4 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsnotatet foreslo departementet ei endring av aksjelova § 16-16 første ledd, som gjekk ut på å presisere at Brønnøysundregistra skal ”sende selskapet varsel”, for å gjere det klart at det ikkje skal vere eit krav at varselet må vere kome fram til selskapet.
Departementet foreslo samstundes ei presisering av aksjelova § 16-17 første ledd, som innebar at det skulle gå klart fram av føresegna at det avgjerande for tingretten sin kompetanse til å løyse selskapet opp er at varselet er kunngjort etter § 16-16 andre ledd, og at selskapet ikkje har retta forholdet innan fristen som er sett i kunngjeringa.
Vidare bad departementet om høyringsinstansane sitt syn på om det av omsyn til selskapet bør vere eit krav etter § 16-16 første ledd at Brønnøysundregistra skal sende to varsel til selskapet, eventuelt eit varsel til selskapet med gjenpart til styreleiaren eller ein annan i selskapet.
I høyringsnotatet presiserte departementet at ei avgjerd om å løyse opp og avvikle eit selskap er inngripande, og at eit system der tingretten treffer avgjerd om oppløysing utan ytterlegare prøving av grunnlaget for oppløysinga, gjer varslings- og kunngjeringsreglane viktige.
Departementet gjorde reie for at eit krav etter aksjelova § 16-16 første ledd om at varselet om tvangsoppløysing må vere kome fram til selskapet, reiser praktiske problem (høyringsnotatet punkt 3 side 6):
”For å kunne godtgjere at varselet er kome fram har Brønnøysundregistra i praksis ikkje anna moglegheit enn å sende varsel som rekommandert brev. Ifølgje Brønnøysundregistra sender registra ut i underkant av 15 000 varsel etter § 16-16 første ledd årleg. Det vil vere både kostbart og tidkrevjande å varsle ved rekommandert post. Ifølgje Brønnøysundregistra må også handsaminga av rekommanderte sendingar i stor grad skje manuelt. Det er dessutan lite i samsvar med utviklinga mot eit moderne (delvis automatisert) registreringssystem å krevje varsel ved rekommandert brev. Justisdepartementet viser her til arbeidet over fleire år med sikte på auka elektronisk kommunikasjon mellom registra og brukarane, elektroniske oppslag mot ulike register, abonnementsordningar m.m.”
Departementet peikte på at ein ved rekommandert brev ikkje vil nå selskap som ikkje er registrert med riktig adresse, og at selskap som forsøker å trenere oppløysingsprosessen, kan velje å la vere å hente ut rekommanderte brev.
I høyringsnotatet blei det òg vist til at ei løysing der ein må kunne godtgjere at varselet er kome fram til selskapet for at prosessen skal kunne gå vidare, ikkje harmonerer godt med kunngjeringssystemet, jf. § 16-16 andre ledd (høyringsnotatet punkt 3 side 7):
”Dersom Brønnøysundregistra kan godtgjere at varselet er kome fram til selskapet, vil ikkje kunngjeringa ha noko praktisk å seie for selskapet. Selskapet vil jo da allereie vere kjent med at prosessen med oppløysing er i gang. Ei kunngjering vil dermed berre ha noko å seie for utanforståande. Men dette har nok ikkje vore føremålet med kunngjeringsordninga. Kravet om kunngjering synest å vere innretta mot at det er selskapet som skal varslast. I samband med dette kan det visast til at også etter kunngjeringa etter § 16-16 andre ledd får ein ei frist på å rette forholdet som er grunnlaget for saka om tvangsoppløysing.”
Vidare blei det nemnt at kunngjeringa kan vere einaste moglegheit til å nå selskapet dersom selskapet ikkje har registrert rett adresse.
I samband med Høgsteretts ankeutval si orskurd og oppfatninga om at mange selskap i praksis ikkje følgjer med på kunngjeringar, blei det i høyringsnotatet vist til følgjande:
”Kunngjeringssystemet er modernisert dei siste åra. Det er enkelt å slå opp i registra, anten ved å søkje på organisasjonsnummer eller namn. Ettersom ei kunngjering etter § 16-16 andre ledd skal gi ein frist på fire veker før saka blir sendt til tingretten, ligg det vel til rette for at selskapet kan gjere seg kjent med dei kunngjeringane som gjeld selskapet sjølve, og rette opp dei forholda kunngjeringa gjeld. Brønnøysundregistra tilbyr òg abonnementsordningar. Den som abonnerer på nyheiter om bestemte føretak, vil få varsel frå registra kvar gong det er kunngjort noko om det føretaket. Eit føretak kan òg abonnere på nyheiter om seg sjølve. Per i dag er kostnaden ved eit årsabonnement 150 kr i grunnbeløp, og dernest 0,50 kr per selskap. For eit selskap som berre abonnerer på kunngjeringar om seg sjølve, er det dermed tale om ein beskjeden sum.”
Departementet peikte også på at varselet og kunngjeringa etter aksjelova § 16-16 gjeld forhold som ein må kunne vente at selskapa har kjennskap til frå før, og som normalt ligg innafor kunnskaps- og kontrollsfæren til selskapa.
Når det gjeld forslaget om presisering av aksjelova § 16-17, foreslo departementet følgjande i høyringsnotatet:
”(…) [D]epartementet foreslår samstundes ei presisering i aksjelova § 16-17 første ledd, slik at det går klart fram av denne føresegna at det avgjerande for tingretten sin kompetanse til å oppløyse selskapet er om varselet er kunngjort etter § 16-16 andre ledd, og at selskapet ikkje har retta forholdet innan fristen som er sett i kunngjeringa. At varsel er sendt etter § 16-16 første ledd, er dermed ikkje avgjerande for tingretten sin kompetanse. Dette synest også å samsvare med ordlyden i noverande § 16-17 første ledd, men det kan vere hensiktsmessig at dette går klart fram av lova. Med ein slik regel unngår ein at ein får opp påstandar om at Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ikkje har sendt varsel etter § 16-16 første ledd. At varsel er sendt, kan vere vanskeleg å dokumentere.”
I høyringsnotatet foreslo departementet at det skulle gjerast tilsvarande endringar i allmennaksjelova §§ 16-16 og 16-17, av di føresegnene er likelydande som i aksjelova.
Vidare foreslo departementet endringar i dei tilsvarande reglane i bustadbyggjelagslova §§ 10-15 og10-16, og i samvirkelova §§ 142 og 143. Som grunnlag for desse forslaga viste departementet til at dei nemnte føresegnene i desse lovene byggjer på føresegnene i aksjelova og allmennaksjelova, jf. Ot.prp. nr. 30 (2002-2003) side 214 og Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) side 304-305. Departementet la til grunn i høyringsnotatet at føresegnene om varsel og kunngjering bør vere like i desse lovene, og at det ikkje er spesielle omsyn som taler for ei anna regulering enn for aksjeselskap.
Departementet foreslo dessutan å rette nokre inkuriar i aksjelova og allmennaksjelova. Det blei foreslått endringar i aksjelova § 1-5, § 5-19, overskrifta til kapittel 11, § 13-6 og § 13-18, og i allmennaksjelova § 1-5, § 5-19 og § 8-10.