Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla
3 Nærmare om dei enkelte måla
I Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken lanserte Landbruks- og matdepartementet ein ny målstruktur for departementet, jf. òg innleiinga i denne proposisjonen. Sidan ei rekke av verkemidla departementet forvaltar verkar mot fleire mål, vurderer departementet at det er formålsteneleg å rapportere på målstrukturen samla her i del III. Dette vil vere ei overordna statusrapportering på dei fire overordna måla
matsikkerheit
landbruk over heile landet
auka verdiskaping
berekraftig landbruk
I tillegg blir det rapportert på status for forsking og forvaltning, som er sentrale verkemiddel for å nå dei fire overordna måla.
Under dei fire overordna måla er det spesifisert totalt 17 resultatområde, som igjen er konkretisert i 39 delmål, i tillegg til 8 delmål for forsking og 6 delmål for forvaltninga.
Dette er første året departementet systematisk gjer greie for tilstanden på dei nyformulerte måla for landbruks- og matpolitikken. Utvikling av mål- og resultatstyring, med tilhørande mål, delmål og indikatorar er eit arbeid i kontinuerleg utvikling.
4 Overordna mål: Matsikkerheit
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Auka berekraftig matproduksjon | Legge til rette for auka produksjon av landbruksvarer, innanfor gitte handelspolitiske rammer, som det er naturgitt grunnlag for og som marknaden etterspør slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på nivået i dag |
Trygg mat og fullverdig kosthald | Redusert risiko for sjukdom som følgje av smittestoff og framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn |
Oppretthalde god norsk plante- og dyrehelse | |
Ta vare på forbrukarinteresser | Forbrukarane skal kunne gjere informerte val av matvarer |
Låg førekomst av ulovleg GMO i mat, fôr og såvarer | |
15 pst. av matproduksjon og forbruk skal vere økologisk i 2020 | |
Etisk forsvarleg hald av dyr | Oppretthalde god norsk dyrevelferd |
Noreg som konstruktiv internasjonal aktør | Ivareta norske interesser i utviklinga og gjennomføringa av internasjonalt regelverk og avtalar |
Auka innsats bilateralt og multilateralt knytt til landbruksutvikling, genetiske ressursar og matsikkerheit | |
Vidareutvikle Noreg som matnasjon | Auka mangfald av norske produkt |
Å produsere nok, trygg og variert mat av god kvalitet er den viktigaste oppgåva landbruket løyser for samfunnet. Nasjonal matproduksjon frå land og sjø er eit fundament for nasjonal matsikkerheit.
Under FNs mattoppmøte i 1996 blei matsikkerheit i brei forstand definert som når alle mennesker til enhver tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat, for et fullgodt kosthold som møter deres ernæringsmessige behov og matvarepreferanser som grunnlag for et aktivt liv med god helse.
Matsikkerheit i tråd med definisjonen til FN er eit overordna mål for norsk landbruks- og matpolitikk, jf. Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken. All mat skal vere trygg. Nok og trygg mat skal danne grunnlaget for at innbyggjarane kan setje saman eit fullgodt kosthald.
Auka berekraftig matproduksjon
Jordbruksproduksjonen skal skje på ein miljømessig berekraftig måte. Regjeringa vil, innanfor gitte handelspolitiske rammer, legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturgitt grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på dagens nivå.
Sjølvforsyningsgraden seier kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport blir halde utanfor ved berekning av sjølvforsyningsgraden. Den gir først og fremst eit bilete på delen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg. Den kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.
Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket auka frå 39 til 46 pst. frå 1970 til 2010. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for viktige jordbruksproduksjonar. Totalt sett er den likevel lågare fordi ein del energirike produkt som sukker, ris, tropiske frukter og noko matkorn blir importert.
Aukinga i sjølvforsyningsgraden i perioden skuldast i hovudsak auka produksjon av matkorn. Sjølvforsyningsgraden for poteter og for grøntsektoren har falt. I grøntsektoren skuldast det delvis auka etterspørsel etter tropiske produkt. Blant husdyrprodukta har sjølvforsyningsgraden heile tida vore høg. Endringar i produksjon over tid heng i stor grad saman med endringar i etterspørsel etter produkta og endring i importkvoter.
Næringsmiddelindustrien sin del av heimemarknaden, målt på verdibasis, er om lag 80 pst., og har vore svakt fallande dei siste åra.
Det siste tiåret har produksjonsvolumet i jordbruket auka med om lag 4 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 7 pst. Det er særleg svin, fjørfe og egg som aukar. For det grovfôrbaserte husdyrhaldet er produksjonen forholdsvis stabil, med unntak av storfekjøtt, kor produksjonen er redusert med 7 pst.
Produksjon av planteprodukt varierar meir enn for husdyrprodukt, og den underliggande produksjonsutviklinga er vanskelegare å fastslå. Produksjonen har falt det siste tiåret for korn, poteter og blomar. For korn skuldast reduksjonen både redusert areal og svak avlingsutvikling. Produksjonen har auka for grønsaker. Fruktproduksjonen auka svakt i byrjinga av perioden, men har falt dei siste åra. I grøntsektoren har marknadsforholda vore ustabile både på grunn av nasjonale forhold og importkonkurranse. Redusert produksjon av blomar skuldast særleg at snittblomar i aukande grad blir importerte. Det er marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon.
Trygg mat og fullverdig kosthald
Trygg mat er ein viktig berebjelke for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit og sikrar avsetting av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri. Godt utval av sunn og helsefremmande mat er viktig for at forbrukarane kan velje eit kosthald i tråd med anbefalingane frå helsestyresmaktene.
Infeksjon gjennom næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt ein gunstig situasjon samanlikna med mange andre land når det gjeld smittestoff i mat. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat produsert i Noreg er på eit lågt nivå samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar og blant norske husdyr.
Tabell 4.1 Tal på melde tilfelle av nokre viktige næringsmiddelbårne infeksjonar der smitten har skjedd i Noreg
Sykdom | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 |
---|---|---|---|---|
Campylobacteriose | 1 129 | 1 280 | 1 019 | 1 171 |
Listeriose | 27 | 25 | 19 | 19 |
Salmonellose | 259 | 225 | 230 | 311 |
Shigellose | 15 | 46 | 22 | 66 |
Yersiniose | 34 | 35 | 27 | 33 |
Totalt | 1 464 | 1 161 | 1 317 | 1 600 |
Kjelde: www.msis.no
For å oppretthalde den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan bli sette inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg er mellom anna endringar i befolkninga med fleire mottakelege personar, auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.
Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. I 2011 blei Folkehelseinstituttet varsla om 51 mistenkte eller verifiserte utbrott av matborne sjukdomar der det blei rapportert om i alt 852 sjukdomstilfelle. Dette er om lag på same nivå som dei siste åra.
Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande grad av vassbehandling og dårleg leidningsnett gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med. Rutinar for drift og vedlikehald av leidningsnettet varierer mykje.
Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Sal av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel, er ei utfordring. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Produkt som blir omsett over internett og postordre, er ei særskilt utfordring.
God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjonen og dyresjukdomar. Klimaendringar og auka mobilitet over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.
Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land. Få planteskadegjerarar som den europeiske plantehelseorganisasjonen EPPO har anbefalt medlemslanda sine å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. Det har dei siste åra vore fleire tilfelle av skadegjerarar i frukt- og potetproduksjonen.
Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Få landdyrsjukdommar som Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) har anbefalt medlemslanda å gjere tiltak mot, har etablert seg i Noreg. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon blant norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er derfor uvanleg. Dei siste åra er det registrert ein viss auke i talet på storfebesetningar med diagnostisert klinisk salmonellose.
Ta vare på forbrukarinteresser
Forbrukarane skal kunne gjere informerte val av matvarer. Den nye matinformasjonsforordninga frå EU er for tida til vurdering for innlemming i EØS-avtalen. Denne forordninga innfører obligatorisk næringsdeklarering av emballert mat (energiinnhald, mengd feitt, metta feitt, karbohydrat, protein, sukker og salt). Obligatorisk merking av kor varene kjem frå blir og utvida til fleire produkt.
Interessa for lokal mat og matprodukt med særpreg veks. Frå september 2010 til september 2011 auka salet av slike produkt med 13 pst. Dette er ein vesentleg høgare vekst enn i matmarknaden generelt.
Merkeordninga Beskytta nemningar er ein sentral konkurransestrategi for norsk matproduksjon. Gjennom ordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet. Totalt er 19 produkt godkjent. Ved utgangen av 2011 var 205 produkt frå 50 bedrifter godkjent for bruk av Spesialitetmerket. 8 nye produkt ble godkjent mens 3 blei meldt ut av merkeordninga.
Merkeordninga Nyt Norge blei lansert i 2009. I 2011 blei 12 verksemder godkjent for bruk av merket, og totalt er nå 28 verksemder godkjent for totalt 1 076 produkt. Dette inkluderar to av fire hovudgrupper i dagligvarehandelen ettersom Rema 1000 i fjor blei godkjend og COOP allereie er det.
Regjeringa vil hausten 2012 sette ned eit lovutval som skal greie ut korleis prinsippet om god handelsskikk og omsynet til forbrukarane best kan takast hand om i lovgjevinga. Eit viktig grunnlag for utvalets arbeid er interessene til forbrukarane med omsyn til pris, utval, kvalitet og tilgang i daglegvaremarknaden.
Produksjonen av varer med genmodifisert innhald (GMO) aukar på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. EU har utarbeidd retningslinjer for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst for dyrking i Noreg.
Mattilsynet driv overvaking av ulovleg genmodifisert materiale i fôr og mat. I 2011 blei det påvist i to av 143 prøver, noko som er på same nivå som tidlegare år.
Matproduksjonen skal vere berekraftig og miljøvennleg. Økologisk produksjon har ein naturleg plass i Noreg, både i eit miljøperspektiv og for å sikre mangfald til forbrukaren.
Regjeringa har som mål at 15 pst. av matforbruket og matproduksjonen skal vere økologisk i 2020. Med dette meinast del av matforbruket målt i omsetning og del jordbruksareal og husdyrproduksjon som er økologisk. Omsetninga av norske matvarer var rekordstor i 2011. Samla for alle produktgrupper auka omsetninga av økologiske produkt i daglegvarehandelen med 10 pst. i 2011 samanlikna med i 2010. Totalt blei det omsett økologiske matvarer for om lag 1,24 mrd. kroner i 2011. Dette utgjer noko over 1 pst. av den totale omsetninga. Meierivarer er den største varegruppa av økologiske matvarer.
Figur 4.1 viser utviklinga i økologisk areal og karensareal, og økologiske driftseiningar for perioden 2000 til 2011. Dei økologiske areala i 2011 var på om lag 501 000 dekar, og utgjorde om lag 5 pst. av det totale jordbruksarealet (medrekna karensareal er delen 5,6 pst.). Sidan 2001 har det økologiske arealet auka med 155 pst. Karensarealet har i den same tiårsperioden variert ein del. Etter sterk vekst frå 2007 til 2009, gjekk karensareala mykje tilbake i 2010 og 2011. Dette vil påverke veksten i økologisk areal i åra som kjem. Det er store regionale variasjonar i delen av jordbruksarealet som er i økologisk drift. Dei økologiske husdyra utgjer førebels ein liten del av det totale talet på husdyr i Noreg. Frå 2010 til 2011 var det, med unntak av storfe nedgang i tal på økologiske dyr for alle dyreslag. I 2011 utgjorde økologisk storfe 3,2 pst. av totale storfe, økologisk sau utgjorde 4,7 pst. av det totale talet med sau og 4,4 pst. av fjørfeproduksjonen var økologisk i 2011.
Etisk forsvarleg hald av dyr
God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og er i tillegg eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat.
Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med mange andre land. Det er stor offentleg merksemd om dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytt til dyrevelferd både hos produksjonsdyr og hos sports- og familiedyr.
Hald av verpehøns i tradisjonelle (nakne) bur er forbode frå 1. januar 2012. Næringa har gjort ei stor omstilling og tilpassa seg dei nye krava. Ein nasjonal tilsynskampanje med slaktekylling viste utfordringar for dyrevelferden i denne produksjonen. Utkast til nytt regelverk som vil gi sterkare insentiv til god dyrevelferd er sendt til høyring. Det er stor merksemd på velferd i pelsdyrhaldet. Som varsla i Meld. St. 9 (2011-2012), gjennomfører regjeringa ein eigen gjennomgang av pelsdyrnæringa og vil komme tilbake til Stortinget om saka.
Tap av dyr på utmarksbeite er eit viktig velferdsproblem. Arbeid for å redusere rovviltskadar på beitedyr har vist seg å vere utfordrande. Det nye rovviltforliket i Stortinget sommaren 2011 legg til rette for reduserte tap på grunn av rovdyr. Tap av sau og lam til rovvilt blei redusert frå 2010 til 2011 (både omsøkte og erstatta tap).
Noreg som konstruktiv internasjonal aktør
Noreg har på landbruksområdet inngått ei rekke internasjonale avtalar som dekker mellom anna handel, plante- og dyrehelse og skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya regelmessig. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan eksempelvis vere særskilte løysingar tilpassa våre naturgitte forhold (plante- og dyrehelse) eller vårt kostnadsnivå (importvernet) som er nødvendige for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.
Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I WTO har ein forhandla i Doha-runden sidan 2001, men det er ikkje forventa framgang i nær framtid. Innanfor EØS-avtalen blei ein ny artikkel 19-avtale sett i verk frå sist årsskifte, noko som innebar auka gjensidig marknadstilgjenge for visse landbruksvarer. EFTA forhandlar nå frihandelsavtalar med viktige land som India, Indonesia, Russland, Kviterussland, Kasakhstan, land i Mellom-Amerika med fleire.
Norsk landbruk og næringsmiddelindustri har som følgje av høgt kostnadsnivå og krevjande produksjonsforhold avgrensa konkurransekraft på den internasjonale marknaden. I handelsforhandlingar blir det derfor gitt konsesjonar, i første rekke på produkt der vi ikkje har nasjonal produksjon av stort monn eller der import av innsatsvarer kan vere fordelaktig for næringsmiddelindustrien. I tillegg til eit sterkt importvern, er nasjonalt handlingsrom for omfang og innretting av landbruksstøtte eit sentralt element i landbrukspolitikken.
Avtalar inneber etterleving av forpliktingar om importvernet, omfang og innretning av landbruksstøtta og omfanget av eksportstøtte. Forpliktingane inneber ein omfattande årleg rapportering til WTO og våre bilaterale handelspartnarar. WTO gjennomfører i 2012 ein handelspolitisk gjennomgang av Noreg som omfattar alle sektorar. Slike gjennomgangar skjer kvart fjerde år. Landbruk er ein viktig del av denne gjennomgangen fordi avtaleverket på landbruk er omfattande. Noreg legg stor vekt på å ha eit transparent og ope handelssystem som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane våre.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krav frå forbrukarane og for å fremme god plantehelse og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.
Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er i følgje NOU 2012:2 Utenfor og innenfor, det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Som del av oppfølginga har Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som òg legg premissar for regelverket i EU.
På partskonferansen for FNs rammekonvensjon for klima i Durban 2011, blei regelverket for arealbruk, endringar i arealbruk og skog fastlagt for neste avtaleperiode under Kyotoprotokollen. Regelverket bygger på prinsippa frå den første avtaleperioden, men inneber nokre viktige endringar. I Durban blei det òg vedtatt at det skal gjerast eit eige arbeid for jordbruk og klima i regi av vitskapskomiteen (SBSTA), men det er ikkje teke stilling til om det skal etablerast eit eige handlingsprogram for jordbruk og klima. Det vil venteleg bli eit tema på neste partskonferanse.
