40 mrd. kroner, og eksporterte for om lag 12 mrd. kroner. Førstehandsverdien av tømmeret som blei omsett var på om lag 3,5 mrd. kroner.
Landbruks- og matsektoren har eit breitt samfunnsansvar, og spelar ei viktig rolle for busetjing og næringsliv over heile landet. Jordbruk, skogbruk, reindrift og andre aktivitetar basert på landbruket sine ressursar er viktig for økonomisk aktivitet, for busetjing og for utvikling av lokalsamfunna. Landbruket skal vere produsent både av råvarer og tenester og av ulike fellesgode, som matsikkerheit, busetjing, ulike miljøgode, kulturlandskap og karbonlager i skogen og jorda. Eit aktivt landbruk er òg eit vilkår for å oppretthalde viktige verdiar, som trygg og kortreist mat, vakre kulturlandskap, friluftsliv, jakt og fiske, hagestell og parkanlegg, reiselivsopplevingar og nærleik til sports- og kjæledyr. For å sikre god utnytting av ressursane, er det viktig å ta heile landet i bruk.
Eit gjennomgåande utviklingstrekk er at forbrukarane ønskjer større utval av norske varer. For nokre varetypar gir dette tilbakegang, medan det for andre varetypar gir vekst og nye moglegheiter. Maten er òg knytt til kultur, historie og identitet, og er ein del av ein felles kulturarv. Det er til dømes aukande etterspørsel etter mat med lokal forankring, noko som kan gi høve for innovasjon og nyskaping i landbruks- og matsektoren. Det er derfor viktig å stimulere til utvikling av matmangfald og matkultur og til god informasjon om produkta forbrukarane kjøper.
Samfunnstryggleik og beredskap er eit viktig område innanfor landbruks- og matsektoren. Matpolitikken til regjeringa er basert på at maten skal vere trygg, og forvaltninga arbeider derfor kontinuerleg for å vere budd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og matsikkerheita. Det blir gjennomført tilsyn, kartlegging og overvaking i matproduksjonskjeda, og det blir jamleg gjennomført beredskapsøvingar i landbruks- og matsektoren.
1.2 Ny målstruktur for Landbruks- og matdepartementet
I Meld. St. 9 (2011-2012) orienterte regjeringa om at Landbruks- og matdepartementet skulle vidareutvikle mål- og resultatstyringa som styringssystem i landbruks- og matpolitikken. Det har vore eit behov for i større grad å spesifisere dei måla regjeringa ønskjer å nå. I tillegg har det vore eit behov for å utvikle system som gjer det enklare å vurdere samanhengen mellom mål og faktiske resultat, jf. òg Dokument 3:12 (2009-2010) Riksrevisjonens undersøkelse av måloppnåelse og styring i jordbruket. Under blir hovudtrekka i den nye målstrukturen med overordna mål og resultatområde kort presentert. Ein meir detaljert rapportering på måla går fram av del III i proposisjonen.
Departementet har òg utvikla ein ny målstruktur for arbeidet med forsking og innovasjon og med forvaltninga. Målet på desse områda er at dei skal bidra til at dei fire overordna måla blir nådde.
Matsikkerheit
Auka berekraftig matproduksjon
Den viktigaste oppgåva for landbruket er å produsere nok, variert og trygg mat av god kvalitet. Regjeringa vil derfor, innanfor dei gitte handelspolitiske rammene, legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturleg grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgrada kan oppretthaldast om lag på nivået i dag. Tal frå SSB viser at folkemengda i Noreg vil auke med om lag 20 pst. innan 2030. Regjeringa vil ta heile landet i bruk og utnytte nasjonale ressursar som grovfôr og beite. Regjeringa vil òg legge til rette for ein variert bruksstruktur med innslag av både små og store bruk. I tillegg er importvernet nødvendig for å sikre avsetning for norske jordbruksvarer, og for å kunne gi eit grunnlag for at bøndene skal ha gode inntektsforhold. I Noreg er sjølvforsyningsgraden for jordbruksvarer på 50 pst. målt i energi. Sjølvforsyningsgraden viser kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. For sentrale produkt som kjøtt, mjølk og egg er sjølvforsyningsgraden nær 100 pst. Heimemarknadsdel vil seie produksjon for heimemarknaden som del av totalmarknaden målt i verdi. I dag ligg heimemarknadsdelen for næringsmiddelindustrien på 80 pst. Produksjonen av mat har òg ein eigenverdi utover det å ivareta etterspørselen i marknaden, gjennom å gje fellesgode som matsikkerheit, busetjing, kulturlandskap og karbonlager i jord og skog.
