4 EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen
4.1 EØS-avtalen
Prinsippa i EØS-avtalen artikkel 1 om fri personmobilitet omfattar retten til innreise, opphald og arbeid i eit anna medlemsland for borgarar av eit EØS-land og familiemedlemmene deira.
Den frie personmobiliteten knyter seg til fleire ”fridommar”, som fri rørsle av arbeidskraft og retten til å etablere seg i eit anna EØS-land.
Prinsippa i EØS-avtalen og reglar om dei fire fridommane må sjåast i samanheng med dei grunnleggjande formåla og prinsippa i avtalen. To sentrale grunnprinsipp er prinsippa om proporsjonalitet og ikkje-diskriminering. Proporsjonalitetsprinsippet krev eit rimeleg forhold mellom det målet ein ønskjer å nå og dei midla som blir tekne i bruk for å nå dette målet. Prinsippet viser i kor stor grad styresmaktene kan avgrense handlefridommen til kvar enkelt etter prinsippet om fri rørsle. Hovudpoenget er at restriksjonane ikkje kan gå lenger enn det som er nødvendig for å sikre offentlege interesser. Prinsippet er ulovfesta og liknar prinsippet om proporsjonalitet i norsk forvaltningsrett.
Ikkje-diskrimineringsprinsippet forbyr forskjellsbehandling av borgarar frå dei ulike EØS-landa på grunnlag av nasjonalitet. Ulovleg forskjellsbehandling kan gjelde både ulik behandling av like tilfelle eller lik behandling av ulike tilfelle. Både openlys og skjult forskjellsbehandling blir ramma av forbodet. Ein aksepterer likevel sakleg grunngitt forskjellsbehandling i ei viss utstrekning. Prinsippet kjem til uttrykk generelt i EØS-avtalen artikkel 4, men går enkelte gonger uttrykkeleg fram i dei spesielle forbodsføresegnene i EØS-avtalen om dei fire fridommane.
4.2 EFTA-konvensjonen
EFTA-konvensjonen som vart revidert i 1999, er også viktig for reglane om fri personmobilitet. Konvensjonen regulerer samarbeidet mellom Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits og inneheld reglar om at personar kan ferdast fritt i medlemslanda. EFTA-borgarar skal få same behandling av norske styresmakter som EØS-borgarar når det gjeld å ferdast fritt. Føresegnene gir og rett til å ta arbeid og etablere sjølvstendig næringsverksemd.