6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 23 Drift og vedlikehald
Natt til 14. mars 2012 var det eit stort ras ved Soknedal mellom Støren og Berkåk på Dovrebanen som gjorde at strekninga var stengd i nesten to månader. Heile fyllinga og delar av terrenget under jernbanesporet raste ut over ei lengd på 35 meter og 180 meter over dalbotnen. Arbeidet med å byggje opp att sporet har vore svært omfattande. For å dekkje meirkostnadene ved å byggje opp att infrastrukturen etter raset, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, med 50 mill. kr.
Post 31 Nytt dobbeltspor Oslo-Ski
Jernbaneverket har i 2012 gjennomført eit meir omfattande arbeid med detalj- og reguleringsplanlegginga av Oslo - Ski enn det var budsjettert med. Det har m.a. vore gjort grundige vurderingar av byggjekonsept for tunnelen kor begge alternativa med boring og sprenging har blitt fullt utgreidd. Vidare er det gjort meir omfattande vurderingar for optimalisering av tunnelen, signalanlegga, sporplan for Ski stasjon, og standardval for dimensjoneringa av tunnelen og dei tekniske installasjonane i tunnelen i høve til farten. Desse vurderingane gir eit godt grunnlag for framdrifta i den vidare planlegginga av prosjektet med sikte på mogeleg start i 2014. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 31 Nytt dobbeltspor Oslo-Ski, med 40 mill. kr.
Fullmakt til restverdisikring av togmateriell
I samband med behandlinga i Stortinget av Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011-2012) fekk Samferdselsdepartementet ei fullmakt for restverdisikring av eksisterande togmateriell og investeringar i nytt materiell som inngår i det statlege kjøpet av persontransporttenester frå NSB.
NSB AS har søkt Samferdselsdepartementet om restverdisikring for å investere i ytterlegare 16 nye togsett av type 75 (Flirt). 14 av desse togsetta skal erstatte gamle togsett, medan 2 togsett som blir finansierte gjennom Oslo-pakke 2 (påslag på togbilletten), skal auke setekapasiteten i rushtrafikken på Austlandet. Restverdisikringa inneber at staten garanterer for 75 pst. av den bokførte verdien på materiellet. Det inneber at NSB AS kan finansiere materiellet til gunstige lånevilkår og gir selskapet grunnlag for å utløyse ein opsjon på å utvide den pågåande produksjonen av 50 togsett hos Stadler. Utløysinga av opsjonen inneber at produksjonen og leveringa av togsetta kan gjennomførast kontinuerleg. Dette gir ei raskare levering av togsetta til ein lågare kostnad.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet at ramma i fullmakta om å gi NSB ytterlegare restverdigaranti på oppgraderingar og nyinvesteringar blir auka med 870 mill. kr i 2012 frå 3 225 mill. kr til 4 095 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak. Fullmakta for 2013 må endrast tilsvarande. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake med forslag om å endre fullmakta for 2013.