Landa i Europa har i 2012 starta forhandlingar om ein juridisk bindande europeisk skogavtale etter eit vedtak på ministerkonferansen i regi av Forest Europe i Oslo i juni 2011. Formålet med arbeidet er å sikre eit meir forpliktande politisk samarbeid for ei berekraftig skogforvaltning.
FNs skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremme forståinga av berekraftig skogforvaltning internasjonalt. På det siste møtet i UNFF, i 2011, blei det vedteke ein ministererklæring som utgjorde UNFFs innspel til Rio+20. Vedtaka under Rio+20 legg stor vekt på det vidare arbeidet i UNFF
Matsikkerheit står høgt på den internasjonale dagsorden. Globalt er det framleis omkring ein milliard menneske som i følgje FN lid av svolt og underernæring. Dette hindrar nødvendig utvikling og fattigdomsreduksjon i store delar av verda.
I juni var det ein ny FN-konferanse om berekraftig utvikling, Rio+20. Matsikkerheit og utvikling av landbruket var eit sentralt tema på konferansen. Global matsikkerheit blei utfordra av aukande folketal, klimaendringar og mangel på ressursar som jord og vatn.
I erklæringa frå Rio blei det slått fast at matsikkerheit og ernæring er ei global utfordring og at ein er samde om å auke matproduksjonen på ein meir berekraftig måte. Tilgang til nok, trygg og næringsrik mat blir stadfesta som ein menneskerett. Erklæringa legg vekt på behovet for å revitalisere landbrukssektoren særleg i utviklingsland. Kvinners sentrale rolle for matsikkerheit og ernæring, og behovet for å styrkje kvinners rettar for utvikling i landbrukssektoren, er understreka. Vidare peikar erklæringa på ei rekke sentrale område for betra matsikkerheit som mellom anna betra forvaltning, forsking, fungerande marknader og redusert kasting av mat. Rolla til nasjonale strategiar for matsikkerheit er vektlagt.
Dei tre viktigaste føresetnadene for nasjonal matsikkerheit er kontinuerleg produksjon av mat, samt å ta vare på produksjonsgrunnlaget og velfungerande handelssystem. Ansvaret for nasjonal matsikkerheit ligg hos det enkelte land og må bli møtt med ein kombinasjon av tiltak tilpassa situasjonen i det enkelte landet.
Samstundes legg regjeringa opp til å auke løyvingane til utvikling av landbruket i u-land. Klimasmart landbruk vil vere eitt satsingsområde. Matsikkerheit i dag og i framtida krev koordinert innsats for økonomisk, miljømessig og sosial utvikling – dei tre pilarane i berekraftig utvikling.
FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) er ein sentral, global premissleverandør for analyser og løysingar for jordbruk, matsikkerheit og skog. Organisasjonen er reformert gjennom fleire år, og det er knytt forventningar til organisasjonen i framtida. Departementet vil framleis legge stor vekt på å påverke og bidra til FAOs arbeid både for å fremme norske interesser og for å bidra til berekraftig utvikling og global matsikkerheit. Innsatsen for bevaring og godedeling av genetiske ressursar står sentralt frå departementets side. Regjeringa presenterer ein strategi for auka satsing på landbruksutvikling hausten 2012.
FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjert i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests. FAO har hatt ei viktig rolle i arbeidet med forhandlingane om ein juridisk bindande europeisk skogavtale.
Vidareutvikle Noreg som matnasjon
Lokalmatprogrammet, frå 2013 Utviklingsprogrammet for lokalmat og reiseliv, er det viktigaste verkemiddelet for utvikling på matområdet. Under programmet blir det løyvd støtte til bedrifts- og produktutvikling. Gjennom programmet blir det òg gjennomført større omdømmeprosjekt for å synleggjere Noreg som matnasjon og å kople mat og andre sentrale næringar, som reiseliv, saman. Departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med korleis ein kan definere og måle produkt med lokal identitet. Målet er å komme fram til eit etterprøvbart system det er semje om, for å måle omsetning av slike produkt. Undersøkingar gjort av Matmerk viser at 81 pst. ønskjer norske produkt merka Nyt Norge ved lik pris. I 2011 blei det løyvd 76,4 mill. kroner til 123 prosjekter. Etterspørselen frå verksemdene har auka det siste året.
Innovasjon Noreg si Kundeeffektundersøking for 2011 (blant verksemder som fekk stønad i 2010), viser at programmet har svært høg addisjonalitet, det vil seie at programmet har vore utløysande for at prosjekta har blitt realiserte. Av dei spurde seier 97 pst. at tenesta som blir tilbydd har middels eller høg addisjonalitet. Effekten på samarbeid er spesielt god. Effekten på innovasjon og omsetningsauke ligg godt over snittet for Innovasjon Noreg sine program.
5 Overordna mål: Landbruk over heile landet
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Sikre bruk av landbruksareal | Vidareføre om lag same regionvise fordeling av areal og produksjon |
Oppretthalde ein variert bruksstruktur | |
Auka harmonisering mellom eigedomsstruktur og bruksstruktur | |
Sikre reindrifta sine areal | |
Styrkje og bidra til sysselsetjing og busetjing | Sikre grunnlag for sysselsetjing i landbruk og foredlingsindustri og vidareutvikle bygdenæringar |
Auka utnytting av landbrukseigedomar til busetjing | |
Auka samspel mellom landbruket og andre næringar og sektorar lokalt og regionalt | |
Politikk tilpassa regionale moglegheiter og utfordringar | Styrkje regionalt handlingsrom i næringsutviklingsarbeidet, tydelegare distriktsprofil i nasjonale ordningar og områderetta innsats |
Sikre bruk av landbruksareal
I perioden 1979-1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. Denne utviklinga har seinare flata ut, og i perioden 1999-2011 er det berekna ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 3,9 pst. Registrert totalareal var på sitt største i 2001. Nedgangen i jordbruksareal skjer i all hovudsak innanfor åker og hage.
Regjeringa vil vidareføre om lag den same regionvise fordelinga av areal og produksjon. Fordelinga av jordbruksareal i drift og produksjonsvolumet av mjølk og grasbaserte kjøttslag er analysert på landsdelar og i bu- og arbeidsmarknadsregionane (BA-sentralitet) over det siste tiåret. Endringar i den geografiske fordelinga må bli sett i samanheng med produksjonsutviklinga. For produksjonar med betydeleg vekst, som kylling, svin og grønsaker, har produksjonsauken vore i sentrale område. Produksjonsauken for kylling har særleg vore i Trøndelag, i Rogaland og på Austlandet. Det har òg vore vekst i andre område, mellom anna Nord-Østerdal. Veksten i svinekjøttproduksjonen har i størst grad komme i Rogaland, men òg i andre område, bl.a. på Helgeland. Veksten i produksjonen av grønsaker på friland har komme på Austlandet.
For dei grasbaserte produksjonane har produksjonen vore meir stabil det siste tiåret, og det har vore relativt små endringar i den geografiske produksjonsfordelinga. Den største endringa er auke i produksjonen av sau-/lammekjøtt i Rogaland og nedgang på resten av Vestlandet. Kvoteordninga sikrar geografisk stabilitet i mjølkeproduksjonen. Talet på ammekyr har særleg auka på Austlandet. Hovudinntrykket er at for produksjonar med vekst kjem veksten i meir sentrale område. Produksjonen elles flyttar seg i mindre grad.
Med atterhald om at overgangen til digitale kart har gitt betre og oppdaterte data, kan ein seie at arealutviklinga er svakast på Vestlandet. Det har vore ein relativt markert reduksjon i fulldyrka areal på Vestlandet og i område med spreidd busetjing. Vestlandet har hatt reduksjon i sin del for alle arealkategoriar. Kornarealet er redusert på Austlandet, men har halde seg meir stabilt i Trøndelag. Arealet med fulldyrka eng og beite har auka mest i sentrale område. På Austlandet heng det saman med reduksjon i kornarealet og auke i talet på ammekyr. Arealet med anna eng og beite har auka meir i perifere enn i sentrale område. Potetarealet er redusert og meir konsentrert til nokre få område. Auka areal av grønsaker på friland har komme i bynære område.
Datamaterialet tyder på at grovfôrproduksjonen har blitt ekstensivert og mjølkeproduksjonen intensivert, med auka bruk av kraftfôr, uavhengig av sentralitet.
Departementet vil oppretthalde ein variert bruksstruktur. Over halvparten (62 pst.) av jordbruksverksemdene hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2010, sjå Figur 5.1. Om lag 8 pst. av jordbruksverksemdene hadde meir enn 500 dekar jordbruksareal i drift.
I 2010 var det registrert om lag 185 100 landbrukseigedommar i Landbruksregisteret. Om landbrukseigedommane blir grupperte etter størrelsen på det eigde jordbruksarealet i drift på eigedommane, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) mange eigedommar med lite areal i drift, sjå Figur 5.2. Hovudtyngda av eigedommane (om lag 51 pst.) hadde mellom 5 og 99 dekar jordbruksareal i drift, og om lag 18 pst. av eigedommane hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift.
Om jordbruksverksemdene og landbrukseigedommane blir fordelte etter BA-sentralitet, viser tal frå SSB at meir enn 60 pst. av jordbruksverksemdene og av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar. Vidare viser tala størst del jordbruksbedrifter med jordbruksareal i drift i storbyregionar (25 pst.) og størst del eigedommar i småsenterregionane (26 pst.). Tala for storbyregionane viser òg at desse områda hadde flest dekar jordbruksareal i drift (om lag 2,8 mill. dekar) og mest leigd jordbruksareal i drift (om lag 1,1 mill. dekar) i 2010. Totalt var i underkant av 42 pst. av jordbruksareal i drift leigd areal i 2010.
Omfanget av jordleige har innverknad på bruksstrukturen og eigedomsstrukturen. Departementet vil følgje utviklinga, og ønskjer å auke harmoniseringa mellom eigedomsstrukturen og bruksstrukturen slik at dei som eig eigedommane òg er dei som driv areala i størst mogeleg grad. Utviklinga i retning av større einingar med meir eigd jordbruksareal per landbrukseigedom, går relativt langsamt.
Gruppering av landbrukseigedommane etter eigd jordbruksareal viser mange små eigedomseiningar. Hovudtyngda (72 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 99 dekar eigd jordbruksareal. Ein femdel av eigedommane hadde meir enn 100 dekar eigd jordbruksareal. Opplysningane frå SSB, sett i samanheng med landbruksteljingane frå 1979 og 1989, viser at talet på eigedommar mellom 5 og 99 dekar eigd jordbruksareal har gått jamt nedover i perioden frå 1979 (med om lag 9 prosentpoeng), og at talet på eigedommar med eigd jordbruksareal over 100 dekar har auka i same periode (med om lag 6 prosentpoeng). Tal frå KOSTRA i 2011 viser at om lag 11 pst. av dei som søkte om samtykke til å dele ein landbrukseigedom, ønskja å selje jorda som tilleggsjord til annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 491 eigedommar blei fordelt som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i 2011. Tal frå dei tre siste åra viser ei tilsvarande prosentfordeling på om lag 11 pst.
For reindrifta er tap av areal ei av dei største utfordringar på lang sikt. Tilgang på areal er ein føresetnad for at næringa skal kunne fortsetje med den nomadiske driftsforma. Denne driftsforma dannar basisen for ei økologisk berekraftig utnytting av beita. Ulike inngrep innanfor reinbeitedistrikta har auka vesentleg dei siste åra. Det er viktig at effekten av dei ulike inngrepa innanfor eitt og same distrikt blir sett i samanheng, og ikkje berre på bakgrunn av størrelsen på det enkelte inngrepet. Forsking viser at reinen reduserer bruken av beiteområda i tilknyting til fysiske inngrep. Særleg gjeld dette simler med kalv. Dette inneber at utbygging i uforstyrra område får større konsekvensar enn utbygging nær allereie eksisterande inngrep. Sjølv mindre inngrep kan få vesentlege konsekvensar om dei blir lokaliserte i eit av dei sentrale bruksområda til reinen.
Styrkje og bidra til sysselsetjing og busetjing
Departementet vil sikre grunnlaget for sysselsetjing i landbruk og foredlingsindustri og vidareutvikle bygdenæringar. Når ein måler korleis ein styrkjer og bidreg til sysselsetjing, vil departementet legge vekt på utviklinga i fordelinga av sysselsetjinga i landbruket. I jordbruket har ikkje nedgangen i sysselsetjinga vore så stor dei siste fem åra, men enkelte fylke; som Telemark, Vest-Agder, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Troms, har framleis ein sterk nedgang i sysselsetjinga på over 10 pst. i perioden 2005–2010.
Jord- og skogbruk stod for i alt 2,5 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2010. Totalt var det om lag 51 400 sysselsette i jordbruket, i underkant av 7 000 sysselsette i skogbruket og i overkant av 3 100 reineigarar i 2010.
Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsetjinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale område av landet. Desse områda har hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsetjinga enn andre regionar.
Regjeringa vil legge til rette for betre utnytting av landbrukseigedommar som ressurs for busetjing. Tal frå SSB viser at det var registrert 4 858 199 innbyggjarar i Noreg per 01.01.2010. Av desse var 423 412 personar fast busett på ein landbrukseigedom. I 2010 var det registrert om lag 154 100 landbrukseigedommar med bustadhus i Noreg. I underkant av 121 100 landbrukseigedommar var registrert med fast busetjing av eigar eller andre. I snitt 3,5 personar bur på kvar landbrukseigedom målt ut frå desse tala.
Regjeringa vil at ressursane på landbrukseigedommane skal bli betre utnytta for å bidra til å halde ved lag hovudtrekka i busetjingsmønsteret. Ser ein på eigedommar som er omfatta av buplikta og som det bur nokon på, viser tal frå SSB at om lag 67 pst. av eigedommane med buplikt hadde fast busetjing i 2010. Av dei eigedommane som ikkje var omfatta av buplikta viser tala at om lag 33 pst. av eigedommane hadde fast busetjing.
Ser ein på landbrukseigedommane uavhengig av buplikta under eitt, var om lag 33 000 (21,4 pst.) av eigedommane utan fast busetjing. Grupperar ein eigedommane etter BA-sentralitet viser tala om lag 5 000 eigedommar utan fast busetjing i storbyregionane, og om lag 5 200 eigedommar i områder med spreidd busetjing. Det er registrert størst tal for eigedommar utan fast busetjing i småbyregionar (om lag 7 500) og i småsenterregionar (om lag 10 000), og i desse regionane betyr busetnaden på landbrukseigedommane mykje. Det er òg i desse regionane ein ser ein skilnad for eigedommar utan fast busetjing som ikkje er omfatta av buplikta. Tala viser flest eigedommar (respektive om lag 14 pst. og 17 pst.) utan fast busetjing som ikkje er omfatta av buplikta i desse regionane.
Variasjonen mellom fylka var stor. I Vestfold stod under 8 pst. av landbrukseigedommane utan fast busetjing, mens tilsvarande del i Nordland var 39 pst. Det er òg stor skilnad mellom mannlege og kvinnelege eigarar. Mens 18 pst. av eigedommane med mannleg eigar stod utan fast busetjing, var tilsvarande del for eigedommar med kvinneleg eigar 28 pst.
Departementet legg vekt på at forvaltninga lokalt og regionalt skal bidra til samarbeid mellom landbruket og andre næringar og sektorar, og at landbruk og landbruksbasert verksemd inngår som ein integrert del av anna nærings- og samfunnsutviklingsarbeid. I gjeldande samarbeidsavtale mellom Landbruks- og matdepartementet og KS inngår tettare kopling mellom landbrukssektoren og andre sektorar som eit overordna mål. På nasjonalt nivå har departementet inngått samarbeid med fleire andre departement for å styrkje moglegheitene for næringsverksemd ut frå ressursane i landbruket. Eksempel på dette er samarbeidet med Samferdsledepartementet om utvikling av mat og opplevingar langs dei Nasjonale Turistvegane, Inn på tunet-løftet som er sett i verk i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet, og ulike prosjekt for å fremme lokal verdiskaping i eller i samband med verneområda saman med Miljøverndepartementet.
