1 Innleiing, samandrag, bakgrunn og høyring
1.1 Innleiing og samandrag
Kulturdepartementet legg med dette fram ein lovproposisjon med framlegg om å lovfeste ei meir uavhengig rolle for Medietilsynet på kringkastingsfeltet. Departementet foreslår vidare at klagar på Medietilsynets vedtak heimla i lov 12. april 1992 nr. 127 om kringkasting (kringkastingsloven) skal bli behandla av ei klagenemnd. Forslaget inneheld òg enkelte endringar i lov 13. juni 1997 om eierskap i medier (medieeierskapsloven). Bakgrunnen for framlegget går fram nedanfor.
I høyringa av forslaga, sjå nedanfor, la departementet til grunn at kringkastingsfeltet sin karakter tilseier at Medietilsynet bør bli gitt ei uavhengig rolle. Dei aller fleste av instansane som uttalte seg om høyringsnotatet var positive til å gi Medietilsynet ei meir uavhengig stilling og at ei klagenemnd skulle behandle klagesaker.
Fleire av sakstypane Medietilsynet behandlar inneber grensedragningar mot prinsippet om redaksjonell fridom. Prinsipielle grunnar kan derfor tale for at det organet som fører tilsyn med kringkastarane bør sikrast sjølvstende frå politiske myndigheiter, særleg på bakgrunn av media si rolle i samband med kritikk av, og kontroll med offentleg maktutøving. Vidare inneber Kulturdepartementet si rolle som eigar av NRK at departementet ikkje bør behandle klagesaker som gjeld NRK.
Departementet sitt forslag inneber at tilsynet i nærmare fastsette sakstypar ikkje skal kunne instruerast om avgjerda i enkeltsaker, og at klagebehandling skal skje i ei uavhengig klagenemnd. Forslaget omfattar ikkje tilsyn med vilkåra i konsesjonar for riksdekkjande kringkasting. Vidare skal departementet ikkje ha omgjeringsrett. Departementet ser likevel behov for ein sikkerheitsventil for å ta i vare omsynet til demokratisk kontroll i prinsipielle og viktige saker. Departementet foreslår derfor at Kongen i statsråd kan omgjere Medietilsynet eller klagenemnda sine vedtak i saker som har prinsipiell eller stor samfunnsmessig interesse. Høvet til omgjering vil gjelde uavhengig av om partane i saka har klaga over Medietilsynet si avgjerd. Vidare vil dette høvet til omgjering innebere at Kongen i statsråd kan gripe inn og omgjere eit vedtak, sjølv om klagebehandlinga ikkje er avslutta.
Forslaget omhandlar ikkje departementet sitt høve til å gi generelle instruksar.
Departementet foreslår at klagenemnda for vedtak etter medieeierskapsloven også skal behandle klagar på enkeltvedtak heimla i kringkastingsloven. Det blir foreslått samtidig å endre namnet på klagenemnda i medieeierskapsloven § 8, og å fjerne lovfestinga av tal på medlemmer i nemnda.
1.2 Bakgrunn
Medietilsynet er organisatorisk underlagt Kulturdepartementet, og dei fleste av tilsynet sine oppgåver blir utførte etter delegasjon frå departementet. Det alminnelege systemet i forvaltningsretten regulerer forholdet mellom tilsynet og departementet. I St.meld. nr. 30 (2006–2007) Kringkasting i en digital fremtid (kringkastingsmeldingen), drøfta departementet om Medietilsynet bør få større sjølvstende på kringkastingsfeltet. Departementet fann at tungtvegande omsyn taler for at tilsynet bør få ei meir uavhengig rolle, og at ei klagenemnd bør behandle klagesaker. Samtidig er det også sterke grunnar som tilseier at moglegheitene for politisk styring ikkje må bli avskorne på generelt grunnlag. Departementet konkluderte med at det ville fremje ein lovproposisjon om Medietilsynet si rolle, med drøfting av desse spørsmåla:
i kva for sakstypar Medietilsynet eventuelt bør få sjølvstende frå departementet
om departementet sin omgjerings- og instruksjonsrett eventuelt skal bli avskoren heilt eller berre delvis
kva for organ som bør vere klageinstans
Familie- og kulturkomitéen i Stortinget sa seg samd i at det er grunnlag for ein gjennomgang av Medietilsynet si formelle stilling, jf. Innst. S. nr. 24 (2007–2008).
1.3 Høyringa
Departementet sendte 14. mars 2008 på høyring eit forslag om at Medietilsynet skal få auka sjølvstende på kringkastingsfeltet gjennom enkelte endringar i lov 12. april 1992 nr. 127 om kringkasting (kringkastingsloven). Høyringsnotatet blei sendt til instansane nedanfor, i tillegg til at det blei gjort tilgjengeleg på departementet sine nettsider:
Departementa
Barneombodet
Datatilsynet
Forbrukarombodet
Konkurransetilsynet
Medietilsynet
Norsk filminstitutt
Post- og teletilsynet
Sametinget
Abelia
Annonsørforeningen – ANFO
A-pressen ASA
Bredbåndsalliansen AS
Canal Digital AS
Edda Media
Elektronikkbransjen
Familie & Medier
Forbrukerrådet
Get
GRAMO
Høgskulen i Volda
IKT-Norge
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Institutt for journalistikk
Institutt for medier og kommunikasjon
Kanal24 Norge AS
Kreativt Forum
Kringkastingsringen
Mediebedriftenes Landsforening
Modern Times Group AB
Norges markedsføringsforbund
Norges televisjon AS
Norkring AS
Norsk Aller AS
Norsk Journalistlag
Norsk Kabel-TV forbund
Norsk Lokalradioforbund
Norsk Medieforskerlag
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Norske Boligbyggelags Landsforbund
Norske film- og TV-produsenters forening
NORWACO
NRK AS
P4 Radio Hele Norge
Radio 2 Digital AS
RiksTV
SBS Radio Norge AS
Schibsted ASA
Senter for medieøkonomi, BI
Stiftelsen Frikanalen
Telenor Broadcast AS
TONO
TV 2 AS
TVNorge AS
Viasat AS
Høyringsfristen blei sett til 16. juni 2008. Blant dei instansane som gav fråsegner var det 18 som kommenterte forslaget om sjølvstende for Medietilsynet og etablering av ei klagenemnd. Det store fleirtalet av instansane støtta forslaget. Merknadene frå høyringsinstansane vil bli gjennomgått i samband med dei enkelte forslaga nedanfor.
Høyringsnotatet av 14. mars 2008 inneheldt også enkelte andre forslag til endringar i kringkastingsloven. Dette omfatta bl.a. forslag til heimel for ei førehandsgodkjenningsordning for NRK sine nye medietenester og at NRK ikkje lenger skal ha høve til å ha reklame på sine tekst-tv-sider. Desse forslaga blei følgde opp i Ot.prp. nr. 81 (2008–2009), jf. Innst. O. nr. 77 (2008–2009).
Ved same høve blei også to forslag i høyringsnotatet om forholdet mellom Medietilsynet og departementet gjennomførte. Dette gjaldt forslag om at departementet sin instruksjonsrett i forhold til Medietilsynet sitt arbeid med allmennkringkastingsrapportar skulle bli avskoren, jf. kringkastingsloven § 2-13. I tillegg blei det lovfesta at Medietilsynet heller ikkje kan instruerast ved utarbeidinga av si rådgivande fråsegn om førehandsgodkjenning av NRK sine nye medietenester, jf. kringkastingsloven § 6-1a.