11 Overlevering til Noreg
11.1 Kompetansen til å ferde ut arrestordrar
I dag er det slik at dersom påtalemakta finn at det bør setjast fram krav om utlevering, oppmodar ho departementet om å sørgje for dette, jf. utleveringsloven § 23. Kravet må gjelde ein person som er sikta, tiltalt eller domfelt i ei norsk straffesak. Departementet vurderer om oppmodinga skal etterkomast. Normalt vil departementet fremje kravet i samsvar med påtalemakta sitt ønske. Annan framgangsmåte kan avtalast med den enkelte framande staten.
I praksis startar ein utleveringsprosedyre vanlegvis med at det blir sendt ut ei internasjonal etterlysing via Interpol eller SIS med oppmoding om pågriping med tanke på utlevering. I utgangspunktet er det påtalemakta som tek avgjerder om pågriping, sjå straffeprosessloven § 175 første ledd. Men avgjerder om pågriping kan også treffast av retten, blant anna dersom den mistenkte oppheld seg i utlandet, sjå andre ledd. I praksis er det i dag slik at norske styresmakter ikkje sender ut ei internasjonal etterlysing utan at det ligg føre ei pågripingsavgjerd frå retten.
Det følgjer av parallellavtalen artikkel 3 at norske styresmakter kan ferde ut ein arrestordre til ein EU-stat på same vilkår som ein EU-stat kan ferde ut ein arrestordre til Noreg. I lov om nordisk arrestordre § 17 er kompetansen til å ferde ut arrestordrar med tanke på overlevering til Noreg lagd til påtalemakta.
Verken konvensjonen om nordisk arrestordre eller parallellavtalen seier noko uttrykkeleg om kva for straffeprosessuell status den ettersøkte må ha for at ein arrestordre skal kunne ferdast ut. Men det følgjer av den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 5 nr. 1 bokstav c at ingen skal pågripast utan at det ligg føre rimelig mistanke om at vedkomande har gjort ei straffbar handling. I lov om nordisk arrestordre § 21 er det presisert at utferding av ein arrestordre set føre at det er skilleg grunn til mistanke. Dette er mistankekravet som gjeld for pågriping, jf. straffeprosessloven § 171.
I høyringsbrevet foreslo departementet at kompetansen til å ferde ut også nordisk-europeiske arrestordrar skal liggje hos påtalemakta. Ein bad samtidig om høyringsinstansane sitt syn på kva for nivå innanfor påtalemakta kompetansen burde leggjast til. Departementet foreslo dessutan å lovfeste som eit vilkår for å ferde ut ein arrestordre at det ligg føre ei avgjerd om pågriping teken av retten.
Det nasjonale statsadvokatembetet foreslår at arrestordrar som utgangspunkt vert ferda ut av politiet, men slik at politiet må innhente skriftleg samtykke frå statsadvokaten i alle «seksårssakene». Som eit minimum må politiet verte pålagt å innhente skriftleg samtykke i saker som gjeld straffeloven § 60 a, kapittel 8 og 9 i gjeldande straffelov, i terror og terrorrelaterte saker og i saker om folkemord. Embetet viser til at det å ferde ut ein arrestordre ofte vil føre til etterforsking i utlandet og vil kunne vere avgjerande for den retninga saka tek under etterforskinga. Dette gjeld særleg i omfattande og komplekse saker om til dømes organisert kriminalitet eller terror. I fråsegna vert det også vist til at det er uheldig om politiet ferdar ut ein arrestordre og det seinare viser seg at statsadvokaten ikkje er samd i politiet sine vurderingar. Slik usemje kan føre til unødig overlevering og varetektsfengsling. Det nasjonale statsadvokatembetet foreslår dessutan at det ikkje vert stilt krav om ei domstolsavgjerd om pågriping i dei tilfella kor statsadvokaten har gitt samtykke. Dersom det vert stilt krav om domstolsavgjerd, meiner embetet at det er nødvendig å opne for unntak i hastetilfelle.
Riksadvokaten har ikkje innvendingar mot at kompetansen til å ferde ut arrestordrar blir lagt til påtalemakta. Riksadvokaten legg elles til grunn at kompetansefordelinga innanfor påtalemakta bør vere lik for nordiske og andre arrestordrar, og vil kome tilbake til dette i samband med endring av påtaleinstruksen. Når det gjeld forslaget om å lovfeste at avgjerda om pågriping skal vere teken av retten, kan ikkje riksadvokaten sjå at det er gode grunnar til dette. Embetet heller derfor til at arrestordrar, om ikkje anna dei nordiske, bør kunne ferdast ut på grunnlag av avgjerd frå påtalejurist. Det er nemnt at ifølge Kripos er det siste ikkje sjeldan grunnlaget for ei nordisk etterlysing i dag. Riksadvokaten støttar elles Det nasjonale statsadvokatembetet i at det om ikkje anna er nødvendig å opne for unntak i hastetilfelle.
Departementet opprettheld forslaget om å leggje kompetansen til å ferde ut også nordisk-europeiske arrestordrar til påtalemakta. Det er ikkje nokon grunn til at det skal vere forskjell på nordiske og andre arrestordrar her. Spørsmålet om kva nivå innanfor påtalemakta kompetansen bør leggjast til, er det ikkje nødvendig å lovfeste og ein kjem tilbake til dette i samband med endringar i påtaleinstruksen.
Forslaget om at ein føresetnad for å ferde ut ein arrestordre skal vere at det ligg føre ei avgjerd om pågriping teken av retten, har møtt noko motstand under høyringa. Departementet nemner at både i Sverige og Finland skal det ligge til grunn et «häktningsbeslut» frå ein domstol, jf. svensk förordning (2003:1178) om överlämnande till Sverige enligt en europeisk arresteringsorder 3 §, jf. rättegångsbalken 24. kap. 5 §, og dei finske lovene om høvesvis utlevering for lovbrot mellom Finland og dei andre medlemsstatane i Den europeiske unionen 3 kap 53 § 1 mom. og utlevering for lovbrot mellom Finland og dei andre nordiske landa 3 kap., 50 §, jf. tvångsmedelslagen 1 kap, 9 §.
Ein arrestordre vil vere ei etterlysing og eit utleveringskrav i eitt, og formålet er at personen skal pågripast og fengslast i utlandet med tanke på overlevering. Sjølv om overlevering skal skje raskt, vil det fort kunne bli snakk om fengsling i fleire veker for den som vert pågripen. Arrestordresystemet legg vidare ikkje opp til at det i den staten som grip personen skal prøvast om det ligg føre skilleg grunn til mistanke. Departementet finn derfor at det er god grunn til å krevje at dette er prøvd av ein norsk domstol på førehand, i alle fall når det er snakk om ein nordisk-europeisk arrestordre. Dette vidarefører dagens ordning og er i samsvar med ordningane i Finland og Sverige. Ein legg samtidig til grunn, slik nokre av høyringsinstansane har peika på, at det er behov for hastekompetanse for påtalemakta. Lovforslaget § 32 er utforma i samsvar med dette.
For å kunne ferde ut nordiske arrestordrar bør det derimot ikkje stillast noko krav om at retten har treft avgjerd om pågriping, sjå lovforslaget § 33. Ein legg til grunn, slik riksadvokaten nemner, at nordiske etterlysingar allereie i dag ofte baserer seg på påtalemakta sine pågripingsavgjerder, og arrestordresystemet bør ikkje gjere prosessen meir krevjande enn den er. Det er dessutan eit moment her at nordiske overleveringar skal skje raskare enn dei nordisk-europeiske overleveringane.