1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justis- og beredskapsdepartementet ber i proposisjonen om samtykkje frå Stortinget til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing. CISG del II regulerer avtaleinngåing ved visse internasjonale lausøyrekjøp. Reguleringa vik på ein del punkt av frå dei generelle reglane om avtaleinngåing i avtaleloven kapittel 1.
Departementet gjer framlegg om å gjennomføre CISG del II i norsk rett ved ei blankettføresegn i kjøpsloven der det blir slått fast at konvensjonen skal gjelde som norsk lov. I samband med dette føreslår departementet at heile CISG blir gjennomført som norsk lov ved inkorporasjon. CISG er, med unnatak av del II, etter gjeldande rett gjennomført i norsk rett ved transformasjon. CISG er dermed omsett, omsystematisert og i nokon grad fortolka inn i ein konsolidert norsk lovtekst (kjøpsloven) som gjeld både for nasjonale og internasjonale kjøp. I kjøpsloven er det gitt somme unnatak og særføresegner for internasjonale kjøp, sjå særleg kjøpsloven kapittel XV. Dersom konvensjonen fullt ut blir gjennomført ved inkorporasjon, fell behovet for desse særreglane bort, og departementet føreslår at dei blir oppheva.
Lovforslaga i proposisjonen har ikkje noko å seie for nasjonale lausøyrekjøp eller kontraktar om lausøyrekjøp der begge partane har forretningsstad i dei nordiske landa. Dei nordiske landa reserverte seg då dei slutta seg til CISG, mot at konvensjonen skal gjelde for nordiske kjøp, og det er ikkje aktuelt å trekkje denne reservasjonen. Ei anna sak er at det kan vere naudsynt å klårgjere at denne reservasjonen òg skal gjelde for reglane i konvensjonen om avtaleinngåing. Lovforslaga har heller ikkje verknad for forbrukarkjøp, sal på auksjon, sal ved tvangsfullbyrding eller etter lovpåbod, kjøp av aksjar, verdipapir, omsetningspapir eller pengar eller kjøp av skip, fartøy, luftputefartøy, luftfartøy eller elektrisitet. Slike kjøp fell utanfor området konvensjonen gjeld for, jf. CISG artikkel 2.