Prop. 128 L (2012–2013)

Endringar i odelslova

Til innhaldsliste

4 Departementets vurderingar og forslag til endringar

4.1 Forslag om innskrenking av odelskretsen

4.1.1 Høyringsforslaget

Som nemnt i kapittel 2.2 var forslaget i Meld. St. 9 (2011-2012)Landbruks- og matpolitikken Velkommen til bords, at berre barn av eigar med odelsrett kan ha odelsrett. I brev av 13. mars 2012, bad departementet Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet vurdere om dette forslaget kunne gjennomførast utan å kome i strid med Grunnlova § 107. I brev av 9. oktober 2012 skriv Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet:

”Odelskrinsen må etter vårt syn kunne innskrenkast på lik linje med andre sider av odelsretten, til dømes kva for eigedomar som er underlagde odelsrett. På den andre sida må det gå ei grense for kor sterke avgrensingar som her kan fastsetjast utan at ein i realiteten må seie at odelsretten blir oppheva og ein dermed kjem i strid med Grunnlova § 107.
Etter vår vurdering er det ikkje grunnlag for å seie at det vil vere i strid med Grunnlova § 107 å fjerne nevøar og nieser frå odelskrinsen. Dei som etter i dag berre kan byggje odelsrett på at ein onkel eller ei tante har eigd eigedomen med odel, har gjennomgåande ei meir perifer tilknyting til eigedomen og sjeldan ein posisjon som gjer at ein kan basere framtida på at ein skal overta eigedomen, og livnære seg som gardbrukar.
Vi er meir i tvil når det gjeld barneborn av ein eigar. Det kan vere praktisk at eit barn til det eldste barnet av eigaren tek sikte på å overta eigedomen og drive han, til dømes ved å utdanne seg innanfor landbruk. Dersom barnebarnet ikkje har eigen odelsrett, må det stå tilbake for syskena til forelderen, og dersom eigaren overfører eigedomen direkte til barnebarnet, må det til dømes finne seg i at onklar eller tanter løyser eigedomen på odel. Det er mogleg at ein her er inne i ein hard kjerne av odelsinstituttet som er verna av Grunnlova § 107. Dette gjeld særleg dersom forelderen er avliden, men kan òg gjelde i andre høve der ein ikkje kan ordne seg slik at eigedomen vert overført først til forelderen og så til barnebarnet.”

På bakgrunn av denne uttalen foreslo departementet at berre barn av eigar med odelsrett, samt barnebarn av siste eigar med odelsrett, skal ha odelsrett. Odelskretsen vil etter forslaget omfatte barn av både nåverande og tidlegare eigarar. Tabellane 1-3 nedanfor viser ei skjematisk oversikt over kven som har odelsrett gjennom eigarskifte i tre generasjonar, og kven av desse (markert med overstreking) som mister odelsretten med lovforslaget.

Tabell 4.1 Første generasjon (Odlar eig eigedomen)

ODLAR

A

B

Aa

Ab

Ba

Bb

Så lenge odlaren eig eigedomen, skjer det ingen endringar i odelskretsen. Sjå tabell 4.1.

Tabell 4.2 Andre generasjon (A har overteke eigedomen)

ODLAR

A

B

Aa

Ab

Ba

Bb

Aa1

Aa2

Ab1

Ab2

Når eine barnet til odlaren (A) tek over eigedomen, får barnebarna til A òg odelsrett. Samtidig er barna til B ikkje lenger barnebarn av siste eigar. Dette fører til at dei mister odelsretten. Sjå tabell 4.2.

Tabell 4.3 Tredje generasjon (Aa har overteke eigedomen)

ODLAR

A

B

Aa

Ab

Ba

Bb

Aa1

Aa2

Aa1

Ab2

Aaa

Aab

Når A sitt barn, Aa, tek over eigedomen, får barnebarna til Aa odelsrett. Samtidig mister A sine barnebarn, Ab1 og Ab2, odelsretten. Sjå tabell 4.3.

4.1.2 Høyringsinstansane

Forslaget om å innskrenke odelskretsen har fått brei støtte. Alle høyringsinstansane, med unntak av Norsk Bonde- og Småbrukarlag, støttar forslaget. Sjølv om forslaget har fått brei støtte, er nokre få høyringsinstansar likevel noko skeptiske til å fjerne nevøar og nieser frå odelskretsen.

Ørskog kommune meiner innskrenkinga av odelskretsen fører til at odelslova i realiteten går frå å vere ei slektslov til å bli ei familielov:

”Odelslova var i utgangspunktet ei ”slektslov” som la opp til at jordeigedom skulle forbli i slekta og slekta var breidt definert. … Med det framlegget som no ligg føre, vil lova bli meir i retning av ei ”familielov”.
I høyringsnotatet prøver departementet å underbygge behovet for endring, men det er vanskeleg å finne argument som er knytt til problem med odelskretsen slik den er i dag. Det er til dømes ikkje vist til om eller i kor stor grad nevøar og nieser nyttar odelsretten sin. Odelslovutvalet viser i si utgreiing generelt til at bruken av odelsrett har gått tilbake siden 1970 talet.”

Norges Skogeierforbund peiker på at det kan vere planlagt at ein nevø eller ei niese med odelsrett skal overta eigedomen:

”Norges Skogeierforbund vil imidlertid peke på at det sannsynligvis er et betydelig antall tilfeller der det er planlagt at nieser eller nevøer skal overta en landbrukseiendom. Dette kan være forberedt bl.a. gjennom at niesen/nevøen har tatt relevant utdanning. Selv om ingen med bedre odelsrett har til hensikt å overta eiendommen, kan de foreslåtte endringene gjøre det lønnsomt for direkte arvinger å selge til andre enn den aktuelle niesen eller nevøen.”

