Prop. 77 L (2010–2011)

Endringar i aksjelova mv.

Til innhaldsliste

5 Høyringsfråsegnene

Følgjande høyringsinstansar har uttala seg om forslaget:

Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Brønnøysundregistra, Oslo byfogdembete, Arbeidsgiverforeningen Spekter, Den norske Revisorforening, Finansnæringens Fellesorganisasjon, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening, Norges Rederiforbund og Næringslivets Hovedorganisasjon.

Følgjande høyringsinstansar støttar forslaget til endringar i aksjelova § 16-16: Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Brønnøysundregistra, Oslo byfogdembete, Finansnæringens Fellesorganisasjon, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening og Norges Rederiforbund.

Ingen av høyringsinstansane går imot forslaget om endringa i § 16-16 første ledd, men Næringslivets Hovedorganisasjon meiner at forslaget bør kombinerast med utsending av skriftleg varsel, fortrinnsvis rekommandert, ved varsling etter § 16-16 andre ledd.

Nærings- og handelsdepartementet og Brønnøysundregistra tek utgangspunkt i at endringane er naudsynte for ei effektiv handheving av selskapa si plikt til å syte for at dei formelle forholda er i samsvar med loven. Nærings- og handelsdepartementet uttalar:

”For Brønnøysundregistrene, som forestår varslingen før en tvangsoppløsning, er det viktig å ha lovregler som åpner for praktisk gjennomførbare varslingsrutiner, tatt i betraktning det store antall varsler som sendes ut årlig.”

Oslo byfogdembete uttalar:

“Alternativet med omlegging av rutinene slik at Brønnøysundregistrene må sende rekommandert brev til selskapet, synes tungvint og kostbart. I tillegg vil det være problemer med å nå de selskaper bl.a. når selskapet ikke har sørget for å ha registrert korrekt adresse i Foretaksregisteret. Oslo byfogdembete slutter seg til de vurderinger [som] er gjort i høringsnotatet.”

Finansnæringens Fellesorganisasjon viser også til at ein varslingsregel med rekommandert brev ikkje vil avhjelpe dei tilfella der selskapa ikkje har registrert riktig adresse i Føretaksregisteret.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner som nemnt at forslaget i høyringsnotatet bør kombinerast med at det også etter aksjelova § 16-16 andre ledd skal sendast ut skriftleg varsel, fortrinnsvis rekommandert. NHO er einig i at dagens ordning reiser praktiske problem, men uttalar samstundes:

”Statistikken fra Brønnøysundregistrene tyder på at de 15 000 varslene reduseres vesentlig etter at første varsel er sendt ut, og at bare en brøkdel ender med oppløsning. I 2009 var det i alt 1 490 tvangsavviklinger, i følge Brønnøysundregistrene. Vi mener derfor at departementets forslag bør kombineres med utsendelse av (rekommandert) brev ved andre gangs varsel, eventuelt beroende på hva som er grunnlag for varselet.”

NHO meiner at ei endring av regelen om at varselet etter § 16-16 første ledd må vere kome fram til selskapet, vil svekke rettstryggleiken til selskapa, men at forslaget om rekommandert varsel etter § 16-16 andre ledd – som vil vere mindre ressurskrevjande enn slik utsending etter første ledd – kan kompensere for dette.

Brønnøysundregistra meiner at selskapa i praksis vil få tilstrekkeleg varsling før det går så langt som til tvangsoppløysing:

”[V]arsel blir sendt til selskapet også samstundes med kunngjeringa etter aksjelova § 16-16 andre stykket. Selskapet blir altså uansett alltid varsla to gonger før saka kjem opp for tingretten. Selskapet blir og underretta på nytt samstundes med sjølve oversendinga av saka til tingretten.
Det kan dessutan vere grunn til å minna om at ein må legge til grunn at selskapa i utgangspunktet kjenner til at loven stiller krav til styre, dagleg leiar, revisor og innsending av årsrekneskap. Om ein styremedlem eller revisor vil fråtre skal selskapet ha varsel om dette frå vedkomande sjølv, jf. aksjelova § 6-7 og revisorlova § 7-1. Om saka gjeld dagleg leiar vil situasjonen oftast vere at dagleg leiar sjølv har sagt opp si stilling eller at han er sagt opp av selskapet sjølv. I alle høve skal selskapet altså ha motteke mange varsel om tilhøvet før det går så langt som til tvangsoppløysing.”

