4 Trafikkgrunnlag
Statens vegvesen har i etterkant av den lokale handsaminga gjort ei vurdering av trafikale endringar ved etablering av ein ny bomstasjon og halvering av takstane i eksisterande bomstasjon i Lillesand. Figur 4.1 viser dagens trafikk på vegnettet med takstar på kr 30/60 for lette/tunge kjøretøy i dagens bomstasjon på kommunegrensa mellom Lillesand og Grimstad og forventa trafikale endringar når takstane blir halverte i denne bomstasjonen og det blir etablert ein ny bomstasjon på E18 vest i Lillesand med same takstnivå.
Trafikken på E18 er forventa å auka med om lag 15 pst aust for Lillesand sentrum og falla tilsvarande på vestsida. I dag passerer det i gjennomsnitt 9 500 kjøretøy/døgn gjennom dagens bomstasjon. Totalt er det forventa i gjennomsnitt 20 900 kjøretøy/døgn gjennom begge bomstasjonar. Det er forventa endringar i trafikkmønsteret på gamle E18, med nedgang aust for Lillesand og auke mellom Lillesand og Kristiansand. Dagens gjennomgangstrafikk er vurdert som robust, men det er usikkerheit knytta til omfang av lokaltrafikk, særleg mellom Lillesand og Kristiansand, sidan det ikkje blir innført bompengar på gamle E18.
Bomstasjonane på E18 i Aust-Agder er heilautomatiske. Samferdselsdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit supplement til dagens AutoPass-løysing. Arbeidet pågår.