1 Innleiing og samandrag
1.1 Generelt
Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med forslag til ny fullmakt for statleg opplåning i 2010. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 2010.
1.2 Særskilt om statslån
Finansdepartementet har ansvaret for forvaltninga av statens gjeld og kontantbehaldning. Det er inngått avtalar med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet og om konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs Bank mellom anna gi råd om opplåninga til staten, ta seg av den operative forvaltninga av innanlandske låneopptak og pleie andrehandsmarknaden for statspapir.
Statens alminnelege lånebehov følgjer av forslaget til statsbudsjett for 2010. Det blir lagt opp til at finansieringsbehovet i 2010 i hovudsak blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til marknaden for statspapir legg ein normalt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga skal sikre at staten har tilstrekkeleg likviditetsreserve slik at ein skal kunne dekke daglige betalingar.
I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn finansieringsbehovet i 2010. Fullmakta for opptak av nye langsiktige lån blir foreslått sett til 50 mrd. kroner. Lån som inngår i staten si eigenbehaldning av statspapir for marknadspleieformål er omfatta av desse fullmaktene.
Uteståande i statskassevekslar varierer normalt gjennom året, og ein ber derfor om romslege rammer. I tillegg ber ein om at fullmakta blir justert i samsvar med uteståande volum i byteordninga, jf. kap 1.3. Ein ber om romslege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån i 2010, og foreslår derfor ei ramme på 350 mrd. kroner.
For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt der det ikkje blir sett ei særskild beløpsgrense. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareførd. For nærare omtale viser ein til kapittel 2.2. Forslaga er samanfatta i tabell 2.2.
1.3 Byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF)
Stortinget gav hausten 2008 Finansdepartementet fullmakt til å byte statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett jf. St.prp. nr. 5 (2008-2009). Noregs Bank administrerer ordninga på vegne av Finansdepartementet. Bankar som har tilgang til å ta opp F-lån i Noregs Bank og kredittføretak med løyve til å utstede OMF, og som er eigd av slike bankar, kan inngå byteavtalar med staten.
Staten sel statskassevekslar til deltakarane i byteordninga frå si eiga behaldning av slike papir gjennom eit tidsbegrensa byte mot OMF. Staten byter på denne måten ut trygd i statspapir mot trygd i OMF. Bytehandelen kan ha ei løpetid på inntil fem år, og deltakarane i byteordninga kan enten behalde statskassevekselen og motta utbetaling frå staten når vekselen forfell, eller selje den i marknaden. Når vekselen forfell innanfor byteavtalenes løpetid, må deltakarane kjøpe nye vekslar av staten til ein pris bestemt av marknadskursen på statskassevekslane. Denne rulleringa pågår gjennom heile avtaleperioden. Statskassevekslane som blir nytta i ordninga er omfatta av fullmaktsramma for kortsiktige marknadslån gjennom heile avtaleperioden. Ved utløpet av byteavtalen er deltakarane forplikta til å kjøpe OMF tilbake frå staten til same pris som staten kjøpte dei til.
Bytehandlane blir gjennomført som auksjonar der bankane gjev til kjenne kva pris dei er villige å betale for bytet. Den sikringa som statspapira gjev blir såleis marknadsmessig prisa. Det er sett ein minstepris for å vere med i ordninga. Denne er bestemt av pengemarknadsrenta dei fem siste handledagane, pluss eit bestemt påslag. Påslaget har auka frå eit negativt påslag på 0,2 prosentpoeng til eit positivt påslag på 0,7 prosentpoeng i auksjonen 19. oktober 2009.
Bankanes behov for byteordninga har avtatt som følgje av den gradvise normaliseringa av penge- og kredittmarknadene, jf. kap 3. Byteordninga er meint å vere mellombels og no som marknadsforholda er i ferd med å normalisere seg, er det naturleg å avvikle ordninga. Ein tar i utgangspunktet sikte på å fase ut ordninga i løpet av fjerde kvartal 2009. Denne utfasinga skjer blant anna ved å auke minsteprisen. Det er ikkje planlagt auksjonar i 2010.