2 Bakgrunn – nærare om reguleringa
Dei nye reglane for regulering
Frå 1. januar 2011 er det innført nye reglar for regulering av pensjonar i folketrygda. Reglane går fram av folketrygdlova §§ 1-4, 19-14 og 20-18 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden. Alderspensjon under utbetaling (løpande pensjon) blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulert i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon og andre ytingar som blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet, blir dermed regulert i samsvar med lønnsauken. Det er gjort tilsvarande endringar i andre pensjonsordningar.
Til grunn for reguleringa ligg venta lønnsauke i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke siste år. Det skal også vurderast om det er særlege forhold som har påverka lønnsutviklinga for einskilde grupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsauken. Talgrunnlaget skal drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før grunnbeløpet og pensjonar blir regulerte.
Drøftingar med organisasjonane
Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Sjå nærare om drøftinga i vedlagte protokoll.
I tråd med forskrifta blir det etter dette lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,9 prosent i 2011 i tråd med regjeringas anslag som går fram av revidert nasjonalbudsjett for 2011. I trygdeoppgjeret 2010 blei det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,25 prosent i tråd med regjeringas anslag i revidert nasjonalbudsjett for 2010. Faktisk lønnsauke for 2010 er førebels anslått til 3,75 prosent i rapporten Grunnlaget for inntektsoppgjørene frå Det tekniske berekningsutvalet 5. april 2011. Det er såleis eit avvik på 0,5 prosentpoeng frå 2010.
Reguleringa av grunnbeløpet, pensjonane og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2011
Når det er eit avvik frå fjoråret, skal det først takast omsyn til avviket og deretter til den venta prosentvise lønnsauka i inneverande år. Den samla årlege lønnsauka er på denne bakgrunnen fastsett til 4,42 prosent.
Reguleringa av grunnbeløpet og pensjonane skjer med verknad frå 1. mai. Det nye grunnbeløpet frå 1. mai 2011 skal dermed fastsetjast slik at den prosentvise auka i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2010 til 2011 blir lik den samla årlege lønnsauka. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 4,42 prosent frå 2010 (74 721 kroner) til 2011 (78 024 kroner). Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2011 er fastsett til 79 216 kroner. Den prosentvise auka i grunnbeløpet frå 75 641 kroner til 79 216 kroner frå 1. mai 2011 er 4,73 prosent. Det inneber at uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 4,73 prosent.
Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med lønnsauka og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Pensjonen blir først oppregulert med 4,73 prosent og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,94 prosent frå 1. mai 2011.
Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar frå 1. januar 2011 blei fastsett ved forskrift 8. juli 2010 nr. 1083. Desse satsane er auka frå 1. mai 2011 med lønnsauken på 4,73 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjustering for 67-åringar i reguleringsåret ved å multiplisere med forholdet 1,000/1,005. Dette inneber at satsane er auka med 4,21 prosent.
Satsane er frå 1. mai 2011 sette til 125 338 kroner for låg sats, 145 822 kroner for ordinær sats, 157 639 kroner for høg sats og 236 471 kroner for særskilt sats. Når det gjeld kva satsar ein har rett til, viser departementet til folketrygdlova § 19-8.