2 Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter
2.1 Statens lånebehov
I tråd med vanleg praksis blir det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet foreslått dekt ved ei overføring frå Statens pensjonsfond utland. Avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane o.a. vert dekte ved nye låneopptak og/eller ved trekk på statens kontantbehaldning. Dette inneber at staten låner samstundes som den sparer i Statens pensjonsfond utland. Dette gjer ein for å fremje ei stabil utvikling i norsk økonomi. Ei gradvis innfasing av statens oljeinntekter i økonomien i tråd med handlingsregelen for budsjettpolitikken legg til rette for stabile forventningar i valutamarknaden. Å nytte kapitalen som er plassert i utlandet til å dekkje det innanlandske finansieringsbehovet, vil svekke denne stabiliteten. Ei slik finansiering av staten kan føre til at krona styrkjer seg og til at konkurranseevna til industrien svekkar seg.
Staten har ut frå forslaget i Prop. 1 S (2011-2012) eit brutto finansieringsoverskot på 57,9 mrd. kroner mrd. kroner i 2012, jf. tabell 2.1. I denne berekninga er det lagt til grunn at fondet for forsking og nyskaping ikkje blir vidareførd i 2012. Kapitalen i fondet på 80 mrd. kroner blir difor teknisk førd som tilbakebetaling til statskassa. Fondet er eit kontolån til staten i Noregs Bank, og tilbakebetalinga vil ikkje frigjere midlar til andre føremål. Korrigert for tilbakeføringa av fondskapitalen og medrekna følgjene av forslaget om etablering av stateleg ordning for eksportfinansiering, utgjer finansieringsbehovet 52,1 mrd. kroner; som må dekkjast ved låneopptak i marknaden.
Tabell 2.1 Statens finansieringsbehov i 2011 og 20121. Mrd. Kroner
2011 | 2012 | |
---|---|---|
A Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet | -106,1 | -120,2 |
B Overført frå Statens pensjonsfond utland | 106,1 | 120,2 |
C Overskot før lånetransaksjonar (A+B) | 0,0 | 0,0 |
D Utlån til statsbankane, aksjeteikning o.l., netto | 17,4 | -27,9 |
E Statens netto finansieringsbehov (D-C) | 17,4 | -27,9 |
F Gjeldsavdrag 2 | 46,2 | 0,0 |
G Statens brutto finansieringsbehov (E+F) | 63,5 | -27,9 |
1 Prop. 1 S (2011-2012) og Prop. 34 S (2011-2012).
2 Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån.
Kjelde: Finansdepartementet.
2.2 Statens kontantbehaldning
Staten må ha ein viss likviditetsreserve slik at ein alltid kan dekkje daglege betalingar. Den kortsiktige opplåninga i marknaden er tilpassa slik at staten til ei kvar tid skal ha tilstrekkelige midlar til å møte betalingsskyldnadene sine. Det har dei siste åra vore store svingingar i statens inn- og utbetalingar, og det er difor ønskjeleg med noko større kontantbehaldning enn ein tidlegare har lagt til grunn. Ein tar no sikte på at kontantbehaldninga ikkje skal falle under 50 mrd. kroner. Så langt i år har kontantbehaldninga halde seg mellom 105 og 229 mrd. kroner, jf figur 2.1. Som i tidlegare år ventar ein også i 2011 at kontantbehaldninga vil vere minst i november, og då liggje på på rundt 50 mrd. kroner.
2.3 Behovet for lånefullmakter
Når ein vurderer statens lånebehov i marknaden, tek ein normalt utgangspunkt i statens finansieringsbehov, jf. tabell 2.1. Vidare tek ein omsyn til verknaden av statens transaksjonar på likviditeten i pengemarknaden. Pengemarknaden blir tilført likviditet når staten betaler avdrag på gjelda eller aukar netto utlån til statsbankane. Ved opptak av statslån inndrar ein likviditet frå marknaden. Utgangspunktet er at desse transaksjonane til staten skal verke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden.
