3 Nærare om utviklinga i grunnbeløpet og lønner dei seinare åra
Tabell 3.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønnstakarar i perioden 2003–2010. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.
Tabell 3.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og inntekta for lønnstakarar. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring per år 2003 - 2010.
2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | Endring 2003–2010 | Endring per år | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Grunnbeløp | 3,9 | 3,3 | 3,5 | 5,4 | 5,5 | 4,2 | 3,8 | 33,5 | 4,2 |
Minstepensjon for einslege | 3,9 | 3,3 | 3,5 | 5,4 | 11,3 | 7,9 | 5,4 | 48,2 | 5,8 |
Minstepensjon for ektepar/sambuande | 6,1 | 4,9 | 4,0 | 5,4 | 11,9 | 8,2 | 5,5 | 55,8 | 6,5 |
Alderspensjon i gjennomsnitt1 | 5,4 | 4,8 | 4,8 | 6,5 | 7,6 | 6,1 | 5,6 | 48,6 | 5,8 |
Uførepensjon i gjennomsnitt | 3,3 | 3,9 | 3,7 | 5,4 | 6,7 | 4,6 | 4,1 | 36,2 | 4,5 |
Lønnstakarar i alt | 3,5 | 3,3 | 4,1 | 5,4 | 6,3 | 4,5 | 3,75 | 35,2 | 4,4 |
Industriarbeidarar i NHO- området | 3,6 | 3,4 | 3,6 | 5,5 | 5,7 | 3,9 | 3,6 | 32,2 | 4,2 |
Statstilsette | 3,7 | 3,4 | 4,5 | 5,1 | 6,7 | 4,4 | 4,5 | 37,0 | 4,6 |
Kommunetilsette | 3,8 | 3,4 | 3,9 | 4,8 | 6,7 | 4,6 | 3,7 | 35,1 | 4,4 |
1 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen.
Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2010: 4 og Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Pensjonane til den einskilde aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet med mindre det skjer endringar i regelverket.
Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane har auka meir enn grunnbeløpet av di særtillegget ordinær sats blei auka til frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008, til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.
For ektepar og sambuarar med minstepensjon var auken sterkare i åra 2003-2006 og 2008-2010 både på grunn av auken i særtillegget og av di grunnpensjonen for ektepar og sambuande blei trappa opp i åra 2003–2005. Grunnpensjonen auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.
Gjennomsnittleg pensjon har dei siste åra også auka med meir enn grunnbeløpet, og med meir enn auka i særtillegget og i grunnpensjonen for ektepar og sambuarar skulle tilseie. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon.
Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Tabell 1.2 viser utvikling i minstepensjonane til alderspensjonistar, uførepensjonistar og unge uføre frå 1. mai 1992 til 1. mai 2012, medan tabell 1.3 viser utviklinga av minstepensjonane frå 1970 til 2010 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast gjennom dei nemnde aukane i åra 2008-2010.