4 Trafikkgrunnlag
Trafikktala er baserte på registrert trafikk gjennom Hitratunnelen og regional transportmodell. Bakgrunnen for dette er at Hitratunnelen ligg på fv 714, tett opp til den planlagde utbygginga. I tillegg er det lagt til grunn at lette køyretøy skal betale om lag same takst som lette køyretøy med ein passasjer gjorde i bomstasjonen ved Hitratunnelen.
Bompengeinnkrevjinga ved Hitratunnellen blei avslutta i februar 2010. Dei siste 10 åra med innkrevjing var det ein årleg vekst i trafikken på i gjennomsnitt 4,6 pst. Då innkrevjinga blei avslutta, auka trafikken med 10 pst. i 2010 og deretter med 5 pst. i 2011 og 2012. Teljinga i 2012 viste ein ÅDT på 1 278 køyretøy, mot 1 055 køyretøy i 2009, som var det siste heile året med innkrevjing. Tungtrafikken utgjorde om lag 11 pst. Trafikkauken som følgje av at innkrevjinga blei avvikla, indikerer at trafikken på fv 714 blir relativt lite påverka av nivået på bompengetakstane.
Regional transportmodell (RTM) er brukt for å få overslag for trafikken på fv 714 gjennom Snillfjord kommune. Basert på dette er det lagt til grunn følgjande ÅDT i dei to bomstasjonssnitta:
– Fv 714 Valslag: | 1 000 køyretøy |
– Fv 714 Våvatnet: | 1 200 køyretøy |
Trafikktala har 2013 som referanseår. Dette inneber at det blir lagt til grunn noko lågare trafikk enn det teljinga i Hitratunnelen i 2012 viste. For trafikkutviklinga framover er fylkesprognosane som er utarbeidde for Sør-Trøndelag i samband med Nasjonal transportplan 2014-2023 lagt til grunn. Dette inneber at det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1,1 pst. i perioden 2014-2019, 0,8 pst. i perioden 2020-2029 og 0,9 pst. i perioden 2030-2040.