Prop. 77 L (2010–2011)

Endringar i aksjelova mv.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

Bakgrunnen for lovforslaget er ein orskurd frå Høgsteretts ankeutval 30. mars 2009 (Rt. 2009 side 414). Hovudspørsmålet i saka var tolkinga av kravet om å ”gi selskapet varsel” i aksjelova § 16-16. Ankeutvalet kom her til at Føretaksregisteret si plikt til å gi selskapet varsel etter aksjelova § 16-16 første ledd inneber at varselet må vere kome fram til selskapet.

Justisdepartementet sendte ut eit høyringsnotat 26. april 2010 om endringar i aksjelova §§ 16-16 og 16-17 og liknande føresegner i allmennaksjelova, bustadbyggjelaglova og samvirkelova. I høyringsnotatet blei det foreslått at det skal vere tilstrekkeleg at varsel er sendt frå Føretaksregisteret eller i tilfelle Rekneskapsregisteret. Det blei òg foreslått å presisere at det avgjerande for tingretten sin kompetanse til å handsame ei sak om tvangsoppløysing er at det har skjedd ei kunngjering, og at selskapet ikkje har retta forholdet innan fristen. I høyringsnotatet blei det også foreslått endringar av enkelte inkuriar i aksjelova og allmennaksjelova. Høyringsnotatet hadde frist 1. august 2010 og blei sendt til følgjande høyringsinstansar:

  • Alle departementa

  • Brønnøysundregistra

  • Domstoladministrasjonen

  • Finanstilsynet

  • Folketrygdfondet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Konkurransetilsynet

  • Noregs Bank

  • Oslo byfogdembete

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Riksrevisjonen

  • Statistisk sentralbyrå

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Verdipapirsentralen

  • ØKOKRIM

  • Akademikerne

  • AksjeNorge

  • Aksjonærforeningen i Norge

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Bedriftsforbundet

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Det norske Veritas

  • Eiendomsmeglerforetakenes Forening

  • Finansforbundet

  • Finansieringsselskapenes Forening

  • Finansnæringens Fellesorganisasjon

  • HSH - Handels- og Servicenæringens

  • Hovedorganisasjon

  • Handelshøyskolen BI

  • KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres

  • Forening

  • Norges Fondsmeglerforbund

  • Norges Handelshøyskole

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kreditorforbund

  • Norges Rederiforbund

  • Norsk Investorforum

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Norske Finansanalytikeres Forening

  • Norske Forsikringsmegleres Forening

  • Norske Inkassobyråers Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Oslo Børs ASA

  • Siviløkonomene

  • Skatterevisorenes Forening

  • Verdipapirfondenes Forening

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Det juridiskefakultet, Universitetet i Bergen

  • Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo

  • Det juridiskefakultet, Universitetet i Tromsø

Følgjande høyringsinstansar har hatt realitetsmerknadar til endringsframlegget:

  • Finansdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Finansnæringens Fellesorganisasjon

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Norges Rederiforbund

Følgjande høyringsinstansar har uttalt at dei ikkje har merknadar til høyringsnotatet:

  • Arbeidsdepartementet

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Domstoladministrasjonen

  • Finanstilsynet

  • Noregs Bank

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Eiendomsmeglerforetakenes Forening

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Statistisk sentralbyrå