8 Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet vurderer det slik at ingen av framlegga om ei nærare regulering av prosessen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke (og den opphavlege kommunen eller fylket sluttar å eksistere), kjem til å få økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane, fylkeskommunane, Fylkesmannen eller staten elles.
Framlegget om ein klar regel om kva statsmakt som har rett til å ta avgjerder om grensejustering langs fylkesgrenser, vil heller ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
Det same gjeld framlegget om at fellesnemnda òg skal førebu den fireårige økonomiplanen for det første året etter samanslåinga, og framlegget om at det kan gjerast lovlegkontroll av budsjetta medan samanslåinga blir greidd ut.
Heller ikkje framlegget om ei nærare regulering av valet av revisor, revisjonsordning og sekretariat for kontrollutvalet ved samanslåing og der ein kommune eller eit fylke blir delt og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, kjem til få økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane, fylkeskommunane, Fylkesmannen eller staten elles.
Slik framlegga er utforma, vil regelverket bli enklare og meir oversiktleg for alle som skal bruke føresegnene. Klarare reglar vil vere ein føremon for kommunar og fylkeskommunar som vurderer grenseendringar, og på det viset kan framlegga vere med på ”å skape formålstenlege einingar som kan gje innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning”, jf. inndelingslova § 1.