Trygg mat og fullverdig kosthald
All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg, utan farlege smittestoff og framandstoff. Det gjeld enten maten er framstilt i Noreg eller utanlands. Det er verksemdene i matproduksjonskjeda som sit med ansvaret for at maten er trygg. Samanlikna med andre land, har Noreg sjeldne førekomstar av matboren sjukdom. Årsaka til dette ligg mellom anna i at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt liten. For å oppretthalde denne gunstige situasjonen er det viktig å sikre gode rutinar og god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Det er òg viktig med gode førebyggjande tiltak og beredskap. Noreg har òg god plante- og dyrehelse. Det er derfor sentralt å ha merksemd på forhold som kan truge ein slik status, som til dømes planteskadegjerarar og sjukdom hos dyr som kryssar landegrensene. Ernæring og kosthald er dessutan viktig i det nasjonale folkehelsearbeidet.
Ta vare på forbrukarinteresser
Regjeringa skal styrkje rettane, interessene og tryggleiken til forbrukarane. Derfor spelar forbrukarane ei viktig rolle i landbruks- og matpolitikken ved at synspunkt frå forbrukarane og forbrukaromsyn skal komme til uttrykk i den faktiske utforminga av politikken. Det gjeld til dømes faktorar som kvalitet, pris og vareutval. Forbrukarane, matbransjen og styresmaktene har òg merksemd på merking av mat. Det er sentralt at forbrukarane har god og rett informasjon om produkta dei kjøper slik at dei kan gjere informerte val.
Etisk forsvarleg hald av dyr
God dyrevelferd er viktig for at dyra skal ha det bra, og er derfor eit mål i seg sjølv. Dette stiller høge krav til dei som skal handtere dyr. Det er næringa og dei som handterer dyr som sit med ansvaret for dyrevelferda. I tillegg er dyrevelferd sentral for lønnsemda i landbruket. Ei ny dyrevelferdslov blei implementert i 2010, og innebar ei modernisering og forbetring av lovgjevinga. Noreg har generelt sett god dyrevelferd. Samstundes er det konkrete utfordringar når det gjeld driftsformer og infrastruktur. Dessutan er det rapportert om ein auke i tapstala for både sau og rein på beite. Desse utfordringane krev merksemd i tida som kjem.
Noreg som konstruktiv internasjonal aktør
Regjeringa legg vekt på at Noreg skal spele ei viktig rolle som konstruktiv internasjonal aktør. Noreg deltek aktivt i ulike typar forhandlingar, til dømes i WTO-systemet, der ei viktig oppgåve for Noreg er å sikre framtidig handlingsrom for ein offensiv nasjonal landbrukspolitikk. I tillegg legg EØS-avtalen sentrale føringar på regelverk for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverk i EU-systemet på matområdet. Regjeringa legg vekt på ein aktiv, open og tydeleg europapolitikk. Regjeringa skal auke støtta til landbruket i utviklingsland, både bilateralt og multilateralt. Dette er eit viktig bidrag til auka matsikkerheit. Klimaendringar skapar òg utfordringar for matsikkerheita internasjonalt. Eit sterkt internasjonalt samarbeid for å stoppe tap av genetisk variasjon står derfor sentralt. I tillegg er det viktig å følgje det internasjonale samarbeidet om eit meir klimavenleg og berekraftig jord- og skogbruk. Departementet vil prioritere deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane som gjeld skog i arbeidet med ein heilskapleg klimaavtale, i tillegg til andre prioriterte internasjonale prosesser som skal bidra til berekraftig skogforvaltning.