Norges Bondelag gir òg uttrykk for skepsis mot å innskrenke odelsretten. Først og fremst er skepsisen grunna i at grunnlovsvernet ikkje er godt nok greidd ut:

”Norges Bondelag mener at Landbruks- og matdepartementets forslag om innskrenkning av odelskretsen er betenkelig nær odelsinstituttets kjerne. En lovendring av denne karakter setter derfor ekstra store krav til vurderingen i forhold til Grunnloven § 107 og til en overbevisende begrunnelse for at endringen er påkrevet i lys av «… nye sosiale eller økonomiske forhold …», jf Rt 1948 s 1147, og «… til største nytte for Staten [samfunnet] og Gavn for Landalmuen [landbruksnæringen]». Norges Bondelag mener at lovforslaget ikke er vurdert og begrunnet på en tilstrekkelig måte i forhold til Grunnloven § 107.
Under forutsetning av at lovgiver vurderer og finner at de samlede endringer i odelsretten over lengre tid, ligger innenfor det som er lovlig i forhold til Grunnloven § 107, og at lovgiver vurderer og finner at endringen er «… til største nytte for Staten og Gavn for Landalmuen», vil Norges Bondelag støtte lovforslaget.”

Dei andre høyringsinstansane sluttar seg fullt ut til forslaget. Høyringsuttalane viser at dei stort sett legg vekt på at odelsretten først og fremst bør gjelde for dei med tilknyting til eigedomen. Fylkesmannen i Vestfold seier det slik:

”I henhold til departementets forslag bør odelsloven bli mer tidstilpasset ved at odelsretten blir forbeholdt de etterkommerne av odlaren, som har vokst opp på gården, og de som har sett sine foreldre/besteforeldre drive og forvalte eiendommen.”

Alvdal kommune konstaterer at odelsretten ofte gjer at jordbruksarealet blir eigd av nokon i odelsslekta i lang tid utan at eigaren er aktiv næringsutøvar:

”Derfor bør odelsretten begrenses til kun å gjelde forholdet mellom eier av jordeiendommer i aktiv drift til første slektsledd(barn) etter denne. For alt annet eierskap av jordbruksjord og for øvrige odelsrettshavere etter dagens lovbestemmelser oppheves odelsretten.”

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner at når dei med fjern tilknyting til eigedomen overtek, aukar sjansen for at eigedomen blir ein fritidseigedom og at leigejorda aukar:

”I vårt fylke er det mange små odelseigedomar, med svært avgrensa produksjons- og avkastningsevne. På mange av desse eigedomane vert produksjonsareala allereie i dag drivne ved bortleige. Vi torer påstå at dess vidare odelskretsen er, og dess sterkare vern retten har, dess større vert andelen leigejord... . ei avgrensing av odelskrinsen vil også kunne motverke ei utvikling i retning av at odelsretten i praksis vert eit lovverna høve til å skaffe seg attraktive fritidseigedomar med ulike rettar i inn- og ikkje minst i utmark.”

Fylkesmannen i Rogaland peiker òg på behovet for å auke omsetjinga av tilleggsjord og å sleppe nye krefter til:

”Det er mange som har behov for tilleggsjord, og vi opplever at det er relativt mange som ønskjer å kjøpe landbrukseigedom. Desse har som oftast vakse opp på gard, har landbruksutdanning og/eller har drive gard i fleire år. Ei slik innskrenking i odelskretsen som foreslått vil etter vår vurdering kunne bidra til økt omsetning av landbrukseigedomar, og slik bidra til framtidig busetting og drift på eigedomen som er mest hensiktsmessig for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket, jf. jordlova § 1. Det er særleg viktig å rekruttere dei som har vilje og kompetanse til å drive innan landbruk, meir enn om dei faktisk har odel til eigedom.”

Mange kommunar, mellom dei Lom, Lesja, Skjåk og Dovre, skriv om etterspørselen etter landbrukseigedomar:

”Etter kommunane si vurdering vil dei foreslegne endringane vere gunstig for å få større utbod av landbrukseigedommar. Det er eit uttrykt ønskje i og med at ein veit at der er interesse i å kome inn i næringa frå personar utan gardstilknytning.”

Norges Bygdekvinnelag peiker på behovet for nye etableringar:

”En begrensning i odelskretsen som foreslått innebærer at man fortsatt ivaretar hensynet til overtagelse og videre drift innenfor nær familie. Samtidig åpner dette for nyetableringer i næringen og større muligheter for personer og familier som ønsker å etablere seg i distriktene og drive jordbruksproduksjon. ... det er viktig å sikre rekruttering til landbruksnæringen...”

Andre høyringsinstansar trekkjer òg fram andre tilhøve som støttar forslaget. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag peiker på at behovet for odelsretten har vore dalande og uttaler:

”Tallet på avhendinger som har skjedd til personer med odelsrett har også vært dalende siden 1970. Dette innebærer også at odelsretten som begrunnelse for at den i første rekke skal sikre videre drift av eiendommen derfor ikke har like stor gyldighet lenger.”

Farsund kommune seier at forslaget vil auke medvitet blant dei som har odelsrett og bidra til at forvaltinga av landbrukseigedomar blir meir langsiktig.

