Del 4
Særskilde tema
10 Sektorovergripande miljøpolitikk
Det er ei kontinuerleg oppgåve for styresmaktene å sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet blir innretta mot å nå nasjonale miljøpolitiske mål og at det gir positive miljøeffektar. Norsk landbruk forvaltar store deler av norsk natur, gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og anna aktivitet. For å unngå utarming av naturen og for å sikre at dagens befolkning og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv og drivast på ein miljømessig berekraftig måte.
Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er difor ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Departementet sin miljøstrategi for perioden 2008-2015 legg vekt på korleis departementet kan styrkje og utvikle miljøinnsatsen i landbruket, og med dette følgje opp miljøpolitikken til regjeringa.
Sidan landbrukets miljøpåverking avheng av ei rekke samanhengar i naturen og sjølvstendige val gjort av bøndene om produksjonsvolum, metodar, bruk av gjødsel osv, er det vanskeleg å setje miljømål som lèt seg måle i naturen, og samstundes isolere effektane av tiltak frå andre prosessar og forhold. Det blir arbeidd med å utvikle rapporteringa på miljøresultat i landbruket vidare, blant anna med indikatorar som måler effekt av tiltak og verkemiddel. Ei gruppe som blei nedsett av partane i jordbruksavtalen i 2011 har utarbeidd eit forslag til ny rapporteringsstruktur for miljøprogramsatsinga i jordbruket som omfattar miljøtema, programmål og indikatorar. Landbruks- og matdepartementet tek råda i rapporten med i det vidare arbeidet med mål- og resultatstyring, i samband med oppfølginga av Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks og matpolitikken.
Resultatet frå miljøarbeidet i landbruks- og matsektoren er nærmare omtalt under kat. 15.20 Forsking og innovasjon, kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak, og under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. Det blir òg vist til informasjon om oppnådde resultat i Prop. 122 S (2011-2012) Jordbruksoppgjøret 2012 og SSB-rapport 2011/43 Jordbruk og miljø – tilstand og utvikling 2011.
Bevaring av mangfald og friluftsliv i naturen
I miljøstrategien har departementet slått fast at det er eit mål at kulturlandskapet og verdifulle naturverdiar skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det er òg eit mål at det blir lagt til rette for at verkemidla i naturmangfaldloven kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Systema som er bygde opp med Nasjonalt miljøprogram, Regionale miljøprogram (RMP), Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og obligatorisk miljøplan, bidreg til dette. I tillegg kjem verkemiddel knytt til Utvalde kulturlandskap i jordbruket, dei norske verdsarvområda, kulturminne m.m.
Departementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av landbrukets genetiske ressursar gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet.
Gjennom skogpolitikken står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og landskogtakseringa sentralt, i tillegg til FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald. Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to sentrale tilnærmingar for å ta vare på naturmangfaldet i skogen.
Eit sterkt jordvern er viktig for nasjonal sjølvforsyning av mat og bevaring av landbruksavhengig biologisk mangfald. Bevaring av jordsmonnet er òg særs viktig i klimasamanheng på grunn av karboninnhaldet i jorda. Regjeringa sitt mål om ei årlig omdisponering på maksimalt 6 000 dekar er eit viktig bidrag til å sikre eit sterkt og langsiktig jordvern.
Areal og vegar i landbruket er viktige for friluftsliv og grønt reiseliv. Det er derfor eit mål at behova til landbruksnæringa og friluftslivet blir kombinerte. Eit tettare samarbeid mellom landbruk, kommunar og frivillige organisasjonar om utforminga av vegar og stigar og vidareutvikling av friluftslivstilbod i kulturlandskap, skog og utmark står sentralt.
Bevaring og bruk av kulturminne
Jordbruket sitt kulturlandskap inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, og landbruket er ein viktig formidlar av kultur gjennom framhald av kunnskap om tradisjonell byggeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkkompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta (for eksempel pløying, grøfting og nydyrking) kan vere ein trussel mot kulturminne. Spesielt gjeld dette automatisk freda kulturminne, både dei ein finn over og under bakkenivå. Landbrukets bygningar representerer store bruksressursar, men òg vesentlege utfordringar knytt til å sikre og auke bruken, finne gode løysningar ved endringsbehov og sikre nødvendig vedlikehald.
Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Det har blitt etablert fleire ordningar som bidreg til ivaretaking av kulturminne dei siste tiåra. Ivaretaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlane, og det finst eigne midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket som bidreg til bevaring og bruk av kulturminne.
Reint hav og vatn og eit giftfritt miljø
Tidligare utsleppsproblem frå gjødsellager og siloar er i stor grad løyst, og fosforbruken i landbruket er langt betre tilpassa plantenes opptak no enn tidligare. Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala held fram og er ei utfordring for vasskvalitet i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintre med kortare frostperiodar har medverka til å auke utfordringa knytt til avrenning. I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksstyresmaktene på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp ansvaret, mellom anna med iverksetting av nødvendige tiltak i landbruket. Det blir òg gjort ein innsats for å kvalitetssikre kunnskap med omsyn til effektar og kostnader av tiltak innan landbrukssektoren.
Kjemiske plantevernmiddel kan ha uønskja effektar på helse og miljø. Ein ny handlingsplan for perioden 2010-2014 vidarefører tidligare fastlagde mål om redusert bruk og risiko ved plantevernmiddel.
Regjeringa har som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2020, jf. Soria Moria-erklæringa. Satsinga på dette området skjer med utgangspunkt i handlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet Økonomisk, agronomisk – økologisk! Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje den økologisk produksjonen.
Eit stabilt klima og rein luft
I 2009 la Regjeringa fram St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Meldinga viser korleis landbruks- og matsektoren må tilpasse seg klimaendringar og kan bidra til å redusere klimagassutslepp. Meldinga følgjast opp i Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk.
Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til å minke klimagassutsleppa, minke behovet for handelsgjødsel og eit betre vassmiljø. Endra jordarbeiding (redusert haustpløying) og meir miljøvenleg handtering av husdyrgjødsel er sentrale tiltak som både minkar klimagassutslepp og betrar vassmiljøet.
I dag er det nokre få gardsbaserte anlegg for biogass i drift i Noreg. Dette motsvarer bruk av ca 1 pst. av gjødsla. Investeringsstøtte og meir forsking er viktig for å auke produksjonen av biogass og dermed senke utsleppa av klimagass frå norsk jordbruk.
Bioenergi frå skogen er eit viktig bidrag til Regjeringa sitt mål om inntil 14 TWh fornybar energi innan 2020. Mykje av skogen som kan bli teken ut i dei næraste 40-50 åra ligg i område med dårleg vegdekning og vanskelege driftsforhold. Eit lønsamt skogbruk og satsing på bioenergi krev god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr. Auka bruk av tremateriale kan erstatte meir klimabelastande byggemateriale.
Skog og skogforvaltning er eit sentralt tema i forhandlingane om eit nytt internasjonalt klimaregime, og Landbruks- og matdepartementet deltok òg i 2011 i den norske forhandlingsdelegasjonen til møte under klimakonvensjonen (UNFCCC). Noreg er òg ein pådrivar for internasjonalt samarbeid om berekraftig skogforvaltning.
Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar
Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing, og til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre oppgåvene med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar i departementet. I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. Landbruks- og matdepartementet vil bruke miljøkriteria til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i anskaffingar der det er etablert verktøy for dette, og elles følgje opp bruk av desse i anskaffingar på område der departementet deltek i fellesavtalar i regjeringskvartalet. Departementet deltek i eit felles prosjekt som har til formål å implementere eit felles EMAS-registrert miljøleiingssystem i regjeringskvartalet. Dette skal vere gjennomført i løpet av 2012. Det er etablert fleire møterom til bruk for telefonkonferansar, noko som er med på å redusere reiseverksemda. I forbindelse med flytting til nye lokale i 2012 vil det bli innført tekniske tiltak for å redusere mengda av uavhenta utskrifter for å redusere bruken av papir. Departementet har teke i bruk alle returordningane for avfall som finst i regjeringskvartalet. Landbruks- og matdepartementet er òg pådrivar overfor eksterne tenesteleverandørar når det gjeld miljøomsyn.
11 Likestilling
Næringslivet er avhengig av nyskaping og av at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er eit mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha same moglegheiter til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar.
Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte ved tildeling av midlar til bygdeutvikling (BU-midlar), og kvinner har i det seinare markert seg positivt innanfor etablering av nye bygdenæringar i landbruket og økologisk landbruk. Det er òg verdt å merke seg at kvinner i landbruket i dag har lengre utdanning og større lønnsinntekt utanfor garden enn menn.
Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 ligg til grunn for næringa sitt arbeid med likestilling. Strategien har mål om 40 pst. kvinneleg representasjon både når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.
Regjeringa sin Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Landbruks- og matdepartementet har bede Innovasjon Noreg arbeide for ein vekst i delen kvinner innanfor selskapets program og tenester der det er aktuelt. Innovasjon Noreg skal vidare arbeide for å auke delen kvinner i styrer og leiing for verksemder som mottek støtte og framskaffe relevant statistikk for utviklinga innanfor aktuelle område. Ei midtvegsevaluering av handlingsplanen utarbeidd av NIFU i juni 2011, viser at departementa og verkemiddelapparatet har følgt opp planen godt.
Kvinner eig i dag 25 pst. av alle landbrukseigendomar. Kvinner driver og eig ofte dei mindre gardsbruka. Landbruksteljinga frå 2010 viser at menn eig 80,4 pst. av jordbruksbedriftene, mens 13,5 pst. er eigd av kvinner. Andre eigarformer er upersonlege og utgjer 6 pst. av jordbruksbedriftene. For skogareal er tendensen om lag den same. Menn eig 61,2 pst. av det produktive arealet, mens 17,8 pst. er eigd av kvinner og 21,1 pst. er upersonlege eigarar.
Det har vore ei positiv utvikling i delen etablerartilskott og BU-midlar som går til kvinner de seinare åra. I 2011 var kvinnedelen på 48 pst. for bygdeutviklingsmidla og 74 pst. for etablererstipendene. Kvinnedelen av BU-midlar som går til tradisjonelt landbruk er tilnærmet 40 pst, mens kvinnedelen av tildelt beløp for bygdenæringar auka frå 58 pst. i 2010 til 70 pst. Trendundersøkingar viser ein forholdsvis høg kvinnedel i næringar som Inn på tunet, gardsturisme/grønt reiseliv og økologisk drift. Det blir arbeidd med eit betre dokumentasjonsgrunnlag for utviklinga i desse næringane generelt.
Som ein del av satsinga for å rekruttere ungdom inn i næringa, har avtalepartane sett av 4,5 mill. kroner til eit treårig nasjonalt prosjekt Velg landbruk. Prosjektet skal arbeide for å styrkje rekrutteringa til landbruksutdanning på alle nivå. Prosjektansvar er lagt til Noregs Bondelag. Prosjektet blir sett i samanheng med andre midlar til rekruttering og kompetanse i landbruket.
Fylkeskommunane får 20 mill. kroner til arbeid med rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Ordninga skal tilpassast regionale utfordringar på området både innan tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Den fylkesvise fordelinga av midlane er basert på den same fordelingsnøkkelen som blir nytta for de fylkesvise BU-midlane.
Midlane blir forvalta med bakgrunn i regionale strategiar for landbruksbasert næringsutvikling, og fylkeskommunanes strategi- og plandokument på området. Enkelte fylke har utarbeidd eigne strategiar og handlingsplanar for bruken av midlane regionalt.
I 2011 er tilskottsmidlane hovudsakleg nytta til kompetansehevande kurs og tiltak av kortare varigheit innan det tradisjonelle landbruket og bygdenæringane. Det er òg tildelt midlar til tiltak for å auke rekrutteringa til næringa og til vidaregåande opplæring og vaksenopplæring innan naturbruksfag.
Arbeidet med likestilling i reindrifta krev innsats frå fleire aktørar. Dette gjeld både frå det offentlege ved utforming av virkemiddel, frå næringa sjølv og frå næringsorganisasjonen. I 2010 var det til saman 70 kvinnelege innehavarar av siidaandelar. Dette utgjer 13 pst. av totalen på 538 siidaandelar. Kvinnene som står oppført med rein i melding om reindrift eig 25 pst. av det totale reintalet. Det er blitt etablert ulike ordningar for å styrkje likestillinga i reindrifta, for eksempel gjennom høgare tilskott til siidaandeler der ei kvinne står som einaste leiar, tilskott ved avløysing ved svangerskap/fødsel, ektefelle-/sambuartillegg og innrettinga av fagbrevordninga. I tillegg er det kvart år sett av midlar til kvinneretta tiltak over reindriftsavtalen som blir forvalta av Reindriftsforvaltninga.