Vidareutvikle Noreg som matnasjon
Mat tilfredsstiller mange omsyn ved å dekke grunnleggjande behov og bidra til viktig verdiskaping i samfunnet. I tillegg er mat knytt opp til rike kulturelle verdiar og tradisjonar, noko som gir maten historisk forankring. Produksjon av mat med lokal identitet kan ha eit stort potensial for verdiskaping gjennom gode smaksopplevingar, matglede, kvalitet og gode historier.
Landbruk over heile landet
Sikre bruk av landbruksareal
Eit viktig mål i landbruks- og matpolitikken er å legge til rette for landbruk over heile landet. Landbruket omfattar jordbruk, skogbruk, reindrift og bygdenæringar. Jordbruksarealet er ein avgrensa ressurs. Knappe 3 pst. av norsk areal er jordbruksareal, og under 1/3 av dette er kornareal. Det er derfor viktig å utnytte jordbruksarealet og ta vare på avgrensa ressursar på ein god måte med sikte på busetjing, verdiskaping, sysselsetjing og ivaretaking av kulturlandskapet. Gjennom beitebruk i utilgjengelege fjellområde og utmark bidreg reindriftsnæringa til å utnytte norske arealressursar. Den geografiske produksjonsfordelinga må vidareførast for å sikre god utnytting av arealressursane. Regjeringa legg vekt på bruk av nasjonale ressursar som grovfor og beite.
Skog dekker i følgje SSB rundt 40 pst. av landarealet. Skogbruk er derfor viktig for verdiskapinga i store delar av landet, både i kombinasjon med jordbruk og som reine skogeigedommar. I klimasamanheng vil regjeringa auke det produktive skogarealet gjennom tilplanting av nye areal for å utnytte skogen si evne til opptak av karbon betre. Det er òg eit mål å forvalte eksisterande areal meir optimalt i eit klimaperspektiv, mellom anna gjennom tettare planting, målretta gjødsling av skog og styrkja innsats innan skogplanteforedling.
Ein aktiv eigedoms- og busetjingspolitikk skal bidra til at ressursane på landbrukseigedommane blir betre utnytta. Ved å oppretthalde ein variert bruksstruktur, og auka harmonisering mellom eigedoms- og bruksstruktur, vil styresmaktene bidra til busetjing, sysselsetjing og driftsmessig gode løysingar.
Styrkje og bidra til sysselsetjing og busetjing
Landbruks- og matpolitikken er viktig for å nå regjeringa sitt mål om å ta heile landet i bruk. Regjeringa vil legge til rette for å utløyse verdiskapingspotensialet til landbruket sine ressursar, og mobilisere til ny aktivitet og engasjement som kan styrkje utviklinga av dei enkelte lokalsamfunna. I kombinasjon med naturgrunnlaget, utgjer dei om lag 154 100 landbrukseigedommane i Noreg med bustadhus eit viktig grunnlag for busetjing og sysselsetjing, og eit potensial for utvikling og produksjon av varer og tenester i samband med landbruket. 33 000 landbrukseigedommar med bustadhus var i 2010 utan fast busetnad. Departementet vil legge til rette for auka omsetning av landbrukseigedommar utan busetnad og utnytting av landbrukseigedommar som ressurs for busetnad. Samspel mellom landbruket og andre næringar og sektorar vil òg vere viktig for auka utnytting av landbruket sine ressursar til sysselsetjing og busetjing.
Politikk tilpassa regionale vilkår og utfordringar
For å fange opp regionale skilnader i moglegheiter og utfordringar, vil regjeringa utforme ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk. Dei nasjonale ordningane skal få ein tydelegare distriktsprofil, det skal bli større rom for å utvikle ein politikk tilpassa regionale føresetnader, og landbruksavhengige kommunar skal ha særskild merksemd på framtidig prioritering av verkemiddel og innsats. Gjennom oppretting av regionale bygdeutviklingsprogram frå 2013 skal ein større del av verkemidla bli forvalta regionalt. Ved å styrkje det regionale ansvaret er målsetjinga å samordne det regionale miljø- og næringsarbeidet, bidra til auka mobilisering av lokale ressursar og bygge opp under den lokale vekstkrafta.
