Prop. 182 S (2012–2013)

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 1

Til innhaldsliste

2 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Kommunane Hitra, Frøya og Snillfjord samt Sør-Trøndelag fylkeskommune har tatt initiativ til å utgreie eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbetring av fv 714 mellom Stokkhaugen i Orkdal kommune og Sunde i Snillfjord kommune. I 2009 vart det utarbeidd ein plan for samla utbygging som innebar gjennomføring av følgjande 10 delprosjekt:

  1. Ny veg Bergsbakken/Ulvstubakken

  2. Etablering av to bomstasjonar

  3. Valslagtunnelen med tilhøyrande veg

  4. Fenestunnelen med tilhøyrande veg

  5. Mjønes – Brattstiåsen – Nessavatnet med Brattstiåstunnelen

  6. Ny veg og tunnelar i Snilldal inkl. Fossantunnelen og Snilldalstunnelen

  7. Ny veg utanom Krokstadøra inkl. bru over Snilldalselva og Bergselva samt Åliatunnellen

  8. Kryssing av Åstfjorden med bru og tunnel Tjørna – Mjønesanet, og tunnel under Mjøneshatten

  9. Utbetring av eksisterande veg langs Snilldalselva

  10. Våvasstunnelen inkl. Våda ytre bru med tilhøyrande vegar

I tillegg vart ytterlegare seks prosjekt vurderte som aktuelle for gjennomføring dersom økonomien i utbygginga skulle bli betre enn venta.

Det blei lagt opp til å finansiere halvparten av utbyggingskostnadene med bompengar og halvparten med fylkeskommunale midlar. For lette køyretøy var det lagt til grunn same bompengetakst som for lette køyretøy med ein passasjer i Hitratunnelen, justert for prisstigning med konsumprisindeksen. Taksten for tunge køyretøy var sett til fem gonger taksten for lette køyretøy.

Fire av prosjekta er alt starta opp eller fullførte. Desse er:

  • 1. Ny veg Bergsbakken/Ulvstubakken

  • 3. Valslagtunnelen med tilhøyrande veg

  • 4. Fenestunnelen med tilhøyrande veg

  • 5. Mjønes – Brattstiåsen – Nessavatnet med Brattstiåstunnelen.

Tabell 2.1 Start- og ferdigstillingstidspunkt for prosjekter i trinn 1

Prosjekt

Oppstart/ Planlagt oppstart

Ferdigstilling/ Planlagt ferdigstilling

1) Ny veg Bergsbakken/Ulvstubakken

2010

2011

4) Fenestunnelen med tilhøyrande veg

2012

2013

5) Mjønes – Brattstiåsen – Nessavatnet med Brattstiåstunnelen

2011/2012

2013

6) Ny veg og tunnelar i Snilldal inkl. Fossantunnelen og Snilldalstunnelen

2015

2017

7) Ny veg utanom Krokstadøra inkl. bru over Snilldalselva og Bergselva samt Åliatunnellen

2015

2017

Valslagtunnelen med tilhøyrande veg blir bygd ut med statleg tilskott frå post 62 Tilskot til rassikring på fylkesvegnettet og er tatt ut av bompengeprosjektet. Dei tre andre prosjekta blir finansierte med fylkeskommunale midlar. Prosjektet Ny veg Bergsbakken/Ulvstubakken blei opna for trafikk hausten 2011, medan dei to andre prosjekta er under bygging og skal etter planen opnast for trafikk i løpet av 2013.

Vidare utbygging er avhengig av at det blir tilslutning til delvis bompengefinanisering og av framdrifta i planarbeidet. Dei attståande prosjekta er av ulik storleik og på ulikt stadium i planarbeidet. For å halde oppe framdrifta er det lagt opp til å behandle den vidare utbygginga i to trinn. I denne proposisjonen blir det fremma forslag om finansiering av prosjekta 1-7. I tillegg til dei alt omtalte prosjekta inngår dermed:

  • 6. Ny veg og tunnelar i Snilldal inkl. Fossantunnelen og Snilldalstunnelen

    Her er det lagt opp til å bygge to tunnellar og ei bru for å erstatte dagens veg, som har fleire skarpe svingar og bakkar og er utsett for ras. Prosjektet er venta å gi ei innkorting på om lag 2 km.

  • 7. Ny veg utanom Krokstadøra inkl. bru over Snilldalselva og Bergselva samt Åliatunnelen

    Her er det lagt opp til å bygge ny veg utanom Krokstadøra som er kommunesenteret i Snillfjord. Dagens veg har fartsgrenser på 50 og 60 km/t og manglar gang- og sykkelveg. Etter utbygginga vil dagens veg gjennom Krokstadøra bli lokalveg. Snillfjord kommune ønskjer at det blir lagt til rette for eit serviceområde inntil ny fv 714.

Samla kostnadsoverslag for prosjekta 1-7, ekskl. prosjekt 3 Valslagtunnelen, er rekna til omlag 680 mill. 2013-kr, ekskl. auka meirverdiavgift som følgje av oppheving av vegfritaket frå 1. januar 2013. Det blir framleis arbeidd med reguleringsplanar for prosjekta 6 og 7. Det er derfor knytt uvisse til overslaget.

Finansieringa av prosjekta 8-10 vil bli lagt fram i trinn 2. Det inneber at kryssinga av Åstfjorden, som er det største og mest kostnadskrevjande prosjektet i heile utbygginga, blir behandla i trinn 2. Arbeidet med reguleringsplan for dette prosjektet er i startfasen. Ved å utsette prosjektet vil plangrunnlaget bli betre og kostnadsoverslaget sikrare. I tillegg vil erfaringar frå bompengeinnkrevjinga knytt til trinn 1 føre til betre prognosar både for trafikk og inntekter. Dette vil gi eit betre grunnlag for å ta stilling til korleis finansieringa av dei attståande prosjekta skal handterast.

Alle prosjekta er vist på kartskissa i fig. 2.1.

Figur 2.1 Lokalt prioriterte prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde

Figur 2.1 Lokalt prioriterte prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde