Del 2
Budsjettframlegg
2 Nærmare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 145 544 | 147 952 | 147 714 | -0,2 |
Sum kategori 15.00 | 145 544 | 147 952 | 147 714 | -0,2 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 4 146 | 103 | 106 | 2,9 |
Sum kategori 15.00 | 4 146 | 103 | 106 | 2,9 |
Mål
Departementet sitt ansvarsområde dekker heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima, miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Departementet legg stor vekt på samordning med andre sektorar for ei best mogleg tilpassing av politikken.
Landbruks- og matdepartementet vil vidareutvikle landbruks- og matforvaltninga som ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning. Forvaltninga må, gjennom dialog med organisasjonar, brukarar og andre myndigheiter, vere i stand til å endre seg i takt med samfunnsutviklinga.
Sjå óg omtale under del III, kap. 9.
Forenkling, effektiv ressursbruk og brukarvenlegheit
Det er viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir utvikla på ein slik måte at dei blir enkle å bruke for næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles. Landbruks- og matdepartementet vil arbeide for at digitale tenester som forvaltninga og instituttsektoren tilbyr skal vere effektiv, moderne, framtidsretta og tilpassa både brukarar og offentleg sektor. Departementet vil vidareføre arbeidet med å forenkle dei landbruks- og matpolitiske verkemidla. Departementet arbeider òg med forenklingar og endringar i jordskiftelova, jordlova, reindriftslova og naturskadelova.
Betre system for samfunnstryggleik og auka beredskap
Samfunnstryggleik og beredskap er viktige område for Landbruks- og matdepartementet. Departementet har beredskapsplanar som blir justerte med jamne mellomrom og etter alvorlege hendingar, slik at dei til ei kvar tid er ein god reiskap for handtering av kriser og uønskja hendingar.
Landbruks- og matdepartementet gjennomførte i 2011 ei intern evaluering av departementet si handtering av angrepet mot regjeringskvartalet 22. juli 2011. Rapporten har to delar, ein erfaringsrapport og ein sluttrapport. Erfaringsrapporten presenterer funn frå evalueringa, mens sluttrapporten inneheld vurderingar og forslag til tiltak basert på evalueringa. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har i 2011 gjennomført tilsyn av departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Tilsynsrapporten frå DSB og sluttrapporten frå evalueringa av departementet si handtering av angrepet mot regjeringskvartalet 22. juli 2011, dannar grunnlaget for arbeid med revisjon av planverk i departementet.
Sektoransvaret til Landbruks- og matdepartementet innanfor samfunnstryggleik og beredskap er i hovudsak knytt til produksjon av mat og mattryggleik. Samfunnstryggleik og beredskap er viktig i departementet si styring av dei underliggjande verksemdene, og det blir mellom anna sett konkrete krav til verksemdene i tildelingsbreva.
Betre kommunikasjon med brukarane og meir openheit
Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd om landbruks- og matpolitikken for å skape debatt og legitimitet i samfunnet. Ny kunnskap og informasjon skal raskt gjerast lett tilgjengeleg på dei aktuelle fagområda. Dette blir det lagt til rette for mellom anna på departementet sine nettsider, og i eit tett samarbeid med departementet sine underliggjande verksemder.
Betre og meir målretta styring
Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i statleg verksemd. Innanfor kvart politikkområde finst det dilemma og målkonfliktar. Departementet legg vekt på å få ein best mogleg balansert innsats og bruk av dei ulike verkemidla for å nå måla i landbruks- og matpolitikken. I Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken lanserte departementet ein ny målstruktur som vil bli lagt til grunn for styringa i departementet og for etatsstyringsdialogen med dei underliggjande verksemdene som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet. Som ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011-2012) og Riksrevisjonen si undersøking om måloppnåing og styring i jordbruket, jf. Dokument 3:12 (2009-2010), vil departementet arbeide med å betre framstillinga av mål og resultat i sektoren.
Departementet har identifisert og teke i bruk mange resultatindikatorar som kan seie noko om resultatoppnåinga i sektoren. I mange tilfelle vil samanhengane vere så komplekse at det ikkje blir fagleg riktig berre å fokusere på konkrete og målbare indikatorar. Måleindikatorar må derfor ofte supplerast av kvalitative analyser for å få fram eit dekkjande bilete av utviklinga. Dette er eit kontinuerleg utviklingsarbeid som departementet har stor merksemd mot. Sjå òg nærmare omtale av overordna mål og delmål i del III.
Prioriteringar
Dei viktigaste prioriteringane for departementet i 2013 på det administrative området blir særleg å forsterke systema for samfunnstryggleik og beredskap, å føre vidare arbeidet med utvikling av mål- og resultatstyringa, og oppfølging av rapporten En robust instituttsektor.
Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 136 062 | 144 102 | 143 763 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 1 000 | 1 033 | |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 2 846 | 2 595 | 2 655 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 255 | 255 | 263 |
70 | Dekning av pensjonsutgifter, kan overførast | 6 381 | ||
Sum kap. 1100 | 145 544 | 147 952 | 147 714 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Landbruks- og matdepartementet skal dekke eit breitt forvaltningsområde gjennom ansvaret for landbruks- og matpolitikken. Posten dekker dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen for departementet, og det blir lagt stor vekt på at dei har god samfunnsforståing, samarbeidsevne, effektivitet i oppgåveløysinga og høg fagleg kompetanse.
Rapportering 2011
Det blei nytta om lag 136,1 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet i 2011. Om lag 70 pst. av løyvinga blei nytta til lønnsmidlar, mens resten blei nytta til husleige, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kurs og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde per 1.1.2012 148 årsverk, fordelt på 165 tilsette.
Budsjettframlegg 2013
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 140,177 mill. kroner. Departementet flytta i juni 2012 til nye lokale i R6, og reduksjonen samanlikna med saldert budsjett for 2012 er knytt til korrigert utrekning av ny husleige.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Midlane på posten skal nyttast til særskilde prosjektrelaterte kostnader i Landbruks- og matdepartementet, mellom anna til oppfølginga av rapporten til matmaktutvalet og til kjøp av tenester i samband med styringa av Statskog SF.
Budsjettframlegg 2013
Posten blei oppretta i 2012. Framlegget på posten for 2013 er 1,033 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til finansiering av større nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter knytt til sal og taksering av eigedommar.
I tråd med kongeleg resolusjon som trådde i kraft 1. oktober 2006, er det utarbeidd landsverneplanar for dei verneverdige eigedommane som sorterer under departementet. Forvaltninga av verneplanar er derfor òg ein viktig del av departementet sitt generelle vedlikehaldsansvar, og utgifter til dette blir dekte over posten.
Rapportering 2011
I 2011 blei det nytta 2,846 mill. kroner over posten. Det blei nytta 1,5 mill. kroner til ferdigstilling av nødvendig vedlikehaldsarbeid på Staur gard i Stange, 659 000 kroner til arbeid ved eigedommen til departementet i Sikkilsdalen i Nord-Fron, 223 000 kroner til klargjering for sal av eigedommen til departementet på Kjeller i Skedsmo og 382 000 kroner til utarbeiding av forvaltningsplan for verneverdige eigedommar under departementet.
Budsjettframlegg 2013
Innanfor formålet til posten vil departementet prioritere å gjennomføre nødvendige oppgraderingar og reparasjonar ved ulike eigedommar departementet eig, men det vil òg vere aktuelt å nytte midlar til å dekke andre utgifter innanfor formålet. Departementet har fått utarbeidd forvaltningsplanar for verneverdige eigedommar under departementet. Desse viser eit stort etterslep i vedlikehaldet. Det er inngått avtale med Forsvarsbygg om utarbeiding av forvaltningsplan for eigedommane som inngår i leigekontrakten med Bioforsk. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,655 mill. kroner for 2013.
Oppdelinga av departementet sin eigedom på Kjeller blei først fullført i januar 2012. Denne forseinkinga gjer at det er lite truleg at salet vil vere gjennomført i 2012. Departementet gjer derfor framlegg til Stortinget om ei særleg fullmakt knytt til inntekter frå dette salet, jf. forslag til vedtak V, andre ledd.
Det kan òg i 2012 bli aktuelt å selje festetomter, tomter, bygningar, areal til utbygging, veggrunn m.m. andre stadar. Departementet gjer derfor framlegg til Stortinget om fullmakt til å selje opphavleg og innkjøpt statseigedom under Landbruks- og matdepartementet for inntil 16 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V, første ledd. Departementet gjer òg framlegg om at unytta meirinntekter frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten.
Posten sjåast i samanheng med, og kan nyttast under post 50.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til finansiering av større nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved dei nettobudsjetterte institutta under departementet.
Rapportering 2011
Løyvinga på 255 000 kroner blei i 2011 nytta til videokonferanseutstyr ved hovudkontoret til Norsk institutt for skog og landskap på Ås.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 263 000 kroner over posten i 2013, og vil nytte midlane ut frå dokumenterte behov i instituttsektoren.
Post 70 Dekning av pensjonsutgifter
Formål med løyvinga
Løyvinga blei oppretta for å dekke staten sine forpliktingar for reguleringspremiar og andre ytingar utan forsikring for enkelte tidlegare tilsette i kommunale næringsmiddeltilsyn som slutta i stillingane sine før etableringa av Mattilsynet 1. januar 2004. Sjå nærmare omtale i Prop. 45 S (2011-2012) Ny saldering av statsbudsjettet 2011.
Rapportering 2011
Det blei nytta 6,381 mill. kroner over posten i 2011. Løyvinga til formålet er frå 2012 dekt over kap. 1115 post 22.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Refusjonar m.m. | 118 | 103 | 106 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 058 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 384 | ||
40 | Sal av eigedom | 586 | ||
Sum kap. 4100 | 4 146 | 103 | 106 |
Post 40 Sal av eigedom
Landbruks- og matdepartementet selde i 2011 to tidlegare hesteavlssetre i Oppdal og Folldal.
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 168 214 | 167 783 | 162 990 | -2,9 |
1115 | Mattilsynet | 1 220 877 | 1 173 952 | 1 214 719 | 3,5 |
Sum kategori 15.10 | 1 389 091 | 1 341 735 | 1 377 709 | 2,7 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 18 656 | 18 850 | 18 893 | 0,2 |
4115 | Mattilsynet | 142 063 | 127 024 | 129 945 | 2,3 |
Sum kategori 15.10 | 160 719 | 145 874 | 148 838 | 2,0 |
Mål og strategiar
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet og fastsett i kongelege resolusjonar. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom desse departementa.
Matpolitikken til regjeringa dekker heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet avvik derfor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken, slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.
Hovudmåla på det matpolitiske området er:
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremme helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremme god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er:
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon
Regjeringa ønsker at forbrukarane skal ha høg tillit til all mat på marknaden og til norsk matproduksjon. Trygg mat er ein sentral føresetnad for dette. Regjeringa vil legge vekt på ønske og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og relevant, lett tilgjengeleg og rett informasjon er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og utøve makt i matmarknaden. Gode merkeordningar for mat skal bidra til dette.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krava til forbrukarane og for å fremme god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.
Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. Matområdet er i følgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor det kvantitativt største enkeltområdet under EØS-avtalen, med nærmare 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Som del av oppfølginga har Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.
Noreg tek òg aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som òg legg premissar for regelverket i EU.
Den internasjonale handelen med innsatsvarer, planter, dyr og mat må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande på risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som utformar regelverk og standardar.
Regjeringa la hausten 2011 fram ei melding for ein framtidsretta landbruks- og matpolitikk i Noreg, Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken. Meldinga legg vekt på fire overordna mål; matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk.
Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønske og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samstundes som det blir teke omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og valfridom. Gjennom Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007- 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold har regjeringa lagt til rette for at forbrukarane skal ha god tilgang til sunn og god mat som er enkel å velje. Dette er òg viktige element i folkehelsearbeidet framover, jf. Meld. St. 16 (2010-2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015).
I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen peikar regjeringa på at klimaendringar aukar risikoen for at nye planteskadegjerarar, dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa auke i smittepresset må møtast med god beredskap, effektiv overvaking og førebyggande tiltak. God dyrehelse gir grunnlag for trygg mat og god dyrevelferd. Trygge innsatsvarer og god plante- og dyrehelse blir òg stadig meir akseptert som ein føresetnad for berekraftig ressursforvaltning og matforsyning, både nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa vil arbeide for å halde oppe den gode norske plante- og dyrehelsa.
Regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring inneheld mål og tiltak innanfor dei fem viktigaste områda der havbruksnæringa påverkar miljøet omkring. Sjukdom i oppdrett og overføring av sjukdom mellom villfisk og oppdrettsfisk er eitt av desse områda. I strategien blir det peika på at når det gjeld sjukdom, er lakselus for tida den viktigaste utfordringa for havbruksnæringa.
Mål for løyvinga
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. Sjå òg Prop. 1 S (2012-2013) for Fiskeri- og kystdepartementet for Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål, og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova.
Gjennomføring av politikken
Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå og med produksjon av innsatsvarer og primærproduksjon til og med omsetning til forbrukarane. Mattilsynet har òg omfattande oppgåver innanfor regelverksutvikling.
Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Når det er nødvendig for å nå måla, vil Mattilsynet handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2012-2013) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 703 og 711.
Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt liten. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte i utlandet. Sjølv om mattryggleiken generelt er god, er det kvart år fleire større og mindre utbrott av sjukdommar som blir overført med mat og drikkevatn. Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande vassreinsing og dårleg leidningsnett, gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, uavhengig av om dei er framstilte i Noreg eller importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.
Det er nødvendig med kontinuerleg innsats frå verksemdene for å halde oppe og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og sel innsatsvarer og mat, varierer mykje i størrelse og karakter. Mange aktørar har god kunnskap og gode rutinar og system for å sikre at dei etterlever regelverket slik at innsatsvarene, maten og drikkevatnet blir trygge. Samstundes viser resultata frå tilsyn at det er stort rom for forbetringar hos mange.
Særleg viktig er effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka. Det er framleis grunn til å ha stor merksemd på dei hygieniske forholda i omsetningsledda og i serveringsnæringa. Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i serveringsnæringa i Trøndelag og Møre og Romsdal har vist at etterlevinga av regelverket har blitt langt betre. Ordninga er òg godt motteke av verksemdene og forbrukarane. Matdepartementa og Mattilsynet vil i samarbeid avgjere korleis desse erfaringane kan nyttast i framtidig tilsyn med serveringsverksemder.
Tilsynet med vassverk har avdekka til dels alvorlege manglar ved forsyninga av drikkevatn. Det er nødvendig med forbetringar i mange vassverk, særleg dei mindre. Ut frå ein nasjonal handlingsplan som Mattilsynet har utarbeidd, blir det arbeidd vidare med å forbetre kvaliteten på drikkevatnet. Mattilsynet vil framleis ha særleg merksemd på tilsynet med drikkevatn. Strenge verkemiddel må nyttast mot vassverk som ikkje oppfyller krava i regelverket. Auka innsats frå Mattilsynet er ikkje nok. For å oppnå resultat, er det i mange tilfelle behov for omfattande investeringar frå eigarane for å utbetre infrastrukturen, til dømes reinseanlegg og leidningsnett. Klimaendringar kan gi nye utfordringar for forsyninga av trygt drikkevatn, både når det gjeld råvasskjeldene og leidningsnettet.
Noreg blei i 2010 valt til å leie byrået for WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse. Regjeringa arbeider med å fastsetje nasjonale mål for tiltak på vassområdet, noko som vil vere ein del av den norske gjennomføringa av protokollen. Mattilsynet koordinerer arbeidet med å utvikle desse måla.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og menneske. Tal frå Verdas helseorganisasjon viser at om lag 75 pst. av nye eller kjente infeksjonar som har vore i vekst hos menneske dei siste 30 åra, skuldast smittestoff som kjem frå dyr. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand i landet.
Utvikling av resistente sjukdomsframkallande mikrobar hos dyr og menneske er eit aukande problem, òg i Noreg. Mindre og meir målretta bruk av antibiotika både til produksjonsdyr, selskapsdyr og menneske, er blant dei viktigaste tiltaka for å motverke denne utviklinga. Det er òg viktig at Noreg gjennom nordisk og europeisk samarbeid arbeider for å redusere utviklinga av antibiotikaresistens globalt. God dyrehelse og forsvarleg bruk av legemiddel til alle dyr er sentralt, av omsyn til folkehelse, mattryggleik, dyrevelferd og miljø.
Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og for å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for.
Regelverket krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Kravet til å ha system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekke desse tilbake på ein effektiv måte og gi rask, rett og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane.
Erfaring når det gjeld både smittestoff og framandstoff i mat og fôr har vist at det er ønskjeleg å etablere sporingssystem som går ut over minstekrava i regelverket, for å få betre sporing mellom alle dei ulike produksjons- og distribusjonsledda. Samarbeidet mellom styresmaktene og næringane for å styrkje sporingsevna i den norske matproduksjonskjeda vil bli ført vidare, sjølv om det særskilte prosjektet eSporing er avslutta. Sjå nærmare omtale under kap. 1115 post 23.
Målet om å fremme helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2012-2013) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, merking med ernærings- og helsepåstandar, sunnheitsmerking og overvaking av kosthaldet og samansetninga av matvarene. Det er viktig med eit nært og godt samarbeid mellom desse etatane.
Forbrukarane, matbransjen og styresmaktene ser merking av mat som eit viktig forbrukaromsyn. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kor dei kjem frå og kor mykje næring dei gir. Merkinga skal òg gjere det enklare å velje sunn mat.
Det vil bli lagt vekt på å følgje opp EU si nye forordning om matinformasjon, som vil avløyse mykje av det gjeldande regelverket om merking. Forordninga oppdaterer og vidareutviklar krava til merking av mat. Ulike delar av forordninga tek til å gjelde i tida frå 2014 – 2016. Mellom anna blir det krav om obligatorisk merking av næringsinnhald for dei fleste matvarene som blir omsett til forbrukarane og strengare krav til merking av kor matvarene kjem frå, mellom anna for frukt og grønt og for fleire kjøttslag enn storfe. Det vil òg bli lagt vekt på å føre vidare norsk medverknad i arbeidet med å følgje opp forordninga om kva for påstandar om ernærings- og helseeffektar som lovleg kan bli knytte til mat, særleg for å få på plass så gode ernæringsprofilar som råd.
Ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat (Nøkkelholet) har gitt forbrukarane eit auka tilbod av sunne matvarer. I januar 2012 har 98 pst. høyrt om ordninga. Markedsdata viser ein auke frå 550 merka produkt, utanom frukt og grønt, i 2010 til om lag 1550 merka produkt i 2011. Det pågår arbeid med å vurdere om ei utviding av ordninga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å få betre tilbod og tilgang til sunne alternativ.
Interessa for lokal mat og matprodukt med særpreg veks. Gjennom ordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet. Ved utgangen av 2011 var det 19 norske produkt og om lag 600 produsentar i ordninga.
Matdepartementa legg vekt på å bidra i utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna blir det arbeidd for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø. Departementa vil vidareføre ei restriktiv linje når det gjeld GMO.
Målet om å fremme god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Endra klima- og miljøforhold vil krevje høg beredskap mot introduksjon av nye plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar, zoonosar og mot større utbreiing av allereie kjende sjukdommar hos planter, husdyr og vilt. Både planteskadegjeraren furuvednematode og drøvtyggarsjukdommen blåtunge er aktuelle eksempel.
Noreg har generelt god plantehelse, men klimaendringar og aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og planteskadegjerarar.
Det er nødvendig å fortsette arbeidet med å fremme god fiskehelse for å utnytte potensialet for sjømatproduksjon frå akvakultur i Noreg. Kontrollen med sjukdom er òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er for tida den største utfordringa på fiskehelseområdet. Lakselus er primært eit problem for villfisken.
Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god. Dei siste åra er det likevel påvist fleire nye sjukdommar, til dømes blåtunge hos storfe og svineinfluensa hos gris. Det er derfor viktig med god overvaking av sjukdomssituasjonen og god beredskap mot uønska hendingar.
Arbeidet med å fremme god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og sports- og familiedyr. Det er viktig å utvikle gode velferdsindikatorar for produksjonsdyr og å utvikle kunnskap om effektar som avlstiltak, ulike driftsformer og system har på dyrevelferda. Dyrevelferd i produksjonen av slaktekylling er eit område det blir arbeidd særskilt med. Tettleiken av dyr i kyllingoppdrett påverkar velferda til dyra. Utkast til nye reglar om dyrevelferd i produksjonen av slaktekylling som tek omsyn til dette, er sendt til høyring. Det er òg nødvendig å vidareføre stor merksemd på pelsdyrhaldet. Departementet gjennomfører som omtalt i Meld. St. 9 (2011-2012), ein eigen gjennomgang av pelsdyrnæringa, og vil komme tilbake til Stortinget om saka.
Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette forhold. I denne samanhengen er relevante målemetodar for god fiskevelferd eit viktig element.
Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet. I delar av landet er det framleis problem med flåttboren sjukdom og alveld som skuldast forgifting frå beiteplanter.
Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15 åra skuldast rovviltangrep. Regjeringa vil følgje opp rovviltforliket i Stortinget frå juni 2011. Regjeringa legg vekt på aktiv forvaltning av rovviltbestandane, mellom anna ved auka vekt på differensiert forvaltning, forvaltning av rovviltet så nær bestandsmåla som mogleg og meir bruk av skadefelling i viktige beiteområde. Rovviltforliket legg betre til rette for redusert konfliktnivå og for levedyktig næringsdrift basert på utmarksbeite samstundes med måloppnåing for rovviltbestandane.
Andre omsyn
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Det er framleis behov for meir kunnskap om samanhangen mellom kosthald og helse. Det er viktig at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.
Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 – 2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold la vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, å legge til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Dette er òg viktige element i folkehelsearbeidet. Handlingsplanen er evaluert i 2012. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2012-2013) for Helse- og omsorgsdepartementet.
Handlingsplanen for betre kosthald legg opp til å auke inntaket av fisk og sjømat. Regjeringa har lagt fram ein strategi som skal bidra til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane. Betre kontinuitet i tilførsel av råstoff, meir forbrukarvennleg merking, auka vektlegging av kvalitet og betre samhandling mellom aktørane i verdikjeda er hovudelement i strategien.
Alle elevane i ungdomsskolen får i mat- og helsefaget gratis Kokebok for alle – Fra boller til burritos med oppskrifter på lettvint, god og sunn mat. I tillegg kjem Fiskesprell som er eit landsdekkande prosjekt med aktivitetar som skal få ungar i barnehagar og i grunnskolen til å ete meir fisk.
Merksemd på matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal bli klare over samanhengen mellom mat og helse. Det blir gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge. Smakens uke er ei årleg hending i mange land, òg i Noreg, for å auke interessa for matkvalitet og matglede. Andre tiltak er mellom anna synleggjering og premiering av serveringsstader som tilbyr gode og sunne lokale matrettar.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha robuste og innovative små og store verksemder. Dette vil igjen føre til eit større mangfald av produkt i matmarknaden, sjå omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har i denne samanhengen ei viktig oppgåve med å rettleie om regelverket.
Fleire tiltak for betre mattryggleik og god rettleiing om regelverket vil òg gi effektar som støttar opp under verdiskapinga i verksemdene.
Oppfølging av målet i matlova om å fremme god plante- og dyrehelse bidreg til å auke verdiskapinga i næringane.
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Om lag 95 pst. av produksjonen av norsk sjømat blir eksportert. Meir enn halvparten av verdien av sjømateksporten kjem frå havbruksnæringa. Å sikre marknadstilgang for norsk sjømat er derfor ei sentral utfordring. Det må leggjast vekt på dei krava næringa står overfor nasjonalt og internasjonalt.
Den gode norske dyrehelsa kan utnyttast i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld avlsprodukt frå husdyr. Òg for ein del landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet. I den samanheng er innmat og andre kjøttprodukt mest aktuelle.
Langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon
Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.
Arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 85 651 | 87 306 | 85 022 |
51 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk | 65 846 | 63 760 | 60 699 |
52 | Støtte til fagsentra, Bioforsk | 16 717 | 16 717 | 17 269 |
Sum kap. 1112 | 168 214 | 167 783 | 162 990 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt med dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd, mattryggleik og fôrtryggleik som kjerneområde. Veterinærinstituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.
Veterinærinstituttet er styresmaktene sin viktigaste kunnskapsleverandør ved førebygging, rådgiving, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdomar hos fisk og landdyr. Veterinærinstituttet bidreg òg i førebygging og handtering av kriser som skuldast smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat. Veterinærinstituttet skal legge til rette for Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Veterinærinstituttet får løyvingar til sine oppgåver innan dyrehelse, fortryggleik, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane til oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik ligg på budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet, sjå kap. 1023 post 51 i Fiskeri- og kystdepartementet sin Prop. 1 S. Forsking er ein sentral del av Veterinærinstituttet si verksemd, og er omtala under kap. 1137.
Veterinærinstituttet yter òg tenester og formidlar kunnskap til næring, fagpersonell og dyreeigarar og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk.
Formål med løyvinga
Hovudmålet til Veterinærinstituttet er å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap innan helse og velferd hos dyr og fisk, samt innan fôr- og mattryggleik.
Dei tildelte midlane under kap. 1112 post 50 blir nytta til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga, der måla er å utvikle kunnskap innan kjerneområda. Desse er:
Beredskap, diagnostikk og rådgiving
Overvaking av dyrehelsa
Mattryggleik
Dyrevelferd
Referansefunksjonar
Mattilsynet er den viktigaste brukaren av kompetansen til instituttet. Veterinærinstituttet vil derfor legge stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte innan kjerneområda til instituttet.
Vitskapskomiteen for mattryggleik har òg behov for kompetanse og resultat som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen.
Rapportering 2011
Veterinærinstituttet har i 2011 bidrege med diagnostikk, forsking og faglege råd innan fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd og fôr og mattryggleik til Mattilsynet og andre styresmakter. Det regionale nærværet har bidrege til å sikre god landsdekkjande beredskap mot dyre- og fiskesjukdommar. Forskinga ved instituttet har auka betydeleg i 2011.
Beredskap, diagnostikk og rådgiving
Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er gunstig samanlikna med dei fleste andre land.
Den alvorlege virussjukdommen rabies blei igjen påvist på Svalbard etter siste påvising for om lag 30 år sidan. Det blei påvist rabies både hos 4 polarrevar og 10 reinsdyr, og Veterinærinstituttet bidrog då med diagnostikk, faglege vurderingar og rådgiving. Utbrottet blei oppdaga under reinsjakta og det blei påvist smitta dyr i nærleiken av Longyearbyen. Det blei derfor nytta mykje tid til å utforme og kommunisere råd til innbyggjarane og styresmaktene lokalt på Svalbard.
Talet på buskapar, spesielt hos storfe, der det blei påvist salmonella, auka i 2011 samanlikna med året før. Ved nokre tilfelle var det klinisk sjuke dyr i buskapane, mens det ved andre tilfelle blei oppdaga smitte gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for salmonella. Det er alvorleg at ein ny variant, monofasisk salmonella typhimurium, aukar og er å finne i andre delar av verda. Dette er ein variant som er motstandsdyktig mot fleire antibiotika og som stadig oftare blir registrert hos menneske. Nokre av utbrotta har gitt omfattande problem i buskapane, og ved nokre tilfelle har smitten vore spreidd til fleire andre buskapar gjennom kontakt.
Harepest (tularemi) blei gjennom laboratorieanalysar stadfesta i 10 harar frå ulike deler av landet, inkludert Finnmark. Tularemi hos hare har ikkje før vore påvist så langt nord. Haren er spesielt kjensleg for tularemi-bakterien. Tularemi er ein zoonose, og det er derfor viktig å følgje sjukdommen hos hare som er ein indikatorart for smittetrykket i naturen.
Ein zoonotisk parasitt (rundormen Bailisascaris procyanis) blei påvist hos ulovleg innførte vaskebjørnar. Parasitten kan nytte mange artar, òg menneske, som vertar. I eit storfeslakt blei oksetinten påvist. Smitten kom truleg frå ein ferieavløysar frå Asia, og er eit døme på at globalisering kan gi auka risiko for sjukdommar hos norske dyr.
I 2011 blei det påvist hissige variantar av fotråtebakterien i 15 nye saueflokkar. I alt er det påvist slike hissige variantar i 57 flokkar, alle i Rogaland. Det blei påvist seks tilfelle av skrapesjuke i 2011. Berre eitt av tilfella blei oppdaga grunna kliniske symptom, mens resten blei oppdaga gjennom aktiv overvaking.
Veterinærinstituttet utviklar beredskapsevna kontinuerleg, mellom anna ved å etablere nye laboratorietestar. I 2011 blei det etablert testar som kan nyttast for å påvise det nye Schmallenberg-viruset, som har gitt sjukdom hos storfe og småfe i fleire land i Nord-Europa.
Diagnostisk aktivitet er ein av hovudaktivitetane ved Veterinærinstituttet, og harmonisering av diagnostikken på ulike område har hatt høg prioritet.
Helseovervaking
Veterinærinstituttet overvaker helsetilstanden hos dyr og fisk og fôr- og mattryggleiken. Overvakinga mot blåtungevirus heldt fram i 2011 med undersøking av 2 300 tankmjølkprøver og eit utval geitebuskapar i Sogn og Fjordane. Alle prøvene var negative.
Pandemisk influensa blei oppdaga for første gong i Noreg i 2009. Resultatet frå overvaking av spesifikke infeksjonar hos svin i 2011 viste at det fanst antistoff mot det pandemiske influensaviruset i 48 pst. av buskapane. Det var stor variasjon mellom fylka.
Veterinærinstituttet overvaker mykotoksininnhaldet i fôr og mat. Data frå overvakingsprogrammet ligg til grunn for ei risikovurdering som Vitskapskomiteen for mattryggleik gjennomfører.
Overvakinga av reven sin dvergbendelmark (Echinococcus multilocularis) blei intensivert i 2011 på grunn av påvisinga hos rev fleire stader i Sverige.
Fôr- og mattryggleik
Veterinærinstituttet vidareførte aktiviteten sin innan genmodifiserte organismar (GMO). Det blei påvist nokre få funn i proteinprodukt til styrketrening med høgt innhald av genmodifisert soya som er godkjent i EU, men ikkje i Noreg. Det er eit aukande fenomen at genmodifisert plantemateriale utilsikta er blanda inn i forskjellige produkt.
Det blei gjennomført omfattande undersøkingar av prøver frå mat i samband med fleire mindre matbårne utbrott. I samband med eit utbrott med bakterien Shigella blei mange prøver undersøkte utan at ein kunne påvise smittekjelda. Det er etablert ein ny metode for å påvise ein sopp (Penicilllium roqueforti) i fôr som kan produsere dødelege giftstoff. Testen er meir påliteleg og spesifikk enn tidlegare testar.
Dyrevelferd
Kunnskapen til Veterinærinstituttet innan dyrevelferd har vore nytta i rådgiving til styresmaktene og rettsvesenet i 2011. Det blei gitt råd omkring utforming av transportforskrift, karantenestasjon for hund og katt, naudhjelp til dyr og krav til hald av dyr. Kompetanseutvikling på dyrevelferd er særs viktig, og instituttet leiar eit stort internasjonalt forskingsprosjekt og har fleire stipendiatar.
Veterinærinstituttet har vidareført drifta av sekretariatet for NORECOPA og for Rådet for dyreetikk.
Referansefunksjonar og kvalitetssikring
Veterinærinstituttet har 28 nasjonale referansefunksjonar. Av desse dekker 15 sjukdommar hos landdyr, mens 10 ligg innan området fôr og mat. Med unntak av hestesjukdommar dekker funksjonane spesielle smittestoff.
Deltaking i samanliknande laboratorietestar er ein del av dei nasjonale laboratoriefunksjonane. Veterinærinstituttet deltok i 2011 i meir enn 200 slike testar.
Administrative og organisatoriske forhold
Planlegginga av nytt bygg for Veterinærinstituttet på Ås heldt fram med full tyngde i 2011. I tillegg har det blitt fokusert på samarbeid med Noregs veterinærhøgskole, Universitetet for miljø og biovitskap (UMB) og dei andre institutta på campus Ås.
Ein ny organisasjonsmodell blei innført frå 2011, som legg vekt på harmonisering av metodar og arbeidsprosessar som skal sikre kvalitet, gi betre utnytting av dei totale ressursane og auke effektiviteten.
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 85,022 mill. kroner i 2013. Veterinærinstituttet vil føre vidare arbeidet med å effektivisere verksemda og gjere prioriteringar innan ansvarsområdet. Departementet foreslår derfor at løyvinga blir noko redusert.
Beredskap, diagnostikk og rådgiving
Kvalitetssikra diagnostikk er grunnleggjande for dei oppgåvene som Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking og oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonal referanseinstitusjon.
Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt som gjennom aktivt samspel med Mattilsynet skal bidra til god beredskap innan dyrehelse, dyrevelferd, fôr- og matryggleik. Veterinærinstituttet skal vere ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneområda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd, mattryggleik og fôrhygiene. Kunnskapen er viktig for førebygging, diagnostikk og kontroll av sjukdommar. Kunnskapsutvikling og -formidling innan fagområda er viktig for styresmaktene som grunnlag for utvikling av lovverk og handtering av sjukdomsutbrott og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar.
Fokuset på beredskap, helseovervaking, dyrevelferd og forsking blir vidareført på bakgrunn av utviklinga i oppgåvemengd og etterspørsel etter tenestene til instituttet dei siste åra. Kunnskapsutvikling vil ha fokus på å sikre kvaliteten på tenestene.
Veterinærinstituttet vil vidareutvikle den landsdekkande beredskapsevna gjennom å auke harmonisering av diagnostikken og samhandling i kriser der dei regionale laboratoria blir godt inkluderte. Instituttet vil prioritere å utvikle og implementere nye laboratoriemetodar for trugande og eksisterande alvorlege sjukdommar, slik at Mattilsynet kan få raske og sikre resultat ved utbrott.
Overvaking av dyrehelsa
Globalisering, klimatiske endringar og endra produksjonsforhold kan gi auka eller endra sjukdomsbilete. Veterinærinstituttet vil vere budd på at nye sjukdommar kan bli introduserte i Noreg. Instituttet vil halde fokus på å overvake helsa til husdyra slik at nye sjukdommar kan bli oppdaga så raskt og sikkert som mogleg. I tillegg vil viltlevande dyr vere eit reservoar for nye sjukdommar og zoonotiske smittestoff. Overvaking av viltlevande dyr med tanke på sjukdommar som kan smitte til andre viltlevande dyr, husdyr eller menneske, vil derfor halde fram.
Referansefunksjonar
Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å utvikle rolla si med dei nasjonale referansefunksjonane. Innan zoonosearbeidet dekker desse funksjonane matvarer, fôr og dyr, og instituttet vil arbeide for å samle og presentere epidemiologiske data gjennom heile verdikjeda. Det er viktig at arbeidet med kvalitetssikring av laboratorieverksemda held fram, slik at diagnostikken er sikker og kan etterprøvast. Funksjonane omfattar òg forsking innan fagområda.
Fôr- og mattryggleik
Veterinærinstituttet vil halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap omkring smittestoff og kjemiske stoff som kan truge fôr- og mattryggleiken.
Veterinærinstituttet vil prioritere å utvikle uavhengige, vitskapleg funderte, faglege råd som set styresmaktene i stand til å utvikle lovverket og handtere og førebygge sjukdom hos dyr og fisk og helseskadelege stoff og smittestoff i mat og fôr. Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å profesjonalisere rådgivarrolla si for Mattilsynet. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskap omkring hygieniske forhold i biprodukt frå matproduksjon, slik at slike ressursar kan nyttast meir.
Dyrevelferd
Veterinærinstituttet vil legge vekt på å utvikle kunnskap som kan nyttast til å fremme dyrevelferd. Instituttet vil prioritere å gi styresmaktene kunnskap innan velferd og vidareføre arbeidet med å utvikle velferdsindikatorar for husdyr. Det er òg viktig med støtte til tilsynsarbeidet til Mattilsynet gjennom å utvikle gode teknikkar for å sikre dokumentasjon av brott på regelverket. Veterinærinstituttet vil halde fram med å drifte sekretariata for Rådet for dyreetikk og NORECOPA.
Kommunikasjon
Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kommunikasjon med tanke på å effektivisere kunnskapsoverføring til brukarar og allmenta. Nettsider skal legge til rette for effektiv og målretta kommunikasjon i beredskapssituasjonar og ved formidling av forsking.
Administrative og organisatoriske forhold
Det vil bli lagt vekt på å utvikle organisasjonen vidare gjennom å effektivisere arbeidsprosessar og betre utnytting og utvikling av den totale kompetansen. Det vil bli lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med miljøa på campus Ås og å planlegge nybygget for Veterinærinstituttet på Ås.
Informasjonsteknologi og nettløysningar skal i aukande grad nyttast for å gjere oppdatert kunnskap lett tilgjengeleg. Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gi forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring.
Veterinærinstituttet ønskjer å yte tenester og kunnskap som medverkar til ei berekraftig næringsverksemd, gjennom faglege råd og utgreiingar og eit godt diagnostisk tilbod.
Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk
Bioforsk er eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt konkurransedyktig forskingsinstitutt på områda planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfaglege miljøspørsmål. Bioforsk bidreg til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukar og samfunn.
Bioforsk er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet får basisløyvingar frå Noregs forskingsråd omtalt under kap. 1137 post 51, løyvingar til kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap direkte frå Landbruks- og matdepartementet over kap. 1112 og tilskott frå andre offentlege myndigheiter. Bioforsk hentar òg vesentlege inntekter frå nasjonale og internasjonale konkurransar.
Forsking er sentralt i Bioforsk si verksemd, jf. kap. 1137 post 51. Forskingsaktiviteten set instituttet i stand til å vere ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til departementa og ulike forvaltningsorgan, og nasjonal beredskap innan landbruks- og matområdet. Ressursane blir òg brukte til å støtte rådgivingstenestene og landbruksnæringa over heile landet, og som plattform for internasjonalt samarbeid
Formål med løyvinga
Midlar over kap. 1112 post 51 skal nyttast til Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga og resten av verksemda i landbruks- og matsektoren. Verksemda skal medvirke til:
effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet
berekraftig, langsiktig jordbruk
miljøvenlege produksjonsformer
god plantehelse
trygg mat
klima- og energiriktig landbruk
kommunikasjon og samfunnskontakt
Rapportering 2011
Arbeidet med kunnskapsutvikling og beredskap for matvareproduksjon og nasjonal matvaretryggleik er ein sentral aktivitet innanfor Bioforsk si verksemd. Kunnskapen som blir skapt og kommunisert ut til myndigheiter og brukarar elles, legg òg til rette for faglege synergiar gjennom forskingsprosjekt og samarbeid, nasjonalt så vel som internasjonalt. Aktivitetane er fordelt på sju område:
Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet
Godt sortsmateriale og god dyrkingspraksis er avgjerande for effektiv plante- og husdyrproduksjon, og ein føresetnad for å nå måla om auka matproduksjon innanlands. Bioforsk har derfor vidareført utprøvings- og veiledningsprogramma for å framskaffe dokumentasjon om plantesortar tilpassa dei ulike produksjonane og produksjonsforholda i norsk jord- og hagebruk. Resultata er gjort tilgjengelege for Norsk Landbruksrådgiving og andre aktørar innan matsektoren gjennom markdagar, fagmøter, fagartiklar og rapportar, og representerer eit viktig kunnskapsbidrag for effektiv og klimatilpassa planteproduksjon i heile landet. Noreg utgjer ein liten marknad for utanlandske sortseigarar, og Bioforsk har halde fram arbeidet med å utvikle metodar som passar for frøproduksjon innanlands av dei viktigaste engvekstane. Tiltak som kan gi utvikling for jordbruket i Nord-Noreg har vore sentralt gjennom fleire prosjekt, med vekt på mellom anna lokal mat, utnytting av utmarksressursane og ikkje minst nytt fokus på dei agronomiske utfordringane i næringa. Utvikling av kunnskapsgrunnlaget for økologisk landbruk har hatt som mål å bidra til auka produksjonspotensial. I 2011 har innsatsen særleg vore retta mot frukt og grønt, mjølkeproduksjon og økologisk mat i storhushald. For å styrkje samanhengen mellom husdyr- og planteproduksjon, er det brukt midlar til drift av Senter for husdyrforsøk ved UMB.
Berekraftig, langsiktig jordbruk
Samstundes med at jordbruket produserer fôr og mat, skal det framtidige produksjonspotensialet oppretthaldast. Derfor er dei langvarige målingane for å klarlegge langtidsverknadane av ulike produksjonar og produksjonsmetodar på avling, jord og vatn viktige for beredskap og moglege tiltak. Resultata har gitt grunnlag for praktisk rådgiving og utforming av tiltak og offentlege verkemiddel for å sikre berekraftig ressursforvaltning. Det er utvikla fleire rådgivingsverktøy som er tilgjengelege på internett om ulike dyrkingstekniske forhold som er viktige for ein kostnadseffektiv grovfôrproduksjon, mellom anna ei eiga beitehandbok for styring og bruk av beiting i intensive drøvtyggarproduksjonar. Framtidig tilgang på fosfor som næringsstoff for landbruket har vore vektlagt særskilt, og i den samanheng har Bioforsk bidrege med kunnskap for å auke resirkulering av fosfor frå ulike avfallsressursar, til dømes kjøttbeinmjøl, avløpsslam og biorest frå avfallsanlegg.
Miljøvenlege produksjonsformer
Produksjonen i landbruket skal skje innanfor myndigheitene sine regelverk og ha minst mogeleg negativ miljøpåverknad. Programmet Jord- og vassovervåking i landbruket (JOVA) har gjennom målingar vist at erosjonen er større og tapet av fosfor høgare her i landet enn i andre nordiske land. Måleprogrammet har vore eit viktig grunnlag for internasjonal rapportering og nasjonal oppfølging av miljøbelastninga frå landbruket. Kunnskap om prosessane i jord og vatn er viktig for implementering av EU sitt Rammedirektiv for vatn. Bioforsk har òg i 2011 hatt ei sentral rolle i å hjelpe regionale og nasjonale landbruks- og miljøstyresmakter i arbeidet sitt med vassdirektivet og tilliggjande direktiv. I dette ligg òg kontakt med internasjonale forskingsmiljø og forvaltningsorgan. Moglege tiltak mot erosjon og næringsstoffavrenning som Bioforsk har gjort tilgjengelege, blir årleg ajourført opp mot nyerverva kunnskap. I lys av endra klima, grøftetilstanden i jordbruket og miljøet, har Bioforsk i 2011 intensivert arbeidet med å utvikle kunnskap om hydroteknikk og grøfting. For å optimalisere bruken av både gjødsel og plantevernmiddel i jordbruket arbeider Bioforsk kontinuerleg med å framskaffe kunnskap om verknader av innsatsfaktorane på avling, produktkvalitet og miljø. Dette er kunnskap som myndigheitene har nytta i forvaltninga, og som produsentane sjølve har teke i bruk i produksjonsplanane sine. Gjødslingshandboka, som er eit viktig kunnskapsgrunnlag for balansert næringsforsyning, har blitt oppdatert.
God plantehelse
Friskt plantemateriale, beredskap og tiltak mot nye skadegjerarar og førebyggande tiltak i vekstsesongen sikrar både produksjon og kvalitet og bidreg til å halde bruken av kjemiske plantevernmiddel på eit lågt nivå. Bioforsk sin kunnskapsbase blir nytta kontinuerleg i nasjonal forvaltning og regelverksutvikling på plantehelseområdet. I dette inngår òg nasjonal representasjon i ulike internasjonale organ. Ei brei internasjonal kontaktflate er nødvendig for å sikre høg standard på forvaltningsnivået. Planteklinikken i Bioforsk analyserte det siste året nær 10 000 prøver. Òg i 2011 blei det gjort fleire funn av karanteneorganismar (farlege skadegjerarar), av desse nokre som ikkje har vore registrert i Noreg tidlegare. Kompetansen til Bioforsk har vore eit viktig grunnlag i beredskapsarbeidet og i dei tiltaka Mattilsynet har sett i verk. Varsling Innen PlanteSkadegjørere (VIPS) har gjennom ny kunnskap kontinuerleg blitt vidareutvikla av Bioforsk og Norsk Landbruksrådgiving som ei nettbasert teneste, og er eit avgjerande verktøy for stadig fleire brukarar i arbeidet med å sikre god plantehelse, kombinert med redusert bruk av plantevernmiddel. Både rådgivingstenesta og bøndene sjølve har støtta seg på informasjonen herifrå. Andre land har vist interesse for det norske systemet og varslingsmodellane. Bioforsk har òg i 2011 arbeidd med kunnskapsutvikling og formidling om brunskogsnigelen.
Trygg mat
Maten på den norske marknaden skal vere trygg for forbrukarane. Kompetansen til Bioforsk er eit viktig element i den nasjonale beredskapen for å sikre trygg mat. Bioforsk har i 2011 vidareutvikla funksjonen som referanselaboratorium for undersøking av restar av plantevernmiddel i vegetabilske mat og næringsmiddel, og søkte i 2011 etter om lag 300 stoff per prøve. Av dei 1 471 prøvene som blei analyserte for Mattilsynet i 2011, overskreid ingen av prøvene frå norsk frukt og grønt grenseverdien, mens 3,2 pst av prøvene frå importert vare hadde høgare innhald enn det som er tillate. Soppgifter, ofte kalla mykotoksin, kan til liks med fleire andre innhaldsstoff som naturleg førekjem, vere svært skadelege og har derfor spesiell fokus. Særleg innsats har vore retta mot årsaksforhold og risikovurderingar rundt fusarium og mykotoksin i korn for å kunne støtte næringa og forvaltninga med kunnskap om konkrete dyrkingstiltak og andre tiltak. I arbeidet med trygg mat er det nært samarbeid med Vitenskapskomiteen for mattryggleik (VKM). GMO er eit anna felt der Bioforsk har utvikla kompetanse innanfor beredskap og gitt råd til styresmaktene.
Klima- og energiriktig landbruk
Tiltak innan til dømes varsling mot planteskadegjerarar og nitrogenprognosar for optimalisert gjødselmengd, baserar seg på gode meteorologiske data. Landbruksmeteorologisk teneste (LMT) i regi av Bioforsk har i 2011 drifta til saman 85 vêrstasjonar i dei viktigaste jord- og hagebruksdistrikta i landet. Vêrobservasjonane og modellane frå LMT kan brukast fritt av både private og offentlege organ. Meteorologisk Institutt er ein nær samarbeidspartnar i LMT. Karbonbinding i jord og biomasse, tiltak for reduserte utslepp og tilpassing til endra klima har høg prioritet og har inngått som sentrale tema i ein omfattande formidlingsaktivitet. Frå 2011 leiar Bioforsk ei arbeidsgruppe relatert til landbruk og klima i det internasjonale nettverket Global Research Alliance for reduction of agricultural greenhouse gases. Landbruket rår over ressursar som kan konverterast til energi samstundes som klimagassutsleppa blir reduserte. Bioforsk har prioritert å finne løysingar for produksjon av biogass frå husdyrgjødsel, organisk avfall og restprodukt. I 2011 blei det mellom anna etablert eit småskala biogassanlegg ved Bioforsk på Tingvoll, og i samarbeid med UMB blei biogasslaboratoriet på Ås sett i drift. Gjennom Norsk senter for bioenergiforskning er det etablert eit godt samarbeid mellom institusjonane på Ås, med andre forskingspartnarar og med ulike aktørar i oppdragsmarknaden.
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Det er viktig at den kunnskapen som Bioforsk skapar blir gjort tilgjengeleg for potensielle brukarar. Derfor driv Bioforsk eit omfattande formidlingsarbeid. Sidan opprettinga har Bioforsk opplevd ei raskt veksande interesse frå norsk presse, og når på denne måten breitt ut på fleire område. Den nettbaserte tilgangen på informasjon har blitt svært sentral for brukarane. Enkelttemaet med størst medieinteresse i 2011 har utan sidestykke vore brunskogsniglane. Elles er artiklar i fagpresse, nyhende på eigen nettstad, eigne utgivingar og ikkje minst foredrag for ulike faglag og organisasjonar sentrale kommunikasjonskanalar. Meir enn 500 foredrag blei gitt frå Bioforsk i 2011. Norsk Landbruksrådgiving er ein viktig samarbeidspartnar i kunnskapsformidlinga til dei enkelte næringsutøvarane. Tett dialog i form av møter og annan kontakt med Mattilsynet og andre forvaltningsetatar har vore viktig for å sikre effektiv kunnskapsflyt. Den årlege Bioforsk-konferansen med rundt 500 deltakarar er òg utvikla til å bli eit viktig forum for kommunikasjon og samfunnskontakt. Økologisk landbruk har hatt særleg prioritet i kommunikasjonsarbeidet, med nær halvparten av ressursane på dette temaområdet.
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 60,7 mill. kroner i 2013. Bioforsk vil føre vidare arbeidet med å effektivisere verksemda og gjere prioriteringar innan ansvarsområdet. Departementet foreslår derfor at posten blir noko redusert.
