5 Plikten til å sette i verk ein arrestordre. Krav til straffetrusselen eller ilagt straff. Aksessorisk overlevering
Som allereie nemnt ovanfor inneber parallellavtalen at det ikkje lenger skal vere opp til norske styresmakter sitt skjønn å avgjere om nokon skal overleverast: Dersom ikkje nokon av dei avtalefesta avslagrunnane ligg føre, så skal overlevering skje. Plikta til å overlevere er innarbeidd i lovforslaget § 1 om loven sitt verkeområde.
Etter utleveringsloven § 3 nr. 1 kan utlevering til strafforfølging som utgangspunkt berre skje når handlinga etter norsk lov kan gi fengsel i meir enn eitt år. Ein arrestordre kan etter parallellavtalen artikkel 3 nr. 1 utferdast for handlingar som i utferdarlandet kan medføre fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon i tolv månader eller meir. Mens utleveringsloven viser til norske strafferammer, er det altså etter parallellavtalen strafferammene i utferdarlandet som avgjer om kravet er oppfylt. For utlevering til straffullbyrding er kravet både etter utleveringsloven og parallellavtalen at det er ilagt fridomsstraff eller tilsvarande på minst fire månader (men etter utleveringsloven må i tillegg kravet til strafferamme på meir enn eitt år vere oppfylt også i desse tilfella). Kravet til straffetrusselen eller ilagt straff slik dette går fram av høvesvis parallellavtalen og den nordiske konvensjonen, er innteke i lovforslaget § 6 (nordisk-europeiske arrestordrar) og § 17 (nordiske arrestordrar).
Gjeld utleveringskravet fleire straffbare forhold, er det etter utleveringsloven § 3 nr. 3 nok at kravet til strafferamme eller til ilagt straff er oppfylt for ei av handlingane, såframt dei andre handlingane kan straffast med tap av fridom både etter norsk rett og etter den framande staten sin lov. I tilfelle kor utleveringskravet omfattar fleire forhold, godtek ein altså utlevering til strafforfølging eller fullbyrding også for forhold som ikkje oppfyller strafferammekravet eller kravet til ilagt straff så lenge kravet er oppfylt for eitt av forholda. Dette blir kalla aksessorisk utlevering. Tanken er at mens utlevering for mindre alvorlege forhold åleine kan vere for inngripande, vil ikkje strafforfølging for eller fullbyrding av slike forhold vere problematisk som del av ei større sak som også omfattar meir alvorlege forhold.
Avtalen med EU inneheld ikkje noko føresegn om aksessorisk overlevering. I høyringsnotatet la departementet likevel opp til å opne for aksessorisk overlevering så framt kravet til straffetrusselen eller ilagt straff var oppfylt for eitt forhold.
Ingen av høyringsinstansane har uttalt seg om forslaget her.
Departementet foreslår at ein tillét aksessorisk overlevering så framt strafferammekravet eller kravet til lengda av idømd straff er oppfylt for eitt av forholda. Dette inneber ei viss lemping i forhold til utleveringsloven, som berre tillét aksessorisk utlevering dersom dei andre handlingane kan medføre fengselsstraff eller plassering i anstalt etter begge landa sin rett.