Auka verdiskaping
Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar
Verdiskaping er viktig for å nå måla om auka matproduksjon og å ha eit landbruk over heile landet. Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar står derfor sentralt i norsk landbruks- og matpolitikk. Norsk landbruks- og matsektor er samansett av mange ulike verdikjeder. I alle ledda i desse verdikjedene er det sjølvstendig næringsdrivande som må vere konkurransedyktige. Dette gir utfordringar, men òg grunnlag for innovasjon og vekst. Regjeringa ønskjer eit løft for bygdenæringar gjennom å legge til rette for ei vidareutvikling av lønnsame bygdenæringar, gjerne i kombinasjon med tradisjonell produksjon. Her er det eit potensial for utvikling av nye produkt som kan gi potensial for auka verdiskaping. Etterspørsel etter nye produkt gir moglegheiter for å styrkje inntektsgrunnlaget.
Matkjedeutvalet foreslår i NOU 2011:4 mellom anna tiltak som ny lov om forhandlingar og god handelsskikk i daglegvaresektoren, ombod for daglegvaresektoren, daglegvareportal, merking av mat og utgreiing om eigarskapsavgrensing i daglegvarehandelen. Regjeringa vil setje ned eit lovutval som skal utgreie korleis prinsippet om god handelsskikk og omsynet til forbrukarane best kan bli teke vare på i lovgjevinga. Vidare har regjeringa vedteke at det skal setjast i gang eit forprosjekt under leiing av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som underlag for ei avgjerd om ein mogleg daglegvareportal i offentleg regi.
Skogressursane er fornybare, og skogbruket er ei næring av høg økonomisk verdi nasjonalt, regionalt og lokalt. Det er innanlandsk foredling og bruk av skogen som gjer skogen viktig for sysselsetjing og verdiskaping i Noreg. Den tradisjonelle treforedlingsindustrien møter auka utfordringar i marknaden. Framtidig vekst i denne industrien vil truleg måtte komme frå nye produkt og nye produksjonsprosessar. Mykje av det som no blir laga av olje kan òg bli laga av tre. Det ligg eit stort potensial i å utnytte dei miljømessige fortrinna til trevirket til nye produkt og auka verdiskaping. Det blei derfor òg løyvd midlar i 2012 for å legge til rette for omstilling og nyskaping i treindustrien.
Gode kompetansemiljø
God rekruttering, eit høgt kunnskapsnivå og vidareutvikling av kunnskapssystema, står sentralt for å nå måla i landbruks- og matpolitikken. Tilgang på nok og kompetent arbeidskraft er ein føresetnad for ein konkurransekraftig landbruks- og matsektor. Regjeringa vil legge til rette for dette gjennom å ivareta og utvikle utdanningssystemet, satse på forsking og formidling av kunnskap frå forsking og omsetje ny kunnskap til innovasjon i sektoren gjennom nye produkt og tenester og nye og smartare måtar å arbeide på. Regjeringa vil òg arbeide for å styrkje kompetansen og rekrutteringa til landbruksyrka og industri som baserer seg på landbruket sine ressursar.
Konkurransedyktige inntekter
Eit levedyktig landbruk er avhengig av både nyrekruttering og at godt kvalifisert arbeidskraft ønskjer å fortsetje i landbruks- og matsektoren. Eit vilkår for dette er konkurransedyktige inntekter. Ei rekke rammevilkår har innverknad på inntektsnivået i jordbruket, nokon er innanfor mens andre er utanfor verkeområdet til landbruks- og matpolitikken. Landbruket må kunne tilby attraktive arbeidsplassar, både for å sikre rekruttering og for å halde på kvalifisert arbeidskraft. Mange faktorar er med på å avgjere om det er attraktivt å jobbe i jordbruket, men ein viktig føresetnad er moglegheita til å kunne leve av å drive næring på landbruket sine ressursar.
Regjeringa ønskjer å sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper. Regjeringa vil derfor vidareføre inntekts- og velferdspolitikken i landbruket med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005.
I ei stadig meir kapitalintensiv næring med store investeringsbehov, er inntekter og kapitaltilgang avgjerande for om vi har ei konkurransedyktig næring på lengre sikt. Forventningar om framtidige inntekter definerer moglegheitene for og vilja til investeringar i næringa.