Dei fylkesvise BU-midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak blir i stor grad brukt i partnarskap og blir samfinansierte med andre lokale og regionale aktørar. Ei kartlegging viser at midlane har ein utløysande effekt på andre regionale utviklingsmidlar som kjem landbruket til gode.
Gjennom auka ansvar på landbruks- og matområdet har og fylkeskommunen medverka til å styrkje samhandlinga i den regionale partnarskapen om gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken.
Politikk tilpassa regionale moglegheiter og utfordringar
Departementet vil gje betre rom for å utvikle ein politikk tilpassa regionale føresetnader, ha ein tydelegare distriktsprofil i nasjonale ordningar og ha meir områderetta innsats. Hovuddelen av verkemidla til Landbruks- og matdepartementet til næringsutvikling blir forvalta av Innovasjon Noreg. I 2011 forvalta Innovasjon Noreg til saman 173,6 mill. kroner i midlar til næringsutvikling knytt til satsingar innanfor lokalmat, grønt reiseliv, Inn på tunet, bioenergi, tresatsing og reindrift. I tillegg forvalta Innovasjon Noreg 384,5 mill. kroner i fylkesvise BU-midlar til bedriftsretta tiltak samt 1 000 mill. kroner i låneramme for rentestøtte. Fylkesmannen forvaltar BU-midlar til utviklings- og tilretteleggingstiltak. I 2011 utgjorde dette 60 mill. kroner. Kommunen har innstillingsmyndigheit for Innovasjon Noreg i forvaltninga av BU-midlane. Det regionale partnarskapet der fylkesmannen, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og næringsorganisasjonane er representerte, legg sine regionale strategiar for bruken av midla basert på den nasjonale strategien.
Innanfor skogpolitikken blir viktige verkemiddel forvalta av fylkesmannen og kommunane, mellom anna verkemiddel for infrastrukturtiltak, skogkulturtiltak og miljøtiltak. Ordningane blir såleis forvalta nær der ressursane er og i god kontakt med skogeigarane. Til saman disponerte fylka og kommunane 184 mill. kroner til desse ordningane i 2011.
Fylkesmannen forvaltar òg midlar til Regionale miljøprogram. I 2011 utgjorde dette til saman 410 mill. kroner. Dei regionale miljøprogramma gjer det mogleg å målrette miljøinnsatsen i det einskilde fylke.
6 Overordna mål: Auka verdiskaping
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar | Jordbruksproduksjon som dekker etterspørselen etter norske produkt |
Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri | |
Møte auka etterspørsel med auka berekraftig avverking | |
Kostnadseffektiv transport i skogsektoren | |
Løft for bygdenæringar | |
Gode kompetansemiljø | God rekruttering til landbruket og landbruksbasert industri |
Minst 40 pst. kvinneleg representasjon i eigarskap, næringsutøving og styrande organ i landbruks- og matsektoren | |
Legge til rette for kompetanse blant sjølvstendig næringsdrivande i landbruksnæringa | |
Konkurransedyktige inntekter | Sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper. Politikken skal vidareutvikle inntekts- og velferdspolitikken med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005 |
Sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og auka lønnsemd |
Konkurransedyktige verdikjeder og robuste einingar
Regjeringa vil legge til rette for auka produksjon av landbruksvarer, innanfor gitte handelspolitiske rammer, som det er naturgitt grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan oppretthaldast om lag på dagens nivå. Regjeringa har som målsetjing at produksjonen i landbruket skal auke i takt med etterspørselen til ei aukande befolkning.
Regjeringa vil derfor, innanfor dei gitte handelspolitiske rammene, legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturleg grunnlag for og som marknaden etterspør, slik at sjølvforsyningsgraden kan haldast om lag på nivået i dag. Gjennom bilaterale og multilaterale avtalar har Noreg gitt konsesjonar og marknadstilgang òg for produkt som det er naturgitt grunnlag for å produsere i Noreg og som er viktige for norsk landbruk, som ost og kjøtt. Ved midlertidig marknadsunderskot administrerer styresmaktene tollsatsane ned i periodar for supplering i marknaden.
For dei fleste landbruksvarene hindrar dei ordinære tollsatsane import. For nokre varer skjer likevel import til full toll. Dette gjeld i særleg grad grøntsektoren, men òg for enkelte kjøttvarer og meierivarer hindrar ikkje dagens tollsatsar import.
Foredla landbruksvarer som inngår i Protokoll 3 i EØS-avtalen, har ikkje vern mot import. Desse varene er i prinsippet frihandelsvarer der Noreg og EU kan nytte toll og prisnedskriving for å jamne ut forskjellar i prisar på råvarene som inngår i ferdigvarene.
Konkurransekrafta til norske landbruksvarer i den norske marknaden er ikkje utelukkande avhengig av gitte rammevilkår. Bedriftene og føretaka sine evner til effektiv produksjon, kvalitet og mangfald har stor innverknad på konkurransekraft og evne til å halde på marknadsdelar.
I følgje Nasjonalrekneskapen auka bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar frå 13,9 mrd. kroner til 16,1 mrd. kroner frå 2003 til 2010.
Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Jordbrukssektoren har dei siste 10 åra hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 6,3 pst. per år. Talgrunnlaget indikerar at produktivitetsveksten har vore noko mindre dei siste to åra enn tidlegare i perioden. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg vekst på 2,5 pst. dei siste ti åra, i følgje det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg var 1,6 pst.
Innovasjon på landbruks- og matområdet er viktig. Innovasjon Noreg legg til grunn ein brei definisjon av innovasjon; Ny vare, teneste, produksjonsprosess, bruksmåte eller organisasjonsform som er lansert i marknadeneller blitt teke i bruk i produksjonen for å skape økonomiske verdiar. Innovasjon Noreg sin årsrapport for 2011 viser at innovasjonsnivået har stige betydeleg i fleire av dei innovasjonsretta landbruksprogramma. For Trebasert innovasjonsprogram har delen innovasjon på nasjonalt/internasjonalt nivå stige frå 62 til 87 pst. dei siste 3 åra. Dette tyder på at Innovasjon Noreg har bidrege til auka innovasjon innanfor trenæringa. Lokalmatprogrammet viser òg positive trendar. Hovuddelen av midlane Innovasjon Noreg forvaltar på landbruks- og matområdet gjeld innovasjon på bedriftsnivå. Dette er dei viktigaste økonomiske verkemidla for å nå målet om næringsutvikling i og i samband med landbruket. I 2011 gjekk i alt 15 pst. av midlane til utviklingstiltak og nye næringar hos Innovasjon Noreg til kompetanseretta prosjekt, mot 13 pst. i 2010. Dette er eit viktig bidrag til at søkjarane kan lukkast i næringsutviklingsarbeidet sitt.
Bruttoproduktet for skogbruket og tenester knytt til skogbruket, blei berekna til 5 mrd. kroner i 2010. Dette utgjer ein auke på 900 mill. kroner frå året før. Auken skuldast i hovudsak auka hogst som følgje av betre tømmerprisar. Totalt blei det produsert skogprodukt og tenester for 7 mrd. kroner i 2010. Tømmer for sal er framleis den største enkeltposten. I alt blei det seld tømmer for om lag 3 mrd. kroner til sagbruk og treforedlingsindustri. Det er ein auke på 44 pst. frå året før. I 2010 var omsetninga i skogindustrien i Noreg på til saman 44 mrd. kroner. Det tilsvarer 5,8 pst. av omsetninga i norsk industri.
I 2010 blei det avverka 8,8 mill. kubikkmeter tømmer. Dette var ein auke på 25 pst. frå året før.
Det var registrert 48 600 kilometer med skogsbilvegar (heilårsbilvegar og sommarbilvegar) per 1. januar 2011. Til samanlikning er det om lag 93 000 kilometer med offentlege vegar i landet.
Mens det blei ferdigstilt 78 kilometer heilårsbilvegar og sommarbilvegar i 2011, blei 249 kilometer ombygd eller omlagt. Dette er ein nedgang på høvesvis 5 og 49 kilometer frå 2010. Det blei bygd og ombygd skogsvegar for totalt 123 mill. kroner i 2011, ein nedgang på 12 mill. kroner frå 2010. Offentlege tilskott dekka 40 mill. kroner av dei totale kostnadene.
Dei gjennomsnittlege anleggskostnadene per meter heilårsbilveg og sommarbilveg var 307 kroner. Vinterbilvegar og traktorvegar kosta i gjennomsnitt 117 kroner per meter. Av dei sistnemnde vegane blei det ferdigstilt 155 kilometer i 2011, mens 42 kilometer blei omlagt eller ombygd.
Det er behov for å auke investeringane i landbruket, mellom anna for å fornye driftsapparatet, betre lønnsemda og auke produktivitet, samt av omsyn til dyrevelferda. Gode investeringsordningar er viktige for rekrutteringa til landbruket, og det er samstundes nødvendige ordningar for å kunne nå dei sentrale landbrukspolitiske måla om auka landbruksproduksjon og eit landbruk over heile landet. Tilskott til investeringar og rentestøtte er ein nødvendig føresetnad og ein sentral faktor for å avlaste risiko og for å løyse ut anna kapital som gjer det mogleg å investere i landbruket. Over dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane til bedriftsretta tiltak blir det gitt støtte til investeringar. I 2011 løyvde Innovasjon Noreg tilskott for til saman 271,2 mill. kroner til investeringar innanfor tradisjonelt landbruk. Dette utgjer om lag 69 pst. av dei totale løyvingane innanfor dei bedriftsretta BU-midlane. Kvinnedelen av midlane var på 41 pst. i 2011.
Bygdenæringar er ein felleskarakteristikk på all næringsverksemd utanom tradisjonelt landbruk med basis i ressursane i landbruket. Breidda i naturressursgrunnlaget, kulturen, historia, bygningsmassen, maskinene og dei menneskelege ressursane knytt til landbruket er omfattande, og gir grunnlag for å utvikle eit breitt spekter av varer og tenester. Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken tek til orde for eit løft for bygdenæringane.
Over dei fylkesvise BU-midlane til bedriftsretta tiltak blir det òg gitt støtte til investeringar innanfor bygdenæringar. I 2011 løyvde Innovasjon Noreg tilskott for til saman 53,8 mill. kroner til investeringar innanfor bygdenæringane. Dette utgjer om lag 14 pst. av dei totale løyvingane innanfor dei bedriftsretta BU-midlane. Det har vore ein betydeleg auke i kvinnedelen når det gjeld tilsegn og tilsegnsbeløp innanfor bygdenæringane samanlikna med 2010. Kvinnedelen av midlane var på 70 pst. i 2011.
Det er krevjande å utarbeide undersøkingar for å få kunnskap om bygdenæringar. Årsakene er mellom anna at dette handlar om mange ulike næringar, og at det kan vere problematisk å avgrense kva type landbrukseigedommar og landbruksbedrifter som skal reknast med. Dette spenner frå ei avgrensing av 32 000 yrkesdrivne bruk til om lag 185 100 landbrukseigedommar. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si driftsgransking for 2010 gjer eit utval av respondentar blant om lag 31 100 bruk, og er ei kjelde til kunnskap om utvikling og lønnsemd innanfor bygdenæringane. Av dei 835 bruka som var med i driftsgranskingane i 2010 hadde 83 pst. omsetning i bygdenæringar. Dette er ein auke på 4 prosentpoeng frå 2009. 59 pst. av bruka hadde ei omsetning på over 20 000 kroner i bygdenæring. I 2010 var omsetninga i bygdenæringar per bruk i utvalet gjennomsnittleg 150 600 kroner, det er ein nedgang på 27 600 kroner frå 2009. Overskottet frå bygdenæringar utgjorde i gjennomsnitt 7 pst. av samla inntening på alle 835 driftsgranskingsbruka i 2010. Det er større driftsoverskot blant bruka som driv med tenesteyting enn med vareproduksjon. Driftsgranskingane viser at bygdenæringane sitt bidrag til familieøkonomien samla sett er beskjeden, trass i ein liten auke dei siste åra. Dei er likevel ei viktig inntektskjelde for mange enkeltbruk. Det er behov for meir kunnskap om utviklinga innanfor bygdenæringane generelt. I Meld. St. 9 (2011-2012) signaliserar departementet at det vil bli teke initiativ til ein gjennomgang av metodane som blir nytta for å dokumentere verdien av bygdenæringane. Målet er auka kunnskap om økonomi og sysselsetjing innanfor enkeltnæringar og rolla til bygdenæringane samla sett.
Gode kompetansemiljø
Departementet vil sikre god rekruttering til landbruket og landbruksbasert industri. Departementet følgjer med på alderen på eigarar av eigedom og bedrifter og på utdanning og rekruttering i sektoren.
60 pst. av jordbruksbedriftene blir eigd av personar mellom 40 og 59 år. Aldersfordelinga for mannlege eigarar er om lag som snittet, mens blant kvinnelege eigarar utgjer aldersgruppa under 49 år 59 pst.
Gjennomsnittleg alder for eigarar av jordbruksbedrifter er 50,2 år, der gjennomsnittleg alder for menn er 50,6 år og kvinner er 48,1 år. Gjennomsnittleg alder for ein eigar av ei jordbruksbedrift var 48,3 år i 2000. Gjennomsnittleg alder ved tinglyst overdraging var i 2010 50,9 år, 47,6 år for menn og 56,0 år for kvinner.
Det er totalt 3 863 elevar som har søkt naturbruk på offentleg skule for året 2012/2013. Dette er en liten auka frå 2011. Vg1 aukar noko, mens Vg2 Landbruk og gartnarnæring har ein nedgang. Søkinga til studieretning naturbruk generelt aukar, men søkinga til dei tradisjonelle landbruksfaga er framleis låg.
Det er i dag 2 fagskular med til saman 4 studieretningar innan agronomi og gartnarfag. Det er 12 plassar per studieretning. Det er fleire fagskuletilbod under planlegging, slik at ein kan forvente auke i talet på fagskulestudentar i tradisjonelle landbruksfag.
Søkartala til høgskulestudiar i tradisjonelle landbruksfag ved Høgskulen Nord-Trøndelag (HINT) og Høgskulen i Hedmark (HIHM) er stabile frå 2010-2011, men med ein liten auke i søkinga til husdyrfag. Til universitetsutdanning ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) har det vore ein samla vekst av førsteprioritetssøkarar frå 2011 til 2012 på 12 pst., frå 1 483 i 2011 til 1 666 i 2012. Husdyrvitskap og matvitskap har ein auke, mens plantevitskap, hestefag og skogfag har tilbakegang.
Søkartala til dei tradisjonelle matrelaterte utdanningane på vidaregåande og høgare nivå viser ein negativ trend. Kjøtt-, bakar-, og meieribransjen ser ut til å vere dei enkeltbransjane med dei største utfordringane med omsyn til underdekking av faglærde kandidatar i dag og i nær framtid.
