4 Samtidig deling og samanslåing
4.1 Gjeldande rett
Inndelingslova regulerer ikkje i dag særskilt prosessen når ei eining sluttar å eksistere og delane blir lagde til andre kommunar eller fylke. I dagens regelverk blir slike prosessar handsama som ei rekkje grensejusteringar. I samband med arbeidet med forvaltningsreforma blei departementet merksam på at det er behov for meir utfyllande reglar for slike saker. Inndelingslova krev ikkje at det skal haldast fellesmøte mellom kommunestyra eller fylkestinga. Lova krev heller ikkje at det skal opprettast ei fellesnemnd, og seier ikkje noko om kven som skal nemne opp medlemmer til nemnda.
Inndelingslova har berre éi føresegn som regulerer tilhøve der ei eining sluttar å eksistere og delane blir lagde til andre kommunar eller fylkeskommunar. Av § 20 første ledd følgjer at dersom ein kommune eller eit fylke blir delt og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, skal § 19 første ledd gjelde for forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener eitt bestemt område.
Etter § 19 første ledd skal eigedomsretten til ”vegar, gater, bruer, offentlege plassar og annan forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener vedkomande område”, overførast i tråd med grenseendringa.
4.2 Høyringsnotatet
I høyringsnotatet blei det peika på at når ei grenseendring fører til at ein kommune eller fylkeskommune sluttar å eksistere, er det tale om meir enn ei grensejustering. Prosessen kring ei så fundamental endring bør regulerast i lova.
Høyringsinstansane fekk invitasjon til å seie kva dei meinte om å definere i lova den situasjonen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, og om nyordet ”splittspleising” kunne brukast som nemning på denne situasjonen.
Departementet føreslo i høyringsnotatet at fullmakta til å ta avgjerd om splittspleising skal vere den same som for deling. Søknad om å setje i gang splittspleising kan berre fremjast av kommunestyret eller fylkestinget i dei kommunane eller fylkeskommunane endringsframlegget gjeld.
Departementet ynskte vidare synspunkt på eit framlegg om at Fylkesmannen skal kalle saman til eit fellesmøte for kommunestyret i den kommunen som sluttar å eksistere, og kommunestyra i kvar av dei kommunane som dei einskilde delane skal leggjast til. Tilsvarande får departementet ansvar for å kalle saman til fellesmøte for fylkestinga. Det blei vidare føreslått at det skal opprettast ei fellesnemnd ved splittspleising.
Departementet la i høyringsnotatet til grunn at innbyggjarane i kommunen eller fylkeskommunen som skal delast og leggjast til andre kommunar eller fylkeskommunar, ynskjer å påverke prosessen på same måte som ved samanslåingar. Det blei gjort framlegg om at føresegnene om konstituering og lovlegkontroll i inndelingslova §§ 26 og 27 og kapittel IV og V om gjennomføring av det økonomiske oppgjeret blir gjorde gjeldande for splittspleising. Det same blei føreslått å gjelde for § 15 om delvis kompensasjon for eingongskostnader.
4.3 Høyringa
Fleire høyringsinstansar meiner det er positivt å få føresegner om prosessen der ei eining sluttar å eksistere og delane blir lagde til andre kommunar eller fylke. Ingen har uttalt seg mot framlegga til ei nærare regulering av prosessen.
Berre éin høyringsinstans har uttalt seg kritisk til nemninga ”splittspleising”. Fleire har uttalt seg positivt.
KS uttaler:
”Ordet splittspleising beskriver på en treffende måte den realitet det er tale om, og er etter KS´s oppfatning et språklig sett godt uttrykk.”
4.4 Framlegget frå departementet
Etter ei nærmare vurdering ønskjer departementet likevel ikkje å innføre nyordet ”splittspleising”. Ordet er heilt nytt, og departementet har kome til at det kan vere tvil om ordet på ein dekkjande måte seier noko om kva slags prosess dette handlar om.
Departementet meiner at definisjonen i § 3 om ”deling” i staden bør endrast, slik at dette omgrepet òg omfattar prosessen med å dele ein kommune eller eit fylke, og leggje delane til andre kommunar eller fylke.
Departementet føreslår at § 3 andre ledd skal lyde:
Deling inneber:
a) at ein kommune eller eit fylke blir delt i to eller fleire einingar, eller
b) at ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.
Ingen av høyringsinstansane har uttalt seg mot framlegga til ei nærare regulering av prosessen der ein kommune eller fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke. Ved at denne prosessen blir tatt inn i definisjonen av ”deling”, vil alle føresegnene om deling gjelde der ein kommune eller fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke. Såleis vil fullmakt til å ta avgjerd om deling der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, bli den same som for deling. Ved at føresegnene om deling òg skal gjelde der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, vil reglane i kapittel IV og V om gjennomføring av det økonomiske oppgjeret gjelde tilsvarande.
Departementet held fast ved framlegga i høyringsnotatet, men vil ikkje bruke nemninga ”splittspleising” om prosessen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.