Budsjettframlegget omfattar finansiering av kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap for landbruks- og matsektoren, inklusive Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder, mellom anna Mattilsynet. Løyvinga over denne posten skal finansiere Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg grunnlag for forvaltninga. Løyvinga skal dekke kostnader knytt til dei ulike områda, inklusiv avsetning til kompetanseutvikling og framtidige investeringar som er nødvendige for at instituttet skal fylle si oppgåve òg i framtida.
Innsatsen retta mot samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for husdyrproduksjonen skal vidareførast.
Løyvingane har følgjande sju målsetjingar:
Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet. Bioforsk skal kontinuerleg utvikle kompetanse for auka produktivitet, betre kvalitet og lønnsam planteproduksjon under dei forskjellige dyrkings- og klimaforholda i Noreg. Næringa skal òg ha tilgang til forskingsbasert kunnskap og rettleiing om økologisk produksjon.
Berekraftig landbruk. Bioforsk skal ha kompetanse på dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting og framtidig produksjonspotensial. Dokumentasjon på langtidsverknadane av ulik landbruksdrift på kulturlandskap, biologisk mangfald, klima/miljø og ikkje-fornybare ressursar står sentralt.
Miljøvenlege produksjonsformer. Bioforsk skal ha kompetanse på miljøeffektane av landbruk som bidrag til gjennomføringa av Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi 2008-2015. Bioforsk skal ha kompetanse på korleis ulike dyrkingsmetodar og endringar i klimaet verkar på erosjon og forureining, og kva tiltak som kan setjast i verk. Bioforsk skal òg ha kunnskap som kan nyttast til å redusere bruk av plantevernmiddel og miljørisikoen ved bruk av slike middel.
God plantehelse. Bioforsk skal ha kompetanse på sjukdom og ulike planteskadegjerarar og beredskap som kan bidra til friskt plantemateriale innan jord- og hagebruksvekstar. Det er særleg viktig at utfordringane knytt til risiko for nye skadegjerarar og sjukdomar ved endringar i klima og ved auka handel og transport over landegrenser blir møtt.
Trygg mat. Bioforsk skal ha beredskap og kompetanse på verkemåtar og effektar av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter med potensielt uheldig verknad. Bioforsk skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium.
Klimavenleg- og energiproduserande landbruk. Bioforsk skal ha kompetanse på omfang og effektar av utslepp av klimagass frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord. Dette er grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket, samstundes som landbruket kan produsere energi av eige råstoff og anna avfallsmateriale.
Kommunikasjon og samfunnskontakt. Næring, forvaltning og samfunn, både nasjonalt og internasjonalt, skal ha tilgang til kunnskap frå Bioforsk, særleg kunnskap utvikla gjennom denne løyvinga.
Post 52 Støtte til fagsentra, Bioforsk
Formål med løyvinga
Fagsentra skal bidra til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruks- og miljøområdet, mellom anna gjennom kunnskapsformidling til næringsaktørar. Aktivitetane under posten skal bidra til desse måla i nært samarbeid med Fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA) i dei aktuelle fylka. Bioforsk har tre fagsenter: Bioforsk Jord og miljø Svanhovd, Bioforsk Nord Tjøtta og Bioforsk Vest Fureneset. Dei viktigaste samarbeidspartnarane for fagsentra er fylkesmannen si landbruksavdeling, fylkesmannen si miljøvernavdeling, fylkeskommunane, lokalt og regionalt næringsliv, kommunar og organisasjonane i landbruket.
Rapportering 2011
Bioforsk Jord og miljø Svanhovd har natur-, miljø- og landbruksfag i Barentsregionen som arbeidsfelt, og er knutepunkt for norsk-russisk FoU- og miljøvernsamarbeid i grenseområda. Svanhovd er europeisk leiande på DNA-analyser, bestandsvurderingar og forvaltningsstøtte på brunbjørn. Svanhovd driv eit ISO-akkreditert DNA-laboratorium, ein botanisk hage, eit nasjonalparksenter og eit nybygd bjørnesenter. Fagsentermidlane har bidrege til å setje i gang lokale-, regionale og nasjonale prosjekt, og har sikra basis for drift av den botaniske hagen og formidling frå senteret sine kjerneområde. Av resultat i 2011 kan det nemnast: Kartlegging av brunbjørnbestander i Skandinavia og det nordvestlege Russland, bidrag til totalkartlegging av bjørnegenomet i samarbeid med eit tysk og eit kinesisk institutt, alternative dyrkingsmetodar for redusert klimautslepp (piggharving), undersøking av bruksplanter frå Barentsregionen som kan ha kommersielt potensial (terrestrisk bioprospektering) og effektar av laumakkangrep på bjørk. Svanhovd har leia eit stort utviklingsprosjekt for fugleturisme i Aust-Finnmark. Det blei gjennomført omfattande formidling, kursing og opplæring av ulike alders- og brukargrupper i natur-, landbruk og miljøspørsmål og rovdyrproblematikk i regi av Svanhovd nasjonalparksenter og i Svanhovd sine demonstrasjonshagar for rosesortar, sommarblomar, samiske bruksplantar og grønsaker. Den botaniske hagen er vertshage for ei gryande terrestrisk bioprospektering i Bioforsk, med blant anna forsking på verkestoff i tradisjonelle helseplanter i nord som rosenrot.
Bioforsk Tjøtta har aktiviteten sin innan arktisk landbruk og miljørelatert FoU i nært samarbeid med fleire andre einingar i Bioforsk. Det siste året har vore prega av aukande samarbeid med regionale aktørar innan næring, forvaltning og FoU. Synergieffekten av fagsentermidlane har vore god, og dei har løyst ut betydelege regionale midlar. Av resultat i 2011 kan det nemnast medverking til redusert tap av lam på beite gjennom forsøk med kadaversøkjande hund. Forsøk med radiobjøller har lagt grunnlag for meir berekraftige driftsrutinar i reindrifta. Innan storfé-/mjølkeproduksjon har arbeidet med utvikling av velferdslogg lagt grunnlag for betre dyrevelferd og dyrehelse. Kunnskapsutvikling knytt til utforming av luftegardar for oksar i økologisk drift har òg lagt grunnlag for god velferd og dyrehelse og samstundes eit tryggare arbeidsmiljø. Vidareutvikling av studietilbod innan regional mat og matkultur har gitt auka kompetanse og aktivitet hos aktørar innan serveringsverksemder, småskala matprodusentar med vidare. Utarbeiding av ei rekke skjøtselsplanar i Vegaøyan verdsarvområde og elles i regionen har ført til auka satsing på beite og slått i desse områda og lagt grunnlag for sikring av naturmangfald, minska gjengroing og ei meir berekraftig turistnæring. Forsøk med lystgassmålingar i eng har gitt ny kunnskap for å kunne minske utsleppa av miljøgassar i landbruket.
Bioforsk Vest Fureneset har hovudaktiviteten sin knytt til landbruket på Vestlandet. Prioriteringar av arbeidsoppgåver blir årleg gjort i samråd med dei tre fylkesmennene på Vestlandet sine landbruksavdelingar. Arealproduktivitet er viktig for enga. Ei utfordring som fagsenteret har lagt vekt på gjennom kunnskapsoppbygging og formidling, er dårleg drenert jord. Målingar av lystgass frå eng har vist skilnader knytt til tilstand og det er peika på mogelege tiltak for reduksjon. Siv, eit aukande problemugras i eng og beite, og overvintring i gras, inngår som sentrale tema i FoU-prosjekt. Effektar i kulturlandskapet ved endringar i landbruksdrift er synleggjorte. Sviing og heilårsbeiting med utegangarsau er dokumentert som effektive skjøtselformer i kystlynghei. I verdsarvområda i Nærøyfjorden og Storfjorden (Geiranger) har Fureneset vore involvert i overvakingsarbeid for regional forvaltning, og i å utreie verknaden av verkemiddelbruken. Arbeid med tilstandsrapportar og skjøtselplanar for kulturlandskap har auka i omfang. Synergieffektar av fagsenterverksemda har lagt grunnlag for regionale oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning og Statens landbruksforvaltning. Fureneset har samarbeidd med Norsk Landbruksrådgiving om utviklingsarbeid og formidling innan jord- og plantekultur og kulturlandskap. I det regionale prosjektet Kostar hjorten meir enn han smakar? har fagsenteret utvikla kunnskap og dokumentasjon som er viktig for ei berekraftig forvaltning av den store hjortestamma på Vestlandet.
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 17,3 mill. kroner i 2013.
Fagsentra skal bidra til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Dei skal vere regionalt forankra og gjere det enklare for lokale næringsaktørar å bygge opp kompetanse og utvikle og ta i bruk nye metodar for produksjon. Fagsentra bør auke samarbeidet med regionale og nasjonale FoU-institusjonar og styrkje formidlingsverksemda.
Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
30 | Husleige, Bioforsk | 18 656 | 18 850 | 18 893 |
Sum kap. 4112 | 18 656 | 18 850 | 18 893 |
Post 30 Husleige, Bioforsk
Ein stor del av eigedommane som blir nytta av Bioforsk, inngår i ein leigeavtale med staten ved Landbruks- og matdepartementet, som gjeld til 1.1.2016. Leiga blir justert etter endringar i mengda eigedommar og med 80 pst. av konsumprisindeksen (KPI) årleg. Departementet gjer derfor framlegg om ei samla husleige på 18,893 mill. kroner for 2013.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 1 199 424 | 1 162 596 | 1 201 166 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 8 154 | 7 225 | 9 323 |
23 | eSporingsløysinga, kan overførast | 9 795 | 3 000 | 3 099 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 3 504 | 1 131 | 1 131 |
Sum kap. 1115 | 1 220 877 | 1 173 952 | 1 214 719 |
Post 01 Driftsutgifter
Rapportering 2011
Organisatoriske forhold
Mattilsynet har vidareført arbeidet med sikte på å få eit meir einskapleg, målretta og effektivt tilsyn. Tilsynssystemet MATS blei sett i full drift i 2010. Det blei i 2011 gjennomført ei rekke tiltak for å vidareutvikle tilsynssystemet og gjere det meir brukarvennleg.
Mattilsynet fekk på plass videokonferanseutstyr ved alle distriktskontora. Dette gir mellom anna grunnlag for å betre samhandlinga og spare reisekostnader og reisetid. Det blei òg arbeidd med å innføre løysingar for e-handel og e-faktura og for kvalitetsstyring.
I samarbeid med matdepartementa blei det i 2011 arbeidd vidare med å utvikle og forbetre måleindikatorane for styring av verksemda. Frå og med 2012 er det etablert indikatorar for mellom anna einskap i tilsynet.
Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Det blei i 2012 ferdigstilt ein fleirårig plan for tilsyn.
Mattilsynet arbeidde i 2011 vidare med å utvikle og forbetre risikostyringa i organisasjonen. Overordna risikovurderingar er eit viktig verktøy for planlegging og prioritering.
Riksrevisjonen gjennomførte i 2011 forvaltningsrevisjon av Mattilsynet. Rapporten blei lagt fram tidleg i 2012. Gjennomgangen av Mattilsynet viste at tilsynsarbeidet har blitt betre på nokre område, men Riksrevisjonen peika i rapporten mellom anna på manglande einskap i tilsynsarbeidet. Det var variasjon i behandlinga av tilsyns- og klagesakene i vignettundersøkinga. Det var òg merknader til det nye tilsynssystemet MATS. Oppfølging av Riksrevisjonen sine funn er nærmare omtalt i budsjettframlegget for 2013. Riksrevisjon har òg gjort ein gjennomgang av havbruksforvaltninga, der Mattilsynet har ei rolle.
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling
Ein stor del av regelverket som Mattilsynet forvaltar er knytt til EØS-avtalen. Som det er gjort greie for i NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor, står Mattilsynet truleg for den kvantitativt største delen av arbeidet med å gjennomføre EU-/EØS-reglar. Tett dialog med matdepartementa om EØS-relevans, prioriteringar og norske posisjonar er viktig. Det er etablert rutinar for dette.
I alt blei det i 2011 fastsett 124 forskrifter. Av desse var 102 forskrifter for gjennomføring av EØS-forpliktingar medan 22 var forskrifter utarbeidd på nasjonalt grunnlag.
I forskriftsarbeidet legg Mattilsynet vekt på at regelverket skal vere klart, enkelt og lett å forstå. Det er gjennomført fleire forbetringar av regelverket i 2011. Regelverket på matområdet er likevel svært omfattande, og kompleksiteten er framleis stor. Dette kjem mellom anna av at matområdet er mangfaldig, med behov for mange fagleg tekniske reglar, men òg av at stadig meir av regelverket på matområdet i EU blir fastsett som forordningar.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Det blei registrert litt færre tilsyn i 2011 enn i 2010, mens den registrerte tidbruken på tilsyn var noko høgare i 2011 enn i 2010. Områda fiskehelse, drikkevatn og dyrevelferd blei særskilt prioriterte i tilsynsarbeidet i 2011.
Når det gjeld fiskehelse, er lakselus framleis ei av dei viktigaste utfordringane, sjølv om nivået har gått ned. Mattilsynet innførte i 2010 soneforskrifter i område med særskilte utfordringar når det gjeld lakselus. Så langt ser sonene ut til å ha positiv effekt. I 2011 var det berre eitt utbrott av infeksiøs lakseanemi (ILA).
Utfordringane for å sikre alle forbrukarar trygt drikkevatn er mange og krev godt samarbeid med mange aktørar. Utfordringane gjeld mange ulike forhold, mellom anna kvaliteten på råvatnet, sikring av råvasskjeldene, rutinar for reinsing, vedlikehald av infrastruktur samt kompetanse hos eigarane. Mattilsynet ser på leidningsnettet som ein særleg sårbar del av vassforsyningssystema, og derfor som eit prioritert område for tilsynet med drikkevatn.
Mattilsynet har auka innsatsen for dyrevelferda, mellom anna gjennom regionale kampanjar og tematilsyn. I samband med beiteproblematikken for småfe og rein har Mattilsynet arbeidd for å synleggjere ansvaret som produsentane har for å etterleve regelverket.
Mattilsynet registrerer auka interesse frå matstyresmaktene i land som importerer norsk sjømat. Dette fører til auka krav til dokumentasjon av forvaltningssystemet i Noreg og oppmoding om gjennomføring av inspeksjonar i samsvar med importlandet sitt regelverk.
Russland er den største enkeltmarknaden for norsk sjømat. Mattilsynet har sidan importrestriksjonane i 2005 hatt eit særskilt samarbeid med den russiske veterinærtenesta. Arbeidet har kravd auka ressursinnsats frå Mattilsynet. I 2011 blei ei rekke lakseverksemder stengt ute frå den russiske marknaden på bakgrunn av påstandar om mikrobielle påvisingar i Russland. Mattilsynet driv aktiv oppfølging av dei til ei kvar tid utestengde verksemdene.
Det var ingen store hendingar på matområdet i Noreg i 2011. Internasjonale hendingar som kjernekraftulukka i Japan og det store sjukdomsutbrottet i Europa på grunn av bønnespirer som var ureina med E. coli, førte likevel med seg arbeid for Mattilsynet mellom anna knytt til importkontroll, beredskap og merksemd frå media.
Kommunikasjon
Kommunikasjon blir nytta som eit strategisk verkemiddel for å nå effektmåla til Mattilsynet.
Nettenestene er hovudkanalar i Mattilsynet sitt kommunikasjonsarbeid. Mattilsynet driv eit fleirårig arbeid for å forbetre nettløysingane slik at dei er mest mogleg brukarretta. Ein ny versjon av nettstaden matportalen.no blei lansert i 2011. Løysinga blei teke godt imot. Utviklinga av ein ny versjon av nettstaden mattilsynet.no starta i 2011. Nettstaden er planlagt lansert i slutten av 2012.
Verksemda til Mattilsynet har stor interesse i media. I 2011 blei det registrert om lag 16 000 oppslag om Mattilsynet i norske medium. Om lag 100 medarbeidarar gjennomførte i 2011 eit internt kurs i medietrening.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Noreg har framleis ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff og framandstoff i mat, innsatsvarer og husdyr er relativt liten. Ein stor del av dei meldte tilfella av matboren smittsom sjukdom skuldast smitte i utlandet. Noreg har òg ein god status når det gjeld sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar), sjølv om det i 2011 var ein auke i talet på påvisingar av Salmonella hos fleire dyreartar. Til tross for siste års auke i påvisingar, er det få tilfelle av salmonellose blant norske husdyr.
Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande grad av vassbehandling og dårleg leidningsnett gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med. Rutinar for drift av reinseanlegga og vedlikehald av leidningsnettet varierer mykje. Det er framleis utfordringar knytt til å sikre alle forbrukarar forsyning av drikkevatn som held forskriftsmessig kvalitet.
Statistikk frå Folkehelseinstituttet viser at talet på melde tilfelle hos menneske av campylobacteriose (1 171 melde tilfelle i 2011), salmonellose (311 melde tilfelle i 2011) og E. coli-enteritt (137 melde tilfelle i 2011) auka noko frå 2010 til 2011 utan at ein kan peike på nokon særskilt årsak.
Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matboren sjukdom. I 2011 blei Folkehelseinstituttet varsla om 51 mistenkte eller verifiserte utbrott av matboren sjukdom der det blei rapportert om i alt 852 sjukdomstilfelle. Dette er om lag på same nivå som dei siste åra.
Vegetabilske næringsmiddel har dei siste åra vore årsak til fleire sjukdomsutbrott. I 2011 var det to nasjonale utbrott med yersiniose og shigellose som var årsaka av smitte frå importerte vegetabilske næringsmiddel (basilikum frå Israel og ein type raud salat frå Italia).
Det blei i 2011 gjennomført fleire lokale og regionale tilsynsprosjekt innanfor serveringsnæringa. Resultata frå desse tilsynsprosjekta viser at serveringsnæringa framleis har mange utfordringar, særleg når det gjeld varehandtering og hygiene hos mindre seriøse aktørar.
Innan slakteribransjen er det ei utvikling at mellomstore slakteri blir lagde ned, slik at det blir ei sentralisering rundt store anlegg. I kjølvatnet av denne omlegginga blir det etablert små slakteri, gardsslakteri og mobile slakteri.
Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk.
I overvakingsprogrammet for restar av plantevernmiddel blei det i 2011 analysert 1 471 prøver av 90 ulike vareslag av frukt, grønsaker, barnemat, animalske produkt og korn/ris frå 59 land. Undersøkingane dekker 300 ulike virkestoff. Av dei undersøkte prøvene var 63 pst. av importerte næringsmiddel og 37 pst. av norskproduserte. For fjerde året på rad blei det ikkje påvist innhald over grenseverdi i prøvene av norskproduserte næringsmiddel. Grenseverdiane blei overskridne i 3,2 pst. av prøvene av importerte næringsmiddel. I tillegg til prøvene i overvakingsprogrammet, blei det teke ut 152 prøver i samband med importkontroll av bestemte vegetabilske produkt. Av desse blei det påvist 46 funn over grenseverdi fordelt på 16 prøver.
I 2011 blei det gjennomført eit nasjonalt tilsynsprosjekt om kosttilskott med særleg merksemd på merking, innhaldsstoff og marknadsføring av plantebaserte kosttilskott. Omsetninga av elleve produkt blei stansa. Arbeidet med ein områdeanalyse om kosttilskott blei ført vidare i 2011. Omsetning av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel, er ei utfordring. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Produkt som blir omsette over internett og postordre, er ei særskilt utfordring.
Målet om å fremme god helse hos planter, fisk og landdyr
Plantehelse
Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld plantehelse. Det er berre nokre få av skadegjerarane som den europeiske plantehelseorganisasjonen EPPO har rådd medlemslanda sine til å ta forholdsregler mot, som har etablert seg i Noreg. Av 137 alvorlege skadegjerarar på EPPO si liste, var det 11 som var til stades i Noreg ved utgangen av 2011. Dette er skadegjerarar som Mattilsynet forsøker å utrydde eller avgrensa spreiinga av, for eksempel bakteriesjukdommen pærebrann og potetcystenematode. I tillegg blei det i 2011 funne ytterlegare fire alvorlege skadegjerarar frå EPPO si liste, som alle blei kjempa ned i løpet av året.
Fiskehelse
Fiskesjukdommar var òg i 2011 årsak til tap og utfordringar. Sjukdom er òg eit velferdsproblem i akvakultur. Det blei i 2011 påvist tre sjukdommar som er listeførte av Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) (infeksiøs lakseanemi på oppdrettsfisk, krepsepest på edelkreps og infeksjon med Gyrodactylus salaris på vill laksefisk).
Lakselus er framleis ei av dei største utfordringane innanfor fiskehelse. Sjølv om produksjonen gjekk opp, blei det registrert mindre lus i norske oppdrettsanlegg i 2011 enn i 2009 og 2010. Overvakinga som Havforskingsinstituttet har gjort på oppdrag frå Mattilsynet, viser at det er område der det er mykje lus på villfisken. Det var høgt smittepress under utvandringa av villsmolt i Hardangerfjorden, i Sognefjorden og ytst i Trondheimsfjorden i 2011. Andre stader var lusepresset lågt under utvandringa av villsmolt. Resistens mot lakseluspreparat er framleis ei utfordring.
Det blei i 2011 registrert nye utbrott av virussjukdommen Pancreas disease (PD) på 89 lokalitetar. Fleire av desse utbrotta var nord for Hustadvika på Nordmøre, og var knytte til ein ny variant av PD-viruset som tidlegare ikkje har vore påvist i Noreg. Mattilsynet utvikla saman med næringa i 2007 ein strategi for å hindre at PD spreier seg nord for Hustadvika. Som følgje av at ein ny variant av PD-viruset er påvist fleire stader nord for Hustadvika i løpet av kort tid, er strategien under vurdering.
Dyrehelse
Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld dyrehelse. OIE har listeført meir enn 100 rapporteringspliktige infeksjonssjukdommar. Av desse sjukdommane er berre 10 påvist i Noreg i løpet av dei siste åra. I 2011 blei ikkje nokon av dei mest alvorlege sjukdommane påvist på fastlandet, men det var fleire tilfelle av rabies hos rev og rein på Svalbard og Hopen. Talet på tilfelle av alvorlege sjukdommar held seg på eit relativt lågt nivå.
Målet om å fremme god dyrevelferd og respekt for dyr
Oppdrettsfisk
Dødelegheit hos fisk i oppdrett er ei velferdsutfordring. I 2011 har Mattilsynet gjennomført eit prosjekt der overleving av fisk i mattfiskanlegg blei kartlagt. Resultat frå prosjektet viste at sjukdom ikkje var den viktigaste årsaka til dødelegheit, men derimot var smoltkvalitet, forhold ved lokaliteten og handteringa av fisken årsaka til om lag 75 pst. av dødelegheita. Denne kunnskapen vil Mattilsynet ta med seg i arbeidet vidare med fiskehelse og fiskevelferd.
Landdyr
Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med mange andre land. Det er stor merksemd på dyrevelferd.
På fleire område utviklar dyrevelferda seg i positiv retning. Talet på dyr som blir haldne i lausdrift, stig år for år. Frå 1. januar 2012 blei det òg forbode å halde verpehøns i tradisjonelle (nakne) bur. Næringa har lagt stor vekt på omstilling til dei nye krava.
Det er òg positivt at talet på dyr som døyr under transport, var noko lågare i 2011 enn åra før for dei fleste dyreartane.
Sjølv om dyrevelferda generelt er god, viser tilsynet at det òg er utfordringar i mange dyrehald. Mattilsynet har registert fleire tilfelle av dyr som døyr eller lir på grunn av underfôring eller anna vanstell i 2011 samanlikna med åra før. Mattilsynet har ved fleire tilfelle gjort vedtak om forbod mot aktivitet omfatta av dyrevelferdslova. Dette er eit viktig verkemiddel for å hindre at dyra lir der tilhøva er verst.
Eit nasjonalt tilsynsprosjekt om hald av slaktekylling har avdekt utfordringar med dyrevelferda i denne produksjonen. Resultata frå prosjektet skal nyttast i arbeidet med å betre tilsynet og dyrevelferda i næringa framover.
Mattilsynet meiner ekstensiv drift med hald av dyr utandørs kan vere ein risiko for dyrevelferda. Det har derfor vore gjennomført fleire regionale tilsynsprosjekt om slik drift i 2011. Mange av desse prosjekta held fram i 2012. Sjølv om det òg er mange positive forhold ved hald av dyr utandørs, viser førebelse resultat frå prosjekta at det framleis er grunn til å ha særskilt merksemd når det gjeld slike dyrehald.
Tapstala viser at det framleis er utfordringar med velferda til sau på beite. Når det gjeld tap av dyr på grunn av rovvilt, blir det venta ein positiv effekt av det nye rovdyrforliket i Stortinget.
Mattilsynet har òg i 2011 hatt særleg merksemd på tilsyn med pelsdyrhald. Det blei fastsett ny forskrift om hald av pelsdyr i mars 2011. Næringa har og sett i verk tiltak for å betre eigenkontrollen.
Mattilsynet peiker på utfordringar med dyrevelferd ved hald av hest for fritid og hobby. Mattilsynet i fleire regionar arbeider med å få betre oversikt over omfanget av slikt hestehald.
Svolt hos reinsdyr, dyr som døyr på grunn av brannar i husdyrrom og førekomst av bogsår hos svin er døme på andre utfordringar for dyrevelferda i Noreg.
Målet om å fremme helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile matproduksjonskjeda
Tilsetting av vitamin og mineral i næringsmiddel
Det har vore ein stor auke i talet på næringsmiddel (produkt) som det har blitt gitt løyve til å tilsette vitamin og mineral. Dette kjem i all hovudsak av bruk av jodifisert salt som ingrediens i importerte bakarvarer og tilsetting av aminosyrer til ulike næringsmiddel, mellom anna ulike kosttilskott og aminosyrepulver.
Smittestoff og framandstoff i fôrvarer
Fôrvarer utan smittestoff og framandstoff er ein av fleire viktige føresetnader for trygg mat og god dyrehelse. Kontrollresultata gjennom fleire år viser få brott på grenseverdiane som gjeld for smittestoff og framandstoff.
Det har i fleire år vore analysert for innhald av fôrtilsetningsstoff som har fastsett grense for maksimalt innhald. Det har vore få brott på grenseverdiane som gjeld.
Det blei gjennomført eit nasjonalt tilsynsprosjekt om fôrvarer i 2011. Fisk- og landdyrfôrproduksjonen i Noreg er i hovudsak trygg. Nokre av landdyrfôranlegga har framleis utfordringar knytt til internkontrollen.
Merking
Vedtaka i 2011 gjaldt som oftast villeiande merking eller brott på reglane om ingrediensliste.
Det blei i 2011 gjennomført to store nordiske tilsynsprosjekt (nøkkelholmerking og allergenmerking) der merkeforskrifta var ein del av grunnlaget for tilsynet.
Marknadsundersøkingar viser at nøkkelholet er det mest kjende og brukte symbolmerket i daglegvarehandelen. I januar 2012 har 98 pst. av dei spurde forbrukarane svart at dei har tillit til nøkkelholmerket. Marknadsdata viser ein auke frå 550 merka produkt, utanom frukt og grønt, i 2010 til om lag 1 550 merka produkt i 2011.
Genmodifiserte produkt
Det blei gjort nokre få funn av genmodifiserte produkt i strid med regelverket i 2011. Dette er om lag på same nivå som i åra før. Det blei fatta vedtak om forbod mot omsetning av to proteinprodukt frå Canada med høgt innhald av genmodifisert soya som er godkjent i EU, men ikkje i Noreg.
Målet om å vareta miljøvenleg produksjon
Omsetninga av plantevernmiddel har variert mykje frå år til år, mellom anna på grunn av tilpassing av innkjøp til endringar i avgiftsnivået og prisvariasjonar på verdsmarknaden. Det er derfor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt, men samanlikna med nivået i 1996/1997 har det vore ein reduksjon både når det gjelder helserisiko og miljørisiko.
Den totale omsetninga av plantevernmiddel har vore relativt stabil dei siste åra, men bruken av preparat/stoff er vridd mot preparat/stoff med lågare helserisiko og miljørisiko. Den auka bruken i 2011 kom av mykje nedbør i vekstsesongen. Dette førte til auka behov for sprøyting mot soppsjukdommar.
Mattilsynet har delegert ansvaret for å føre tilsyn og fatte enkeltvedtak på økologiområdet til Debio. Debio gjennomførte i alt 3 455 revisjonsbesøk i 2011. Det var ein auke i talet på løyve til bruk av ikkje-økologisk grovfôr i økologisk husdyrbruk som følgje av dårleg vær i delar av landet i 2010 og 2011.
Andre område
Mattilsynet fører tilsyn med kosmetikkregelverket som skal bidra til at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Registeret for biverknader av kosmetikk og kroppspleieprodukt mottok i 2011 61 meldingar. Det var ein auke samanlikna med åra før.
Budsjett 2013
Post 01 Driftsutgifter
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 201 mill kroner. Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å effektivisere verksemda og gjere prioriteringar mellom anna ut frå risikobiletet til ei kvar tid.
Mattilsynet vil i 2013 ha særleg merksemd på drikkevatn, fiskehelse, dyrevelferd og import av vegetabilske næringsmiddel.
Organisatoriske og administrative utfordringar i 2013
Mattilsynet vil arbeide vidare for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn, slik at regelverket blir tolka og handheva einskapleg i like saker og i samsvar med plikter etter internasjonale avtalar.
Mattilsynet har dei siste åra gjennomført tiltak som skal bidra til eit meir einskapleg tilsyn. Viktige tiltak er interne etatsrevisjonar, etablering av interne fagfora på ulike forvaltningsområde og felles rutinar for handtering av hendingar, samt nasjonale og regionale tilsynskampanjar. Som det blei peika på i Riksrevisjonen sin gjennomgang av Mattilsynet, er utvikling av eit meir einskapleg tilsyn likevel framleis ei hovudutfordring for Mattilsynet.
Mattilsynet har våren 2012 utarbeidd ein handlingsplan for det vidare arbeidet med utvikling av eit meir einskapleg tilsyn. Mattilsynet vil òg vurdere den interne organiseringa av handsaminga av klagesaker.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene. Verksemdene kan velje ulike løysingar så lenge dei oppfyller dei målretta krava i regelverket. Dette er særleg aktuelt i samband med regelverket om hygiene og kontroll.
Særskilt om tilsynssystemet MATS
Ved behandlinga av Riksrevisjonen sin gjennomgang av Mattilsynet føresette kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 231S (2011-2012) at Landbruks- og matdepartementet følgjer opp arbeidet med utbetring av det elektroniske tilsynssystemet MATS, og bad om at Stortinget blir orientert om dette arbeidet i samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2013.
Riksrevisjonen sin gjennomgang blei utført like etter at MATS som utviklingsprosjekt var sluttført. Prosjektet leverte funksjonalitet for Mattilsynet sitt fagområde i samsvar med kravspesifikasjon med seinare tillegg. Mattilsynet har likevel lagt til grunn at arbeid med å optimalisere systemet ville vere spesielt nødvendig i ein periode etter at prosjektet var sluttførd, og deretter kontinuerleg gjennom heile levetida til systemet. Element som er forbetra sidan Riksrevisjonen sin gjennomgang, er mellom anna knytt til forenkling for brukarane, betre intern opplæring av medarbeidarane og betre oppfølging ved rapportering om feil.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC) legg òg viktige premissar for regelverksutviklinga. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av dette arbeidet, mellom anna i Codex Alimentarius Commision sin komité for fisk og fiskevarer, der Noreg leiar arbeidet.
Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske interesser på utvalde område. Matdepartementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006). Mattilsynet skal òg bidra til at oppfølging av dei internasjonale pliktene skjer til rett tid og til at gjennomføring i norsk rett blir gjort på formålstenleg og brukarvennleg vis.
Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å gjennomgå og revidere regelverket om kontroll på matområdet og arbeidet med nytt regelverk på dyrehelseområdet.
EU held for tida på med ein gjennomgang av regelverket om kontroll med sikte på å utarbeide ei ny forordning om tilsyn og kontroll som skal dekke større faglege delar av matområdet enn den kontrollforordninga som gjeld i dag. Arbeidet blir mellom anna sett i samanheng med revisjonane av regelverket om plantehelse, dyrehelse og såvarer.
Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å rydde opp i regelverket. Det blir lagt vekt på å klargjere og forenkle regelverket, fjerne unødvendige byrder for brukarane og legge til rette for eit effektivt tilsyn. Mattilsynet vil òg legge vekt på å fremme desse omsyna når dei deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna når ein deltek i arbeidsgruppene i EU. Mattilsynet vil fortsette samarbeidet med Lovdata om å utvikle regellesehjelp for brukarane.
Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine matstyresmakter for å legge til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer. Samarbeidet med Russland, Kina og USA blir særleg viktig i tida framover.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Det er verksemdene sitt ansvar å kjenne til og etterleve regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at dette skjer, og handhevar regelverket. Når det er nødvendig for å sikre at måla blir nådde, skal Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Aktiv rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er derfor kjerneprodukta til Mattilsynet.
Regelverket om hygiene og kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn med regelverket for næringsmiddel, fôr, innsatsvarer og helse og velferd hos landdyr og fisk. Regelverket for kontroll legg vidare vekt på at tilsynet skal skje på det leddet i matproduksjonskjeda der effekten er størst. I mange tilfelle medfører dette auka merksemd på tilsyn tidleg i matproduksjonskjeda.
Tilsynet skal vere planlagt og dokumenterbart. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Tilsynet skal gjennomførast regelmessig og med ein frekvens som står i forhold til risikoen ved aktivitetane til verksemda og kunnskapen ein har om dei enkelte verksemdene. Det er samstundes viktig at dei ulike tilsynsmetodane som står til rådvelde blir nytta målretta, slik at alle verksemdene er underlagt eit tilsyn som samla sett skaper størst mogleg etterleving av regelverket. Dette skal òg bidra til at alvorlege regelbrott blir oppdaga så raskt som råd er.
Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrott. Mattilsynet vil òg følgje opp dei pliktene til å utføre tilsyn som er fastsette i regelverket. Ved forvaltning av matlova vil omsynet til trygg mat bli tillagt størst vekt.
Regelverket om hygiene og kontroll opnar for ei modernisering av visse delar av kjøttkontrollen. Mattilsynet vil fortsette samarbeidet med næringa for å utnytte dette.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos menneske, planter, fisk eller landdyr, mellom anna regelverk som skal ivareta forbrukaromsyn som ærleg omsetning og kvalitet. Òg på desse områda er det viktig med eit målretta og effektivt tilsyn.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Innanfor desse rammene vil prioriteringa av kartlegging og overvaking bli tilpassa situasjonen og risikobiletet til ei kvar tid.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet er trygt med omsyn til folkehelse.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve krava og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvareproduksjon og primærproduksjon til og med omsetning til forbrukarane. Regelverket opnar for å utarbeide bransjevise retningslinjer for god hygiene som kan bidra til løysingar som er tilpassa dei ulike bransjane. Utvikling av slike retningslinjer er ei utfordring for enkelte bransjar. Mattilsynet vil vere ein pådrivar i dette arbeidet.
Regelverket om hygiene og kontroll stiller store krav til fagkunnskap, både hos verksemdene og i Mattilsynet, særleg for å kunne nytte den fleksibiliteten som dei nye målretta reglane gir. Arbeidet med å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev derfor kontinuerleg innsats frå verksemdene og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet.
Det er framleis grunn til å ha merksemd på dei hygieniske forholda i serveringsnæringa. Resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i Trøndelag og Møre og Romsdal, har vist at etterlevinga av regelverket har blitt langt betre. Ordninga er godt motteke av forbrukarane og verksemdene. Matdepartementa og Mattilsynet vil i samarbeid avgjere korleis desse erfaringane kan nyttast i framtidig tilsyn med serveringsverksemder.
ESA inspiserte hausten 2011 norske fiskeverksemder for å sjå om den offentlege kontrollen av produksjon og omsetning av fisk og fiskerivarar blei utført i tråd med EØS-avtalen. ESA konkluderte med at mens oppdrettssektoren generelt følgjer opp hygienekrava, er det betydeleg rom for forbetringar i verksemder som foredlar kvitfisk. I tillegg peika ESA på at Mattilsynet bør betre sine rutinar for kontroll. Mattilsynet vil følgje opp dei manglane i kontrollrutinane som ESA peika på, mellom anna gjennom eit eige tilsynsprosjekt for sjømatområdet i 2013.
WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse, som Noreg har slutta seg til, krev at kvart land skal utarbeide nasjonale mål for å betre vass- og avløpssituasjonen. Mattilsynet koordinerer utarbeidinga av slike nasjonale mål i Noreg. Mattilsynet vil fortsette arbeidet med å følgje opp dei pliktene Noreg har under protokollen, særleg i det arbeidet som skal bli sett i gang for små og mellomstore vassverk. Departementa vil òg vurdere om andre tiltak må til for å nå måla. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på tilsynet med drikkevassanlegg. Mattilsynets gjennomgang av drikkevassområdet viste at dårleg vedlikehald av leidningsnettet er ei av dei største utfordringane knytt til drikkevasskvaliteten i Noreg. Mattilsynet vil ta i bruk nødvendige verkemiddel overfor vassverk som ikkje etterlever krava.
Resultata frå pilotprosjektet for tilsyn med kosttilskott i 2008 og seinare tilsynsprosjekt, har vist at det er behov for eit meir systematisk tilsyn. Mattilsynet starta i 2010 opp ein områdeanalyse for å identifisere dei viktigaste forvaltningsmessige utfordringane på området. Dette vil gi betre grunnlag for planlegging av tilsyn og ein mest mogleg hensiktsmessig bruk av verkemiddel.
Målet om å fremme god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane for å førebygge introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar er viktig.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk framleis skal vere god. Klimaendringar og auka utveksling av biologisk materiale over landegrenser kan gi større utfordringar. Det er derfor viktig å ha god beredskap og godt planverk mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk. Oppfølging av det harmoniserte forenkla EØS-regelverket for transport av kjæledyr vil vere krevjande. Det er nødvendig med hensiktsmessig informasjon til publikum og auka tilsyn.
Med aukande internasjonal handel med planter og andre produkt som kan føre med seg smitte, vil det vere risiko for introduksjon av planteskadegjerarar. Enkelte av desse har stor evne til å tilpasse seg norsk klima, og fører til tap for næringane og forbrukarane i form av skadar på avling og redusert prydverdi i parkar og hagar. Mattilsynet vil arbeide for at norske importørar aukar kunnskapen sin og etablerer gode system for eigenkontroll ved import.
Førebyggjande tiltak og god beredskap er viktig for å halde oppe den gode norske landdyrhelsa og for å unngå uønska hendingar. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdom, som òg kan smitte over og gi sjukdom hos menneske (zoonosar).
Mattilsynet vil ha særleg merksemd på arbeidet med fiskehelse og oppfølging av strategien til regjeringa for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring. Særleg viktig er arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus.
Målet om å fremme god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil ha særleg merksemd på tilsynet med dyrevelferd, både for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Tilsyn med intensivt og ekstensivt husdyrhald og oppfølging av meldingar frå publikum om dårleg dyrevelferd vil ha særleg merksemd.
Mattilsynet vil legge vekt på å utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremme god dyrevelferd. Mattilsynet vil framleis ha stor merksemd på velferd for pelsdyr.
Mattilsynet vil òg ha særleg merksemd på velferd for fjørfe, mellom anna i lys av at tilsynskampanjen i 2011 viste fleire utfordringar i slaktekyllingproduksjonen. Utkast til nye reglar for hald av slaktekylling blei sendt til høyring i august 2012. Det nye regelverket legg opp til å gi brukarane sterkare insitament til god dyrevelferd fordi dyretettleiken må reduserast i tilfelle der dyrevelferda ikkje er tilfredsstillande.
Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring som Mattilsynet vil ha merksemd på. For å finne gode løysingar som kan førebygge og redusere tap på grunn av rovviltangrep, vil Mattilsynet legge vekt på god samhandling med miljøstyresmaktene. Dette er òg viktig for å følgje opp rovviltforliket i Stortinget frå juni 2011. Forliket legg til grunn at rovviltforvaltninga skal utøvast slik at det ikkje blir nødvendig med beiterestriksjonar etter dyrevelferdslova i område som er definerte som prioriterte beiteområde.
Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette forhold. Forbodet mot bruk av karbondioksid til bedøving av oppdrettsfisk ved slakting tredde i kraft 1. juli 2012.
Mattilsynet vil følgje opp arbeidet rundt utviklinga av den nye dyrevelferdstrategien til EU.
Målet om å fremme helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetning blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten. Dette er viktig for å kunne orientere seg i marknaden og for å kunne treffe informerte val ut frå eigne preferansar.
Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel.
Nytt regelverk om ernærings- og helsepåstandar tredde i kraft 1. mai i 2010. Etter kvart som gjennomføringsreglane tek til å gjelde, vil Mattilsynet legge vekt på god rettleiing og på å utvikle eit effektivt og målretta tilsyn ut frå dei utfordringane det nye regelverket vil gi.
Mattilsynet fører tilsyn med ordninga med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet). Det er eit arbeid i gang med å vurdere om ei utviding av ordninga til kiosk-, bensinstasjons- og serveringsmarknaden er rett veg å gå for å få betre tilbod og tilgang til sunne alternativ. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet om dette.
Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon og økologiske produkt. DEBIO fører tilsyn på vegne av Mattilsynet.
Mattilsynet skal forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskytta nemningar. Matmerk har ansvaret for den førebuande saksbehandlinga.
Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt, mellom anna med utgangspunkt i miljøhandlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar òg inn på kvaliteten på matvarene.
Arbeidet for å redusere risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i handlingsplanen på området.
Mattilsynet vil innanfor rammene av regelverket på matområdet, ta del i arbeidet med å følgje opp regjeringa sin strategi på tvers av sektorar med tiltak mot framande skadelege artar Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter.
Mattilsynet vil innanfor ansvarsområdet sitt òg følgje opp vassforskrifta og arbeidet med dei regionale vassforvaltningsplanane.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. Mattilsynet vil legge vekt på tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av legemiddel.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn med regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Registeret for biverknader av kosmetiske produkt er eit sentralt verkemiddel. EU vedtok i 2009 ei ny kosmetikkforordning som erstattar det tidlegare kosmetikkdirektivet. Den nye forordninga skal gjelde frå juli 2013. Forordninga er innlemma i EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje opp arbeidet med gjennomføring av forordninga.
Bransjane bruker store ressursar på å utvikle og marknadsføre produkt som gir inntrykk av å fremme helse. Det blir nytta nye teknologiar og nye ingrediensar med spesielle funksjonelle eigenskapar (bioaktive stoff). På grunn av den teknologiske utviklinga er det behov for forbrukarinformasjon, kunnskapsinnhenting, regelverksutvikling og tilsyn på området.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 9,323 mill. kroner. Løyvinga skal dekke utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar.
Post 23 eSporingsløysinga
I åra 2007-2012 har det blitt gjennomført eit prosjekt for å forbetre sporinga av mat i Noreg (eSporingsprosjektet). Prosjektet starta opp etter E. coli-saka i 2006, der eit barn døydde og mange blei alvorleg sjuke. Det regjeringsoppnemnte utvalet som evaluerte denne saka, peika på svakheiter i sporinga av mat.
Prosjektet blei avslutta i juni 2012, og har omfatta ei rekke tiltak for å betre evna til å spore mat og ingrediensar. Prosjektet har vore eit samarbeidsprosjekt mellom styresmaktene og aktørar langs heile produksjonskjeda for mat, både landbasert mat og sjømat. Eit sentralt tiltak har vore utvikling av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur som kan spore mat og ingrediensar, både framover og bakover og på tvers av verdikjeder. Det er utvikla ei elektronisk løysing som legg til rette for slik sporing. Parallelt med utviklinga av denne løysinga, har bransjar og verksemder gjort ein stor innsats for å styrkje bransjestandardar, kompetanse og eigne sporingssystem.
Tilbakemeldingar frå bransjeaktørane tyder på at det for tida ikkje er realistisk at den sporingsløysinga som er utvikla vil bli basis for ei nasjonal sporingsløysing langs og på tvers av verdikjeder, slik ambisjonen var ved starten av prosjektet. Sjølv om mange aktørar i dag løyser, og ønskjer å løyse, utfordringane sine knytt til sporing av mat på annan måte, kan eSporingsløysinga vere eit nyttig instrument for einskilde bransjar eller verksemder. Det står att nokre avklaringar med leverandøren om løysinga si evne til å skalere. Departementet vil vidareføre arbeidet for at den tekniske sporingsløysinga som er utvikla, kan legge grunnlaget for praktisk bruk for sporing av mat.
Løyvinga på posten skal dekke kostnader til forvaltning av løysinga (primært lisensar, drifts- og applikasjonsavtale) inntil den eventuelt blir overtatt av andre. Ei slik overtaking vil måtte skje innanfor rammene av regelverket for konkurranse og statsstøtte. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 3,099 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til erstatningar
På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekke kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Gebyr m.m. | 99 979 | 121 889 | 124 692 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.v. | 9 116 | 5 135 | 5 253 |
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 543 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 11 585 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 20 840 | ||
Sum kap. 4115 | 142 063 | 127 024 | 129 945 |
Post 01 Gebyr m.m.
På posten blir gebyrordningane under Mattilsynet ført. Dette omfattar gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Provenyanslaget er noko usikkert, og departementet vil eventuelt komme tilbake med endringar på posten i den ordinære budsjettprosessen.
Det vil bli gjort ordinær lønns- og prisjustering av dei enkelte gebyrsatsane.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.v.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for annan forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetning av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1137 | Forsking og innovasjon | 402 771 | 409 514 | 425 898 | 4,0 |
Sum kategori 15.20 | 402 771 | 409 514 | 425 898 | 4,0 |
Mål for landbruks- og matforskinga
Forskinga skal bidra til at dei overordna landbruks- og matpolitiske måla – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk – blir nådde. Gjennom Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, legg regjeringa til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon for å nå måla.
Både nasjonale og internasjonale utviklingstrekk dannar eit viktig bakteppe for landbruks- og matforskinga og sektoren sine nasjonale prioriteringar på forskingsområdet. Klimaendringane påverkar dei biologiske produksjonssystema som landbruket er ein del av. I 2050 vil det vere 9 mrd. menneske på jorda. FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO), legg til grunn at maproduksjonen må auke med 70 pst. innan då for å sikre mat til alle. I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vil det i 2030 vere éin million fleire innbyggjarar i Noreg enn det er i dag. Befolkningsveksten gjer det nødvendig å legge til rette for auka nasjonal matproduksjon i tråd med etterspørselen frå den veksande befolkninga. Den teknologiske utviklinga dei siste åra har medført store endringar òg i landbrukssektoren.
Globale og nasjonale utviklingstrekk stiller sektoren overfor store utfordringar, men gjev òg betydelege moglegheiter. Kunnskap blir viktig for å møte utfordringane og realisere moglegheitene. I den samanhengen har sektoren eit godt utgangspunkt gjennom ein lang tradisjon for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø om kunnskapsutvikling gjennom forskings- og utviklingsarbeid. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremme forsking og innovasjon. Dette skal gi synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Departementet vil legge vekt på god samordning av midlar til forsking frå statsbudsjettet og midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt.
Landbruket rår over eit betydeleg ressursgrunnlag som gir potensial for økonomisk vekst innanfor ei rekke næringar og innanfor hele verdikjeda frå primærleddet til forbrukar. Særleg viktig framover blir det å utvikle kunnskap om biologiske samanhengar og optimal bruk av dei omfattande biologiske ressursane som sektoren rår over. Auka kunnskap om alt frå grunnleggjande agronomi til bruk av bioteknologi i sortsutvikling og avlsarbeid, vil danne grunnlag for ein meir ressurseffektiv, berekraftig og lønnsam matproduksjon. Vidare vil ny kunnskap om alternativ utnytting av biologisk materiale som råstoff i industrielle produkt, legge til rette for næringsutvikling og framtidig vekst i primærnæringa. Omgrepet bioøkonomi blir stadig oftare nytta om ei utvikling der berekraftig utnytting av fornybare biologiske ressursar vil spele ei meir sentral rolle. Utviklinga inkluderer alle industriar og økonomiske sektorar som produserer og utnyttar biologiske ressursar, inkludert jordbruk, skogbruk, reindrift, havbruk, fiskeri og tilhøyrande industriar.
Europakommisjonen omtaler den kunnskapsbaserte bioøkonomien som berekraftig produksjon og omarbeiding av biomasse til mat, helseformål, produkt frå fiber, samt industrielle produkt og energi. Biomasse omfattar i denne samanhengen fornybart biologisk materiale som eit produkt i seg sjølv eller som råmateriale. Landbruks- og matforskinga skal støtte opp under ein berekraftig bioøkonomi der dei mange næringane innan landbruket finn sin naturlege plass, og danne grunnlaget for ny næringsverksemd og arbeidsplassar.
