4 Framlegget om å trekkje reservasjonen mot CISG del II
4.1 Bakgrunnen – nordisk utgreiing
Etter at det internasjonale handelskammeret (ICC) hadde reist spørsmål om ei ny vurdering av reservasjonane som dei nordiske landa hadde gjort mot CISG del II, gav den nordiske embetsmannskomiteen for lovgivingsspørsmål i 2008 professor Jan Kleineman som utgreiar og professor Tom Madell som sekretær i oppdrag å greie ut om det var grunn for Danmark, Finland, Sverige og Noreg til å revurdere og eventuelt trekkje reservasjonen mot konvensjonen del II. Det vart vidare oppnemnt ei referansegruppe, som bestod av professor Kai Krüger frå Noreg og representantar frå andre nordiske land, som utgreiarane ifølgje oppdraget skulle samrå seg med.
Utgreiinga ”Avtalsslutande vid internationella köp av varor” (TemaNord 2009:507) vart lagt fram i desember 2008. I utgreiinga blei skilnadene mellom dei fellesnordiske reglane og reglane om avtaleinngåing i konvensjonen analyserte. Vidare blei det gjort greie for dei ulike omsyna som, etter det utgreiarane meinte, tala for og imot å trekkje reservasjonen mot konvensjonen del II.
Kort oppsummert fann ikkje utgreiarane at det rettsleg eller faktisk er vesentlege skilnader mellom dei nordiske reglane om avtaleinngåing, som tek utgangspunkt i det såkalla lovnadsprinsippet, og reglane i konvensjonen, som tek utgangspunkt i det såkalla kontraktprinsippet. Utgreiarane viste i denne samanhengen til at begge utgangspunkta blir supplerte av andre prinsipp, og dessutan at dei blir modifiserte ved at det frå begge utgangspunkta gjeld fleire unnatak. Etter utgreiarane si oppfatning er det derfor ikkje først og fremst fordelar eller ulemper ved det eine utgangspunktet for avtaleinngåing framfor det andre som bør vere avgjerande for om ein bør trekkje reservasjonane mot del II i konvensjonen. Utgreiarane peikte likevel på at konvensjonen del II på visse punkt synest å stille opp noko meir objektive reglar, som dermed er enklare å praktisere, samanlikna med gjeldande nordiske reglar om avtaleinngåing.
Utgreiarane heldt vidare fram som eit argument for å trekkje reservasjonen at dette vil signalisere aksept av konvensjonen som eit føremålstenleg rettsleg instrument i internasjonale lausøyrekjøp. Utgreiarane viste til at konvensjonen har verka over fleire år og no synest å vere eit nokså allment akseptert instrument i internasjonal handel.
Vidare blei det peikt på at å gjennomføre konvensjonen del II i Danmark, Finland, Sverige og Noreg vil føre til at reglane for avtaleinngåing i internasjonale kjøp kjem i samsvar med reglane i fleirtalet av handelsstatar, og ein kan ha grunn til å tru at dette vil kunne verke til å fremje handelen. Etter ei samla vurdering av dei ulike omsyna som gjer seg gjeldande, blei konklusjonen i utgreiinga at Danmark, Finland, Sverige og Noreg burde trekkje reservasjonen mot konvensjonen del II. Referansegruppa, som mellom andre bestod av professor Kai Krüger, slutta seg til konklusjonen frå utgreiarane.
I samband med at spørsmålet om å trekkje reservasjonen skulle drøftast i nordisk samanheng, vart professor Kleinemanns utgreiing i april 2009 lagd fram for fleire instansar for å få moglege synspunkt. Departementet fekk tre innspel med merknader til spørsmålet om reservasjonen bør trekkjast. Av desse støtta Næringslivets Hovedorganisasjon konklusjonen i utgreiinga. NHO framheva at konvensjonen hadde vist seg å fungere godt, og at det var god grunn til å støtte ei harmonisering av internasjonal kjøpsrett. Barne- og likestillingsdepartementet gav uttrykk for at ein ikkje hadde innvendingar mot konklusjonen i utgreiinga. Nordisk Skibsrederforening tok ikkje uttrykkjeleg standpunkt til spørsmålet, men la til grunn at det frå eit praktisk perspektiv nok ikkje hadde særleg mykje å seie om reservasjonen skulle bli trekt eller ikkje. Vurderinga burde derfor etter det foreininga meinte, liggje på eit anna og meir overordna plan. Etter foreininga sitt syn hadde dei meir prinsipielle og rettssystematiske omsyna fått for lita vekt i utgreiinga, mellom anna det noko problematiske i å innføre reglar ved internasjonale kjøp som vik av frå det som gjennom avtaleloven gjeld for all anna avtaleinngåing i norsk rett.
