4 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Ras og flaum
Det har blitt store skadar på riksvegnettet på grunn av ekstremver. Dette har ført til utglidingar og ras fleire stader. Det har òg vore nødvendig med fjellsikring. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kr til dette formålet, fordelt med 2 mill. kr til Buskerud, 2 mill. kr til Sør-Trøndelag og 6 mill. kr til Nord-Trøndelag.
Realistisk budsjettering av utgifter
På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320 Statens vegvesen, post 02 Diverse gebyr, blir det foreslått å auke løyvinga med 73,1 mill. kr, jf. omtalen under kap. 4320, post 02.
Oppsummering
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 83,1 mill. kr.
Post 25 (Ny) Betalingar for arbeid utført før 2010 på dei nye fylkesvegane
I budsjettet for 2010 blei det foreslått ei eingongsløyving på 500 mill. kr for å dekkje plikter som Statens vegvesen tok på seg i 2009 på det vegnettet som fylkeskommunane overtok frå 1. januar 2010, men som ikkje kom til utbetaling før i 2010. Det sto att nokre tvistesaker som ikkje blei sluttførte i 2010. Nokre av desse kom til utbetaling i 2011, jf. Prop. 32 S/Innst. 87 S (2011-2012). I 2012 utgjer utgiftene til avslutta tvistesaker 14,1 mill. kr. Departementet foreslår å løyve 14,1 mill. kr på kap. 1320 Statens vegvesen, ny post 25 Betalingar for arbeid utført før 2010 på dei nye fylkesvegane.
Post 29 Vederlag til OPS-prosjekt
Prognosar viser ein mindreutgift på posten i 2012. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 29 Vederlag til OPS-prosjekt, med 10 mill. kr og omdisponere dette beløpet til kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.
Post 30 Riksveginvesteringar
Kostnadene til trafikktryggleiksprosjektet E39 Skolandssvingen i Vest-Agder har auka. Prosjektet skal utbetre ei utsett ulykkesstrekning på om lag 1 km og inneber m.a. at sikten i fleire farlege svingar blir betra. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, med 10 mill. kr, jf. òg omtale under post 29 Vederlag til OPS-prosjekt.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 02 Diverse gebyr
Statens vegvesen har inntekter frå ulike gebyr som gebyr for førarkort, teoriprøve, dagprøvekjennemerke, påskilting, kontroll og myndigheitskontrollar. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.
Dei som hadde førarrett for lett lastebil (klasse C1), kunne i 2001 fornye denne førarretten. Førarkorta galdt for 10 år. Nye reglar gjer det mogleg å fornye førarkort òg i 2012. Det er rekna med at fleire enn normalt vil fornye førarkortet i 2012, men kor mange som faktisk vil gjere det, er uvisst. I tillegg er det venta noko høgare inntekt knytt til teoriprøver.
Gebyrinntektene for post 02 er utrekna til å utgjere 370 mill. kr i 2012. Dette inneber ein auke i inntektene på 73,1 mill. kr.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4320 Statens vegvesen, post 02 Diverse gebyr, med 73,1 mill. kr, jf. kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
E39 Eiganestunnelen i Rogaland – utbyggings- og finansieringsplan
Ved behandlinga av Prop. 28 S (2011-2012) blei det gjort vedtak om bompengeinnkrevjing i bomstasjonane som inngår i Nord-Jærenpakka i åra 2012-2016. Ved oppstart av nye prosjekt må det liggje føre finansieringsplanar som sikrar fullfinansiering innafor dei avklara økonomiske rammene til pakka. I Prop. 28 S (2011-2012) gikk det fram at Samferdselsdepartementet ville kome tilbake til Stortinget med ein plan for finansiering og utbygging av prosjektet E39 Eiganestunnelen når alle avklaringana var gjort.
Prosjektet er m.a. omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009), side 223, Prop. 28 S (2011-2012), side 6-7, Prop. 109 S (2011-2012), side 10 og Prop. 1 S (2012-2013), side 102. Prosjektet er føresett delfinansiert med bompengar frå Nord-Jærenpakka.
