Forslag til vedtak om fullmakt til å ta opp statslån o.a.
I
Finansdepartementet gis fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån i 2010 til eit beløp av 50 000 mill. kroner.
II
Finansdepartementet gis fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån til eit beløp av 350 000 mill. kroner i 2010.
III
Finansdepartementet gis fullmakt i 2010 til å ta imot innskot i form av kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere likviditet som kontolån til staten.
IV
Finansdepartementet gis fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar i 2010