5 Utviklinga i statsgjelda
Ved utgangen av 2008 var staten si bruttogjeld nær 350 mrd. kroner. I tillegg utgjorde kontolån frå ordinære fond 103 mrd. kroner. Til samanlikning var statens fordringar på same tid om lag 3 257 mrd. kroner. Statens pensjonsfond – Utland inngår i dette talet. Statskassens netto fordringar utgjorde om lag 2 747 mrd. kroner, jf. St.meld. nr. 3 (2008-2009) Statsrekneskapen for 2008.
Tabell 5.1 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner
31.12.07 | 31.12.08 | 30.09.09 | |
---|---|---|---|
Langsiktige lån1 | 185 307 | 213 007 | 190 056 |
Kortsiktige marknadspapir 23 | 45 000 | 94 987 | 288 356 |
Andre kortsiktige lån | 35 041 | 41 979 | 173 996 |
Statsgjeld i alt 3 | 265 348 | 349 973 | 652 108 |
Memo: | |||
Kontantbehaldning | 148 494 | 147 360 | 156 979 |
1 Lån med lengre løpetid enn eitt år. Tilbakekjøpte, ikkje nedskrivne avdragsobligasjonar er trekte frå.
2 Lån med løpetid inntil eitt år.
3 Statskassevekslar som er nytta i byteordninga er medrekna frå 2008. Pr 30.09 utgjorde dette 225 mrd.
Kjelde: Finansdepartementet.
Byteordninga har medført ei vesentlig auke i uteståande statsgjeld det siste året, og ved utgangen av 3. kvartal 2009 var staten si bruttogjeld 652 mrd. kroner.