Berekraftig landbruk
Verne om arealressursane
Rett vern og bruk av arealressursane er ein føresetnad for å kunne auke matproduksjonen, ivareta eit aktivt landbruk over heile landet og sikre at norsk matproduksjon så langt som mogleg er basert på norske ressursar. Både mengd og kvalitet på jord er avgjerande for landbruket og måloppnåinga i landbruket. Regjeringa legg vekt på ei styrking av jordvernet i heile landet og ein politikk som sikrar god utnytting av jordbruksareala. Derfor er det eit mål å avgrense omdisponeringa til under 6 000 dekar dyrka mark per år. Eit langsiktig perspektiv er nødvendig for å nå målet om eit berekraftig landbruk. Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer òg eit trugsmål mot målet om ein auke i matproduksjonen.
God agronomi er sentralt for å kunne auke produksjonen, sikre god produktivitet og ha ein best mogleg utnytting av jordbruksareala. Regjeringa legg opp til å innføre eit tilskott til grøfting innan SMIL-ordninga i 2013.
Samisk reindrift bidreg til eit levande landbruk i heile landet. Oppfølging av dei siidaandelane som har eit for høgt reintal, har høg prioritet i 2013. Ut frå bruksreglane som er etablert er det nødvendig å redusere talet på rein med om lag 40 000 over ein periode på inntil 3 år. Denne reduksjonen skal i all hovudsak gjennomførast i Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde.
Produksjon av miljøgode
Landbruket er ein viktig produsent av miljøgode, spesielt viktig er skogen og jordas rolle som karbonlager i klimasammenheng, bevaring av biologisk mangfold og pleie av kulturlandskap. Aktivt landbruk i heile landet er svært viktig for bevaring av kulturlandskapa. Slike kulturlandskap er sentrale miljøgode, både for dei som bur i lokalmiljøet og for turistar, og sikrar at ei rekke sårbare og truga artar får gode levevilkår. Økologisk landbruk kan bidra til å fremme eit meir miljøvenleg jordbruk. Regjeringa har som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2020. Produksjon av miljøgode er ein viktig målsetnad for verkemiddelbruken i landbrukspolitikken.
Sikre naturmangfald
Landbruk er bruk av natur for å produsere varer og tenester som er nødvendige for menneske. All bruk av natur vil påverke den opphavlege tilstanden. Landbruksverksemd har både positiv og negativ innverknad på naturmangfaldet. På den eine sida er aktiv jord- og beitebruk viktig for å ivareta naturtypar og artar. I Noreg er det om lag 1 000 trua arter tilknytt landbrukets kulturlandskap. På den andre sida kan eit intensivt landbruk vere negativt for naturmangfald og kulturminne. Skjøtsel og andre målretta miljøtiltak som del av eit aktivt landbruk skal sikre ei miljømessig berekraftig næring. Det genetiske mangfaldet i landbruket har mykje å seie for framtidig mat- og skogproduksjon, og blir ivareteke gjennom både bruk og vern. Det skal leggjast til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga
Klimaendringar har innverknad på landbruket, mens landbruket òg har innverknad på klimaet, både gjennom utslepp og opptak av klimagassar. Landbruket spelar ei viktig rolle i løysinga av klimautfordringane, noko som er presentert i St.meld. nr. 39 (2008-2009). Fleire av tiltaka innan jord- og skogbrukssektoren som er omtalte i meldinga, til dømes skogplanting og andre skogkulturtiltak og satsing på biogass, er ein del av klimapolitikken til regjeringa, jf. Meld. St. 21 (2011-2012). Sidan all matvareproduksjon fører til klimagassutslepp, er det ei utfordring å auke matproduksjonen med lågast mogleg klimagassutslepp. Løysinga for landbruket er å redusere eigne utslepp gjennom meir effektiv produksjon. I tillegg vil auka karbonlagring i skog og jord og produksjon av fornybar energi til erstatning for fossile kjelder vere viktige bidrag for å redusere dei samla klimagassutsleppa. Regjeringa legg vekt på energieffektivisering og produksjon av fornybar energi som ein del av løysinga. Derfor har regjeringa eit mål om å auke utbygginga av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020.
Redusere forureininga frå jordbruket
Jordbruk er ei kjelde til forureining til luft, vatn og jord.
