3 Gjeldande rett
3.1 Innleiing
Odelsretten er regulert i lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (odelslova) og er ein privatrettsleg særrett for den slekta som gjennom ei viss tid har hatt tilknyting til ein landbrukseigedom. Fast eigedom som oppfyller krava i odelslova § 2 blir kalla odlingsjord, sjå odelslova § 1 første ledd. Eigedomar som det kviler odel på blir kalla odelsjord, sjå § 2 andre ledd. Etter § 2 andre ledd kan ein eigedom reknast som odlingsjord når fulldyrka eller overflatedyrka jord på eigedomen er over 25 dekar, eller det produktive skogarealet på eigedomen er over 500 dekar.Med til arealgrunnlaget blir rekna del i realsameige som ligg til eigedomen.
Odelsretten er ein slektsrett som byggjer på at etterkommarane til odlaren i ei viss rekkefølgje skal ha fortrinnsrett til eigedomen. Kjernen i odelsretten er at ein odelsrettshavar kan krevje odelsløysing dersom eigedomen blir seld ut av slekta eller til ein odelsrettshavar med dårlegare odelsprioritet enn han sjølv har.
Odelskretsen tek utgangspunkt i slektskapen med odlaren. Ved førebuinga av odelslova foreslo mange i staden å avgrense kretsen ut frå slektskapen med den aktuelle eigaren. Dette ville gi ein sterkt fleksibel odelskrets – nokre ville miste og andre ville få odelsrett kvar gong det skjedde eit eigarskifte. Forslaget blei ikkje følgt opp fordi prinsippet har vore at den som er fødd med odelsrett, ikkje mister retten sin utan å ha hatt høve til å gjere han gjeldande. Eit viktig unntak frå dette prinsippet er reglane om odelsfrigjering. Odelsfrigjering inneber at alle odelsrettshavarar til ein odelseigedom mister odelsretten sin. Dei første reglane om odelsfrigjering fekk vi i lov 16. juli 1907 (odelsfrigjeringslova). I gjeldande odelslov er odelsfrigjering regulert i kapittel VIII (§§ 30-33).
3.2 Odelsretten og grunnlovsvernet
Odelsrett til eigedom har vore lovfesta og har blitt praktisert i Noreg i over tusen år. Ein finn mellom anna reglar om odelsrett i Magnus Lagabøtes landslov av 1274, Christian IV’s Norske Lov av 1604 og Christian V’s Norske Lov av 1687. Lovgivinga var prega av eit ønske om å bremse på ein aukande eigedomsovergang frå bønder til kyrkje og stormenn. Odelsretten blei mykje kritisert, særleg av dei som hadde mykje eigedom frå før, og fleire kravde at odelsretten måtte avskaffast. Grunngivinga for odelsretten sto seg, og blei beskytta i Grunnlova i 1814 for å hindre oppkjøp av gardar frå ”Adels- og Pengearistrokraterne”, og for å sikre eit samfunn av sjølvstendige småbønder.1
Grunnlova § 107 seier:
”Odels- og Aasædesretten maa ikke ophæves. De nærmere Betingelser, hvorunder den, til største Nytte for Staten og Gavn for Landalmuen, skal vedblive, fastsættes af det første eller andet følgende Storthing.”
Det går fram av føresegna at odels- og åsetesretten ikkje må opphevast, men det skal vere opp til Stortinget å gi nærare føresetnader ”til største Nytte for Staten og Gavn for Landalmuen”. Omgrepet ”landalmuen” er dansk. I samsvar med nettutgåva for Ordbog over det danske sprog (historisk ordbog 1700-1950) sikter ein til ”den paa landet boende almue”, og med ”almue” meiner ein ei befolkning.2
Ny odelslov blei vedteken 26. juni 1821. Lova oppheva alle eldre lovbod om odelsrett og åsetesrett. Odelsretten var framleis omstridd. På 1800-talet kom fleire forslag om å oppheve Grunnlova § 107, men ingen av dei fekk nødvendig fleirtal.
I 1971 blei spørsmålet om odelsretten bør oppretthaldast drøfta av Sivillovbokutvalet. Utvalet peikte på at hovudinnhaldet i odelsretten ligg i løysingsretten for slekta og vissheita om at eigedomen går vidare til etterkommarane. Utvalet fant at det var sterk overvekt av grunnar som talte for å oppretthalde odelsretten. Dei uheldige konsekvensane ved odelsretten meinte ein kunne imøtegåast ved justeringar i lova.3 I 2003 blei odelsretten drøfta på ny av odelslovutvalet, sjå NOU 2003:26 Om odels- og åsetesretten. Utvalet peikte på fleire fordelar ved odelsretten, mellom anna at han gir eit betre landbruk, han bidrar til at gardbrukaren blir sjølveigar, han bidrar til riktig eigedomsstruktur, han bidrar til å halde oppe busetjinga og han bidrar til likestilling. Fleirtalet i utvalet meinte at ein bør halde på odelsretten mellom anna fordi han sikrar langsiktig planlegging og stabilitet i næringa.4
3.3 Odelskretsen
For å få odelsrett må nokon av foreldra, besteforeldra eller søsken av foreldra ha eigd heile eigedomen med odel, det vil seie ikkje berre ein sameigepart. Unntak gjeld likevel for felles etterkommarar av sameigarane. Desse barna kan ta over ein eigedom på odel òg der foreldra eller besteforeldra har vore sameigarar. Odelslova § 8 første ledd seier:
”Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra, besteforeldra eller sysken av foreldra har ått heile eigedomen med odel. For etterkomarar av sameigaren med odelsrett krevst det likevel ikkje at foreldra eller besteforeldra som har odelsrett har ått heile eigedomen.”
