13 Tidfesting ved realisasjon av VPS-registrerte aksjar
Departementet vil gjere ei endring av praksis for tidfesting ved realisasjon av aksjar som er registrerte i Verdipapirsentralen (VPS). Endringa vil gi større likebehandling av aksjetransaksjonar, og verke forenklande for skattytarane og Skatteetaten.
Utgangspunktet for tidfesting av gevinst og tap ved overdraging av aksjar og andre formuesobjekt er realisasjonsprinsippet. Tidfesting ved sal av aksjar og andre formuesobjekt er regulert i skattelova § 14-2 første ledd andre punktum. Etter denne føresegna skal ”Fordeler som innvinnes ved overføring fra andre, tas til inntekt når skattyteren får en ubetinget rett til ytelsen”. Ved sal av fysiske gjenstandar vil seljer normalt oppnå ein ”ubetinget rett til ytelsen” frå kjøpar når han har prestert si eiga yting.
Overføring av aksjar reiser spesielle problemstilingar i denne samanhengen. Dei ulike eigarrettane blir overførte frå seljer til kjøpar til ulik tid, noko som reiser spørsmål om når ytinga skal reknast for å vere prestert. Utgangspunktet er at vesentlege eigarfunksjonar, som retten til utbytte og retten til nye aksjar ved auke av aksjekapitalen, blir overført allereie ved avtaleinngåinga. Når heile transaksjonen ses i samanheng, synest dei fleste eigarfunksjonane å bli overført ved avtaleinngåinga, sjølv om betalinga ikkje skjer samstundes. Etter departementet si vurdering må tidspunktet for avtaleinngåinga (handelsdato) vere utgangspunktet for tidfesting av gevinst og tap ved aksjetransaksjonar. Dette tidspunktet må og vere utgangspunktet for når kjøparen skal reknast som eigar av aksjane etter reglane om skjerming i aksjonærmodellen og formueskatt.
Frå dette utgangspunktet om handelsdato har det vore praktisert eit unnatak. For VPS-registrerte aksjar som blir overførte ved såkalla handelstransaksjonar, har Finansdepartementet uttalt at den etterfølgjande oppgjersdatoen (betalingsdatoen) skal leggjast til grunn for tidfestinga. Det visast til departementets fråsegn av 2. mai 2003. Ved handelstransaksjonar følgjer betalingsoppgjeret eit fast mønster, der oppgjersdato normalt er tre dagar etter handelsdato. VPS-registrerte aksjar er meint for omsetning, og det er blant anna knytta legitimasjons – og rettsvernsverknader til oppgjersdatoen. Omsynet til slike verknader, samanhaldt med likningstekniske omsyn, gjorde at departementet uttalte at gevinstar og tap ved handelstransaksjonar skulle tidfestast på oppgjersdatoen. Det blei lagt stor vekt på tekniske omsyn knytta til dataoverføring mellom VPS og aksjonærregisteret.
Men erfaring viser at ulik tidfesting av aksjetransaksjonar er vanskeleg både for skattytarane og Skatteetaten. Gjeldande praksis gir økt risiko for feil ved likninga.
Etter departementet si vurdering er det behov for forenklingar på dette området. Det er nå blitt teknisk mogeleg å nytte handelsdato for VPS-registrerte aksjar ved handelstransaksjonar. Når det ikkje lenger er tekniske omsyn som talar for å nytte oppgjersdato ved slike transaksjonar, bør handelsdato leggast til grunn også her.
Departementet foreslår derfor ei omlegging av praksis slik at gevinst og tap ved realisasjon av aksjar alltid blir tidfesta på handelsdato. Tilsvarande skal handelsdato vere avgjørande for når ein kjøpar skal reknast som eigar av aksjane etter reglane om skjerming og formuesskatt.
Ei endring av praksis vil ikkje ha noko vesentleg å seie for den enkelte aksjonær, utover at det blir enklare å ta stilling til kven som skal skattleggjast ved overdraging av aksjar ved eit årsskifte, med handelsdato og oppgjersdato i to forskjellige år.
For Skatteetaten vil det vere enkelte administrative kostnader knytta til sjølve omlegginga av praksis. Kostnadene vil bli dekka innanfor Skatteetatens noverande økonomiske rammer.
Omlegginga bør få verknad frå og med inneverande inntektsår. For aksjar med handelsdato i 2010 og oppgjersdato i 2011, bør 1. januar 2011 bli registrert som ervervsdato.
Finansdepartementet vil instruere Skatteetaten om å gjennomføre denne omlegginga.