Norges Eiendomsmeglerforbund peiker på at den vide odelskretsen og reglane for odelsløysing er ei utfordring for både kjøpar og seljar av eigedomen.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår ei lovteknisk justering av lovforslaget:

”Etter framlegget til endringar i odelskrinsen skal etterkomarane til odlaren ha odelsrett, dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel. Som eit nytt andre punktum i odelslova § 8 fyrste ledd, følgjer det at i tillegg skal barneborn av siste eigar med odel ha odelsrett. Denne oppstillinga skapar eit inntrykk av at ein no skal operere med ein hovudregel og ein tilleggsregel om odelsrett. Noko slikt har aldri vore systemet i odelslova. Spørsmålet er for det fyrste kven som har odelsrett, og så må det avgjerast kven som har best prioritet av desse. Prioritetsspørsmålet er regulert i odelslova § 12. Odelslova § 8 bør derfor formulerast slik at alle odelsrettshavarane står fram som likestilte. Dette kan til dømes gjerast ved at § 8 fyrste ledd fyrste punktum kan lyde:
Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett, dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel.”

4.1.3 Departementets vurderingar

4.1.3.1 Utgangspunkt – tilhøvet til Grunnlova

Odelsretten har lange tradisjonar i Noreg og har vore beskytta i Grunnlova frå 1814. I 1814 skulle odelsretten hindre oppkjøp av eigedom og sikre ein sjølvstendig bondestand. Ein slik funksjon har odelsretten framleis, men ikkje i same grad. Departementet meiner at det for landbruket er viktig å halde på odelsretten. Eit levedyktig landbruk er avhengig av stabilitet og planlegging på lang sikt. Odelsretten sikrar stabilitet og fører til ei meir langsiktig forvalting av landbrukseigedomar ved at bøndene ser investeringar i eit perspektiv over fleire generasjonar. For den som skal overta eigedomen for å drive han vidare, gir odelsretten tryggleik for at han eller ho kan satse på ei landbruksutdanning og eit yrke innan landbruket.

Departementet meiner at odelsretten òg kan ha visse uheldige sider. Odelsretten kan føre til at personar utan tilknyting til eigedomen og drifta overtek eigedomen på odel. Dette kan få konsekvensar for ei god landbruksmessig utnytting av eigedomen. Odelsretten kan òg hindre at eigedomar kjem ut på sal. På den måten kan odelsretten gjere det vanskeleg å få friske krefter inn i næringa, eller for ein nabo å få kjøpt tilleggsjord.

Slike avvegingar ligg til grunn for at departementet ønskjer ei innskrenking av odelskretsen. Grunnlova § 107 set forbod mot å oppheve odelsretten, men overlet til Stortinget å fastsette korleis dei nærare reglane skal vere. Grunnlova er såleis ikkje til hinder for å endre reglane i odelslova. Ei endring må likevel ikkje vere slik at odelsretten som rettsinstitutt ikkje lenger kan seiast å vere til ”største Nytte for Staten og Gavn for Landalmuen”. Fleire tidlegare lovendringar har sidan Grunnlova blei vedteken, innskrenka odelsretten ut frå omsynet til endringar i samfunnet. Eitt eksempel er odelsfrigjeringslova frå 1907 som førte til at mange odelseigedomar blei frigjorde for odel for å skape areal til ein veksande industri. Høgsterett uttalte i ein plenumsdom frå 1948: ”Det har tidligere vært og vil også i fremtiden bli behov for å gjøre endringer i odelsloven, ettersom nye sosiale og økonomiske forhold krever det”, sjå Rt. 1948 s. 1147.

Departementet legg til grunn at grunnlovsvernet for odelsretten ikkje er til hinder for at det kan gjerast tilpassingar i lova, til ”største Nytte for Staten og Gavn for Landalmuen”.

4.1.3.2 Odelsretten og omsynet til stabil drift

Ei viktig side ved odelsretten er at han kan bidra til å sikre drifta av eigedomen i tida framover. Som nemnt i kapittel 4.1.3.1 er eit levedyktig landbruk avhengig av stabilitet og planlegging på lang sikt. Odelsrett til personar som har lita tilknyting til eigedomen og landbruksdrifta, sikrar ikkje nødvendigvis dette formålet. Odelslovutvalet peiker i si utgreiing nettopp på tilknyting når utvalet kjem til at odelsretten gir eit betre landbruk:

”Bakgrunnen for dette ligger i den følelsesmessige tilknytning til gården, og at den sikkerhet og forutberegnelighet som odelsretten gir, skaper grobunn for et godt landbruk: Den best prioriterte kan og vil forberede seg på overtagelse – gjennom arbeidserfaring og teoretisk utdannelse.”1

Departementet meiner dette som hovudregel vil gjelde personar som har vakse opp på eigedomen. Som oftast vil dette vere barna til eigaren. Dei fleste høyringsinstansane peiker òg på at odelsretten bør gjelde dei personane som har vakse opp på eigedomen og derfor har sterkast tilknyting til han.

Odelslovutvalet legg til grunn at dei som har vakse opp på gard, som hovudregel vil ha fått praktisk opplæring og innsikt i gardsarbeid som andre ikkje har. Utvalet peiker òg på at dei som har vakse opp på gard oftare har landbruksutdanning.2

Odelsrettshavar utanom nær familie vil ofte ha lita tilknyting til garden og drifta. Dette kan svekkje motivasjonen til å ha garden som bustad og arbeidsplass. Mange av dei som har låg odelsprioritet vil heller ikkje innstille seg på å drive familiegarden. Odelsrett til fjernare slektningar kan vise seg å gi ”eit lovverna høve til å skaffe seg attraktive fritidseigedomar” slik Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er inne på.