Avtalepartane ser det som viktig at man framleis nyttar ulike verkemiddel for å oppnå auka likestilling i reindrifta. Sjølv om eit slikt arbeid må bli sett i et meir langsiktig perspektiv, er det viktig at det blir arbeidd kontinuerleg med målrettea tiltak. Dei øyremerka kvinneretta midlane gir moglegheiter for et slikt arbeid. Reindriftsforvaltninga skal gå gjennom retningslinjene for bruk av kvinnemidlane. Retningslinjene vil bli behandla av styret for Reindriftas utviklingsfond (RUD). Dei nye retningslinjene skal danne grunnlaget for bruk av dei framtidige kvinneretta midlane.
Partane avtaler oppfølgingstiltak mellom anna med bakgrunn i bl.a. rapporten Likestilling i reindriften.
For omtale av likestilling i forvaltninga, sjå del III.
12 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder
Statskog SF
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, adm. dir. | 1 172 000 |
Pensjonsutgifter | 156 000 |
Anna godtgjersle1 | 136 000 |
1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser
Staur Gård AS
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, dagleg leiar | 701 043 |
Pensjonsutgifter | 81 144 |
Elektronisk kommunikasjon | 6 000 |
13 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder)
Frå og med statsbudsjettet for 2010 har departementet presentert standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilte fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for. Dette gjeld følgjande verksemder:
Veterinærinstituttet
Bioforsk
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
Norsk institutt for skog og landskap
Hensikta med nøkkeltala er i første rekke å forbetre kontroll og innsyn frå Stortinget og regjeringa ved å presentere same type informasjon som blir gitt for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår, samt rekneskapstala for dei tre siste åra. Nærmare omtale av status for den enkelte verksemda går fram av kap. 1137 post 51.
Kort beskriving av tabellmaterialet
Tabell 1 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.
Tabell 2 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ein oversikt over dei ulike inntektskjeldene.
Tabell 3 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetninga av overføringane.
Det kan vere gjort omklassifiseringar mellom rekneskapslinjer samanlikna med det som er presentert i tidlegare års fagproposisjonar, fordi noen av forvaltningsorgana med særskilte fullmakter i løpet av 2011 har gått over til å føre rekneskapa etter dei statlege anbefalte rekneskapsstandardane (SRS).
Veterinærinstituttet
Tabell 13.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 197 527 | 207 158 | 208 456 | 214 469 |
Varer og tenester | 123 098 | 118 469 | 147 703 | 153 399 |
Sum driftsutgifter | 320 625 | 325 627 | 356 159 | 367 868 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 25 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 25 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 320 625 | 325 652 | 356 159 | 367 868 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 170 671 | 165 741 | 192 956 | 212 918 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | |
Refusjonar | 7 580 | 9 575 | 10 001 | 4 597 |
Andre driftsinntekter | 4 177 | 16 235 | 9 507 | 0 |
Sum driftsinntekter | 182 428 | 191 551 | 212 464 | 217 515 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 134 172 | 145 663 | 147 320 | 150 915 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 | 0 | |
Sum overføringsinntekter | 134 172 | 145 663 | 147 320 | 150 915 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 72 | -4 | 18 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 72 | -4 | 18 | 0 |
Sum inntekter | 316 672 | 337 210 | 359 802 | 368 431 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | - 3 953 | 11 558 | 3 643 | 563 |
Tabell 13.2 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 83 845 | 91 033 | 88 897 | 89 306 |
Løyvingar frå andre departement | 37 900 | 39 115 | 40 487 | 42 240 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 12 427 | 15 515 | 17 936 | 19 369 |
Sum løyvingar | 134 172 | 145 663 | 147 320 | 150 915 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 4 293 | 3 760 | 5 993 | 12 886 |
Sum bidrag | 4 293 | 3 760 | 5 993 | 12 886 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 103 290 | 73 557 | 94 597 | 95 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre inntekter1 | 74 917 | 114 230 | 111 892 | 109 630 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 178 207 | 187 787 | 206 489 | 204 630 |
Sum inntekter | 316 672 | 337 210 | 359 802 | 368 431 |
1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 13.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2009-2011
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | 2010 til 2011 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 62 592 | 74 150 | 77 793 | 3 643 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | |
Andre kontantbehaldningar | 10 | 10 | 10 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 62 602 | 74 160 | 77 803 | 3 643 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 17 162 | 18 107 | 18 738 | 631 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 16 623 | 16 846 | 16 805 | -41 |
Gjeld til leverandørar | 1 793 | 5 617 | 9 272 | 3 655 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 20 196 | 22 472 | 19 267 | -3 205 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 766 | 86 | 78 | -8 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 56 540 | 64 128 | 64 160 | 1 032 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 0 | 4 211 | 3 625 | -586 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 1 650 | 1 650 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 4 211 | 5 275 | 1 064 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ ikkje spesifiserte formål | 919 | 738 | 738 | 0 |
Fri verksemdskapital | 4 066 | 6 133 | 7 627 | 1 494 |
Sum andre avsetningar | 4 985 | 6 871 | 8 365 | 1 494 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 1 077 | -50 | 3 | 53 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 1 077 | -50 | 3 | 53 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 62 602 | 74 160 | 77 803 | 3 643 |
Bioforsk
Tabell 13.4 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 215 781 | 240 537 | 231 758 | 241 028 |
Varer og tenester | 169 430 | 195 223 | 156 370 | 161 061 |
Sum driftsutgifter | 385 211 | 435 760 | 388 128 | 402 089 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | -405 | 39 013 | 17 197 | 15 000 |
Sum investeringsutgifter | -405 | 39 013 | 17 197 | 15 000 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 35 331 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 35 331 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | -645 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 357 | 7 | 21 | 0 |
Sum finansielle utgifter | -288 | 7 | 21 | 0 |
Sum utgifter | 384 518 | 474 780 | 440 677 | 417 089 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 214 923 | 256 506 | 279 054 | 260 000 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 6 610 | 0 |
Andre driftsinntekter | 3 242 | 3 366 | 8 | 20 000 |
Sum driftsinntekter | 218 165 | 259 872 | 285 672 | 280 000 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 167 822 | 173 703 | 164 109 | 175 000 |
Andre innbetalingar | 37 758 | 4 969 | 59 | 9 000 |
Sum overføringsinntekter | 205 580 | 178 672 | 164 168 | 184 000 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 106 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 106 | 0 |
Sum inntekter | 423 745 | 438 544 | 449 946 | 464 000 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 39 227 | -36 236 | 9 269 | 46 911 |
Tabell 13.5 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 130 636 | 87 683 | 83 579 | 86 000 |
Løyvingar frå andre departement | 840 | 810 | 44 861 | 840 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 105 154 | 113 046 | 115 505 | 120 000 |
Sum løyvingar | 236 630 | 201 539 | 243 945 | 206 840 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 12 257 | 24 687 | 17 221 | 25 000 |
Sum bidrag | 12 257 | 24 687 | 17 221 | 25 000 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 56 875 | 62 870 | 76 205 | 76 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 21 150 | 25 850 | 10 191 | 25 000 |
Oppdrag frå private | 91 810 | 117 450 | 91 040 | 125 000 |
Andre inntekter1 | 5 023 | 6 148 | 11 344 | 6 160 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 174 858 | 212 318 | 188 780 | 232 160 |
Sum inntekter | 423 745 | 438 544 | 449 946 | 464 000 |
1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 13.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2009-2011
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | 2010 til 2011 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 138 003 | 106 257 | 109 195 | 2 938 |
Behaldning på andre bankkonti | -76 | -4 566 | 1 748 | 6 314 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 18 | 18 | |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 137 927 | 101 691 | 110 961 | 9 270 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 24 760 | 20 423 | 21 388 | 965 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 478 | 3 394 | 16 898 | 13 504 |
Gjeld til leverandørar | 43 643 | 34 760 | 34 055 | -705 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 70 881 | 58 577 | 72 341 | 13 764 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 18 550 | 13 806 | 14 193 | 387 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 12 943 | 17 901 | 13 033 | -4 868 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 510 | 510 | 510 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 32 003 | 32 217 | 27 736 | -4 481 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 34 812 | 10 884 | 10 884 | 0 |
