3 Gjeldande rett – reservasjonen mot CISG del II
3.1 Kort om CISG
Noreg og dei andre nordiske landa har slutta seg til FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG). Totalt 79 land har til no slutta seg til konvensjonen, mellom dei USA, Kina og dei fleste landa i EU. Dei fleste internasjonale kjøpsavtalar må derfor reknast å vere regulerte av regelverket i CISG i den grad partane ikkje ved avtale har gjort unnatak frå føresegnene i konvensjonen. CISG består av fire hovuddelar. Del I av konvensjonen omhandlar verkeområdet for konvensjonen, prinsipp for tolkinga av konvensjonen og visse andre generelle spørsmål. Del II inneheld avtalerettslege reglar om inngåing av kontraktar om internasjonale lausøyrekjøp, medan del III inneheld kjøpsrettslege reglar for slike kontraktar, mellom anna reglar om misleghald. Del IV inneheld sluttføresegner og stiller mellom anna opp reglar om reservasjonsrett for medlemsstatane i konvensjonen.
Konvensjonsteksten på engelsk og fransk og i norsk omsetjing er tidlegare lagt fram for Stortinget som vedlegg til Ot.prp. nr. 80 (1986-1987) Om A Kjøpslov B Lov om samtykke til ratifikasjon av FN-konvensjonen om kontrakter for internasjonale løsørekjøp, vedtatt 11 april 1980.
3.2 Den nordiske reservasjonen mot CISG del II
Danmark, Finland, Sverige og Noreg slutta seg til CISG med reservasjon mot konvensjonen del II om avtaleinngåing (artiklane 14 til 24). Reservasjonen vart gjord i samsvar med heimelen for reservasjon i artikkel 92 nr. 1. Island slutta seg seinare til konvensjonen utan å gjere ein slik reservasjon, og heller ingen andre konvensjonsstatar har reservert seg mot CISG del II. Dei nordiska landa gjorde elles òg ein reservasjon etter konvensjonen artikkel 94 mot at konvensjonen skulle gjelde for nordiske kjøp, men denne reservasjonen er det ikkje aktuelt å trekkje.
Den nordiske reservasjonen mot CISG del II hadde bakgrunn i at reglane i konvensjonen om avtaleinngåing er påverka av avtaleretten i common law-landa, og vart rekna for å vere framandarta for nordisk avtalerett. CISG del II skil seg frå dei fellesnordiske avtalelovene særleg når det gjeld tilbakekall av tilbod. Dei nordiske avtalelovene byggjer på lovnadsprinsippet, medan CISG byggjer på eit kontraktprinsipp som i noko større grad enn nordisk avtalerett synest å akseptere at tilbod kan tilbakekallast.
Reservasjonen mot CISG del II førte til at denne delen av konvensjonen ikkje blei gjennomført i dansk, finsk, svensk og norsk rett. I utgangspunktet var det derfor dei fellesnordiske reglane om avtaleinngåing i desse landa som gjaldt også i internasjonale kjøpsforhold, men berre så langt kjøpsforholdet kom inn under rettsreglane i eit av desse landa. I dag er situasjonen endra ved at Danmark, Finland og Sverige i løpet av 2011 og 2012 trekte sine reservasjonar mot del II i konvensjonen. Noreg står dermed att som den einaste konvensjonsstaten som har reservert seg mot konvensjonen del II.
3.3 Nærmare om CISG del II og norsk rett
For norsk rett sin del inneber reservasjonen mot CISG del II at det er føresegnene i avtaleloven kapittel 1 som skal nyttast når spørsmål om inngåing av avtalar omfatta av konvensjonen kjem inn under norsk rett.
Av CISG artikkel 1 nr. 1 bokstav b følgjer at konvensjonen skal nyttast dersom allmenne lovvalsreglar leier til at rettsreglane til ein konvensjonsstat skal nyttast på kjøpsforholdet. Når rettsreglane til ein konvensjonsstat som har slutta seg til konvensjonen utan reservasjon for del II, skal nyttast, vil del II normalt måtte gjelde også for norske partar i internasjonale kjøpsforhold.