Overføring av landbrukseigedomar skjer i stor grad til nokon i nær familie som har vakse opp på garden. Når det ikkje er nær familie som vil overta, må det reknast med at omsynet til stabil drift og busetjing på eigedomen framover best blir varetatt ved at eigaren sjølv velgjer kven han eller ho vil selje til.

Dette er tilhøve som taler for at odelskretsen bør avgrensast slik at det blir dei som i utgangspunktet har vakse opp på eigedomen som har odelsrett .

Innskrenkinga i odelskretsen vil ikkje føre til reelle endringar for nieser eller nevøar i dei situasjonane der det er planlagt at han eller ho skal ta over eigedomen, slik Norges Skogeierforbund peiker på. Dei vil òg i dag måtte stå tilbake for andre med betre odelsrett. Dersom det ikkje er andre odelsrettshavarar til eigedomen, vil ei niese eller ein nevø alltid kunne ta over garden dersom eigaren ønskjer å selje til dei.

Nokre høyringsinstansar hevdar at nevøar og nieser òg kan ha eit nært tilhøve til eigedomen. Departementet er samd i dette, men kan likevel ikkje sjå at personar som berre unntaksvis har ei sterk tilknyting til eigedomen, bør ha odelsrett.

4.1.3.3 Fleire eigedomar på sal

Eit levedyktig landbruk er òg avhengig av ein velfungerande marknad for omsetjing av landbrukseigedomar. På den måten kan dei som vil satse på landbruk få moglegheit til å kome inn i næringa, og dei som er avhengig av leigejord kan få kjøpt tilleggsjord

Undersøkingar viser at det mange stader er fleire som etterspør landbrukseigedomar enn det er eigedomar til sals. Mange høyringsinstansar viser òg til at det er stor etterspørsel etter landbrukseigedomar, og at det er viktig med auka omsetjing både av gardsbruk og av tilleggsjord.

Odelslovutvalet seier at ”det må kunne konstateres at odelsretten i mange tilfeller virker til å opprettholde den eksisterende eierstruktur slik at varig etablering av større driftsenheter blir vanskeligere”.3 Det er eit landbrukspolitisk mål at eigar og brukar skal vere den same. Statistikken viser likevel at leigejorda aukar. I 2008 var 39,9 % av det dyrka arealet leigd areal. I 2011 hadde det leigde arealet auka til 42,5 %. Eit stort og varig omfang av jordleige inneber ei vesentleg endring i bruksstrukturen i høve til tidlegare. Ei slik endring kan auke risikoen for at landbruksareala sine produksjonseigenskapar blir svekka og har derfor òg samanheng med jordvern. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hevdar at ”dess vidare odelskretsen er, dess større vert andelen leigejord”. Dagens odelskrets kan med andre ord vere med å leggje til rette for aukande passivt eigarskap.

Departementet er einig med Fylkesmannen i Rogaland som peiker på behovet for å rekruttere dei som har vilje og kompetanse til å drive innan landbruksnæringa. Auka omsetjing vil gi moglegheit for å få nye motiverte næringsutøvarar inn i landbruket. Dette kan bidra til framtidig busetjing og drift på eigedomen og vere viktig for den langsiktige utviklinga og forvaltinga av eigedomen. Det kan òg gi positive ringverknader i lokalsamfunnet. Det er dessutan mange som er avhengig av leigejord og som ønskjer å kjøpe landbrukseigedom for å ha eit tryggare grunnlag for drifta. For å få dette til er det òg nødvendig at det er landbrukseigedomar til sals.

Departementet legg etter dette til grunn at odelsretten i enkelte tilfelle kan hindre sal og såleis gjere det vanskeleg å få friske krefter inn i næringa. Odelsretten kan dessutan hindre ønskelege rasjonaliseringar i landbruket og på den måten bidra til å halde oppe eit landbruk basert på mykje leigejord.

4.1.3.4 Oppsummering og forslag til endringar

Odelsretten verkar ekskluderande på dei som ikkje har odelsrett. Retten bør derfor ikkje oppretthaldast i større utstrekning enn kva ein kan leggje til grunn er til gagn for samfunnet, landbruket og for yrkesutøvarane i landbruket.

Norges Bondelag hevdar at forslaget til endring, trass i vurderinga til Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet, ikkje har god nok grunngiving i lys av Grunnlova § 107. Ørskog kommune har òg etterlyst betre grunngiving for forslaget. Landbruks- og matdepartementet meiner etter dei vurderingane som er gjort ovanfor, at forslaget er godt grunngitt og foreslår å innskrenke odelskretsen slik at berre barn av eigar med odelsrett, og barnebarn av siste eigar med odelsrett, skal ha odelsrett. Odelsretten blir såleis i behald for dei som gjennomgåande har sterkast tilknyting til eigedomen, medan dei med fjernare tilknyting mistar retten sin. Ei slik endring vil føre vidare dei positive sidene ved odelsretten samtidig som endringa kan føre til auka omsetjing av landbrukseigedomar og vere til gagn for samfunnet, landbruket og yrkesutøvarane i landbruket. Departementet legg såleis til grunn at endringa vil vere til ”største Nytte for Staten og Gavn for Landalmuen”, og derfor vil liggje innanfor rammene i Grunnlova § 107.