I Noreg er næringsstoffavrenning frå jordbruksareal ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa med avrenning, og har i enkelte tilfelle ført til at avrenninga er for stor trass i at fleire tiltak er utført. I enkelte andre område er det høg tettleik av husdyr. Det kan gi utfordringar knytt til fosforavrenning og ammoniakktap frå husdyrgjødsel dersom gjødsla ikkje handterast på riktig måte.
Kjemiske plantevernmiddel er innsatsvarer for å kontrollere skadegjerarar som samstundes kan ha uønskja effektar på helse og miljø. Utfordringane med forureining frå jordbruket blir handterte gjennom ein kombinasjon av juridiske og økonomiske verkemiddel og informasjonstiltak. Landbruks- og matdepartementet har mellom anna starta ei revidering av regelverket for husdyrgjødsel. Vidare skal dei regionale miljøprogramma reviderast for 2013. Da vil ein sjå på ytterlegare tiltak som kan gi betre vasskvalitet i utsette vassdrag.
Forskinga skal bidra til at dei overordna landbruks- og matpolitiske måla blir nådd
For å kunne målrette forskingsmidlane mot prioriterte innsatsområde, må ein legge til rette for god rolle- og ansvarsfordeling mellom aktørane, god dialog og å sikre at næringa og forvaltninga i stor grad er einige om kva for utfordringar og mogelegheiter som finst i sektoren. Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap når ut til aktørane som treng slik kunnskap på ein rask og effektiv måte. Landbruks- og matdepartementet sine institutt er dei største produsentane av kunnskap som kan vere grunnlag for næringsutvikling og forvaltning innanfor sektoren. Fusjonar og andre organisatoriske endringar for landbruksforskingsinstitutta dei seinare åra har skapt meir faglege og økonomisk robuste miljø. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er nødvendig for å løyse felles utfordringar, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og utnytte forskingsresultat frå andre land. Dette krev internasjonal spisskompetanse i forskingsmiljøa. Noreg bør derfor oppretthalde høg nasjonal aktivitet innanfor landbruks- og matforskinga på utvalde område. Prioriterte innsatsområde for landbruks- og matforskinga er høg og berekraftig produksjon av nok og trygg mat, høg og berekraftig produksjon av skog, klima, innovasjon og konkurranseevne og kunnskapsutvikling for forvaltninga.
Ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning
Ei velfungerande og omstillingsdyktig landbruks- og matforvaltning er avgjerande for å gjennomføre Regjeringa sine mål for landbruks- og matpolitikken. Dei overordna måla for landbruks- og matpolitikken gjer det nødvendig med eit omfattande verkemiddelapparat. Samstundes må måla realiserast mest mogleg effektivt. Det er viktig at dei landbruks- og matpolitiske virkemidla blir utvikla vidare slik at det blir enklare for dei næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles.
Landbruks- og matdepartementet vil vidareutvikle landbruks- og matforvaltninga som ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning som gjennom dialog med andre myndigheiter, organisasjonar og brukarar, og må evne å endre seg i takt med samfunnsutviklinga. Mål- og resultatstyring skal utviklast vidare som eit grunnleggjande prinsipp for departementet si styring, oppfølging og kontroll av landbruks- og matforvaltninga. Departementet vil arbeide for at digitale tenester som forvaltninga tilbyr skal vere moderne og framtidsretta, og tilpassa brukarane og offentleg sektor. Departementet vil føre vidare arbeidet med forenklingar av dei landbruks- og matpolitiske verkemidla.
Samfunnstryggleik og beredskap
Samfunnstryggleik og beredskap er eit viktig område for Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har i 2011 gjennomført ei intern evaluering av departementet si eiga handtering av angrepet mot regjeringskvartalet 22. juli 2011. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har i 2011 gjennomført tilsyn på arbeidet til departementet med samfunnstryggleik og beredskap. Tilsynsrapporten frå DSB og sluttrapporten frå evalueringa av handteringa frå departementet av angrepet mot regjeringskvartalet 22. juli 2011, vil mellom anna danne grunnlag for ein ny revisjon av planverk i departementet.