I Prop. 109 S (2011-2012) er styringsramma for prosjektet fastsett til 1 950 mill. 2010-kr og kostnadsramma til 2 030 mill. 2010-kr. Omrekna til 2012-prisnivå er styringsramma om lag 2 110 mill. kr og kostnadsramma om lag 2 200 mill. kr. Dette inneber ein auke samanlikna med det som er lagt til grunn i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Forslag til revidert finansieringsplan for prosjektet er derfor lagt fram for Rogaland fylkeskommune og styringsgruppa for transportplansamarbeidet på Jæren. Fylkestinget fatta 23. oktober 2012 dette vedtaket:
”Rogaland fylkeskommune viser til Stortingets sluttbehandling av St.prp. 29 S (2011-2012) om forlengelse av Nord-Jærenpakken og St.prp. 109 S (2011-2012) om utbygging og finansiering av Rv 13 Ryfast og fastsettelse av styrings- og kostnadsramme for E39 Eiganestunnelen og slutter seg til det framlagte forslaget til finansieringsplan for E39 Eiganestunnelen:
Periode | Før 2014 | 2014-2017 | 2018-2023 | Totalt |
---|---|---|---|---|
Statlige midler | 30 | 770 | 100 | 900 |
Bompenger | 270 | 940 | 1 210 | |
Sum investeringer | 300 | 1 710 | 100 | 2 110 |
I tråd med St.meld. nr. 16 (2008-2009) legg Samferdselsdepartementet til grunn 900 mill. 2012-kr i statlege midlar til prosjektet. Dette inneber at det er behov for 1 210 mill. 2012-kr i bompengar frå Nord-Jærenpakka, jf. forslag til romartalsvedtak. Forslag til finansieringsplan er vist i tabell 4.1.
Tabell 4.1 Finansieringsplan
Mill. 2012-kr | |||
---|---|---|---|
2010-2013 | 2014-2019 | Totalt | |
Statlege midlar | 98 | 802 | 900 |
Bompengar | 135 | 1 075 | 1 210 |
Sum | 233 | 1 877 | 2 110 |
I Prop. 1 S (2012-2013) har Regjeringa lagt til grunn at fritaket i meirverdiavgiftslova for omsetning av tenester som gjeld offentleg veg, skal opphevast frå 1. januar 2013. Regjeringa har lagt til grunn at opphevinga av vegfritaket ikkje skal endre bompengeinnbetalingane frå trafikantane. Auken i kostnadsoverslag som resultat av denne endringa, er derfor føresett finansiert med statlege midlar. Etter opphevinga av vegfritaket er styringsramma for E39 Eiganestunnelen førebels vurdert til omlag 2 440 mill. 2012-kr og kostnadsramma til om lag 2 530 mill. 2012-kr. Finansieringsplanen, inkl. kompensasjon for meirverdiavgift, er vist i tabell 4.2.
Tabell 4.2 Finansieringsplan, inkl. kompensasjon for meirverdiavgift
Mill. 2012-kr | |||
---|---|---|---|
2010-2013 | 2014-2019 | Totalt | |
Statlege midlar | 98 | 1 132 | 1 230 |
Bompengar | 135 | 1 075 | 1 210 |
Sum | 233 | 2 207 | 2 440 |
Styrings- og kostnadsramme for prosjektet er også omtalt i Prop. 1 S (2012-2013) for Samferdselsdepartementet, side 102, jf. også forslag til romartalsvedtak VI første punkt i proposisjonen.
Kostnadsauke (ekskl. auka meirverdiavgift) opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar. Deling av kostnadsauken mellom statlege midlar og bompengar er etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma, ekskl. auka meirverdiavgift. Eventuell auke ut over kostnadsramma og den auka meirverdiavgifta er staten sitt ansvar og blir dekt med statlege midlar. Dersom kostnadene for prosjektet blir lågare enn føresett, skal reduksjonar på inntil 10 pst. fordelast mellom staten og selskapet ut frå partane sin del av finansieringa. Kostnadsreduksjonar på meir enn 10 pst. tilkjem staten.
Regjeringa har tidlegare lagt til grunn at viss Stortinget sluttar seg til ei ny trafikantordning (Jærenpakke 2) innan fem år, vil denne avløyse vidareføringa av dagens ordning, jf. Prop. 28 S (2011-2012) Om forlenging av Nord-Jærenpakka. Dei økonomiske pliktene knytt til igangsette prosjekt innafor Nord-Jærenpakka, vil derfor i så tilfelle bli overførte til den nye bompengeordninga. Dersom det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2, føreset Samferdselsdepartementet at bompengeordninga for Nord-Jærenpakka blir oppretthalden fram til føresette bompengebidrag til igangsette prosjekt er finansierte, inkl. kostnadene ved avviklinga av bompengeordninga.
Det er ei fellesstrekning mellom rv 13 Ryfast og Eiganestunnelen på om lag 0,9 km. Fellesstrekninga med Hundvågtunnelen på Ryfast blir finansiert som ein del av Eiganestunnelen, jf. Prop. 109 S (2011-2012). For å halde den planlagde framdrifta for Ryfast er det lagt opp til anleggsstart på Eiganestunnelen i 2013 og trafikkopning i 2017.