Når det gjeld barnebarn av siste eigar, vil desse ofte ikkje ha vakse opp på eigedomen. Det vil likevel kunne vere situasjonar der det kan vere gode grunnar for å planleggje slik at eigedomen blir overdratt direkte til eitt av dei. Det vil ikkje vere rimeleg at dei må stå tilbake for ei tante eller ein onkel med odelsrett.

Forslaget hindrar ikkje såkalla refleksodel, men slik odel vil etter forslaget oppstå i høve til nærare slekt enn etter gjeldande odelslov, sjå tabell 4.2 og 4.3 i kapittel 4.1.1. Barn av søsken til eigaren (Ba og Bb) vil ikkje lenger ha odelsrett, men odelsretten til eigaren (A) sine søsken (B) er i behald. Dersom barnet til A ønskjer å selje heile eller delar av eigedomen ut av slekta, vil B kunne bruke odelsretten sin. Da vil barna til B òg ha odelsrett. B sine barn vil som oftast ikkje ha vakse opp på eigedomen. Departementet ser at dette ikkje treng å gi noko god løysing i alle saker, men ser likevel ikkje tilstrekkeleg grunn til å gi reglar som hindrar refleksodel.

Departementet har vurdert om det er behov for endringar i andre føresegner som følgje av innskrenkinga i odelskretsen. Odelslova §§ 12 og 14 (begge første ledd) regulerer prioriteten til odelsrettshavarane slik at eldre søsken går føre yngre med seg og si linje. Føresegna gjeld tilhøva mellom søsken som står i posisjon til å overta ein odelseigedom. I tabell 4.1 er tilhøvet mellom A og B det same som etter gjeldande rett. Tilsvarande gjeld tilhøvet mellom Aa og Ab i tabell 4.2, og Aa1 og Aa2 i tabell 4.3. Departementet meiner derfor det ikkje er nødvendig å gjere endringar i §§ 12 og 14.

Sjølv om det er behov for å gjere innskrenkingar i odelskretsen, ser departementet ingen grunn til å gjere endringar i reglane om odelshevdstida (odelslova § 10 - Odelshevdstid ved eigarskifte i hevdstida). Behovet for endringar er i første rekke knytt til situasjonen når eigedomen har blitt odelseigedom.

4.2 Forslag om å oppheve odelslova § 31 om odelsfrigjering

4.2.1 Høyringsforslaget

Ut i frå omsynet til regelforenkling og ønsket om å redusere offentleg ressursbruk foreslo departementet å oppheve odelslova § 31 som gir heimel for odelsfrigjering av areal som skal brukast som tilleggsareal til landbrukseigedomar.

4.2.2 Høyringsinstansane

Totalt 50 høyringsinstansar har gitt uttale om odelsfrigjering. Dette gjeld eitt departement, 12 fylkesmenn, 29 kommunar og åtte organisasjonar. Dei fleste høyringsinstansane er samstemte i at det er få slike saker til behandling i året. Birkenes kommune seier mellom anna at føresegna ikkje har vore brukt i kommunen dei siste 25 åra. Høyringsinstansane er delte i spørsmålet om føresegna bør opphevast. Fleirtalet (35) er einige med departementet i at føresegna bør opphevast.

Dei andre høyringsinstansane som støtta forslaget, sluttar seg stort sett til departementets grunngiving. Fylkesmannen i Aust-Agder seier blant anna:

”Fylkesmannen peiker på at det hovudsakleg er når ein fjernare odelsrettshavar er saksøkar at det er aktuelt å frigjere ein eigedom for odel. Hvis odelskretsen vert innskrenka som foreslått ovanfor, vert det då også mindre trong for odelsfrigjering. Fylkesmannen er einig med departementet i at dette er ressurskrevjande saker kor ressursbruken ikkje alltid står i høve til det ein oppnår. Dette kan i nokon grad samanliknast med den situasjonen ein hadde med praktiseringa av staten sin forkjøpsrett, og som vart oppheva i 2004 med ei liknande grunngjeving.”

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag peiker òg på at det er vanskeleg å seie noko sikkert om utfallet av søknader om odelsfrigjering:

”Denne sakstype utgjør et relativt beskjedent antall saker, og som i all hovedsak avsluttes med en klagesaksbehandling i SLF. Utfallet av slike saker er erfaringsmessig også lite forutsigbare for sakens parter. Dette fordi at slike saker er av svært skjønnsmessig karakter og hvor avveining av de forskjellige momenter er vanskelig.”

Statens Landbruksforvaltning kjem i sin uttale inn på kva omfang saker om odelsfrigjering har samanlikna med det totalet arealet dyrka mark i drift:

”Av de totalt 47 sakene SLF har behandlet som klagesaker i perioden 2004-2011, ble resultatet at 29 eiendommer ble odelsfrigjort, mens 18 eiendommer ikke ble odelsfrigjort. Totalarealet (dyrket mark og produktiv skog) som ble søkt odelsfrigjort var 51 352 dekar, hvorav 3771 dekar var fulldyrket jord, og 23 591 dekar var produktiv skog. Resultatet av SLFs klagebehandling i nevnte periode er at en gjennom bruk av odelsloven § 31 har odelsfrigjort totalt 31 173 dekar, hvorav 2176 dekar er fulldyrket jord, og 10811 dekar er produktiv skog. Når en legger til grunn at det totalt er ca 10 000 000 dekar dyrket mark i drift i Norge i dag, og andelen leiejord ligger på 400 000 dekar, utgjør 2176 dekar odelsfrigjort dyrka mark kun 0,5 % av leiejordandelen i Norge.”