Kva for eit land ein skal nytte rettsreglane til, blir avgjort av internasjonalt privatrettslege reglar om lovval som er ein del av den einskilde statens interne rett. I norsk rett følgjer det av allmenne lovvalsreglar for internasjonale lausøyrekjøp at kjøpet, i fråvær av lovvalsavtale mellom partane, som hovudregel blir regulert av lova i det landet seljaren har bustad eller forretningsstad, jf. lov 3. april 1964 nr. 1 om mellomfolkeleg-privatrettslege reglar for lausøyrekjøp § 4. Lova gjeld òg for spørsmål knytta til sjølve inngåinga av kjøpsavtalen med unnatak av dei særlege spørsmåla omhandla i lova § 2, jf. Ot.prp. nr. 15 (1963-64) side 4.
Dette inneber i praksis at når lovvalsreglane peiker på norsk rett, til dømes i tilfelle der partane sjølve ikkje har gjort nokon lovvalsavtale og seljaren er ein norsk eksportør med forretningsstad i Noreg, vil dei norske reglane om avtaleinngåing i avtaleloven måtte nyttast på forholdet. I andre tilfelle vil lovvalsreglane leie til bruk av utanlandsk rett, til dømes der partane ikkje har gjort lovvalsavtale og ein utanlandsk seljar har gjort avtale med ein norsk importør. Dersom eit forhold på denne måten kjem inn under rettsreglane til ein konvensjonsstat, følgjer det av konvensjonens artikkel 1 nr. 1 bokstav b at konvensjonen skal nyttast. Det vil òg gjelde konvensjonen del II om avtaleinngåing. Dette gjeld likevel ikkje utan vidare overfor konvensjonsstatar som har teke atterhald om bruken av artikkel 1 nr. 1 bokstav b, jf. artikkel 95 som opnar for dette. Overfor slike statar kan lovvalsreglane føre til at det er den aktuelle statens eigne lovreglar som gjeld. Til dømes har både USA og Kina teke atterhald som nemnt, med den konsekvensen at det i så fall er reglane i høvesvis amerikansk delstatslovgiving og kinesisk rett om avtaleinngåing som må nyttast. Konsekvensen av den norske reservasjonen mot del II er altså i slike tilfelle at norske partar må rette seg etter intern rett i den aktuelle framande staten, til dømes USA og Kina, i staden for konvensjonen.
3.4 Kort om dei viktigaste skilnadene mellom CISG del II og avtaleloven kapittel 1
I den nordiske utgreiinga ”Avtalsslutande vid internationella köp av varor” er det gitt ei detaljert samanlikning av reglane i CISG del II med dei fellesnordiske reglane om avtaleinngåing, sjå særleg kapitla 3 og 4. Utgreiinga er nærmare omtala under punkt 4.1 nedanfor. I det følgjande blir det gitt ein kort presentasjon av nokre av dei viktigaste skilnadene mellom reglane i CISG del II og avtaleloven kapittel 1.
Den viktigaste prinsipielle skilnaden er at CISG byggjer på eit kontraktprinsipp, medan avtaleloven byggjer på lovnadsprinsippet. Etter kontraktprinsippet kan ein lovnad tilbakekallast så lenge han ikkje er akseptert. Etter lovnadsprinsippet vil derimot lovnaden i seg sjølv skape plikt for den som har gitt lovnaden. Etter dette prinsippet vil eit tilbod alltid binde givaren mellombels. Når tilbodet så blir akseptert, får medkontrahenten ein endeleg rett til det tilbodet gjeld, jf. nærmare om akseptfrist i avtaleloven §§ 2 og 3. Desse reglane må samanhaldast med avtaleloven § 7 om at eit tilbod kan tilbakekallast inntil det er kome til kunnskap.