Sum andre avsetningar | 34 812 | 10 884 | 10 884 | 0 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 231 | 13 | 0 | -13 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 231 | 13 | 0 | -13 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 137 927 | 101 691 | 110 961 | 9 270 |
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
Tabell 13.7 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 37 236 | 40 647 | 41 575 | 44 833 |
Varer og tenester | 11 925 | 11 332 | 10 028 | 11 511 |
Sum driftsutgifter | 49 161 | 51 979 | 51 603 | 56 344 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 438 | 0 | 158 | 0 |
Sum investeringsutgifter | 438 | 0 | 158 | 0 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre utbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsutgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 3 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 3 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 49 599 | 51 982 | 51 761 | 56 344 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 15 123 | 15 876 | 17 648 | 21 163 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre driftsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum driftsinntekter | 15 123 | 15 876 | 17 648 | 21 163 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 33 435 | 34 889 | 35 628 | 35 781 |
Andre innbetalingar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum overføringsinntekter | 33 435 | 34 889 | 35 628 | 35 781 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum inntekter | 48 558 | 50 765 | 53 276 | 56 944 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | - 1 041 | -1 217 | 1 515 | 600 |
Tabell 13.8 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 22 909 | 23 481 | 23 142 | 23 141 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 10 526 | 11 408 | 12 486 | 12 640 |
Sum løyvingar | 33 435 | 34 889 | 35 628 | 35 781 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 0 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum bidrag | 0 | 0 | 0 | 0 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 12 233 | 11 864 | 12 072 | 13 063 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 28 | 88 | 330 | 0 |
Oppdrag frå private | 1 889 | 3 132 | 5 082 | 7 400 |
Andre inntekter1 | 973 | 792 | 164 | 700 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 15 123 | 15 876 | 17 348 | 21 163 |
Sum inntekter | 48 558 | 50 765 | 53 276 | 56 944 |
1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 13.9 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2009-2011
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | 2010 til 2011 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 22 913 | 21 696 | 23 211 | 1 515 |
Behaldning på andre bankkonti | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 22 913 | 21 696 | 23 211 | 1 515 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | ||||
Feriepengar mv. | 4 907 | 4 891 | 4 846 | -45 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 2 641 | 2 734 | 3 316 | 582 |
Gjeld til leverandørar | 940 | 1 131 | 655 | -476 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 1 256 | -1 580 | 1 709 | 3 289 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | -2 540 | -1 235 | -3 498 | -2 263 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 7 204 | 5 940 | 7 028 | 1 088 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 0 | 0 | 0 | 0 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 0 | 0 | 0 | 0 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 0 | 0 | 0 | 0 |
Fri verksemdskapital | 14 019 | 14 412 | 15 122 | 710 |
Sum andre avsetningar | 14 019 | 14 412 | 15 122 | 710 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 1 690 | 1 344 | 1 061 | -283 |
Sum langsiktig gjeld | 1 690 | 1 344 | 1 061 | - 283 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 22 913 | 21 696 | 23 211 | 1 515 |
Norsk institutt for skog og landskap
Tabell 13.10 Utgifter og inntekter fordelt etter art
Utgifter/inntekter | (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
1. Utgifter | ||||
Driftsutgifter | ||||
Lønnsutgifter | 120 238 | 134 958 | 138 110 | 146 000 |
Varer og tenester | 60 026 | 55 264 | 53 559 | 59 204 |
Sum driftsutgifter | 180 264 | 190 222 | 191 669 | 205 204 |
Investeringsutgifter | ||||
Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald | 4 643 | 2 887 | 4 938 | 5 000 |
Sum investeringsutgifter | 4 643 | 2 887 | 4 938 | 5 000 |
Overføringar frå verksemda | ||||
Utbetalingar til andre statlege rekneskap | 10 847 | 8 614 | 2 601 | 7 000 |
Andre utbetalingar | 4 001 | 5 373 | 6 760 | 6 300 |
