1 Innleiing og samandrag
1.1 Generelt
Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med framlegg til ny fullmakt for statleg opplåning i 2012. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 2012.
1.2 Særskilt om statslån
Statens alminnelege lånebehov følgjer av forslaget til statsbudsjett for 2012. Regjeringa legg i dag fram forslag om å etablere ei statleg ordning for eksportfinansiering, jf. Prop. 34 S (2011-2012) Eksportfinansiering. Dette forslaget vil føre til at statens lånebehov aukar med 30 mrd. kroner i høve til framlegget i statsbudsjettet for 2012. Ein har lagt dette til grunn i denne proposisjonen.
Det blir lagt opp til at finansieringsbehovet i 2012 i hovudsak blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til marknaden for statspapir legg ein normalt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som kan avvike frå finansieringsbehovet i det enkelte året. For 2012 fremjar ein forslag om fullmakt på 70 mrd. kroner for opptak av nye langsiktige lån.
Den kortsiktige opplåninga skal sikre at staten har tilstrekkeleg likviditetsreserve slik at ein kan dekkje daglege betalingar. Uteståande i statskassevekslar varierer normalt gjennom året. Som følgje av byteordninga har uteståande i statskassevekslar auka kraftig, jf. kap. 1.3. Ein ber difor om romslege fullmakter for uteståande kortsiktige lån i 2012 og fremjar forslag om ei ramme på 250 mrd. kroner.
For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt der det ikkje blir sett ei særskild beløpsgrense. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareførd. For nærare omtale viser ein til kapittel 2.3. Forslaga er samanfatta i tabell 2.2.
1.3 Byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF)
Stortinget gav hausten 2008 Finansdepartementet fullmakt til å sette i verk ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett, jf. St.prp. nr. 5 (2008-2009). Føremålet med ordninga var å betre likviditeten og tilgangen på finansiering for bankane, slik at bankane kunne oppretthalde normal utlånsverksemd til hushaldningar og føretak. Bankar som har høve til å ta opp F-lån i Noregs Bank, og kredittføretak med løyve til å utstede OMF og som er eigde av slike bankar, fekk høve til å inngå byteavtalar med staten.
Ordninga inneber at staten låner ut statskassevekslar til deltakarane i byteordninga i ein periode på inntil fem år. Som trygd for utlånet mottek staten obligasjonar med fortrinnsrett. Størsteparten av OMF har vore bustadlånsobligasjonar. Verdien av trygda har til ei kvar tid vore høgare enn verdien av dei utlånte statspapira. Verdien av OMF blir fastsett etter dei same prinsippa som ein nyttar for papir som er pantsette til fordel for Noregs Bank, og blir avkorta i hovudsak etter dei same reglane som gjeld for bankar sine lån i Noregs Bank. Tilleggstrygda er blant anna avhengig av kva kredittvurdering ein OMF har. Dersom kredittvurderinga blir endra i løpet av avtaleperioden, kan avkortingsmassen endrast.
Deltakarane kan enten behalde statskassevekselen og motta utbetaling frå staten når vekselen forfell, eller selje den i marknaden. Statskassevekslane har ei løpetid på seks månader. Når vekselen forfell i løpet av avtaleperioden, må deltakarane kjøpe nye vekslar av staten til ein pris som er bestemt av marknadskursen for statskassevekslane. Ved utløpet av byteavtalen er deltakarane forplikta til å kjøpe OMF tilbake frå staten til same pris som staten kjøpte dei til.
Bankane må dei næraste åra refinansiere store forfall av OMF som er nytta i byteordninga. Store og samtidige forfall av lån gjer bankane sårbare for utviklinga i marknaden rundt forfallstidspunktet.
For å kunne gje høve til ei meir gradvis avvikling av byteordninga, tilbyr Finansdepartementet deltakarane i byteordninga førtidig innfriing av avtalane mot eit særskilt vederlag. Det første tilbodet blei sett fram i samband med rulleringa i mars 2011, deretter i juni og september 2011. I desse transaksjonane blei det særskilte vederlaget fastsett som noverdien av statens forventa netto kontantstraum for den gjenståande delen av avtalen (tilsvarande 0,4 prosent per år av pålydande beløp). Bankane og kredittføretaka må kjøpe tilbake OMF til same pris som staten betalte. I dei tre transaksjonane som er gjennomførde hittil i 2011 er det samla blitt innløyst obligasjonar for 37,6 mrd. kroner. Attverande volum i bytteordninga per oktober 2011 er om lag 170 mrd. kroner.
Det høge uteståande volumet av statskassevekslar har auka faren for at det ikkje er dekning for bruttobeløpet på statens foliokonto i Noregs Bank når oppgjeret vert gjennomførd, jf. omtale i Prop. 1 S Tillegg 4 (2010-2011). Ei løysing på dette er at Noregs Bank forskotterer det naudsynte beløpet ved å la staten overtrekke foliokontoen sin i Noregs Bank i den tida det tar å gjennomføre oppgjeret. For å klargjere at ei slik ordning ikkje er i strid med forbodet etter § 18 i sentralbanklova mot at Noregs Bank yter kreditt direkte til staten har Stortinget vedtatt ei endring av § 18 i sentralbanklova som opnar for at Noregs Bank kan yte slik kreditt, jf. Prop. 6 L (2010-2011) og Innst. 120 L (2010-2011).