I dei nordiske drøftingane vart det frå norsk side orientert om resultatet av dei nemnde sonderingane.
4.2 Framlegget i høyringsnotatet
På bakgrunn av den nordiske utgreiinga la departementet fram forslag om å trekkje reservasjonen mot CISG del II og gjennomføre reglane i norsk rett. I høyringsnotatet punkt 3.2 heiter det om framlegget:
«Departementet sluttar seg til synspunkta i utgreiinga om at det ikkje først og fremst er fordelar eller ulemper ved det eine utgangspunktet for avtaleinngåing framfor det andre som er avgjerande for om reservasjonen mot konvensjonen del II bør trekkjast. Sjølv om norsk avtalerett og reglane i CISG byggjer på ulike utgangspunkt, vil resultata i praksis liggje nærmare kvarandre enn utgangspunkta skulle tilseie. Det er ikkje grunn til å tru at ei gjennomføring av reglane i CISG del II i praksis vil innebere lite føremålstenlege endringar samanlikna med dagens situasjon for partane i internasjonale lausøyrekjøp. CISG del II syner seg som eit kompromiss mellom ulike rettssystem der også dei nordiske landa synest å ha fått delvis gjennomslag. Det må òg nemnast at CISG del II synest å ha fungert godt og berre i mindre grad å ha vore gjenstand for tvistar i statane som har gjennomført reglane.
I utgreiinga blir det sagt følgjande om dette (sidene 65–66):
”Under årens lopp har som sagts många röster höjts för att återkalla de skandinaviska ländernas reservationer mot att anta del II i CISG. Skälet har framför alt anförts vara att reservationen till viss del bygger på ett felaktigt grundantagande eftersom bestämmelserna i del II av CISG för det första inte alls är så främmande som motiven ger sken av och för det andra – vilket är mera väsentligt i sammanhanget – att de principer som följer av den internationella privaträttens lagvalsregler ofta leder till at nordiska importörer hur som helst blir underkastade de regler som följer av del II i CISG – alternativt andra länders nationella lagstiftning.
Det undantag från del II i CISG som de skandinaviska lagstiftarna valde att göra har altså inte uppnått de resultat som angavs som skäl för reservationen. Samtidigt visar praxis att de regler om avtalsslutande som följer av CISG är funktionella och att de lever upp till de behov som det moderna affärslivet uppställer.”
Eit argument mot å trekkje reservasjonen er etter departementet sitt syn at ei gjennomføring av CISG del II vil føre til eit tospora system i norsk avtalerett der reglane i avtalelova kapittel 1 gjeld for norske og nordiske kjøp, medan konvensjonen kapittel II gjeld for internasjonale kjøp. Det vil kunne by på nokre utfordringar for norske kontraktpartar at avtaleinngåingssituasjonen er regulert av ulike reglar avhengig av om ein har å gjere med motpartar med forretningsstad i Norden eller med motpartar med forretningsstad i ein konvensjonsstat utanfor Norden.
Norske partar i internasjonale avtalar om lausøyrekjøp må likevel også etter dagens ordning innrette seg etter eit fleirspora system for reglar om avtaleinngåing. Reglane i avtalelova kapittel 1 gjeld berre dersom det er norsk rett som etter lovvalsreglane skal nyttast. Reglane i CISG del II vil måtte nyttast dersom det er rettsreglane til ein annan konvensjonsstat som skal gjelde. Dette gjeld likevel ikkje dersom konvensjonsstaten har reservert seg mot å nytte CISG artikkel 1 nr. 1 bokstav b, slik mellom andre store handelsstatar som USA og Kina har gjort. I slike tilfelle vil dei internrettslege reglane om avtaleinngåing i til dømes USA og Kina måtte nyttast. Blir den nordiske reservasjonen mot CISG del II trekt, vil alle dei nemnde tilfella bli regulerte av konvensjonen del II. Lovvalsreglane vil i så fall få ei meir underordna rolle, fordi reglane i CISG del II vil måtte nyttast same om ein legg rettsreglane i den eine eller den andre konvensjonsstaten til grunn. Dette vil gjere tilhøva meir føreseielege for partane i internasjonale lausøyrekjøp.