Odlaren er den som har eigd odlingsjord med full eigedomsrett i 20 år, sjå odelslova § 7. Dersom eigedomen går over til ny eigar i rett nedstigande linje før odelshevdstida er ute, kan eigartidene reknast saman, sjå odelslova § 10. Dersom odlaren døyr utan etterkommarar, fell odelsretten bort. Kretsen blir avgrensa nedover til barnebarn, og tilnevøar og nieser i sidelinjer. Personar som i utgangspunktet fell utanfor odelskretsen kan få odelsrett som følgje av eigedomsovergang til ein annan innan kretsen. Dette blir kalla refleksodel.
3.4 Odelsfrigjering
3.4.1 Odelsfrigjering av eigedom som skal brukast som tilleggsareal til ein annan landbrukseigedom
Den som har kjøpt ein eigedom som skal brukast som tilleggsareal til ein annan landbrukseigedom, kan søkje om odelsfrigjering. Vilkåra for å odelsfrigjere slik eigedom går fram av odelslova § 31:
”I den mon odelsrett vil kunne skiple ei eigedomstileigning som departementet har godkjent av di kjøparen bør få tilleggsjord, kan departementet fri slik jord for eldre odelsrett. Odelsfrigjering kan skje når det ikkje er tvil om at omsynet til odelsrettshavarane må vike av di eigedomstileigninga inneber ei god driftsmessig løysing.”
Føresegna gjeld der nokon har teke over tilleggsareal til ein annan landbrukseigedom, og der odelsretten kan hindre at overtakinga blir gjennomført. Det er òg ein føresetnad at departementet har godkjent kjøpet fordi kjøparen bør få tilleggsjord.
Vilkåret om at kjøpet skal vere godkjent kan for eksempel vere oppfylt dersom kjøparen har fått konsesjon på overtakinga, eller det er gitt delingsløyve med det formålet at det som blir frådelt skal bli tilleggsjord. Det må gå fram av vedtaket at løyvet er gitt fordi kjøparen bør få tilleggsjord. Føresegna er eit juridisk verkemiddel som forvaltinga kan bruke for å nå målet i jordlova om å skape ein tenleg, variert bruksstruktur, mellom anna ut frå omsynet til å få driftsmessig gode løysingar.
Odelsfrigjering inneber at kvar og ein av odelsrettshavarane på tidspunktet for vedtaket, mister odelsretten sin. Dette er eit inngripande vedtak. Ein kan berre frigjere ein eigedom for odel når ”det ikkje er tvil om at omsynet til odelsrettshavarane må vike fordi eigedomstileigninga inneber ei god driftsmessig løysing”. Søknader om odelsfrigjering blir avgjorde etter ei brei vurdering der mellom anna omsynet til odelsrettshavarane skal avvegast mot rasjonaliseringsgevinsten som kan oppnåast ved det frivillige kjøpet. I den konkrete vurderinga er dei relevante momenta mellom anna kva slags tilknyting til eigedomen odelsrettshavaren har hatt og om vedkommande har hatt ei velgrunna forventing om å overta eigedomen.
3.4.2 Odelsfrigjering til andre formål enn tilleggsareal til landbrukseigedomar
Dersom staten eller ein kommune har teke over eller vil ta over odelsjord og særlege grunnar taler for at odelsrett ikkje bør vere til hinder, kan det takast avgjerd om odelsfrigjering, sjå odelslova § 30 første ledd. Har nokon frivillig late frå seg alt eller noko av odelsjorda, kan slik jord frigjerast for odel når overtakaren søkjer om det, og det må reknast med at eit tilsvarande oreigningsinngrep, ville ha blitt gjort i fall partane ikkje hadde blitt samde, sjå odelslova § 32 andre ledd.
3.4.3 Saksbehandlinga
Det er gitt reglar om behandling av odelsfrigjeringssaker i odelslova § 33 og i Forskrift om saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter odelslova § 30 til § 32 av 11. februar 2011. Det går her fram at søknad om odelsfrigjering skal setjast fram innan to månader etter at stemning i løysingssak blei forkynt for eigaren. Kommunen skal straks søknaden er motteken gi odelsrettshavarane høve til å uttale seg om spørsmålet om odelsfrigjering. Når kommunen har innhenta dei nødvendige opplysningane, skal kommunen avgjere om dei formelle vilkåra for odelsfrigjering er oppfylte. Kjem kommunen til at vilkåra er oppfylte, skal kommunen varsle retten og be om at odelsløysingssaka blir stansa. Kommunen skal òg uttale seg om sitt syn på spørsmålet om odelsfrigjering (realiteten) og sende saka til Fylkesmannen som avgjer spørsmålet om odelsfrigjering. Vedtaket til Fylkesmannen kan påklagast til Statens landbruksforvaltning.