5 Avgjerdsmakt ved endring av fylkesgrenser
5.1 Gjeldande rett
Etter inndelingslova § 6 kan Kongen gjere vedtak om grensejusteringar, men saker som får følgjer for fleire innbyggjarar enn dei som står bak kvart stortingsmandat i fylket, skal leggjast fram for Stortinget til avgjerd. Kongen sin kompetanse etter § 6 er delegert til Kommunal- og regionaldepartementet, jf. kgl. res. 18. januar 2007 nr. 47. Det går fram av Ot. prp. nr. 41 (2000- 2001) at tanken bak føresegna er at Kongen ikkje skal kunne påverke samansetjinga i Stortinget. Då inndelingslova blei vedteke i 2001 var det ingen lovfesta kriterium for fordeling av stortingsmandat. Etter at ei ny vallov blei vedteke i 2002, samstundes som det blei gjort endringar i Grunnlova, er det no klare utrekningar som fastset den fylkesvise fordelinga av mandatar til Stortinget, basert på innbyggjartal og areal i fylka. I Innst. O. nr. 86 (2000-2001) og Ot. prp. nr. 41 (2000-2001) går det fram at lova ikkje er til hinder for at regjeringa etter eiga ønskje legg saker om grensejustering fram for Stortinget, sjølv om Kongen etter lova har mynde til å treffe vedtak.
5.2 Høyringsnotatet
Det følgjer av framlegget i høyringsnotatet at Kongen skal kunne flytte inntil éin kommune til eit anna fylke. Dersom grensejusteringa gjeld meir enn éin kommune skal saka leggjast fram for Stortinget.
I notatet skreiv departementet at ein ved vurderinga av kven som bør ha avgjerdsmakt ved endring av fylkesgrenser, må balansere dei saker som påverkar mandatfordelinga, mot ei praktisk og høveleg fordeling av avgjerdsmakt mellom Stortinget og Kongen. Det blei trekt fram at det er viktig å leggje til rette for smidige og oversiktlege prosessar i samband med eventuelle grenseendringar på tvers av fylkesgrenser. I dag legg inndelingslova til rette for at fylkesgrensa kan endrast i samband med kommunesamanslåing, og departementet meiner dette bør førast vidare. I notatet blei det peika på at Kongen bør kunne avgjere mindre saker om endring av fylkesgrenser. Departementet trekte òg fram at relativt små endringar i fylkesgrensa kan påverke mandatfordelinga. Spørsmålet blir om endringar i fylkestilknytinga til éin kommune er noko som bør avgjerast av departementet eller av Stortinget. Dersom det er snakk om ei endring av fylkesgrensa som omfattar meir enn éin kommune, skal Stortinget ta avgjerda. Departementet skreiv vidare at det er viktig å ta høgd for at systemet med omrekning av mandatfordelinga kvart åttande år er laga for å ta omsyn til endringane i innbyggjartalet i dei ulike fylka. Det er vanskeleg å seie på førehand kva utfallet av mandatfordelinga (kvart åttande år) og valoppgjeret (kvart fjerde år) blir. Framlegget i høyringsnotatet forenklar føresegna om avgjerdsmynde ved endring av fylkesgrenser ved at tilknytinga til mandatfordelinga blir brote.
5.3 Høyringa
Ingen høyringsinstansar har uttala seg mot framlegget om at Kongen skal kunne flytte inntil éin kommune til eit anna fylke, uansett arealet eller talet på innbyggjarar.
5.4 Framlegget frå departementet
Det er ingen høyringsinstansar som går mot framlegget.
Ved framlegget om at Kongen skal kunne flytte inntil éin kommune til eit anna fylke, uansett arealet eller talet på innbyggjarar, legg departementet vekt på å ha ein klar og føreseieleg regel om kva statsmakt som har avgjerdsmakt i slike saker. Stortinget skal gjere vedtak når to eller fleire kommunar endrar fylkestilknyting. Departementet vil peike på at regjeringa kan sende ei sak til Stortinget også om departementet kunne ha teke avgjerda sjølv, til dømes dersom saka er av eit slikt omfang at utfallet kan vere av nasjonal interesse, sjølv om det gjeld berre éin kommune. Departementet held fast ved framlegget i høyringsnotatet.