3 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Departementet foreslår at forordning (EU) nr. 492/2011 blir gjennomført i norsk rett. Den tidlegare forordninga, (EØF) nr. 1612/68, er gjennomført i norsk rett gjennom EØS-arbeidstakerloven av 27. november 1992 nr. 112. Gjennomføring av forordning (EU) nr. 492/2011 krev lovendringar, og departementet foreslår at det skjer ved å vedta ei ny EØS-arbeidstakarlov og samtidig oppheve gjeldande lov.
Den nye forordninga oppdaterer og vidarefører tidlegare forordning med endringar da den tidlegare forordninga har vorte endra fleire gonger. Forordninga er revidert av omsyn til klarleik og sikrar lik behandling av arbeidstakarar som nytter høve til fri rørsle i EØS-området. Forordninga innfører ikkje materielle endringar. Endringane er i all hovudsak tekniske eller redaksjonelle.