5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Ei løysingssak skal avgjerast i tingretten med eventuell anke til lagmannsretten og Høgsterett. Dersom odelskretsen blir innskrenka kan det føre til færre saker om odelsløysing. Dette vil frigi kapasitet ved domstolane. Innskrenkinga av odelskretsen vil ha lite å seie for forvaltinga.
Som nemnt i kapittel 4.2.3.1 er saker om odelsfrigjering etter odelslova § 31 særs ressurskrevjande. Søknader om odelsfrigjering skal behandlast av kommunen og fylkesmannen. Mange av desse sakene blir påklaga til Statens landbruksforvaltning. Eit vedtak om odelsfrigjering er eit inngripande vedtak overfor dei med odelsrett. Det krev ei grundig saksførebuing og vurdering. Ei oppheving av odelslova § 31 vil derfor frigi ressursar i dei organa som behandlar slike saker.
Forslaget har ikkje konsekvensar for likestillinga.