Når det gjeld haldninga til fylkesmennene, er det verdt å merke seg at halvparten går i mot forslaget, medan berre ein sjettedel av kommunane går i mot. Dei som går i mot forslaget peiker på at ein ved odelsfrigjering av ein eigedom kan vareta samfunnsmessige omsyn som gjer seg gjeldande i desse sakene, mellom anna å få til gode driftsmessige løysingar, gode jordrasjonaliseringar og behovet for å kunne styrke næringsgrunnlaget.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag meiner, som fleire andre, at odelsfrigjering òg er ein ”sikkerhetsventil”:

”Vår erfaring er at adgangen til odelsfrigjøring fungerer som en "sikkerhetsventil" i tilfeller der det er oppnådd svært gode driftsmessige løsninger, og den odelsberettigede som har gått til løsningssak har få eller ingen planer om bosetting på eller drift av odelseiendommen. …
Det er dyktige og framtidsrettede næringsutøvere som søker å styrke sitt næringsgrunnlag ved å kjøpe tilleggsareal. I små grendesamfunn kan det utgjøre stor forskjell å ha en eller to gårdbrukere av dette kaliberet.”

Hemnes kommune meiner:

”Vi mener det likevel fortsatt må være anledning for samfunnet til å gripe inn når odelsløsning fører til åpenbart uheldige løsninger.”

Nokre høyringsinstansar har peikt på at det ikkje er logisk at odelsfrigjering etter § 31 blir oppheva samtidig som det blir foreslått å lempe på delingsføresegna i jordlova § 12. Gaular kommune er ein av dei:

”Departementet har føreslått å gjere endringar i jordlova § 12 mellom anna med tanke for at det skal verte lettare å dele frå tilleggsjord. Då burde det og vere mogleg for kjøpar å søkje om odelsfrigjering dersom ein med odelsrett går til søksmål for å overta dette arealet, særleg dersom den som går til søksmål ikkje har planar om busetjing eller drift.”

Advokatforeningen peiker i tillegg på tilhøvet til odelslova §§ 20-20 c:

”Samtidig kan imidlertid behovet for bestemmelsen øke dersom forslag til endring av jordlovens § 12 gjennomføres. Endringene som foreslås i jordloven § 12 vil kunne gjøre det lettere etter den bestemmelsen å foreta fradelinger, herunder fradelinger av tun, slik at jordbruksteiger og resteiendommer kan overdras til nabobruk som tilleggsjord.
... Bestemmelsene i odelslovens §§ 20–20c løser imidlertid ikke de situasjoner som odelsfrigjøringsinstituttet ivaretar og som løser forholdet hvor det etter en samlet vurdering er riktig at odelsretten må vike når odelseiendom, eller del av odelseiendom, ønskes overført til nabobruk som tilleggsjord.”

Det er òg nokre høyringsinstansar som meiner det ikkje er formålstenleg å oppheve odelslova § 31 om odelsfrigjering, samtidig som ein ikkje opphevar heimelen til odelsfrigjering for stat eller kommune etter § 30. Fylkesmannen i Vest-Agder seier mellom anna:

”Sterke samfunnsmessige hensyn kan i enkelte tilfeller tilsi at den som har kjøpt tilleggsareal får beholde arealet, både av hensyn til egen næringsvirksomhet på gården og av bosettingshensyn. …
Adgangen for odelsfrigjøring for stat eller kommune etter odelslovens § 30 er ikke foreslått opphevet. Vi mener at de samme samfunnshensynene er til stede for å beholde odelsfrigjøring ved kjøp av tilleggsareal som odelsfrigjøring for stat eller kommune. Det kan også reises spørsmål om hensiktsmessigheten i å beholde adgangen for odelsfrigjøring hos stat og kommune i odelsloven § 30 dersom § 31 oppheves.”

4.2.3 Departementets vurderingar

4.2.3.1 Odelsfrigjering av eigedomar som skal brukast som tilleggsareal til ein annan landbrukseigedom

Når ein odelseigedom blir seld til ein person utan, eller med dårlegare odelsprioritet, kan kjøparen bli møtt med krav om odelsløysing. Dersom kjøpet gjeld tilleggsareal til ein landbrukseigedom, kan kjøparen i eit slikt tilfelle søkje om odelsfrigjering etter odelslova § 31. Der det blir fatta vedtak om odelsfrigjering, er formålet å betre dei driftsmessige tilhøva for kjøparen og hans eigedom.

Ein del høyringsinstansar peiker på dei samfunnsmessige omsyna bak odelsfrigjering etter § 31, og meiner at odelsfrigjering fungerer som ein sikkerheitsventil. Andre peiker på at ein ved å ta bort moglegheita for odelsfrigjering, vil hindre effekten av endringa i jordlova § 12. Departementet er einig i at samfunnsmessige omsyn, som gode driftsmessige løysingar, er viktige å vareta. Samtidig er det snakk om svært få søknader om odelsfrigjering. I åra frå 2005-2011 blei det behandla om lag åtte søknader om odelsfrigjering i året, og i litt over halvparten av sakene blei resultatet at eigedomen blei odelsfrigjort.4 Dersom odelskretsen blir innskrenka slik som foreslått, må det reknast med at det blir enda færre saker. Om lag 40 % av sakene gjaldt personar som vil falle utanfor odelskretsen med det forslaget som nå blir fremja. Dei personane som etter forslaget vil ha odelsrett vil òg gjennomgåande ha sterk tilknyting til eigedomen.

