2 Bakgrunn
Ved den lokale handsaminga av Aust-Agderpakka i 1999, jf. St.prp. nr. 30 (2001-2002), var det lagt til grunn utbygging av E18 gjennom nesten heile fylket. Grunna nedjustert bompengebidrag og lågare statleg ramme enn lagt til grunn ved den lokale handsaminga, blei utbygging av strekninga Vinterkjær – Arendal, inkl. nytt Vinterkjærkryss, tatt ut av pakka før saka blei lagt fram for Stortinget.
Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 33 (2004-2005) slutta Stortinget seg til ein revidert finansieringplan for Aust-Agderpakka, noko som blant anna innebar utbygging av strekninga Grimstad – Kristiansand til firefelts veg som OPS-prøveprosjekt. Strekninga Brokelandsheia – Vinterkjær blei åpna for trafikk i 2004 og strekninga Grimstad – Kristiansand stod ferdig i 2009. Det er også gjennomført ei rekkje trafikksikkerheits- og kollektivtrafikktiltak langs E18 i fylket.
Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 33 (2004-2005) blei takstane auka frå kr 20/40 til kr 30/60 for lette/tunge kjøretøy og innkrevjingstida forlenga med 5 år til 20 år. Vidare blei det fastlagt eit bompengebidrag på 1 218 mill. 2004-kr til utbygging av strekninga Øygardsdalen – Dyreparken av OPS-prosjektet.
Innkrevingja langs E18 starta i november 2001 i bomstasjonar i Gjerstad kommune og på kommunegrensa mellom Grimstad og Lillesand. Det blei lagt til grunn avvikling av bompengeordninga seinast 1. november 2021. Den såkalla ”6-timersregelen” blei avvikla då E18 Grimstad – Kristiansand stod ferdig i 2009, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2007-2008), side 69.