12 Gjennomføringa av andre avtaleføresegner
Artikkel 21 pålegg den iverksetjande staten ei plikt til anten å samtykkje til avhør eller til mellombels overføring av den ettersøkte i påvente av vedtak om iverksetjing av arrestordren. Artikkel 22 gir reglar om korleis eit eventuelt avhør skal gå føre seg.
Utleveringsloven § 25 heimlar mellombels overføring av ein person for at vedkomande skal kunne avhørast som vitne eller bli framstilt for konfrontasjon. Dette passar ikkje heilt for den situasjonen som artikkel 21 handlar om. Departementet foreslår derfor at artikkel 21 blir gjennomført i ei eiga føresegn om mellombels overføring, jf. lovendringsforslaget § 40. Ein legg opp til at påtalemakta får kompetanse til å treffe avgjerd om mellombels overføring.
Artikkel 22 krev inga særskilt gjennomføring.
Artikkel 27 om utsett overlevering eller overlevering på vilkår svarer til artikkel 20 i den nordiske konvensjonen. Sistnemnde er gjennomført i lov om nordisk arrestordre § 16. Lovendringsforslaget § 31 fører vidare lov om nordisk arrestordre § 16, men skal heretter også gjelde ved arrestordrar frå EU-statar.