Departementet vil legge til rette for kompetanse blant sjølvstendige næringsdrivande i landbruksnæringa. Landbruksteljinga 2010 viser at over halvparten av brukarane (55,8 pst.) er utan formell landbruksutdanning. Delen som har landbruksutdanning tilsvarande grunnkurs og liknande (nivå 2 og 3) utgjer 28,4 pst., mens dei med høgare utdanning utgjer 15,9 pst. Ein stor del av dei 20 mill. kronene som fylkeskommunane blir tildelt til likestilling, kompetanse og rekruttering årleg, blir nytta aktivt til kompetanseheving blant vaksne bønder. Fleire fylke har kampanjar for å auke rekrutteringa til naturbruksskulane, og fleire fylke har satsa på agronomkurs for vaksne, med god deltaking. Matmerk forvaltar midlar til kompetanseheving i landbruket (6 mill. kroner), og har mellom anna gitt midlar til utredning av nye tilbod i fagskulane.
Departementet vil ha auka likestilling og auka deltaking frå kvinner i landbruks- og matsektoren. Departementet vil ha minst 40 pst. kvinneleg representasjon i eigarskap, næringsutøving og styrande organ i landbruks- og matsektoren.
80,4 pst. av jordbruksbedriftene er i følgje landbruksteljinga 2010 eigd av menn og 13,5 pst. er eigd av kvinner. Andre eigarformer er upersonlege og utgjer 6 pst. av jordbruksbedriftene. For skogareal er tendensen om lag den same. 61,2 pst. av produktiv areal er eigd av menn, mens 17,8 pst. av kvinner og 21,1 pst. er upersonlege eigarar.
Den delen av BU-midlane som gir tilsegn til kvinneretta tiltak innan tradisjonelt jord- og hagebruk var i 40 pst. i 2011, mot 38 pst. i 2010. 41 pst. av det løyvde beløpet gjekk til kvinner, mot 42 pst. i 2010. Med tanke både på talet på tilsegn og størrelsen på tilsegnsbeløp innanfor tradisjonelt landbruk er nivået i 2011 om lag som i 2010.
I 2010 var det til saman 70 kvinnelege siidaandelsinnehavarar. Dette utgjer 13 pst. av totalen på 538 siidaandelar. Dei fleste av dei kvinnelege innehavarane er mellom 31 og 50 år. Alle er leiar for ein siidaandel med under 600 rein. Vidare er det 152 felles siidaandelar. Dette utgjer om lag 28 pst. Kvinnene som står oppført med rein i melding om reindrift eig 25 pst. av det totale talet på rein.
Konkurransedyktige inntekter
Regjeringa vil sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper. Politikken skal vidareutvikle inntekts- og velferdspolitikken med utgangspunkt i den landbrukspolitikken som er ført etter 2005.
Frå 2006 til 2012 har bruttoinntektene i jordbruket auka med vel 8 mrd. kroner, etter at dei låg nokså stabilt rundt 30 mrd. kroner i ei årrekke. Kostnadene, utanom renter, har auka med 5 mrd. kroner.
For perioden 2006 til 2012 er inntektsauken per årsverk berekna til 77 pst., eller vel 124 000 kroner, korrigert for kompensasjonen for auka folketrygdavgift i 2012. Ein større inntektsvekst enn berekna i fjor skuldast større reduksjon i arbeidsforbruket enn fjorårets tall frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Budsjettnemnda viste.
Departementet vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og auka lønnsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Slaktevolumet i 2011 gjekk ned samanlikna med det svært høge slaktevolumet i 2010. I 2011 var uttaket 66 266 rein på listeførde slakteri mot 80 855 rein i 2010. Dette utgjorde 1 493 tonn i 2011 og 1 764 tonn i 2010.
Produktivitet samanlikna med talet på rein kan fortelje mykje om korleis tilpassinga mellom rein og beite er i eit område. Ein høg totalproduksjon per livrein vil ofte innebere god kalvetilgang, lite tap og gode slaktevekter. Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte område. Mellom driftsåret 09/10 og 10/11 blei den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 7,3 kg per livrein.
Tal frå totalkalkylen for reindrifta viser ein nedgang i resultatoppnåinga dei siste åra. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene grunna ein reduksjon i produsentprisen. I tillegg har det vore ei vesentleg auke i kostnadene dei siste åra. Vederlaget for arbeid og eigenkapital blei redusert frå 169,4 mill. kroner i 2009 til 152,6 mill kroner i 2010. Målt per årsverk er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 166 912 kroner i 2009 til 152 998 kroner i 2010, og målt per siidaandel er vederlag til arbeid og eigenkapital redusert frå 291 593 kroner i 2009 til 265 285 kroner i 2010.
7 Overordna mål: Berekraftig landbruk
Resultatområde | Delmål |
---|---|
Beskytte arealressursane | Avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6000 dekar per år |
Sikre økologisk berekraft i reindrifta gjennom eit tilpassa reintal til tilgjengeleg arealgrunnlag | |
Produksjon av miljøgode | Ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap, inkludert ta vare på variasjonen i jordbruket sine prioriterte kulturlandskap |
Meir målretta miljøinnsats i skogbruket | |
Sikre naturmangfald | Auka bruk og vern av landbruket sine genetiske ressursar |
Ta vare på artsmangfaldet i jordbruket sitt kulturlandskap | |
Størst mogleg del av globalt frømangfald deponert i frøhvelvet på Svalbard | |
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga | Reduserte utslepp av klimagassar frå landbruket |
Større klima- og energivinstar frå landbruket | |
Redusere forureining frå jordbruket | Redusert miljø- og helserisiko ved bruk av plantevernmiddel |
Vassførekomstane i jordbruksdominerte område skal ha god økologisk status innan 2021 |
Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit produkt av eit aktivt landbruk. For å sikre at dagens befolkning og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv og drivast på ein berekraftig måte.
Beskytte arealressursane
Det er eit mål å avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6 000 dekar per år
I 2011 blei det etter KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) omdisponert 6 648 dekar dyrka jord til andre føremål enn landbruk. Det er den lågaste registrerte omdisponeringa av dyrka jord sidan 1980, og heile 42 pst. lågare enn snittet for 10-årsperioden før jordvernmålet blei sett første gongen i 2004 (11 400 dekar). Snittet for dei siste 5 åra er på om lag 7 600 dekar. Tala for omdisponering for dyrkbar mark er òg mykje lågare enn for 10-årsperioden 1994-2003.
Samla sett har ikkje tala for totalt dyrka jordbruksareal i landet gått ned i takt med omdisponeringa, blant anna på grunn av nydyrking. Mange av dei aller beste jordbruksareala er likevel omdisponerte og erstatta av mellom anna nydyrka areal som i mange tilfelle er meir marginale.
Det er eit mål å sikre økologisk berekraft i reindrifta gjennom eit tal på rein tilpassa til tilgjengeleg arealgrunnlag.
Talet på rein har tidlegare vore regulert på distriktsnivå gjennom eit øvre reintal. I reindriftslova frå 2007 blir talet på rein regulert gjennom bruksreglane. Det er distriktsstyret som skal utarbeide bruksreglane. Deretter blir bruksreglane godkjent av områdestyra. Når det gjeld fastsetjing av det øvre talet på rein skal distriktet i tillegg legge fram sitt vedtak for Reindriftsstyret for endeleg godkjenning. Ved utgangen av 2011 hadde alle sommar- og heilårsdistrikta fått godkjent sine bruksreglar. Det er i dag om lag 250 000 rein. Ut frå godkjende bruksreglar vil det vere nødvendig å redusere talet på rein med i underkant av 40 000 over ein 3 års periode. I all hovudsak skal denne reduksjonen skje i Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde.
Eit for høgt tal på rein over tid gir reduserte slaktevekter. Gjennomsnittlege slaktevekter for vaksne dyr er redusert frå 30,0 kilo i 2010 til 29,7 kilo i 2011. For kalv har vektene i den same tidsperioden auka frå 18,2 kilo til 19,0 kilo.
Dei gjennomsnittlege slaktevektene i Finnmark har dei siste åra variert mykje. I siste del av 1990-talet var slaktevektene låge. Frå 2000/2001 og dei to påfølgjande åra auka slaktevektene markert. Dei to siste åra har vektene blitt reduserte. Områda sør for Finnmark og Polmak/Varanger har betre slaktevekter enn Karasjok og Vest-Finnmark. Slaktevektene sør for Finnmark og Polmak er prega av meir tilfeldige årlege svingingar i vektene. For desse områda er det klimatiske svingingar som er hovudårsaka til endringane i vektene.
Produksjon av miljøgode
Det er eit mål å ivareta og utvikle landbruket sitt kulturlandskap, under dette ta vare på variasjonen i jordbrukets prioriterte kulturlandskap.
I perioden 1999-2011 er det estimert ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 3,9 pst. Nedgangen i jordbruksareal heng i all hovudsak saman med reduksjon i arealet med åker og hage. Innmarksbeitearealet (annan eng og beite) har i den same tidsperioden auka med 16,9 pst.
Frå 2005 har eit nytt digitalt kartgrunnlag vore i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Ved søknadsrunden i 2011 var 81 pst. av jordbruksarealet omfatta av det nye kartgrunnlaget. Tal frå Statens landbruksforvaltning (SLF) viser at arealmåling frå nytt kartverk i perioden 2005-2011 innebar ein eingongsreduksjon i arealet på 2,8 pst. i snitt i dei kommunane der kartverket blei teke i bruk. For dei andre kommunane var nedgangen 0,1 pst. i snitt. Effekten av det nye kartverket kan både vere ein følgje av meir nøyaktige målingar og av at endringar som har skjedd over tid først blir fanga opp når eit nytt kartverk blir teke i bruk.
Talet på beitedyr i utmark er redusert med om lag 86 000 dyr i perioden 1999 til 2011. For storfe har likevel delen på utmarksbeite auka frå 22,9 pst. i 1999 til 26,8 pst. i 2011. For sau og geit har delen på utmarksbeite gått litt ned, men her er over 80 pst. av dyra på utmarksbeite.
Talet på setre i drift er fallande. I 2010 var det 1 574 setre i drift mot 2 721 i 1999. Prosentdelen jordbruksføretak med seter har i den same perioden auka frå 12 til 14 pst.
Landbruks- og matdepartementet samarbeidde med Miljøverndepartementet om 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2011. Forvaltninga av desse landskapa er bygd på frivillig innsats og aktiv innsats frå kommunane.
Miljøinnsatsen i skogbruket skal bli meir målretta. I 2011 var det skogbruksplan med miljøregistreringar (MiS) på om lag 40 000 dekar. Det økonomisk drivverdige skogarealet er på 67 mill. dekar. Om lag 80 pst. av dette arealet er kartlagt med MiS-registreringar. I mange område er det no klart for eit nytt omdrev med miljøregistreringar, og det må vurderast korleis eksisterande data kan brukast opp att og kva for behov det er for nykartlegging.
Med grunnlag i skogbruksplanlegging med miljøregistreringar sett skogeigarane til side livsmiljø der det blir teke særleg omsyn til miljøverdiane. I 2011 var det totalt sett til side om lag 70 000 livsmiljø med eit samla areal på omkring 400 000-500 000 dekar. Ved vidare miljøregistrering vil det komme til fleire livsmiljø, og dette vil gjere det mogleg å erstatte nokon av dei eksisterande med nye.
Sikre naturmangfald
Regjeringa har som mål å auke bruk og vern av genetiske ressursar i landbruket. Det er særs viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet og dei genetiske ressursane som er grunnlag for landbruk og matforsyning, og hindre tap av biologisk mangfald.
For husdyr som blir brukt i avl er storleiken på populasjonen det enklaste målet på om ei rase er trua eller berekraftig. I Noreg er 27 populasjonar definerte som nasjonale husdyrrasar. Det er teke stilling til om dei nasjonale rasane er så små at dei òg skal reknast som trua og derfor må takast vare på. Sju rasar ligg over talet på 1 000 individ som er grensa til FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) for ei trua rase, resten ligg under, for nokre raser langt under, dette talet. Mellom anna for hest og storfe er storleiken på rasane nær kritisk trua nivå. For dei store avlspopulasjonane ligg det føre tal for effektiv populasjonsstorleik, som gjer greie for talet på dyr som skyt til genar i neste generasjon. Dette er eit viktig mål på om avlsarbeidet er berekraftig. For 2011 er dette talet for NRF 195, Norsk kvit sau 100, Spælsau 143, Norsk mjølkegeit 250 og for Norsk Landsvin 128.
Det finst foredlingsprogram på korn, potet, engvekstar og frukt og bær. Det årlege talet på nye sortar som blir godkjente er eit mål på aktivitet innan planteforedlinga i Noreg og på tilbodet av eigna plantemateriell ut til bonden. I 2011 blei det teke opp 8 nye sortar på den norske sortslista. Det er òg oppretta genbankar for gamle sortar korn og potet, der interesserte bønder kan få materiell for utprøving.
Innanfor skogbruket var det utprøvd 2 822 individ i foredlinga på gran i 2011, likt med året før. Genressursreservata for skog som blir oppretta i verneområda skal verke med til å sikre den potensielle tilgangen til genetisk materiale frå ulike klima og veksestader. Det er 23 genressursreservat for skog. Av desse har sju godkjente planar for skjøtselen.
Ta vare på mangfaldet av artar i jordbruket sitt kulturlandskap
Jordbruket sitt landskap påverkar òg samansetninga av artar som har leveområdet sitt her. Overvakingsprogrammet 3Q – Overvaking av tilstanden og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap undersøker to grupper artar, fuglar og karplanter, som indikatorar for endringar i biologisk mangfald i kulturlandskapet. Begge desse gruppene er svært samansette, med artar med mange ulike krav.
I løpet av perioden 2000-2011 har det blitt registrert 160 fugleartar på dei 130 flatene som blir overvaka med jamne mellomrom. Blant desse er det òg 35 artar som er raudlista. Om lag 50 av dei registrerte artane finst på nok flater til at 3Q-programmet kan fange opp reelle endringar over tid, og 6 av desse artane er oppført på raudlista. Ei viktig oppgåve for 3Q-programmet er å knyte endringar i utbreiing og tal på fugleartar til 3Q-areala og endringar i jordbrukslandskapet.
Overvakinga av karplanter skjer på to slags areal, beitemark som aktivt blir beita av husdyr, og villeng, som er tidlegare beita mark og dyrka mark som gror att. Dette er område med stort biologisk mangfald som er sterkt utsette for endringar i bruk. I den første gjennomgangen av dei utvalte 3Q-areala blei det funne til saman 483 artar av karplanter. Av desse var det berre 10 pst. som blei funne på meir enn halvparten av areala, mens heile 382 artar blei funne på mindre enn 10 pst. av areala. Det er naturleg at artar ikkje veks over alt, men ei negativ utvikling over tid vil vere uheldig. Blant artane som er funne var 58 unike for beitemark og 112 unike for villeng. Det viser at på areal der beitedyra blir borte over lengre tid, vil artar som ikkje kan greie seg utan beitedyra forsvinne på sikt medan andre artar kjem til.
Eitt av delmåla her er at størst mogleg del av globalt mangfald skal vere deponert i frøhvelvet på Svalbard. Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar dublettar av frø frå heile verda.
Ved utgangen av 2011 er det alt 46 internasjonale og nasjonale institusjonar som har signert avtalar om å deponere frø og i alt 716 523 frøprøvar er deponerte.
28 institusjonar, deriblant 10 nye, la inn til saman 113 364 nye frøprøvar i 2011, ein auke i samlinga på 16 pst. frå 2010.
Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga
Det er eit mål å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket. Noreg sitt klimagassutslepp i 2010 var 53,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar. 9 pst. av klimagassutsleppa i 2010 stamma frå jordbruket (4,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar). Av dette var 47 pst. CH4, 43 pst. N2O og 10 pst. CO2. Jordbruket er ei av dei viktigaste kjeldene for utslepp av klimagassane CH4 (metan) og N2O (lystgass), og for 2010 kom 51 og 68 pst. av dei norske utsleppa av metan og lystgass frå jordbruket. Jordbruket sitt utslepp av klimagassar stammar frå biologiske prosessar i vomma hos drøvtyggarar og biologiske og kjemiske prosessar i husdyrgjødsel og jordsmonn, men det blir òg berekna utslepp frå forbrenning, både stasjonær og frå traktorar, maskinar og reiskapar.