Kontraktprinsippet i CISG kjem til uttrykk i artikkel 16 nr. 1, der det går fram at eit tilbod som utgangspunkt kan tilbakekallast av tilbydaren inntil tilbodsmottakaren har sendt ein aksept. Artikkel 16 nr. 2 innskrenkar dette utgangspunktet. I bokstav a er det fastsett at eit tilbod ikkje kan tilbakekallast dersom det er sagt at det er ugjenkalleleg, anten ved at det er sett ein bestemt akseptfrist, eller på annan måte. Er det fastsett ein akseptfrist for tilbodet, vil tilbodet såleis vere bindande for tilbydaren fram til utløpet av den fastsette fristen på same måte som etter norsk rett, jf. avtaleloven § 2. Vidare følgjer det av artikkel 16 nr. 2 bokstav b at eit tilbod ikkje kan tilbakekallast dersom det var rimeleg for mottakaren å rekne med at tilbodet var ugjenkalleleg og han har handla i tillit til det (innretta seg etter tilbodet). Særleg det sistnemnde unnataket gjer at reglane i CISG kjem nærmare lovnadsprinsippet i nordisk avtalerett enn utgangspunkta skulle tilseie.
Den praktiske verknaden av dei prinsipielt ulike utgangspunkta bør truleg ikkje overdrivast. Ved meir kompliserte avtalar om kjøp i næringsforhold er det vanleg at avtalen blir avslutta ved forhandlingar der partane blir samde om eit formkrav, til dømes at avtalen ikkje er bindande for partane før han er underteikna. I andre tilfelle forhandlar partane i dag ofte gjennom e-postkorrespondanse, og heller ikkje i slike tilfelle er det grunn til å tru at skilnaden har særleg mykje å seie i praksis.
Ein annan skilnad mellom CISG del II og avtaleloven kapittel 1 er at CISG i større grad byggjer på objektive kriterium. Dette gjeld mellom anna reguleringane av når eit tilbod får verknad eller blir bindande. Etter avtaleloven § 7 kan eit tilbod ikkje lenger tilbakekallast når det har kome til kunnskap for adressaten. For at eit tilbakekall av tilbodet skal få verknad, må tilbakekallet kome fram til tilbodsmottakaren før eller samtidig med at tilbodet kjem til kunnskap for han. Etter CISG artikkel 15 er det derimot tilstrekkeleg for at tilbodet skal få verknad, at det kjem fram til adressaten. Seinare kan tilbodet tilbakekallast dersom det ikkje er ugjenkalleleg etter reglane i CISG artikkel 16.
Også når det gjeld reglane som regulerer konsekvensen av at ein aksept ikkje dekkjer tilbodet, er fleire kriterium i avtaleloven subjektive, medan tilsvarande kriterium i CISG er objektive. Både CISG og avtaleloven tek utgangspunkt i at ein aksept som ikkje dekkjer tilbodet, blir rekna som eit avslag og gjeld som eit nytt tilbod, jf. avtaleloven § 6 første ledd og CISG artikkel 19 nr. 1. Men reglane skil seg i unnataka frå dette utgangspunktet. Etter avtaleloven § 6 andre ledd må tilbodsgivaren reklamere for å unngå å bli bunden av avtale med innhald som i den avvikande aksepten dersom akseptanten går ut frå at aksepten stemmer med tilbodet og tilbodsgivaren måtte forstå dette. Etter CISG artikkel 19 nr. 2 må tilbodsgivaren reklamere for å unngå å bli bunden av avtale med innhald etter aksepten dersom avviket i aksepten ikkje vesentleg endrar innhaldet av tilbodet. I artikkel 19 nr. 3 er det gjort ei ikkje fullstendig opprekning av endringar som utan vidare skal reknast som vesentlege i denne samanhengen.
Ein tilsvarande skilnad mellom CISG og avtaleloven finn ein i reguleringane av i kva slags tilfelle ein tilbodsgivar kan bli bunden av ein aksept trass i at aksepten kjem fram etter at akseptfristen har gått ut. Etter avtaleloven § 4 andre ledd må tilbodsgivaren reklamere for å unngå å bli bunden av ein aksept som kjem for seint, dersom akseptanten går ut frå at han er komen fram i rett tid og tilbodsgivaren må forstå dette. CISG artikkel 21 nr. 2 fastset at tilbodsgivaren må reklamere for å unngå å bli bunden av ein aksept som kjem for seint fram, dersom det går fram av aksepten at han er send under slike forhold at han ville ha kome fram i tide om framsendinga hadde gått normalt.