Sum overføringsutgifter | 14 848 | 13 987 | 9 361 | 13 300 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Kjøp av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum finansielle utgifter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum utgifter | 199 755 | 207 096 | 205 968 | 223 504 |
2. Inntekter | ||||
Driftsinntekter | ||||
Inntekter frå sal av varer og tenester | 23 210 | 41 236 | 26 949 | 34 500 |
Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Refusjonar | 1 090 | 995 | 981 | 0 |
Andre driftsinntekter | 561 | 666 | 1 287 | 1 500 |
Sum driftsinntekter | 24 861 | 42 897 | 29 217 | 36 000 |
Investeringsinntekter | ||||
Sal av varige driftsmiddel | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum investeringsinntekter | 0 | 0 | 0 | 0 |
Overføringar til verksemda | ||||
Inntekter frå statlege løyvingar | 170 242 | 177 241 | 184 079 | 171 904 |
Andre innbetalingar | 4 937 | 5 459 | 11 093 | 14 500 |
Sum overføringsinntekter | 175 179 | 182 700 | 195 172 | 186 404 |
Finansielle aktivitetar | ||||
Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Andre finansielle inntekter | 0 | 0 | 61 | 0 |
Sum finansielle inntekter | 0 | 0 | 61 | 0 |
Sum inntekter | 200 040 | 225 597 | 224 450 | 222 404 |
Sum nettoendring i kontantbehaldninga | 285 | 18 501 | 18 482 | -1 100 |
Tabell 13.11 Inntekter etter inntektskjelde
Inntektskjelde | Rekneskap (i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | Budsjett 2012 | |
Løyvingar til finansiering av statsoppdraget | ||||
Løyvingar frå fagdepartement | 106 657 | 113 170 | 132 868 | 115 448 |
Løyvingar frå andre departement | 0 | 400 | 400 | 0 |
Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan | 26 774 | 25 631 | 10 057 | 17 100 |
Tildelingar frå Noregs forskingsråd | 36 811 | 38 039 | 40 754 | 39 356 |
Sum løyvingar | 170 242 | 177 240 | 184 079 | 171 904 |
Offentlege og private bidrag | ||||
Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar | 0 | 0 | 1 546 | 0 |
Bidrag frå private | 0 | 0 | 4 816 | 0 |
Tildelingar frå internasjonale organisasjonar | 4 937 | 5 449 | 4 731 | 14 500 |
Sum bidrag | 4 937 | 5 449 | 11 093 | 14 500 |
Oppdragsinntekter mv. | ||||
Oppdrag frå statlege verksemder | 11 454 | 26 642 | 20 438 | 26 000 |
Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder | 5 555 | 38 | 528 | 0 |
Oppdrag frå private | 6 579 | 10 622 | 6 224 | 8 500 |
Andre inntekter1 | 1 273 | 5 596 | 2 088 | 1 500 |
Sum oppdragsinntekter mv. | 24 861 | 42 898 | 29 278 | 36 000 |
Sum inntekter | 200 040 | 225 587 | 224 450 | 222 404 |
1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar
Tabell 13.12 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2008-2010
Rekneskapspost | Rekneskap (i 1 000 kr) | Endring | ||
---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 31.12.2010 | 31.12.2011 | 2009 til 2010 | |
Kontantbehaldning | ||||
Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank | 48 171 | 66 593 | 88 669 | 22 076 |
Behaldning på andre bankkonti | 3 545 | 3 623 | 0 | -3 623 |
Andre kontantbehaldningar | 0 | 0 | 29 | 29 |
Sum kontantar og kontantekvivalentar | 51 716 | 70 216 | 88 698 | 18 482 |
Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår1 | ||||
Feriepengar mv. | 10 435 | 11 442 | 11 547 | 105 |
Skattetrekk og offentlege avgifter | 9 745 | 9 406 | 10 281 | 875 |
Gjeld til leverandørar | 8 419 | 9 335 | 11 548 | 2 213 |
Gjeld til oppdragsgjevarar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår | 0 | 0 | 2 795 | 2 795 |
Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår | 28 599 | 30 183 | 36 171 | 5 988 |
Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår | ||||
Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd | 1 635 | 5 353 | 3 719 | -1 634 |
Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement | 21 782 | 19 990 | 19 529 | -461 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet | 7 898 | 10 804 | 9 261 | -1 543 |
Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang | 6 334 | 13 741 | 14 389 | 648 |
Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av -løyvingar frå andre departement | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår | 37 649 | 49 888 | 46 898 | -2 990 |
Andre avsetningar | ||||
Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål | 2 000 | 2 000 | 5 283 | 3 283 |
Fri verksemdskapital1 | -16 532 | -11 855 | 346 | 12 201 |
Sum andre avsetningar | -14 532 | - 9 855 | 5 629 | 15 484 |
Langsiktig gjeld (netto) | ||||
Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar | 0 | 0 | 0 | 0 |
Anna langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum langsiktig gjeld | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum nettogjeld og forpliktingar | 51 716 | 70 216 | 88 698 | 18 482 |
1 Tal for 2010 er noko omgrupperte samanlikna med tilsvarande tabell i Meld. St. 3 (2010-2011). Tala samsvarar med tabellari Landbruks- og matdepartementet sin fagproposisjon til Prop. 1 S (2011-2012).