Den felles lokaliseringa av Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), Noregs veterinærhøgskule (NVH) og Veterinærinstituttet (VI) på Campus Ås vil, saman med Bioforsk og Skog og landskap, bli eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon med basis i produksjonsretta biofag som avl, fôring/ernæring, dyrevelferd, dyrehelse/sjukdom og mat/helse. Her ligg Noregs moglegheit for å utvikle eit unikt fagmiljø innanfor desse områda, noko som vil vere av stor betyding for utvikling og konkurranseevne til eksisterande næringar, som tradisjonell husdyr-/landbruksproduksjon, havbruk og næringsmiddelindustri, men òg som grunnlag for å utvikle nytt næringsliv innanfor ein framtidig bioøkonomi. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig at ein ved den felles lokaliseringa når målet om faglege, økonomiske og administrative synergiar.
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
Produksjon av nok og trygg mat til befolkninga er den viktigaste rolla landbruket har i samfunnet. Utan ein omfattande og kontinuerleg forskingsinnsats vil landbruket vanskeleg kunne oppfylle denne rolla.
Landbruket er sårbart for både gradvise klimaendringar og hendingar knytt til ekstremvêr. Ny kunnskap skal vise korleis matproduksjonen her i landet blir påverka av klimaendringane og korleis ulike produksjonar i ulike landsdelar best kan tilpassast. Eit kunnskapsløft innan agronomiske fagområde skal gi eit robust norsk landbruk, med ein auke i leveransane frå dei ulike produksjonane. Eit endra klima byr òg på utfordringar knytt til dyre- og plantehelse, mellom anna ved at skadegjerarar og sjukdomar kan etablere seg og spreiast til nye område. Framtidige trugslar mot dyre-, plante- og humanhelse samt biologisk mangfald, kan i betydeleg grad komme frå hittil ukjende sjukdommar og skadegjerarar. Landbruks- og matforskinga skal gi viktige bidrag til å oppretthalde ei god plante- og dyrehelse og god dyrevelferd i Noreg.
Klimaendringane kan òg innebere moglegheiter for det norske landbruket dersom dei rette tiltaka blir sette i verk. Ikkje minst gjeld dette for Nord-Noreg og for område som ligg i høgda. Avlingsnivået kan aukast, eksisterande plantesortar kan få auka utbreiing og nye plantesortar kan takast i bruk. Forsking skal synleggjere moglegheitene og bidra til auka lønnsemd i norsk landbruk innanfor eit endra klima.
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Skogressursane har stor verdi for sysselsetjing og verdiskaping i distrikta. I dag ligg avverkinga på om lag 40 pst. av årleg tilvekst, og det er derfor eit stort potensial for auka avverking dersom marknaden etterspør meir trevirke. Auka avverking vil gi stor positiv effekt for lokal verdiskaping. Klimaendringane vil påverke skogen og skogbruket. Forsking tyder på at global oppvarming og auka CO2-konsentrasjon vil gi auka utbreiing av skogen og auka skogproduksjon i våre nordlege område. Men ein kan òg vente negative effektar av meir ekstremvêr, forsumartørke og auka risiko for frostskadar. Samstundes kan det dukke opp nye skadegjerarar og skadar på grunn av mangel på tele i bakken.
Skogstrea er tilpassa klimaforholda i eit nordleg vekstmiljø over lang tid. Evna til klimatilpassing er særleg viktig for fleirårige planter og tre. For skogbruket blir det ei utfordring å velje plantemateriale som skal overleve gjennom tider med klimaendringar. Planteforedling er derfor eit område som får auka vekt framover. Vidare er det mellom anna viktig å auke kunnskapen om ulike skogskadegjerarar, korleis ein kan førebygge skadar på infrastrukturen i skogbruket og løyse andre driftstekniske utfordringar som følgjer av eit endra klima.
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
Politikken for å redusere utslepp til luft og vatn frå landbruket og for å optimalisere opptaket av karbon i skog og jord er gitt nærmare omtale i St.meld. nr. 39 (2008-2009)ogiMeld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk. Jordbruket fører til utslepp av klimagassane metan, lystgass og CO2. Totalt står jordbruket for om lag åtte pst. av dei totale klimagassutsleppa i Noreg. Det er eit mål å halde utsleppa så låge som mogleg samstundes som produksjonen av mat blir auka.
Næringsstoffavrenning frå jordbruksareal er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde.
Regjeringa vil bruke skogen aktivt for å sikre eit høgt opptak av CO2 slik at karbonlageret i skogen aukar i eit langsiktig perspektiv. I dag dekker skogen omtrent 40 pst. av landarealet, og skogen tek kvart år opp ei CO2-mengd på rundt 25 mill. tonn. Dette svarer til omlag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.
Landbruket har eit stort potensial for å auke sektoren sitt klimabidrag gjennom meir bruk av konstruksjonsvirke av tre og produksjon av fornybar energi, medrekna bioenergi, vasskraft og vindkraft. Regjeringa meiner at høg kunnskapsproduksjon på desse områda er viktig for å optimalisere sektoren sitt bidrag i klimasamanheng, samstundes som ein sikrar eit berekraftig landbruk. Kunnskap frå forsking skal òg bidra til høgt opptak av CO2 i jord.
Auka innovasjon og konkurranseevne
Ei høg innovasjonsevne i landbruks- og matsektoren er nødvendig for å oppretthalde eit aktivt og variert landbruk i heile landet og for å sikre høg og berekraftig eigenproduksjon av trygg mat. Dette er òg ein føresetnad for konkurranseevna i verdikjedene for mat og skog og innanfor dei mange bygdenæringane. Regjeringa vil derfor vidareutvikle ein målretta og langsiktig innovasjonspolitikk som omfattar heile breidda i norsk landbruks- og matsektor, frå primærledd til industri. Innovasjonspolitikken skal samstundes dekke spennet frå volumproduksjon av mat og fiber til produksjon av andre varer og tenester basert på dei samla ressursane til landbruket.
Sektoren har gått gjennom store endringar på grunn av endra rammevilkår, teknologisk utvikling og ny kunnskap. Nye produkt og tenester, nye måtar å samarbeide på, nye måtar å organisere næringsverksemd på med meir, vil framover kunne gi moglegheiter for vekst i sektoren. Departementet legg til grunn at kommersialisering og innovasjon med utgangspunkt i kunnskap frå særleg Bioforsk, Skog og landskap og Veterinærinstituttet skal auke og vil legge til rette for ei slik utvikling. Vidare legg departementet til grunn at samarbeidet mellom dei landbruksfaglege forskingsinstitutta og næringslivet skal utviklast vidare der siktemålet er auka konkurranseevne i heile landbruks- og matsektoren. Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt skal støtte opp under matforskingsinstituttet Nofima sin langsiktige innsats for å auke konkurranseevna i matindustrien.
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Ei målretta politikkutforming med gode avgjerder for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Regjeringas ansvar for å sikre nok og trygg mat står sentralt. Utvikling av politikk og forvaltning på dette området må vere forskingsbasert. Andre område der forsking dannar eit viktig grunnlag er dyre- og plantehelse, dyrevelferd, miljøomsyn, genetiske ressursar, verknad av økonomisk støtte til sektoren med meir. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om landbrukets rolle, fremme lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles.
Offentlege og private aktørar står i stor grad framfor dei same kunnskapsutfordringane på område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i sektoren. Det er derfor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringar. Siktemålet er å sjå felles kunnskapsbehov i samanheng, og at ressursane til forvaltningsforsking blir nytta effektivt.
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Det er eit mål å ha ein effektiv instituttsektor i landbruket som driv forsking av høg kvalitet og relevans og som har godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft.
Departementet vil vidareføre arbeidet med instituttgjennomgangen. I juni blei tre rapportar i prosessen ferdigstilte: om overordna instituttstruktur, om vurdering av regional struktur og om deling av oppgåver mellom forvaltningsorgana og dei landbruksfaglege forskingsinstitutta. Departementet vil komme tilbake til oppfølging av rapportane.
Gjennom nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse, blir det lagt opp til auka kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket. God rekruttering og moderne infrastruktur for forskinga er òg viktig for å oppnå auka kvalitet.
Landbruks- og matdepartementet vil auke støtta til næringsrelevant forsking i sektoren gjennom løyvingar til program i regi av Noregs forskingsråd. Midlane skal bidra til at næringslivet styrkjer sin eigen forskingsinnsats og i større grad nyttiggjer seg den store mengda forskingsbasert kunnskap som blir utvikla både i Noreg og i andre land. Dette skal gi auka konkurranseevne i heile verdikjeda for mat, tre, energi og tenester. I tillegg til midlar over statsbudsjettet, er forskingsfonda til næringa innan mat og tre viktige for å støtte opp under næringa sine eigne forskingsprioriteringar.
Høg internasjonalisering av forskinga
Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er nødvendig for å løyse felles utfordringar, heve kvaliteten på forskinga her i landet, fornye norsk forsking og kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Ein føresetnad for å få delta i dette samarbeidet er at forskingsmiljøa i sektoren har internasjonal spisskompetanse. Det er òg viktig å påverke slik at internasjonal forsking har relevans for norsk landbruk og matproduksjon. Samarbeidet i Norden er viktig for å løyse felles nordiske forskingsutfordringar og som plattform for felles nordiske initiativ internasjonalt. Noreg deltek òg aktivt i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar, i aktivitet knytt til ulike ERA-NET (samarbeid mellom nasjonale programmer) og i ulike felles forskingsprogram (Joint Programming Initiatives – JPI).
Effektiv kommunikasjon og formidling
Kunnskapssystema i landbrukssektoren er omfattande og består av mange offentlege og private aktørar på ulike nivå. Det er derfor nødvendig at utdannings- og forskingsmiljø, rådgivingsmiljø, næringsaktørar, forvaltning, kommunar, fylkeskommunar, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg med fleire, prioriterer arbeidet med å vidareutvikle eit velorganisert og effektivt system for kunnskapsformidling der rolle- og ansvarsdelinga mellom aktørane er så klar som mogleg.
Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta spreiing av kunnskap slik at forskinga raskt og effektivt når ut til aktørane som kan ha nytte av slik forsking. Formidling er derfor ein viktig oppgåve for dei landbruksfaglege forskingsmiljøa. Kunnskap må bli formidla både til spesifikke brukargrupper og allmenta elles. Institutta må tilpasse formidlinga slik at forskinga raskt kan nyttast av aktuelle brukarar. Dei må derfor ha strategiar for slik formidling. Norsk Landbruksrådgiving er eit viktig bindeledd mellom kunnskapsmiljøa og primærjordbruket. Tilsvarande er Skogbrukets Kursinstitutt ein sentral formidlingsaktør i skogsektoren.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd | 217 528 | 219 271 | 233 893 |
51 | Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd | 181 147 | 186 147 | 187 774 |
53 | Omstillingsmidlar instituttsektoren m.v. | 4 096 | 4 096 | 4 231 |
Sum kap. 1137 | 402 771 | 409 514 | 425 898 |
Den samla forskings- og utviklingsaktiviteten er foreslått auka med 16,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012. Det blir lagt opp til ei satsing for å auke matproduksjonen, tilpasse produksjonen til eit endra klima og auke konkurranseevna i næringsmiddelindustrien. Regjeringa vil vidareføre forskingssatsinga på fornybar energi og klima på om lag same nivå. Det same gjeld forsking som bidreg til berekraftig skogbruk og auka bruk av tre med sikte på varig binding av karbon og miljøgevinstar ved at tre erstattar materiale som gir meir klimautslepp.
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til at dei overordna landbruks- og matpolitiske måla samt delmåla på forskingsområdet blir nådd. Posten omfattar løyvingar til forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd.
Rapportering 2011
Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit felles mål- og resultatstyringssystem (MRS) for departementa sine tildelingar av midlar til Noregs forskingsråd. For ei nærmare omtale av desse måla, sjå Prop. 1 S (2012-2013) frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg til rapportering på dei overordna måla i det felles mål- og resultatstyringssystemet, rapporterer Forskingsrådet på måloppnåing ut i frå dei forskingspolitiske måla slik dei går fram av tildelingsbrev frå dei ulike departementa.
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
Forskingsløyvingane over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett på matområdet har i hovudsak blitt disponerte gjennom Noregs forskingsråd sitt program Norsk mat frå sjø og land – Matprogrammet. Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt har programmet bidratt til å bygge kompetanse på fleirfaglege område som til dømes helseeffektar av ulike matvarer, heilskapleg måltidsfokus og forbrukarpreferansar for val av sunn mat. I 2011 blei det mellom anna innvilga ni nye innovasjonsprosjekt i landbruksbasert næringsmiddelindustri. Programmet har òg finansiert både grunnleggjande og næringsretta forsking, i tillegg til strategisk arbeid med planlegging av satsingsområdet bioøkonomi. Det har i tillegg blitt arbeidd aktivt for å få i gang ei ny satsing på områda mat, helse og velvære i samarbeid med Folkehelseprogrammet.
Gjennom løyvingar til Matprogrammet deltek Noregs forskingsråd òg aktivt i fleire ERA-NET (samarbeid mellom nasjonale forskingsprogram) innanfor matområdet. I 2011 har Core Organic II (økologisk landbruk), EMIDA (dyrehelse) og Susfood (berekraftig næringsmiddelindustri) stått sentralt. Dei to fellesprogramma (Joint Programming Initiatives JPI) Agriculture, food security and climate change (FACCE) og A healthy diet for a healthy life (JPI HDHL), der Noregs forskingsråd deltek aktivt, er òg nært knytt til området mat og klima. Det blir dessutan samarbeidd på nordisk nivå innanfor Nordisk komité for jordbruks- og matforsking (NKJ).
Noregs forskingsråd har i 2011 vektlagt forsking på klimaspørsmål, både reduserte utslepp av klimagassar, tilpassingar til eit endra klima, og i nokon utstrekning moglegheiter for lagring av CO2 i jordbruket. Tilsvarande har programmet NORKLIMA òg hatt utlysingar knytt til tilpassing av landbruket til eit endra klima. Programmet hadde tre utlysingar i 2011, det har mellom anna blitt sett i gang eit prosjekt som har som mål å vurdere korleis utslepp frå norsk landbruk kan reduserast på kostnadseffektive måtar.
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Eit berekraftig, aktivt og lønnsamt skogbruk og konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling. Det er nødvendig med forsking for ytterlegare å styrkje skogens bidrag til verdiskaping i heile landet og for å nå politiske mål knytt til energi, klima og miljø. Viktige innsatsområde er auka bruk av trevirke som byggemateriale, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. Det er i første rekke programmet Natur og næring i Noregs forskingsråd som har hatt ansvaret for kunnskapsproduksjon på desse områda. I alt 10 prosjekt på områda skog, tre og marknad blei avslutta i 2011, av dette 8 prosjekt innanfor området bruk av tre som byggemateriale.
Eit viktig verkemiddel i programmet har vore deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid i Europa gjennom Wood Wisdom Net 2. Dette er eit ERA-NET med formål å utvikle samarbeid mellom europeisk skogsektor og skogbasert industri, forskingssamfunnet og styresmakter. Det er finansiert frå EU sitt sjuande rammeprogram.
Løyvinga gjennom programmet Miljø 2015 har finansiert fleire prosjekt innanfor emna biologisk mangfald, gjenvinning av landbruks- og matavfall, kulturminne og generell kunnskapsutvikling i skjeringsfeltet miljø- og landbruksforvaltning.
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
Gjennom Meld. St. 9 (2011 -2012) Landbruks- og matpolitikken og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen blir det lagt opp til betydelege bidrag frå landbruks- og matsektoren i klimaarbeidet. Ein viktig del av innsatsen er å utvikle forskingsbasert kunnskap for å styrkje verdikjeda som produserer fornybar energi. Vidare skal forskinga bidra med kunnskap for å realisere det store potensialet for auka opptak av CO2 i skog. Dette er omtala nærmare i mellom anna Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Det er òg nødvendig med kunnskap om korleis opptaket av CO2 i jord kan aukast.
Forskingsbudsjetta innan biovarme, biodrivstoff og biogass har fått ein betydeleg auke etter klimaforliket mellom Regjeringa og opposisjonspartia på Stortinget i 2008. Forskinga på området har i 2011 vore delt mellom programma Natur og næring og RENERGI i Noregs forskingsråd.
Gjennom 2011 har det vore ei større mengd prosjekt som tek for seg bruk av råstoff frå landbruket (trevirke, skogsavfall, jordbruksavfall og anna landbruksavfall) til stasjonær bioenergi og biodrivstoff. Forsking på biogass som energikjelde inngår òg i satsinga gjennom fleire prosjekt. Løyvinga til bioenergiforsking over departementet sitt budsjett var på om lag 40 mill. kroner i 2011. Den omfattande satsinga som no skjer på bioenergiområdet skal både auke leveransen av energi til samfunnet og bidra til arbeidsplassar og lønnsame verksemder i sektoren.
For å få til ei heilskapleg forsking på bioenergi blei det i 2011 lagt grunnlag for å slå saman porteføljen av oppstraumsprosjekt (primærleddet) i Natur og næring med nedstraumsprosjekt (frå industri til forbruker) i RENERGI. Endringa har vore gjennomført frå og med 2012.
Forskingsprogrammet Natur og næring har i 2011 følgt opp politiske føringar om å støtte forsking om korleis skog- og trebasert næringsverksemd kan handtere klimautfordringane. Innanfor temaet skogbehandling og karbonbinding er det sett i gang eit stort tverrfagleg forskarprosjekt for å modellere CO2-effektane av ulik skogbehandling og avverkingsnivå og effektar på biodiversitet. Klimasatsinga på skogsida er òg vidareført i prosjekt som analyserer CO2-regnskapet frå stubbe til ferdig produkt i trebaserte verdikjeder (papir, tre som byggemateriale og bioenergi).
Betydelege mengder karbon er lagra i skogsjord og landbruksjord. Eit viktig tiltak for å redusere mengda av klimagassar i atmosfæren er å halde så mykje som mogleg av karbonet i jorda, og hindre at det igjen kjem ut i atmosfæren. I 2011 har det blitt arbeidd med utvikling og testing av system for karbonovervaking av skog- og jordbruksjord i Noreg.
Auka innovasjon og konkurranseevne
Ein stor del av departementet si løyving til Noregs forskingsråd går til forsking for å styrkje og auke konkurranseevna i næringslivet. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), og tematisk innretta program som Natur og næring, Matprogrammet og Store program i Noregs forskingsråd har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga utløyser betydelege private midlar til forsking. Det blei i 2011 arbeidd vidare for langsiktig vitskapleg kunnskapsbygging og kompetanse i bransjane, i tillegg til finansiering av forsking for å løyse dagsaktuelle utfordringar og risikoavlasting i verksemda. I samsvar med departementet si prioritering av næringsretta forsking på matområdet, blei det i 2011 utlyst innovasjonsprosjekt for auka konkurransekraft i norsk landbruksbasert næringsmiddelindustri med ei samla ramme på 35 mill. kroner. Forsking for å støtte opp under økonomisk vekst i tenesteytande næringar som Inn på tunet (IPT) og reiseliv har blitt vidareført i 2011.
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Dei handlings- og næringsretta programma til Noregs forskingsråd er i sin heilskap retta mot både sektoren og kunnskapsbehov i forvaltninga. Forskingsprogramma Matprogrammet, Miljø 2015, NORKLIMA, Natur og næring og RENERGI, er dei viktigaste verkemidla for kunnskapsutviklinga for forvaltninga. Innanfor Matprogrammet har kunnskapsutvikling på områda nok og trygg mat, samt plante- og dyrehelse blitt prioritert i 2011. Miljø 2015 finansierer prosjekt innanfor tema som biologisk mangfald, gjenvinning av landbruksavfall, kulturminne, vilt- og fiskeforvaltning og generell kunnskapsutvikling i skjeringsfeltet miljø- og landbruksforvaltning. I 2011 lyste programmet ut 33 mill. kroner til temaområda kulturminne og -miljø, friluftsliv, landskap: kulturlandskap – framande artar og rovviltforsking. NORKLIMA hadde i 2011 ei løyving på 7 mill. kroner frå departementet. Løyvinga har finansiert prosjekt som har auka kunnskapen om tilpassing av landbruket til eit endra klima. Vidare har Natur og næring vidareført aktiviteten innanfor areal- og ressursforvaltning på 13-15 mill. kroner i 2011.
Næringspolitikk og rammevilkår er eit viktig kunnskapsområde for landbrukssektoren. I 2011 blei det gjennom Natur og næring utlyst midlar til forsking knytt til næringspolitikk og rammevilkår i eit internasjonalt perspektiv. Vidare har Matprogrammet i 2011 hatt løpande prosjekt med fokus på mellom anna rammevilkår og konkurransesituasjonen til norske matnæringar, og på kommunikasjon med forbrukarar om aspekt ved matvarer og marknadsanalyseverktøy.
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Innsatsen mot dette målet skjer mellom anna gjennom forsking på nasjonalt prioriterte område, forskingsbasert innovasjon, forsking i næringslivet, forsking i tråd med kunnskapsbehov i sektoren og forvaltninga og internasjonalt forskingssamarbeid.
Forskingsprogramma Natur og næring og Matprogrammet, saman med Miljø 2015, Havbruk, NORKLIMA og RENERGI, er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet, som innovasjonsprosjekt (IPN) og kompetanseprosjekt (KPN). Handlings- og næringsretta program er i heilskap retta mot sektoren og forvaltninga sitt kunnskapsbehov.
Det er eit aktivt samarbeid mellom styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Jordbruksavtalen om bransjeretta matforsking. Desse fonda finansierer i hovudsak open forsking til nytte for aktørane i bransjen. Samarbeidet med næringsfonda har som formål å bidra til ei heilskapleg og effektiv forvaltning av dei samla forskingsmidla innan landbruks- og marin sektor, og å sikre forskingsfagleg kvalitet i prosjekta.
Høg internasjonalisering av forskinga
Norske forskingsmiljø har ei relativt god deltaking innanfor landbruks- og matområdet i EUs 7. rammeprogram. Noreg er òg godt representert i ERA-nettet Wood Wisdom Net 2. Noregs forskingsråd deltek i arbeidet i The European Agricultural Research (EURAGRI) og i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR) i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Gjennom samarbeidet i SCAR har Noreg i 2011 delteke i ulike samarbeidsgrupper (Collaborative Working Groups, CWG), som mellom anna utarbeider felles plattformer for forskingsbehov og infrastruktur. Innan landbruks- og matforskinga deltek Noreg i CWG innan Climate Change and Agriculture og Animal Health and Welfare, og prosjektet Risk research on Genetically Modified Organisms.
Noregs forskingsråd har i 2011 prioritert samarbeid gjennom dei multilaterale organisasjonane EU, ESF, COST og EUREKA. I tillegg kjem ordninga med internasjonale stipend og det nordiske samarbeidet. Fleire av prosjekta i Matprogrammet fekk i 2011 tilleggsløyvingar til gjesteforskarstipend og utanlandsstipend. Nord-Amerika-samarbeidet innanfor mattsikkerheit, bioenergi og biobaserte produkt har òg blitt vidareført i 2011.
I 2011 er konseptet om felles programsamarbeid (JPI) sett i gang, med to JPIar på landbruks- og matområdet; Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) og A Healthy Diet for a Healthy Life. Gjennom dei nasjonale forskingsråda er målet med JPI-ane å koordinere nasjonale satsingar, infrastruktur, og løyvingar for å oppnå betre ressursutnytting og finne felles løysingar på felles utfordringar.
Nordisk komité for jordbruks- og matforsking (NKJ) har gjennomført ein strategiprosess for å etablere ei nordisk plattform for samarbeid, der òg Nordisk ministerråd er breiare involvert. Eit overordna mål i strategien er å styrkje posisjonen til Norden innanfor jordbruks- og matforskinga på den europeiske forskingsarenaen, og bidra til å vidareutvikle det europeiske forskingssamarbeidet på dette området. Som eit verkemiddel ønskjer NKJ å etablere større samfinansierte nordiske forskingsprogram. I 2011 blei det sett i gang to nye NKJ-forskingsprosjekt og etablert to nye nettverk knytt til områda auka produksjon av mat og tilpassing til eit endra klima.
Sommaren 2011 blei etableringa av Global research alliance on agricultural greenhouse gases stadfesta. Alliansen skal bidra til å danne nettverk som fremmer kunnskap som kan redusere utslepp av klimagassar frå landbruket. I 2011 utarbeidde alliansen mellom anna ein kommunikasjonsstrategi. Nasjonale forskingsmiljø deltek aktivt i etablerte forskingsgrupper innanfor alliansen sine område.
Effektiv kommunikasjon og formidling
God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk, både av primærprodusentane og resten av ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Både brukarstyrte program, dei tematiske programma og nettverksprogram er sentrale for å styrkje kontakten mellom næringsliv og forskingsinstitusjonar. Gjennom VRI-programmet blir det samarbeidd med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i verksemder med liten FoU-erfaring. Norsk landbruksrådgiving er eit bindeled mellom forsking og landbruket, og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane.
Det er gjennomført ei rekke formidlingstiltak gjennom dei landbruksrelevante programma. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremme dialog mellom forsking og samfunn, og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Programma har gitt viktige bidrag til formidling av ny kunnskap mellom anna gjennom utlysing av konferansestøtte.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om å løyve 233,893 mill. kroner til landbruks- og matforsking i 2013. Løyvinga følgjer dei åtte målområda omtalt i kat. 15.20. Desse følgjer opp forskingspolitiske prioriteringar i Meld. St. 9 (2011-2012) ogSt.meld. nr. 39 (2008-2009). Frå 2008 har løyvinga over posten auka med vel 76 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg for å styrkje forskingsinnsatsen for å auke matproduksjonen, tilpasse produksjonen til eit endra klima og auke konkurranseevna i næringsmiddelindustrien. Det blir gjort framlegg om ei flytting på 0,3 mill. kroner til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 284 post 01 for å samle løyvingane til dei forskingsetiske komiteane og Granskingsutvalet. Det blir óg gjort framlegg om ei teknisk flytting frå kap. 1137 post 51 til kap. 1137 post 50 på 4,516 mill. kroner for å få samla løyvinga til forskingsaktiviteten inn under same post.
I tråd med dei overordna måla i Meld St. 9 (2011-2012) skal landbruks- og matforskinga bidra til å auke den nasjonale matproduksjonen i takt med etterspørselen til ei veksande befolkning. Klimaendringane skapar utfordringar, men òg betydelege moglegheiter for det norske landbruket. Avlingsnivået kan auke, eksisterande plantesortar kan få auka utbreiing og nye plantesortar kan takast i bruk. Departementet vil derfor auke forskingsinnsatsen for å tilpasse matproduksjonen til eit endra klima. Særleg skal forsking for betre agronomi og auka kornproduksjon prioriterast. Løyvinga over posten skal òg bidra til kunnskapsutvikling som sikrar god plante- og dyrehelse, trygg mat og eit landbruk som tek nødvendige omsyn til dyrevelferd, natur og miljø innanfor eit endra klima. Samstundes skal forsking på området mat og klima synleggjere moglegheiter og bidra til auka lønnsemd i norsk landbruk. Satsinga må sjåast i samanheng med internasjonal forskingsaktivitet på desse områda.
Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurranseevne innanfor dei mange næringane i landbruket. I dette arbeidet står den brukarstyrte forskinga sentralt. I Meld. St. 9 (2011-2012) blir den kunnskapsbaserte bioøkonomien omtalt. Europakommisjonen omtalar den kunnskapsbaserte bioøkonomien som berekraftig produksjon og tilarbeiding av biomasse til mat, helseformål, produkt frå fiber, industrielle produkt og energi. Produksjon av mat- og biomasse i landbruket, og næringar som baserer seg på denne biomassen, vil spele ei sentral rolle innanfor bioøkonomien. For å følgje opp dette vil departementet i 2013 styrkje forsking som fremmer auka konkurranseevne i næringsmiddelindustrien.
Forskingsinnsatsen innanfor klima og fornybar energi tek blant anna utgangspunkt i St.meld. nr. 39 (2008-2009). Over fleire år har forsking på områda biovarme, biogass og biodrivstoff, og opptak og lagring av karbon i skog, blitt prioritert. Forsking på desse områda skal vidareførast på om lag same nivå som tidlegare. Det same gjeld forsking som bidreg til berekraftig skogbruk, auka bruk av tre med sikte på varig binding av karbon og miljøgevinstar ved at tre erstattar materiale som gir meir klimautslepp. Ei offensiv satsing på skog og klima er i tråd med Meld. St. 21 (2011-2012).
Landbruks- og matdepartementet ønskjer auka kommersialisering av forskingsresultat. For å oppnå dette er det viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, SIVA og Forskingsrådet samarbeidar om å auke innovasjonsgrada i sektoren. Departementet vil vidareføre arbeidet med å legge til rette for auka samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta og andre kunnskapsmiljø på Campus Ås med sikte på auka kommersialisering av kunnskap frå forsking. Støtta til programmet Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) i Noregs forskingsråd blir vidareført i 2013.
Det er eit mål med høg internasjonalisering av landbruks- og matforskinga. Noregs forskingsråd skal sikre at dei nasjonale forskingsprogramma vidareutviklar sitt strategiske, tematiske og finansielle samspel med EU-forskinga, inkludert mellom anna det nye programmet Horizon 2020. Det skal òg arbeidast vidare for å legge til rette for norsk deltaking i aktuelle ERA-NET og reelle felles program (JPI). Utviklinga av bilateralt forskingssamarbeid med særleg Nord-Amerika, Kina og India skal vidareførast. Det er ønskjeleg at norske landbruksforskingsmiljø engasjerar seg i forskings- og utviklingsaktivitet som bidreg til å auke matproduksjonen òg i andre land.
Nordisk komité for jordbruks- og matforsking (NKJ) skal støtte opp under forskings- og innovasjonssystema i dei nordiske landa og vere ei felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Departementet legg vekt på at ein i 2013 vidareutviklar det nordiske samarbeidet, mellom anna det pågåande arbeidet med The Nordic Bioeconomy Initiative. Målet er å etablere eit felles nordisk program innanfor bioøkonomi.
Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsutfordringane innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. Det er derfor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringane. Siktemålet er at felles kunnskapsbehov skal sjåast i samanheng og at ressursane til forsking skal utnyttast effektivt. Med dette som bakgrunn er det eit behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltning på landbruks- og matområdet.
Forskingsprosjekta må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ha nytte av den. Formidling er ei viktig oppgåve for alle forskingsinstitusjonar og forskingsinstitutt i sektoren spesielt, inkludert både spesifikke brukargrupper og allmenta elles. Institutta må tilpasse formidling av kunnskap på ein måte som gjer at den raskt blir forstått og kan brukast av aktuelle brukarar. Det skal leggjast til grunn at forskingsinstitutta på landbruks- og matområdet har strategiar for korleis ny kunnskap frå forsking skal kommuniserast til ulike brukargrupper. Dette vil kunne gi store gevinstar for samfunnet.
For å støtte opp under forvaltninga sitt behov for kunnskap, og som ledd i utvikling av landbrukets mange verdikjeder, er det behov for samfunnsfagleg forsking innanfor alle dei prioriterte forskingsområda til departementet.
Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
Noregs forskingsråd har ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til dei fem forskingsinstitutta innanfor landbruks- og matsektoren: Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap, Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning), og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima strategiske midlar innanfor denne basisløyvinga.
Bioforsk og Veterinærinstituttet blir omtalt nærmare i kap. 1112, og NILF og Norsk institutt for skog og landskap i kap. 1141. Bygdeforskning er ein frittståande nasjonal forskingsstifting som bidreg med samfunnsvitskapleg forsking innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar.
Formål med løyvinga
Formålet med basisløyvinga er å sikre ein sterk instituttsektor, med evne til å tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga på landbruks- og matområdet. Dei statlege løyvingane skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging. Basisløyvinga er delt i ei delvis resultatbasert grunnløyving og strategiske instituttsatsingar. Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar for å bygge opp under institutta sine formål og strategiar, mellom anna fleirårige og langsiktige forskingsprosjekt, nettverksbygging, internasjonalisering, publisering og anna formidling, langsiktig kompetanseutvikling og investering i vitskapleg utstyr. Dei strategiske instituttsatsingane skal bidra til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging på forskingsfelt av særskilt interesse for sektoren.
Rapportering 2011
Dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta har auka driftsinntektene med 22 pst. nominelt frå 2007. Største delen av inntekta kjem frå offentleg forvaltning (inkl. Noregs forskingsråd), og norsk næringsliv. Det er store skilnader i finansieringsstrukturen til dei ulike institutta.
Tabell 2.1 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2011
Driftsinntekter1 | Driftsresultat | Grunn-løyving2 | Løyving til strategiske instituttsatsingar2 | Basisløyving per forskarårsverk | Basisløyving i prosent av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | Prosent | |
Bioforsk | 421,2 | 15,1 | 85,4 | 9,7 | 0,426 | 23 % |
Bygdeforskning | 29,1 | -0,5 | 7,9 | 0,7 | 0,452 | 30 % |
NILF | 54,1 | 0,3 | 8,9 | 3,3 | 0,455 | 23 % |
Norsk institutt for skog og landskap | 216,1 | 5,4 | 34,7 | 4,9 | 0,54 | 18 % |
Veterinærinstituttet | 346,8 | 0,7 | 17,9 | 2,3 | 0,135 | 6 % |
Sum | 1067,3 | 21 | 154,8 | 20,9 | ||
Gjennomsnitt (vekta) | 0,36 | 16 % |
1 Samla inntekter eksklusive finansinntekter og ekstraordinære inntekter.
2 Tall basert på rapportert forbruk.
Kjelde: Forskingsrådets årsrapport 2011, Delrapport for primærnæringsinstituttene.
Rapportert vitskapleg publisering i perioden 2008-2011 viser auka omfang og kvalitet på publiseringa for dei fem institutta samla. Samstundes er det store skilnader mellom institutta og resultata varierar mykje frå år til år for enkelte av institutta.
Dei fem institutta produserte samla 276 publikasjonspoeng i fjor jamført med 208 i 2008. Dette er ei forbetring på 33 pst. Veterinærinstituttet og Bioforsk leverte kvar for seg om lag 1/3 av publiseringspoenga til dei fem institutta.
Talet på publikasjonar på kvalitetsnivå 2 for institutta samla har auka frå 13 pst. i åra 2008 og 2009 til 19 pst. i 2011. Dette gjenspeglar ei forbetring når det gjeld vitskapleg kvalitet.
Tabell 2.2 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 20111
Samla årsverk | Forskarårsverk i prosent av samla årsverk | Tilsette med dr. grad per forskarårsverk | Talet på publikasjonspoeng | Publikasjonspoeng per forskarårsverk | |
---|---|---|---|---|---|
Tal | Prosent | Forh. tal | Tal | Forh. tal | |
Bioforsk | 412 | 54 | 0,72 | 87 | 0,39 |
Bygdeforskning | 24 | 80 | 0,68 | 33 | 1,73 |
NILF | 62 | 44 | 0,59 | 21 | 0,77 |
Norsk institutt for skog og landskap | 203 | 36 | 0,75 | 43 | 0,59 |
Veterinærinstituttet | 334 | 45 | 0,82 | 92 | 0,62 |
Sum | 1 035 | 276 | |||
Gjennomsnitt (vekta) | 48 | 0,75 | 0,56 |
1 Publikasjonspoeng er eit vekta uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå, som gir et mål på vitskapleg produksjon av fagfellevurderte artiklar i tidskrift/antologiar og monografiar.
Kjelde: Forskingsrådet. Årsrapport 2011, Delrapport for primærnæringsinstituttene
Bioforsk
Bioforsk hadde eit driftsresultat på 15,1 mill. kroner i 2011, mot 13,6 mill. kroner i 2010. Instituttet har i 2011 nytta 95,1 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga fordelar seg med 85,4 mill. kroner i grunnløyving og 9,7 mill. kroner i vidareførte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 23 pst. av inntektene til Bioforsk i 2011. Det var 412 årsverk i Bioforsk i 2011. Til saman 223 av årsverka var forskarar, ein nedgang frå 226 året før. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 123 artiklar i periodika og seriar og 18 artiklar i antologiar. Bioforsk oppnådde 0,39 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Bygdeforsking
Bygdeforsking hadde eit negativt driftsresultat på -0,5 mill. kroner i 2011, mot -0,4 mill. kroner i 2010. Instituttet har i 2011 nytta 8,6 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga fordelar seg med 7,9 mill. kroner i grunnløyving og 0,7 mill. kroner i vidareførte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjer 29 pst. av Bygdeforsking sine driftsinntekter. Det var 24 årsverk i Bygdeforsking i 2011. 19 av årsverka var forskarar. Bygdeforsking oppnådde 1,73 publikasjonspoeng per forskarårsverk, ein oppgang frå 1,16 i 2010.
Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
NILF hadde eit driftsresultat på 0,3 mill. kroner 2011, mot 0,2 mill. kroner i 2010. Instituttet har i 2011 nytta 12,2 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet. Basisløyvinga fordelar seg med 8,9 mill. kroner i grunnløyving og 3,3 mill. kroner i vidareførte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 23 pst. av inntektene. Det var 62 årsverk i 2011, ein nedgang på to personar frå året før. Til saman 27 av årsverka var forskarar. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 18 artiklar i periodika og seriar og 12 artiklar i antologiar. Bioforsk oppnådde 0,77 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap hadde eit driftsoverskot på 5,4 mill. kroner i 2011, mot 6,6 mill. kroner året før. Instituttet nytta ei basisfinansiering frå Forskingsrådet på 39,6 mill. kroner. Basisløyvinga var fordelt mellom 34,7 mill. kroner i grunnløyving og 4,9 mill. kroner i strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap utgjorde 18 pst., det vil seie det same som i fjor. Instituttet hadde 203 årsverk i 2011, mot 216 året før. Forskarar utgjorde 73 årsverk, ein auke på 6 årsverk frå året før. Den vitskapelge produksjonen resulterte i 66 artiklar i periodika og seriar og 7 artiklar i antologiar. Instituttet oppnådde 0,59 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet hadde i 2011 eit driftsresultat på 0,7 mill. kroner, det same som året før. Instituttet nytta ei basisfinansiering på 20,2 mill. kroner frå Forskingsrådet. Basisløyvinga er fordelt mellom ei grunnløyving på 17,9 mill. kroner og 2,3 mill. kroner til strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 6 pst. av driftsinntektene til instituttet. Instituttet hadde 334 årsverk. Tal på forskarar utgjorde 150 årsverk, ein auke med 6 årsverk frå året før. Veterinærinstituttet hadde 0,62 publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2011.
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 187,774 mill. kroner som basisløyvingar til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving og strategiske instituttsatsingar med meir. Det blir gjort framlegg om ei teknisk flytting frå kap. 1137 post 51 til kap. 1137 post 50 på 4,516 mill. kroner for å få samla løyvinga til forskingsaktiviteten inn under same post.
Ut over dei fem institutta som departementet har sektoransvar for, får Nofima midlar til strategiske instituttsatsingar i 2013 innanfor denne løyvinga. Nofima er eit viktig institutt for utvikling av norsk mat- og næringsmiddelproduksjon innanfor grøn og blå sektor.
Det er vidare sett av 0,3 mill. kroner til foreininga til Nordiske jordbruksforskarar (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremme jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.
Basisløyvingar til forskingsinstitutt
Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet er begge ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Nofima AS, SINTEF Fiskeri og havbruk, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet.
Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga er sett saman av ein fast del og ein resultatbasert del. Gjeldande system med basisløyving evaluerast i 2012. Departementet finn det derfor ikkje riktig å vurdere eventuelle endringar i dagens opplegg no, men vil vidareføre ordninga som for 2012. For 2013 vil departementet vidareføre den resultatbaserte omfordelinga på 2,5 pst. av grunnløyvingsramma for primærnæringsinstitutta.
Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet har som vilkår at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.
Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren m.v.
Formål med løyvinga
Vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) Om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole fører til store investeringar i infrastruktur. Løyvinga skal ivareta potensialet for faglege og administrative synergiar mellom det nye universitetet på Ås og landbruket sin instituttsektor. Den skal òg nyttast til å følgje opp Forskingsrådet sin rapport frå 2010 En robust instituttsektor. I denne prosessen blir det gjort ein gjennomgang av forskingsinstitutta til departementet med omsyn til struktur, samlokalisering, næringslivssamarbeid, rollefordeling og organisering òg utanfor Ås. Grenseflater og tilknyting til andre forvaltningsorgan under departementet inngår òg i arbeidet.
Rapportering 2011
I 2011 har løyvinga over posten mellom anna gått til å dekke store delar av kostnadene knytt til Veterinærinstituttet sin flytteprosess. Prosjektet består av både planlegging av bygget og dei nødvendige organisasjonsutviklingsprosessane som må gjennomførast for å legge til rette for nye utfordringar for instituttet.
Det er løyvd midlar til å etablere ei plattform som gir oversikt over eksisterande avansert utstyr og instrument i instituttsektoren på Ås, som grunnlag for samarbeid om bruk og innkjøp av slikt utstyr. Gjennom infrastrukturmidlane til Forskingsrådet er det gitt løyvingar til Nofima og UMB for etablering av eit «Patogen Pilot anlegg». Over post 53 er det i 2011 løyvd midlar til å bygge nettverk og diskutere prosjektsamarbeid mellom forskingsaktørane på nye Campus Ås som skal bruke dette anlegget, og mellom desse og aktuelle oppdragsgivarar i næringslivet. Det er vidare løyvd midlar til planlegging av ei større forskarsamling for alle aktørane på nye Campus Ås for å legge til rette for samarbeidsprosjekt og felles satsingar innanfor bioøkonomi. Løyvinga over posten har óg gått til å greie ut om moglegheitene for eit innovasjonssenter på Campus Ås.
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 4,2 mill. kroner. Løyvinga skal gå til å dekke delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås, og til å vidareutvikle instituttsektoren med sikte på å hente ut større faglege og administrative synergiar frå samarbeid mellom landbruket sine forskingsinstitutt. Løyvinga vil og bli brukt til å styrkje grunnlaget for auka næringslivssamarbeid og kommersialisering av forsking i institutta.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 37 243 | 29 126 | 30 087 | 3,3 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 40 065 | 37 670 | 38 913 | 3,3 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 118 112 | 118 112 | 122 010 | 3,3 |
1143 | Statens landbruksforvaltning | 355 012 | 348 386 | 357 850 | 2,7 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 5 697 | 6 592 | 6 810 | 3,3 |
1147 | Statens reindriftsforvaltning | 61 020 | 61 787 | 63 744 | 3,2 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 95 008 | 150 000 | 117 200 | -21,9 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | 87 081 | 73 248 | 75 665 | 3,3 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 13 241 885 | 13 759 102 | 14 210 397 | 3,3 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 103 236 | 102 000 | 104 500 | 2,5 |
1161 | Statskog SF – forvaltningsdrift | 21 969 | 21 969 | 22 694 | 3,3 |
Sum kategori 15.30 | 14 166 328 | 14 707 992 | 15 149 870 | 3,0 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
4138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 7 572 | |||
4143 | Statens landbruksforvaltning | 43 985 | 36 726 | 37 718 | 2,7 |
4147 | Statens reindriftsforvaltning | 1 179 | 37 | 38 | 2,7 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 58 316 | 27 700 | 59 520 | 114,9 |
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 10 000 | 50 000 | 400,0 | |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 794 777 | 242 000 | 125 000 | -48,3 |
Sum kategori 15.30 | 905 829 | 316 463 | 272 276 | -14,0 |
Mål
Dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Måla er omtalte i den innleiande delen av proposisjonen. Sjå òg Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken.
Programkategori 15.30 gjeld politikk og tiltak for verdiskaping, ressursforvaltning og miljø. Tiltaka på området skal bidra til god måloppnåing innanfor alle dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Tilskott er eit viktig element i dette.
Skatt og avgifter verkar inn på produksjon og forbruk av varer og tenester basert på landbrukets ressursar, noko som òg har konsekvensar for naturmiljøet og bruken av naturressursar. Skatte- og avgiftsspørsmål er ikkje nærmare omtalte her. For ein samla omtale av skatte- og avgiftsopplegget, sjå Prop. 1 LS (2012-2013) frå Finansdepartementet.
Prioriteringar i 2013
Noreg som konstruktiv internasjonal aktør
I WTO-forhandlingane er det lite framgang, og det er ikkje truleg at ein vil få ei ny WTO-avtale på kort sikt. Den eksisterande WTO-avtalen gir utfordringar for norsk landbruk. Departementet må tilpasse verkemiddelbruken i landbrukspolitikken slik at Noreg held seg innanfor dei avgrensingane vi har for produksjonsretta landbruksstøtte.
EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. Frå 1. januar 2012 blei ein ny avtale om auka handel med uforedla landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen sett i verk. For foredla landbruksvarer, jf. Protokoll 3 til EØS-avtalen, gjeld avtalen som blei sett i verk 1. november 2004. EFTA forhandlar med ei rekke land om inngåing av handelsavtalar. Mellom desse landa er store land som Russland, India, Indonesia og Vietnam. Handel med både uforedla landbruksvarer og foredla landbruksvarer inngår i forhandlingane.
Arbeidet til FN er viktig og førande for politikkutforminga i Noreg. Regelverket for arealbruk, endringar i arealbruk og skog i Kyoto-protokollen for neste avtaleperiode blei avklart under konferansen i Durban i 2011. Departementet vil prioritere deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane som gjeld skog i arbeidet med ein framtidig, heilskapleg klimaavtale. I tillegg krev ei betre integrering av jordbruk og trygg mat i klimaforhandlingane både engasjement og brei støtte. Det er på dette området viktig å sikre eit godt samarbeid mellom FN, Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland.
Departementet vil følgje opp arbeidet i FNs internasjonale skogforum (UNFF). FNs skogforum har ei rolle i å legge premissar for korleis ein kan sikre berekraftig skogforvaltning globalt. I 2013 vil hovudtemaet for UNFF sitt arbeid vere ulike moglegheiter for finansiering av berekraftig skogforvaltning.
FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) er den sentrale organisasjonen for fagleg og politisk samarbeid på fleire felt innanfor jordbruk, trygg mat og skog. FAO vil mellom anna følgje opp prioriteringane frå toppmøtet i Rio i juni 2012 om berekraftig utvikling, der global matsikkerheit hadde ein sentral plass. Departementet vil legge stor vekt på å fremme norske interesser i FAO sitt arbeid og for å bidra til berekraftig utvikling verda over. Departementet vil arbeide med ulike utviklingstiltak på matsikkerheitsfeltet, der mellom anna genetiske ressursar og klimasmart landbruk står sentralt. Departementet vil framleis ta aktivt del i og støtte opp om FAO sitt arbeid med berekraftig skogforvaltning. Departementet vil òg ta aktivt del i arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Dette inneber òg vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet vil framleis arbeide for å auke støtta til plantetraktatens Benefit-Sharing Fund. Dette skal bidra til å auke utviklingslanda sine moglegheiter til å forbetre og nytte kulturplantene i eigen matproduksjon og i tilpassing til klimaendringar og andre behov.
Landbruks- og matdepartementet samarbeider med Miljøverndepartementet om gjennomføring av EUs tømmerforordning i Noreg. Forordninga vil tre i kraft i EU i mars 2013, og vil venteleg bli teke inn i EØS-avtalen om lag på same tid.
Det er behovfor eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. Departementet vil derfor i 2013 legge stor vekt på deltakinga i forhandlingane om ein rettsleg forpliktande europeisk skogavtale som blei initiert av landa i Europa på Forest Europe ministerkonferansen i Oslo i 2011.
Det nordiske samarbeidet skal, gjennom felles nordisk innsats på viktige område som miljø, klima, energi, forsking, utdanning og innovasjon, skape meirverdi for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane der. På møtet i ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmidlar og skogbruk i Trondheim i juni 2012 blei dei nordiske ministrane einige om å arbeide for auka berekraftig og konkurransedyktig produksjon i sektorane mat, fôrmidlar, bygnings- og konstruksjonsvirke, bioenergi og innovative produkt frå land, hav og vatn. Dette står sentralt i oppfølginga i 2013.
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga
I Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk har skogen ei viktig rolle. Regjeringa vil bruke skogen for å sikre eit høgt opptak av CO2 slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Dette skal mellom anna skje ved å legge til rette for tettare planting av ny skog etter hogst, etablering av skog på nye areal, ei styrkja skogplanteforedling og målretta gjødsling av skog. Det skal utviklast miljøkriterium for fleire av tiltaka. Samstundes skal skogressursane nyttast til å produsere meir fornybar energi og trematerialar. Vidare vil departementet fortsette arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå jordbruket, mellom anna ved satsing på biogass.
Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det forventa smittepresset må bli møtt med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar, med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.
Regjeringa meiner Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med kunnskapsproduksjon for eit klimatilpassa landbruk. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta FoU-innsats. Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.
Auka matproduksjon og landbruk over heile landet
Matproduksjon frå land og sjø basert på berekraftig bruk av våre nasjonale ressursar er eit fundament for matsikkerheit. Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at det vil bli 20 pst. fleire innbyggarar i Noreg dei neste 20 åra. Regjeringa vil legge til rette for auka produksjon av landbruksvarer, innanfor gitte handelspolitiske rammer, som det er naturgitt grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på dagens nivå. Regjeringa har som målsetjing at produksjonen i landbruket skal auke i takt med etterspørselen til ei aukande befolkning.
