3 Sentrale utviklingstrekk i marknaden
Frå ein topp på 5,75 pst. hausten 2008 blei sentralbankens styringsrente etter kvart redusert til 1,25 pst, før den blei satt opp til 1,50 pst. i oktober i år. Også internasjonalt har styringsrentene blitt kraftig redusert, i Eurosona til 1 pst., i Storbritannia til 0,5 pst. og i USA til 0,25 pst. Styringsrentene i desse landa har i moderne tid ikkje vore lågare.
I takt med sentralbankanes rentekutt fall dei langsiktige rentene også, i USA helt ned mot 2 pst. Sidan starten på året har lange statsrenter stege igjen, årsaka er sannsynlegvis forventningar om at dei kortsiktige styringsrentene etter kvart skal normalisere seg og at mange land opplever press på dei langsiktige rentene på grunn av store statlege finansieringsbehov. Såleis har det i eurosona utvikla seg store skilnader i lånekostnadene mellom ulike statar.
Forholda i lånemarknadene har gradvis normalisert seg, men framleis ser ein store risikopåslag. Ein mykje brukt indikator på uro og usikkerhet i marknaden er skilnaden mellom pengemarknadsrenta og forventa styringsrente. Hausten 2008 var denne forskjellen særleg stor i Noreg og andre land. Skilnaden er no lågare, men fortsatt større enn det ein har vent seg til å se på som normalt. Ein annan indikator på usikkerhet eller manglande risikoappetitt er kredittpremiane som private låntakarar betaler over statsrenta eller andre marknadsindikatorar. Også desse har falle mykje gjennom året.