Tilråing
Arbeidsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2011.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bede om å gjere vedtak om tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2011 i samsvar med eit vedlagt forslag.