Jordbruksavtalen
Regjeringa vil sikre bruk av landbruksareal gjennom å vidareføre om lag den same regionvise fordelinga av areal og produksjon og gjennom å oppretthalde ein variert bruksstruktur. Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri skal gi konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar.
Jordbruksavtalane dei siste åra har lagt til rette for eit løft i inntektene for jordbruksbedriftene. Avtalane har mellom anna prioritert det grasbaserte husdyrhaldet, beiting med husdyr og forbetring av velferdsordningane. Distrikts- og strukturprofilen i budsjettstøtta og fraktordningane er styrkt for å bidra til å nå målet om eit landbruk over heile landet. Samla sett har avtalane lagt til rette for ein inntektsvekst frå 2006 til 2012 på om lag 77 pst. eller om lag 124 000 kroner per årsverk. Tala gjeld etter jordbruksoppgjeret i 2012, og SSB sine nye og lågare tal for arbeidsforbruket i jordbruket er lagt til grunn her.
I 2012 blei det brott i jordbruksforhandlingane, og oppgjeret blei vedteke av Stortinget, etter at regjeringa la fram ein proposisjon basert på statens tilbod. Oppgjeret legg til rette for ein inntektsvekst på 4 ½ pst., eller 13 000 kroner per årsverk i 2013 i forhold til 2012, før oppgjer. Då er verdien av jordbruksfrådraget inkludert. I oppgjeret blei det teke omsyn til at tala for 2012 viste høgare inntektsvekst enn året før.
Oppgjeret i 2012 følgjer opp Meld. St. 9 (2011-2012) på sentrale område. Oppgjeret prioriterer storfekjøt, korn og grøntsektoren, der marknadsmoglegheitene er gode. Oppgjeret legg vidare til rette for auka produksjon og betre arealproduktivitet, mellom anna gjennom god agronomi, rådgjeving og foredling og ved å innføre tilskott til grøfting med ei løyving på 100 mill. kroner. Samstundes er det gjort framlegg om å styrkje distriktsprofilen, betre frakttilskottsordningane for korn- og kraftfôr og å legge til rette for ein meir regionalt tilpassa politikk. Dette blir det arbeidd vidare med i 2013. Vidare blir Landbrukets utviklingsfond styrkt. Dette gjer det mogleg å prioritere investeringsverkemiddel framover, slik det er lagt opp til i landbruks- og matmeldinga.
Oppgjeret gir ein auke i målprisane på 330 mill. kroner frå 1. juli 2012. Løyvinga med inntektsverknad i 2013 aukar med om lag 230 mill. kroner og i tillegg blir Landbrukets utviklingsfond styrkt med ei løyving på 275 mill. kroner i 2013.
Eigedoms- og busetjingspolitikk
Lovgjevinga er eit viktig verkemiddel for eit aktivt landbruk. Kommunane har ei sentral rolle i gjennomføringa av eigedoms- og busetjingspolitikken etter gjeldande lovverk.
I 2009 blei det fastsett ei rekke endringar i eigedomslovene i landbruket, med odelslova, konsesjonslova og jordlova som dei viktigaste. Reglane blei enklare og meir målretta og legg til rette for auka aktivitet som grunnlag for busetjing. Det er seinare gjort fleire endringar i eigedomslovene.
Meld. St. 9 (2011-2012) bygger i all hovudsak på at dei juridiske verkemidla i eigedomspolitikken er oppdaterte for dei behova som ligg føre i dag. Regjeringa ser likevel behov for enkelte endringar med omsyn til arbeidet for auka verdiskaping, auka matproduksjon og å sikre busetjinga i distrikta.
For å nå målet om auka verdiskaping og auka matproduksjon, må det bli lagt til rette for ei god arealutnytting. Jordskiftelova inneheld verkemiddel som gjer at eigedoms- og bruksrettar kan endrast slik at eigedommane kan bli utnytta på ein betre måte. For å få ei lov som passar med tida og dei utfordringane vi har framover, vil regjeringa fremme forslag til Stortinget om ei ny jordskiftelov. I forslaget vil det mellom anna bli lagt til rette for å oppnå betre arealutnytting i urbane område og dermed redusert behov for bygge ned produktive areal.
I generasjonar har det vore eit sentralt mål i landbrukslovgivinga at eigar og brukar skal vere den same. Lovgivinga bygger på ei oppfatning av at ei slik eigarform tek omsyn til matproduksjon og verdiskaping på best måte. Det er i dag stort omfang av leigejord i dei fleste fylka. Det bør derfor stimulerast til at aktive brukarar kan få kjøpe tilleggsareal. Departementet vurderer derfor å foreslå endringar i jordlova som gjer det lettare å bli eigar av leigd areal. Som oppfølging av meldinga og målet til regjeringa om å sikre busetjinga i distrikta, arbeider departementet òg med endringar som vil gjere det enklare å få frådelt bustadtomter og bustadhus. Departementet arbeider vidare med forslag om å redusere kravet til leigetid frå 10 til 5 år når driveplikta blir oppfylt ved bortleige.
Som oppfølging av meldinga vurderer departementet òg å heve beløpsgrensa for kva for landbrukseigedommar som skal omfattast av priskontroll etter konsesjonslova. Dette vil kunne føre til auka takt i omsetninga av landbrukseigedommar. Vidare vurderer departementet å komme med forslag til innskrenking av odelskretsen og at regelen om odelsfrigjering i samband med kjøp av tilleggsjord blir oppheva.
Regionalt tilpassa politikk
For å styrkje grunnlaget for at det framleis skal vere landbruk over heile landet, varsla regjeringa i Meld. St. nr. 9 (2011-2012) tre grep for ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk. Dei nasjonale ordningane skal få ein tydelegare distriktsprofil, det skal bli betre rom for å utvikle ein politikk tilpassa lokale og regionale føresetnader, og landbruksavhengige kommunar skal ha særskild merksemd i framtidig prioritering av verkemiddel og innsats.
Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut ulike forslag til korleis distriktsprofilen i dei nasjonale ordningane under jordbruksavtalen kan bli gjort tydelegare. Arbeidet skal liggje til grunn for anbefalingar om ein tydelegare distriktsprofil i jordbruksoppgjeret 2013.
Samspel i regionale og lokale partnarskap er viktig for å få til auka innovasjon og verdiskaping i landbruket. Gjennom oppretting av regionale bygdeutviklingsprogram frå 2013 skal ein større del av verkemidla forvaltast regionalt. Målsetjinga med å styrkje det regionale ansvaret er å samordne det regionale miljø- og næringsarbeidet, bidra til auka mobilisering av lokale ressursar og bygge opp under den lokale vekstkrafta. Regionale bygdeutviklingsprogram skal innehalde regionale planar og verkemiddel for å fremme verdiskaping, landbruksbasert næringsutvikling og målrette arbeidet med miljø- og klima. Programma vil bestå av regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionalt skog- og klimaprogram. Fylkesmannen skal i samarbeid med den regionale partnarskapen, der mellom anna fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og næringsorganisasjonane deltek, utarbeide ein samla, overordna strategi i dei Regionale bygdeutviklingsprogramma i kvart fylke. Departementet vektlegg at potensielle synergiar mellom dei einskilde aktivitetane og elementa i programmet skal synleggjerast og utnyttast.
Innafor rammene av ein regionalt tilpassa politikk vil departementet og ha særskilt merksemd mot område der landbruket speler ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing. I den første fasen blir det arktiske landbruket prioritert, med vekt på utvikling og auka utnytting av arktisk kvalitet som konkurranseføretrinn for landbruket i nordområda.
Verdiskaping og berekraft
Arealressursane, kulturlandskapet og naturmangfaldet
Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken.
Regjeringa har som mål å avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6 000 dekar per år. Tal for omdisponering i 2011 viser at målet ikkje er nådd. Det er derfor nødvendig med sterkare merksemd på jordvern både lokalt og sentralt, og Landbruks og matdepartementet vil framleis, i samarbeid med andre departement, føre ei restriktiv linje for arealdisponering. Regjeringa vil ta i bruk verkemidla i plan- og bygningslova for å sikre dyrka mark for framtidig matproduksjon. I tillegg skal omsynet til jordvernet klargjerast og forsterkast i statlege planretningslinjer, som er ein vidareføring av rikspolitiske retningslinjer. Det skal òg vurderast å lage ei eiga statleg planretningslinje for jordvern med ein geografisk differensiert politikk. Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet har danna ei arbeidsgruppe for dette arbeidet. Gruppa skal levere innstillinga si innan 31. desember 2012.
Skog dekker rundt 40 pst. av det norske landarealet. Skogbruk er derfor viktig for verdiskapinga i store deler av landet, først og fremst i kombinasjon med jordbruk, men òg som reine skogeigedommar. I klimasamanheng vil regjeringa auke det produktive skogarealet gjennom tilplanting av nye areal for betre å utnytte skogen si evne til opptak av karbon. Det er samstundes eit mål å forvalte eksisterande areal meir optimalt i eit klimaperspektiv.
Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange arter av planter og dyr. Variasjonen i dette kulturlandskapet må oppretthaldast, og gjennom ei målretta forvaltning skal ein bidra til å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal òg bidra til å oppretthalde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane gjennom den kommunale planlegginga.
Landbruks- og matdepartementet vil òg framover samarbeide med Miljøverndepartementet om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket.
I 2013 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og satsinga på tiltak for miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og miljøretta tilskott. Fleirårige handlingsplanar for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant planter, husdyr og skogtre og dei ville slektningane deira skal følgjast opp.
Departementet drifter Svalbard globale frøhvelv, og vil styrkje arbeidet med å gjere frølageret kjent internasjonalt. Frølageret har ei viktig rolle i å skape auka forståing for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette. I samband med at det er fem år sidan opninga, skal det skipast eit nordisk ministermøte på Svalbard i februar 2013 med genressursar og matsikkerheit som tema.
Departementet vil framleis støtte opp om det nordiske samarbeidet om bevaring av genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og det nordiske partnarskapet for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.
Konkurransekraft og berekraft i jordbruket
Departementet har gjennom fleire år lagt til rette for mangfaldige næringstiltak med grunnlag i landbrukseigedommane. Det har vore god utvikling av ny vare- og tenesteproduksjon, matspesialitetar, Grønt reiseliv, Inn på tunet, energiproduksjon med vidare. Det er samstundes eit stort uutnytta potensial på mange område. I Meld. St. 9 (2011-2012) blir omgrepet bygdenæringar nytta som eit fellesomgrep på desse næringane. For å vidareutvikle bygdenæringane er det nødvendig å gi auka prioritet til dette området. Ein viktig del av dette arbeidet er å utnytte lokale og regionale særpreg til å skape konkurransefortrinn. Samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar er òg viktig.
Bygdeutviklingsmidlane er tradisjonelt det viktigaste økonomiske verkemidlet for næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Gjennom oppretting av Regionale bygdeutviklingsprogram frå 2013 og forslaget om å auke løyvinga til bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar i 2013, vil Landbruks- og matdepartementet legge til rette for dei som er villige til å satse på utvikling av ny næringsverksemd.
Departementet vil føre vidare verkemiddelbruken mellom anna gjennom SIVA og Innovasjon Noreg si inkubatorsatsing, gjennom Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) og ved å utvikle vidare kommunane og fylkeskommunane si rolle som regionale utviklingsaktørar gjennom lokale og regionale partnarskap. Samspelet mellom næring, forsking og forvaltning skal òg framover bli vektlagt på alle nivå.
Innanfor satsinga på lokal mat og grønt reiseliv er det viktig å legge til rette for auka verdiskaping og produksjon av norske matvarer med høg kvalitet. Det er òg viktig å utvikle lønnsame, heilskaplege, landbruksbaserte reiselivsprodukt, som kan styrkje lokal og regional verdiskaping og innovasjonsevne gjennom samarbeid og fellestiltak. Frå 2013 vil satsingane på lokal mat, grønt reiseliv og innlandsfiske bli slått saman til eitt program på nasjonalt nivå – Utviklingsprogrammet for lokal mat og grønt reiseliv. Innanfor matsatsinga vil det i større grad bli satsa på moglegheiter for vekstbedrifter og bedrifter i nettverk og forpliktande produsentsamanslutningar, kompetansetilbod og omdømmebygging. Nasjonal styringsgruppe vil bli vidareført og utvikla slik at alle område innanfor utviklingsprogrammet for lokal mat og grønt reiseliv vil bli representerte.
Inn på tunet er ei næring i vekst. Om lag 1 100 gardar tilbyr tenester innanfor helse, omsorg, arbeid, skule og oppvekst. Det er eit mål at desse tenestene blir ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet i kommunane. Landbruks- og matdepartementet, i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet står bak nasjonal strategi for Inn på tunet som kom i 2012. Styrka samarbeid og rolledeling mellom aktørane, samt forsking, kvalitetssikring og lønnsemd i tenestene, er sentrale tema i strategien. Hovudoppgåva i 2013 er å følgje opp denne strategien. Stiftinga Matmerk forvaltar eit eige kvalitetssikringssystem for Inn på tunet, og har ansvaret for overordna marknadsføring og merkevarebygging. Matmerk vil òg få ansvaret for å utvikle ein ny nettstad for Inn på tunet.
Matkjedeutvalet gjer framlegg i NOU 2011: 4 om mellom anna tiltak som ny lov om forhandlingar og god handelsskikk i daglegvaresektoren, ombod for daglegvaresektoren, daglegvareportal, merking av mat og utgreiing om eigarskapsavgrensing i daglegvarehandelen. I tillegg gjer utvalet framlegg om å vurdere og observere konkurranseforholda innan storhushaldnings- og servicemarknaden, studere pristransmisjonen i matkjedene, utvikle kostnadsreduserande distribusjonsløysingar for småskalaprodusentar, studere tiltak i EU som mogleg grunnlag for vidare norsk oppfølging og vurdere ein norsk franchiselov. I høyringsrunden som følgde Matkjedeutvalet si innstilling blei det gitt 68 høyringsinnspel. Regjeringa har vedteke å setje ned eit lovutval som skal greie ut korleis prinsippet om god handelsskikk og omsynet til forbrukarane best kan bli teke vare på lovgjevinga. Vidare har regjeringa vedteke å setje i gang eit forprosjekt under leiing av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som underlag for ei avgjerd om kor vidt det skal opprettast ein daglegvareportal i offentleg regi. Som ei heilskapleg oppfølging av Matkjedeutvalet si utgreiing vil dei ulike tiltaka som er nemnde ovanfor bli vurderte vidare, og departementet vil komme tilbake til dette på ein formålsteneleg måte.
Økologisk matproduksjon skal vere ein spydspiss i miljørettinga av jordbruket og bidra til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Løyvingane over jordbruksavtalen skal sikre stabilitet for produsentar med økologisk drift, uavhengig av svingingar i marknaden. I 2011 var omsetninga av økologiske varer rekordstor, med ein auke på over 10 pst. frå året før. For nokre varegrupper er det ei utfordring at ein stor del av det som blir produsert økologisk ikkje blir omsett som økologisk vare. Utviklingsmidlane skal òg i 2013 prioriterast til å stimulere salsleddet i marknaden. Matmerk, marknadsaktørane og aktuelle organisasjonar blir inkluderte i dette arbeidet. I jordbruksoppgjeret 2012 blei det bestemt å gjennomføre ei evaluering av produksjonstilskott og midlar til utviklingstiltak til økologisk landbruk. Evalueringa skal vurdere resultatoppnåing, kostnadseffektivitet og forvaltningseffektivitet for verkemidla over jordbruksavtalen som har som siktemål å stimulere til 15 pst. økologisk produksjon og forbruk. I tillegg skal kunnskap om miljøeffektane av ulike økologiske driftsformar bli samanstilt og samanlika med same type konvensjonell drift. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i 2013, jf. Prop. 122 S (2011-2012), er på om lag 173 mill. kroner.
Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma. Nasjonalt miljøprogram blir rullert i 2012, og dei regionale miljøprogramma blir rullerte med verknad frå 2013.
Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga frå fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet har sett i gang ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel. Målet er ei betre utnytting av næringsstoffa slik at utsleppa til vatn og luft blir mindre.
For å nå måla i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2010-2014) blir det mellom anna lagt sterk vekt på kunnskap og haldningar hos produsentane, særleg om integrert plantevern, der ulike tiltak og metodar for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel blir kombinerte.
I Meld. St. 21 (2011-2012) har regjeringa framheva eit bidrag for å auke produksjonen av biogass i Noreg. I jordbruksoppgjeret vedtok regjeringa ei ny økonomisk støtte til leveranse av husdyrgjødsel til biogassanlegg. Dette vil saman med anna verkemiddelbruk bidra til auka produksjon av biogass basert på matavfall og husdyrgjødsel.
Konkurransekraft og berekraft i skogbruket
Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda, frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle, konstruksjonsvirke med vidare. Skogsektoren er uskjerma og konkurranseutsett. Skogen tek opp store mengder CO2, som blir lagra i biomasse og jordsmonn og er derfor viktig i klimasamanheng. Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor meir energikrevjande materiale vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar.
Ein konkurransedyktig treforedlingsindustri er avgjerande for velfungerende verdikjeder frå skog til marknad. Skogbruk og trebasert industri har om lag 25 000 sysselsette i Noreg. Treforedlingsindustrien har slitt med låg lønnsemd gjennom mange år, og det har vore fleire nedleggingar og permitteringar i 2012. Framtidig vekst i treforedlingsindustrien vil truleg måtte komme frå nye produkt, utnytting av nye råstoff og nye produksjonsprosessar, som vil vere vanskeleg å frambringe utan en betydeleg forskingsinnsats. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 blei det derfor vedteke ei tilleggsløyving på 100 mill. kroner for å styrkje grunnlaget for norsk treforedlingsindustri. Løyvinga har gått til tiltak for auka forskings- og utviklingsaktivitet i treforedlingsindustrien og betre forsyning av trevirke til norske bedrifter. Infrastruktur er ein viktig føresetnad for eit aktivt skogbruk og er det viktigaste tiltaket i Landbruks- og matdepartementet sin del av denne løyvinga. Ein godt utvikla infrastruktur er eit av dei viktigaste verkemidla for å påverke nivået på avverkinga fordi det sikrar tilgangen til skogressursane.
I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og Meld. St. 9 (2011-2012) er det gjort greie for skogens positive verknad på den samla norske klimagassrekneskapen og i Meld. St. 21 (2011-2012) får skogen ei viktig rolle i klimapolitikken framover. Skogen er òg leveområde for mange arter, rik på kulturminne og ei viktig kjelde til friluftsliv og opplevingar.
Regjeringa vil føre ein offensiv skogpolitikk, og legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål. Regjeringa vil styrkje oppbygginga av skogressursane. Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tiltak for auka bruk av tre og auka produksjon og bruk av bioenergi.
Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima og miljø/biologisk mangfald er omfattande, og kjem frå mange ulike kjelder. For å lette tilgangen til skogbruk- og miljødata, har departementet teke initiativ til å samle relevant dokumentasjon i ein årleg rapport om berekraftig skogbruk – næring og miljø. Rapporten vil bli utforma slik at den òg kan nyttast i rapporteringa til internasjonale skogpolitiske prosessar. Den første rapporten skal gjevast ut i 2013.
Av omsyn til ressursoppbygging og karbonopptak i skog har departementet bedt fylkesmennene og kommunane om å føre betre tilsyn med at skogeigarane følgjer opp foryngingsplikt og at dei prioriterar forynging høgt. Departementet vil føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) og innsatsen for skogbruksplanlegging, for å legge eit godt grunnlag for berekraftig skogbruk.
Regjeringa meiner auka innsats i skogplanteforedling er ei investering for framtida, og vil forsterke innsatsen på dette feltet. Planteforedling er òg nødvendig for god framtidig klimatilpassing og auka opptak av CO2. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) er det vist til at auka innsats i skogplanteforedling kan auke det årlege CO2-opptaket med 1,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar i løpet av 50 til 100 år.
Produksjon av bioenergi vil ha høg prioritert òg i 2013. Auka bruk av skogråstoff til bioenergi og leveranse av biovarme er eit grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping i skognæringa. Auka produksjon av bioenergi skal bidra til å nå målet til regjeringa om større produksjon av fornybar energi og til å redusere utsleppa av klimagassar. Dei viktigaste verkemidla til departementet er Bioenergiprogrammet og tilskott til uttak av skogsråstoff til flisproduksjon. Dei to programma har så langt gitt gode resultat, og aktiviteten har auka år for år, sjå òg kap. 1150.
Trebasert Innovasjonsprogram er departementet sitt hovudverkemiddel for å auke bruken av tre og styrkje lønnsemda i verdikjeda. Bruk av tre er ikkje minst eit viktig klimapolitisk tiltak fordi trevirke bind karbon gjennom heile livsløpet. Programmet har som mål å auke bruken av tre, mellom anna gjennom å utvikle trebyggeri i byar og tettstader og å utvikle standardar for bruk av tre i landbruksbygg.
Det skjer ei kontinuerleg utvikling av tre som materiale og av trearkitekturen, og den aukande interessa for trebaserte løysingar i byggenæringa har bidrege til at nye konsept og løysingar er blitt utvikla. Nye moglegheiter for bruk av tre er mellom anna knytt til nye byggeskikkar, endra arkitektoniske løysingar, bruk av massivtre, byggsystem i form av stokkar og element med isolasjon, isolert standardverk m.m. Det er venta framleis stor aktivitet i utviklinga av nye konsept og løysingar.
Riksrevisjonen offentleggjorde hausten 2012 ein forvaltningsrevisjon av skogpolitikken. Departementet vil sjå nærmare på korleis ein kan bruke Riksrevisjonens rapport til å vidareutvikle skogpolitikken.
Økonomisk og økologisk berekraftig reindrift
Samisk reindrift bidreg til eit levande landbruk i heile landet gjennom beitebruk i fjellområde og utmark, og har eit stort potensial for auka verdiskaping. Oppfølging av dei siidaandelane som har eit for høgt reintal, har høg prioritet i 2013. Ved utgangen av 2011 hadde alle sommar- og heilårsdistrikt fått godkjent bruksreglane sine. Ut frå desse bruksreglane er det nødvendig å redusere talet på rein med om lag 40 000 over ein periode på inntil tre år. I all hovudsak skal denne reduksjonen gjennomførast i Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde. Der talet på rein er for høgt, skal det skje ein reduksjon i samsvar med reindriftslova § 60 tredje ledd, primært gjennom ein reduksjonsplan sekundert gjennom ein forholdsmessig reduksjon.
For å nå dei reindriftspolitiske måla, er det naudsynt at reindriftslova og reindriftsavtalen utfyller kvarandre. Gjennom Reindriftsavtalen 2012/2013 har ein fått til ei betre utfylling, ved at det no blir mogeleg å nytte økonomiske verkemiddel for å følgje opp godkjende bruksreglar. I dette ligg det at siidaandelar som ikkje reduserer talet på dyr i samsvar med reduksjonsplanane, eller følgjer opp med ein forholdsmessig reduksjon gjennom slaktesesongen 2012/2013, vil få ein betydeleg avkorting i sine tilskott. Eit auka slakteuttak vil krevje at dagens slaktekapasitet i Finnmark blir utnytta på ein betre måte. Den reduserte kapasitetsutnyttinga dei siste åra har hatt samanheng med ein vanskeleg marknadssituasjon. Avtalen prioriterer derfor tiltak som kan bidra til å gjenopprette meir normale marknadsforhold, og på dette grunnlaget bidra til auka slakting og omsetning av reinkjøtt.
Reindrifta er svært arealavhengig, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor vidareføre og forsterke innsatsen for å redusere dette problemet. Den nye plan- og bygningslova er den sentrale lova for arealforvaltning. Lova gir nye moglegheiter for ei meir heilskapleg forvaltning av areal i det enkelte reinbeitedistriktet. For å legge til rette for ei betre sikring av areal nytta i reindrifta, vil det vere viktig at fylkeskommunar og kommunar i dei samiske reinbeiteområda følgjer opp nasjonale føringar og tek dei nye verkemidla i bruk.
Gode kompetansemiljø, likestilling og rekruttering
Landbruks- og matsektoren sitt arbeid for å sikre god og rett kompetanse i landbruket, er sentralt i arbeidet for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet. Auka produksjon av mat i tider med endring i klima krev kompetanse i heile verdikjeda. Eit styrkt skogbruk som skal bidra til å nå viktige klimamål, vil òg innebere behov for auka rekruttering. Vi må derfor få fleire til å velje landbruk som yrke, både innanfor jord- og skogbruk, næring, rådgiving, forvaltning, utdanning og forsking.
Eit godt heilskapleg utdanningstilbod er viktig for å sikre god kompetanse i næringa. Departementet vil mellom anna gjennomføre ei evaluering av landbruks- og gartnarutdanninga på vidaregåande nivå, og kartlegge samfunnets behov for landbruks- og matfagleg utdanning i fagskulene. Departementet vil òg sette i verk omdømmetiltak for å sikra fleire studentar innan skogbruksfag. Tiltak for å styrkje arbeidet med rekruttering til utdanning innanfor landbruk og matfag på alle nivå, vil bli sett i verk jf. omtale av rekruttering, likestilling og kompetanseheving under kap. 1150.
Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet for planen er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013.
Departementet har bedt Innovasjon Noreg om å prioritere kvinner som målgruppe generelt og å arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Innovasjon Noreg har fulgt opp gjennom ei generell forsterka kvinnesatsing, med kvinner som prioritert målgruppe innanfor alle program og tenester, samt eigne kvinnespesifikke tiltak som Fyrtårn og Ledermentor. Innovasjon Norge er òg bedt om å arbeide for ein auka del kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte.
Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 ligg til grunn for næringa sitt arbeid med likestilling. Strategien har mål om 40 pst. kvinneleg representasjon både når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Støtte til organisasjonar, kan overførast | 20 497 | 23 947 | 24 737 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 16 746 | 5 179 | 5 350 |
Sum kap. 1138 | 37 243 | 29 126 | 30 087 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet kan gi støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:
formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
fremmer forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt
medverkar til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
fremmer miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
fremmer likestilling i sitt arbeid
Storleiken på tilskotta blir fastsett blant anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå, den finansielle situasjonen deira og anna finansiering som organisasjonane mottek.
Oppfølging og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsendte årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap. Eventuelle andre vilkår som blir lagde til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjonen vil òg bli følgt opp.
Rapportering 2011
Landbruks- og matdepartementet fordeler løyvingar til organisasjonane direkte i departementet sin Prop. 1 S. For 2011 blei det fordelt 20,647 mill. kroner til 20 organisasjonar, jf. Tabell 2.3.
Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjonar gitt i 2011
(i kroner) | |
---|---|
Organisasjon | Støtte 2011 |
Det kgl. selskap for Norges Vel | 2 100 000 |
4H Norge | 6 800 000 |
Norsk Landbruksmuseum | 3 250 000 |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 |
Biologisk-dynamisk Forening | 175 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 150 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 150 000 |
Norsk Kulturarv | 350 000 |
Natur og Ungdom | 150 000 |
Dyrevern Ung | 100 000 |
Dyrevernalliansen | 400 000 |
Norges Birøkterlag | 100 000 |
Hageselskapet | 1 100 000 |
Jenter i skogbruket | 172 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 050 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 900 000 |
Norsk seterkultur | 250 000 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 200 000 |
Hest og Helse | 100 000 |
Sum | 20 647 000 |
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 24,737 mill. kroner for 2013, fordelt på 24 organisasjonar, jf. Tabell 2.4. Organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde er prioriterte i framlegget.
På bakgrunn av oppmodingsvedtak i Innst. 8 S (2011–2012) har Landbruks- og matdepartementet gjennomgått kriterium for tildeling av støtte over ordninga. Mål for ordninga, målgruppe og kriterium for tildeling av støtte er presisert i nytt regelverk.
Det er frå 2013 lagt til rette for at departementet som ein del av ordninga kan inngå samarbeidsavtale med enkeltorganisasjonar. Dette er organisasjonar som over tid har utøvd særs viktige oppgåver for måloppnåinga innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Innhaldet i samarbeidsavtalane blir fastsett etter nærmare dialog med dei aktuelle organisasjonane. Avtalane kan bli inngått for inntil tre år, men løyving blir gitt for eitt år om gongen, og med atterhald om løyving frå Stortinget i avtaleperioden.
Departementet har motteke 39 søknadar for 2013, og av desse er 7 nye søkjarar. 24 organisasjonar er føreslått støtta. Av organisasjonane som er føreslått støtta vil departementet inngå samarbeidsavtale med 14 organisasjonar: Det kgl. selskap for Norges Vel, 4H Norge, Norsk Landbruksmuseum, OIKOS – økologisk landslag, Slipp oss til – ungdom inn i landbruket, Norges Bygdekvinnelag, Norsk Kulturarv, Hageselskapet, Jenter i skogbruket, Det Norske Skogselskap, Hest og Helse, Hanen, Norske lakseelver og Bondens marked.
Tabell 2.4 Oversikt over støtte i 2012 og budsjettframlegg for 2013
(i kroner) | ||
---|---|---|
Organisasjon | Støtte 2012 | Forslag 2013 |
Det kgl. selskap for Norges Vel | 2 100 000 | 2 000 000 |
4H Norge | 6 800 000 | 7 100 000 |
Norsk Landbruksmuseum | 3 250 000 | 3 250 000 |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 | 2 900 000 |
Biologisk-dynamisk Forening | 175 000 | 175 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 300 000 | 400 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 200 000 | 200 000 |
Norsk Kulturarv | 350 000 | 350 000 |
Natur og Ungdom1 | 200 000 | 0 |
Dyrevern Ung | 100 000 | 100 000 |
Dyrevernalliansen | 400 000 | 400 000 |
Norges Birøkterlag | 200 000 | 220 000 |
Hageselskapet | 1 100 000 | 1 100 000 |
Jenter i skogbruket | 172 000 | 172 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 050 000 | 1 140 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 050 000 | 1 050 000 |
Norsk seterkultur | 250 000 | 250 000 |
Hest og Helse | 200 000 | 200 000 |
Hanen | 2 050 000 | 2 050 000 |
Norsk Gardsost | 250 000 | 250 000 |
Norske lakseelver | 500 000 | 500 000 |
ZERO – Zero Emission Resource Organisation1 | 100 000 | 0 |
Bondens marked | 500 000 | |
Norsk juletre – rådgiving juletre og pyntegrønt | 80 000 | |
Spire | 100 000 | |
Sum | 23 947 000 | 24 737 000 |
1 Natur og Ungdom og ZERO – Zero Emission Resource Organisation har ikkje søkt om midlar for 2013 innan fristen.
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar
Formål med løyvinga
Posten omfattar midlar som skal dekke Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytt til rapportering og anna. Departementet vil legge opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar, som til dømes Institutt for skog og landskap, i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.
Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (United Nations Forum on Forests) er ein viktig arena for dette globalt, medan Forest Europe er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. Forest Europe samlar dei europeiske landa og ei rekke internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor. Forest Europe legg òg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg har teke del i koordineringa av Forest Europe sidan 1998 og leia prosessen i perioden 2008-2011. Noreg støttar finansieringa gjennom ein årleg kontingent.
Løyvinga skal òg nyttast til medverknad frå Noreg i andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, som til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og European Forest Institute (EFI).
Rapportering 2011
Over posten blei det løyvd midlar til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga blei i hovudsak nytta til arbeid innanfor Forest Europe. Noreg hadde i perioden 2008 til 2011 leiarskapet i den europeiske prosessen, og arrangerte saman med Spania i juni 2011 ein ministerkonferanse i Oslo der representantar frå 46 europeiske land deltok. På konferansen vedtok landa strategiar, mål og tiltak for det skogpolitiske samarbeidet i Europa. Landa vedtok òg å starte forhandlingar om ein europeisk skogavtale.
Noreg bidreg til finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. I 2011 var denne på 4,2 mill. kroner, tilsvarande 60 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet på 7 mill. kroner. Kostnadene knytt til gjennomføringa av Forest Europe ministerkonferansen var 9 mill. kroner. Noreg betalte 50 pst. av kostnadene knytt til konferansen. Spania finansierte dei resterande 50 pst.
Løyvinga på denne posten blei òg nytta til å støtte Noreg sin medverknad i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om mellom anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tok del i dette arbeidet.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,4 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk arbeid.
Forest Europe vil i 2013 i hovudsak arbeide med å følgje opp vedtaka frå ministerkonferansen i Oslo i 2011. Budsjettet til sekretariatet for Forest Europe blir finansiert av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for Forest Europe. Spania er for tida leiar av arbeidet i Forest Europe og vil dekke hovuddelen av budsjettet. Noreg vil framleis vere medlem av koordineringsgruppa saman med Tyrkia, Spania, Slovakia og Tyskland. I 2013 vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere om lag 20 pst. av det samla budsjettet.
Noreg deltek òg i byrået som har ansvar for å drive arbeidet med ein europeisk skogavtale framover. Forhandlingane om ein bindande skogavtale i Europa vil bli vidareført i 2013. Det er aktuelt å bidra til finansieringa av dette arbeidet som har til formål å sikre eit meir forpliktande skogpolitisk samarbeid i Europa.
Løyvinga kan òg nyttast til å støtte opp om institusjonar som driv internasjonal utgreiingsverksemd og kunnskapsutvikling, til dømes EFI. EFI er oppretta som ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av felles europeiske skogspørsmål, og er ein viktig aktør i denne samanheng.
I tillegg deltek Noreg i ei rekke andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, mellom anna i UNECE, FAO og FN sitt skogforum. Løyvinga vil derfor òg bli nytta til medverknad frå Noreg i slike fora. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid, er det aktuelt å nytte løyvinga til oppdrag og anna til norske institusjonar og organisasjonar.
EU sin forordning om handel med tømmer og treprodukt skal gjennomførast i Noreg i løpet av 2013. Miljøverndepartementet er ansvarleg for gjennomføringa, og samarbeidar med Landbruks- og matdepartementet om dette.
Kap. 4138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Refusjonar m.m. | 7 572 | ||
Sum kap. 4138 | 7 572 |
Post 01 Refusjonar m.m.
Posten er blitt nytta til å budsjettere overføringane til Noreg frå dei europeiske landa som deltek i koordineringsgruppa for Forest Europe. Spania tok over leiarskapen av prosessen frå 2012, og overføringane går no til Spania. Det blir derfor ikkje budsjettert med inntekter på posten for 2013.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast | 21 253 | 16 741 | 17 293 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast | 18 812 | 20 929 | 21 620 |
Sum kap. 1139 | 40 065 | 37 670 | 38 913 |
Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak
Formål med løyvinga
Over post 70 blir det gitt støtte til tiltak og spreiing av kunnskap på målområdet berekraftig landbruk, med særskilt vekt på å sikre naturmangfald og redusere forureininga frå jordbruket. Det er nødvendig med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over posten gir departementet støtte til vedlikehald av digitale markslagskart som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og til gjennomføring av kartlegging og overvakingsprogram for biologisk mangfald i kulturlandskap og skog. Rapportering og resultatkontroll som reknar på effektar av miljøtiltak slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing i jordbruk og skogbruk blir òg støtta. I tillegg støttar departementet informasjonsarbeid og mindre prosjekt som fremmer miljøtiltak og ressurskunnskap i jordbruket og skogbruket over posten.
Rapportering 2011
Over post 70 blei det løyvd 8 071 mill. kroner til vedlikehald av digitale markslagskart som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Av dette var 7 mill. kroner ei rammeoverføring frå kap. 1150 post 74 underpost 17. Føresetnaden frå partane i jordbruksavtalen var at overføringa er knytt til framtidig vedlikehald av DMK/AR5-kartgrunnlaget og at jordbruket framleis skal ha rett til gratis kartdata. Karta ligg til grunn for tenesta Gardskart på internett frå Institutt for skog og landskap som gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigedommen sin.
Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2011 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg for biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS). MiS-prosjektet har òg ein kulturminnedel, og totalt blei det tildelt 4,607 mill. kroner til dette arbeidet i 2011.
Miljøregistreringane blir i hovudsak gjort samstundes med andre ressursregistreringar i samband med at det blir laga skogbruksplanar for skogeigedommane. MiS-prosjektet er lagt til Norsk institutt for skog og landskap, og instituttet har i 2011 publisert resultat frå arbeidet, henta inn kunnskap for å forbetre registreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. Det meste av det produktive skogarealet er no kartlagt, og det blei starta eit arbeid for å ajourføre og oppdatere desse i kartdatabasen Kilden ved Skog og landskap. Enkeltfunn av artar og tilfeldige observasjonar er ikkje eigna til å forvalte areal etter, men ei systematisk kartlegging av livsmiljø for raudlisteartar, som ein får gjennom MiS, gir eit samanliknbart og godt dokumentert avgjerdsgrunnlag. Registreringsopplegget er òg innarbeidd i Landsskogtakseringa, noko som gir god statistikk for omfang og utvikling av livsmiljø på nasjonalt og regionalt nivå. Slik kunnskap gir eit godt grunnlag for å prioritere miljøtiltak i det praktiske skogbruket. Resultata blir nytta i skogbruksplanlegging, men òg i arbeidet med naturtypekartlegging i kommunane. I MiS-delprosjektet om kulturminne har Norsk institutt for skog og landskap i 2011 samarbeidd med Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) om å teste og utvikle eit opplegg for bruk av fjernmålingsdata (laser) for kulturminneregistreringar.
Resultatkontroll og overvaking under JOVA (Jord- og vassovervaking i landbruket) blei støtta med 2,914 mill. kroner i 2011. Gjennom JOVA blir tap av jord, næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksareal kartlagt. Dette er eit langsiktig program, som gir verdifull kunnskap om avrenningsforhold og som kan vise trendar i utviklinga. Informasjonen blir mellom anna nytta til vidareutvikling og målretting av miljøverkemidla i jordbruket, i oppfølginga av vassforskrifta og til nasjonal og internasjonal rapportering. Vidare gir det rom for å måle og rekne ut effektar av tiltak for å redusere næringsstoffavrenning og anna forureining frå jordbruket. Frå 2012 er 2,914 mill kroner rammeoverført frå posten til Kap. 1112 post 51 for å samle heile løyvinga til JOVA-programmet her.
Over posten blei det løyvd 1,0 mill. kroner til Graminor AS til delprosjekt om utvikling av foredlingsmetodikk i havre ved bruk av bioteknologiske metodar. Dette er første ledd i prosjektet Utvikling, tilpasning og implementering av kunnskap fra genomprosjekter for anvendelse i tradisjonell forsking, som har som mål å styrkje kunnskapen i norsk planteforedling og auke den genetiske breidda for å setje den i stand til å møte problem med sjukdom på kort sikt og meir langsiktig med klimaendringar.
I 2011 blei det løyvd 0,64 mill. kroner til Bioforsk til gjennomføring av informasjonstiltak for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel på dette området, med særleg vekt på området integrert plantevern. Midlane har mellom anna blitt nytta til formidling av kunnskap til brukarane, rettleiingstenesta og allmenta, til deltaking på markdagar og møte, til produksjon av informasjonsmateriell og til vidare utvikling av plantevernleksikonet. Midlane har òg blitt nytta til informasjonstiltak for avgrensing av brunskogsnigel. Det er òg løyvd 0,3 mill. kroner til prosjekt ved Bioforsk for å betre kunnskapsgrunnlaget om avrenning av næringsstoff og effektar av spesifikke tiltak mot forureining i jordbruket.
Tilskottet til miljøinformasjonstiltak i skogbruket, medrekna mellom anna økologi i fjellskogen på Hirkjølen i Oppland fylke, blei vidareført. Posten er òg nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden og til planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærmare omtale under kap. 1150. Resultatkontrollen krev innsats frå kommunane og Fylkesmannen, og resultata blir samordna fagleg av Norsk institutt for skog og landskap i nær kontakt med Statens landbruksforvaltning. Resultatkontrollen viser mellom anna at det blir gjort for lite for å forynge skogen etter hogst. Departementet har derfor gitt signal til fylkesmennene og kommunane om at dette skal følgjast opp.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16,741 mill. kroner på post 70 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik Tabell 2.5 viser.
Tabell 2.5 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2012 og budsjettframlegg for 2013
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2012 | Framlegg 2013 |
Digitale markslagskart (DMK) | 8 071 | 8071 |
Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) | 4 607 | 4607 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a. | 1 900 | 2350 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a. | 950 | 1052 |
Nasjonalt program for naturmangfald | 1 213 | 1213 |
Sum kap. 1139 post 70 | 16741 | 17293 |
I 2013 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansierte både over dette kapitlet og over kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap på matområdet.
Departementet gjer framlegg om å vidareføre løyvinga på 8,071 mill. kroner til vedlikehald av digitale markslagskart ved Norsk institutt for skog og landskap for å halde oppe kvaliteten av dette nyttige kartverket som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og slik at jordbruket framleis skal ha rett til gratis kartdata.
Skog og klima er omtalt i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og sist i Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk. Aktiv bruk av skogen er eit viktig tiltak i klimapolitikken, og det er eit mål å auke tilplantinga på nye areal. Dette skal gjerast etter ein strategi der òg miljøkriterium må inn. Miljøkriterium for skogbruket ligg mellom anna i skogbrukslova med forskrifter, i miljøstandarden til skogbruket, i naturmangfoldloven og i forskrift om utanlandske treslag.
Sterkare satsing på å bygge opp skog, meir bruk av tre i byggsektoren og til energi krev god kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen. Det er heilt sentralt å vidareføre satsinga på ei kunnskapsbasert forvaltning og følgje med på korleis ulike miljøverdiar utviklar seg. Gamle tre og daud ved er rekna som viktige element for biologisk mangfald. Som følgje av at skogbruket i lang tid har avverka mindre enn tilveksten og slik sett overhalde skogen, viser tal frå Landsskogtakseringa at både mengda store og daude tre og mengda daud ved har auka kraftig i løpet av dei snart hundre åra Landsskogtakseringa har overvaka utviklinga av skog i Noreg. Dette tyder på at det er grunnlag for ei positiv utvikling for mange raudlistearter i skog. Departementet vil vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne, og slike miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga, slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse.
Hovudinnsatsen til MiS-prosjekta vil i 2013 vere knytt til publisering, formidling og marknadsføring av relevant kunnskap, mellom anna knytt til å vidareutvikle konkrete råd om særskilte omsyn ved skogtiltak. Prosjekta må òg yte fagleg støtte til departementet i konkrete tilfelle, som til dømes i nordiske samarbeidssaker, og legge til rette oppdatert og tilgjengeleg kunnskap som kjem fram gjennom det arbeidet som blir gjort i MiS.
Departementet legg stor vekt på å betre kunnskapen om truga og sårbare artar slik at ein kan ta mest mogleg målretta omsyn til slike verdiar. Departementet vil arbeide med slike spørsmål både gjennom det nasjonale programmet for naturmangfald og i direkte kontakt med faginstitusjonar som Norsk institutt for skog og landskap og Artsdatabanken, som har ansvaret både for Norsk rødliste for arter, Norsk rødliste for naturtyper og for rapporten Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste. Departementet vil framleis delta i vidare oppfølging av Nasjonalt program for naturmangfold med underprogramma Norsk naturkartlegging og Norsk naturovervåking.
Det vil vere aktuelt å nytte midlar frå denne posten til informasjon og mindre prosjekt om jordvern, jordbruket sitt kulturlandskap og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald og andre tiltak og prosjekt i tråd med miljøstrategien til departementet. Departementet vil òg gi støtte til prosjekt for kunnskapsformidling for eit berekraftig skogbruk. Departementet gjer framlegg om å auka midlane til slike tiltak med til saman 0,368 mill kroner.
Departementet vil støtte informasjonsarbeid i regi av Bioforsk som kan bidra til å nå måla om redusert bruk av og redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Det vil òg føre vidare arbeidet som er sett i gong for å betre kunnskapsgrunnlaget om avrenning av næringsstoff og effektar av tiltak i jordbruket. Dette bygger på arbeidet som alt er gjort med klassifisering av vasskvaliteten i vassdrag og forsking om risiko for tap av næringsstoff frå jordsmonnet, mellom anna ved vidare utvikling av modellar. Modellarbeidet vil òg bli tilpassa behovet for rapportering av arbeidet knytt til oppfølginga av EU sitt rammedirektiv for vatn. Det er òg sett av midlar til Statistisk sentralbyrå (SSB) sin årlege rapport Jordbruk og miljø – resultatkontroll jordbruk som gir grunnlag for å rekne seg fram til og gi ei fråsegn om effektar av miljøtiltaka slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåinga. Rapporten gir òg grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering.
Departementet vil kunngjere at det er mogleg å søkje om midlar frå denne posten til miljøinformasjonstiltak som skal bidra til å betre og formidle miljø- og ressurskunnskap innanfor jordbruk, kulturlandskap og skogbruk, med sikte på meir berekraftig forvaltning av ressursane på landbruksareala. Slike tiltak vil omfatte tilskott til produksjon av informasjonsmateriell og tiltak for kunnskapsoppbygging som seminar og samlingar, retta mot både offentleg og privat verksemd.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning
Formål med løyvinga
Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak for å nå målet Sikre naturmangfald på målområdet berekraftig landbruk, og som òg medverkar til delmålet Noreg som konstruktiv internasjonal aktør på målområdet matsikkerheit. For å sikre biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar og å møte klimautfordringar, er det grunnleggjande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Løyvingar over posten omfattar tiltak til styrking av arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket
Rapportering 2011
Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141 post 52.
Over post 71 blir det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for plantar, skogtre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Gjennom desse prosjekta fører Genressurssenteret vidare eit aktivt samarbeid med aktørane i genressursarbeidet. Resultat frå prosjekta blir publiserte på heimesidene og ofte vidare i ymse media. Dette gir verdifull informasjon til næringsaktørar og forvaltning, i tillegg til generell informasjon om genetiske ressursar til allmenta. Det blei løyvd 5,3 mill. kroner til slike tiltak og aktivitetar i 2011.
I arbeidet med husdyrgenetiske ressursar er drift og vedlikehald av genbankar og slektskapsdatabasar sentrale oppgåver. Det er gitt tilskott til Genbanken for fjørfe, raselag for verneverdige rasar, oppbygging av sædbank for småfe og drift og til vedlikehald av slektskapsdatabasen Kuregisteret. Kuregisteret blir brukt til kontroll av produksjonstilskott til verneverdige storferasar, til overvaking av utviklinga av rasane og som grunnlag for berekraftig avl. På plantesektoren har ivaretaking og utnytting av viktige fôr- og matplantar hatt høg prioritet. Bevart plantemateriale av gamle sortar er blitt meir tilgjengeleg mellom anna i ein nasjonal genbank for potet. Det er òg etablert nye og betre rutinar for oppformeiring og sal av frukttre, medan prydplantar er registrert som Plantearven-plantar og sett i produksjon. Vidare er norsk statusrapport om skogtregenetiske ressursar avlevert FAO og oppdateringa av database over verneområde i skog er ferdig og publisert på nettet saman med nøkkel til artsfesting av rogn og asal innan slekta sorbus. Det er òg laga informasjonstrykksaker på norsk og engelsk.
Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, medan faglege oppgåver knytt til husdyr og skogtre er samlokalisert med Norsk genressurssenter på Ås. NordGen fekk 1,6 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda.
Over posten blei det løyvd 1,2 mill. kroner til Nordisk privat-offentleg partnarskap for før-foredling (Nordic Public-Private Partnership for Pre-breeding), til norsk del av den nordiske støtta til partnarskapet for 2011. Partnarskapet mellom Nordisk ministerråd og nordiske vekstforedlingsselskap og offentlege lærestader, med NordGen som sekretariat, skal støtte utviklinga av nordisk vekstforedling for å dekke langsiktige behov innan jordbruket og hagebruksnæringa. Behova er i første rekke knytte til klimaendringar, miljøpolitiske krav og krav frå forbrukarar og marknaden. Behovet for å utvikle klimatilpassa plantemateriale er òg peikt ut som satsingsområde i St.meld. nr 39 (2008-2009).
Til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund) blei det utbetalt 674 763 kroner, som svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2010.
Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, særskilt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar dublettar av frø frå heile verda. 28 institusjonar, mellom dei 10 nye, la inn til saman 113 364 nye frøprøvar i 2011. Ved utgangen av året var i alt 716 523 frøprøvar deponerte. I 2011 blei det òg signert intensjonsavtale med 9 nye depositørar som vil sende frø til frøhvelvet i nær framtid. Midlane i 2011 gjekk til husleige og drift av frølageret, møte i det internasjonale rådet for frøhvelvet og til ymse informasjonstiltak. Det er stor interesse for å få informasjon, og departementet har framskaffa oppgradert tekst og informasjonsmateriell om frølageret.
Departementet gav økonomisk støtte over post 71 til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver som produksjon av frø, kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, informasjons- og opplæringstiltak og utviklingsoppgåver knytt til anlegg for frøproduksjon med 4,15 mill. kroner. Løyvinga er avtalefesta med Skogfrøverket jf. ei avtale om forvaltningsoppdrag frå 1995. Departementet gav òg 3,5 mill. kroner i ekstraløyving til Skogfrøverket frå kap. 1149 for å styrkje arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og til ei utgreiing av den framtidige lokalisering og modernisering av Skogfrøverket.
Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman 2,86 mill kroner i støtte. Sentra har ansvar for allsidig verksemd for å fremme dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Talet individ innanfor desse rasane er no svært lågt. Det er laga handlingsplan for bevaring av dei genetiske ressursane hos dei norske hesterasane. I tillegg er det laga ei utgreiing om dei nasjonale hestesentra, som mellom anna tek opp rollefordelinga i arbeidet. Departementet la dette til grunn for auka støtte gjennom tildelingsbrev som set krav til måloppnåing og rapportar.
Over posten blei det òg løyvd midlar til Stiftelsen Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å vedlikehalde og vidareutvikle seg som kompetansesenter om hjort både i vill tilstand og i oppdrett. Hjortesenteret arbeider med kunnskapsspreiing om hjort generelt, og for at hjort kan gi grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping i landbruket spesielt.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 21,6 mill. kroner og legg opp til ei fordeling slik Tabell 2.6 viser.
Tabell 2.6 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2012 og budsjettframlegg for 2013
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2012 | Framlegg 2013 |
Genressurstiltak | 6 716 | 7 216 |
Svalbard globale frøhvelv | 4 363 | 4 363 |
Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 600 | 1 600 |
Skogfrøforsyninga | 4 150 | 4 150 |
Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter | 2 867 | 2 867 |
Stiftelsen Det norske arboret og Norsk Hjortesenter | 1 233 | 1 424 |
Sum genressursforvaltning | 20 929 | 21620 |
I eit internasjonalt perspektiv trugar einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk den genetiske variasjonen blant matplantar som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift. Dette hindrar òg vidare utvikling av eit berekraftig landbruk. Innan husdyrbruket dominerer nokre moderne produksjonsrasar i store delar av verda, og ein ser òg eksempel på at husdyrrasar har sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar. Klimaendringar er ei ny utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Internasjonale konvensjonar og avtalar stadfestar at Noreg har eit ansvar for å forvalte dei genetiske ressursane sine på ein berekraftig måte.
Over denne posten blir det løyvd midlar til ei rekke tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplantar, husdyr og skogtre for perioden 2011-2014. Midlane går til prosjekt ved Norsk genressurssenter og mange samarbeidspartnarar rundt om i landet. Dette er med på å oppretthalde eit nettverk av institusjonar, organisasjonar og privatpersonar som alle bidreg med aktivitet for bevaring og bruk av det genetiske mangfaldet i landbruket. Oppbygging av genbankar og god kontakt med eit aktivt og stort nettverk av aktørar, som på ulike vis bidreg til eit berekraftig vernearbeid for genetiske ressursar i landbruket, er prioriterte område. Dette inneber òg å bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar, rett skjøtsel av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet og klonarkiv. Det skal og leggjast vekt på meir generelle tiltak. Slike tiltak er mellom anna klargjering av rett, tilgang til og behandling av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar, og utgreiing av følgjene av nye utfordringar som t.d. klimaendringar. Løyvingane til genressurstiltak omfattar òg Genbanken for fjørfe, tilskott til lag for verneverdige rasar og til arbeid med å effektivisere kontrolldatabasar for bevaringsverdige husdyrrasar.
Det er viktig å ta del i nordisk og internasjonalt samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i Nordisk genressurssenter (NordGen). Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Departementet gjer framlegg om å vidareføre støtte til denne verksemda i NordGen med til saman 1,6 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering.
Det er òg sett av midlar til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til dette fondet. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal mattryggleik.
Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv, til informasjonsverksemd og til møte i det internasjonale rådet for frøhvelvet. Oppslutninga om frølageret på Svalbard blant verda sine genbankar er god, og det er avtalt innskott av frø mange år fram i tid. Den store interessa for det globale frølageret i internasjonale media og hos allmenta held fram. Dette viser at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gi auka forståing og medvit om plantemangfald og matvaresikring, og det er ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,150 mill. kroner for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket og utvikling av Det norske Skogfrøverk. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilskott til skog-, klima- og energitiltak i kap. 1149 post 73.
Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter har ansvar for allsidig verksemd for å fremme dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Departementet legg handlingsplan for bevaring av dei genetiske ressursane hos dei norske hesterasane og utgreiinga om dei nasjonale hestesentra, som mellom anna tek opp rollefordelinga i bevaringsarbeidet, til grunn for støtte til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter. Departementet vil òg føre vidare støtte til Stiftelsen Det norske arboretet, der departementet er ein av stiftarane, og auker støtten til Norsk Hjortesenter med omlag 0,2 mill over posten.
Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 23 142 | 23 142 | 23 906 |
52 | Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap | 94 970 | 94 970 | 98 104 |
Sum kap. 1141 | 118 112 | 118 112 | 122 010 |
Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
Posten omfattar løyvingar til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga.
NILF er eit forskings-, utreiings- og dokumentasjonsinstitutt for føretaks- og næringsøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. Instituttet har ein tverrfagleg profil. Instituttet tek oppdrag på kjerneområdet sitt, men òg innanfor fiskeri- og havbrukssektoren, med vekt på handelspolitikk. Vidare har instituttet ein rådgivande funksjon overfor departementet og annan forvaltning på fagområda sine.
NILF er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet får løyving over kap. 1141 post 50 for å fylle målsetjingane om næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse direkte frå Landbruks- og matdepartementet. Instituttet mottek òg basisløyving frå Noregs forskingsråd over kap. 1137. NILF har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Trondheim og Bodø.
Ein viktig del av NILF si verksemd er å levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med stor betyding for produksjon og omsetning av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, bygdenæringar og landbruket si rolle i bygdesamfunnet. Instituttet utarbeider materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og er sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet.
Formål med løyvinga
Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde for NILF i 2013. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader og endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, vil vere aktuelle tema. NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samanheng med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Mellom anna skal instituttet bidra til auka kunnskap om samanhengen mellom landbruk, landbrukspolitiske mål og verkemiddel på den eine sida og utslepp og opptak av klimagassar på den andre. NILF skal òg bidra til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. Departementet legg òg vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utreiing, og på at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av notat og kursverksemd innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.
Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF. Dette arbeidet kan delast inn i tre hovudområde:
Næringsøkonomisk dokumentasjon, under dette sekretariatsarbeid for Budsjettnemnda for jordbruket
Driftsøkonomisk rettleiing og styring, under dette kursverksemd
Føretaksøkonomisk dokumentasjon, under dette rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk
NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.
Rapportering 2011
NILF har i 2011 utarbeidd driftsgranskingar for 2010 med rekneskapsstatistikk frå 835 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er mellom anna basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane viser saman med spesialundersøkingar, både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleikar, produksjonsformer og regionar. Frå 2005 er det lagt vekt på ein grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 37 samdrifter i mjølkeproduksjon. For 2010 er resultata frå 29 økologiske mjølkebruk analyserte særskilt.
Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, har NILF i 2011 utarbeidd grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar.
I 2011 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg hatt oppgåver knytt til mellom anna førebuing og deltaking på OECD-møte, oppfølging av internasjonale råvareprisar, dokumentasjon av prisutviklinga i ulike ledd i matvarekjeda, utgreiing om prisdiskriminering på daglegvareleddet og gjennomført utgreiingar knytt til arbeidet med Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken.
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 23,906 mill. kroner. NILF skal i 2013 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.
Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap
Formål med løyvinga
Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane, og for ei god genressursforvaltning. Dette er viktig i arbeidet for å nå landbrukspolitiske mål om nok og trygg mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Sjå elles omtalen av måla til departementet i innleiinga i proposisjonen.
Norsk institutt for skog og landskap
Midlane på posten blir i hovudsak tildelt Norsk institutt for skog og landskap, som er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar.
Instituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Formålet og rolla til instituttet er å forske og skaffe fram kunnskap knytt til skog, jord, utmark og landskap. Norsk genressurssenter er ei eining ved instituttet.
Instituttet får òg basisløyving til forsking over kap. 1137 og midlar til kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling, under dette midlar til Genressurssenteret, direkte frå Landbruks- og matdepartementet.
Forskinga ved instituttet skal dekke behov for kunnskap knytt til heile den skogbaserte verdikjeda, og til arealbruk og landskap. Departementet legg særskilt vekt på ei berekraftig utnytting av ressursane i skog og utmark, noko som mellom anna krev både økonomiske vurderingar og analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde. Forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.
Instituttet er ansvarleg for nasjonale ressursundersøkingar innanfor fagområda jord, skog, utmark, landskap, arealdekke og arealtilstand. Instituttet skal bygge opp og vedlikehalde den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt. Instituttet skal òg formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Instituttet skal utvikle samarbeidet med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og miljøforskingsinstitutta. Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og UMB, etablert eit samarbeid om bioenergi i Norsk senter for bioenergiforskning. I denne alliansen skal instituttet vere med å bygge opp kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val for næringsutøvarar som vil satse på bioenergi.
Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet må ha ein aktiv og målmedviten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt.
Rapportering 2011
Midlane på posten blei i 2011 tildelte Norsk institutt for skog og landskap. Rapporteringa under følgjer inndelinga i verksemdområde ved instituttet.
Ressursundersøkingar og overvaking
Norsk institutt for skog og landskap har i 2011 ført vidare dei nasjonale ressursundersøkingane. Desse undersøkingane gir viktige data om arealtilstand og utvikling på mange område, og dei er såleis eit viktig grunnlag for politikkutforminga. Dei nasjonale oppgåvene er knytte til kartlegging og overvaking av arealressursar, jordsmonn, utmarksbeite, kulturlandskap og skog.
Instituttet har gjennom klimasenterfunksjonen gitt bidrag til Noreg si rapportering til Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Gjennom metode- og modellutvikling har instituttet auka kunnskapen om historisk og framtidig opptak av karbon i skogen i Noreg. Denne kunnskapen er mellom anna eit grunnlag for Noreg sitt arbeid i dei internasjonale klimaforhandlingane.
Arealressurskarta ligg mellom anna til grunn for produksjon av tenesta Gardskart på internett (sjå omtale under avsnitt om geodatatenester). Dette detaljerte kartverket gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet. Arealressurskarta blir nytta ved søknad om, og kontroll av, arealtilskott. Karta blir òg brukte til fleire oppgåver innanfor forvaltning og planlegging, og dei er kjelde til mange slag arealstatistikk. Kartbasen over markslag og arealforhold er ajourført for alt jordbruksareal. Vidare vedlikehald av arealressurskartet skjer i kommunane og ved instituttet.
Jordsmonndata blir mellom anna nytta til å redusere erosjon, styrkje jordvernet, fremme nisjeprodukt og arbeide med klimatiltak. Om lag halvparten av jordbruksarealet er no kartlagt. Kartlegginga er i 2011 ført vidare med 45,3 km2. Kart og informasjon er gjort tilgjengeleg på internett. Det er utvikla ein eigen jordindeks for å auke nytten av karta i jordvernsaker.
Instituttet kartlegg ressursgrunnlaget for beite i utmark og driv rådgjeving kring beitebruk. Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget i landbruket og ein viktig reiskap for skjøtsel av landskapet. I 2011 blei 491 km2 kartlagt. Denne informasjonen synleggjer beiteinteressene i utmarka og gir auka avkastning for beitebrukarane gjennom tilrettelegging for betre beitebruk. Informasjonen blir nytta for å finne løysingar i konfliktar kring arealbruk i utmark, til dømes når det gjeld rovdyr og hyttebygging. Kartleggingsprosjekta blir prioriterte etter tilgangen på medfinansiering frå beitebrukarane.
Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane. Landsskogtakseringa gir, saman med annan arealressursinformasjon frå instituttet, eit viktig grunnlag for rapporteringa om karbon i skog og anna som Noreg gjer under Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Det er stor etterspørsel frå næringsorganisasjonane, regionane og større føretak etter informasjon om skogressursane, særleg knytt til satsinga på bioenergi, auka bruk av tre og for å vidareutvikle miljøomsyna i skogbruket.
Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) blei ført vidare i 2011. OPS er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg. Metodar og resultat frå OPS blir koordinert på europeisk nivå under FN-konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP), og nytta i rapportering til FN. Instituttet arbeider òg med overvaking for å førebygge skogskadar knytt til klima, sopp- og insektangrep og anna, og har mellom anna sett på faren for at det blir ført nye artar inn til landet.
Landbruket forvaltar mykje av den nasjonale kulturminneskatten. For å dokumentere og styrkje grunnlaget for kulturminnearbeidet i landbruket, rapporterer instituttet status for kulturminne i jordbrukslandskapet. Granskinga av status i seterlandskapet blei ført vidare i 2011, og etter tre år er nær halvparten av dette arbeidet no ferdig. Status og utvikling i jordbruket sitt kulturlandskap blir òg dokumentert gjennom det nasjonale programmet for overvaking og resultatkontroll. I 2011 blei det rapportert for Trøndelag og store delar av Vestlandet. Data frå overvakinga blir nytta i arbeidet med landskap, og i utvikling av verkemiddel i dei regionale miljøprogramma.
Det er eit prioritert politisk mål å fremme næringsutvikling ved landbruk i heile landet. I dette arbeidet treng brukarane og forvaltninga på regionalt og lokalt nivå kunnskap om ressursane dei kan nytte og om dei miljømessige tålegrensene for auka næringsverksemd dei ulike områda. Arealrekneskap for utmark gir slik informasjon. I 2011 blei 136 nye område undersøkt. Til saman er om lag 80 pst. av landet no dekt i denne undersøkinga.
Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Instituttet tek òg del i internasjonale prosessar og samarbeider med liknande organisasjonar i andre europeiske land om harmonisering av metodar og utvikling av meir effektive rutinar for kartlegging og overvaking. Instituttet samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å etablere representativ nasjonal arealstatistikk. Instituttet har ansvar for det norske bidraget til det europeiske arealdekkekartet (Corine Land Cover).
Noreg har slutta seg til EU sitt Inspire-direktiv (Directive 2007/2/EC) om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon. Instituttet leier arbeidet med å utvikle spesifikasjonane for to temaområde i direktivet: Jordsmonn og Arealdekke.
Geodatatenestene
Data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane blir gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande. Dette aukar samfunnsnytten av instituttet si verksemd. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er ein føresetnad for desse tenestene og for deling av data med dei andre partane i Noreg Digitalt-samarbeidet.
Den internettbaserte tenesta Gardskart på internett gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. Dette er eit viktig bidrag til realisering av mål i e-Noreg-strategien og Noreg digitalt-samarbeidet. Statistikk for bruken av gardskart på internett viser framleis ein kraftig auke. I den internettbaserte kartenesten Kilden, får landbruket, forvaltninga og allmenta samla innsyn i ei rekke elektroniske kart. Dette er instituttet sine eigne kartdata, flybilete og data frå andre offentlege leverandørar av kartdata.
Det nasjonale programmet for flyfotografering av heile landet med jamne mellomrom er ført vidare med fotografering av 70 626 km2 i 2011. Bilete og andre data frå fotograferinga blir forvalta og distribuert i samarbeid med partane i Noreg digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. Denne løysinga er teken i bruk av eit stort tal brukarar, og samordna finansiering og gjennomføring av flyfotograferinga gir betre ressursutnytting og betre tilgang på flybilete.
I samarbeidet mellom offentleg og privat sektor om etablering av geodata, Geovekst, er instituttet ansvarleg for landbruksparten. Instituttet har arbeidd for å samordne landbruket og sikre at landbruket både dekker pliktene sine og får tilgang til kartdata i Geovekstprosjekt i kommunane.
Forsking
Rapport og budsjettframlegg for forskinga ved Norsk institutt for skog og landskap er omtalt under kap. 1137 post 51.
Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning
Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar er lagt betre til rette i geografiske innsynsløysingar på internett. Dette arbeidet er viktig for å sikre eit godt fundament for auka berekraftig bruk av skogressursane og auka oppbygging av skog.
Informasjonsverksemda og rådgivinga omkring aktuelle skadar på skog av sopp og insekt har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert viktig informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har òg hatt ei omfattande informasjonsverksemd knytt til kunnskap om bruk av skogråstoff til bioenergi og bruk av tre som byggemateriale. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking.
Norsk genressurssenter
Genressurssenteret har i 2011 halde fram med å publisere informasjon frå genressursarbeidet på nettsida som nyhendeinnslag og fagartiklar, og i faglege føredrag. Senteret har òg vore aktivt på mange arenaer med informasjonsmateriale om genetiske ressursar, og har sett i verk arrangement og møte.
Genressurssenteret legg stor vekt på å halde kontakt med dei ulike aktørane i genressursarbeidet, og koordinerer nasjonale aktivitetar innanfor sektorane husdyr, kulturplantar og skogtre. Arbeid med nasjonale handlingsplanar for ivaretaking og berekraftig bruk av genetiske ressursar for ny planperiode 2011-2014 var mellom anna ei oppgåve. Senteret deltek òg aktivt i det nordiske og internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar, og medarbeidarane er norske representantar i internasjonale samarbeidsorgan. Genressurssenteret gir fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til internasjonale møte, og deltek på møte i FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) sin kommisjon for genetiske ressursar i landbruket.
Budsjettframlegg 2013
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 98,104 mill. kroner for 2013. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling og anna knytt til arealressursar, skog, jord, utmark, landskap og støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Løyvinga vil i all hovudsak bli nytta til aktivitet ved Norsk institutt for skog og landskap, under dette Norsk genressurssenter.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap vil i 2013 ha ei rekke oppgåver innanfor forsking, jf. òg omtale i kap. 1137, og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar.
Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fem hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester, forvaltning og rådgiving og Norsk genressurssenter.
Ressursundersøking og overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar landbruket nyttar og forvaltar. Dette er nødvendig kunnskap for å nå måla i Meld. St. 9 (2011-2012) og Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk. Sentrale oppgåver er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5), Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark. Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet, kartlegging og formidling av informasjon om jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS) og vegetasjonskartlegging for betre utnytting av beiteressursane. Det siste er saman med Arealrekneskapen for utmark, særskilt viktig for å auke matproduksjonen i utmarka, slik regjeringa legg opp til i Meld. St. 9 (2011-2012). Departementet meiner det er viktig å sikre kontinuitet i eksisterande statistiske undersøkingar og å sikre vedlikehald av kartgrunnlaget for arealtilstand. Undersøkingane gir viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar og grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal framleis legge vekt på at dei data som blir samla inn gjennom ulike kartleggingar og overvaking blir tekne i bruk og kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og ressursar. Næringsutvikling, matproduksjon, klimapolitikk, attgroing, bioenergi og effektiv tilskottsforvaltning er eksempel på viktige område der eksisterande arealressursundersøkingar gir informasjon som er tilpassa kunnskapsbehova.
Instituttet arbeider kontinuerleg for å sikre god samanheng og struktur i det samla kartleggings- og overvakingsarbeidet, og tek i bruk nye metodar og teknologi der det gir effektive løysingar som dekker måla i kartleggings- og overvakingsarbeidet.
Klimautfordringa er eit område med stort behov for kunnskapsutvikling. Regjeringa har i Meld. St. 21 (2011-2012) lagt stor vekt på skogen si rolle i klimasamanheng. Dette aukar behovet for kunnskap og tenester frå instituttet. Norsk institutt for skog og landskap bidreg til å skaffe fram viktig informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet har òg, saman med SSB og Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF), ei sentral rolle i arbeidet med Noreg si internasjonale klimarapportering. Instituttet skal arbeide vidare med å få fram betre data om karbonbinding i skog og jord. Dette vil styrkje grunnlaget for den internasjonale klimarapporteringa. Instituttet har ein viktig funksjon som eit klimasenter på arealinformasjonsområdet. Siktemålet er at instituttet vidareutviklar metodar og opplegg for bidrag til klimagassrekneskapen, slik at rekneskapen for landbruket blir fundert på best moglege data og at instituttet vidareutviklar klimasenterfunksjonen og rolla si i internasjonal rapportering. Kunnskap om status for og utvikling av arealbruk og biomasse fører med seg internasjonal merksemd som følgje av klimautfordringa.
Forskinga ved instituttet er i første rekke ei vidareføring av skog- og miljøforskinga frå tidlegare Skogforsk. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet òg midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde.
Instituttet skal, med basis i dei midlane som er foreslått løyvd over denne posten for 2013, kunne utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet på tema som ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skogskadar, berekraftig verdiskaping og skog og miljøspørsmål.
I tillegg til å drive overvaking av skog og kulturlandskap, skal instituttet òg forske, skaffe fram informasjon om og utvikle metodane for registrering av biologisk mangfald og kulturminne. Instituttet skal ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte, både på skogområdet og i andre samanhengar. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, som grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og som grunnlag for kunnskap om skogen si rolle i klimapolitikken.
Geodatatenestene ved instituttet er særleg knytte opp mot produksjon, organisering og forvaltning av data, og inngår i den felles nasjonale infrastrukturen Noreg digitalt. For å auke samfunnsnytten av instituttet si verksemd skal data frå kartleggingsprogramma og ressursundersøkingane bli gjort tilgjengelege for forvaltninga og dei næringsdrivande i form av geodatatenester på internett. Systematisk og langsiktig arbeid med lagring og dokumentasjon av geodata i databasar er føresetnaden for desse tenestene. Instituttet skal i denne samanhengen ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Noreg digitalt og Geovekst.
Geovekstmidlane skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart, markslagskartlegging og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst. Her må instituttet ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Saman med vidareføring av satsinga, vedlikehald av arealressurskarta og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal dette vere med på å gi ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala. Instituttet skal gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta, og generelt bidra til å fremme bruk av ressurskarta i planarbeid og saksbehandling.
Instituttet skal støtte SSB sitt arbeid med nasjonal arealstatistikk og bidra i internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata på tema instituttet har ansvar for. EU sitt Inspire-direktiv om etablering av ein infrastruktur av geografisk informasjon, kan føre med seg auka kostnader til avlevering av data på harmonisert form til Europeiske institusjonar.
Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning omfattar dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet utfører særskilte forvaltningsoppgåver for departementet.
Instituttet skal bidra til effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad i skogbruksplanlegginga. Instituttet utfører kompetansetenester knytt til skogbruksplanlegginga på oppdrag frå departementet og har, saman med Statens landbruksforvaltning (SLF), gitt råd til departementet om roller og ansvar mellom dei to institusjonane når det gjeld skogbruksplanlegginga. Departementet har òg sett i gang eit større arbeid knytt til organisering og gjennomføring av skogbruksplanlegginga og vil sjå desse spørsmåla i samanheng.
Klimaendringane gir grunn til å halde høg beredskap for å sjå skadar på skog i ein tidleg fase og til å førebygge mellom anna at nye insekt som gjer skade etablerer seg i Noreg. Instituttet skal derfor drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving om patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og informasjon over internett. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering og drifting av relevant skogskadeovervaking og beredskap. Internasjonalt samarbeid er i denne samanheng viktig, til dømes det FN-relaterte arbeidet i UN/ECE ICP Forests.
Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar er omfattande, og kjem frå mange ulike kjelder. For å gjere slike skogbruks- og miljødata lettare å finne tak i, har departementet teke initiativ til å samle relevant dokumentasjon i ein årleg rapport om berekraftig skogbruk – næring og miljø. Norsk institutt for skog og landskap vil få ansvar for å gi ut rapporten. Rapporten må utformast slik at den òg kan nyttast i rapporteringa til relevante internasjonale prosessar. Målet er å gi ut den første rapporten i 2013.
Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er òg viktig at instituttet tek på seg forvaltnings-, rådgivings-, konsulent- og informasjonsoppdrag i relevante marknadar.
Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høge ambisjonar om å formidle konkrete resultat som når ut til dei som kan ha interesse og nytte av resultata, både frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det er særleg viktig at instituttet har gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.
Norsk genressurssenter
Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret og sektorutvala for genressursar for husdyr, for kulturplantar og for skogtre, som gir råd til senteret og departementet.
Informasjonsverksemd med presentasjon av aktuelle genressurstema gjennom heimesidene til senteret, media og anna, skal framleis ha høg prioritet ved Genressurssenteret.
Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. kap. 1139 post 71. Senteret representerer Noreg i internasjonale samarbeidsfora og i mange samarbeidsprogram på nordisk, europeisk og globalt nivå. Senteret skal bidra til nasjonal oppfølging av internasjonale avtalar og prosessar på genressursområdet, mellom anna rapportering til FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).
Genressurssenteret skal òg følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplanter, skogtre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ ivaretaking er viktig.
Det er eit stort potensial for meir aktiv bruk av genetiske ressursar i næringsverksemd og innsatsen på dette arbeidsområdet skal aukast.
Innanfor alle dei tre sektorane skal kostnadene ved norsk deltaking i dei internasjonale samarbeidsprogramma bli dekte over denne posten.
Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 183 382 | 174 995 | 180 411 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 122 371 | 126 118 | 130 154 |
70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast | 53 | 361 | 373 |
72 | Erstatningar, overslagsløyving | 244 | 302 | 302 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving | 33 739 | 45 610 | 45 610 |
74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering, kan overførast | 15 096 | ||
75 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt | 127 | 1 000 | 1 000 |
Sum kap. 1143 | 355 012 | 348 386 | 357 850 |
Formål med løyvinga
Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgiving og dokumentasjon står sentralt. SLF skal bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken.
SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga for gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF skal gi råd på eige initiativ, og rådgivinga skal ha høgt fagleg nivå. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.
SLF sin verksemdsidé er å gi faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og legge forholda til rette for landbruket og matindustrien.
Hovudmålet for verksemda er at SLF skal vere ei brukarretta og effektiv verksemd som innanfor rammene av nasjonal landbruks- og matpolitikk bidreg til å:
sikre ressursgrunnlaget i jord- og skogbruk
sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv
SLF arbeider med å utvikle strategisk plan for perioden 2013-2018. Planen blir ferdigstilt primo 2013.
Hovudmål for resultatområda
Ressurs, skogbruk og areal
På resultatområdet areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk skal SLF bidra til å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder. Arbeidsområda omfattar utvikling og forvaltning av verkemiddel og tiltak knytte til arealbruk, skog, miljø og kulturlandskap, økologisk landbruk og klimautfordringar. Forvaltning av erstatningsordningane i landbruket, sekretariatsoppgåvene for naturskadeordninga og det koordinerande ansvaret i SLF overfor fylkesmannsembetet ligg òg under dette området.
Landbruksproduksjon
På resultatområdet inntekts- og velferdspolitiske tiltak i landbruket skal SLF bidra til å sikre matproduksjon og stabil matforsyning. Arbeidsoppgåvene er utvikling og forvaltning av inntekts- og velferdsordningar og dei produksjonsregulerande verkemidla mjølkekvotar og husdyrkonsesjon. Felles for ordningane er at det er primærprodusentane som er målgruppa. Sekretariatsoppgåvene for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, forskingsmidlane over jordbruksavtalen og klagenemnda for kvoteordninga for mjølk ligg òg under dette resultatområdet. Det same gjeld ansvaret for kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde.
Handel og industri
På resultatområdet marknadstiltak, handel og industri skal SLF bidra til å sikre ein godt fungerande næringsmiddelindustri og ein stabil marknad som gir avsetning for norske jordbruksvarer til stabile prisar. Omsetningsledd og næringsmiddelindustri er viktige målgrupper. Forvaltning av importvernet, sekretariat for Omsetningsrådet, prisutjamningsordninga for mjølk og pris- og marknadsovervaking er viktige oppgåver. SLF bidreg med faglege analysar og grunnlagsmateriale i internasjonale forhandlingar med mellom anna WTO, EU og EFTA.
Administrasjon
På resultatområdet administrasjon har SLF oppgåver innanfor organisasjonsutvikling, personalforvaltning, rekneskapsføring, økonomistyring, beredskap, IKT-drift og -utvikling og andre fellestenester som sentralbord og arkiv. Målet er å bidra til ei velfungerande verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgiving sikrar brukarane effektive tenester.
Rapportering 2011
SLF har det nasjonale ansvaret for forvaltninga av dei skogpolitiske verkemidla. I 2011 blei det starta eit arbeid med å sjå nærmare på utviklinga av skogbruksplanlegginga. Arbeidsgruppa har vore leia av SLF, med Norsk institutt for skog og landskap som sekretær. SLF tok i 2011 over sekretariatet for Utviklingsfondet for skogbruket frå Noregs Forskingsråd.
Regionale miljøprogramtilskott er viktige for ein målretta miljøinnsats, og i 2011 blei 45 pst. av midlane nytta til tiltak som gjeld vassmiljø og 33 pst blei nytta til kulturlandskapstiltak. Resten blei fordelt på tiltak som mellom anna gjeld kulturminne og biologisk mangfald.
SLF er sekretariat for Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket. I 2011 er det løyvd til saman 6,5 mill. kroner frå programmet til 19 ulike prosjekt.
For 2011 blei det avsett 44 mill. kroner til utviklingstiltak for økologisk landbruk. Midlane, som blir forvalta av SLF, er mellom anna løyvd til 67 ulike prosjekt som er presenterte på SLF sine nettsider. SLF arrangerte i 2011 nasjonal økokonferanse med deltaking frå dei som arbeider med utviklingsprosjekt innan økologisk landbruk.
SLF har i 2011 arbeidd med utgreiing av ulike spørsmål for å redusere utslepp til luft og ureining av vatn ved handtering av husdyrgjødsel.
I 2011 har SLF utarbeidd ein ny rettleiar om landbruksomsyn i planlegging etter ny plan- og bygningslov. Rettleiaren gjeld først og fremst arealplanlegging i kommunane.
Flaum, store nedbørsmengder og vanskelege hausteforhold prega vekstsesongen 2011, og talet på erstatningssaker blei meir enn dobla i forhold til eit normalår. Etter naturskadeåret 2011 blei meir enn 3 000 nye naturskadar meldte. 1 671 saker kom inn slik at dei kunne behandlast i 2011, og det blei samla tilkjent i overkant av 150 mill. kroner i erstatning, jf. kap. 1148 post 71.
SLF har utarbeidd faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2011. Det var særleg merksemd omkring forbetringar i verkemiddelsystemet for brukar og forvaltning, samt tilpassing av regelverket for å oppnå betre måloppnåing.
I 2011 har SLF arbeidd med vidareutvikling av meir brukarvenlege løysingar og kvalitet knytt til søknad, saksbehandling, kontroll og utbetaling av tilskott. I dette perspektivet er samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap om å etablere eit oppdatert kartverk for jordbruksareala viktig. Ved utgangen av 2011 var slikt kartverk med tilhøyrande jordregister produsert for alle kommunane i Noreg. Av desse hadde 296 kommunar eit kvalitetssikra digitalt kartverk til bruk i arealkontrollen.
SLF følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på ein god måte. Den samla kontrollaktiviteten auka òg i 2011.
SLF har i 2011 arbeidd med å sikre ei god forvaltning av importvernet for landbruksvarer og dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. SLF har òg i 2011 utført arbeid i samband med WTO-avtalen, GSP-ordninga (system med generelle tollpreferansar for import av varer frå U-land) for landbruksvarer, forhandlingar med EU og frihandelsavtalane under EFTA.
I 2011 har arbeidet på IKT-området vore konsentrert om aktivitetar som bidreg til gevinstar og betre tenester for brukarane. Eit nytt system for forvaltning av skogfond og tilskott innanfor skogsektoren blei teke i bruk, med gode brukarerfaringar.
SLF har i 2011 utarbeidd ein ny IKT-strategi for perioden 2012-2017. Strategien er ein langsiktig plan for korleis ein skal bruke IKT for å fremme SLF sine mål.
I 2011 blei det gjennomført ei krise- og beredskapsøving i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Øvinga fungerte bra og bidrog til god læring.
Av post 73 Tilskott til erstatning m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, blei det i 2011 mellom anna betalt ut erstatning etter påvising av sjukdommen biepest, tidlegare kalla open yngelråte, ulike sjukdommar knytte til veksthusproduksjonar, potetcystenematode (PCN) og heksekost på frukttre.
Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering blei brukt til utvikling av nye sortar engvekstar, poteter, frukt og bær. Graminor AS fekk godkjent 3 nye eigne sortar i 2011. Ordninga er flytta frå kap. 1143 post 74 til kap. 1150 post 77 underpost 15 frå 2012.
Nærmare omtale av aktiviteten i SLF i 2011 finst i årsrapporten for 2011 på www.slf.dep.no.
Budsjettframlegg 2013
I 2013 vil det vere viktig å utvikle verksemda vidare. For å nå måla, blir det viktig å gjennomføre strategiane som er lagde til grunn.
Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare, er arbeidet på IKT-området. Det er nødvendig å halde fram satsinga på IKT for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper, som bønder og aktørar i næringsmiddelindustrien, ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere elektronisk med SLF når dei måtte ønskje det. Bruk av IKT vil bidra til dette, og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Innhenta og lagra data er òg ein viktig ressurs i SLF sin informasjon til forvaltning, næring og samfunn.
Under følgjer ei nærmare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte resultatområda til SLF i 2013.
Ressurs, skogbruk og areal
SLF skal som nasjonal skogmyndigheit, ivareta dei økonomiske og juridiske verkemidla på skogområdet. Informasjonstiltak og beredskapsoppgåver er nokre av desse oppgåvene. I tillegg kjem viktige utgreiingsoppgåver for å sikre ei berekraftig og miljøtilpassa utvikling av skognæringa og oppfølging av skogtiltaka i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken og Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk.
På klima- og miljøområdet vil det bli behov for auka ressursinnsats i åra framover, jf. omtalen under kategori 15.30. Oppgåvene vil mellom anna gjelde forbetring av status- og resultatrapportering for ulike miljøtiltak, utgreiing og utvikling av tiltak på klimaområdet, særleg knytt til jord, gjødsling og husdyrgjødsel. SLF har fått auka ansvar for å gjennomføre naturmangfaldlova knytt til regelverket som gjeld landbruksverksemd og ivaretaking av landbruksomsyn i samband med utpeiking av prioriterte artar og utvalde naturtypar.
SLF skal legge til rette for utvikling av økologisk landbruk og omsetning av økologiske produkt retta mot målet om 15 pst. produksjon og forbruk innan 2020. Viktige oppgåver i 2013 og framover vil vere å legge til rette for auka aktivitet når det gjeld omsetning og marknadsføring, under dette evaluering av verkemiddelbruken med tanke på eit meir målretta arbeid mot sluttmarknaden.
Landbruksproduksjon
Innspel til målretting og forbetringar av dei økonomiske og juridiske verkemidla over jordbruksavtalen er òg viktig i 2013.
I 2013 vil SLF legge vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvenleg og å auke kvaliteten i forvaltninga. Meininga er at produsentane i aukande grad skal nytte nettløysingane og at kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem.
Ein effektiv og kvalitativ god kontroll og rett oppfølging av brott på regelverk, er viktig for næringslivet, for tilliten til forvaltninga og for legitimiteten til landbrukspolitikken. SLF vil vidareføre arbeidet med målretta kontroll av økonomiske verkemiddel på SLF sitt ansvarsområde. Vurderingar av risiko og vesentlegheit er grunnlaget for kontrollverksemda. Erfaring viser at auka merksemd på kontroll avdekker fleire brott på regelverk og feil frå søkjar som må følgjast opp. Oppfølging og opplæring av fylkesmannsembeta med omsyn til kontrollverksemda deira, vil vere viktig.
Handel og industri
SLF vil i 2013 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Å sikre like konkurransevilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk, vil vere ei prioritert oppgåve. SLF vil som tidlegare følgje opp det rekneskapsmessige skiljet mellom Tine Råvare og Tine Industri, slik at alle aktørar blir sikra lik pris på råvara mjølk.
SLF vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.
SLF vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).
I 2013 vil SLF legge vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av ordningar retta mot næringsmiddelindustrien, og då i første rekke RÅK-ordninga og prisutjamningsordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvenleg og auke kvaliteten i forvaltninga.
Administrasjon
SLF vil i 2013 halde fram med å vidareutvikle datasystema slik at desse blir meir brukarvenlege, men og for å redusere risiko og sikre ei stabil drift. I tillegg ønskjer SLF å tilby brukarane nye elektroniske tenester gjennom Altinn. SLF har som mål å utvikle alle tenestene sine digitalt og etablere eit heilskapleg og effektivt saksbehandlingssystem.
SLF vil halde fram med arbeidet med informasjonssikkerheit, der haldningsskapande arbeid vil vere ein sentral del. Beredskapsarbeidet vil òg vere eit viktig område i 2013. SLF skal òg vidareføre arbeidet med mål- og resultatstyring i verksemda og det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Merknader til dei enkelte postane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet, vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane under kap. 1150 med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter, ved evalueringar m.m.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 180,411 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Departementet gjer framlegg om 130,154 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.
Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet vil bli gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).
Rammene for organisering av dei veterinære vakttenestene er endra slik at det ikkje er nødvendig med unntak frå konkurranselova lenger. Vaktinndelinga og satsar for godtgjersle blir no fastsett av kommunesektoren sin organisasjon KS etter at dei har innhenta råd frå Den norske veterinærforening.
Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, om lag 113,2 mill. kroner, vil bli nytta til å dekke kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane vil bli fordelte mellom kommunane ut i frå vaktinndeling fastsett av KS.
Framlegget til løyving omfattar òg om lag 12,4 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Ordninga vil bli lagt opp slik at midlane vil bli prioriterte til kommunar som legg planar for gode, lokale løysingar.
I framlegget er det òg lagt inn om lag 4,6 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane. Midlane vil bli delt likt mellom alle kommunane.
Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren
Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover bygger på avtale mellom Norgesmøllene og SLF. I avtalen forpliktar Norgesmøllene seg til, i tillegg til eigne driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 373 000 kroner for 2013.
Post 72 Erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 302 000 kroner som skal dekke erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999. Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimenskjønnet oppjusterte kvart femte år.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar
Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekke meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 45,610 mill. kroner i 2013.
Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt
Løyvinga på posten skal nyttast til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevelferdslova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2013.
Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsinntekter m.m. | 41 425 | 36 726 | 37 718 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 560 | ||
Sum kap. 4143 | 43 985 | 36 726 | 37 718 |
Post 01 Driftsinntekter m.m.
Posten gjeld driftsinntekter som SLF har knytt til mellom anna sekretariatet for Omsetningsrådet og Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med 37,718 mill. kroner i inntekter for 2013.
Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
77 | Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast | 5 697 | 6 592 | 6 810 |
Sum kap. 1144 | 5 697 | 6 592 | 6 810 |
Post 77 Regionale og lokale tiltak i landbruket
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å:
bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet
styrkje fylkesmannen si rolle som kompetansesenter for kommunane
styrkje innsatsen til fylkesmannen og kommunane innan miljø- og ressursforvaltning og næringsutvikling
Rapportering 2011
I 2011 blei det nytta 5,7 mill. kroner til kommuneretta arbeid og til arbeid innan miljø og ressursforvaltningar over kap. 1144.77.
Det er tildelt 2,3 mill. kroner til utviklingsprogrammet for fjellregionen (Alvdal, Folldal, Tolga, Os i Hedmark, Tynset, Rendalen og Røros), disponert av Fylkesmannen i Hedmark. Løyvinga er nytta til arbeid for å utvikle småfenæringa i regionen, med vekt på rettleiing til småfebrukarar og forskings- og utviklingstiltak for å fremme næringsutvikling.
Tilskotta til kommuneretta arbeid blei nytta til å vidareutvikle dialogen mellom fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane, og til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga. I tillegg har løyvinga blitt nytta til samarbeidsavtalen med KS (kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgivarorganisasjon). Avtalen med KS har ført til styrking av samarbeidsarenaene med kommunesektoren sentralt og regionalt. Synleggjering av landbrukssektoren som ein integrert del av heilskapen i kommunane sitt samfunns- og næringsutviklararbeid har blitt vektlagt i arbeidet.
Kommunane rapporterar på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA. Det har i 2011 blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av dette rapporteringssystemet. Det blei òg løyvd midlar til kompetanseheving i samfunnsplanlegging via Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS).
Det blei i 2011 løyvd midlar til fylkesmannen sitt arbeid innanfor rovviltforvaltning, og til å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn i fylke med mykje arealavrenning. Vidare er det gitt midlar til arbeidet med å sikre kontakten med Russland gjennom prosjektet Økt kontakt med Russland.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer for 2013 framlegg om ei løyving på 6,8 mill. kroner. Det vil for 2013 bli sett av midlar for å styrkje samhandlinga og dialogen med kommunane på landbruksområdet. Samarbeidsavtalen med KS går ut 31.12.2012, og samarbeidet med KS vil bli ført vidare gjennom prosjektretta samarbeid. Det vil òg for 2013 bli løyvd midlar til fylkesmannen sitt arbeid innan rovviltforvaltning og rammedirektivet for vatn.
Løyvinga til Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS) og midlar til oppfølging og drift av rapporteringssystemet KOSTRA vil bli vidareført.
I tillegg vil det bli løyvd midlar til det femårige utviklingsprogrammet for fjellregionen (2009-2013), som blir forvalta av Fylkesmannen i Hedmark, og til prosjektet Økt kontakt med Russland,som Fylkesmannen i Finnmark forvaltar.
Kap. 1147 Statens reindriftsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter | 43 996 | 42 723 | 44 203 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 6 317 | 6 958 | 7 118 |
70 | Tilskott til fjellstover | 692 | 702 | 725 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast | 6 723 | 8 904 | 9 198 |
82 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 3 292 | 2 500 | 2 500 |
Sum kap. 1147 | 61 020 | 61 787 | 63 744 |
Endring i organiseringa av reindriftsforvaltninga
I samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2012, blei det orientert om at regjeringa har føreslått at det skal gjennomførast endringar i organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta. Forslaget er forankra i regjeringa si politiske plattform for 2009-2013. I 2010 oppretta Landbruks- og matdepartementet ei arbeidsgruppe som gjennomførte ei internevaluering. Det blei òg gjennomført ei undersøking om omdøme i regi av Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR). På tross av at Reindriftsforvaltninga har sett i verk ulike tiltak i etterkant av tidlegare evalueringar, dokumenterte dei nye evalueringane framleis store utfordringar. Evalueringane viste til dømes at forvaltninga av reindrifta blir oppfatta for isolert frå annan forvaltning, at forvaltningsstrukturen er uoversiktleg, at det er lang saksbehandlingstid og at det er vanskeleg å skilje mellom næring og forvaltning.
Forslaget som blei presentert i fjor inneber at den sentrale forvaltninga, tidlegare Reindriftsforvaltninga, blir vidareført med lokalisering i Alta og får namnet Statens reindriftsforvaltning. Reindriftsstyret er foreslått vidareført som i dag. Forvaltningsstrukturen er foreslått forenkla ved at områdestyra blir avvikla, noko som inneber lovendringar. Etter forslaget blir det vidare gjennomført ei administrativ verksemdsoverføring frå Landbruks- og matdepartementet til Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet ved at områdekontora under dagens reindriftsforvaltning i Alta blir overførte til Fylkesmannen. Det faglege ansvaret for reindriftsforvaltninga vil framleis liggje under Landbruks- og matdepartementet. Det er innleia konsultasjonar med Sametinget og NRL om saken, i tråd med Prosedyrar for konsultasjonar mellom statelege styresmakter og Sametinget.
Prosessen med endring av organisering av reindriftsforvaltninga har teke lenger tid enn venta. Av den grunn vil ikkje endringane med ei avvikling av områdestyra og overføring av områdekontora til fylkesmannen tre i kraft før i løpet av 2013. Budsjettendringane som følgjer av endringane vil ikkje komme før i 2014.
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Statens reindriftsforvaltning. Statens reindriftsforvaltning er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Forvaltninga har ei sentral rolle i gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgivande rolle. Tilrettelegging og aktiv arbeid for at måla i reindriftspolitikken blir nådde står òg sentralt. Statens reindriftsforvaltning forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen, og er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret.
Rapportering 2011
Ved utgangen av 2011 hadde Reindriftsforvaltninga 53 tilsette. Av desse var 22 personar tilsette ved forvaltninga sitt hovudkontor i Alta. Av dei tilsette var det 26 kvinner og 27 menn.
I 2011 har hovudoppgåva for forvaltninga vore å få godkjent bruksreglane for alle distrikta. Ved utgangen av 2011 hadde alle sommar- og heilårsdistrikt fått godkjent bruksreglane sine. Dette gjeld både beitebruksreglane og talet på rein for den enkelte siidaen. I tillegg har vestre sone i Vest-Finnmark reinbeiteområde fått godkjent bruksreglane sine for vår-, haust- og vinterbeite. Det same gjeld distrikt 17 i Aust-Finnmark reinbeiteområde. Forvaltninga har delteke i arbeidet med ei ny erstatningsordning for rein som blir tekne av rovdyr. Forvaltninga har vidare lagt til rette for at Fylkesmannen kan få eit betre og meir effektivt grunnlag for erstatningsutbetalingane.
Det er gjennomført møte i dei områdevise beredskapsutvala. Forvaltninga har starta eit arbeid for ein gjennomgang av mandatet for dei områdevise beredskapsutvala, inkludert kva for oppgåver utvala skal ha.
Det er gjennomført ei oppdatering av reindrifta sine arealbrukskart for dei tre områda som ligg lengst sør. Ei oppdatering av arealbrukskarta er ein føresetnad for ei verdiklassifisering av dei areala reindrifta nyttar. Det er òg gjennomført møte med fleire offentlege institusjonar med sikte på å gjere desse kjende med reindrifta sitt behov for areal. Ein stor del av områdekontora si tid går til oppfølging av planprosessar i kommunar. For å auke kompetansen om gjeldande regelverk, er det gjennomført fleire seminar om plan- og bygningslova for reinbeitedistrikt i fleire av områda. I samanheng med behandlinga av konsesjonssøknader om vindkraftutbyggingar, har forvaltninga utført 5 tematiske konfliktvurderingar.
Forvaltninga er sekretariat for Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt. Aktiviteten i dette utvalet har vore større enn først tenkt. Dette skuldast fleire forhold, blant anna ein vanskeleg marknadssituasjon for reinsdyrkjøtt dei siste åra og manglande planmessig marknadsarbeid over fleire år.
For at den årlege tilskottsbehandlinga skal vere i samsvar med økonomiregelverket i staten, er det gjennomført kontroll med om lag 5 pst. av dei behandla søknadane om tilskott og utbetalingar i 2010. Det er òg etablert rutinar i datasystemet Grunnmur for kontroll av dei tala som er oppgitt av den enkelte siidaandelen og dei tala som blir oversende frå Skatteetaten.
Budsjettframlegg 2013
Posten skal dekke Statens reindriftsforvaltning sine driftsutgifter.
Med bakgrunn i at prosessen med endringar i forvaltning av reindrifta vil skje i 2013, vil sjølve overføringa av midlar frå kapittel 1147 til 1510 bli gjennomført først i 2014. Dette medfører at Fylkesmannen sine utgifter blir dekte over kapittel 1147 i 2013.
Reindriftslova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane på beiteareala, og at tilgangen til og bruken av desse må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Godkjente bruksreglar vil utgjere fundamentet i ressursforvaltninga framover og vere ein føresetnad for at ei rekke av reglane etter lova skal komme til bruk. I dei tilfella der distrikta ikkje følgjer opp i samsvar med godkjente bruksreglar, skal forvaltninga setje inn tiltak.
I dei siste åra har enkelte distrikt i fleire reinbeiteområde hatt ein låg produksjon. I Finnmark indikerar det høge talet på rein i enkelte område at ressurssituasjonen her framleis er kritisk. Høge tap til rovdyr, sjukdom og vedvarande dårlege klimatiske vilkår på vinterbeite er andre årsaker til den låge produksjonen. Det er nødvendig med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta og om samspelet mellom desse. Det er derfor viktig at forvaltninga hjelper aktivt til med å auke kunnskapsgrunnlaget om tapa. Vidare er det viktig å halde fram arbeidet med å stimulere til auka slakting og til ein reduksjon av talet på rein i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata, mellom anna om beiteforhold og slaktevekter.
Forvaltninga skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med reindrifta sine behov for samanhengande areal og konsekvensane av ulike tiltak innanfor reinbeiteland for reindrifta. Vidare skal forvaltninga arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
Forvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar for endringar av lover og forskrifter som styrar arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse rundt det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane.
Forvaltninga skal ferdigstille arbeidet med å få oppdatert og digitalisert reindriftskarta og gjere karta lett tilgjengelege på internett.
I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilde område ved vindkraftutbygging, skal Statens reindriftsforvaltning fortløpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering knytt til reindrift av melde og omsøkte vindkraftprosjekt.
Forhandlingane med Sverige om ein ny reinbeitekonvensjon er sluttførte. Konvensjonen har vore på høyring. Statens reindriftsforvaltning skal hjelpe til med effektuering av den nye konvensjonen.
Det blir forhandla om ein ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland. Statens reindriftsforvaltning skal legge til rette og hjelpe til under forhandlingane om ein ny konvensjon, og ved ein eventuell effektuering av ny konvensjon i 2013.
Forvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta, og skal stimulere næringa til auka produksjon og produksjonsoptimalisering. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal forvaltninga bidra til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga, i nært samarbeid med Innovasjon Noreg, arbeide for at verkemidla frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) og det nye Reinprogrammet blir sette i samanheng med kvarandre, slik at den samla effekten blir størst mogeleg. Ei viktig oppgåve for forvaltninga er å skape heilskap og samspel i verdikjeda. Det er derfor nødvendig å prioritere fellestiltak i reindrifta framover. Forvaltninga skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og legge til rette for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta.
Statens reindriftsforvaltning er sekretariat for Reindrifta sitt marknadsutval. Forvaltninga skal sikre at møta i utvalet blir gjennomførte og følgje opp bruken av midlane.
Forvaltninga skal bidra til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt, trygt og nytta systematisk for å oppnå høgare verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmaterialet skal liggje føre både på norsk og nordsamisk. Forvaltninga skal føre vidare arbeidet med å legge til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det bli sett inn tiltak.
Statens reindriftsforvaltning skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forholdet til andre næringsinteresser. Forvaltninga skal òg bidra til at forskingsmidlane blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Forvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om ansvarsområda sine overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.
Dokumentasjon og formidling av reindrifta sin arealbruk og rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, Statens reindriftsforvaltning og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er særleg viktig i arbeidet med å fastsetje dei påkravde vilkåra i reindrifta.
Forvaltninga skal arbeide aktivt for å profilere reindrifta sine positive sider og legge til rette for ein betre kunnskap om reindrifta i Noreg.
Statens reindriftsforvaltning skal vere ei verksemd som utnyttar ressursane sine på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgiving sikrar brukarane effektive tenester. Forvaltninga skal halde fram med vidareutvikling og forbetring av IKT-system, HMS, einsarta forvaltning, personal- og lønnspolitikk, arbeidsmiljø, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling og interne driftsoppgåver. Når det gjeld kompetanseoppbygging, skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 44,203 mill. kroner for 2013.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekke utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. I tillegg skal posten dekke utgiftene til effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen.
Rapportering 2011
Forvaltninga har følgt opp sitt vedlikehaldsansvar for gjerder mot Sverige og Finland.
I samanheng med Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med å legge til rette for reindrift i dei områda reindrifta ikkje er tilkjent beiterett i Rørosregionen, har forvaltninga oppført gjerde langs dei traseane som har vore avklart med grunneigarane.
Budsjettframlegg 2013
Forvaltninga skal sikre at Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland blir ivaretekne. Vidare skal posten dekke eventuelle erstatningskrav frå finske styringsmakter for norsk rein som har kryssa grensa til Finland. Forvaltninga skal òg sluttføre oppføringa av gjerda i samsvar med reinbeiteavtalane i Rørosregionen.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 7,118 mill. kroner for 2013.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.
Rapportering 2011
Det er gitt tilskott til alle fjellstovene.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 725.000 kroner i 2013.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Formål med løyvinga
Utfordringa med å nå målet om ei berekraftig reindrift har vore og er størst i Finnmark. Formålet med løyvinga til omstillingstiltak i Indre Finnmark er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å legge til rette for ei berekraftig reindrift i Finnmark.
Dei siste åra har løyvinga blant anna dekt utgiftene til forlenga omstillingslønn. Det har vist seg vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å bidra til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet og for å hindre at dei tek opp igjen reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til ordinær pensjonsalder etter folketrygdlovgivinga. Føresetnaden for å komme inn under ordninga er at vedkommande si driftseining blir avvikla.
Reindrifta har store tap, og det er ein stor skilnad mellom det som det blir søkt om og det som blir erstatta som tap av rein til rovdyr. Dette har ført til auka konflikt mellom næringa og styresmaktene om tapsårsaker. Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Norsk institutt for naturforskning (NINA) gjennomfører eit prosjekt i perioden 2008-2012 for auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta. Departementet sin del i dette prosjektet blir dekt over denne posten.
I tillegg har formålet med løyvinga vore å dekke ei rekke tiltak for å følgje opp reindriftslova av 2007, og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.
Rapportering 2011
Det er utebetalt i underkant av 700 000 kroner til forlenga omstillingslønn i 2011.
Reindriftsstyret har i 2011 prioritert arbeidet med bruksreglar, og gjennomført fleire møter enn vanlig. Det er gjennomført 9 møter i Reindriftsstyret med Reindriftsforvaltninga som sekretariat.
Det er gjennomført offentlege teljingar av rein i to distrikt i Aust-Finnmark reinbeiteområde og fire distrikt i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Der det er avdekka underrapportering er det sett i verk økonomiske tiltak.
Det er betalt 1,825 mill. kroner til NINA for å dekke departementet sin del av prosjektet for auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 9,198 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark. Av den samla løyvinga gjer departementet framlegg om at inntil 0,5 mill. kroner kan dekke utgiftene til forlenga omstillingslønn.
Utfordringa med å følgje opp godkjende bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursen, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir oppnådd. Det krev ekstra innsats å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reindriftslova sine reglar, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal legge til rette for fellestiltak for ein betre infrastruktur og at ein framleis stimulerar aktivt til auka slakting og omsetning av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansiert over denne posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det einskilde distriktet og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.
Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølging av godkjende bruksreglar, skal forvaltninga telje rein. Utgifter til teljing av rein i Finnmark blir dekte over denne posten.
Reindrifta har betydelege tap. Differansen mellom omsøkt og erstatta rovdyrtap er særleg stor i Finnmark, og den har auka konfliktnivået mellom styresmaktene og næringa. Utgifter til å framskaffe ny kunnskap om auka produksjon og tapsårsaker blir dekte over denne posten.
Som et ledd i arbeidet med å få synleggjort reindrifta sin bruk av areal er utbetringar av eksisterande arealkart påkravd. Vidare er ei utbetring nødvendig ved ei verdiklassifisering av areala. Arbeidet må vidare sjåast i samanheng med distrikta sitt arbeid med bruksreglar og distriktsplanar. Utgifter til digitalisering av kart i Finnmark blir dekte over denne posten.
Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir dekte direkte innanfor løyvingane til drift av Reindriftsforvaltninga. For å kunne oppfylle krava om fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekke nokre utviklings- og utgreiingskostnader, samt nokre kostnader for auka kompetanse internt i forvaltninga på denne posten. Det same gjeld evalueringar og kostnader til vidareutvikling og betring av forvaltninga sitt IKT-system.
Post 82 Radioaktivitetstiltak
Formål med løyvinga
Staten sitt ansvar for å dekke kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Rapportering 2011
Forbruket på posten varierar etter behova for tiltak. I år med mykje sopp aukar behovet. I 2011 har det vore behov for færre tiltak enn først antatt. Posten har i 2011 òg dekka kostnadene til nye målingar gjennomførte av Norsk Geologisk Undersøkelse (NGU) og Statens strålevern i Jotunheimen.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2013.
Kap. 4147 Statens reindriftsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Refusjonar m.m. | 740 | 37 | 38 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 161 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 278 | ||
Sum kap. 4147 | 1 179 | 37 | 38 |
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving | 95 008 | 150 000 | 117 200 |
Sum kap. 1148 | 95 008 | 150 000 | 117 200 |
Post 71 Naturskade, erstatningar
Formål med løyvinga
Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.
Rapportering 2011
I 2011 blei det behandla 1 671 krav om erstatning med samla skadetakst på 150,3 mill. kroner. Samla utgjorde utbetalingane 89,9 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 5,1 mill. kroner til dekking av takseringskostnader og FoU-tiltak. I 2011 blei det meldt om lag 3 000 nye naturskadar. Skadane skreiv seg frå ei lang rekke større og mindre hendingar over store delar av landet. Dei mest omfattande hendingane var flaumen i Oppland/Hedmark, flaumen i Sør-Trøndelag og stormane Berit og Dagmar som særleg gjorde stor skade langs kysten frå Vestlandet og nordover. Mange av skadane som oppstod i 2011 kom ikkje inn til styret for behandling før i 2012. Grunna dei mange sakene som måtte behandlast i 2012 blei det over ordninga finansiert ekstrahjelp i SLF tilsvarande eit halvt årsverk.
Budsjettframlegg 2013
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremver dette hundreåret. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover. Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekker erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering mellom anna av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.
Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalte etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.
Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.
Etter naturskadelova kan det bli sett som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner per sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga skal dekke innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.
Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 117,2 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 52 mill. kroner for 2013, jf. Tabell 2.7 og forslag til vedtak IV.
Tabell 2.7 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2013
(mill. kroner) | ||
---|---|---|
Ansvar per 1.1.2012 | 91,4 | |
+ | Forventa tilsegn i 2012 | 157,3 |
= | Sum | 248,7 |
- | Forventa erstatningsutbetalingar 2012 | 162,9 |
= | Ansvar per 31.12.2012 | 85,8 |
+ | FoU-tilskott, takseringskostnader mv. | 7,0 |
+ | Forventa nye tilsegn i 2013 | 76,5 |
= | Sum | 169,2 |
Forslag til løyving i 2013 | 117,2 | |
Tilsegnfullmakt i 2013 | 52,0 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 271 | 3 271 | 3 379 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 83 810 | 69 977 | 2 286 |
72 | Tilskott til auka bruk av tre, kan overførast | 28 000 | ||
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 42 000 | ||
Sum kap. 1149 | 87 081 | 73 248 | 75 665 |
Post 51 Tilskott til utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Bakgrunnen for opprettinga av Utviklingsfondet for skogbruket var ein avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets arbeidsgiverforening om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.
Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Fondet skal støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Statens landbruksforvaltning (SLF) tok i 2011 over som sekretær for fondet etter Noregs Forskingsråd.
Rapportering 2011
I 2011 blei det gitt tilskott på 3,906 mill. kroner til åtte prosjekt og tre reisestipend.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,3 mill. kroner for 2013. Midlane frå fondet vil i første rekke bli retta mot brukarretta forskings- og utviklingsverksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket
Formål med løyvinga
Ein hensiktsmessig infrastruktur, frå skog til industri og vidare til marknadane, er avgjerande for skogsektoren sine moglegheiter til å drive konkurransedyktig næringsverksemd og på denne måten vidareføre sektoren sin posisjon som viktig næring for distrikta og landet. Regjeringa sine målsetjingar for å utvikle skogen sine positive nærings-, energi- og klimabidrag, føreset at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønnsamt blir teke aktivt i bruk, både med omsyn til auka hogst av hogstmoden skog og hausting av biobrensle og til oppbygging av ny skog. For å kunne utnytte desse ressursane, er det nødvendig å modernisere og utvikle dagens infrastruktur vidare.
Rapportering 2011
Departementet legg til rette for verdiskaping i skogbruket, mellom anna gjennom tilskott til ulike verdiskapingstiltak over statsbudsjettet, tilskott til nærings- og miljøtiltak og tilskott til skogbruksplanlegging over jordbruksavtalen, og skogfondsordninga. For 2011 ble det løyvd 62,5 mill. kroner til verdiskaping- og klimatiltak i skogbruket.
Frå 2013 vil departementet opprette to nye postar under kapittel 1149. Post 71 vil frå 2013 omfatte tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket. Det blir samstundes oppretta ein ny post 72 for tilskott til auka bruk av tre, og ein ny post 73 for andre skog, klima og energitiltak.
Trebasert Innovasjonsprogram
Det viktigaste området i 2011 var utvikling av nye løysingar for bygg og utvikling av leverandørar i byggmarknaden. Nye konsept for landbruksbygg, samferdsle, forretningsbygg, nye energiløysingar i husvære, høghus og massivtre er dei viktigaste områda. Potensialet for auka bruk av tre er vurdert å vere størst innan desse segmenta. 80 pst av prosjekta var bedriftsretta, noko som er i tråd med måla for programmet.
Løyvinga for programmet var på 18 mill. kroner i 2011. I tillegg blei det overført om lag 20 mill. kroner frå det tidlegare Treprogrammet. Det blei gitt tilskott til 58 prosjekt med eit totalt beløp på 30,2 mill. kroner.
Programmet har i 2011 halde fram med å utvikle det regionale nettverket av drivarar. Saman med næringa og det regionale partnarskapet er det no etablert drivarfunksjonar for treområdet i 13 fylke fordelt på 8 regionar. Programmet bidreg til å koordinere drivarane og med nødvendig fagleg støtte. Drivarane arbeider med å stimulere trebedrifter til å tenkje nytt og utvikle seg vidare. Samarbeidet mellom dei regionale drivarane er vidareutvikla i i 2011.
Samarbeidet mellom Trebasert innovasjonsprogram og Noregs forskingsråd (NFR) sitt program Natur og næring er ført vidare, mellom anna gjennom koordinering av søknadar mellom dei to institusjonane. Dette har blitt ein effektiv og god arena for å samordne verksemda. Prosjekta blir i tillegg koordinerte med Skogtiltaksfondet, Utviklingsfondet for skogbruket og skogbruket sitt verdiskapingsfond. Programmet har òg eit samarbeid med NFR om kva for område det skal satsast på i programutlysingar.
Arbeidet med å gjere programmet betre kjent er vidareført i 2011, og saman med Landbruks- og matdepartementet har innovative prosjekt som er gjennomført innan trebransjen blitt presenterte i media.
Kvinner er generelt dårleg representerte i trenæringa. Talet på kvinner i prosjekta aukar, men ligg endå lågt i forhold til gjennomsnittet for alle prosjekta i Innovasjon Noreg (IN).
Programmet blei i 2011 evaluert av Econ Pöyry. Evalueringa konkluderar med at programmet reelt sett er med på å auke bruken av tre og bidreg til nyskaping. Ein annan viktig konklusjon er at så lenge det er eit politisk mål å auke bruken av tre som materiale, er ei vidareføring av Trebasert innovasjonsprogram eit hensiktsmessig tiltak.
Tilskott til infrastruktur og andre verdiskapingstiltak i skogbruket
Det blei i 2011 utbetalt 2,9 mill. kroner til infrastrukturtiltak i 2011. Løyvinga er gått til eit pilotprosjekt for bygging av ei tømmerkai i Nord-Noreg.
Norsk Pyntegrønt Forsøksring, frå 2012 Norsk Juletre, blei gitt ei eingongsløyving på 0,5 mill. kroner. Produksjon av juletre er ein viktig del av næringsverksemda i landbruket.
Andre skog, klima- og energitiltak
Det blei løyvd 3,5 mill. kroner til Skogfrøverket sitt arbeid med skogplanteforedling og drift av frøplantasjar. Om lag 1,2 mill. kroner av dette gjekk til langsiktige foredlingsoppgåver i samarbeid med Norsk institutt for skog og landskap. Resten av løyvinga har gått til å styrkje kapasiteten ved Skogfrøverket for gjennomføring av praktiske oppgåver i skogplanteforedlinga.
Det blei i 2011 løyvd 500 000 kroner til prosjektet Økt utnyttelse av skogens biomasse – Forest Power i 2011. Dette er eit norsk-svensk-finsk interregprosjekt i Bothnia-Atlantica-programmet som skal bidra til å auke mengda fornybar energi frå skogen i dei nordlegaste delane av deltakarlanda.
Som oppfølging av regjeringa sin bioenergistrategi frå 2008, la Landbruks- og matdepartementet eit pilotprosjekt for bioenergi til fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Departementet har gitt tilsegn om totalt 2 mill. kroner til formålet. Prosjektet Biostigen har fått utsett sluttdato til 1. november 2012. Det blei utbetalt om lag 420 000 kroner over kap. 1149 post 71, og 500 000 kroner over kap. 1150 post 50, til prosjektet i 2011. Det er gjennomført ei rekke forsøk på mellom anna effektiv hogst og hausting av energivirke og GROT (hogstavfall), og tørking av råstoff. Det er òg arrangert fagsamlingar og skogdagar for kunnskapsinnhenting og informasjonsformidling.
Ordninga for tilskott til uttak av skogsråstoff til bioenergi fekk i 2011 ei løyving på 29 mill. kroner. Heile løyvinga blei nytta. Det var òg stor etterspørsel etter midlar til flisproduksjon i 2011, og i løpet av tre år har produksjonen auka frå rundt 60 000 til 824 000 lauskubikkmeter. Dette svarar til omlag 700 mill. kWh. Rundt 79 pst av tilskotta har gått til uttak av trevirke frå kulturlandskap, vegkantrydding og lauvskoghogst. Det har vore ein auke i aktiviteten på alle tilskottsområda samanlikna med situasjonen i 2010. Uttak av virke frå førstegangstynning heiltre og GROT har auka mest. Volumet av flis som er produsert som følgje av tilskotta, svarar til behovet for varme til ca 70 000 husstandar og kan erstatte 74 mill. liter fyringsolje. Dette gir ein potensiell reduksjon av utslepp på 196 000 tonn CO2. Ordninga har hatt positiv effekt på sysselsetjinga av skogsmaskinentreprenørar. Frå 2010 til 2011 var det ein auke i tilskottet til GROT på over 40 pst., noko som er ei utvikling i ønska retning.
Det første halvanna året gjekk over 50 pst av skogsflisa til Sverige, men seinare har ein aukande del gått til norske anlegg. Om lag 40 pst., eller om lag 320 000 lauskubikkmeter, blei eksportert i 2011. Sikre leveransar av råstoff gjer at norske aktørar svarar med å bygge ut nye biovarmeanlegg. Denne utviklinga er viktig for å kunne bygge opp kompetanse på og erfaring med effektiv handtering av råstoffet og å sikre investering i ny infrastruktur og anna driftsutstyr. Etablering av fleire anlegg inneber òg at ein går i rett retning når det gjeld målet om å skape balanserte verdikjeder og velfungerande marknadar for bioenergi. Det er sett i verk aktivitet i nesten alle fylke, men hovudkonsentrasjonen har vore i dei sentrale skogstrøka på austlandet og i Troms.
Det blei løyvd 7 mill. kroner til andre bioenergitiltak i 2011. Desse midlane gjekk til Innovasjon Noreg for å styrkje aktivitetane under Bioenergiprogrammet. Investeringsstøtte til flisproduksjonsutstyr var her eit prioritert område, med ein prioritering av støtte til lagertak for flis.
Budsjettframlegg 2013
Statens landbruksforvaltning forvaltar ordninga for tilskott til infrastrukturtiltak. Det skal bli gitt tilskott med heimel i forskrift om transporttilskott i skogbruket. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,286 mill. kroner for 2013.
Post 72 Tilskott til auka bruk av tre
Formål med løyvinga
Departementet gjer framlegg om å opprette ein ny post 72 under kapittel 1149 frå 2013. Posten omfattar tilskott til auka bruk av tre. Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen held fram auka bruk av tre som eit politisk mål. Dette er grunna god tilgang på ressursar, tydinga for lokal, regional og nasjonal næringsverksemd og at det er eit av fleire tiltak som kan redusere den samla klimabelastninga. Målet om auka bruk av tre blir understøtta i Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk og Meld. St. 28 (2011-2012) Gode bygg for eit betre samfunn.
Om tre i aukande grad skal brukast i byar og tettstadar, er det behov for auka produktutvikling som gjer det rasjonelt og sikkert å bygge trehus i fleire etasjar. Slik bruk av tre krev utvikling av nye industrielle løysingar. Det er òg grunn til å peike på at det framover er eit stort behov for nye landbruksbygg. Det er eit stort potensial for bruk av tre i slike bygg. Utvikling av konkurransedyktige løysingar på dette området kan gi auka verdiskaping og miljø- og energigevinstar. Ògså innan samferdsle og bygg til næringsbygg er det eit stort potensiale for å auke bruken av tre.
Endringar og strengare krav i forskrifter knytt til tekniske løysingar og energikrav, gjer at det er eit stort behov for utvikling og tilpassing av treløysingar til desse endringane.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 28 mill. kroner til auka bruk av tre.
Trebasert Innovasjonsprogram
Hovudmålsetjingane for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå måla er det behov for å finne og utvikle talent som kan utnytte moglegheiter og gjennom dette bidra til innovasjon. Ein føresetnad for god måloppnåing er at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiane som ligg til grunn for arbeidet er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og bidra til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet knytt til innovasjon i skog- og trenæringa.
Trebasert innovasjonsprogram har sidan etableringa i 2006 bygd opp under næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar, og er eit viktig element i departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket. Marknadsføring av miljøeigenskapane til trevirke er ein viktig del av innhaldet i programmet.
Landbruks- og matdepartementet ser det som viktig at programmet bidreg til å styrkje kompetansen når det gjeld bruk av tre i relevant høgare utdanning, og legg til rette for samhandling mellom utdanningsinstitusjonane og næringa.
I Meld. St. 9 (2011-2012) blei det føreslått å etablere ein pris for framifrå og nyskapande bruk av tre. Trebasert Innovasjonsprogram fekk oppdraget med å administrere denne prisen. Prisen skal delast ut årleg, og skal honorere prosjekt og miljø som med verksemda si bidreg til å auke merksemda om bruk av tre som eit moderne, miljøvenleg byggemateriale.
Strategi for auka bruk av tre i offentlege bygg
Staten, fylkeskommunen og kommunen bør som utbyggjarar bidra til klimavenlege bygg, både når det gjeld val av material og bruk av energi. Departementet har derfor gitt Statsbygg i oppdrag å greie ut moglegheitene for auka bruk av tre i offentlege bygg. Arbeidet starta i juni 2012 og skal vere ferdig 1. mars 2013. Utgreiinga skal ta for seg korleis staten kan bidra til auka bruk av tre i eigne utbyggingsprosjekt, og korleis staten kan bidra til å auke merksemda om dei miljømessige fordelane trevirke har. Arbeidet vil i tillegg til Meld. St. 9 (2011-2012) bygge på innovasjonsmeldinga St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge, staten sin arkitekturstrategi Arkitektur.nå, Meld. St 21 (2011-2012) og Meld. St. 28 (2011-2012).
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak
Formål med løyvinga
Departementet gjer framlegg om å opprette ein ny post 73 under kapittel 1149 frå 2013. Posten omfattar tiltak som bidreg til å styrkje skogen si rolle i klimasamanheng. Desse tiltaka vil og bidra til verdiskaping i skogbruket.
I St.meld. nr. 39 (2008-2009) og i Meld. St. 21 (2011-2012), er skogen si rolle i klimasamanheng grundig drøfta. Skogen har eit årleg opptak av CO2 som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar. I Meld. St. 21 (2011-2012) legg regjeringa opp til å føre ein aktiv berekraftig skogpolitikk gjennom tiltak som skal bidra til å auke karbonlageret i skogen. Samstundes skal skogressursane bli nytta til å produsere meir fornybar energi og byggematerial av tre for å redusere utsleppa av klimagassar. Skogtiltak er blant dei mest kostnadseffektive klimatiltaka, og har samstundes ein positiv næringsmessig effekt.
Budsjettframlegg 2013
I Meld. St. 21 (2011-2012) legg regjeringa fram ei rekke tiltak for auka opptak av CO2 i skog, og framhevar moglegheitene for å redusere utslepp frå fossilt brensel ved overgang til fornybar energi som til dømes bioenergi. Dette er i tråd med signala i departementet si klimamelding, jf. St.meld. nr. 39 (2008-2009). Skogplanteforedling og auka produksjon av skogråstoff til bioenergi er sentrale tiltak i skog- og klimapolitikken.
Planteforedling av skogstre har eit stort potensial for å auke opptaket av CO2 i skog. Det er mogleg å auke foredlingsgevinsten i form av volumtilvekst frå eit nivå på 10-15 pst. i dag til ein gevinst på 20 pst. eller meir innan 20-30 år. Foredlingsgevinsten og større dekning av foredla frø vil ha direkte innverknad på framtidig opptak av CO2 i norske skogar. Det norske Skogfrøverk skal sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Frøforsyning i tilstrekkeleg mengd og av god nok kvalitet er viktig for oppbygginga av ny skog i Noreg. Skogfrøverket har førebudd arbeidet med nødvendig fornying av skogfrøplantasjar etablert på 1960/70-talet gjennom etablering av 2. generasjon frøplantasjar basert på det beste materialet frå plantasjane. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Departementet ønskjer derfor å vidareføre arbeidet med langsiktig skogplanteforedling.
Løyvinga til skogsflisordninga har dei tre siste åra lege på rundt 30 mill. kroner. Departementet føreslår å vidareføre ordninga i 2013. Etterspørselen etter midlar er stor, og ordninga gir gode resultat, jf. rapporteringa for 2011. I Meld. St. 9 (2011-2012) går det fram at regjeringa vil betre insentiva til uttak av råstoff frå skogen til bioenergi, med vekt på skogsavfall.
Løyvinga til investeringsstøtte til flisproduksjonsutstyr som Innovasjon Noreg forvaltar, må sjåast i samanheng med energiflisordninga. Ein auke i flisproduksjonen krev meir flisproduksjonsutstyr. Den siste tida har Innovasjon Noreg prioritert lagertak for flis, og slike investeringar er viktige for å sikre god kvalitet på skogsflis.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 42 mill. kroner til skog-, klima- og energitiltak. Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til skogbruk og bioenergi under Landbrukets Utviklingsfond (LUF) i kap. 1150 post 50, og løyving av forvaltningsmidlar til Det norske Skogfrøverk jf. kap. 1139 post 71.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
01 | Driftsutgifter, utreiingar og evalueringar | 2 500 | ||
50 | Fondsavsetningar | 1 197 209 | 1 038 653 | 1 433 653 |
70 | Marknadsregulering, kan overførast | 186 078 | 190 900 | 209 400 |
71 | Tilskott til erstatningar mv., overslagsløyving | 22 715 | 70 000 | 40 000 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 2 152 363 | 2 290 100 | 2 338 900 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 7 780 621 | 8 351 319 | 8 341 500 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 211 442 | 233 526 | 235 590 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 691 457 | 1 584 604 | 1 608 854 |
Sum kap. 1150 | 13 241 885 | 13 759 102 | 14 210 397 |
Formål med løyvingane
Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetning innanfor jordbruket.
For mange av postane er det underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit auka behov for midlar på ein underpost samanlikna med budsjettet kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på same post.
Formål med løyvingane
Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken.
I Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken som blei lagt fram for Stortinget den 2.12.2011, utforma departementet ein revidert målstruktur. Stortinget behandla meldinga i Innst. 234 S (2011-2012), som blei avgitt 27.03.2012, og slutta seg til regjeringa sine forslag til hovudmål. For ei nærmare omtale av måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode, sjå òg innleiinga, omtalen under kat. 15.30 i denne proposisjonen, samt kap. 7 i Prop. 122 S (2011-2012) Jordbruksoppgjøret 2012.
Klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå generelt, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon både på små og større bruk over heile landet og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir noko fullgod informasjon.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapitlet. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på enkelte ordningar. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Det er behov for tilpassingar når det gjeld normal prosedyre for tilskottforvaltning. I dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150 postane 70 og 73, i nokon grad òg under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetningsledd vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalte via eit omsetningsledd avvik òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir derfor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og velferdsordningar
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane består i hovudsak av refusjon av utgifter til avløysing. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Statens landbruksforvaltning (SLF) og direkte til ein felles mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Den auka godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Forvaltning
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til SLF. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kapittel 1143, og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. Frå 2013 er det gjort framlegg om ei løyving på ein ny post 01 på kap. 1150 som skal dekke kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper og evalueringar. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, kan det likevel fortsett vere aktuelt å trekke nokre uviklings- og utgreiingskostnader på enkelte av tilskottsordningane.
På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, skal tildele tilskottsmidlar, mens SLF er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
SLF stiller krav om at fylkesmannen kvart år skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre forvaltningskontroll av kommunar, samt utføre føretakskontroll.
Rapportering 2011
Dei fire overordna måla for norsk landbruks- og matpolitikk er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Ved sidan av å produsere varer og tenester for ein marknad, er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekke fellesgode, dvs. gode som ikkje kan omsettast i ein marknad. Dei fire hovudmåla blir nådd gjennom at landbruket produserer ein kombinasjon av fellesgode, og andre varer og tenester.
Mål vil i stor grad verke inn på kvarandre gjennom å vere samanfallande og forsterke kvarandre, eller vere motstridande på kort eller lang sikt. For å oppnå dei overordna måla for politikken, er mange dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapittelet. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken, som omtalt mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad òg for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett. For denne resultatrapporteringa, sjå del III.
For nokre av ordningane, som mellom anna for post 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF), er det laga ein eigen resultatrapport i postomtalen.
Jordbruksoppgjeret 2012
Jordbruket sitt forhandlingsutval braut i år forhandlingane på grunnlag av staten sitt tilbod. Det var derfor staten sitt tilbod som blei lagt fram for Stortinget, og som er lagt til grunn for ein teknisk jordbruksavtale for 2012-2013. Denne er basert på dei prinsippa som er trekte opp i Stortinget si handsaming av Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken, jf. Innst. 234 S (2011-2012), Stortinget si handsaming av Prop. 122 S (2011-2012) Jordbruksoppgjeret 2012 og regjeringa si Soria Moria-erklæring.
Jordbruksavtalen 2012-2013 omfattar målprisane for perioden 1.7.2012 til 30.6.2013 samt tilskott som blir utbetalte i 2013. Det blei i samsvar med framlegg i proposisjonen om jordbruksoppgjeret gjort omdisponeringar av tidlegare løyvde midlar i 2012. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremme fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Jordbruksoppgjeret og grunnlaget for den tekniske jordbruksavtalen for 2012-2013 blei lagt fram for Stortinget i Prop. 122 S (2011-2012) og behandla i Stortinget den 14.6.2012, jf. Innst. 392 S (2011-2012). I denne behandlinga gjorde Stortinget òg eit vedtak som ga Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å sette i verk tiltak som er knytt til løyvingar i 2013.
Budsjettframlegg 2013
Budsjettframlegget for 2013 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 451 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2012, frå om lag 13,759 mrd. kroner til om lag 14,210 mrd. kroner. Postane 50, 70, 74, 77 og 78 kan òg nyttast til utgifter av utviklings- og utgreiingsart under kap. 1143 post 01.
Auken i 2013 er sett saman av følgjande forhold:
516 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret
65 mill. kroner i reduserte tilskott som følgje av volumendringar på overslagsløyvingane (post 71 og post 73).
Post 01 Driftskostnader, utgreiingar og evalueringar
Formål med løyvinga
I samband med jordbruksforhandlingane blir det ofte vedteke evalueringar eller sett ned arbeidsgrupper som skal utgreie meir samansette problemstillingar som ikkje er kopla til ei konkret tilskottsordning. Departementet gjer framlegg om å etablere ein eigen post for administrative kostnader til slike oppdrag. Posten er ny frå 2013.
Budsjettframlegg 2013
I 2013 vil ein ha administrative kostnader med å følgje opp fleire av forslaga om utgreiingar som er fremma i til dømes Meld. St. 9 (2011-2012), og som Stortinget har slutta seg til. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2013.
Post 50 Fondsavsetningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50.11 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 1 182 209 | 1 038 653 | 1 433 653 |
50.12 | Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon | 15 000 | ||
Sum post 50 | 1 197 209 | 1 038 653 | 1 433 653 |
Formål med løyvinga
I tråd med Landbrukets Utviklingsfond (LUF) sine vedtekter kan fondsmidla nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og å bygge ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytt til næringsutviklings- og miljøtiltak, irekna tilskottsordningar, tidsavgrensa program, samt utviklingsmidlar. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekte over fondet. Strategien til Landbruks- og matdepartementet Ta landet i bruk! frå 2007, har vore førande for arbeidet med landbruksbasert næringsutvikling. Alle fylke har òg utvikla eigne strategiar for arbeidet med næringsutvikling i tilknyting til landbruket.
Rapportering 2011
Landbrukets Utviklingsfond finansierer ei rekke verkemiddel som skal bidra til næringsutvikling i landbruket. Midlane er viktige for å nå målsetjinga om å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet.
Etterspørselen etter investeringsverkemiddel i landbruket er framleis stor i høve til disponibel ramme, og det er derfor nødvendig å gjere prioriteringar. Mange av søknadane gjeld midlar til oppgradering av eksisterande driftsapparat for å imøtekomme nye krav til driftsbygningar og dyrevelferd, men det er òg stor interesse for midlar til utvikling av nye næringar. Departementet viser til Prop. 122 S Jordbruksoppgjøret 2012 – endringer i statsbudsjettet for 2012 m.m. for ei grundigare omtale av dei enkelte ordningane.
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar)
Føremålet med BU-midlane er å legge til rette for langsiktig og lønnsam verdiskaping samt desentralisert busetjing, med utgangspunkt i landbrukets ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt. Dei fylkesvise BU-midlane har eit todelt føremål. Dei skal bidra både til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommen, og til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket.
Forvaltningsansvaret ligg på regionalt nivå og er delt mellom Innovasjon Noreg og Fylkesmannen. Det er Innovasjon Noreg som forvaltar dei bedriftsretta midlane, og Fylkesmannen som forvaltar midlane til utviklings- og tilretteleggingstiltak. Midlane blir forvalta i samsvar med forskrift om midlar til bygdeutvikling.
Dei bedriftsretta midlane under BU-ordninga blei evaluerte av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Norsk senter for Bygdeforskning i 2010. Evalueringa konkluderte med at BU-ordninga er eit treffsikkert verkemiddel for å stimulere til investeringar i landbruket. BU-midlene blei òg vurdert i Econ Pöyry m.fl. sin evaluering av Innovasjon Noreg i 2010. I Meld. St. 22 (2011-2012) Verktøy for vekst- om Innovasjon Norge og SIVA slår Regjeringa fast at Innovasjon Noreg framleis skal forvalte dei bedriftsretta BU-midlane.
I 2011 blei det løyvd til saman 444,5 mill. kroner i BU-midlar ekskl. rentestøtte og administrasjonskostnader til fylka. Tabell 2.8 gir ei oversikt over dei fylkesvise BU-midlane i 2011. Ordninga med lokal forvaltning av BU-midlar i Valdres og Nord-Gudbrandsdalen er finansiert innanfor den ordinære ramma for fylkesvise BU-midlar. I 2011 gav Innovasjon Noreg støtte til 1 421 bedriftsretta tiltak. Avslagsprosenten hos Innovasjon Noreg i 2011 for landet totalt var på 7 pst. og utgjer 99 søknader. Det blir gjort ei vesentleg siling av prosjekt på kommunenivå for å utnytte dei avgrensa rammene best mogleg. For ein meir detaljert rapportering av dei fylkesvise BU-midlane for 2011, sjå Prop. 122 S (2011-2012).
Tabell 2.8 Fylkesvise BU-midlar (ekskl. adm. kostnader og rentestøtte),mill. kroner
Løyvingsramme 2011 | Løyvd 20111 | Budsjett 2012 | |
---|---|---|---|
Innovasjon Noreg: Bedriftsretta tiltak | 371,9 | 394,0 | 399,4 |
Lokal forvaltning: BU-midlar2 | 14,6 | 15,9 | 15,6 |
Fylkesmannen: Utgreiing/tilrettelegging | 58,0 | 69,4 | 58,0 |
Sum | 444,5 | 479,3 | 473,0 |
1 Faktisk løyve er høgare enn løyvingsramma pga. overføring av ubrukte midlar frå tidlegare år.
2 Ordninga gjeld regionråda i Valdres og Nord-Gudbrandsdalen. Midlane gjeld både bedriftsretta tiltak og utgreiings- og tilretteleggingstiltak.
Fylkesvise BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak
Dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak har ein viktig mobiliserande effekt for den landbruksbaserte verdiskapinga regionalt. Midlane blir forvalta av Fylkesmannen. Departementet føreset at næringa er godt involvert i bruken av midlane. Departementet vil gå gjennom rapporteringsrutinane for midlane.
Fylkesmannen har i 2011 tildelt BU-midlar til 647 utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Utgreiings- og tilretteleggingstiltak gjeld mange ulike tiltak, som næringsutviklings- og mobiliseringsprosjekt på matområdet, reiseliv og opplevingsproduksjon, Inn på tunet, kunnskapsbasert næringsutvikling, økologisk landbruk, skogbruk, bioenergi, praktikantordninga mv. Ei aukande mengd tiltak går til utviklingsprosjekt innanfor det tradisjonelle landbruket. Midlane inngår ofte som ein del av landbruket sitt bidrag til regionale utviklingsprosjekt initiert av andre regionale utviklingsaktørar. Ei kartlegging av midlane frå 2010 gjort av Landbruks- og matdepartementet, viser at midlane i stor grad blir brukte i partnarskap og finansiert saman med andre lokale og regionale aktørar og at dei har ein utløysande effekt på andre regionale utviklingsmidlar som kjem landbruket til gode.
Rentestøtte
Ordninga med rentestøtte er ein del av BU-ordninga, og blir regulert av forskrift om midlar til bygdeutvikling. Støtta blir tildelt i forkant av investeringa og utbetalt kvart halvår i 15 år frå investeringa er ferdigstilt. Det kan bli gitt rentestøtte til lån innanfor ei låneramme på totalt 1 mrd. kroner. Det blei i 2011 gitt rentestøtte til ei låneramme på i alt 1 018,2 mill. kroner.
Risikolån
Det blei opna for å setje av midlar til eit taps- og rentestøttefond innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane frå og med 2006. Avsetjinga i 2011 var på 9,0 mill. kroner.
Sentrale bygdeutviklingsmidlar
Dei sentrale BU-midlane skal gå til prosjekt av landsomfattande og fylkesovergripande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål. Midlane kan òg finansiere naudsynt utgreiingsarbeid og profileringsaktivitetar for å styrkje arbeidet med landbrukspolitikken. Ramma for dei sentrale BU-midlane var i 2011 på 17 mill. kroner. Av midlane blei 8 mill. kroner fordelte av avtalepartane, der Innovasjon Noreg innstilte i sakene, mens 9 mill. kroner blei disponerte av Landbruks- og matdepartementet.
I samråd med avtalepartane blei det mellom anna løyvd midlar til grunnfinansiering av organisasjonar og ulike prosjekt etter søknad. Av midlane Landbruks- og matdepartementet disponerte, blei det m.a løyvd støtte til matpolitiske prosjekt retta mot barn og unge, regionale og kommunale utviklingsprosjekt, og prosjekt innan areal- og busetnadspolitikk mv.
Stiftinga Matmerk
I 2011 skifta Stiftinga KSL Matmerk namn til Matmerk. Stiftinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferanse for norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetsstyring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav overfor matprodusentar, handel og forbrukarar. Stiftinga har til oppgåve å administrere og vidareutvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL), samt generisk marknadsføring av økologisk mat. Stiftinga har òg ei viktig oppgåve i å bidra til profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar. I 2011 har Matmerk i større grad enn før teke i bruk digitale medium som kommunikasjonskanal og etablerte mellom anna eit digitalt opplysningskontor for økologisk mat. Departementet løyvde 46 mill. kroner til Matmerk i 2011.
I 2011 blei det gjennomført 4 200 eksterne KSL-revisjonar. KSL-standarden blei revidert, med vekt på det nye hygieneregelverket og HMS.
Totalt har 19 norske produkt fått godkjenning for Beskytta nemningar. Ved slutten av 2011 var 5 av 8 uteståande søknader om godkjenning ferdig behandla i Mattilsynet og klare for sluttbehandling i Matmerk. I 2011 blei 8 nye produkt godkjende for bruk av Spesialitetsmerket, mens tre blei meldt ut. Totalt er 205 produkt frå 50 bedrifter godkjend for Spesialitetsmerking.
Totalt 28 verksemder med til saman 1 076 produkt, er godkjende for bruk av merket Nyt Norge, 12 av desse blei godkjende i 2011.
I 2011 blei det innvilga 18 søknader om støtte over KIL-midla. Til saman blei det gitt tilsegn på nær 5,5 mill. kronar.
Rekruttering, likestilling, utdanning og kompetanse
For ungdom som skal overta ein landbrukseigedom påverkar både økonomiske og sosiale tilhøve det valet den enkelte ungdom gjer. BU-midlane er mellom anna innretta for å lette investeringsutfordringar i samband med generasjonsskifte. I tillegg er ungdom og kvinner særleg prioritert i delar av regelverket. I jordbruksoppgjeret i 2010 blei det vedteke at personar under 35 år skal prioriterast sterkare innanfor tilskott til investeringsstøtte, etablerarstipend og tilskott til bedriftsutvikling. Dette inneber at BU-midlane generelt har ei god innretting mot ungdom.
Gjennom å stimulere til entreprenørskap og utvikling av nye næringar, blir det lagt til rette for å gjere landbruket og bygda meir attraktiv for ungdom med høgare utdanning. Det treårige nasjonale prosjektet Velg landbruk som blei sett i gang i etterkant av jordbruksforhandlingane i 2010 skal arbeide for å styrkje rekrutteringa til landbruksutdanning på alle nivå. Prosjektansvar og prosjektsekretariat er lagt til Noregs Bondelag. Prosjektet blir sett i samband med andre midlar til rekruttering og kompetanse i landbruket. I tillegg blir det gitt støtte til organisasjonen Ungt entreprenørskap til etablering og drift av ungdomsbedrifter på matområdet. Prosjektet Grønn utdanning i regi av Noregs Bygdeungdomslag har òg fått støtte over jordbruksavtalen. For å få fleire innspel på mellom anna korleis rekrutteringa til næringa kan aukast, har Landbruks- og matministeren etablert eit eige ungdomsråd.
Matindustriens kompetanseprosjekt er eit 3-årig samarbeid mellom NHO Mat og landbruk, NHO Mat og Drikke, Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) for å styrkje kompetanse- og rekrutteringsgrunnlaget i matindustrien. Landbruks- og matdepartementet støtta prosjektet over sentrale BU-midlar.
Strategi for likestilling i landbrukssektoren (Landbruks- og matdepartementet 2007) ligg til grunn for arbeid med likestilling i næringa. Regjeringa sin Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner blei lagt fram i 2008. Planen har som mål at delen talet for kvinner blant nye entreprenørar skal vere minst 40 pst. innan 2013. Kvinner skal prioriterast som målgruppe, og det skal arbeidast for ei vesentleg auke i delen av kvinner innanfor aktuelle programmer og tenester. Innovasjon Noreg skal arbeide for å auke delen av kvinner i styrer og leiing for verksemder som mottek støtte. Ei midtvegsevaluering av handlingsplanen utarbeidd av NIFU i juni 2011, viser at departementa og verkemiddelapparat har følgt opp planen godt, og at det har vore ei positiv utvikling i delen etablerertilskott og bygdeutviklingsmidlar til kvinner dei siste åra. I 2011 var delen av kvinner på 48 pst. for bygdeutviklingsmidla og heile 74 pst. for etablererstipenda. Landbruks- og matdepartementet viser elles til særskilt omtale av likestilling i landbrukssektoren i del III.
Fylkesvise midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket
Fylkeskommunane har ansvar og verkemiddel for å styrkje innsatsen innanfor rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Det er eit overordna mål at desse verkemidla skal bidra til rekruttering og utdanning av næringsutøvarar som kan ivareta og styrkje verdiskapinga i landbruket regionalt. Ordninga skal tilpassast regionale utfordringar på området innan både tradisjonelt landbruk og bygdenæringar.
Kompetansehevande tiltak innanfor tradisjonelt landbruk og nye næringar, inkludert støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesutøvarar i landbruket er prioriterte område for ordninga. I 2011 er tilskottsmidlane hovudsakleg nytta til kompetansehevande kurs som gir vaksne med anna vidaregåande utdanning tilbod om grunnleggjande landbruksutdanning, og tiltak av kortare varigheit innanfor det tradisjonelle landbruket og bygdenæringane. Det er òg gitt støtte til tiltak for rekruttering til landbruksnæringa og til dei offentlege og private naturbrukslinjene i den vidaregåande skulen, samt arbeid for likestilling i landbruket. Det har vore fylkesovergripande samarbeid i tilfelle der søknadar har involvert fleire fylke. Tildelinga av midlar er forankra på politisk nivå i fylka etter prosessar der nærings- og interesseorganisasjonar og Fylkesmannen har vore rådførte. Midlane blir sette i samanheng med dei andre midlane til regional utvikling som fylkeskommunane finansierer, og fylkeskommunane sine strategidokument.
HMS i landbruket
Ulykkes- og skadesituasjonen i landbruket er ikkje tilfredsstillande. Ved sidan av dei personlege belastningane, påfører dette både næringa og samfunnet store kostnader. Arbeidsgrupperapporten Helse, miljø og sikkerhet i landbruket – organisering og arbeidsformer ligg til grunn for arbeidet. Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket blei oppretta i 2010. Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen har løyvd 5,6 mill. kroner over fire år til forskingsprosjektet Sikkerhetskultur, arbeidshelse og ulykker i norsk landbruk – situasjonsbeskrivelse og framtidige utfordringer.
Landbrukets HMS-teneste tilbyr rådgjeving i form av kurs, krisebistand og tilleggstenester. Det blei løyvd 14 mill. kroner til Landbrukets HMS-teneste i 2011. Under jordbruksoppgjeret 2011 blei det i tillegg sett av 1 mill. kroner til ein kampanje for HMS i landbruket i regi av Landbrukets HMS-teneste.
Lokalmatprogrammet
Lokalmatprogrammet skal auke verdiskapinga for primærleddet, auke kunnskapen om lokalmat og regionale konkurransefortrinn og bidra til auka vektlegging av kvalitet. Programmet består i hovudsak av ordningane mobilisering og bedriftsutvikling, kompetansetiltak og omdømmetiltak. Budsjettramma for programmet var på 63,5 mill. kroner i 2011. I tillegg blei i underkant av 25 mill. kroner overført frå tidlegare år.
Det blei søkt om 113,4 mill. kroner i støtte frå programmet i 2011. Det blei løyvd 76,4 mill. kroner til 123 prosjekt. Etterspørselen frå verksemdene har auka det siste året.
Innovasjon Noreg si Kundeeffektundersøking for 2011 (blant verksemder som fekk stønad i 2010), viser at programmet har svært høg addisjonalitet, det vil seie at programmet har vore utløysande for at prosjekta har blitt realiserte. Av dei spurde seier 97 pst. at tenesta som blir tilbydd har middels eller høg addisjonalitet. Effekten på samarbeid er spesielt god. Effekten på innovasjon og omsetningsauke ligg godt over snittet for programma til Innovasjon Noreg.
Tilskottsordninga til omdømmemidlar er ein del av Lokalmatprogrammet. I 2011 blei det sett av 7 mill. kroner til ordninga. Midlane blir nytta til å synleggjere og profilere norske råvarer og matkultur nasjonalt og internasjonalt, med sikte på å styrkje omdømmet til norsk mat og landbruk, og å skape interesse for ny næringsutvikling på mat- og reiselivsområdet.
Prosjekt som blei støtta i 2011 omfattar mellom anna Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin i samarbeid med Innovasjon Noreg, Nærings- og handelsdepartementet og Utanriksdepartementet. Satsinga i 2011 omfattar òg støtte til Måtidets Hus/NCE Culinology i Stavanger, til delfinansiering av den landsomfattande konkurransen Det norske måltid, samt støtte til fleire mindre prosjekt.
Frå 2012 blir midlane kunngjort på departementets heimesider. I løpet av 2012 vil det bli utarbeidd eit eige regelverk for ordninga.
Inn på tunet
Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der. Det er i dag om lag 1 100 Inn på tunet-gardar.
Nasjonal strategi for Inn på tunet blei lagt fram 20. februar 2012 av Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Strategien skal følgjast opp med ein eigen handlingsplan for konkretisering av tiltak og satsingar.
Inn på tunet-løftet (2010-2012) skal skape auka forankring av tilboda i kommunesektoren og utvikling av gode tenester til innbyggjarane. Etter siste tildeling er totalramma på 18 mill. kroner fordelt til 77 kommunar. Blant prosjekta er det tiltak for integrering av flyktningar, arbeidstrening, rusomsorg, tilpassa opplæring i skulen, fråfall i vidaregåande skule og tilbod for eldre og demente.
Matmerk har frå 2012 fått ansvaret for ei eiga godkjennings- og merkeordning for Inn på tunet. Matmerk har oppretta ei breitt samansett faggruppe for Inn på tunet som skal gje råd og rettleiing til Matmerk sitt arbeid med Inn på tunet.
Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv
Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv skal bidra til å vidareutvikle det natur- og kulturbaserte reiselivet i tilknyting til landbruket. Innsatsområda til programmet er produktutvikling, kompetanse, marknadsføring og samarbeid. Programmet hadde ei disponibel ramme på 18,3 mill. kroner, inkludert overførte midlar, for 2011. Av dette er 13,1 mill. kroner fordelt til marknadsføringstiltak og temaprosjekt innanfor vandring, sykkel og fiske, mens omlag 3,1 mill. kroner er tildelt 10 større utviklingsprosjekt på grunnlag av søknader frå ulike reiselivsaktørar. Merksemda rundt programmet og etterspørsla etter midlar har auka som eit resultat av aktiv marknadsføring av programmet.
Utviklingsprogrammet for innlandsfisk
Under jordbruksforhandlingane i 2007 blei det vedteke å setje i verk eit femårig utviklingsprogram for innlandsfiske, frå og med 2008. Programmet har bakgrunn i Landbruks- og matdepartementet sin Handlingsplan for innlandsfiske, som blei lagt fram i 2006. Handlingsplanen dokumenterte at det er eit uutnytta potensial i innlandsfiske som næringsverksemd i landbruket, både som matressurs (yrkesfiske og oppdrett) og som fiskeopplevingar (landbruksbasert turisme og reiseliv). Ramma for programmet var 4 mill. kroner i 2011, og interessa for programmet har vore stor. I 2011 kom det inn om lag 40 søknader med eit samla søknadsbeløp på over 13 mill. kroner. Prosjekta det er gitt støtte til famnar mellom anna utvikling av internettbasert fiskekortsal, utvikling av eit mangfald av fisketurismeprodukt, utviklingstiltak som skal legge grunnlag for aktivt næringsfiske og kunnskapsutvikling knytt til oppdrett av røye.
