Prop. 152 L (2011–2012)

Lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

§ 1 EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles. Lova gjeld bare for dei statane som til ei kvar tid er tilslutta EØS-avtalen.

§ 2 Kongen kan ved forskrift gi nærmare reglar om gjennomføringa av føresegnene i lova.

§ 3 Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 4 Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid som lova trer i kraft, blir lov 27. november 1992 nr. 112 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalens vedlegg V punkt 2 (rådsforordning (EØF) nr. 1612/68) om fri bevegelighet for arbeidstakere mv innenfor EØS oppheva.