5 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak
Kap. 1330 Særskilde transporttiltak
Post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen-Kirkenes
Hausten 2008 inngjekk staten v/Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA ein tilleggsavtale til avtalen frå 2004 om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes vv. Tilleggsavtalen som galdt fram til utgangen av 2011, var nødvendig for å sikre kontinuitet i tenesta etter at selskapet var i økonomiske vanskar. Avtalen blei presentert for Stortinget i St.prp. nr. 24 (2008-2009). Avtalen hadde fleire element:
kompensasjon for NOx-avgift/innbetaling til NOx-fondet
generell kompensasjon på 66 mill. kr i året
uttak av eitt skip i vintersesongen, utan trekk i godtgjering.
I samsvar med tilrådinga i St.prp. nr. 24 (2008-2009) vedtok Stortinget å løyve 125 mill. kr for 2008, jf. Innst. S. nr. 92 (2008-2009). Det er seinare vedteke løyvingar og utbetalt 130,9 mill. kr under tilleggsavtalen. Samferdselsdepartementet viser elles til omtale av tilleggsavtalen i Prop. 1 S (2012-2013), side 124.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) sette i 2010 i verk gransking av om tilleggsavtalen var i strid med reglane for offentleg støtte. Etter at ESA sette i verk granskinga stansa departementet alle utbetalingane etter tilleggsavtalen. Sommaren 2011 gjorde ESA vedtak om at kompensasjon etter tilleggsavtalen er i strid med reglane om offentleg støtte etter EØS-avtalen i den grad dette fører til overkompensasjon i høve til det offentlege tenestekjøpet. Innhaldet i vedtaket var ikkje konkret, og det har vore omfattande dialog med ESA for å kome fram til kor stor del av kompensasjonen etter tilleggsavtalen som kan godkjennast som lovleg støtte.
Før departementet stansa utbetalingane, blei det betalt ut i alt 130,9 mill. kr til Hurtigruten ASA. ESA konkluderte i brev av 5. juli 2012 med at 91,6 mill. kr, ut over det beløpet som tidlegare er betalt ut, kan aksepterast som lovleg støtte etter tilleggsavtalen. Staten og Hurtigruten ASA har parallelt med prosessar med ESA, bringa saka inn for EFTA-domstolen, for å få kjent ugyldig vedtaket til ESA om at tilleggsavtalen er i strid med reglane om offentleg støtte. EFTA-domstolen avsa dom i saka 8. oktober 2012. Søksmåla frå Hurtigruten ASA og staten blei avviste. I samråd med Regjeringsadvokaten og ESA legg departementet etter dette i utgangspunktet til grunn at ytterlegare 91,6 mill. kr kan betalast ut etter tilleggsavtalen.
ESA har presisert at det må korrigerast for den rentefordelen Hurtigruten ASA har hatt ved at det blei utbetalt for mykje i NOx-kompensasjon til selskapet tidleg i perioden for tilleggsavtalen. ESA kom 8. november 2012 med framlegg til talfesting av rentefordelen. Departementet vil i samarbeid med ESA få fastsett det endelege rentebløpet. Det endelege rentebeløpet vil dermed kome til frådrag frå 91,6 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår etter dette å auke løyvinga på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen-Kirkenes, med 91,6 mill. kr. Departementet vil justere den endelege utbetalinga til Hurtigruten ASA for rentefordelen. Unytta løyving blir tilbakeført til statskassa.