Mat langs Nasjonale turistvegar
I jordbruksoppgjeret 2009 blei det vedteke å setje i gang eit treårig pilotprosjekt kalla Mat langs Nasjonale turistvegar, med ei totalramme på 6 mill. kroner. Målet er å auke landbruksbasert næringsutvikling innan mat, reiseliv og opplevingar langs 4 turistvegar i samarbeid med andre aktørar i verdikjedene for mat og reiseliv. For å sikre eigarskap og engasjement i dei aktuelle regionane, har Fylkesmannen i Oppland frå 2010 teke på seg ansvaret for koordinering og økonomiforvaltning, og det er oppretta ei regional styringsgruppe for dette formålet. Det er tilsett ein eigen prosjektleiar. Prosjektet kom seint i gang i 2010 og vil derfor ikkje bli avslutta før hausten 2013. I 2011 er det mellom anna lagt vekt på mobilisering av og kompetanseheving for bedrifter langs dei aktuelle vegstrekningane.
Skogbruk og bioenergi
I Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks – og matpolitikken seier regjeringa at ho vil legge til rette for å styrkje skogen sitt bidrag til verdiskaping i heile landet og til å nå viktige energi, klima og miljømål. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen understrekar skogens rolle i klimasamanheng. Målbevisst ressursoppbygging og forvaltning av skogressursane gir grunnlag for å nå måla. Regjeringa skreiv i Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk at ho vil oppretthalde eller auke karbonlageret gjennom aktiv, berekraftig skogpolitikk, mellom anna gjennom styrkt innsats for skogplanteforedling, planting på nye areal, oppretting av klimaskogar, auka plantetettleik og målretta gjødsling av skog, samt gjeninnføring av forbodet mot hogst av ungskog. Skogressursane utgjer òg ei viktig kjelde til fornybar energi og til produksjon av trematerialar som erstatning for meir klimabelastande materialar Skogen si rolle som fornybar ressurs blir styrkt gjennom forsking, verdiskaping og langsiktig berekraftig forvaltning av skogen.
Førstehandsverdien av tømmeret som blei hogd og omsett låg i 2011 på 3,1 mrd. kroner. Den samla produksjonsverdien i skogindustrien var i 2010 på 40 mrd. kroner. Omsetninga i skogindustrien i 2010 var på 44. mrd. kroner, og utgjorde 5,8 pst. av den totale omsetninga i norsk industri. Skogsektoren bidreg dermed til betydeleg verdiskaping og ringverknader for samfunnet. Skogen si positive rolle i klimasamanheng vil òg bidra til å styrkje grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping.
I 2011 blei det i Noreg sett ut 23,3 mill. skogplanter over eit areal på 135 000 dekar. Dette er ein auke på 15 pst. samanlikna med 2010. Den totale investeringa i skogplanting på landsnivå var i 2011 på 115,4 mill. kroner. Planteaktiviteten har vore låg dei seinaste åra. Det er derfor positivt at aktiviteten har teke seg opp.
Ståande kubikkmasse er større enn nokon gong tidlegare i moderne tid. I Meld. St. 9 (2011-2012) har regjeringa sagt at det skal bli lagt til rette for auka hogst for å møte ein eventuell auka etterspørsel etter råstoff. I 2011 blei det avverka 8,7 mill. m3 tømmer for salg. Skognæringa er direkte eller indirekte påverka av endringar i konjunktur og utvikling i internasjonal økonomi, og ulike delar av næringa påverkar kvarandre.
Om lag halvparten av dei trua og nær trua artene i Noreg lever i skog, og for om lag 1 400 av desse artene er skogbruk vurdert til å vere den klart viktigaste påverknaden. Skogbruket har over fleire tiår jobba aktivt for å løyse miljøutfordringar som kjem som følgje av skogsdrift. Miljøinnsatsen i skogbruket er utvikla dels innanfor næringa og dels i eit partnarskap mellom næring og myndigheiter. Miljøregistreringar og vedvarande kunnskapsutvikling utgjer grunnlaget for mellom anna gode avvegingar mellom klimatiltak og omsynet til biologisk mangfald i skog. Det er ikkje noko som tyder på at det totalt sett har vore ei forverring i situasjonen for dei trua og nær trua artene våre frå 2006 til 2010.
Løyvinga til skogbrukstiltak og bioenergi over LUF i 2011 var på 229 mill. kroner jf. Tabell 2.9. Gjennom ordninga for tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK), blei det i 2011 gitt totalt 134 mill. kroner i tilskott, fordelt på skogkultur (46 pst.), førstegangstynning (1 pst.), miljøtiltak i skog (6 pst.), vegbygging (37 pst.) og drift med taubane og med hest (6 pst.). Tilskotta til vegbygging omfattar både nybygging og ombygging av skogsvegar, der tilskott til ombygging har den største delen (77 pst. i 2011). Midlane til vegbygging og drift med taubane og med hest blir forvalta av Fylkesmannen, mens dei andre midlane blir forvalta av kommunane.
Tilskotta til miljøtiltak er mellom anna blitt brukte til å støtte opp om skogbruket sitt frivillige miljøarbeid.
Skogbruk i kyststrøka har særskilte utfordringar knytt til mellom anna låg vegdekning, mykje vanskeleg terreng, eigedomsstruktur og mangel på utbygd industri. Det blir derfor gitt ei særskilt løyving til Kystskogbruket, som omfattar kystfylka frå Vest-Agder til Finnmark.
Desse fylka har betydelege skogressursar, mellom anna fordi område for skogreising i tidlegare tider no er i ferd med å bli hogstmodne, men har tradisjonelt hatt låg skogbruksaktivitet. Tilskottet til Kystskogbruket må sjåast på som eit midlertidig tiltak for å legge til rette for eit meir lønnsamt skogbruk og auka verdiskaping lokalt og regionalt.
Satsinga på bioenergi gjennom bioenergiprogrammet bidreg til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar, samstundes som det gir moglegheit for auka verdiskaping for skogeigarar. Aktiviteten under Bioenergiprogrammet aukar stadig, og i 2011 blei det gitt tilsegn for om lag 79 mill. kroner. I tillegg til løyvinga kom midlar frå tidlegare år. Den største delen av prosjekta var som tidlegare år støtte til etablering av større gardsvarmeanlegg for leveranse av energi til næringsdrift. Dei to siste åra har det samstundes vore ein nedgang i prosjekt for konvertering til bioenergi i våningshus. Aktiviteten under dei andre målområda låg i 2011 på omtrent same nivå som tidlegare. Prosjekta har løyst ut ein energiproduksjon tilsvarande 42,5 GWh.
Tabell 2.9 Tilskott til skogbruk og bioenergi i perioden 2009-2011, mill. kroner
2009 | 2010 | 2011 | |
---|---|---|---|
Nærings- og miljøtiltak i skogbruket | 108 | 126 | 134 |
Vegbygging, taubane og hest | 59 | 66 | 66 |
Skogkultur, miljøtiltak og andre tiltak | 49 | 60 | 68 |
Kystskogbruket | 10 | 10 | 10 |
Skogplanlegging med miljøregistreringar | 30 | 33 | 29 |
Sentrale kompetansetiltak (Skogbrukets Kursinstitutt) | 10 | 10 | 11 |
Bioenergi | 35 | 39 | 451 |
Sum | 193 | 218 | 229 |
1 1 mill. kroner til administrasjon av Bioenergiprogrammet blei overført frå Nærings- og handelsdepartementets budsjett i 2011.
Utviklingstiltak for geit – Friskare geiter
Målet med prosjektet Friskare geiter er å få kontroll med sjukdommane CAE, byllesjuke og paratuberkulose hos geit, og dermed sikre friske dyr, betre dyrevelferd og betre produkt. I Jordbruksavtalen 2010 blei det bestemt å vidareføre saneringsprosjektet i ein fase III med gjennomføring av sanering i heile geitepopulasjonen. Det blei ikkje fastsett sluttidspunkt for prosjektet.
Det blei lagt vekt på at næringa (varemottakarane) skulle bidra til at resterande dyreeigarar gjennomførte sanering. TINE innførte i 2012 trekk i mjølkepris for dyreeigarar som ikkje innan utløpet av 2011 var påmelde til sanering. Vidare har TINE vedteke at dei ikkje vil anvende mjølk frå ikkje sanerte besetningar frå 2014. Nortura har varsla at kjøtt frå dei same besetningane vil bli betalt med minimumssats.
Påmelding til sanering omfattar, med unntak av 3 produsentar, no heile mjølkegeitpopulasjonen i Noreg. Totalt har no 567 besetningar meldt seg på sanering. Av desse er 379 sanert, dokumentert smittefrie eller har begynt saneringsarbeidet innan utgangen av 2011.
Andre effektar av saneringa er betre smittevern, auka yting og haldbarheit hos geit, samt generell kompetanseheving hos brukarane. I 2011 blei det utbetalt i underkant av 13 mill. kroner til prosjektet. Det blei òg utbetalt 6,3 mill. kroner for bortfall av produksjonstilskott og avløysartilskott ved ferie og fritid til deltakarar i smittesaneringstiltaket.
Beiteprosjekt
Beiteprosjektet skal bidra til betre sauehald med mindre tap av dyr på beite. Midlane går til prosjekt innanfor tema Framtidsretta beitebruk,Elektronisk overvaking og Sjukdom/tap av dyr på beite. I 2011 er det gitt støtte til vidareføring av prosjekt i Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark, Troms og Finnmark.
Beiteprosjektet har mellom anna støtta arbeid med betre tilpassa organisering og samarbeidsformer i beitelaga til endringar i struktur og driftsforhold i husdyrhaldet.
Beiteprosjektet har støtta utprøving av utstyr for elektronisk overvaking i buskapar og beitelag og følgd opp med systematisk innsamling av data og erfaringar ved Trøndelag Forsking og Utvikling. Styringsgruppa konkluderer med at elektronisk overvaking bidreg til å gjere beitebruken meir kunnskapsbasert og effektiv, og gir betre oversikt over og kontroll med dyra.
Vidare er det gitt støtte til feltundersøkingar og analysar i alveld-prosjektet i Møre og Romsdal og eit større prosjekt på flått og flåttbårne sjukdommar som frå og med 2011 er finansiert over forskingsmidlane under jordbruksavtalen.
Fotråte – Prosjekt Friske føter
Målet med prosjektet er å motverke sjukdommen fotråte hos sau og geit i Noreg. Fotråte er ein alvorleg smittsam sjukdom som kan få store konsekvensar for dyrevelferd og matproduksjon. Prosjektet starta i 2009 som ei nasjonal vidareføring av prosjektet Snu sauen. I løpet av 2011 blei totalt 178 besetningar undersøkte i regi av prosjektet. Ved utgangen av 2011 var alvorleg fotråte påvist i 91 besetningar i Rogaland, av dette 16 nye tilfelle i 2011 og 28 nye tilfelle i 2010. Per 1. mars 2012 er alle besetningar med kjente tilfelle i gang med eller har gjennomført sanering. Totalt 70 besetningar har starta sanering i 2011 eller i starten av 2012, inkludert 11 besetningar med tilbakefall etter medisinsk sanering. Medisinsk sanering har hatt tilbakefall på 30 pst., noko som inneber ekstra kostnader, utsetjingar og risiko for resmitte. Sanering ved full nedslakting blir vurdert som ei viktig føresetnad for å lukkast med motarbeidinga av fotråte, særskilt i område med stor dyretettleik og stort smittepress. Frå og med 2011 utbetalte prosjektet ein slaktekompensasjon til dei som sanerte ved å slakte alt småfe, i tillegg til den standardkompensasjon som alle som sanerer fekk. Det blei utbetalt om lag 4 mill. kroner i 2011. Tilskottet frå prosjektet dekker om lag 2/3 av tapt inntekt som følgje av saneringa.
Forsking
Forskingsmidlane over jordbruksavtalen blir forvalta av eit eige styre samansett av avtalepartane – avtalestyret. Målet med ordninga er å bidra til å dekke behov for FoU med hovudvekt på anvend forsking. Midlane blir løyvde til prosjekt etter open utlysning og konkurranse. Ved behov blir det òg nytta midlar til utgreiingar.
I 2011 var det sett av 48 mill. kroner til forskingsmidlar over Jordbruksavtalen. Av dette blei det løyvd 47,7 mill. kroner til prosjekt for 2011. Avtalestyret har gjennomført ei fellesutlysing med programmet Natur og næring i Forskingsrådet. Her blei tre prosjekt tildelt ei samla støtte på 3,8 mill. kroner over heile prosjektperioden. I 2011 vedtok òg avtalestyret å vidareføre støtta til programmet Miljø 2015 i Forskingsrådet med totalt 9,5 mill. kroner til saman for perioden 2012-2014.
Noreg og Sverige har inngått eit samarbeid om hesteforsking til ein verdi av 70 mill. kroner. Av dette bidreg avtalestyret med til saman 8 mill. kroner fordelt over perioden 2010-2013.
E-sporing, fagpilotar
I eSporingsprosjektet er det utvikla ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda, eSporingsløysinga. I 2011 blei det løyvd 2 mill. kroner til fagpilotar for eSporing. Pilotmidlane blir nytta til medfinansiering av utviklings- og administrasjonsoppgåver i arbeidet med pilotprosjekta. Bransjepilotar for frukt og grønt og for meieriprodukt blei tildelt midlar i 2011.
Sjå òg omtale av eSporingsprosjektet og sporing under kap. 1115 post 23.
Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF) og konfliktførebyggjande tiltak jordbruk – reindrift
Løyvinga over LUF på 2 mill. kroner blir disponert av Sametinget. Totalt tildelte Sametinget 4,1 mill. kroner til jordbruksføremål i 2011. Tilskotta blei i hovudsak tildelt investeringar og utviklingstiltak, samt til støtte til maskin- og reiskapslag og til kjøp av mjølkekvoter.
Det blei òg avsett 1 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift i 2011. Desse midlane blir forvalta av Innovasjon Noreg.
Spesiell miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal bidra til å ivareta natur- og kulturminneverdiane og til å redusere forureining frå jordbruket utover vanleg jordbruksdrift. Ordninga blir forvalta av kommunane, og var på 115 mill. kroner i 2011. Om lag 80 pst. av midlane går til tiltak for å fremme kulturlandskap og kulturmiljø, og nær 20 pst. til tiltak for å redusere forureining.
Støtte til verdsarvområda og til utvalde kulturlandskap
Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyane er verdsarvområde med jordbrukslandskap som ein av dei sentrale verdiane. Det er derfor oppretta eit eige tilskott for å skjøtte det verdifulle landskapet. Vidare er det oppretta 22 utvalde område i landet som òg har fått ei særleg oppfølging. I 2011 blei det brukt 3 mill. kroner til verdsarvområda og 8 mill. kroner til utvalde kulturlandskap. Miljøverndepartementet bidreg òg til desse tiltaka.
Utviklingstiltak for økologisk landbruk
I 2011 blei det sett av 44 mill. kroner til utviklingstiltak for økologisk jordbruk. Prosjekta stimulerer både tilbods- og etterspørselssida i den økologiske marknaden. Midlane har gått til handlingsplanar, økologiske føregangsfylke, utviklingsprosjekt innanfor rettleiing og til produktutvikling og marknadsføring.
Tilbakeførte reguleringsmidlar
Tilbakebetalte reguleringsmidlar er i 2011 disponert til ulike satsingsområde i samsvar med Tabell 2.10 .
Tabell 2.10 Disponering av tilbakebetalte reguleringsmidlar
Tiltak | 2011 | Ramme 2012 |
---|---|---|
Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap | 2,0 | 2,0 |
Frukt/bær/kulturlandskap/reiseliv på Vestlandet | 2,0 | 2,0 |
Spesialrådgiving energi i veksthusnæringa | 1,0 | - |
Sum | 5,0 | 4,0 |
I 2011 disponerte Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap 2 mill. kroner over jordbruksavtalen. Med udisponerte midlar frå tidlegare år blei det totalt løyvd i overkant av 4,8 mill. kroner over programmet i 2011. Programmet blir avslutta i 2012.
Det femårige prosjektet Frukt og bær rundt neste sving har årleg disponert 2 mill. kroner over jordbruksavtalen, samt 1 mill. kroner i lokale midlar. 2011 var nest siste prosjektår. Prosjektet løyvde i 2011 i overkant av 3 mill. kroner. Resultat i 2011 er mellom anna verksemder som tilbyr opplevingar, nettside med temaside hos destinasjonsselskapa og Fjord Norge, fagsamlingar og anna utviklingsarbeid.
Det treårige prosjektet Spesialrådgiving energi i veksthusnæringen disponerte i 2011 1 mill. kroner over jordbruksavtalen. Totalt har 126 energianalysar blitt gjennomførte i prosjektperioden. I jordbruksoppgjeret i 2011 blei prosjektfinansieringa forlenga med ytterlegare 1 år med midlar over LUF. Endeleg sluttrapport for prosjektet er derfor venta først i 2013.
Budsjettframlegg 2013
Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)
Departementet gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2013 på 1 158,7 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. Dette er 120 mill. kroner meir enn førre års løyving. Aukinga skuldast eingongsløyvinga til styrking av fondet på 275 mill. kroner. LUF blir òg tilført 111 mill. kroner i 2012 frå omdisponerte midlar i 2012.
Løyvingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Samla løyvingsramme i 2013 blir på 1 385,3 mill. kroner, jf. Prop. 122 S. (2011-2012). Det er berre ein del av løyvingsramma som faktisk kjem til utbetaling det same året. Ein del er ansvar mellom år. Tabell 2.11 gir ei oversikt over kontantstraumane for fondet i 2012 og 2013. Det er lagt opp til ei belastning av kapitalen i fondet med 54,6 mill. kroner i 2013.
Tabell 2.11 Prognose for kontantstraumar i LUF.
(mill. kroner) | ||
---|---|---|
2012 | 20131 | |
Utbetalingar: | ||
Utbetaling av tilskott2 | 1 290,2 | 1 261,9 |
Rentestøtte | 61,8 | 41,8 |
Auka løyvingsramme3 | 121,4 | |
Sum utbetalingar: | 1 352,0 | 1 425,1 |
Finansiering: | ||
Løyving kap. 1150 post 50 m.m.4 | 1 038,7 | 1 158,7 |
Overførte udisponerte midlar | 111,0 | |
Eingongsløyving til styrking av fondet | 275,0 | |
Renteinntekter | 35,8 | 40,0 |
Andre inntekter | 6,0 | 6,0 |
Bruk av fondskapital 5 | 160,5 | -54,6 |
1 Framlegg i 2013
2 Tall for 2012 er basert på prognosar frå Statens landbruksforvaltning sin rekneskapsrapport for LUF 2011 og auka prognose for utbetaling av tilskott til prosjektet Friske føter på 5 mill. kroner, 2 mill. kroner til evaluering av yrkesutdanningstilbodet innan landbruks- og gartnarfaga og 3 mill. kroner til områderetta satsing jf. Prop. 122 S (2011-2012).
3 Erfaringstal viser at auka løyvingsramme som er foreslått for 2013 ikkje vil komme til utbetaling i sin heilskap i 2013. Resultat for 2013 vil derfor truleg avvike noko frå denne prognosen.
4 2012: Inkl. reduksjon på til saman 6,5 mill. kroner som følgje av overføring av 3 mill. kroner til kapittel 1138 post 70 og 3,5 mill. kroner til kapittel 1150 post 74.19.
5 Negative tall betyr at fondskapitalen blir styrka.
Fordelinga av tildelingsramma går fram av Tabell 2.12
Tabell 2.12 Oversikt over løyvingsramme for LUF 2012 – 2013
2012 | Omdisp. midlar 2012 | 2013 | Endring 2012-2013 | ||
---|---|---|---|---|---|
Matmerk | 48,5 | 52,0 | 3,5 | ||
Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket1 | 26,0 | 2,0 | 26,0 | 0,0 | |
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar | |||||
Bedriftsretta midlar2 | 443,0 | 508,0 | 65,0 | ||
Utviklings- og tilretteleggingsmidlar | 60,0 | 60,0 | 0,0 | ||
Sentrale bygdeutviklingsmidlar | |||||
tilskottsmidlar til nasjonale prosjekt (IN) | 3,0 | 8,0 | 5,0 | ||
omdømemidlar (LMD) | 9,0 | 9,0 | 0,0 | ||
Områderetta innsats- arktisk landbruk3 | 0,0 | 3,0 | 7,0 | 7,0 | |
Inn på tunet4 | 9,0 | 0,0 | -9,0 | ||
Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv5 | 84,0 | 70,0 | -14,0 | ||
Bioenergiprogrammet6 | 50,0 | 22,0 | -28,0 | ||
Skogbruk | 194,0 | 204,0 | 10,0 | ||
Helse- og utviklingstiltak sau og geit7 | 22,0 | 5,0 | 17,0 | -5,0 | |
Forsking | 48,0 | 53,0 | 5,0 | ||
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift8 | 3,4 | 1,5 | -1,9 | ||
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)9 | 120,0 | 220,0 | 100,0 | ||
Investeringsstøtte til organisert beitebruk | 9,0 | 11,0 | 2,0 | ||
Klima- og miljøprogram10 | 16,0 | 18,0 | 2,0 | ||
Biogass | 0,0 | 1,0 | 1,0 | ||
Støtte til verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap | 11,0 | 11,0 | 0,0 | ||
Spesialrådgiving energi i veksthusnæringen | 1,0 | 1,0 | 0,0 | ||
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk | 44,0 | 44,0 | 0,0 | ||
Sum løyvingsramme LUF | 1200,9 | 10,0 | 1343,5 | 142,6 | |
Rentestøtte | 63,0 | 41,8 | -21,2 | ||
Sum løyvingsramme inkl. rentestøtte | 1263,9 | 10,0 | 1385,3 | 121,4 |
1 Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket omfattar i 2013 6 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) og 20 mill. kroner til fylkeskommunanes tilskottsmidlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. I tillegg blir det sett av inntil 2 mill. kroner til evaluering av yrkesutdanningstilbodet innan landbruks- og gartnarfaga og kartlegging av samfunnets behov for fagskular i landbruks- og matfaga i 2012, gjennom omdisponering av udisponerte midlar for 2012.
2 Auken i dei bedriftsretta BU-midlane har å gjere med auka ramme på 10 mill. kroner, samt overføring av bedriftsretta midlar frå Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv og Bioenergiprogrammet. For 2012 utgjer administrasjons- og gjennomføringskostnader for Innovasjon Noregs forvaltning av BU-ordninga 30 mill. kroner av ramma. I tillegg utgjer forvaltningskostnader knytt til lokal forvaltning av BU-midlar i Valdres og Nord-Gudbrandsdalen 1,46 mill. kroner av ramma.
3 Satsinga på områderetta tiltak – arktisk landbruk omfattar 3 mill. kroner i 2012, gjennom omdisponering av udisponerte midlar for 2012. Midlane blir fordelte mellom dei tre nordlegaste fylka ved fylkesmannsembeta og vidareført på dette nivået i 3 år. I tillegg blir 4 mill. kroner overført til Sametingets midlar til næringsformål til styrking av jordbruket i det samiske virkemiddelområdet.
4 Nasjonale prosjekt innan Inn på tunet vil frå 2013 bli støtta innanfor dei sentrale BU-midlane som Innovasjon Noreg forvaltar.
5 Ramma blir foreslått auka med 8 mill. kroner til 92 mill. kroner i 2013. 22 mill. kroner av ramma blir overført til dei bedriftsretta midlane innanfor dei fylkesvise BU-midlane. 9,5 mill. kroner av den totale ramma utgjorde Innovasjon Noregs administrasjons- og gjennomføringskostnader med satsingane i 2012. I tillegg er i overkant av 8 mill. kroner sett av til nasjonale omdømmeprosjekt.
6 Ramma blir foreslått auka med 5 mill. kroner til 55 mill. kroner i 2013. 33 mill. kroner av ramma blir overført til dei bedriftsretta midlane innanfor dei fylkesvise BU-midlane. Dei resterande 22 mill. kroner skal forvaltast på nasjonalt nivå. 6,1 mill. kroner av den totale ramma utgjer Innovasjon Noregs administrasjons- og gjennomføringskostnader med programmet i 2012.
7 Sjå Tabell 2.13 for satsingane innanfor Helse- og utviklingstiltak sau og geit 2013. For 2012 blir det sett av 5 mill. kroner frå omdisponerte midlar til prosjektet Friske føter.
8 1,5 mill. kroner blir sett av til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift i 2013. Løyvinga til Sametinget sine midlar til næringsutvikling er frå 2013 lagt under områdetetta innsats- arktisk landbruk.
9 SMIL-ordninga aukar med 100 mill. kroner i 2013. Heile auken skal gå til tilskott til grøfting.
10 Klima- og miljøprogrammet er ei samanslåing av informasjons- og utviklingsmidlar og Klimaprogrammet. Midla skal nyttast til utviklingstiltak og informasjonstiltak på miljø og klimaområdet. SLF og fylkesmannen forvaltar midlane.
Nedanfor følgjer budsjettframlegg for ordningane finansiert frå Landbrukets utviklingsfond (LUF). For nærmare omtale av dei ulike ordningane og føremålet med desse, viser departementet til Rapportering 2011 og til Prop. 122 S (2011-2012).
Regionale bygdeutviklingsprogram
I Meld. St. 9 (2011-2012) blir det lagt vekt på å utløyse verdiskapingspotensialet for heile bredda av landbrukets ressursar, og mobilisere til ny aktivitet og engasjement som kan styrkje det enkelte lokalsamfunnet. Som eit ledd i ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk, vil Regjeringa styrkje det regionale handlingsrommet gjennom å legge til rette for at næringsutviklingsmidla i større grad forvaltast regionalt. For å bidra til dette vil det bli oppretta Regionale bygdeutviklingsprogram. Dei regionale bygdeutviklingsprogramma består av tre hovedelement;
Regionale næringsprogram (RNP)
Regionale miljøprogram (RMP)
Regionalt skog- og klimaprogram (RSK)
Regionale næringsprogram skal bestå av dagens fylkesvise BU-midlar som blir styrkte gjennom omdisponering av midlar frå nasjonale program til regionalt nivå. Dette inneber at nye bedriftsretta midlar blir lagt inn i ordninga. Forskrift for bruk av bygdeutviklingsmidlane skal reviderast for å ivareta endringane. Endringane vil bli utforma i dialog med forvaltningsapparatet og næringa. Regionale miljøprogram skal vidareførast som i dagens ordning, men med eit forsterka klimamål. Regionalt skog- og klimaprogram skal bestå av tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og tilskott til skogsvegar og drift med taubane og hest.
Det strategiske ansvaret for å utvikle og gjennomføre dei Regionale bygdeutviklingsprogramma er lagt til Fylkesmannen. Strategiane skal vere forankra i det regionale partnarskapet. Landbruks- og matdepartementet viser til Prop. 122 S (2011-2012) for ei meir detaljert omtale av den nye ordninga.
Fylkesvise BU-midlar
Frå 2013 vil BU-ordninga bli utvida i omfang til òg å inkludere nye bedriftsretta midlar til bioenergi og bedriftsretta midlar innanfor satsinga på mat og reiseliv. Dette er i tråd med føringane i Meld. St. 9 (2011-2012).
Gode investeringsordningar er nødvendig for å nå dei sentrale landbruks- og matpolitiske måla om auka matproduksjon og eit landbruk over hele landet. Ordningane er òg viktige for rekrutteringa til landbruket. Midlane har ein klar ungdomsprofil, delvis fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og delvis fordi mange eldre som investerer gjer dette for å legge til rette for den neste generasjonen. Det er framleis eit stort behov for investeringar innanfor landbruket, både i nye driftsbygningar og i utbetringar av gamle bygg.
Det er eit stort potensial for vidareutvikling av bygdenæringar med utgangspunkt i landbrukets ressursar. Ei satsing på bygdenæringar vil gje eit meir mangfaldig landbruk med auka innslag av alternativ sysselsetjing. Dette vil bidra til å sikre både primærproduksjon og busetjing i distrikta. For å få eit løft i utviklinga av bygdenæringar, er det nødvendig å prioritere investeringsmidlar.
Lønnsemdsvurdering av prosjekta skal liggje til grunn for tildeling av midlar. Lønnsemd treng ikkje å vere eintydig med strukturrasjonalisering. Ulike eigarformer skal likestillast ved prioritering av søknader. Nye krav til dyrevelferd og fornying av driftsapparatet er vektlagt.
Departementet gjer framlegg om at løyvinga til bedriftsretta tiltak innanfor dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane blir auka med 65 mill. kroner til totalt 508 mill. kroner i 2013, der til saman 55 mill. kroner er flytta frå Bioenergiprogrammet og Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv.
Lån med rentestøtte
Med bakgrunn i store investeringsbehov i landbruket, blir det gjort framlegg om at utlånsramma for lån med rentestøtte blir vidareført med ei ramme på 1 000 mill. kroner i 2013. Nivået på rentestøtta blir fastsett årleg for alle lån som er inne i ordninga. Rentestøtta blir sett til 50 pst. av risikofri rente 3 år stat (ST4X) for føregåande år. Rentestøtta kan ikkje overstige 4 pst.
Risikolån
Ordninga med risikolån blir vidareført innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane.
Fylkesvise BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak
Departementet gjer framlegg om ei vidareføring av ramma til fylkesvise BU-midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak på 60 mill. kroner i 2013. Sjå òg omtalen av områderetta satsing i Prop. 122 S (2011-2012).
Sentrale bygdeutviklingsmidlar
Frå 2012 blei ordninga med sentrale bygdeutviklingsmidlar lagt om for å sikre ei betre målretting av midlane og for å lette klagebehandlinga for prosjektstøtte. Ansvaret for midlane er delt mellom Innovasjon Noreg og Landbruks- og matdepartementet. Innovasjon Noreg har ansvar for tilskottsmidlar til prosjekt og satsingar av overordna nasjonal karakter, mens Landbruks- og matdepartementet har ansvar for omdømmemidlar til diverse prosjekt, nye satsingar, utgreiingar og evalueringar. For 2013 vil departementet nytte 1 mill. kroner til arbeid for å utnytte elgen som ein viktig ressurs. Midlane departementet forvaltar blir òg sett i samanheng med tilskottsordninga for omdømmebygging under Utviklingsprogrammet for mat og reiseliv. Departementet gjer framlegg om at løyvinga til omdømmemidlane i regi av Landbruks- og matdepartementet blir vidareført med 9 mill. kroner i 2013.
Eit fleirtal i Næringskomiteen bad i Innst. 8 S (2011-2012) om at Landbruks- og matdepartementet vurderer planane for Tingvoll Økopark, i regi av NORSØK, nærmare. Departementet har i 2012 mottatt søknad om økonomisk stønad frå NORSØK, men søknaden blei avslått fordi departementet ikkje ser det mogleg å gå inn som sentral bidragsytar i etableringsfasa av dette formidlings- og kompetansesenteret.
Det er behov for å følgje opp nasjonal strategi for Inn på tunet. Vidare er det òg behov for ei løyving til nasjonale prosjekt innanfor BU-ordninga generelt. Departementet foreslår at Innovasjon Noreg sin del av dei sentrale BU-midlane blir auka med 5 mill. kroner til 8 mill. kroner i 2013.
Stiftinga Matmerk
Matmerk har ansvaret for Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og uvikling av merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemning og Spesialtet, for generisk marknadsføring av økologisk mat, kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) og for godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet. Vidareutvikling av KSL til eit verktøy som dekker alle behov innanfor kvalitetssikring i landbruket, og arbeidet med å forbetre HMS i landbruket, er prioriterte område for stiftinga. Arbeid med å gjere merkeordninga Beskytta nemning kjend i den norske matmarknaden og rekruttering av nye merkebrukarar skal prioriterast og i 2013. I 2013 vil ein og arbeide med ei tydeleggjering av Merkeordninga Spesialitet, og marknadsføringskonsepta for dei to merka vil bli justert og samordna. Rekruttering til, samt marknadsføring og formidling av merkeordninga Nyt Norge, skal òg prioriterast i 2013. Frå 2013 får Matmerk ansvar for å utvikle ei ny nettstad for Inn på tunet.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 52 mill. kroner for 2013. I tillegg kjem 2 mill. kroner til generisk marknadsføring av økologisk mat finansiert frå utviklingsmidla til økologisk landbruk og 2 mill. kroner til kompetanseprosjektet Markedstjenester til lokalmatprodusenter, som blir løyvd over Innovasjon Noreg sitt budsjett.
Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL)
Stiftinga Matmerk forvaltar Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL). Det er viktig at aktivitetane som blir støtta av KIL blir sett i samanheng med fylkeskommunane sitt arbeid for rekruttering, likestilling og kompetanseheving på landbruks- og matområdet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ramma på 6 mill. kroner til KIL for 2013. I løpet av 2012 vil KIL bli evaluert, og vidare utvikling av programmet må sjåast i lys av denne evalueringa.
Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket
Landbruks- og matdepartementet viser til omtale av Rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket under rapportering for 2011, og til særskilt omtale av likestilling i landbrukssektoren i del IV.
Rekrutteringa til dei tradisjonelle landbruksutdanningane, spesielt agronom- og gartnarfaga, har svikta dei seinare år. Dette fører til eit stort problem for bransjane med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft, og for skulane med å oppretthalde tilbod av god kvalitet. Departementet tek derfor sikte på å evaluere om dagens yrkesutdanning i landbruks- og gartnarfaga tilfredsstiller framtidas behov for kompetanse, og å kartlegge tilbodet og behovet for fagskular i landbruks- og matfaga. Det vil bli oppretta ei referansegruppe for arbeidet med representasjon frå mellom anna næringsorganisasjonane i landbruket og Faglig råd for naturbruk.
Fylkesvise midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket
Fylkeskommunane er oppfordra til å samarbeide over fylkesgrensene for ei best mogleg utnytting av midlane, og for å møte kompetansebehova i næringa. Det er lagt til rette for eit forpliktande samarbeid med næringa om innrettinga av midlane og om landbrukspolitiske tema elles. Melding St. 9 (2011-2012) legg vekt på behovet for kompetanse og rekruttering for å nå dei landbrukspolitiske måla.
Det blir gjort framlegg om ei samla satsing på rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket på 28 mill. kroner i 2013. Dette inkluderer ei vidareføring av ramma på 20 mill. kroner til fylkeskommunane, 6 mill. kroner til Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL), og inntil 2 mill. kroner frå omdisponerte midlar i 2012 til evaluering knytt til yrkesutdanningstilbodet innanfor landbruks- og gartnarfaga og kartlegging av behovet for fagskular i landbruks- og matfaga.
Områderetta innsats – arktisk landbruk
Som eit ledd i ein meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk, går det fram av Meld. St. 9 (2011-2012) at landbruksavhengige kommunar skal få særskilt merksemd i framtidig prioritering av verkemiddel og innsats. Område med ein høg del sysselsette i landbruket, men med små arbeidsmarknader og befolkningsnedgang, skal prioriterast. Slike område blir sårbare for endringar i rammevilkåra for landbruket, og har derfor spesielle utfordringar knytt til rekruttering. Områda finst i særleg grad i øvre delar av fjellområda i Sør-Noreg, delar av Nord-Trøndelag, Nord-Noreg og delar av Vestlandet. Meld. St. 9 (2011-2012) peiker på arktisk landbruk og fjellandbruk som prioriterte område.
Det er sett av 3 mill. kroner i 2012 frå omdisponerte midlar til områderetta innsats i arktisk landbruk, jf. Prop. 122 S (2011-2012). Midlane blir delte mellom dei tre nordlegaste fylka ved fylkesmannsembeta. Departementet gjer framlegg om at satsinga blir vidareført på dette nivået i 2013.
Midlane prioriterast til arktisk landbruk, og skal byggje opp under prosessar som allereie er initiert regionalt. Satsinga skal bidra til utvikling og auka utnytting av arktisk kvalitet som konkurransefortrinn for landbruket i nordområda.
Det blir elles lagt til grunn at dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak kan nyttast til områderetta satsingar i landbruksavhengige kommunar.
Sametingets midlar til næringsformål
Som ein del av ei områderetta satsing på arktisk landbruk gjer departementet framlegg om å auke løyvinga til Sametingets midlar til næringsformål med 2 mill. kroner til 4 mill. kroner i 2013. Det blir føresett at samarbeidet og koordineringa mellom Sametingets midlar til næringsformål, Innovasjon Noreg og fylkesmannsembeta i Finnmark og Troms, blir vidareutvikla for å få best mogleg effekt av midlane til landbruksbasert næringsutvikling i desse fylka.
Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv
Det nye utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv vil omfatte nasjonalt arbeid med kompetanse og regionale kompetansenav, omdømmebygging, vekstsatsinga for matverksemder og tilskott til forpliktande produsentnettverk. Ordninga med kompetansenav blir evaluert i 2012. Satsinga på grønt reiseliv omfattar mellom anna marknadsføring, temasatsingar og støtte til overordna utviklingsprosjekt.
Inkubatorprogrammet i regi av SIVA, og prosjektet Markedstjenester for lokalmatprodusenter i regi av Matmerk blir vidareført og inngår òg som ein del av utviklingsprogrammet.
Utviklingsprogrammet for innlandsfiske blei evaluert av Østlandsforskning i 2012. Evalueringa anbefaler ei vidareføring av satsinga. Utviklingsprogrammet for innlandsfiske vil frå 2013 vere ein del av Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv. Nasjonal styringsgruppe vil bli vidareført og utvida slik at alle område i utviklingsprogrammet for lokalmat og reiseliv er representert. Ei satsing på innlandsfiske vil bli prioritert innanfor programmet.
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 92 mill. kroner for 2013 til Utviklingsprogram for lokalmat og grønt reiseliv. Av dette gjer departementet framlegg om at 22 mill. kroner blir overført til bedriftsretta tiltak innanfor BU-ordninga (sjå omtale over), slik at ramma for det nasjonale programmet blir 70 mill. kroner i 2013.
Bioenergi
Hovudmålet for departementet si satsing på bioenergi er å auke verdiskapinga ved bruk av råstoff frå landbruket til bioenergi og leveransar av biovarme til andre samfunnssektorar. Det er samstundes eit mål å oppnå positive klima- og energigevinstar. Auka uttak av skogsråstoff til bioenergi er slik eit viktig element i regjeringa si satsing på auka avverking og bruk av trevirke. Landbruks- og matdepartementets verkemiddel inngår som element i ein målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020.
Bioenergiprogrammet er eit av dei viktigaste verkemidla i departementet si satsing på bioenergi. Programmet blir forvalta av Innovasjon Noreg. Gjennom programmet blir det gitt støtte til småskala varmeanlegg, gardsanlegg, pilotprosjekt for biogass, flisproduksjonsutstyr og kompetansetiltak med vidare. Ved vurdering av anlegg for biogass skal det leggjast vekt på miljøgevinsten i vidaste meining, i tillegg til kriteria for energieffektivitet og lønnsemd og behovet for oppbygging av kompetanse.
Satsinga på bioenergi gjennom Bioenergiprogrammet bidreg til meir miljøvennlege energiløysingar både internt i landbruket og ved sal av biovarme til andre sektorar, samstundes som det gir moglegheit for auka verdiskaping for skogeigaren.
Det er knytt store utfordringar til å nå målet om auka utbygging av 14 TWh bioenergi innan 2020. Verkemidla til departementet tek mellom anna sikte på å bidra til utvikling av ein meir velfungerande marknad og større utbod av bioenergiråstoff. Midlane frå Olje- og energidepartementet er ein mogleg delfinansieringskjelde for infrastrukturtiltak.
Løyvinga til Bioenergiprogrammet vil frå 2013 bli delt i ein regional og ein nasjonal del. Den regionale delen skal vere ein del av dei regionale næringsprogramma, jf. omtale over, men midlane skal vere øyremerka til bioenergi.
Skogbruk
Meld. St. 9 (2011-2012) vektlegg den viktige nærings- og klimapolitiske rolla skogen har. St.meld. nr. 39 (2008-2009) understrekar den rolla skogen har i klimasamanheng. Regjeringa har i Meld. St. 21 (2011-2012) vektlagt at skogen skal bli brukt og forvalta berekraftig for å sikre eit høgt opptak av CO2, og slik at karbonlageret i skogen aukar. Skogressursane utgjer òg ei viktig kjelde til fornybar energi og til produksjon av trematerialar som erstatning for meir klimabelastande materialar.
Skog er ein fornybar ressurs som det er eit samfunnsansvar å halde ved like for kommande generasjonar. Det er eit betydeleg potensial for å auke oppbygginga av skog i Noreg gjennom tettare planting og planting av skog på nye areal. For å optimalisere framtidig skogproduksjon er det ønskjeleg at skogeigarane ved forynging av eksisterande skogareal vel høgare plantetettleik enn det som i dag er sett som minstekravet til plantetettleik. Dagens gjennomsnittlege plantetettleik vil berre kunne gjere bruk av om lag 60 pst. av produksjonspotensialet for skogareala. For å få planteaktiviteten opp på eit nivå som gir tilfredsstillande framtidig skogtilvekst og karbonopptak etter hogst, er det nødvendig med ei auka satsing på skogplanting i kombinasjon med auka kontroll med foryngingsinnsatsen hos skogeigarane. Departementet har sett i verk tiltak på området.
Meld. St. 21 (2011-2012) peiker på behovet for ein ytterlegare og betydeleg auka planteinnsats utover det som skogbruksmessig er nødvendig for å sikre auka karbonopptak og auka karbonlager i norske skogar.
Investeringar i infrastruktur er eit viktig verkemiddel i skogpolitikken fordi tilgang til skogressursane er ein føresetnad for skogbruket. Mykje av den hogstmodne skogen står langt frå veg og/eller i bratt terreng. Det er eit betydeleg behov for å styrkje satsinga på ombygging av skogsvegar slik at vegane skal tilfredsstille transportbehova og krava som transportutstyret i dag stiller. Det går fram av Meld. St. 9 (2011-2012) at Regjeringa vil sikre planlegging og saksbehandling ved bygging av skogsvegar som tek vare på dei behova næringa har for infrastruktur, samstundes som det blir teke omsyn til mellom anna viktige område for biologisk mangfald og område med nasjonalt viktige verneverdiar. Det blir lagt vekt på openheit og medverknad i planlegging og saksbehandling. Dette er blant dei tema som vil bli vurderte i det kommande arbeidet med revisjon av regelverket for planlegging og bygging av skogsvegar.
Taubanedrift kan ofte vere einaste alternativ for å hente ut tømmer i det bratte terrenget, og kan ha miljømessige fortrinn framfor anna driftsutstyr i slikt terreng.
Kystskogfylka har betydelege skogressursar og høg tilvekst, og tidlegare tiders skogreisingsområde er no i ferd med å bli hogstmodne. Samstundes har desse fylka i dag liten skogbruksverksemd og særskilte utfordringar, mellom anna dårleg utbygd infrastruktur. I ein rapport utarbeidd av SINTEF i 2011, på oppdrag frå Kystskogbruket, er det gjort framlegg om ei etablering av 60 kaier langs kysten til rundt 300 mill. kroner for å sørgje for ei rasjonell levering av tømmer frå kystskogen. Målsetjinga er å auke eigenproduksjonen av virke for å erstatte delar av importen. Utbygging av ein hensiktsmessig kaistruktur, først og fremst fleirbrukskaier, langs kysten kan vere eit viktig tiltak for å sikre kostnadseffektive leveransar av virke til innanlands foredlingsindustri og produktflyt til marknaden nasjonalt og internasjonalt. Dette vil bidra til å auke både sysselsetjing og verdiskaping. Tømmer og energivirke/flis krev stor lagrings- og omlastingsplass, noko som gjer at tømmerkaier har eit noko høgare kostnadsnivå enn kaier til anna bruk. Det kan derfor vere aktuelt med ei satsing på bygging av tømmerkaier tilpassa tømmertransport i Kystskogbruket.
Skogbruksplanlegging er eit sentralt verkemiddel, og har lenge vore avgjerande for miljøarbeidet i skogbruket. Gjennom skogbruksplanlegginga blir det framskaffa viktig miljøinformasjon som grunnlag for dei miljøomsyna som skal takast når ein driv skogbruk.
Løyvinga frå LUF kan brukast både til miljøregistreringar i samband med skogbruksplanlegginga og til miljøomsyn gjennom tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Miljøregistreringar må vere gjennomførte før ein kan setje i gang med skogbrukstiltak i eit område. Så langt har skogeigarane sett til side opp mot ein halv mill. dekar, fordelte på 70-80 000 førekomstar, for frivillige miljøomsyn, i hovudsak ikkje-hogst. På det noverande tidspunktet utgjer dette arealet 1-2 pst. av taksert produktivt skogareal. Det blir no arbeidd med å klarlegge kva for tømmerressursar desse områda omfattar. Det er grunn til å tru at områda inneheld 8-10 mill. m3 som elles kunne vore avverka, men som skogeigarane på frivillig basis set til side av omsyn til viktige miljøverdiar og i tråd med krav i Norsk PEFC Skogstandard og forskrift om berekraftig skogbruk. Registreringane dekker no store delar av det produktive skogarealet, og det er viktig å følgje opp dette arbeidet på ein god måte. Det inneber at innsamla data må forvaltast på ein slik måte at dei kan brukast opp att rasjonelt, og det må bli lagt til rette for nødvendige nykartleggingar i område der det er behov for det.
Helse- og utviklingstiltak sau og geit
Fleire ordningar under Landbrukets utviklingsfond har som mål å legge til rette for betre sjukdoms- og driftsforhold i sau- og geitenæringa, jf. Tabell 2.13. Sau- og geitenæringa har utfordringar med smittsame sjukdomar, snyltarar m.m. og behov for tilpassing av organisasjons- og samarbeidsformer for mest mogleg rasjonell utnytting av beiteressursane.
Tabell 2.13 Helse- og utviklingstiltak sau og geit, løyving i mill. kroner
Tiltak | 2011 | 2012 | Omdisp. Midlar 2012 | Framlegg 2013 |
---|---|---|---|---|
Utviklingstiltak for geit/friskare geiter | 15,0 | 15,0 | - | 15,0 |
Fortåte – prosjekt friske føter | 0,0 | 2,0 | 5,0 | 2,0 |
Nasjonalt beiteprosjekt | 5,0 | 5,0 | - | - |
Sum | 20,0 | 22,0 | 5,0 | 17,0 |
Utviklingstiltak for geit – Friskare geiter
CAE er frå 2011 listeført som B-sjukdom. Dette vil seie ein smittsam dyresjukdom som myndigheitene gjennomfører tiltak for å hindre utbreiinga av.
Mattilsynet har gitt retningslinjer om tiltak i perioden 2011-2018. Det blir føresett eit samarbeid med smittesaneringsprosjektet Friskare geiter, så lenge prosjektet er i funksjon.
Behov for midlar til påmeldte besetningar til sanering har vore større enn den avsette ramma både til sanering og kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott. Prosjektet er viktig for geitenæringa, og har derfor vore støtta over jordbruksavtalen i mange år. Det har både blitt gitt støtte til sanering og til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott.
Departementet gjer framlegg om at løyvinga til prosjektet blir vidareført for 2013 med 15 mill. kroner. 4 mill. kroner av avsetninga er øyremerka kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og tilskott til avløysing i samband med ferie/fritid.
Det blir lagt til grunn at prosjektet med dette blir sluttført v/prosjekteigar TINE, og at 2013 er siste året prosjektet får støtte til sanering over jordbruksavtalen. Det blir òg lagt til grunn at kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott på 4 mill. kroner likevel kan vidareførast.
Fotråte – prosjekt Friske føter
I 2012 blei det i tillegg til løyvinga på 2 mill. kroner, sett av 5 mill. kroner frå omdisponerte midlar til prosjektet, jf. Prop. 122 S (2011-2012). Departementet foreslår ei løyving på 2 mill. kroner for 2013. Det blir lagt til grunn at prosjektet blir avslutta i si noverande form i 2013. Landbruks- og matdepartementet er kjent med at det vil bli utarbeidd ein plan for oppfylging av eventuelt nye indikasjonar av sjukdomen etter 2013.
Forsking
Landbrukssektoren har eit omfattande kunnskapsbehov som FoU-midlar over jordbruksavtalen skal bidra til å løyse. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga til forsking med 5 mill. kroner til 53 mill. kroner i 2013. I eit langsiktig perspektiv skal midlane bidra til kunnskap som aukar den norske matproduksjonen og til auka innovasjon og konkurranseevne i landbruks- og matsektoren. Midlane skal òg gje kunnskap om klimatilpassingar og sikre kunnskapsutvikling for forvaltninga. For 2013 skal særleg forsking prioriterast innan agronomiske fagområde for auka matproduksjon.