Dersom reservasjonen mot CISG del II blir trekt, vil Noreg få reglar for avtaleinngåing i internasjonale kjøpsavtalar som svarar til dei reglane fleirtalet av handelsstatar opererer med i dag. Handels- og næringsomsyn dreg derfor i retning av at reservasjonen bør trekkjast. Departementet går ut frå at reservasjonen mot CISG del II neppe utgjer nokon handelsbarriere av særleg vekt i dag, men det er likevel grunn til å tru at ei samordning med avtaleinngåingsreglane i fleirtalet av handelsnasjonane i verda er ei forenkling som kan ha ein viss positiv effekt.
Eit anna omsyn er at ein ved å trekkje reservasjonen uttrykkjer ein vilje til å respektere CISG som ei føremålstenleg regulering i internasjonale kjøpsforhold, og at ein på den måten gir eit signal om støtte til arbeidet med harmonisering av rettsreglane for internasjonal handel. Det bør vere gode grunnar til at ein held oppe ein reservasjon mot ein konvensjon som har fått så brei tilslutning internasjonalt.
I både Danmark, Finland og Sverige har nasjonalforsamlingane nyleg gjort vedtak om å trekkje reservasjonen mot CISG del II og å gjennomføre konvensjonens reglar om avtaleinngåing i nasjonal rett. Omsynet til nordisk rettsharmoni, som på det rettsområdet vi her har med å gjere, tradisjonelt har stått sterkt, talar for at også Noreg no trekkjer reservasjonen og gjennomfører konvensjonens reglar om avtaleinngåing i norsk rett.»
4.3 Høyringsfråsegnene
Regjeringsadvokaten, UNCITRAL, Den Norske Advokatforening og Næringslivets Hovedorganisasjon støttar framlegget om å trekkje reservasjonen mot CISG del II og gjennomføre reglane i norsk rett. Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet uttalar at dei ikkje har innvendingar mot framlegget.
UNCITRAL peiker mellom anna på at Noreg, etter at Danmark, Finland og Sverige alle har trekt sine reservasjonar, står att som den einaste konvensjonsstaten med reservasjon mot konvensjonen del II, og at framlegget om å trekkje reservasjonen er egna til å fremje ei einsarta gjennomføring av konvensjonen og redusere rettslege transaksjonskostnader knytta til internasjonale lausøyrekjøp.
Den Norske Advokatforening uttalar:
«Advokatforeningen meiner det er på høg tid å trekkje den norske reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing - og støttar difor framlegget om dette. Advokatforeningen viser også til at reservasjonen - grunna dei interlegale reglane som i mange høve vil innebere at framand rett (og med det etter omstenda også CISG del II) gjeld - nok har mindre praktisk konsekvens enn det som kan ha vore lagt til grunn frå nordisk hald.»
4.4 Departementet si vurdering
Departementet går inn for å følgje opp framlegget i høyringsnotatet om å trekkje reservasjonen mot CISG del II og gjennomføre reglane i norsk rett. Departementet viser til omsyna som blei framheva til støtte for dette i høyringsnotatet, jf. punkt 4.2 ovanfor, og at framlegget har fått klår støtte i høyringa. Vidare har Danmark, Finland og Sverige no alle trekt sine reservasjonar. Noreg står dermed att som den einaste konvensjonsstaten med reservasjon mot konvensjonen del II.
Når det gjeld dei nærmare verknadene av framlegget, viser departementet til det som var sagt om dette i høyringsnotatet, sjå punkt 4.2 ovanfor, og omtala av dei viktigaste skilnadene mellom CISG del II og avtaleloven kapittel 1 under punkt 3.4. Departementet finn elles grunn til å presisere at det berre er tale om å trekkje reservasjonen i medhald av CISG artikkel 92, og ikkje dei nordiske landa sine reservasjonar etter artikkel 94 mot at konvensjonen skal gjelde for nordiske kjøp. Framlegget vil derfor ikkje ha noko å seie for kontraktar om lausøyrekjøp der begge partane har forretningsstad i dei nordiske landa.