Samla overskot på statsbudsjettet og Statens pensjonsfond utland vil isolert sett redusere likviditeten i pengemarknaden. Likviditeten vert i sin tur tilført marknaden gjennom kjøp av valuta (og sal av kroner) for Statens pensjonsfond utland. Til saman er verknaden på likviditeten i marknaden såleis lik null.
Nokre postar på statsbudsjettet påverkar ikkje likviditeten i pengemarknaden direkte, sjølv om dei påverkar balansen på statsbudsjettet og storleiken på statens kontantbehaldning. Dette gjeld mellom anna renter og overføringar frå Noregs Bank. I eit likviditetsnøytralt låneopplegg må ein korrigere for slike postar. Ein må også korrigere for enkelte lånetransaksjonar som inngår i finansieringsbehovet, men som ikkje har likviditetseffekt, mellom anna tilbakeføringa av kapitalen i fondet for forsking og nyskaping. For 2011 er det samla sett berekna at desse postane vil auke behovet for likviditetsinndraging med om lag 80 mrd. kroner netto.
Tabell 2.2 gjev ei samla oversikt over gjeldande lånefullmakter for 2011, saman med forslag til nye fullmakter for 2012. I tillegg ber departementet om at fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar vert vidareførd.
Tabell 2.2 Fullmakt til opptak av statslån i 2012. mill. kroner
Fullmakt for 2011 | Utnytta pr. 30.09.11 | Forslag til ny fullmakt for 2012 | |
---|---|---|---|
Nye langsiktige lån | 50 000 | 14 000 | 70 000 |
Kortsiktige marknadslån | 300 000 | 222 680 | 250 000 |
Andre kortsiktige lån | uavgrensa | 182 322 | uavgrensa |
2.3.1 Fullmakt til å ta opp langsiktige lån i 2012
Statens lånebehov blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands. Ein legg normalt opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån slik at store svingingar i finansieringsbehovet frå eitt år til eit anna ikkje fullt ut påverkar opplåningstakta. For 2012 er det aktuelt å ta opp meir langsiktige lån enn det som direkte følgjer av finansieringsbehovet.
Forslaget om å etablere ei statleg ordning for eksportfinansiering, jf. Prop. 34 S (2011-2012) Eksportfinansiering, inneber at staten skal gje tilsagn om CIRR-kvalifiserte lån frå statskassen i 2011 og 2012. Dette vil auke statens lånebehov i 2012. Kor mykje som vil bli nytta fram til utgangen av 2012 er usikkert, men i utarbeidinga av fullmakta har ein lagt til grunn at eksportfinansieringsordninga vil bli nytta fullt ut.
På denne bakgrunn ber ein om at fullmakta for 2012 til å ta opp nye langsiktige lån innanlands blir sett til 70 mrd. kroner.
2.3.2 Fullmakt til å ta opp kortsiktige marknadslån i 2012
Fullmakta under kortsiktige marknadslån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp. Som følgje av ordninga med byte av statspapir mot OMF har det vore ei kraftig auke i uteståande statskassevekslar. Ved inngangen av 2012 vil uteståande volum i byteordninga vere om lag 153 mrd. kroner. Statskassevekslane som blir nytta i byteordninga, er omfatta av fullmakta for korte marknadslån. Ein ber derfor om at fullmakta til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir sett til 250 mrd. kroner i 2012.
2.3.3 Fullmakt til å ta opp andre kortsiktige lån i 2012
Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særskilte høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Fullmakta omfattar og eventuelle plasseringar gjevne som trygd frå motpartar i rentebytteavtalar. Størstedelen av andre kortsiktige lån er innskot frå operatørbanken for skattebetalingsordninga.
Låna under denne fullmakta er skyldnader av ein slik karakter at ein ikkje bør fastsetje ei særskilt beløpsgrense. Ein foreslår at Finansdepartementet for 2012 får fullmakt til å ta imot slike plasseringar som kontolån utan at det vert sett ei særskild beløpsgrense. Ein unngår då at staten må avvise innskot under tilvising til at fullmakta ikkje er stor nok.