Prop. 106 S (2010–2011)

Utviding av Aust-Agderpakka

Til innhaldsliste

5 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet meiner forslaget til ny bomstasjons- og innkrevjingsstruktur for Aust-Agderpakka er ei fornuftig betring. Delt innkrevjing med fleire bomstasjonar kombinert med lågare takstnivå pr bomstasjon, gir ei meir rettferdig innkrevjing med betre samsvar mellom betaling og nytte. Dette er i tråd med dagens praksis for lengre, strekningsvise utbyggingar, jf. omtala av nytteprinsippet i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Det foreslåtte opplegget vil føra til at fleire trafikantar som har nytte av ny E18, vil betala bompengar.

Departementet er vidare positiv til at fylkeskommunen ønskjer å nytta bompengar til planlegging av E18 på strekninga Tvedestrand – Arendal og at det blir sett av midlar til gang- og sykkelvegutbygging langs fv 402 og E18. I denne samanheng viser departementet til at det opphaveleg var ønskje om at Aust-Agderpakka skulle omfatta utbygging av nesten heile E18 gjennom fylket, inkl. trafikksikkerheits- og kollektivtrafikktiltak. Vidare har fv 402 fått auka trafikk etter at ny E18 blei tatt i bruk, noko som har ført til auka behov for bygging av gang- og sykkelveg.

Gjennom handsaminga av Ot.prp. nr. 15 (2007-2008) er det åpna for å nytta bompengar til drift av kollektivtrafikk i einskilde tilfelle. Høvet er imidlertid avgrensa til byområde når bruken inngår i ein plan for eit heilskapeleg og samordna transportsystem. Det er derfor ikkje heimel for å nytta bompengar til bussdrift mellom Arendal og Kristiansand. Bussdrift her er eit fylkeskommunalt ansvar.

Samferdselsdepartementet meiner det i denne omgang ikkje er aktuelt å setja av bompengar som bidrag til bygging av nytt Vinterkjærkryss, då krysset ikkje er fullfinansiert med 50 mill. kr i bompengetilskott. Kostnadene er ikkje avklara, men det må reknast med minst det doble for eit nytt planskild kryss. Krysset er ikkje prioritert i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, og fylkeskommunen sitt vedtak føreset betydelege statlege midlar i tillegg til 50 mill. kr i bompengar. Prioritering av Vinterkjærkrysset kan først bli avklara i 2013 i samband med Nasjonal transportplan 2014-2023.

På denne bakgrunn legg departementet opp til utviding av Aust-Agderpakka med ei samla økonomisk ramme på inntil 200 mill.kr. Tiltaka er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Utviding av Aust-Agderpakka.

- Planleggingsmidlar til E18 Tvedestrand – Arendal

inntil 50 mill. kr

- Planlegging og bygging av g/s-veg fv 402 Storemyr – Birkeland

inntil 100 mill. kr

- Planl. og bygging av g/s-veg E18 Tvedestrand gr. – Lillevåje

inntil 40 mill. kr

Sum

inntil 190 mill. kr

Inkludert kostnader til etablering av ny bomstasjon utgjer dette i underkant av 200 mill. 2011-kr. Departementet føreset at ramma på 200 mill. kr står fast ved evt. kostnadsauke på gang- og sykkelvegprosjekta. Omfang på gang- og sykkelvegutbygginga må derfor bli tilpassa ramma til dette formålet. Videre er det ein føresetnad at det fastsette bompengebidraget til OPS-prosjektet blir følgd opp i tråd med føresetnadene i St.prp. nr. 33 (2004-2005).

Departementet sluttar seg til fylkeskommunen sitt forslag til bomstasjonsplassering, takstar og rabattar. Truleg vil dagens ordning vera nedbetalt tidleg i 2018, altså over tre år tidligare enn opphaveleg lagt til grunn. På basis av dette er det rekna at innkrevjingstida blir om lag eitt år lengre, til 2019, for å dekka utvidinga på 200 mill. kr.

Til forsida