Produksjon i veksthus er den driftsforma innanfor jordbruket som nyttar mest fossil energi til varmeformål. Over tid har det skjedd store endringar i bruk av ulike energiberarar i veksthusnæringa. Fyringsolje og kol var tidlegare viktige oppvarmingskjelder, men har over tid blitt erstatta av andre meir miljøvennlege energiberarar som straum, bioenergi og gass. CO2-utsleppa frå bruk av fossil energi i veksthusproduksjonen var på om lag 72 000 tonn i 2010, ein nedgang på 12 pst. sidan 2006. Halvparten av utsleppa kjem frå bruk av naturgass, 30 pst. frå fyringsolje og 20 pst. frå propangass.
Regjeringa ønskjer å forsterke klima- og energigevinstar frå landbruket. Nettoopptaket av CO2 i skog og skogareal var ved siste rapportering til Klimakonvensjonen på 35,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar for 2010. Av dette utgjer det som er ført under Kyoto-protokollen Artikkel 3.3 på skogreising og avskoging 0,24 og 1,18 mill. tonn CO2-ekvivalentar (netto -0,94 mill. tonn CO2). Opptaket i eksisterande skog som følgje av skogskjøtsel, som er ført under Kyotoprotokollen Artikkel 3.4 om skogforvaltning, er berekna til 36,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar (levande – og daud biomasse og jord). Når det gjeld dei andre arealkategoriane (dyrka myr, åkerland med vidare) er desse berekna til å bidra til eit utslepp på 2,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Totalt nettoopptak for skog og andre areal (LULUCF sektor) i 2010 blir dermed 33,9 mill. tonn (alle karbonlager – tilskoging, avskoging, arealbruksendringar, gjødsling, skogbrannar med vidare). Den samla klimaeffekten frå skogsektoren må vurderast ved å sjå netto skogopptak i samanheng med klimatenestene fornybart skogråstoff bidreg til ved substitusjon av fossile utslepp i form av trebruk i byggsektoren og bioenergi. Frå 1990 til 2010 har nettoopptaket i skog auka med 280 pst. Årsaka til dette er aukande tilvekst. Avverking og naturleg avgang har vore relativt stabilt i perioden.
16,1 pst. av det hogstarealet som blei kontrollert i 2010 (dvs. hogst gjennomført i 2007) hadde eit plantetal under det minste lovlege plantetalet ved kontrolltidspunktet. Om lag ein tredjedel av dette arealet er klassifisert som naturleg forynga, noko som gjer det vanskeleg å berekne kor stor del som vil vere over minste lovlege når den framtidige forynginga er etablert.
I 2011 blei det i Noreg sett ut 23,3 mill. skogplanter over eit areal på 135 000 dekar. Samanlikna med 2010 er dette ein auke i talet på planter på 15 pst.
Departementet legg stor vekt på medverking i realisering av bioenergistrategien til regjeringa, og gir mellom anna støtte til produksjon av energiflis og etablering av gardsvarmeanlegg og anna gjennom eit eige bioenergiprogram.
I løpet av dei tre åra energiflisordninga har vore i drift, har produksjonen auka frå rundt 60 000 til 824 000 lauskubikkmeter i 2011. Produksjonen i 2011 tilsvarer om lag 700 mill. kWh. Den største delen av tilskottet gjekk i 2011 til pleie av kulturlandskap, rydding av vegkantar og lauvskoghogst; samla 79 pst. I 2011 var det likevel ein auke i aktiviteten på alle tilskottsområda samanlikna med 2010; og størst på områda førstegangstynning heiltre og GROT (hogstavfall). Volumet av produsert flis som tilskottet har løyst ut, svarer til varmebehovet til om lag 70 000 husstandar, og kan erstatte 74 mill. liter fyringsolje. Dette gir ein potensiell reduksjon i klimagassutsleppa på 196 000 tonn CO2.
Satsinga på bioenergi gjennom Bioenergiprogrammet bidreg til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Aktiviteten under programmet aukar stadig. Den største delen av prosjektet var som tidlegare år større gardsvarmeanlegg for leveranse av energi til næringsdrift. Dei to siste åra har det samstundes vore ein nedgang i talet på prosjekt for konvertering til bioenergi i våningshus. Aktiviteten under dei andre målområda i programmet låg i 2011 på omtrent same nivå som tidlegare. Prosjekta løyste i 2011 ut ein energiproduksjon tilsvarande 42,5 GWh.
Regjeringa har eit mål om å auke bruken av tre. Årsakane til dette er dei miljømessige fortrinna i trebruk, potensialet for lokal og regional utvikling av ny næring og ressurstilgangen i skogen. Sidan år 2000 auka bruken av tre kvart år fram til 2007 då forbruket var oppe i 0,83 kubikkmeter trelast per person/år. Etter finanskrisa fall forbruket betydeleg, men er no igjen aukande: forbruket i 2010 var 0,68 kubikkmeter per person og i 2011 var trebruken per innbyggjar komme opp i 0,71 m3. Tresatsinga til regjeringa har heile tida støtta opp om trenæringa sitt eige mål om eit forbruk av trelast per innbyggjar på 0,75 kubikkmeter.
Redusere forureininga frå jordbruket
Omsetninga av plantevernmiddel har variert mykje frå år til år, først og fremst grunna tilpassing av innkjøp til endringar i avgiftsnivået og prisvariasjonar på verdsmarknaden. Det er derfor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt, men sett i høve til nivået i 1996/1997 har det vore ein reduksjon både når det gjeld helserisiko og miljørisiko.
Sjølv om den totale omsetninga av plantevernmiddel ikkje er redusert dei siste åra, er bruken av preparat/stoff vridd mot preparat/stoff med lågare helse- og miljørisiko. Den auka bruken i 2011 var grunna av mykje nedbør i vekstsesongen. Dette førte til auka behov for sprøyting mot soppsjukdommar.
Det er eit mål at alt vatn skal oppnå god, økologisk tilstand innan 2020, jf. vassforskrifta. Dei første forvaltningsplanane blei vedtekne av Kongen i statsråd i juni 2010. Desse planane dekker om lag 20 pst. av vatnet i Noreg og tiltak skal vere sett i verk innan utgangen av 2012. I 2013 vil arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for resten av landet fortsette. Redusere vassforureining (avrenning frå næringsstoff og plantevernmiddel) er ein viktig del av miljøarbeidet i jordbruket. Endra jordarbeiding (inga haustpløying) er av dei viktigaste tiltaka for å avgrense avrenninga av næringsstoff og partiklar til vassdrag. Hausten 2011 blei 1,7 mill. dekar omfatta av tiltaket, noko som utgjer om lag 60 pst. av alt kornareal. Det er for tidleg i prosessen å rapportere på vassførekomstar med bedra status som følgje av i gangsette tiltak i jordbruksområda. Dette vil tidlegast bli gjort i budsjettet for 2016.
8 Forskinga skal bidra til at dei overordna landbruks- og matpolitiske måla blir nådd
Forsking og forskingsbasert innovasjon er eit av dei viktigaste verkemidla for at dei overordna måla i norsk landbruks- og matpolitikk – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk – blir nådde. Regjeringa legg derfor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon på dette området. Til saman blir det årleg nytta vel 600 mill. kroner til forsking i sektoren over statsbudsjettet og frå næringsaktørane gjennom Fondet for forskingsavgift på jordbruksprodukt og Skogtiltaksfondet. Ei nærmare omtale av framlegg til løyvingar og ulike verkemiddel er gitt i kap. 1137. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalte område innanfor dei åtte delmåla for landbruks- og matforskinga bli omtalt:
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
Auka innovasjon og konkurranseevne
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Høg internasjonalisering av forskinga
Effektiv kommunikasjon og formidling
Auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat innanfor eit endra klima
Det er nødvendig med ein omfattande forskingsinnsats på matområdet for å nå regjeringa sitt mål om berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den voksande befolkninga. På sikt vil det vere eit særleg behov for å auke kunnskapen knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn, samt forsking som fremmar auka innovasjon og konkurranseevne i næringsmiddelindustrien. Forsking på desse områda må kombinerast med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av produksjon av mat kan holdast så låge som mogleg.
Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert i forskingsløyvingane. Utrekningar frå Noregs forskingsråd viser at løyvingane over departementet sitt budsjett på matområdet har lege på omkring det same høge nivået dei siste tre åra. Den samla nasjonale forskingsinnsatsen på området har derimot gått ned dei siste åra. Gjennom løyvingar til Matprogrammet i Noregs forskingsråd, har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.
God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdomar vil sette krav til ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt som er finansierte gjennom Noregs forskingsråd, har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse. Prosjektet Løsdrift for mjølkeproduksjon hos ku har mellom anna undersøkt korleis ulike planløysingar, material og konstruksjonsval påverkar helse og velferd hos mjølkekyr. Resultat frå prosjektet peiker på konkrete tiltak for å redusere førekomst av skader, samt forhold som kan redusere talet på mastittbehandlingar og som kan betre fruktbarheita. Det er òg sett i gang ulike prosjekt retta mot sauehelse, mellom anna eit som ser på tiltak for å redusere dødfødslar og tidleg lammedød, og eit som ser på ulike tiltak for å redusere førekomst av flått og flåttbåren sjukdom hos sau. Innanfor plantehelse har eit nyleg avslutta prosjekt gitt resultat som vil vere av betyding for å få bukt med ein spesiell type skadegjerar på mellom anna ruccola, brokkoli og blomkål, og det er sett i gang forsking knytt til meir effektiv og miljøvennleg måte å få bukt med ugras og sjukdommar. Sistnemnte er ein del av eit større, tverrfagleg prosjekt knytt til presisjonsjordbruk.
For å sikre at maten som kjem fram til forbrukarane er trygg, er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt. Det er starta opp fleire prosjekt innan førebygging og overvaking av sjukdomsframkallande bakteriar. Det er mellom anna undersøkt korleis mikroorganismar reduserar haldbarheita av ulike næringsmidlar og det er utvikla metodar som gjer det enklare å finne smittekjelda ved E. coli-utbrott. Eit nyleg avslutta prosjekt har dessutan gitt oss auka kunnskap om korleis muggsopp dannar biofilm på produksjonsutstyr og i produksjonslokalar. I 2011 starta Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Nofima AS bygginga av eit nytt pilotanlegg for matvareprosessering på Campus Ås. Anlegget, som blei finansiert gjennom infrastrukturmidlar i Noregs forskingsråd, vil være sentralt i framtidige forskingsprosjekt knytt til mattryggleik.
Løyvingar over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet har finansiert forskingsprosjekt som har gitt oss auka forståing om korleis maten kan gjerast betre, sunnare og meir haldbar, samt kunnskap om kva som styrar forbrukaranes val av mat. Forsking på dette området har mellom anna gitt oss kunnskap om korleis dyrkingsteknikk og lagringsforhold verkar inn på kvalitet og næringsinnhald i bær, frukt og grønsaker, og vi har fått kunnskap om korleis vi kan redusere saltinnhaldet i omarbeidde matvarer. Vidare har ein nyutvikla kjølemetode gjort det mogleg å auke haldbarheita av ferskt kjøtt og fisk med fleire dagar, og ein ny type indikator gjer det mogleg med meir nøyaktig indikasjon på haldbarheit ved å måle både tida og temperaturen vara blir utsett for. Det blir òg arbeidd med å utvikle eit enkelt og hendig instrument som kan brukast til rask screening av oksidasjon/harskning på mat. Dei sistnemnde prosjekta er viktige bidrag for å redusere mengda av matavfall. På dette området er det òg sett i gang eit forskingsprosjekt som ser på svinn i matsektoren og årsakene til at det blir kasta mat.
Næringsmiddelindustrien har vore involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Dei siste åra er samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som har komme ut frå samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien.
Regjeringa har sett seg som mål å auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. Samstundes skal det takast omsyn til miljø og klima. For å nå dette målet er det avgjerande med best mogleg utnytting av dei ressursane vi har til rådigheit. Avlsarbeid for høgast mogleg produksjon frå friske og sunne dyr, og sortutvikling som sikrar eit plantemateriale tilpassa klimaforholda vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet har finansiert fleire prosjekt på dette området, av desse fleire med brei brukarmedverking. Det er mellom anna sett på modellar for avlsframgang og utvikla ein ny metodikk for inkludering av nye eigenskapar av økonomisk betyding i avlsmåla. Avlsorganisasjonane innanfor alle husdyrartar var med på dette prosjektet. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, derunder kunnskap knytt til betre agronomi, vil få enda større betyding i tida framover.
Auka berekraftig produksjon av skog innanfor eit endra klima
Forskingsprogrammet Natur og næring har i 2011 følgt opp overordna politiske føringar for å levere forskingskunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd.
Det har over fleire år vore arbeidd bevisst med å etablere store tverrfaglege prosjekt som på brei basis analyserar betydinga av skogen i klimasamanheng. Dette arbeidet dekker heile livslaupet frå etablering, skjøtsel og avverking til tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det komplekse samspelet mellom primærproduksjon, hausting og samfunnet sine ulike bruk av trebaserte produkt gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt nødvendig. Ei forskingsmessig utfordring i dette arbeidet er å bidra med kunnskap som balanserar auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkastning i skogbruket og som samstundes tek omsyn til miljøverdiar og biologisk mangfald.
Det har i mange år vore aukande interesse for bruk av tre i større byggverk, både i konstruksjonen og i fasadekledning. Blant utfordringane er haldbarheit og auka levetid for trefasadar. To prosjekt har utvikla nye metodar for fastsetjing av fargesoppar og råtesoppar på behandla og ubehandla fasadar. Arbeidet gir grunn til å tru at ein lettare kan berekne langtidseffektane av overflatebehandling av trevirke for dermed å kunne redusere vedlikehaldskostnadar.
Innanfor temaet skogbehandling og karbonbinding er det sett i gang eit stort tverrfagleg forskarprosjekt for å sjå på kva for rolle skogen har i klimasamanheng med tanke på optimal utnytting av skogen for karbonlagring, tømmerutnytting og bioenergi. Prosjektet vil gi svar på problemstillinga kring optimal hogstalder for karbonbinding i skog og utvikle modelleringsapparat for å styrkje optimal bruk av skog.
Nokre prosjekt har allereie resultert i store forandringar i norsk skogbruk. I 2011 blei det avslutta eit prosjekt leia av UMB der det er utvikla ein enkel og praktisk metode for å nytte flybåren laserskanning av skog i kombinasjon med feltregistreringar. Den nye teknologien gir skogdata med høg nøyaktigheit. Metoden kan òg nyttast til å vurdere økosystemfunksjonar i skogen, for eksempel ved lokalisering av vekstområde for artar som er viktige å bevare av omsyn til det biologiske mangfaldet.
Behovet for å styrkje det internasjonale samarbeidet kommer godt til syne gjennom allereie eksisterande prosjektsamarbeid og forskarutveksling. Det blir arbeidd med å etablere eit ERA-NET på temaet multipurpose forestry med brei Europeisk deltaking.
Wood Wisdom Net 2 er eit ERA-NET med formål å utvikle samarbeid mellom europeisk skogsektor og skogbasert industri, forsking og styresmakter. Det er finansiert frå EU’s 7. rammeprogram.