Odelsfrigjeringssaker er svært ressurskrevjande. Departementet meiner at ressursbruken er for stor i høve til samfunnsgevinstane som blir oppnådde. Departementet viser til høyringsuttalen frå Statens landbruksforvaltning som peiker på at arealet av dyrka mark som blei odelsfrigjort i perioden 2004-2011, berre utgjer 0,5 % av det totale arealet av leigejorda.

Vurderinga av ein søknad om odelsfrigjering er samansett. Ein må vege omsyn av ulik karakter opp mot kvarandre. På den eine sida har ein omsynet til å skape ei god driftsmessig løysing for han eller ho som søkjer om odelsfrigjering. Dette omsynet skal vegast opp mot interessene til odelsrettshavarane, og odelsretten som rettsinstitutt. Når det gjeld omsynet til odelsrettshavarane, har deira tilknyting til eigedomen ein sentral plass i vurderinga. Eit anna viktig moment er forventinga den aktuelle odelsløysaren har til å få overta odelsgarden. I praksis har ein oftast lagt til grunn at det er ei klar forventing når odelsrettshavaren har vakse opp på garden og for eksempel har teke landbruksutdanning. I praksis har søknadene der odelsløysar har sterk tilknyting til eigedomen og klar forventing om å overta ofte slutta med at eigedomane ikkje blir odelsfrigjorde.

Å oppheve heimelen til odelsfrigjering etter odelslova § 31 vil òg gi eit klarare rettstilhøve for dei som står att i odelskretsen. For desse blir det lettare å berekne utfallet av ei løysingssak. Omsynet til regelforenkling og ønsket om redusert offentleg ressursbruk tilseier derfor at regelen blir oppheva.

Departementet kan ikkje seie seg einig med dei høyringsinstansane som meiner det ikkje er logisk at odelsfrigjering etter § 31 blir oppheva samtidig som det blir foreslått å lempe på delingsføresegna i jordlova § 12. Departementet meiner det truleg ville blitt heller få vedtak om odelsfrigjering når odelskretsen blir innskrenka slik departementets forslag legg opp til. Grunnen til det er at ein her ofte vil ha å gjere med ein odelsløysar med sterk tilknyting og forventing om å få overta. Departementet meiner såleis opphevinga av heimelen til odelsfrigjering har lite å seie for effekten av forslaget om å endre delingsføresegna i jordlova.

Departementet vil dessutan peike på at reglane i odelslova §§ 20-20 c eit stykke på veg kan hjelpe ein eigar som vil selje eigedomen sin til nokon utanfor odelskretsen. Desse føresegnene gir ein eigar moglegheit for å få avklart om nokon med betre odelsrett vil bruke løysingsretten sin dersom han eller ho vil selje til nokon med dårlegare odelsrett eller til nokon utan odelsrett. Dette gjeld uansett om eigaren har eit aktuelt kjøpstilbod eller ikkje. Moglege odelsrettshavarar kan få ein frist som ikkje skal vere kortare enn to månader til å seie i frå om dei vil gå inn i kjøpetilbodet. Dersom odelsrettshavarane ikkje vil gå inn i tilbodet, eller ikkje svarer innan fristen, mister dei løysingsretten sin dersom eigedomen blir seld på dei vilkåra som er fastsette i tilbodet under føresetnad av at vilkåra er reelle og saklege.

4.2.3.2 Odelsfrigjering til andre formål enn tilleggsareal til ein landbrukseigedom

Nokre høyringsinstansar hevdar at det ikkje er logisk å foreslå oppheving av odelsfrigjering etter § 31, utan samtidig å foreslå oppheving av odelsfrigjering for stat eller kommune etter § 30. Departementet er ikkje einig i dette. Odelslova § 30 tek sikte på erverv av grunn til typisk offentlegrettslege formål. Det offentlege kan ha særs gode grunnar for å ta over eit areal. Odelsfrigjering vil i slike høve kunne vere eit viktig verkemiddel.

4.2.3.3 Konklusjon

Departementet viser til drøftinga under kapittel 4.2.3.1 og held fast på forslaget om å oppheve odelslova § 31.

4.3 Overgangsreglar

4.3.1 Høyringsforslaget

4.3.1.1 Innskrenking av odelskretsen

For endringane i odelslova § 8 foreslo departementet ein overgangsregel med utgangspunkt i gjeldande odelslov § 79 første ledd.

4.3.1.2 Oppheving av odelslova § 31 om odelsfrigjering

Når det gjeld forslaget om å oppheve odelslova § 31, foreslo departementet at det må vere høve til å behandle søknad om odelsfrigjering når det er høve til å løyse ein odelseigedom. Overgangsperioden vil vere relativt kort. Grunnen er at fristen for å reise odelsløysingssak er seks månader frå den dagen dokument som gir den nye eigaren full heimel er tinglyst. Etter odelslova § 31 må ein søknad om odelsfrigjering setjast fram av eigaren innan to månader, rekna frå stemning i løysingsaka er forkynt for han.

4.3.2 Høyringsinstansane

4.3.2.1 Innskrenking av odelskretsen

Få høyringsinstansar har uttalt seg om overgangsreglar. Birkenes kommune ønskjer at lova berre skal gjerast gjeldande for dei som er så unge at dei ikkje har starta vidaregåande utdanning. Norges Skogeierforbund meiner lovforslaget bør tre i kraft fem år etter at det er vedteke:

”Norges Skogeierforbund vil imidlertid peke på at det sannsynligvis er et betydelig antall tilfeller der det er planlagt at nieser eller nevøer skal overta en landbrukseiendom. Dette kan være forberedt bl.a. gjennom at niesen/nevøen har tatt relevant utdanning. Selv om ingen med bedre odelsrett har til hensikt å overta eiendommen, kan de foreslåtte endringene gjøre det lønnsomt for direkte arvinger å selge til andre enn den aktuelle niesen eller nevøen. Dette kan virke konfliktskapende.
Norges Skogeierforbund vil derfor be departementet om å vurdere en særskilt overgangsordning som for eksempel at innskrenkningen i odelskretsen trer i kraft først 5 år etter at loven er vedtatt. Dette vil gi nåværende eier mulighet for å områ seg og eventuelt gjennomføre et planlagt eierskifte i god tid før endringen trer i kraft.”

4.3.2.2 Oppheving av odelslova § 31 om odelsfrigjering

Det er berre Justis- og beredskapsdepartementet som har uttalt seg om forslaget om å oppheve § 31 om odelsfrigjering. Departementet uttaler:

”Odelslova § 79 omhandlar innskrenkingar i odelsretten, og overgangsreglar som omhandlar høvet til odelsfrigjering, bør difor ikkje takast inn i denne paragrafen. Sidan odelslova § 31 etter framlegget skal opphevast, bør det heller ikkje følgje av lova at det likevel kan skje odelsfrigjering etter § 31.
Dette spørsmålet kan avklarast i iverksetjingsreglane for endringslova. Dersom § 31 blir oppheva, kan det fastsetjast i iverksetjingsreglane at føresegna likevel skal gjelde i tilfelle der personar som har ein aktuell løysingsrett når endringslova tar til å gjelde, går til løysingssak. Dette vil dreie seg om ein overgangsperiode på maksimalt åtte månader, slik LMD tek opp i høyringsnotatet.”

4.3.3 Departementets vurderingar

4.3.3.1 Innskrenking av odelskretsen

Som nemnt i kapittel 4.1.3.2 vil innskrenkinga i odelskretsen ikkje føre til reelle endringar for nieser eller nevøar i dei situasjonane der det er planlagt at han eller ho skal ta over eigedomen, slik Norges Skogeierforbund peiker på. Dei vil òg i dag måtte stå tilbake for andre med betre odelsrett. Er det ingen andre med odelsrett, er det ikkje noko i vegen for at overtakinga kan gjennomførast som planlagt.

Det er fastsett i Grunnlova § 97 at inga lov må givast tilbakeverkande kraft. Når det gjeld tidlegare endringar i odelslova, har Høgsterett uttalt :

”Etter Grunnlovens § 107 må odels- og åsetesretten ikke oppheves, men ”de nærmere betingelser hvorunder den til størst nytte for staten og gavn for landalmuen skal vedblive” fastsettes ved lov. Det har tidligere vært og vil også i fremtiden bli behov for å gjøre endringer i odelsloven, ettersom nye sosiale eller økonomiske forhold krever det. …
Odelsmannen har ikke noe berettiget krav på å beholde sin odelsrett […], hvis han ikke ved lovens ikrafttreden hadde en aktuell løsningsrett.”5

Dette prinsippet er utgangspunktet i overgangsreglane i gjeldande odelslov § 79 første ledd:

”Denne lova får ingen verknad for tilhøve der det etter dei tidlegare gjeldande reglane er blitt høve til å bruke odelsrett før dei tilsvarande nye reglane har tatt til å gjelde."

Forarbeida til overgangsregelen seier at endringane knytte til odelsrett skal omfatte alle personar som ved ikraftsetjinga til lova ikkje hadde aktuell løysingsrett. Dersom det ved ikraftsetjinga var oppstått ein situasjon som utløyste høve til å gjere odelsretten gjeldande, skulle reglane som gjaldt før ikraftsetjinga gjelde.6

Høve til å bruke odelsrettoppstår når eigedomen har skifta eigar. Som eigar reknast den som ved bindande avtale eller anna rettsgrunnlag er blitt eigar, jf. odelslova § 60 andre ledd.

Departementet meiner det er rimeleg at tilsvarande overgangsreglar skal gjelde for nye reglar om innskrenkingar av odelskretsen.

4.3.3.2 Oppheving av odelslova § 31 om odelsfrigjering

Når det gjeld forslag om å oppheve reglane om odelsfrigjering i odelslova § 31, skal regelen likevel gjelde i dei tilfella der personar som har ein aktuell løysingsrett når endringslova tek til å gjelde, går til løysingssak. Overgangsperioden vil vere relativt kort. Grunnen er at fristen for å reise odelsløysingssak er seks månader frå den dagen dokument som gir den nye eigaren full heimel er tinglyst, sjå odelslova § 40 første ledd. Etter odelslova § 31 må søknad om odelsfrigjering setjast fram av eigaren innan to månader, rekna frå stemninga i løysingsaken er forkynt for han.

Departementet sluttar seg til uttalen til Justis- og beredskapsdepartementet om at overgangsreglar ikkje følgjer av lova, men at spørsmålet bør avklarast i iverksetjingsreglane for endringslova.

Fotnotar

1.

NOU 2003: 26 Om odels- og åsetesretten– kapittel 12.3.2.a

2.

NOU 2003: 26 kapittel 5.2.2.

3.

NOU 2003: 26 Om odels- og åsetesretten– kapittel 5.3.3

4.

Rapportering frå fylkesmannen for året 2011 for jord-, odels- og konsesjonslov – Notat 28. september 2012 frå SLF

5.

Rt 1948 s. 1147

6.

Rådsegn10 s. 96
Til forsida