Sektoransvaret i Landbruks- og matdepartementet for samfunnstryggleik og beredskap er i hovudsak knytt til produksjon av mat og mattryggleik. Samfunnstryggleik og beredskap er viktige moment i styringa frå departementet av dei underliggjande verksemdene.
1.3 Hovudtrekk ved budsjettframlegget
mill. kr | |||
---|---|---|---|
Nemning | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
Programområde 15 Landbruk og mat | |||
15.00 Administrasjon m.m. | 148,0 | 147,7 | -0,2 |
15.10 Matpolitikk | 1 341,7 | 1 377,7 | 2,7 |
15.20 Forsking og innovasjon | 409,5 | 425,9 | 4,0 |
15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 14 708,0 | 15 149,9 | 3,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 16 607,2 | 17 101,2 | 3,0 |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0 |
Sum Landbruk og mat | 16 607,2 | 17 101,2 | 3,0 |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 16 607,2 | 17 101,2 | 3,0 |
Landbruks- og matdepartementet sitt budsjettområde er foreslått auka med 494 mill. kroner, eller 3 pst. samanlikna med saldert budsjett 2012. Hovuddelen av løyvingane over departementet sitt budsjettframlegg går til gjennomføring av næringsavtalane for jordbruk og reindrift. Til saman 14,3 mrd. kroner er foreslått løyvd over næringsavtalane. Dette svarar til om lag 83,6 pst. av Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.
Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Landbruks- og matdepartementet i 2013 er, i tråd med Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken:
Fortsette arbeidet for sikker og trygg mat.
Auka løyvingar over jordbruksavtalen.
Auka satsing på forsking og innovasjon innan landbruks- og matsektoren.
Regjeringa foreslår løyvingar under kategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 15,1 mrd. kroner. Dette svarar til ei auke på 441,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2012. Årets jordbruksavtale har ei ramme på 900 mill. kroner, av dette er om lag 454 mill. kroner foreslått som ei løyvingsauke i 2013, jf. Prop. 122 S (2011-2012) Jordbruksoppgjøret 2012. I den auka løyvinga inngår ei ekstraordinær løyving på 275 mill. kroner til Landbrukets utviklingsfond. I jordbruksoppgjøret blei det òg lagt til grunn auka målprisar. Virkemidla under jordbruksavtalen bidreg til å gi næringa eit betydeleg inntektsløft og ein forsterka distriktsprofil.
Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på 1 337,5 mill. kroner. Dette er ei auke på 36 mill. kroner. Arbeidet med å sikre trygg mat i hele matproduksjonskjeden fortset. Gjennom budsjettforslaget legg Landbruks- og matdepartementet opp til at det løpande arbeidet med effektivisering, omstilling og forenkling blir ført vidare.
Regjeringa foreslår eit budsjett på 425,9 mill. kroner under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon. Den samla forskings- og utviklingsaktiviteten er foreslått auka med 16,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012. Det blir lagt opp til ei satsing for å auke matproduksjonen, tilpasse produksjonen til eit endra klima og auke konkurranseevna i næringsmiddelindustrien. Regjeringa vil vidareføre forskingssatsinga på fornybar energi og klima på om lag same nivå. Det same gjeld forsking som bidreg til berekraftig skogbruk og auka bruk av tre med sikte på varig binding av karbon og miljøgevinstar ved at tre erstattar materiale som gir meir klimautslepp.