Reduksjonar i utslepp til luft og vatn og eit høgt opptak av CO2 i skog og jord
Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av landbruket sitt bidrag for å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking har i 2011 skjedd gjennom programma RENERGI og Natur og næring i Noregs forskingsråd. Programma dekker alt frå grunnleggjande forsking og utvikling til næringsretta forsking. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. For 2011 har miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, samt biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, vore sentrale område i departementet sin støtte til bioenergiforsking.
Auka satsing på bioenergi fører med seg at ein haustar meir biomasse enn ved tradisjonell hogst. Det auka biomasseuttaket vil særleg vere GROT, tynningsvirke, rydningsvirke og annan lågverdig biomasse. Departementet støttar forsking knytt til økologiske og miljømessige verknadar av det auka uttaket med sikte på å legge grunnlaget for ei berekraftig hausting og produksjon.
Utvikling av berekraftige og lønnsame verdikjeder som kan levere fleire typar kvalitetsbrensel er ein viktig del av energiforskinga innanfor landbruket. Råstoff frå skog må kunne styre ressursar til ulike verdikjeder; biovarme, kombinert varme/kraft, pellets, bioolje, papir og nye fiberanvendingar. Til dømes er det starta viktige FoU-prosessar i Ringerike-regionen, der det blir arbeidd med optimal bruk av heile treet, i motsetning til tradisjonell utnytting der bare tømmerstokken brukast. Slike prosessar samlar forskingsmiljø, skogaktørar, industri, energiselskap og styresmakter om felles tiltak og mål. Merksemda på å kombinere ressursar frå både landbruk og energi på nye måtar har vore stor i 2011.
Innanfor biovarme har departementet støtta prosjekt som fremmer samarbeid mellom biologiske og teknologiske miljø. Sintef Energi AS er eit sentralt forskingsmiljø innanfor viktige forskingsområde som betre forbrenning og reduserte driftskostnadar i bioenergianlegg. Selskapet har òg vidareutvikla sitt samarbeid med vedbransjen, særleg ovnsprodusentane. Utvikling av nye produkt og varmeløysingar har bidrege til at bruken av ved har blitt meir berekraftig og ein viktig del av norsk bioenergibransje.
Gjennom programmet RENERGI har departementet støtta fleire biodrivstoffprosjekt. I første rekke er dette utvikling av konverteringsteknologiar som kan omforme trevirke og anna plantemateriale som ikkje kan spisast (lignocellulose) til motordrivstoff. På dette området har blant anna biodrivstoff til luftfart komme opp som eit viktig tema.
I Meld. St. 21(2011–2012) Norsk klimapolitikk går det fram at biogassproduksjon basert på gjødsel, avløpsslam og ulike typar avfall har eit vesentleg potensial for å redusere utslepp av klimagassar. Forsking på biogass vil gjere det mogeleg å utnytte organisk avfall til energi og plantegjødsel, enten avfallet kommer frå bustader, gardsbruk, industri eller frå skogen. Dermed blir behovet for mineralgjødsel redusert og utsleppa av metan, karbondioksid og lystgass vil gå ned.
På eit overordna nivå er viktige innsatsområde for forsking på biogass mellom anna teknologiutvikling samt optimal drift og organisering knytt til produksjon. Dette skal gje reduserte kostnader og auka lønnsemd. Forskingssamarbeid mellom landbruket og andre sektorar om kunnskaps- og teknologiutvikling er viktig på biogassområdet.
Kunnskapsmiljøa på Ås er sentrale i landbruket si satsing på biogass, deriblant realisering av eit eige biogasslaboratorium. Her er det etablert moderne laboratoriefasilitetar som raskt har komme i aktiv bruk av forskingsmiljø og næringsaktørar. Sentralt i dette arbeidet er Norsk senter for bioenergiforsking, der departementet mellom anna støttar prosjekt innanfor bruk av husdyrgjødsel til biogass. Her blir det utvikla kunnskap om reaktorteknologi for småskalaproduksjon, sambehandling av fleire ressursar (gjødsel, matavfall, slakteavfall, fiskeensilasje, algar, lignocellulose) og bruk av biorest til jordbruksgjødsel.
Programmet RENERGI har i 2011 støtta eit lovande prosjekt der det blir utvikla ein helt ny prosess der ligninet i bjørk kan gi biogass gjennom anaerob fermentering. Oppdaginga kan gjere det mogleg å produsere ei mykje større mengd med biogass enn med dagens råstoffbase. Vidare ser eit prosjekt i regi av Cambi AS og Oslo kommune Energigjenvinningsetaten ut til å ha nådd ein viktig milepæl i arbeidet med å utvikle reinare og meir effektiv forbehandling av våtorganisk avfall. I programmet RENERGI er det avslutta eit biogassprosjekt som studerte gardsbaserte moglegheiter med omsyn til råstoff, logistikk, produksjon, avtale- og eigarforhold samt biorest til gjødsel. Dette samarbeidet mellom primærnæringa og Bioforsk bidrog til eit betydeleg kompetanseløft blant aktørane.
Departementet har gjennom Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken teke opp at vi behøver meir kunnskap om opptak av CO2 i skog. I denne samanhengen blei det i 2011 starta opp eit stort samarbeidsprosjekt, leia av Norsk institutt for skog og landskap. Dette skal søke å gje svar på kva for skogbehandlingsstrategiar, bruk av tømmer og biomasse som kan gje optimal langsiktig karbonlagring. Dette skal skje samstundes som den samfunnsmessige og økonomiske betydinga av skogen blir teke vare på.
Når det gjeld karbonbinding i jordbruksjord, så er det utført eit viktig grunnlagsarbeid i rapporten Kunnskapsstatus – Bedre agronomi – Utredning av kompetansegrunnlaget for bedre agronomi for å møte landbrukets klimautfordringer, utarbeidd av Bioforsk, UMB og Høgskolen i Hedmark på oppdrag frå Noregs forskingsråd. Her går det fram at det har vore utført lite forsking i Noreg på moglegheitene for karbonbinding i jord. Rapporten tek for seg område der meir kunnskap er nødvendig. Departementet meiner dokumentet gir eit godt bilete av kunnskapsstatus på området og aktuelle forskingsområde.
Auka innovasjon og konkurranseevne
Regjeringa bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet gjennom å stimulere sektorens næringar til å forske meir og til å nytte seg av andre si forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Landbruks- og matdepartementet vil innrette forskingsmidlane slik at dei støtter opp under innovasjonsaktivitetar i næringane gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med forskingsfinansierande aktørar.
Det er gitt høg prioritet til brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking. Høg forskingsaktivitet er ein føresetnad for oppretthalding og styrking av konkurranseevna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), samt tematisk innretta program som Natur og næring, Matprogrammet og Store program, har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Det blir òg arbeidd for å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. Nofima AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.
Det blir prioritert støtte til forskingsbasert innovasjon i næringsmiddelindustrien over Landbruks- og matdepartementets budsjett. Dei siste åra har løyvingar over departementet sitt budsjett lagt til rette for ei målretta satsing for auka konkurranseevne og innovasjon i norsk landbruksbasert næringsmiddelindustri.
Verksemda i Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) og dei regionale representantane er retta mot meir forsking i næringslivet. Gjennom VRI-programmet blei det samarbeidd vidare med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i bedrifter med liten FoU-erfaring. I løpet av 2011 var alle fylka i landet involverte i totalt 15 regionale VRI-satsingar. 2011 var det andre operative året for dei sju nye regionale forskingsfonda. Auka merksemd på erfarings- og kunnskapsutveksling mellom regionalt og nasjonalt nivå, starta i 2010, har medført ein tett samarbeidsstruktur mellom dei regionale representantane og dei sentrale næringsretta programma i Forskingsrådet. Innanfor programmet sine rammer blei det i 2011 teke initiativ til ein forskarskole for innovasjon (Norwegian Research School in Innovation – NORSI), med ambisjon om å samle innovasjonsmiljøa i Noreg.
Bioforsk leverte éin patentsøknad i 2011. Bioforsk og NILF selde til saman 14 nye lisensar, og de rapporterte lisensinntekter på til saman 0,6 mill. kroner.
For å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universiteta og institutta som grunnlag for innovasjon og utvikling, må det leggast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formulering av kunnskapsbehov og finansiering. På oppdrag for departementet har Selskapet for industrivekst SF utreda korleis innovasjonsaktiviteten på Campus Ås kan styrkjast. Rapporten om dette, som kom i september 2011, gir råd om organisatoriske løysingar for auka kommersialisering av forsking og større samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta på Ås og i næringslivet. Departementet vil komme tilbake til oppfølging av råda på eit seinare tidspunkt. Arbeidet vil bli sett i samanheng med utredningsarbeid relatert til samlokalisering av landbruksfaglege forskingsinstitutt på Ås.
God kunnskapsutvikling for forvaltninga
Som ein del av arbeidet med ny melding til Stortinget om landbruks- og matpolitikken, fekk Noregs forskingsråd oppdrag frå departementet om å gjere ein gjennomgang av departementet sine ytre verksemder. Hovudmålet for gjennomgangen var 1) å gi råd om korleis ein skal utvikle ein effektiv instituttsektor med høg kvalitet, godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft og 2) gi råd om arbeidsfordelinga rundt forvaltningsoppgåver mellom forskingsinstitutta og forvaltningsorgana til landbruket.
Rammene for Forskingsrådet sitt mandat var knytt til institutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet, samt forvaltningsorgana Mattilsynet, Reindriftsforvaltninga og Statens landbruksforvaltning. I tillegg omfatta vurderinga stiftinga Bygdeforsking, som får basisløyving over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Rapporten frå forskingsrådet med tilrådingar blei overlevert departementet i desember 2010. Her blir endringar i rammevilkåra til institutta greidd ut om i to dimensjonar: Globale endringar som påverkar det norske samfunnet og endringar i det nasjonale behovet for forsking og endra operative vilkår for forskinga. Forskingsrådets hovudkonklusjon for å svare på desse endringane er behovet for større organisatoriske einingar der òg den framtidige universitetssektoren på Ås er ein del av løysinga. Behovet for å styrkje den vitskaplege produksjonen blei òg vektlagt.
I starten av 2011 blei innstillinga og tilrådingane frå Forskingsrådet vurderte av departementet. Ein hovudkonklusjon var at det ikkje finst eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om ein bør gjennomføre endringar i struktur, rolledeling eller organisering av instituttsektoren, eller av denne sektoren sitt forhold til forvaltninga. Derfor tok departementet initiativ til ein oppfølgjande prosess, organisert for å framskaffe eit betre grunnlag for å vurdere aktuelle tiltak innanfor dei to hovudmåla i prosessen. Etter dialog med ei rekke aktørar og andre departement, blei det avgjort at den vidare prosessen mellom anna skulle bygge på følgjande premiss (forenkla):
Det skal utarbeidast eit mandat for ein samfunnsøkonomisk analyse. Dette skal omfatte to hovudalternativ. Det eine handlar om å la Bioforsk, NILF, Skog og landskap og VI fortsette som sjølvstendige forvaltningsorgan med særskilte fullmaktar som i dag, men med auka samarbeid mellom institutta. Det andre alternativet er å fusjonere Bioforsk, NILF og Skog og landskap. Begge alternativ krev at Bioforsk, NILF og Skog og landskap blir samlokaliserte på Ås når tilfredsstillande lokalitetar er etablerte.
Uavhengig av endeleg val av organiseringsalternativ, er det ein føresetnad at det blir etablert eit nært forpliktande fagleg samarbeid mellom NILF og Bygdeforsking for å komplettere og styrkje det samfunnsvitskaplege miljøet.
Det blir utarbeidd kriterium for dei regionale oppgåvene til institutta, som inngår som ein premiss for den samfunnsøkonomiske analysen. Utgangspunktet er at departementet sin forskingsaktivitet skal ha ein sterk regional forankring og lokalisering, samstundes som forskingas kvalitet skal oppretthaldast og utviklast.
Desse føringane blei oppfølgde ved at tre prosessar blei sette i verk rundt årsskiftet. Den første er ein samfunnsøkonomisk analyse av den overordna instituttstrukturen, den andre er ei vurdering av regional struktur og den tredje om deling av oppgåver mellom forvaltningsorgana og dei landbruksfaglege forskingsinstitutta. Tre rapportar frå dette arbeidet blei ferdigstilte i juni 2012.
Høg kvalitet og relevans i forskinga
Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta har i 2011 oppnådd betre resultat innan vitskapleg publisering enn tidligare. Berekninga av publikasjonspoeng (som er et vekta uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå) viser det beste resultatet på fem år med 276 poeng. Vitskapleg publisering på toppnivå (kvalitetsnivå 2) har òg auka frå 13 pst. av publikasjonane (2008) til 19 pst. (2011). Forholdstalet publikasjonspoeng per forskarårsverk i 2011 er òg det beste i løpet av en femårsperiode med 0,56. Dette indikerar ein høgare effektivitet.
Dei fem institutta utførte til saman 1 035 årsverk i 2011. Av dette var 492 forskarårsverk. Dette er ein vekst på fire pst. i talet på årsverk (993) og fem pst. i talet på forskarårsverk (467) frå 2006. Talet på tilsette med doktorgrad har auka med 32 pst. frå 2006 (279) til 2011 (368).
Høg internasjonalisering av forskinga
Ei kartlegging utført av NIFU viser at drygt tre pst. av dei totale FoU- aktivitetane utført på landbruks- og matområdet blei finansierte frå utlandet i 2009. Ein rapport frå Noregs forskingsråd viser at tilsvarande tall for det samla norske forskingssystemet låg på åtte pst. Finansieringa frå EU utgjør ca 30 pst. av desse midlane.
I 2011 har norske forskingsmiljø har hatt ei relativt god deltaking innanfor landbruks- og matområdet i EUs 7. rammeprogram. Det mest sektorrelevante særprogrammet, Food, Agriculture and Fisheries and Biotechnology, hadde norsk deltaking i 20 pst. av dei 63 prosjekta som blei innstilt i 2011. Åtte av desse prosjekta hadde norsk koordinator. Data frå kontraktane for 45 av prosjekta viser at Noreg er tildelt omkring 143 mill. kroner.
Noregs forskingsråd har deltatt i planlegginga av ti felles europeiske programmer (Joint Programming Initiatives – JPI). De to på landbruks- og matområdet er Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) og A Healthy Diet for a Healthy Life (HDHL). Det første legg vekt på matsikkerheit og endra klima, og programmet har som ei pilotaktivitet lyst ut midlar i 2011. Det andre vil undersøke kva rolle mat, kosthald og fysisk aktivitet spiller for helse og kroniske sjukdomar, og Noreg har meldt seg på to av pilotaktivitetane for 2012. Forskingsrådet har i 2011 arbeid for å koordinere mellom nasjonalt og europeisk nivå for best mogleg fagleg og budsjettmessig gevinst frå samarbeidet
Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta har i perioden 2006 til 2011 auka dei samla inntektene sine frå 777 mill. kroner til 1 068 mill. kroner. Av dei samla inntektene har finansieringa frå utlandet vore høgare dei tre siste åra enn tidlegare. I 2011 var inntektene frå utlandet på 29,5 mill. kroner, tilsvarande 2,8 pst. av dei totale inntektene. Auka fokus på internasjonalt samarbeid og fleire internasjonale program å søke midlar frå kan forklare auka finansiering frå utlandet i denne perioden. Aukinga har skjedd til tross for at internasjonal finansiell uro har dempa internasjonalt næringsliv sitt ønskje om å investere i forsking.
Talet på utanlandske forskarar som har hatt gjesteopphald ved institutta har variert mellom 6 og 24 personar (tilsvarande frå 34 til 226 månaders opphald), mens talet på norske forskarar som har hatt opphald ved utanlandske forskingsinstitusjonar har variert mellom 7 og 26 personar (tilsvarande 35 til 98 månaders opphald).
