3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Kap. 1310 Flytransport
Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter
Nye kontraktar for drift av regionale flyruter tok til å gjelde 1. april 2012. Med dei nye kontraktane blir det samla kompensasjonskravet til kjøp av flyruter i 2012 lågare enn det som blei lagt til grunn i Prop. 1 S (2011-2012). Løyvinga blei derfor redusert med 30 mill. kr ved behandlinga av Prop. 111 S/Innst. 375 S i Stortinget. Dei samla kostnadene for 2012 var usikre. Prognosane viser no at løyvingsbehovet vil bli lågare enn tidlegare lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1310 Flytransport, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 15 mill. kr.
Kap. 4313 Luftfartstilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
Inntektene på posten skriv seg frå gebyr som næringa betaler for tilsynsoppgåver som Luftfartstilsynet utfører. Inntektene frå sertifisering av fly har blitt lågare enn rekna med. Vidare har det vore vanskeleg å fastsetje kva som er kostnadsriktige gebyr. På denne bakgrunn foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 4313 Luftfartstilsynet, post 01 Gebyrinntekter, med 10 mill. kr.
Kap. 5619 Renter av lån til Oslo Lufthavn AS
Post 80 Renter
Rentenivået har blitt lågare enn lagt til grunn ved budsjetteringa. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 5619 Renter av lån til Oslo lufthavn AS, post 80 Renter, med 3,5 mill. kr.