1.4 Oversiktstabellar
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
01-24 | Driftsutgifter | 1 580 813 | 1 535 641 | 1 585 498 | 3,2 |
30-49 | Investeringar | 9 163 | 9 553 | 9 773 | 2,3 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskap | 1 929 332 | 1 770 388 | 2 182 293 | 23,3 |
60-69 | Overføringar til kommunesektoren | 122 371 | 126 118 | 130 154 | 3,2 |
70-89 | Overføringar til private | 12 462 055 | 13 165 493 | 13 193 473 | 0,2 |
Sum under departementet | 16 103 734 | 16 607 193 | 17 101 191 | 3,0 |
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
Administrasjon m.m. | |||||
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 145 544 | 147 952 | 147 714 | -0,2 |
Sum kategori 15.00 | 145 544 | 147 952 | 147 714 | -0,2 | |
Matpolitikk | |||||
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 168 214 | 167 783 | 162 990 | -2,9 |
1115 | Mattilsynet | 1 220 877 | 1 173 952 | 1 214 719 | 3,5 |
Sum kategori 15.10 | 1 389 091 | 1 341 735 | 1 377 709 | 2,7 | |
Forsking og innovasjon | |||||
1137 | Forsking og innovasjon | 402 771 | 409 514 | 425 898 | 4,0 |
Sum kategori 15.20 | 402 771 | 409 514 | 425 898 | 4,0 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 37 243 | 29 126 | 30 087 | 3,3 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 40 065 | 37 670 | 38 913 | 3,3 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 118 112 | 118 112 | 122 010 | 3,3 |
1143 | Statens landbruksforvaltning | 355 012 | 348 386 | 357 850 | 2,7 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 5 697 | 6 592 | 6 810 | 3,3 |
1147 | Statens reindriftsforvaltning | 61 020 | 61 787 | 63 744 | 3,2 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 95 008 | 150 000 | 117 200 | -21,9 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | 87 081 | 73 248 | 75 665 | 3,3 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 13 241 885 | 13 759 102 | 14 210 397 | 3,3 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 103 236 | 102 000 | 104 500 | 2,5 |
1161 | Statskog SF – forvaltningsdrift | 21 969 | 21 969 | 22 694 | 3,3 |
Sum kategori 15.30 | 14 166 328 | 14 707 992 | 15 149 870 | 3,0 | |
Sum utgifter | 16 103 734 | 16 607 193 | 17 101 191 | 3,0 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
Administrasjon m.m. | |||||
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 4 146 | 103 | 106 | 2,9 |
Sum kategori 15.00 | 4 146 | 103 | 106 | 2,9 | |
Matpolitikk | |||||
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 18 656 | 18 850 | 18 893 | 0,2 |
4115 | Mattilsynet | 142 063 | 127 024 | 129 945 | 2,3 |
Sum kategori 15.10 | 160 719 | 145 874 | 148 838 | 2,0 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
4138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 7 572 | |||
4143 | Statens landbruksforvaltning | 43 985 | 36 726 | 37 718 | 2,7 |
4147 | Statens reindriftsforvaltning | 1 179 | 37 | 38 | 2,7 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 58 316 | 27 700 | 59 520 | 114,9 |
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 10 000 | 50 000 | 400,0 | |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 794 777 | 242 000 | 125 000 | -48,3 |
Sum kategori 15.30 | 905 829 | 316 463 | 272 276 | -14,0 | |
Forretningsdrift | |||||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 13 450 | 5 000 | 5 000 | 0,0 |
5652 | Renter og utbytte – Statskog SF | 36 010 | 29 900 | 72 300 | 141,8 |
Sum kategori 15.40 | 49 460 | 34 900 | 77 300 | 121,5 | |
Sum inntekter | 1 120 154 | 497 340 | 498 520 | 0,2 |
1.5 Oppmodingsvedtak
Det er inga oppmodingsvedtak på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjettområde.
1.6 Oversikt over stikkordet «kan overførast»
**Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2012 | Forslag 2013 |
1100 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 1 033 | |
1115 | 23 | eSporingsløysinga | 6 456 | 3 099 |
1138 | 70 | Støtte til organisasjonar | 150 | 24 737 |
1138 | 71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar | 3 762 | 5 350 |
1139 | 70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak | 1 541 | 17 293 |
1139 | 71 | Tilskott til genressursforvaltning | 4 476 | 21 620 |
1143 | 70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren | 772 | 373 |
1144 | 77 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 1 590 | 6 810 |
1147 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 235 | 9 198 |
1147 | 82 | Radioaktivitetstiltak | 725 | 2 500 |
1149 | 71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket | 81 503 | 2 286 |
1149 | 72 | Tilskott til auka bruk av tre | 28 000 | |
1149 | 73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak | 42 000 | |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 209 400 | |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 33 009 | 8 341 500 |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 587 | 235 590 |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 1 608 854 | |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 8 846 | 62 400 |
1151 | 79 | Velferdsordningar | 1 900 |
Kap. 1149 post 71 er i forslaget for 2013 delt på tre postar.