Effektiv kommunikasjon og formidling
Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta har i 2011 hatt betydeleg publiserings- og formidlingsverksemd, òg utanfor dei vitskaplege kanalane. Institutta sine medarbeidarar har halde over 500 foredrag og presentasjonar av papers eller posters, og dei hadde meir enn 900 populærvitskaplege presentasjonar og foredrag. Forskarar frå institutta har òg levert bidrag til fagbøker, lærebøker, allmenntidsskrifter og andre sjølvstendige publikasjonar. Utover dette publiserte institutta meir enn 500 rapportar. Vidare ble det publisert over 100 leiarartiklar, kommentarartiklar, omtalar, kronikkar og liknande. Institutta har òg medvirka som arrangør ved over 70 konferansar og seminar av minst éi dags varigheit. Norsk Landbruksrådgiving og Skogbrukets Kursinstitutt er viktige for å sikre at resultata som presenterast i vitskaplege artiklar, fagbøker, konferansar m.m. kjem til nytte for primærprodusentane. I tillegg bidreg populærvitskapleg presentasjon av forskingsresultat i bransjetidskrift og andre fagtidskrift til at ny oppdatert kunnskap kjem ut til brukarane.
9 Ei omstillingsdyktig, effektiv og robust forvaltning
Det har over fleire år vore gjennomført fleire større organisasjonsendringar i forvaltninga innan landbruks- og matsektoren. Formålet har mellom anna vore å legge til rette for ei teneleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og –nivåa, og samstundes sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet.
Som omtalt i kat. 15.20 og i innleiinga arbeider departementet med oppfølging av rapporten En robust instituttsektor. Rapporten inneheld ein gjennomgang av forskingsinstitutta Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet med omsyn til struktur, rollefordeling, organisering, grenseflater og tilknyting til andre forvaltningsorgan under departementet, samt ei vurdering av moglegheiter for synergiar i sektoren.
Regjeringa vil endre organiseringa av den offentlege forvaltninga av reindrifta, jf. innleiinga og kap. 1147. Siktemålet er at endringane skal bidra til forenkling, effektivisering og harmonisering med anna offentleg forvaltning. Endringa skal vere gjennomført i løpet av 2013.
Forenkling, effektiv ressursbruk og auka brukarvennlegheit
Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal, i tråd med Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken og digitaliseringsprogrammet til regjeringa, tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. I styringa av dei underliggjande verksemdene blir det mellom anna sett krav om at tenester som ikkje krev brukarnærleik bør vere tilgjengeleg digitalt, slik at brukarane kan rette seg mot verksemdene når dei sjølv ønskjer det. Brukarane skal ikkje trenge å gi opplysningar forvaltninga allereie kjenner til, så lenge gjenbruk av opplysninga er i samsvar med til einkvar tid gjeldande regelverk. Dei underliggjande verksemdene skal ved utvikling av nye IKT-løysinger vurdere gjenbruk av IKT-investeringar som er gjort i eiga verksemd og i andre delar av forvaltninga, og vurdere om andre delar av forvaltninga òg kan ha nytte av dei nye løysingane.
Landbruks- og matdepartementet og 12 andre departement er ein del av ei felles IKT-plattform i departementsfellesskapen, som blir drifta av Departementas servicesenter (DSS). Det er etablert ein felles IKT-strategi med tilhøyrande handlingsplanar. På den felles IKT-plattforma får Landbruks- og matdepartementet tilgang til digitale verktøy for å løyse arbeidsoppgåvene i departementet på ein effektiv måte.
Betre system for samfunnstryggleik og auka beredskap
Samfunnstryggleik og beredskap er eit viktig område for Landbruks- og matdepartementet. Departementet har beredskapsplanar som blir justerte med jamne mellomrom og etter alvorlege hendingar, slik at dei til einkvar tid er ein god reiskap for handtering av kriser og uønskja hendingar.
Landbruks- og matdepartementet har i 2011 gjennomført ei intern evaluering av departementet si handtering av angrepet mot regjeringskvartalet 22. juli 2011. Rapporten har to deler, ein erfaringsrapport og ein sluttrapport. Erfaringsrapporten presenterer funn frå evalueringa, medan sluttrapporten inneheld vurderingar og forslag til tiltak basert på evalueringa. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har i 2011 gjennomført tilsyn på arbeidet til departementet med samfunnstryggleik og beredskap. Tilsynsrapporten frå DSB og sluttrapporten frå evalueringa av handteringa frå departementet av angrepet mot regjeringskvartalet 22. juli 2011, vil mellom anna danne grunnlag for ein ny revisjon av planverk i departementet.
Sektoransvaret i Landbruks- og matdepartementet for samfunnstryggleik og beredskap er i hovudsak knytt til produksjon av mat og mattryggleik. Samfunnstryggleik og beredskap er viktige moment i styringa frå departementet av dei underliggjande verksemdene, og det blir mellom anna sett konkrete krav til slike moment i verksemdene i tildelingsbreva.
Det faglege beredskapsansvaret for Landbruks- og matdepartementet er i hovudsak knytt til matproduksjon og mattryggleik, men departementet har òg eit delansvar innan atomberedskap, matvareberedskap, forsyningsberedskap, naturkatastrofer og ulykker. Sektoransvaret inneber òg ei rolle i totalforsvaret, da særleg i samband med bioterrorisme.
I særleg grad er beredskapen innan matloven sitt område retta mot utbrott av alvorlege dyresjukdommar og zoonosar, helseskadelege matvarer og alvorlege plante- og skogskadegjerarar. Mattilsynet er ein beredskapsetat som ressursmessig og organisatorisk er utrusta til å handtere små og store hendingar kvart år. Handtering av reelle hendingar i tillegg til øvingar, dannar grunnlaget for kontinuerlege forbetringar i planverk og kompetanse. Mattilsynet har eit tett samarbeid med andre beredskapsetatar og næringsaktørar.
SLF har viktige beredskapsoppgaver innan samfunnstryggleik og beredskap. Dette omfattar handtering av hendingar og kriser innan matforsyning, skog, natur- og avlingsskader. Beredskapsplanverket skal sørgje for at SLF er i stand til å oppretthalde sine funksjonar i ein krisesituasjon for verksemda. SLF nyttar i stor utstrekning IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området.
Betre kommunikasjon med brukarane og meir openheit
Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd om landbruks- og matpolitikken for å skape debatt og legitimitet i samfunnet. Departementet skal raskt gå ut med ny kunnskap på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmål.
Departementet arbeidar kontinuerleg med vidareutvikling av dei ulike kanalane for kommunikasjon, mellom anna nettsidene på www.regjeringen.no/lmd. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. I tråd med intensjonane bak offentleglova skal departementet vise meiroffentlegheit der det er mogleg. Den offentlege postjournalen blir lagt ut på nettsida til departementet. Det gir allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om fag- og politikkområda til departementet.
Betre og meir målretta styring
Styring og oppfølging av forvaltninga står sentralt for å nå dei politiske måla. Forvaltninga er eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting. Forvaltninga skal vere brukartilpassa og formåls- og kostnadseffektiv. Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av gjennomføringa av vedteke politikk til underliggjande verksemder. Gjennom aktiv og målretta styring og dialog med dei underliggjande verksemdene, følgjer Landbruks- og matdepartementet opp dei mål og prioriteringar som regjeringa legg til grunn.
Dei underliggjande verksemdene har dei seinare åra fått fleire og meir samansette oppgåver. Dette har gjort etatsstyringa til ei større og meir krevjande oppgåve, og er derfor eit sentralt arbeidsområde i departementet. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal ha høg merksemd på utvikling av den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga oppfyller dei krava som økonomiregelverk i staten pålegg alle statlege verksemder. Departementet har derfor merksemd på internkontroll og risikostyring i underliggjande verksemder. Departementet ser eit særleg behov for risikovurderingar i verksemdene og vurderingar av korleis risiko for manglande måloppnåing blir handtert, blir ein meir sentral del av styringsdialogen mellom departementet og den enkelte verksemda.
Etter framlegging av Meld. St. 9 (2011-2012) er det sett i gang eit arbeid med å implementere ein ny målstruktur for departementet. Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i statlege verksemder, og departementet vil ha kontinuerleg merksemd på vidareutvikling av mål- og resultatstyringa.
Oppdatert kompetanse og rett ressursbruk
Landbruks- og matforvaltninga har samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Landbruks- og matforvaltninga har oppgåver som går langt ut over det som gjeld bønder. I ein sektor med verdikjeder som omfattar om lag 156 000 landbrukseigedommar, 125 000 årsverk og ein produksjonsverdi på 180 mrd. kroner, er det behov for reglar og system, og at ein har ein god forvaltning av dette.
Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Landbruks- og matdepartementet har sju underliggjande verksemder, og skal setje mål og gi rammer, rettleie og følgje opp resultata i verksemdene i samsvar med gjeldande lover, reglar og politiske retningslinjer. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning og Reindriftsforvaltninga. Dei fire forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for skog og landskap er organiserte som forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Sjå nærmare omtale under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.
Fylkesmannen har ansvar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk både regionalt og lokalt. Fylkesmannen forvaltar juridiske og økonomiske verkemiddel innanfor sektoren, og er pådrivar for utvikling innan landbruket. Fylkesmannen er administrativt underlagt Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for arbeidet til embeta på landbruks- og matområdet.
Fylkeskommunane har gjennom rolla som regional utviklingsaktør på landbruks- og matområdet, ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima og samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Samarbeidet i dei regionale partnarskapa legg til rette for å styrkje utnyttinga og målrettinga av verkemidla innanfor landbruks- og matsektoren.
Innovasjon Noreg forvaltar bygdeutviklingsmidlar, programstøtte og rentestøtte til tradisjonelt landbruk og nye næringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og handelsdepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører tenester for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i det årlege oppdragsbrevet frå departementet.
Kommunane har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver på landbruksområdet, frå forvaltning av landbrukslovgjevinga og dei økonomiske verkemidla, til nærings- og samfunnsutviklingsarbeid. Finansiering av oppgåvene inngår i inntektssystemet for kommunane. Gjennom det regionale partnarskapet skal fylkeskommunane, fylkesmennene, Innovasjon Noreg og bidra til å styrkje kommunane sitt arbeid på landbruks- og matområdet.
I samband med Dokument nr. 8:43 (2007-2008) og Innst. S. nr. 183 (2007-2008) slutta Stortinget seg til at Landbruks- og matdepartementet skulle gjere greie for utviklinga i talet på årsverk i landbruks- og matforvaltninga i dei kommande budsjettproposisjonane. I omtalen nedanfor er status per 1.1.2012.
Det var totalt 148 årsverk i Landbruks- og matdepartementet per 1.1.2012, som er ein reduksjon på om lag 10 årsverk sidan 2008. Dei seinare åra har det vore ein auke i oppgåvemengda på det internasjonale arbeidet, arbeidet knytt til klimautfordringar i sektoren og på matområdet.
Tabell 9.1 Årsverk, geografisk/fylkesvis fordeling for Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga og fylkesmannen per 1.1.2012
Fylke | Mattilsynet1 | Statens landbruksforvaltning | Reindriftsfovaltninga | Fylkesmannen2 |
---|---|---|---|---|
Oslo | 221 | 188 | 193 | |
Akershus | 108 | |||
Østfold | 51 | 15 | ||
Hedmark | 108 | 25 | ||
Oppland | 35 | 22 | ||
Buskerud | 42 | 16 | ||
Vestfold | 32 | 13 | ||
Telemark | 29 | 16 | ||
Aust-Agder | 12 | 11 | ||
Vest-Agder | 13 | 14 | ||
Rogaland | 136 | 22 | ||
Hordaland | 88 | 25 | ||
Sogn- og Fjordane | 39 | 18 | ||
Møre- og Romsdal | 61 | 20 | ||
Sør-Trøndelag | 79 | 4 | 22 | |
Nord-Trøndelag | 66 | 4 | 21 | |
Nordland | 115 | 5 | 22 | |
Troms | 45 | 4 | 14 | |
Finnmark | 48 | 38 | 11 | |
Sum årsverk | 1 328 | 188 | 55 | 326 |
1 Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2011.
2 I hovudsak finansiert over kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
3 Eitt felles fylkesmannsembete for Oslo og Akershus.
Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, samt oppgåver på landbruksområdet som blir utførte av fylkesmannen, utgjer per 1.1.2012 til saman 1 897 årsverk. Av desse er om lag 77 pst. av årsverka lokalisert utanfor Oslo. I tillegg til den desentraliserte strukturen i desse verksemdene, kjem dei årsverka som er i landbruksforvaltninga i kommunane. Talet på årsverk i Mattilsynet har vore relativt stabilt dei siste åra. Intern administrasjon er redusert, slik at det er frigjort ressursar til tilsyn, rettleiing, og utvikling av regelverk.
Talet på årsverk i Statens landbruksforvaltning har vore stabilt. Statens landbruksforvaltning har ei sentral rolle i arbeidet med fornying og forenkling for næringsutøvarane i landbruket. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Statens landbruksforvaltning dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for fylkesmannen og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt.
Talet på årsverk i Reindriftsforvaltninga har hatt ein nedgang på om lag 10 pst. sidan rapporteringa starta i 2008. Nedgangen er knytt til prosjektrelaterte oppgåver. Endringar i organiseringa av Reindriftsforvaltninga blir omtala i kapittel 1147.
Det har vore ein nedgang på om lag 9 pst. i talet på årsverk ved fylkesmannsembeta knytt til landbruks- og matområdet sidan rapporteringa starta i 2008. I 2011 har Innovasjon Noreg fått anledning til å trekke inntil 58 mill. kroner til administrasjons- og gjennomføringskostnader på ordningane selskapet forvaltar for Landbruks- og matdepartementet.
Dei siste tiåra har kommunane hatt ein reduksjon i talet på årsverk i landbruksforvaltninga. Departementet er uroa over utviklinga i kompetanse på landbruks- og matområdet, og legg til grunn at kommunane skal ha tilfredsstillande kvalitet i løysinga av landbruksoppgåvene. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette i dialogen med fylkesmennene.
I tabellane under er årsverka i Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos fylkesmannen splitta opp på ulike fagområde. Dei merkantile ressursane er etter ei vurdering fordelt på dei ulike fagområda. Det blir skilt på fagområda Reindriftsforvaltninga, Statens landbruksforvaltning og det fylkesmannen rapporterar på, og fagområda Mattilsynet rapporterar på. Bakgrunnen for dette er oppgåvene sin karakter, og at Mattilsynet har ansvaret for oppgåver frå fleire sektorar.
Tabell 9.2 Anslag for årsverk fordelt på fagområde for Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga og fylkesmannen per 1.1.2012
Fagområde | Statens landbruksforvaltning | Reindriftsforvaltninga | Fylkesmannen1 | Sum årsverk |
---|---|---|---|---|
Areal- og samfunnsplanlegging | 20 | 64 | 84 | |
Miljøretta arbeid | 14 | 47 | 61 | |
Tradisjonelt jordbruk | 73 | 95 | 168 | |
Tilleggsnæring/anna næring | 63 | 63 | ||
Omsetning, marknadstiltak og importvern | 74 | 74 | ||
Skogbruk | 7 | 57 | 64 | |
Reindrift | 55 | 55 | ||
Sum årsverk | 188 | 55 | 326 | 569 |
1 Fordelinga av årsverk på dei ulike fagområda baserer seg på den prosentvise fordelinga frå 2011.
Tabell 9.3 Årsverk per fagområde for Mattilsynet i 20111
Fagområde | Årsverk |
---|---|
Landbruk | 390 |
Akvakultur og sjømat | 163 |
Næringsmiddel | 699 |
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling | 76 |
Sum årsverk | 1328 |
1 Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2011. Registrert tidsbruk omfattar for 2011 om lag 97 pst. av total tidsbruk.
