6 Forslag til lovreglar
6.1 Innleiing
Lovforslaget gjennomfører forordning (EU) nr. 492/2011 i norsk rett. EU-forordningar gjeld direkte i medlemsstatane. Som ved gjennomføringa av den tidligare forordninga, (EØF) nr. 1612/68, skal også den nye forordninga takast inn i norsk rett, ord for ord, likevel med nødvendig tilpassing slik at forordninga no også skal gjelde EØS-statar.
6.2 Sakleg virkeområde
Forordninga gjeld for arbeidstakarar som nyttar sin rett til fri rørsle i EØS-området og familiane deira. For å sikre fri rørsle innanfor EØS-området, må all forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet mellom arbeidstakarar frå medlemsstatane avskaffast når det gjeld sysselsetjing, lønn, og andre arbeidsvilkår. Det same gjeld retten til å flytte fritt innanfor EØS-området for å utøve lønna verksemd.
6.3 Nærmare om dei enkelte føresegnene i forordninga
Forordning (EU) nr. 492/2011 er ei oppdatering og konsolidering av tidlegare forordning (EØF) nr. 1612/68 om fri rørsle av arbeidskraft i medlemsstatane. Forordninga med tilpassing for å gjelde i EØS-statar sikrar lik behandling av arbeidstakarar som nytter høve til fri rørsle i EØS-området.
Kapittel I Sysselsetjing, likebehandling og familiane til arbeidstakarane
Forordninga vidarefører tidligare reglar om tilgang til sysselsetjing. Føresegnene slår mellom anna fast at alle statsborgarar i ein EØS-stat, utan omsyn til bustad, skal ha rett til å ta lønna arbeid på territoriet til ein annan EØS-stat. Dei skal ha den same prioriteten til ledige stillingar som statsborgarane i denne staten har. Lover, forskrifter eller administrativ praksis i ein EØS-stat skal ikkje nyttast når dei avgrensar eller set vilkår for statsborgarar i andre EØS-statar som ikkje gjeld for innanlandske statsborgarar, for tilbod og søknad om arbeid og tilgang til å ha arbeid.
Reglar som i tal eller prosent avgrensar sysselsetjinga av utanlandske statsborgarar i eit einskild føretak, ei einskild næring, ein einskild region eller på nasjonalt plan, skal ikkje nyttast på statsborgarar frå dei andre EØS-statane. Reglane sikrar at ein statsborgar i ein EØS-stat som søkjer arbeid på territoriet til ein annan EØS-stat, skal få den same hjelpa frå arbeidskontoret som innanlandske statsborgarar får.
Forordninga vidarefører tidligare reglar om lik behandling av arbeidstakarar. Reglane slår mellom anna fast at ingen arbeidstakar kan behandlast annleis på territoriet til ein annan medlemsstat enn innanlandske arbeidstakarar når det gjeld tilsetjings- og arbeidsvilkår, særleg med omsyn til lønn og oppseiing. Dei skal ha krav på lik behandling når det gjeld medlemsskap i fagforeiningar og når det gjeld bustad.
Forordninga vidarefører føresegnene som sikrar lik tilgang til allmennutdanning og lærling- og yrkesfagleg opplæring for borna til ein arbeidstakar, som arbeider eller har arbeidd på territoriet til ein annan EØS-stat. EØS-statane skal oppmuntre til tiltak som tek sikte på at desse borna skal kunne ta del i undervisninga best mogeleg.
Kapittel II Arbeidsformidling
Del 1 i kapittel II gir reglar om korleis EFTA-statane og EFTAs faste komitè skal samarbeide for å sikre fri rørsle for arbeidstakarar i EØS-området. Dei skal saman eller kvar for seg setje i gang granskingar om sysselsetjing og arbeidsløyse som dei finn naudsynte. Reglane slår fast at dei sentrale arbeidskontora i EFTA-statane skal ha eit nært samarbeid med kvarandre og med EFTAs faste komitè med sikte på felles tiltak som gjeld arbeidsformidling i EØS-området. Reglane vidarefører reglane i EØS-arbeidstakerloven.
Føresegnene skal sikre ein oversiktleg arbeidsmarknad. Arbeidstakarar som ønskjer å flytte, skal jamleg få informasjon om leve- og arbeidsvilkår. Kapitlet seier korleis arbeidskontora i ein annan EFTA-stat skal syte for at slike opplysningar får ei omfattande spreiing.
Som tidlegare skal EFTA-statane sende alle opplysningar om problem som kjem på i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar til EFTAs faste komitè og EFTAs overvåkingsorgan (ESA), saman med opplysningar om situasjonen og utviklinga når det gjeld sysselsetjinga.
Del 2 i kapittel II gir føresegner om formidlingsverksemd. Av fortalen går det fram at formidlingsverksemda, særleg gjennom utvikling av eit direkte samarbeid mellom både sentrale og regionale arbeidskontor og samordning av informasjonsutveksling, sikrar generelt at arbeidsmarknaden blir meir oversiktleg. Reglane vidarefører reglane i EØS-arbeidstakerloven.
Del 3 vidarefører føresegner om kontrolltiltak for å fremje jamvekta på arbeidsmarknaden. Kapittel 4 vidarefører reglane om Det europeiske samordningskontoret som er eit kontor innanfor Kommisjonen med oppgåve å fremje arbeidsformidling på unionsplan.
Kapittel III Organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar
Kapitlet er delt i to delar, del 1 omhandlar Det rådgjevande utvalet og del 2 Det faglege utvalet. Kapitlet gjeld interne prosedyrer i EU og vidarefører tidlegare reglar utan endringar.
Kapittel IV Sluttføresegner
Overgangsføresegnene i artikkel 38, 40, 41 og 45 i EØS-arbeidstakerloven går ut. Dei andre sluttføresegnene er uendra.
6.4 Vurderinga frå departementet
Departementet viser til framlegget. Som nemnt tidligare inneheld forordninga inga materielle endringar. Reglane i forordning (EØF) nr. 1612/68 er tidligare gjennomført i norsk rett i EØS-arbeidstakerloven frå 1992. Departementet foreslår at føresegnene i forordning (EU) nr. 492/2011 takast inn og gjennomførast i norsk rett ved ei ny lov, EØS-arbeidstakarlova. Tidlegare EØS-arbeidstakerloven frå 1992 opphevast.