1 Innleiing
Aust-Agderpakka er blant anna omtala i St.prp. nr. 30 (2001-2002) Om delvis bompengefinansiert utbygging av deler av Ev 18 i Aust-Agder og St.prp. nr. 33 (2004-2005) Om gjennomføring av E18 Grimstad – Kristiansand som OPS-prøveprosjekt med delvis bompengefinansiering.
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utviding av Aust-Agderpakka for å finansiera planlegging av E18 på strekninga Tvedestrand – Arendal samt planlegging og gang- og sykkelvegutbygging langs E18 og fv 402. Desse tiltaka blir foreslått finansiert dels gjennom etablering av ein ny bomstasjon og dels ved forlenga innkrevjingstid i to eksisterande bomstasjonar med om lag eitt år. Takstane i kvar av dei to bomstasjonane, den nye og den gamle ved grensa mellom Lillesand og Grimstad kommunar, blir halvparten av takstane i den gamle bomstasjonen. Takstane i bomstasjonen i Gjerstad kommune blir uendra.