Fagområdet landbruk gjeld mellom anna tilsyn med plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, plantevernmiddel og fòr til landdyr, samt til overvakingsprogram rundt dyrehelse. 29 pst. av årsverka i Mattilsynet er innretta mot dette fagområdet.
Fagområdet akvakultur og sjømat omfattar mellom anna tilsyn med sjømatverksemder, fiskehelse og fiskefôr, samt overvakingsprogram rundt fiskehelse og sjømat.
Fagområdet næringsmiddel, med unntak av sjømat, omfattar tilsyn retta mot mellom anna næringsmiddel, næringsmiddelindustri inkl. serveringsbedrifter og drikkevatn, samt overvakingsprogram rundt zoonosar.
Kjønnsmessig balanse- og at mangfaldet i samfunnet blir spegla blant dei tilsette
Likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og arbeidsmiljølova inneheld krav til offentlege styresmakter og verksemder om å gjere greie for likestilling i verksemda.
Rapporteringa skjer i tråd med rettleiaren til Fornyings-, administrasjons og kyrkjedepartementet for likestillingsutgreiinga til verksemdene etter aktivitets- og rapporteringsplikta og er basert på Statens Sentrale Tenestemannsregister sin database per 01.10.2011. Tilstandsrapportane for Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, Reindriftsforvaltninga og Statens landbruksforvaltning følgjer etter omtalen. Sjå òg omtale av likestilling mv. i verksemdene sine årsrapportar.
Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling mellom dei tilsette. Kvinnene utgjer om lag 55 pst. av arbeidsstokken. Kvinnene utgjer eit fleirtal av dei tilsette i saksbehandlargruppa, mens menn utgjer eit lite fleirtal blant leiarar. Departementet har over lang tid hatt stor merksemd på kjønnsmessig balanse i dei ulike leiargruppene og i dei ulike stillingskategoriane.
Det er ikkje avdekka barrierar mot likestilling i departementet, anten det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne, annan etnisitet eller religion.
Rekruttering
I stillingsannonsane til Landbruks- og matdepartementet blir departementet sitt ønskje om mangfald reflektert. Kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn og søkjarar som synliggjer at dei har nedsett funksjonsevne blir kalla inn til intervju.
Lønns- og arbeidsforhold
I tillegg til å ha merksemd på god kjønnsbalanse innanfor stillingsgruppene, har departementet merksemd på lønnsskilnader innanfor dei enkelte gruppene. Dette har mellom anna ført med seg at kvinner har fått ein større del av potten ved dei siste lokale lønnsforhandlingane. Det er viktig at permisjonsreglar og andre rettar som særleg blir nytta av kvinner ikkje fører til utilsikta forskjellsbehandling ved fordeling av arbeidsoppgåver, avansement og lønn. Fleksible arbeidstidsordningar og ulike ordningar for arbeid heimefrå skal ved behov legge til rette for fleksibilitet i ulike livsfasar for tilsette av begge kjønn.
Utvikling
Landbruks- og matdepartementet har ein open rekrutterings- og avansementpolitikk prega av formell orden, medverknad frå dei tilsette og likebehandling. I 2011 har departementet fastlagt eit nytt verdigrunnlag. Mellom anna med utgangspunkt i dette vil det bli utarbeidd ein ny kompetansestrategi for departementet. I 2011 blei det gitt 13 kompetansestipend, 8 av desse gjekk til kvinner.
Avtale om Inkluderande arbeidsliv
Våren 2011 blei det inngått ny lokal avtale om Inkluderande arbeidsliv i Landbruks- og matdepartementet. Ved sida av mål om å arbeide for å styrkje nærvær og å førebygge og redusere sjukefråværet, er det laga tiltaksplanar for å halde på arbeidstakarar som får redusert funksjonsevne og rekruttere personar med redusert funksjonsevne. I tillegg er det laga tiltaksplanar for livsfasepolitikken til departementet og aktivitetsmål for å stimulere til at medarbeidarane i departementet framleis står lenge i arbeidslivet. Departementet har IA-praksisplass etter avtale med NAV.
Mattilsynet
Mattilsynet har gjennomgåande fleire kvinner enn menn i alle stillingsgruppene inkludert toppleiinga, som består av regiondirektørane og direktørane på Hovudkontoret. Når det gjeld gjennomsnittleg brutto månadslønn så har kvinner si lønn auka meir enn for menn spesielt i leiargruppa og bland seniorsakshandsamarar.
Når det gjeld kompetanseutvikling, er det leiar sitt ansvar å følgje opp den enkelte medarbeidar i tråd med dei overordna behova i Mattilsynet. Det er ikkje avdekkja forhold som tilseier at det er nødvendig å følgje dette særskilt. Det er heller ikkje avdekka barrierar mot likestilling i Mattilsynet, anten det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne, annan etnisitet eller religion. Det er i overkant av 2 pst. av dei tilsette som har nedsett funksjonsevne. I annonsane til Mattilsynet blir alle kvalifiserte oppfordra til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Erfaringa er at det er svært få søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne i søknadane.
Totalt har 5,4 pst. av Mattilsynet sine medarbeidarar annan etnisitet. Mattilsynet har klare rutinar og retningslinjer om at dei skal kallast inn til intervju mm.
Avtalen om Inkluderande arbeidsliv i Mattilsynet for perioden 2011-2013 har som delmål å auke sysselsetjinga av personar med nedsett funksjonsevne og medarbeidarar med annan kultur/etnisk bakgrunn.
Reindriftsforvaltninga
Reindriftsforvaltninga har frå 2010 til 2011 hatt om lag uendra kjønnsfordeling. Reindriftsforvaltninga har ved utlysning av stillingar òg oppfordra personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne til å søkje. Desse tiltaka har så langt ikkje hatt stor effekt.
Ved utlysning av ledige stillingar er det ei bevisst haldning til at utlysningsteksten skal vere kjønnsnøytral, slik at ordval og utforming av annonsen ikkje verkar ekskluderande. Vidare har Reindriftsforvaltninga merksemd på å jamne ut eventuelle lønnsskilnader mellom kjønn i ulike stillingskategoriar og å gi like mogelegheiter for kvinner og menn med omsyn til dømes til kompetanseheving.
Likestillingsperspektivet skal vere ein naturleg og synleg del av all verksemd i Reindriftsforvaltninga. Eit delmål er at Reindriftsforvaltninga skal ha ei aktiv og gjennomtenkt haldning til likestilling.
Statens landbruksforvaltning (SLF)
I SLF sin personalpolitikk er det slått fast at SLF skal framstå som ein attraktiv arbeidsplass for alle og legge til rette for mangfald og integrering av ulike typar menneske. SLF er ei kompetanseverksemd der medarbeidarane sitt kunnskaps- og erfaringsmangfald er styrkja til verksemda. SLF har derfor som målsetjing å rekruttere og halde på medarbeidarar som styrkjer mangfaldet i verksemda og ønskjer å ha medarbeidarar og leiarar med forskjellig utdannings- og erfaringsbakgrunn, alder, ulike livsfasar, kulturell bakgrunn, kjønn, funksjonsevne og seksuell legning.
SLF har ei særleg merksemd på likestilling, livsfase og inkludering, og i enkelte tilfelle vil verkemidla vere individuell tilrettelegging av arbeidssituasjonen.
4 av 5 kompetansestipend er tildelt kvinner og av dei som deltok i Medarbeidarskap-programmet var 57 pst. kvinner.
Oversikter over kjønnsbalanse og lønnsfordeling
Tabellane under gjer greie for ulike indikatorar for likestillinga i Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning og Reindriftsforvaltninga.
Tabell 9.4 Stillingar og lønn etter kjønn i Landbruks- og matdepartementet, 2010 og 2011
Kjønnsbalanse | Lønn kvinner i % av menn | ||||
---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total | |||
Totalt i verksemda | 2010 | 43,5 | 56,9 | 161 | 88,0 |
2011 | 44,6 | 55,4 | 157 | 89,4 | |
Toppleiing1 | 2010 | 62,5 | 37,5 | 8 | 85,8 |
2011 | 50,0 | 50,0 | 8 | 89,2 | |
Mellomleiing2 | 2010 | 53,6 | 46,4 | 28 | 95,9 |
2011 | 59,3 | 40,7 | 27 | 96,7 | |
Kategori 13 | 2010 | 50,9 | 49,1 | 53 | 89,3 |
2011 | 51,7 | 48,3 | 60 | 72,7 | |
Kategori 24 | 2010 | 36,8 | 63,2 | 58 | 92,6 |
2011 | 37,5 | 62,5 | 48 | 100,2 | |
Kategori 35 | 2010 | 7,1 | 92,9 | 14 | 107,2 |
2011 | 7,1 | 92,9 | 14 | 107,2 |
1 Departementsråd, ekspedisjonssjef
2 Avdelingsdirektør, underdirektør, arkivleiar
3 Prosjektleiar, spesialrådgivar, seniorrådgivar
4 Rådgjevar, førstekonsulent
5 Seniorkonsulent, konsulent
Tabell 9.5 Deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeld sjukefråvær etter kjønn i Landbruks- og matdepartementet, 2011
Deltid | Midleritidg tilsetjing | Foreldrepermisjon | Legemeld sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
2010 | 4,3 | 17 % | 7,2 | 8,7 | 1,4 | 3,3 | 3,0 | 5,4 |
2011 | 1,4 | 10,3 | 2,9 | 4,6 | 1,4 | 2,3 | 4,7 | 6,8 |
Tabell 9.6 Stillingar og lønn etter kjønn i Mattilsynet, 2010 og 2011
Kjønnsbalanse | Lønn, kvinner i % av menn | ||||
---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total | |||
Totalt i verksemda | 2010 | 38,7 | 61,3 | 1 408 | 93,8 |
2011 | 38,1 | 61,9 | 1 376 | 94,4 | |
Toppleiing1 | 2010 | 38,0 | 62,0 | 13 | 97,4 |
2011 | 55,0 | 45,0 | 11 | 100,3 | |
Mellomleiing2 | 2010 | 49,0 | 51,0 | 122 | 92,1 |
2011 | 43,0 | 57,0 | 115 | 95,9 | |
Kategori 13 | 2010 | 48,0 | 52,0 | 520 | 59,9 |
2011 | 45,0 | 55,0 | 575 | 97,4 | |
Kategori 24 | 2010 | 32,0 | 68,0 | 529 | 99,5 |
2011 | 32,0 | 68,0 | 470 | 99,0 | |
Kategori 35 | 2010 | 45,0 | 55,0 | 127 | 100,7 |
2011 | 42,0 | 58,0 | 125 | 98,6 | |
Kategori 46 | 2010 | 5,0 | 95,0 | 97 | 102,5 |
2011 | 8,0 | 92,0 | 80 | 101,1 |
1 Direktør, regiondirektør
2 Avdelingsdirektør, seksjonssjef, underdirektør, distriktssjef
3 Seniorrådgjevar, seniorinspektør, spesialinspektør
4 Rådgjevar, førsteinspektør
5 Førstekonsulent, inspektør, seniorkonsulent
6 Konsulent, førstesekretær, sekretær
Tabell 9.7 Deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon, og legemeld sjukefråvær etter kjønn i Mattilsynet, 2010 og 2011
Deltid | Midlertidig tilsetjing | Foreldrepermisjon | Legemeld sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
2010 | 11,5 | 27,1 | 7,5 | 10,3 | 0,2 | 2,2 | 5,0 | 5,7 |
2011 | 11,0 | 28,3 | 5,9 | 7,7 | 0,6 | 3,2 | 3,6 | 4,9 |
Tabell 9.8 Stillingar og lønn etter kjønn i Reindriftsforvaltninga, 2010 og 2011
Kjønnsbalanse | Lønn, kvinner i % av menn | ||||
---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total | |||
Totalt i verksemda | 2010 | 50 | 50 | 58 | 94,0 |
2011 | 50 | 50 | 54 | 90,5 | |
Toppleiing | 2010 | 33 | 67 | 3 | 117,0 |
2011 | 33 | 67 | 3 | 69,2 | |
Mellomleiing | 2010 | 71 | 29 | 7 | 104,2 |
2011 | 71 | 29 | 7 | 105,5 | |
Seniorrådgjevar | 2010 | 60 | 40 | 5 | 87,7 |
2011 | 71 | 29 | 7 | 85,2 | |
Rådgjevar | 2010 | 53 | 47 | 15 | 93,6 |
2011 | 47 | 53 | 17 | 100,1 | |
Førstekonsulent | 2010 | 57 | 43 | 14 | 101,6 |
2011 | 50 | 50 | 8 | 101,0 | |
Konsulent | 2010 | 27 | 73 | 11 | 94,8 |
2011 | 36 | 64 | 11 | 97,8 | |
Førstesekretær, sekretær, reinhaldsbetjent | 2010 | 33 | 67 | 3 | 93,5 |
2011 | 0 | 100 | 1 | - |
Tabell 9.9 Deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon, og legemeld sjukefråvær etter kjønn i Reindriftsforvaltninga, 2010 og 2011
Deltid | Midlertidig tilsetjing | Foreldrepermisjon | Legemeld sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
2010 | 3 | 10 | 3 | 10 | 0 | 0 | 2,8 | 3,2 |
2011 | 0 | 15 | 4 | 8 | 0 | 4 | 2,2 | 3,0 |
Tabell 9.10 Stillingar og lønn etter kjønn i Statens landbruksforvaltning, 2010 og 2011
Kjønnsbalanse | Lønn, kvinner i % av menn | ||||
---|---|---|---|---|---|
M % | K % | Total | |||
Totalt i verksemda | 2010 | 43,4 | 56,6 | 189 | 92,3 |
2011 | 43,2 | 58,8 | 185 | 89,4 | |
Direktør | 2010 | 40.0 | 60,0 | 5 | 63,6 |
2011 | 75,0 | 25,0 | 4 | 100,6 | |
Seksjonssjef | 2010 | 64,7 | 35,3 | 17 | 100,7 |
2011 | 75,0 | 25,0 | 16 | 102,8 | |
Seniorrådgjevar | 2010 | 50,9 | 49,1 | 55 | 95,9 |
2011 | 44,4 | 55,6 | 63 | 94,2 | |
Rådgjevar | 2010 | 39,1 | 60,9 | 64 | 99,1 |
2011 | 38,1 | 61,9 | 63 | 99,8 | |
Seniorkonsulent | 2010 | 50,0 | 50,0 | 10 | 99,0 |
2011 | 50,0 | 50,0 | 6 | 94,9 | |
Førstekonsulent | 2010 | 26,1 | 73,9 | 23 | 99,9 |
2011 | 25,0 | 75,0 | 20 | 97,1 | |
Konsulent | 2010 | 20,0 | 80,0 | 10 | 87,3 |
2011 | 25,0 | 75,0 | 8 | 86,2 |
Lønnsnivå for stillingsgrupper som omfattar under 5 tilsette er ikkje spesifisert i oversikta. Administrerande direktør er ikkje talt med.
Tabell 9.11 Deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeld sjukefråvær etter kjønn i Statens landbruksforvaltning, 2009 og 2010
Deltid | Midlertidig tilsetjing | Foreldrepermisjon | Legemeld sjukefråvær | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M % | K % | M % | K % | M % | K % | M % | K % | |
2009 | 4,3 | 17,4 | 7,2 | 8,7 | 1,4 | 3,3 | 3,0 | 5,4 |
2010 | 0,0 | 15,2 | 5,0 | 4,8 | 0,0 | 6,7 | 1,9 | 3,8 |