For å sikre ein effektiv ressursutnytting må disponering av midlane sjåast i samanheng med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og programma i Noregs forskingsråd.
Midlar til konfliktførebyggande tiltak jordbruk/reindrift
Midlar til konfliktførebyggande tiltak mellom jordbruk og reindrift, blir forvalta av Innovasjon Noreg. Departementet gjer framlegg om at det blir sett av 1,5 mill. kroner til konfliktførebyggande tiltak mellom jordbruk og reindrift i 2013. Løyvinga er da justert opp i samsvar med tilsvarande løyving over reindriftsavtalen til denne ordninga, jf. kap. 1151.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
I jordbruksoppgjeret 2012 blei det bestemt å innføre tilskott til grøfting over SMIL- ordninga. Det er sett av 100 mill. kroner til grøfting i 2013. SMIL- ordninga vidareførast elles på same nivå som i 2012. Departementet vil utarbeide regelverk for grøfttilskott i løpet av hausten 2012.
Biogass
Frå 2013 blir det oppretta tilskott til levering av husdyrgjødsel i biogassanlegg. Tilskottet blir utbetalt til leverandøren av husdyrgjødsel. Det er sett av 1 mill. kroner for 2013. For meir detaljer om tilskottet, sjå Prop. 122 S (2011-2012) Jordbruksoppgjeret 2012.
Utviklingstiltak i økologisk landbruk
Avsetninga til utviklingstiltak vidareførast på same nivå for 2013. Departementet legg opp til ei ekstra vektlegging av marknadsprosjekt for å auke omsetninga av økologiske varer. Avsetninga til økologisk landbruk på LUF skal evaluerast saman med resten av satsinga på økologisk landbruk.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70.11 | Tilskott til marknadstiltak | 18 900 | 20 900 | 30 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisordninga | 167 178 | 170 000 | 179 000 |
Sum post 70 | 186 078 | 190 900 | 209 400 |
Budsjettframlegg 2013
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare, og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekte av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. Frå 2013 er 7,5 mill. kroner i tilskott til opplysningsverksemd for frukt, grønt og potet flytta til posten frå post 77 underpost 15. Budsjettet omfattar då følgjande tiltak:
Opplysningsverksemd og avsetningstiltak hagebruk: 11,4 mill. kroner
Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk: 14 mill. kroner
Tilskott til kadaverhandtering: 5 mill. kroner
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 30,4 mill. kroner i 2013.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga
Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.
Prisane på verdsmarknaden har variert mykje dei seinaste åra. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar òg løyvingsbehovet.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 179,0 mill. kroner i 2013.
Post 71 Tilskott til erstatningar med meir, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot, og ved katastrofeprega tap av sau på beite.
Posten omfattar følgjande ordningar:
Som følgje av klimatiske årsaker:
1. erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon
2. erstatning ved tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon
3. tilskott til reparasjon av vinterskadd eng
4. tilskott ved rognebærmøllskader i epleproduksjon
Som følgje av katastrofeprega hendingar:
5. erstatning for tap av sau på beite
Det blir ikkje gitt erstatning dersom tapet kan bli dekt gjennom allment tilgjengelege forsikringsordningar.
Erstatningsordningane som dekker kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73.
Rapportering 2011
I 2011 var det store skader på avlingane særleg på Sør- og Austlandet som følgje av store mengder nedbør og flaum. Det ga mykje større utbetalingar av skadeerstatningar enn i eit normalår. Som følgje av dei store skadane fremma departementet forslag til Stortinget i nysalderinga av budsjettet for 2011 om å auke løyvinga på kap. 1150 post 71 med 40 mill. kroner frå 33 mill. kroner til 73 mill. kroner. Stor saksmengd og krevjande sakshandsaming inneber at ein vesentleg del av erstatningane først blir utbetalte året etter skadeåret. Derfor fremma departementet tillegg til Prop. 1 S (2011-2012) med forslag om å auke løyvinga for 2012 med 30 mill. kroner til 70 mill. kroner. Samla blei derfor skadane i 2011 anslått til å føre til auka utbetalingar over ordninga med 70 mill. kroner. I ettertid har det vist seg at ein større del av erstatningane først blei betalt ut i 2012 enn det som var lagt til grunn.
Budsjettframlegg 2013
For 2013 legg departementet til grunn at skadeutbetalingane vil vere som i eit normalår og gjer framlegg om ei løyving på 40 mill. kroner.
Framlegget er basert på følgjande prognose for delordningane:
Erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon | 30,0 mill. kroner |
Erstatning ved tap av bifolk | 0,3 mill. kroner |
Erstatning for svikt i honningproduksjon | 2,8 mill. kroner |
Tilskott til reparasjon av vinterskadd eng | 4,0 mill. kroner |
Tilskott ved rognebærmøllskade i epleproduksjon | 0,2 mill. kroner |
Erstatning ved tap av sau på beite | 2,7 mill. kroner |
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 128 023 | 140 000 | 130 000 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 536 973 | 554 000 | 576 700 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 652 127 | 668 000 | 658 900 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 8 891 | 5 700 | 6 400 |
73.17 | Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 62 480 | 81 700 | 87 700 |
73.18 | Frakttilskott | 289 524 | 318 000 | 342 700 |
73.19 | Tilskott til prisnedskriving av norsk korn | 359 295 | 445 700 | 445 700 |
73.20 | Tilskott matkorn | 79 984 | 34 600 | 48 400 |
73.21 | Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse | 35 066 | 42 400 | 42 400 |
Sum post 73 | 2 152 363 | 2 290 100 | 2 338 900 |
Budsjettframlegg 2013
For pristilskotta under jordbruksavtalen er det satsar per eining som blir fastsette. Løyvinga vil derfor variere som følgje av endra volum under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2013 at forbruket på posten vil gå ned med 35,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjettet for 2012. Dei justerte satsane i jordbruksoppgjeret gir ei auke på 84,0 mill. kroner. Samla gir dette ei auka løyving i 2013 på 48,8 mill. kroner samanlikna med 2012.
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til betring av kvaliteten på norsk ull, samt å sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
Det blei ikkje gjort framlegg om satsendringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret. Prognosert volum er justert ned, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 130 mill. kroner for 2013.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.
Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 175 øre per liter.
I jordbruksoppgjeret blei distriktsprofilen styrka ved at satsane for distriktstilskott mjølk blei auka med 1 øre/liter i sone B, 2 øre/liter i sone C og 3 øre/liter i sonene D-J. Det blei ikkje gjort endringar for sone A og 0. Dette gir ei auka løyving på 30,7 mill. kroner, mens volumjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 8,0 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 576,0 mill. kroner til pristilskott for mjølk for 2013. Denne er fordelt med 62,0 mill. kroner til grunntilskott geitmjølk, og 514,0 mill. kroner i distriktstilskott til all mjølk.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.
Formålet med distriktstilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på 5 soner der sone 1 ikkje får tilskott. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av gris i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet unntatt Rogaland. Produksjon av kylling/kalkun i same område på Vestlandet får òg noko tilskott.
Formålet med grunntilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
I jordbruksoppgjeret blei distriktsprofilen styrkt ved at satsane for distriktstilskottet til den grovfôrbaserte kjøttproduksjonen blei auka med 0,30 øre/kg i sonene 3-5. Dette inneber ei auka løyving på 9,0 mill. kroner, mens prognosen for justert volum i 2013 gir ei innsparing på posten med 18,1 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 658,9 mill. kroner til ordninga i 2013. Av dette utgjer grunntilskottet 88,5 mill. kroner, mens 570,4 mill. kroner er distriktstilskott.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som bidrar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i satsane, mens det er prognosert ei volumauke tilsvarande 0,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,4 mill. kroner i 2013.
Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet
Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.
Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren, og bidra til ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott til areal- og kulturlandskap. I tillegg er det tak på produksjon og utbetalt tilskott som blei heva i jordbruksoppgjeret. Samla innebar desse justeringane, og heving av satsane eit auka løyvingsbehov på 6,0 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 87,7 mill. kroner i 2013.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Underposten omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar. Frakttilskott egg blir berre gitt til produksjon i Nord-Noreg, mens dei andre ordningane er baserte på at produsentane må dekke ein eigendel av kostnadane.
I jordbruksoppgjeret blei det vedteke endringar i ordningane med tilskott til frakt av korn og kraftfôr etter same modell som omlegginga med tilskott til frakt av kjøtt i 2012. Fleire mindre ordningar blei avvikla, mens ordninga med tilskott til frakt av kraftfôr blir meir målretta mot dei produsentane som har dei høgaste fraktkostnadene. Totalt innebar endringane i jordbruksoppgjeret ei auka løyving til ordninga med 24,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 342,7 mill. kroner i 2013, fordelt med 130,0 mill. kroner til kjøtt, 8,2 mill. kroner til egg og 204,5 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga, og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremme avsettinga av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar for desse varene. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret i år.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 445,7 mill. kroner for 2013.
Underpost 73.20 Tilskott til matkorn
Tilskottet til matkorn blir gitt til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av både norskprodusert og importert korn. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer i forhold til import.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for tilskottet auka med 4 øre/kg.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 48,4 mill. kroner i 2013.
Underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 42,4 mill. kroner til ordninga i 2013.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon | 1 182 971 | 1 365 600 | 1 359 400 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 2 238 802 | 2 389 200 | 2 427 400 |
74.16 | Beitetilskott | 695 694 | 737 200 | 750 900 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 122 267 | 3 281 119 | 3 247 000 |
74.19 | Regionale miljøprogram | 405 367 | 428 500 | 428 500 |
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 122 656 | 135 700 | 114 300 |
74.22 | Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel | 12 864 | 14 000 | 14 000 |
Sum post 74 | 7 780 621 | 8 351 319 | 8 341 500 |
Budsjettframlegg 2013
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for driftstilskott til mjølkeproduksjon auka med 5 000 kroner per føretak i heile landet med unntak av Jæren der satsen blei auka med 3 000 kroner. Dette utgjer ei auka løyving tilsvarande om lag 51 mill. kroner. Driftstilskott til kjøttfeproduksjon blei lagt noko om ved at maksimalt tilskott per føretak blei justert frå 50 kyr til 40 kyr. Det tilsvara ei auka løyving på 20 mill. kroner.
For underposten samla inneber reduksjonen i talet på mjølkeføretak ei innsparing på 78 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 359,4 mill. kroner for 2013. Det fordeler seg med 177,0 mill. kroner til kjøttfeproduksjon og 1 182,4 mill. kroner til mjølkeproduksjon.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte birøkt og husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.
Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per eining blir avtrappa med aukande tal på einingar. I jordbruksoppgjeret er det òg sett ei maksimalgrense i utbetaling per år for ordninga på 280 000 kroner per føretak. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka til grovfôretande dyr og birøkt tilsvarande vel 84 mill. kroner. Tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet reduserer løyvingsbehovet med 46 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 427,4 mill. kroner i 2013. Av dette utgjer tilskottet til varingsverdige storferasar 4,9 mill. kroner og birøkt 9,8 mill. kroner.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Underposten består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett på tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra. Formålet med ordningane er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordningane har òg ei positiv effekt på dyrevelferda.
I jordbruksoppgjeret blei tilskottssatsane auka tilsvarande 21,9 mill. kroner, mens tilpassing av løyvingsbehovet reduserer løyvinga med 8,2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 750,9 mill. kroner i 2013, som fordeler seg med 349,6 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 401, 3 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Underposten består av eit kulturlandskapstilskott med same sats per dekar til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og føretaka må mellom anna ha ein miljøplan for å oppnå maksimalt tilskott. Miljøplanen skal bidra til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.
Som eit viktig tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt tilskott per dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker og hagebruksvekstar med varierande satsar etter størrelse og geografisk plassering. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, mellom ulik storleik på føretaka og mellom distrikta.
I jordbruksoppgjeret blei det i år berre gitt satsauke for dei første einingane i grønsaker, frukt og bær tilsvarande 9,0 mill. kroner. Tilpassing av løyvinga til gjeldande arealfordeling gir ei innsparing på 43 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 247,0 mill. kroner i 2013. Dette fordeler seg med om lag 1 690 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 1 557 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Regionale miljøprogram
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.
Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i sitt område, og vil bidra til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Regionale miljøprogram har medverka til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing då miljøutfordringane ikkje er like frå fylke til fylke.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 428,5 mill. kroner i 2013.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk
Underposten dekker ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott.
Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket i Noreg skal vere økologisk i 2020.
For å stimulere til ein betre balanse mellom økologisk grovfôrareal og produksjon av mjølk og kjøt har ein i jordbruksoppgjeret vidareført endringa partane var einige om i 2011 ved å redusere tilskottet til økologisk grovfôrareal og å auke satsane tilsvarande for husdyrtilskotta. Kornkampanjen med eit ekstra tilskott på 100 kroner per dekar blir vidareført til 2013 for dei som bare har vore med eit år.
Med uendra satsar blir løyvingsbehovet redusert med 17,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 114,3 mill. kroner i 2013. Dette fordeler seg med 13,5 mill. kroner i tilskott til omlegging, 57,5 mill. kroner i husdyrtilskott og 43,3 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.22 Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel
Husdyrgjødsla utgjer om lag ¼ av alt nitrogenet som blir brukt i jordbruket. Gjennom vanleg spreiing forsvinn mykje av nitrogenet i form av ammoniakk (NH3). Dette er ei ordning som finansierer eit pilotprosjekt som har som mål å auke den delen av gjødsla som blir spreidd med miljøvennleg spreieteknologi og/eller som blir molda ned.
Oppslutninga om ordninga er god, og det blir gjort framlegg om ei vidareføring av løyvinga med 14 mill. kroner i 2013.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 87 192 | 87 970 | 90 670 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 8 880 | 11 520 | 10 020 |
77.13 | Tilskott til forsøksringer og teknisk planlegging | 47 500 | 48 500 | 52 000 |
77.14 | Tilskott til pelsdyrfôrlag | 23 200 | 23 200 | 23 200 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 34 670 | 52 336 | 48 700 |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 10 000 | 10 000 | 11 000 |
Sum post 77 | 211 442 | 233 526 | 235 590 |
Budsjettframlegg 2013
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og bygge på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og bidra til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
I jordbruksoppgjeret blei det òg løyvd midlar til eit prosjekt med formål å utvikle norske kjøttfeavl.
For 2013 er det prognosert 30,7 mill. kroner i tilskott til semintenester, 45,8 mill. kroner til veterinærreiser og 14,2 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 90,7 mill. kroner for 2013.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremme frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang av klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,0 mill. kroner for 2013.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgjeving
Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å legge eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgjeving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for å tilby ei landsdekkjande teneste knytt til teknisk planlegging i landbruket.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 52 mill. kroner for 2013.
Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr
Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å bidra til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremme ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr og bidra til geografisk utjamning av produksjonskostnader.
Produksjon av pelsdyrskinn har ikkje noko grensevern, og tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt. Refusjonsordninga skal bidra til at fôrkostnadene i næringa blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2012. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Underposten inneheld fleire ordningar som skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. For å fremme omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.
Det er gjort framlegg om at tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker som finansierast kollektivt over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift flyttast til post 70. Tilskottet skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 52,3 mill. kroner i 2013 som er fordelt på følgjande tilskottsordningar (i mill. kroner):
1. | Utvikling av plantemateriale | 27,1 |
2. | Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet | 7,5 |
3. | Kvalitetstiltak settepotetavl | 6,7 |
4. | Produsentsamanslutningar | 0,2 |
5. | Handlingsplan plantevernmiddel | 10,0 |
6. | Premieringsordning for økologisk kjøtt | 1,0 |
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. I jordbruksoppgjeret blei tilskottet auka med 1 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 11 mill. kroner til ordninga i 2013.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 135 628 | 1 155 669 | 1 168 319 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 173 442 | 176 900 | 190 500 |
78.13 | Medlemsavgift til folketrygda | 130 800 | ||
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 88 000 | 88 000 |
78.15 | Tilskott til andre velferdstiltak | 69 203 | 69 000 | 69 000 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 94 384 | 95 035 | 93 035 |
Sum post 78 | 1 691 457 | 1 584 604 | 1 608 854 |
Budsjettframlegg 2013
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid
Formålet med ordninga er å legge til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av innleie av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver.
I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 3,5 pst., og det maksimale tilskottet per føretak blei auka med 2 400 kroner til 69 000 kroner per føretak. Det gir ei auka løyving på om lag 39,6 mill. kroner, mens reduksjon i talet på dyr og i talet på føretak gir ei innsparing på 25,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 168,3 mill. kroner for 2013.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon, heilårs veksthusproduksjon og planteproduksjon i onneperiodar, når brukaren av særlege grunnar, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk. I jordbruksoppgjeret blei den maksimale dagsatsen auka frå 1 300 kroner til 1 400 kroner per dag. Dette styrkjer òg landbruksvikarordninga.
I jordbruksoppgjeret blei det òg innført ei ordning med tidskonto for foreldre som nyttar ordninga til NAV med gradert uttak av foreldrepengar over 3 år. Ordninga er anslått å auke løyvingane med 2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 190,5 mill. kroner for 2013.
Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda
Primærnæringane hadde i mange år same sats for avgift til folketrygda av pensjonsgivande inntekt som lønnsmottakarane. Ein kalkulert skilnad mellom satsen for jord- og skogbruk, og satsen for andre sjølvstendig næringsdrivande, har blitt dekka gjennom ei overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Frå 2012 blei pensjonsgivande inntekter frå jord- og skogbruk gitt same avgift til folketrygda som for andre næringsdrivande, og denne ordninga blei avvikla.
Grunnlaget for denne løyvinga fell derfor bort frå 2012.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i landbruket
Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekker tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2013.
Underpost 78.15 Tilskott til andre velferdstiltak
Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga og tilskott til Landbruket si HMS- teneste.
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved alvorleg skade eller sjukdom. I 2008 blei det etablert ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning gjennom avløysarlaga. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 270 200 kroner. Det er sett av 55 mill. kroner til ordninga i 2013.
Landbruket si HMS-teneste er ei ideell stifting oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggjande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket og bidra til at yrkesutøvarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet, og for å skape ein sikker arbeidsplass. Større oppslutning om ordninga gir meir eigenfinansiering. Det blir sett av 14 mill. kroner over ordninga i 2013 til Landbrukets HMS-tjeneste. I tillegg skal det finansierast ein kampanje for HMS i landbruket.
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 69 mill. kroner for 2013.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å bidra til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Noko redusert utnytting av ordninga gir ei prognosert innsparing på 2 mill. kroner i 2013.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 93 mill. kroner for 2013.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
50 | Refusjon frå Kornfondet | 10 000 | ||
70 | Tilbakebetalte tilskott til reguleringsanlegg | 3 658 | ||
85 | Marknadsordninga for korn | 44 658 | 27 700 | 59 520 |
Sum kap. 4150 | 58 316 | 27 700 | 59 520 |
Budsjettframlegg 2013
Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut målprisar for protein og fett som gir om lag same råvarepris for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som til dømes soya blir ikkje pålagt toll når dei blir importert til mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr blir da pålagt ei prisutjamning.
Prisauke på norsk korn i jordbruksoppgjeret gir auka målpris på protein, og høgare prisutjamningsbeløp. Prisutjamningsbeløpet er òg påverka av prisane på verdsmarknaden. Det er prognosert ei viss nedgang i verdsmarknadsprisar på soya og anna protein som òg gjer at løyvinga på posten går noko opp. Totalt auka løyvinga etter dette med om lag 31 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving i 2013 på 59,520 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Framlegg 2013 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 45 186 | 32 800 | 34 100 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 6 100 | 6 100 | 6 100 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 54 803 | 60 000 | 62 400 |
79 | Velferdsordningar | 2 833 | 3 100 | 1 900 |
Sum kap. 1151 | 108 922 | 102 000 | 104 500 |
Formål med løyvinga
Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen drøftast dei sentrale økonomiske verkemidla, blant anna ut frå dei behov og utfordringar næringa til ei kvar tid står overfor.
For nærmare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, viser departementet til omtale under kat. 15.30, Prop. 104 S (2011-2012) Reindriftsavtalen 2012/2013 og Innst. 344 S (2011-2012). Nærmare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapittelet går fram av budsjettframlegg for 2013.
Rapportering 2011
Reindrifta har fleire utfordringar. Talet på rein og andre rammevilkår blir no følgde opp gjennom reglane i reindriftslova om bruksreglar. Det har i 2011 vore ei intensiv oppfølging av dei distrikta som ikkje har levert bruksreglar og dei distrikta som har fått bruksreglane i retur, og behandlinga i styringsorgana av bruksreglane, sjå òg kap. 1147.
Tal frå rekneskapet i totalkalkylen viser ein nedgang i resultatoppnåinga frå 2009 til 2010. Det totale vederlaget for arbeid og eigenkapital er redusert frå 169,4 mill. kroner til 152,6 mill. kroner. Denne reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene på 5,6 mill. kroner grunna reduksjon i produsentprisen, og ein reduksjon i livdyrverdien på 4,4 mill kroner. I tillegg auka kostnadene frå 159,2 mill. kroner til 172,7 mill. kroner. Ser ein på utviklinga frå 2007 aukar kostnadene med 35 pst. på fire år. Dette gir grunn til uro når det gjeld å nå målet om økonomisk berekraft, men det har førebels ikkje vore mogeleg å avklare årsaksfaktorane for denne betydelege kostnadsauken.
Marknadssituasjonen for reinkjøtt var svært vanskeleg hausten 2009 og fram til hausten 2011, særleg for reineigarar og slakteri- og vidareforedlingsbedrifter i Finnmark. Den vanskelege marknadssituasjonen etablerte ein lågare pris på reinkjøtt. Dette medverka til en monaleg auke i salet frå hausten 2011. Med bakgrunn i ein reduksjon i slakteuttaket hausten 2011 har det auka salet medverka til ein reduksjon av lagerbehaldninga til reguleringslageret, og ein reduksjon av lageret til den enkelte bedrifta.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Tilsvarande som for tilskottforvaltninga under kapittel 1150 er det behov for tilpassingar i forhold til normale prosedyrar for ordningar under kapittel 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekke verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapportering frå Økonomisk utvalg for reindriften i forkant av dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Reindriftsforvaltninga. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kapittel 1147. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekke nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg. I den samanheng har departementet klargjort ansvar og oppgåver for innovasjon Noreg. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ein del ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Reindriftsforvaltninga er sekretariat for styret. I desse samanhengane ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
Reindriftsavtalen for 2012/2013
Den 23. februar kom Staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ei avtale for 2012/2013. Reindriftsoppgjeret for 2012/2013 har ei ordinær ramme på 104,5 mill. kroner. Dette er ei auke på 2,5 mill. kroner i forhold til Reindriftsoppgjeret 2011/2012.
Hovudmålet til Reindriftsavtalen 2012/2013 er å legge til rette for auka marknadsretta produksjon og verdiskaping. Avtalen inneber ei avvikling av VSP-rein, og etablering av eit program for reindrifta tilsvarande Lokalmatprogrammet. Det nye programmet skal vere tilpassa utfordringane i reinbedrifta. Samstundes skal reiselivsbasert næringsutvikling i reindrifta, og samarbeidstiltak mellom reindrifta og foredlingsbedrifter inngå i programmet.
Partane er blitt samde om å etablere ei eiga ordning for lærings- og omsorgsbaserte tenester i reindrifta. Avtalepartane ser på lærings- og omsorgsbaserte tenester som eit næringsretta tiltak og ein sjanse for reindrifta til auka inntening. I tillegg vil ei slik ordning bidra til å bygge eit positivt omdøme omkring reindrifta. Ordninga skal vere tilpassa kultur- og eigenarten i næringa.
Med enkelte satsaukingar blir dei produksjonsavhengige tilskotta vidareført. Denne vidareføringa legg til rette for auka slakting og produksjon. Den framforhandla avtalen gir grunnlag for framleis positiv utvikling av reindrifta. Samstundes underbygger den framforhandla avtalen dreiinga ein har hatt av verkemiddel i reindriftsavtalen dei seinare åra, med eit større næringsretta fokus og ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudnæring.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2013 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2012/2013, jf. Innst. 344 S (2011-2012). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærmare omtale finst i Prop. 104 S (2011-2012) og Innst. 344 S (2011-2012).
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Utviklingsfondet til Reindrifta skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei det gjort følgjande avsetjingar:
1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak,
2,0 mill. kroner til Sametinget sine tilskottsordningar til næringsutvikling (STN),
1,45 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak,
8,0 mill. kroner over RUF til Reinprogrammet
2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga,
4,1 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak,
5,3 mill. kroner til pramming av rein
0,35 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester
0,2 mill. kroner til eit forprosjekt om klassifisering av reinsdyrkjøtt.
Avsetjingane over midlane til RUF utgjer totalt 34,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,3 mill. kroner i forhold til Reindriftsavtalen 2011/2012.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er sett til 6,1 mill. kroner, her medrekna 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Framlegg 2013 |
75.11 | Frakttilskott | 1470 | 1 900 | 1 900 |
75.12 | Tilskott til driftseiningar og tamreinlag | 43 165 | 48 200 | 50 600 |
75.13 | Distriktstilskott | 8 712 | 9 900 | 9 900 |
75.18 | Tidlegslaktetilskott i Finnmark | 1 453 | - | - |
Sum post 75 | 54 800 | 61 800 | 62 400 |
Tilskotta skal bidra til å fremme ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 62,4 mill. kroner for 2013, jf. omtalen nedanfor.
Underpost 75.11 Frakttilskott
Føremålet med frakttilskottet er å bidra til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt og å bidra til utjamning av fraktkostnader til marknaden. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1,9 mill. kroner.
Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag
Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:
Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane blir rekna med 26 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,4 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner pr tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 23,0 mill. kroner til produksjonspremie.
Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokre av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 13 500 kroner per siidaandel i alle reinbeiteområda. I dei siidaandelane der kvinner står som enkeltinnehavarar eller eigaren av siidaandelen er under 30 år per 1.1.2013, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir vidareført med ein sats på 60 000 kroner. Det er sett av 9,2 mill. kroner til driftstilskott.
Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er 275 kroner pr kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.2012-31.12.2012 for å stimulere til størst mogeleg haustslakting. Det er sett av 15,4 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.
Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandeler der begge ektefellar eller sambuarar driv aktiv reindrift blir vidareført med ein sats på 42 500 kroner. Inntektsnivået for å kunne søkje om tilskott er auka frå 175.000 kroner til ei bruttoinntekt utanom reindrifta på 200.000 kroner. Det er sett av 3,0 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Totalt blir det gjort framlegg om ei løyving på 50,6 mill. kroner.
Underpost 75.13 Distriktstilskott
Føremålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av areala til reindrifta, auka lønnsemd og tilrettelegging for kriseberedskap. Eit vilkår for tilskott til distrikta er at det i distriktet skal vere utøvd ei reindrift som er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter for næringa. Satsen til administrasjon, planlegging og ressursforvaltning i reinbeitedistrikta, medrekna Trollheimen, vidareførast med 40 000 kroner pr distrikt. Ved ei samanslåing av distrikt blir grunnbeløpet auka i tråd med talet på distrikt som blei slått saman, avgrensa til to år etter samanslåinga.
Det særskilte tilskottet for beiteleige i Trollheimen blir vidareført. Beløpet på 100 000 kroner blir disponert av Reindriftsforvaltninga, som får ansvar for betaling av leige etter beiteavtalen.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 9,9 mill. kroner.
Post 79 Velferdsordningar
Det er sett av 300 000 kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner pr år, og tobrukarpensjon er sett til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje stillinga til kvinner i reindrifta. Det gjeldande regelverk og dei gjeldande satsane blir ført vidare.
Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekker tilleggspremien for ei auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Fram til 2012 hadde reindriftsnæringa slik som jordbruket ei trygdeavgift på 7,8 pst. For å dekke differansen mellom 7,8 pst. og 11 pst. har det sidan 1993 blitt overført 1,2 mill. kroner frå reindriftsavtalen til folketrygda. Frå og med 2012 blir trygdeavgifta for næringsinntekt frå reindrift og jordbruk auka til 11 pst., slik at denne no er på same nivå som ordinær trygdeavgift for næringsinntekter. Samstundes blir reindriftsfrådraget auka. Denne auken saman med ei omdisponering av tidlegare bidrag på 1,2 mill kroner til inntektsgivande tiltak, skal bidra til at reineigarane som er tilskottsmottakar over reindriftsavtalen går samla sett i balanse.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1,9 mill. kroner.
Kap. 1161 Statskog SF – forvaltningsdrift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Tilskott til forvaltningsdrift | 12 673 | 12 673 | 13 091 |
75 | Oppsyn i statsalmenningar | 9 296 | 9 296 | 9 603 |
Sum kap. 1161 | 21 969 | 21 969 | 22 694 |
Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift
Formål med løyvinga
Formålet med Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal òg arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Samtundes er det knytt kostnader til å ha oppsyn med og legge til rette for bruk av store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ein eigen avtale.
Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytt til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene under tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar går òg inn her.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene, har Statskog SF ei rekke ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn med og kontakt med brukarar av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 mill. daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.
Statskog SF skal legge til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på føretaket sine areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og bygger og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Rapportering 2011
På post 70 er det i 2011 rekneskapsført 12,7 mill. kroner, som er i samsvar med løyvinga. Rekneskapen viser at det er nytta 1,8 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2011. Dette er om lag 0,7 mill. kroner mindre enn året før. Behovet for midlar til skogbruksverksemd varierer frå år til år. Nedgangen frå 2010 til 2011 skuldast i hovudsak lågare aktivitet innanfor planlegging og miljøregistrering og mindre arbeid med skogvern og tildeling av bruksrett. Om lag 23 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. Totalt utgjer avverka kvantum i 2011 om lag 41 pst. av balansekvantum. Det blei brukt 0,3 mill. kroner til offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt.
Vidare viser rekneskapen at det i 2011 blei brukt 4,4 mill. kroner til oppsyn, ein reduksjon på om lag 0,3 mill. kroner i forhold til 2010. Tilsynet retter seg mot førebyggjande verksemd, ordinært tilsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. I 2011 har mykje av tilsynet retta seg mot fjerning av søppel, riving av ulovlege bygg og opprydding.
Til arbeidet med friluftsliv blei det i 2011 brukt om lag 4,3 mill. kroner, ein reduksjon på om lag 0,9 mill. kroner i forhold til 2010. Prioriterte tiltak i 2011 omfattar tilsyn og vedlikehald av etablerte anlegg som bruer, turvegar, rasteplassar og opne buer, i tillegg til informasjonsarbeid. Tiltaka skjer i samsvar med føretaket sin eigen Handlingsplan for friluftslivet 2009 – 2012.
Det er òg i 2011 lagt vekt på samarbeid og kontakt med reindriftsutøvarane og reindriftsforvaltninga.
Fond for forvaltningsoppgåvene
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Dette gjeld mellom anna inntektene frå fritidsfestekontraktar i statsallmenningane. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Størrelsen på dei årlege inntektene er viktig for tiltaka som skal legge til rette for auka aktivitet i statsallmenningane.
I 2010 blei Grunneigarfondet redusert med 22 mill. kroner. Etter at Statskog tapte fleire rettssaker om regulering av festekontraktar vedtok Statskog å avstå frå marknadsregulering av festeavgiftar. Statskog vedtok òg at dei som festar tomt til fritidsbustad av Statskog, og som har betalt marknadsregulert festeavgift, skulle få tilbakebetalt delar av festeavgifta. Grunneigarfondet var per 31.12.2011 på 4,1 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 0,4 mill. kroner samanlikna med 2010. Økonomien i Grunneigarfondet er avgjerande for omfanget av og kvaliteten på Statskog SF sin administrasjon og forvaltning og føretaket sin moglegheit for å bruke midlar til tiltak. Departementet vil derfor i tida framover vurdere aktuelle tiltak for å styrkje fondet sin økonomi.
Allmenningsfonda var per 31.12.2011 på 52,6 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond på opp mot 1 mill. kroner brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,091 mill. kroner.
Posten omfattar tilskott til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF.
Statskog SF sine oppgåver knytt til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei med bruksrett, skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar med vidare.
Det vil òg i 2013 vere behov for å føre tilsyn med Statskog SF sine areal, mellom anna for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka. Eksempel på slike brukarar er reindriftsnæringa, når det gjeld arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk; og forsvaret, når det gjeld grunn som ikkje blir festa men rekvirert ved øvingar. Service og tilsyn med brukarar er mellom anna viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.
Vidare skal Statskog SF i 2013 halde fram arbeidet med å legge til rette for allmenta si bruk og tilgang til areala. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremmer sikkerheit og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er eit generelt etterslep på vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast i stand så langt som mogeleg. Statskog SF har ut over dette framleis utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære o.a. som treng opprusting.
Post 75 Oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Posten dekker tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn er skjedd i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Ordninga skal legge til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Fjellstyret gir instruks for oppsynstenesta.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. daa, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal førebygge miljøkriminalitet og bidra til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter lov av 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Rapportering 2011
I 2011 blei det gitt 9,3 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av fjellstyra sine budsjett, rekneskap og rapportering og etter ein nøkkel som tilgodeser små fjellstyre. Noko under halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, medan dei resterande midlane er brukt til saksbehandling og anna innearbeid som gir rett til tilskott. I forhold til 2010 er det ein svak auke i innearbeidet og ei tilsvarande nedgang i utearbeidet, noko som truleg skuldast aukande krav til saksbehandling og medverknad i offentleg planlegging, verneplanar med meir. For 2011 er det rapportert om 7176 kontrollar, ei svak auke samanlikna med 2010. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Som dei siste åra er det utført flest kontrollar av fiske og jakt, mens kontroll av motorferdsel, vernereglar og anna berre står for ein liten del av den samla aktiviteten. Det er rapportert om 92 ulovlege forhold. Dette er ein liten auke frå 2010, men framleis lågt samanlikna med situasjonen tidleg på 2000 talet.
Budsjettframlegg 2013
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 9,603 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Departementet meiner at løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og gir rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.
Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO driv. Fjelloppsynet sin lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
90 | Avdrag på lån | 10 000 | 50 000 | |
Sum kap. 4162 | 10 000 | 50 000 |
Post 90 Avdrag på lån
Budsjettframlegg 2012
Departementet legg til grunn at auka eigenkapital frå inntektene frå arronderingssalet som starta hausten 2011, blir nytta til avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010-2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Føretaket står fritt til å betale avdrag utover årleg minimumsavdrag på 10 mill. kroner. Med utgangspunkt i prognosane for salet i 2013 er forventa avdrag sett til 50 mill. kroner.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
70 | Avgifter i matforvaltninga | 654 348 | 117 000 | |
71 | Totalisatoravgift | 140 429 | 125 000 | 125 000 |
Sum kap. 5576 | 794 777 | 242 000 | 125 000 |
Post 70 Avgifter i matforvaltninga
Sektoravgiftene i matforvaltninga blei avvikla frå 1. januar 2012.
Post 71 Totalisatoravgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.
I 2011 var den samla omsetninga på totalisatorspel 3 813 mill. kroner. Dette var noko høgare enn året før. For 2013 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 3 400 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving under posten på 125 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.
For å hindre uønskt reklame er det fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel. Lotteri- og stiftingstilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 | Pst. endr. 12/13 |
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 13 450 | 5 000 | 5 000 | 0,0 |
5652 | Renter og utbytte – Statskog SF | 36 010 | 29 900 | 43 800 | 46,5 |
Sum kategori 15.40 | 49 460 | 34 900 | 48 800 | 39,8 |
Landbruks- og matdepartementet forvaltar, på vegne av staten, statsføretaket Statskog SF, samt staten sine aksjeinteresser i aksjeselskapa Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS, Graminor AS, Staur gård AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS, Instrumenttjenesten AS og ITAS Eierdrift AS.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
85 | Utbytte | 13 450 | 5 000 | 5 000 |
Sum kap. 5651 | 13 450 | 5 000 | 5 000 |
Post 85 Utbytte
Landbruks- og matdepartementet og underliggande verksemder forvaltar staten sitt eigarskap i Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO) og dei mindre selskapa Graminor AS, Instrumenttjenesten AS, ITAS Eierdrift AS Staur Gård AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. I 2013 blir det budsjettert med eit utbytte på 5 mill. kroner frå VESO, mens det ikkje blir budsjettert med utbytte frå dei andre selskapa.
Eitt mål for staten sitt eigarskap er at selskapa oppnår langsiktig avkastning på investert kapital. For selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapet er slik avkastning det sentrale omsynet i eigarskapsforvaltninga, jf. Meld. S nr. 13 (2010-2011) der regjeringa sine forventningar til utbytte og avkastning er omtalt under pkt. 5.4.1.
Statleg investering i selskapa under Landbruks- og matdepartementet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, men med andre føremål enn avkastning og utbytte til eigarane. Sentralt for dei fleste selskapa er at dei kan tilby gode varer og tenester til sektoren. Det har derfor ikkje vore sett nærmare avkastningskrav eller utvikla ein eigen utbyttepolitikk for desse selskapa, bortsett frå Graminor AS, som har utarbeidd ein strategi basert på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet.
Tabell 2.14 Oversikt over aksjeselskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1000 kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Eigaredel 31.12.2011 | Resultat 2011 | Utbytte utbetalt 2012 | Venta utbytte utbetalt 2013 | |
Graminor AS | 34,0 % | 1 176 | 0 | 0 |
Instrumenttjenesten AS | 100,0 % | 805 | 0 | 0 |
ITAS Eierdrift AS | 100,0 % | 317 | 0 | 0 |
Kimen såvarelaboratoriet AS | 51,0 % | 1 655 | 510 | 0 |
Staur gård AS | 100,0 % | 187 | 0 | 0 |
Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS | 34,0 % | 26 455 | 4 080 | 5 000 |
Sum | 30 595 | 4 595 | 5 000 |
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetning av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150 post 77.15.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Bioforsk forvaltar 5 pst. og Universitetet for miljø- og biovitskap 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2011 ein omsetning på 52,3 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 1,2 mill. kroner. Overskottet kjem i hovudsak frå den forretningsmessige delen av verksemda. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2011.
Graminor AS har utarbeidd ein eigen strategi for verksemda, og den er lagt til grunn for budsjettet for 2013. I strategien blir selskapet si verksemd skissert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon, samt planteforedling på vegne av staten. Strategien til verksemda legg til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og at ein stor del av det årlege overskottet skal bli halde tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir derfor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2013.
Instrumenttjenesten AS
Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar som òg var eigarar. Kundeforholdet til eigarane blei i 2010 overført til ITAS Eierdrift AS.
Instrumenttjenesten AS leverer tenester og system/utstyr til forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvaltning for miljøovervaking, meteorologi, hydrologi og geoteknikk. Statens føremål med eigarskapet er å legge til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar 40 pst.
Instrumenttjenesten AS hadde i 2011 ein omsetning på 24,1 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 0,8 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2013.
ITAS Eierdrift AS
ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009 og leverer drift av sentrale datasystem og system og utstyr for klimamålingar til eigarane. Slike tenester blei før 2010 utført av Instrumenttjenesten AS.
Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 76 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar 24 pst.
ITAS Eierdrift AS hadde i 2011 ein omsetning på 6,8 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 0,3 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2013.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS blei skilt ut frå Mattilsynet i 2004. Selskapet er kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar, og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar. Selskapet rettar verksemda si mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester, mellom anna til Mattilsynet, og rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er av hovudoppgåvene til selskapet. Staten eig 51 pst. av selskapet. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Unikorn AS 15 pst.
Selskapet hadde i 2011 ein omsetning på 10,4 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 1,44 mill kroner. Det blei utbetalt 1,0 mill kroner i utbytte, og det resterande overskottet blei lagt til annan eigenkapital.
Det er ikkje eit mål for staten som medeigar i selskapet at det skal utbetalast størst mogleg utbytte. Selskapet er på fleire område einerådande, og det er ikkje ønskeleg at høge prisar på tenestene reduserer talet på analyser. Forventa framtidig reduksjon i oppdragsmengda gjer òg at overskott i hovudsak bør leggjast til eigenkapitalen. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2013.
Staur gård AS
Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eid av staten. Staur gård AS har, i samarbeid med andre aktørar, eit ansvar for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv òg gjestegarden på Staur som særleg er retta mot lokale og nasjonale samfunnsinstitusjonar. Eigedommen Staur gård AS driv er spesiell og eigenarta, og selskapet har derfor òg til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna. Det er derfor ikkje eit mål for staten som eigar at det skal betalast ut størst mogleg utbytte. Det har dei siste åra blitt gjort vesentlege utbetringar ved eigedommen.
Forpaktingsavtalen frå 2001 blei sommaren 2012 forlenga ut året for å gje departementet betre anledning til å gå gjennom verdiane som ligg i eigedommen med sikte på ei ny leigeavtale mellom departementet og selskapet.
Staur gard AS hadde i 2011 ein omsetning på om lag 7,8 mill. kroner, ein auke på 26,7 pst. frå 2010, og eit overskot på 0,187 mill. kroner. Det blei ikkje teke ut utbytte. Den viktigaste årsaka til auken i 2011 var at gjestegarden var stengt delar av 2010 på grunn av oppussing. Departementet ventar at selskapet presenterer positive tal òg for 2012.
Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2013.
Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)
VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Selskapet består av to hovudforretningsområde; distribusjon av alle typar legemiddel til dyr i den norske marknaden og kliniske smitteforsøk på fisk som ledd i vaksineutvikling og avl for leverandørar av slike tenester og produkt. Selskapet er òg majoritetseigar og drivar av avlskompetansesenteret Akvaforsk Genetics Center AS. Selskapet arbeidar i ein konkurranseutsett og sterkt skiftande marknad som mellom anna svingar i takt med utviklinga av fiskesjukdommar og fiskeparasittar.
Selskapet sin omsetning av legemiddel til alle typar dyr har auka betydeleg dei siste åra. Samla omsetning i 2011 var på 471 mill. kroner, ein auke på 12,6 pst. frå 2010, mens resultatet etter skatt blei redusert med 8 pst. til 26,5 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 12 mill. kroner. Av dette blei 4,1 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.
Staten sin eigardel blei i løpet av 2010 redusert frå vel 39 pst. til 34 pst.
Departementet budsjetterer med eit utbetalt utbytte på 5 mill. kroner for 2013.
Kap. 5652 Renter og utbytte – Statskog SF
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2011 | Saldert budsjett 2012 | Forslag 2013 |
80 | Renter | 24 710 | 24 900 | 19 800 |
85 | Utbytte | 11 300 | 5 000 | 30 000 |
Sum kap. 5652 | 36 010 | 29 900 | 49 800 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femtedel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite med vidare).
Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig når det gjeld å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal legge vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Sidan etableringa i 1993 har det skjedd store endringar i vilkåra for forretningsdrifta til føretaket. Ved innføringa av Finnmarksloven i 2006 blei eigedommane til Statskog SF i Finnmark overdregne vederlagsfritt til Finnmarkseigedommen. Dette førte til eit behov for ei omfattande omorganisering og fokus på å sikre ein sunn økonomi. I 2010 kjøpte Statskog SF Orkla ASA sine skogeigedommar, jf Prop. 11 S (2010-2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Kjøpet styrka føretaket si skogsdrift, og opna for eit omfattande arronderingssal av spreidde skogteigar. Salet vil effektivisere drifta av eigedommane ytterlegare, samstundes som det gir moglegheiter for at private skogeigarar, kommunar og allmenningar kan få utvide sitt næringsgrunnlag.
Statskog sine strategiske verksemdsområde er eigedom, skog, energi og friluftsliv. Verksemda innan skogbruk og energi er skild ut som eigne avdelingar, mens anna verksemd er lagd til fem regionkontor og Fjelltjenesten.
Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF. Etter kjøpet av skogeigedommane frå Orkla ASA, har den samla hogsten til Statskog SF auka frå om lag 150 000 m3 til 400 000 m3. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg etter Norsk PEFC skogstandard for eit berekraftig skogbruk.
Etter omorganiseringa i 2006-2007, der energi blei etablert som eige forretningsområde, har Statskog opparbeidd seg mykje kompetanse innanfor fornybar energi. I arbeidet med utvikling av fornybar energi samarbeidar Statskog med lokale grunneigarar, tradisjonelle kraftselskap og selskap spesialisert innanfor småkraft
Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Forvaltninga av eigarinteressene i Statskog SF er forankra i eigne interne retningslinjer vedteke av Landbruks- og matdepartementet. Departementet sin styrings- og kontrollfunksjon overfor Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for føretaket sitt styre, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte ved behov.
Spørsmål om korleis føretaket behandlar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningsloven, ligg utanfor sjølve eigarstyringa, og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf kap 1161 Statskog SF – forvaltningsdrift.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog knytt til mellom anna Statskog SF si framlegging av kvartalsresultat. Møta skjer mellom departementet og Statskog SF. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
For å sikre eit godt grunnlag for oppfølginga av føretaket nyttar departementet seg av ekstern kompetanse når det er nødvendig.
Departementet vil styrkje eigarstyringa av føretaket ytterlegare, jf. omtale nedanfor.
Rapportering 2011
Resultatet etter skatt var på 86,2 mill. kroner i 2011. Resultatet frå Statskog SF i 2011 viser ei positiv utvikling av den vanlege drifta til føretaket, samstundes som føretaket òg har gevinstar frå sal av areal og skogvernerstatningar.
Auka hogst og gode tømmerprisar ligg bak resultatet for 2011. Samla hogst var på 386 000 m3 i 2011, mot 138 000 m3 i 2010. Storparten av auken er knytt til dei nyleg innkjøpte eigedommane.
Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog sitt skogkjøp i 2010, kom i gong i 2010, og det er selt eigedommar i dei fleste fylka der føretaket er grunneigar.
Utbyttet til staten for 2011 er fastsett til 40,1 mill. kroner, tilsvarande 75 pst. av resultatet fråtrekt inntektene frå arronderingssalet.
Post 80 Renter
I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010-2011). Rentene på lånet vil vere på om lag 19,8 mill. kroner i 2013. Avdrag på lånet er omtala under kap 4162 Statskog SF – Forvaltning av statleg eigarskap.
Post 85 Utbytte
I Prop. 11S (2010-2011), blei det varsla ein gjennomgang av avkastnings- og utbyttekrava til føretaket. Statskog sitt kjøp av skogeigedommane frå Orkla ASA var grunna på forretningsprinsipp, og føresetnadane for staten sitt kapitalinnskott var at investeringa skulle gi ei marknadsbasert avkastning.
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har PricewaterhouseCoopers (PwC) gjennomført ei verdivurdering og vurdering av avkastningskrav og kapitalsituasjonen til Statskog SF. Det er forventa store svingingar i resultata til Statskog i åra framover, og konsulentfirmaet peikar på at det ville vere utfordrande å følgje opp Statskog SF med utgangspunkt berre i årleg avkastning på eigenkapitalen. PwC tek derfor til orde for å betre oppfølginga av måla og drifta til Statskog SF gjennom å vurdere andre økonomiske avkastningstal, andre måltal for føretaket si måloppnåing og drift og å implementere måltal i styringa av verksemda, irekna budsjettering og rapportering.
I det vidare arbeidet med å fastsetje nye avkastningskrav og styrkje eigarstyringa av Statskog SF, vil tiltak for betre oppfølging av Statskog SF sine mål og drift vurderast. Departementet vil komme tilbake med vurderingane sine rundt avkastningskrav og eigarstyring av Statskog SF på egna måte.
Budsjettframlegg 2013
Staten sine forventningar om utbytte skal vise kva eigaren meiner er rett balanse mellom utbytte og tilbakehalde overskot for å nå målet om størst verdiskaping over tid. Omsynet til at selskapet har ein eigenkapital som er tilpassa verksemda sine mål, strategi og risikoprofil står sentralt ved fastsetjinga av utbyttet.
Gjeldande utbyttepolitikk for Statskog SF er at det blir teke ut eit årleg utbytte på 75 pst av årsresultatet etter skatt, inntil beløpet tilsvarar staten si innlånsrente multiplisert med bokført eigenkapital.
PwC har utført analysar av kapitalsituasjonen for Statskog SF ved ulike alternativ for utbyttepolitikken og investeringsnivå. Analysene viser at det er mogleg å vidareføre den gjeldande utbyttepolitikken utan at det oppstår eit udekka kapitalbehov i analyseperioden.
Det er regjeringa si vurdering at utbyttepolitikken for Statskog SF for 2013 bør gjennomførast utan korrigeringar i utbyttegrunnlaget. Det er i dag tilstrekkeleg likviditet i føretaket til å nedbetale det statlege lånet innanfor ein slik utbyttepolitikk. Departementet foreslår derfor at utbyttet frå Statskog SF blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt inntil beløpet tilsvarar staten si innlånsrente multiplisert med bokført eigenkapital. Staten si innlånsrente blir fastsett årleg på grunnlag av gjennomsnittleg rente på 5-årige statsobligasjonar. Det blir budsjettert med eit utbytte for 2012 på 30 mill. kroner. Endeleg forslag til utbytte vil bli utrekna i samsvar med utbyttepolitikken når årsresultatet for 2012 føreligg, og vil bli teke inn i revidert nasjonalbudsjett for 2013. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2013.