7 Merknader til dei einskilde paragrafane
7.1 Til endringane i kjøpsloven
Til § 5
Det blir føreslått å justere verkeområdet til kjøpsloven slik at internasjonale kjøp som fell inn under verkeområdet til CISG, aleine blir regulerte av kapittel XV, medan resten av lova skal nyttast for norske og nordiske kjøp. Endringane er ei konsekvens av framlegget om å gjennomføre heile CISG som norsk lov ved inkorporasjon, jf. dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 26 andre punktum
Det blir føreslått å oppheve særregelen for internasjonale kjøp. Departementet viser til dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 27 fjerde ledd andre punktum
Det blir føreslått å oppheve særregelen for internasjonale kjøp. Departementet viser til dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 40 andre ledd andre punktum
Det blir føreslått å oppheve særregelen for internasjonale kjøp. Departementet viser til dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 41 fjerde ledd
Tilvisinga til § 96 blir teken ut ettersom denne føresegna er føreslått oppheva, jf. merknaden til §§ 88 til 99 nedanfor. Endringa er ikkje meint å ha realitetsverknader.
Til § 54 fjerde ledd andre punktum
Det blir føreslått å oppheve særregelen for internasjonale kjøp. Departementet viser til dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 66 andre ledd andre punktum
Det blir føreslått å oppheve særregelen for internasjonale kjøp. Departementet viser til dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 70
Det blir føreslått å oppheve særregelen for internasjonale kjøp i tredje ledd og justere paragrafoverskrifta i samsvar med dette. Departementet viser til dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 85 tredje ledd tredje punktum
Det blir føreslått å oppheve særregelen for internasjonale kjøp. Departementet viser til dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
Til § 87
Det blir slått fast at CISG skal gjelde som norsk lov. Dette inneber at heile konvensjonen, slik Noreg har slutta seg til han, blir gjennomført i norsk rett ved inkorporasjon.
Med unnatak for konvensjonen del II medfører framlegget i prinsippet ikkje materielle endringar, men berre ei endring i valet av gjennomføringsmodell. Konvensjonen del I, III og IV er allereie gjennomført i norsk rett, men då slik at reglane er gjennomførte ved transformasjon. Reglane er dermed omsett, omsystematisert og i nokon grad fortolka inn i ein konsolidert norsk lovtekst (kjøpsloven) som skal gjelde både for nasjonale og internasjonale kjøp. Etter framlegget til inkorporasjon vil konvensjonsteksten i staden gjelde direkte som norsk lov og behovet for særreglar om internasjonale kjøp i kjøpsloven fell bort.
Med omsyn til konvensjonen del II om avtaleinngåing inneber framlegget derimot materielle endringar. Desse reglane har så langt ikkje vore gjennomførte i norsk rett, jf. reservasjonen mot CISG del II i medhald av artikkel 92. Etter gjeldande rett er det derfor avtaleloven kapittel 1 som gjeld dersom det er norsk rett som skal nyttast. Sjølv om det i utgangspunktet er CISG del II som må nyttast dersom det er rettsreglane til ein annan konvensjonsstat som skal gjelde, inneber reservasjonen vidare at dette likevel ikkje gjeld overfor konvensjonsstatar som har reservert seg mot å nytte CISG artikkel 1 nr. 1 bokstav b. Det er då i staden dei internrettslege reglane om avtaleinngåing i den aktuelle konvensjonsstaten som må nyttast. Framlegget om å trekkje reservasjonen mot CISG del II og gjennomføre desse konvensjonsreglane i norsk rett inneber at dei nemnde tilfella i staden vil bli regulerte av konvensjonen del II.
Framlegget fører ikkje med seg endringar i den nasjonale kjøps- eller avtaleretten. Det vil heller ikkje få noko å seie for kontraktar om lausøyrekjøp der begge partane har forretningsstad i dei nordiske landa (nordiske kjøp). Departementet viser elles til dei alminnelege merknadene punkt 4.4 og 5.5 samt omtala av dei viktigaste skilnadene mellom CISG del II og avtaleloven kapittel 1 under punkt 3.4.
Til §§ 88 til 99
Paragrafane er særreglar for internasjonale kjøp. Departementet føreslår at dei blir oppheva, jf. dei alminnelege merknadene punkt 5.5.
7.2 Til endringane i avtaleloven
Til ny § 9 a
Det blir slått fast at føresegnene om avtaleinngåing i avtaleloven §§ 1 til 9 ikkje gjeld for inngåing av kjøpsavtalar som er omfatta av kjøpsloven kapittel XV. I desse tilfella vil det vere reglane om avtaleinngåing i CISG del II som gjeld.