8 Merknader til dei enkelte føresegna
8.1 Merknader til endringane i aksjelova
Til § 1-5
Departementet foreslår at tilvisingane til § 1-3 andre ledd i første ledd nr. 5 og andre ledd nr. 3 blir endra slik at tilvisingane gjeld heile § 1-3. Det vil då gå fram av legaldefinisjonen i § 1-5 første og andre ledd at dotterselskap også er å rekne som nærståande eller personleg nærståande. Endringane er i samsvar med utforminga av føresegnene i Ot.prp. nr. 36 (1993-94) og NOU 1996: 3. At lova blei vedteke slik at § 1-5 berre viser til § 1-3 andre ledd (jf. lovforslaget i Ot.prp. nr. 23 (1996-1997)), er truleg følgje av ein inkurie.
Til § 5-19
Departementet foreslår å endre § 5-19 andre ledd andre punktum slik at det kjem klart fram at fleirtalskravet etter denne føresegna gjeld vedtak om at aksjeeigarane skal ha forkjøpsrett når ein aksje har skifta eigar. Ved lov 15. desember 2006 nr. 88 blei aksjelova § 4-15 tredje ledd og § 4-19 første ledd endra slik at aksjeeigarane har forkjøpsrett etter lova når ein aksje har skifta eigar. Før dette var regelen at aksjeeigarane hadde forkjøpsrett etter lova når ein aksje skal skifte eigar, sjå Ot.prp. nr. 55 (2005-2006) side 58 flg. om bakgrunnen for endringa. Regelen i § 5-19 andre ledd andre punktum blei ikkje endra i samsvar med dette. Departementet foreslår å endre føresegna slik at reglane blir parallelle på dette punktet.
Til kapitteloverskrifta i kapittel 11
Etter at aksjelova kapittel 11 ved lovendringa 15. desember 2006 nr. 88 fekk nye reglar om teikningsrettsaksjar og frittståande teikningsrettar (jf. §§ 11-10 til 11-13) er overskrifta til kapittel 11 no ikkje dekkjande. Forslaget går ut på å rette opp dette.
Til § 13-6
Departementet foreslår å justere tilvisingane i § 13-6 første ledd nr. 5 for at tilvisingane skal vere i samsvar med reglane om teikningsrettsaksjar og frittståande teikningsretter (jf. §§ 11-10 til 11-13) som kom inn ved lovendringa 15. desember 2006 nr. 88.
Til § 13-18
Departementet foreslår å justere tilvisingane i § 13-18 første ledd for at tilvisingane skal vere i samsvar med reglane om teikningsrettsaksjar og frittståande teikningsretter (jf. §§ 11-10 til 11-13) som kom inn ved lovendringa 15. desember 2006 nr. 88.
Til § 16-16
Departementet foreslår at ordlyden i første ledd første punktum skal endrast frå at Føretaksregisteret skal ”gi selskapet varsel” til at Føretaksregisteret skal ”sende selskapet varsel”. I første ledd andre punktum foreslår departementet å endre ordlyden frå ”gis varsel av Rekneskapsregisteret” til ”sendes varsel av Regnskapsregisteret”. Føremålet er at det ikkje skal vere eit krav etter føresegna at varselet må vere kome fram til selskapet, men at det er tilstrekkeleg at Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret har sendt selskapet varsel om at det ligg føre eit grunnlag for å løyse opp selskapet etter § 16-15 første ledd. Sjå punkt 6. Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret har plikt til å sende slikt varsel, men manglande varsel etter første ledd har ikkje noko å seie for tingretten sin kompetanse til å treffe vedtak om å oppløyse selskapet etter § 16-17, sjå merknadane til denne føresegna.
Til § 16-17
Departementet forslår å endre første ledd slik at det avgjerande for tingretten sin kompetanse til å løyse opp selskapet er om varselet er kunngjort etter § 16-16 andre ledd, og at selskapet ikkje har retta forholdet innan fristen som er satt i kunngjeringa. Tingretten kan løyse opp selskapet også om ein ikkje kan dokumentere at selskapet er varsla etter § 16-16 første ledd.
8.2 Merknader til endringane i allmennaksjelova
Til § 1-5
Endringsforslaget er det same som forslaget om å endre aksjelova § 1-5, sjå merknaden til denne føresegna.
Til § 5-19
På bakgrunn av forslaget om endring av aksjelova § 5-19 foreslår departementet ei tilsvarande endring av allmennaksjelova § 5-19. Sjølv om utgangspunktet etter allmennaksjelova § 4-15 er eit anna enn etter aksjelova § 4-15, bør fleirtalskravet etter § 5-19 vere det same etter dei to lovene.
Til § 8-10
§ 8-10 ble endra ved lov 15. desember 2006 nr. 88. Endringa gjekk ut på å snevre inn verkeområdet for regelen om kreditt til erverv av aksjar i første ledd. Ved lovendringa fekk dispensasjonsheimelen i andre ledd ei utilsikta avgrensing. Etter ordlyden omfattar dispensasjonsheimelen ikkje lenger at morselskapet finansierer dei tilsette i eit dotterselskap sitt erverv av aksjar i morselskapet. Departementet foreslår å rette dette opp ved at ”i selskapets morselskap” blir endra til ”i selskap i samme konsern”.
Til § 16-16
Departementet foreslår å endre føresegna på same måte som aksjelova § 16-16. Sjå merknaden til denne føresegna.
Til § 16-17
Departementet foreslår å endre føresegna på same måte som aksjelova § 16-17. Sjå merknaden til denne føresegna.
8.3 Merknader til endringane i bustadbyggjelaglova
Til § 10-15
Departementet foreslår å endre føresegna på same måte som aksjelova § 16-16. Sjå merknaden til denne føresegna.
Til § 10-16
Departementet foreslår å endre føresegna på same måte som aksjelova § 16-17. Sjå merknaden til denne føresegna.
8.4 Merknader til endringane i samvirkelova
Til § 142
Departementet foreslår å endre føresegna på same måte som aksjelova § 16-16. Sjå merknaden til denne føresegna.
Til § 143
Departementet foreslår å endre føresegna på same måte som aksjelova § 16-17. Sjå merknaden til denne føresegna.
8.5 Merknad til endring i inkassolova
Til § 5
Femte ledd andre punktum viser til § 2-1 femte ledd i lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling, som nå er oppheva. Ved ein inkurie blei ikkje tilvisinga endra ved vedtakinga av lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling. Departementet foreslår nå å rette opp dette ved at føresegna i staden viser til eigedomsmeklingslova § 2-8 første ledd andre til fjerde punktum og tredje ledd.