Nærings- og handelsdepartementet peiker også på at selskapa i praksis får oversendt to varsel i posten, ved at Brønnøysundregistra samstundes med kunngjeringa sender nok eit varselbrev til selskapet.

Når det gjeld praksisen for bruk av Brønnøysundregistra sitt kunngjeringssystem, har Nærings- og handelsdepartementet, Brønnøysundregistra og Næringslivets Hovedorganisasjon særleg uttala seg om dette.

I høyringsfråsegna frå Nærings- og handelsdepartementet heiter det:

”[I] lovgivningen forutsettes [det] at selskapene selv skal følge med på kunngjøringer i digitale opplysningsportaler. Et viktig sted å følge med for selskapene er den elektroniske kunngjøringsdatabasen til Brønnøysundregistrene. Her kunngjøres det selskapsrelevant informasjon som selskapene må gjøre seg kjent med.”

Brønnøysundregistra uttalar i denne samanhengen:

”I høyringsnotatet er det framheva at det kan vere tilfelle at ikkje alle selskap følgjer med på kunngjeringar. Brønnøysundregistra er samd i at det i praksis kan vere slik at selskapa ikkje gjer ein god nok jobb med omsyn til dette. Vi vil likevel syne til at det fleire stader i lovgjevinga er lagt til grunn at næringsdrivande selskap skal følgje med på denne type kunngjeringar. Her kan det til dømes visast til reglane om kreditorvarsling ved blant anna oppløysing av selskap, fusjon, fisjon og kapitalnedsetjing mv. og reglane om kunngjering av konkursar. Alle desse reglene har som føresetnad at næringsdrivande selskap skal og kan varslast gjennom kunngjering.”

Næringslivets Hovedorganisasjon er av ei anna oppfatning, og uttalar:

”Departementet ser ut til å mene at foretaket bør abonnere på nyheter om seg selv, alternativt angivelig at foretaket bør søke etter nyheter på brreg.no. Dette skal sikre at foretaket skal få kjennskap til de aktuelle varslene. Etter vår mening kan man helt klart ikke legge til grunn at norske foretak skal holde seg orientert på denne måten. Vi kan heller ikke se at dette er relevant for de foretakene høringssaken i hovedsak gjelder, nemlig de som nettopp ikke vil ha varselet.”

I høyringsnotatet stilte Justisdepartementet spørsmål om det etter aksjelova § 16-16 første ledd burde vere eit krav om at Brønnøysundregistra skal sende to varsel til selskapet, eventuelt eit varsel til selskapet med gjenpart til styreleiaren eller ein annan i selskapet. Av høyringsinstansane som har hatt merknadar til forslaget, har Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Brønnøysundregistra, Oslo byfogdembete, Den norske Revisorforening, Finansnæringens Fellesorganisasjon og Norges Rederiforbund uttala seg om dette.

Norges Rederiforbund gir uttrykk for at det er fornuftig med ein regel om at det skal sendast to varsel etter aksjelova § 16-16 første ledd, og grunngir dette med at ein reduserer faren for at varselet blir borte i posten.

Oslo byfogdembete meiner at det vil ha liten hensikt å sende meir enn eit varsel til selskapet si adresse etter aksjelova § 16-16 første ledd, men at det kan vere grunn til å sende gjenpart av varselet til styreleiaren eller ein annan representant for selskapet.

Finansnæringens Fellesorganisasjon meiner at ein vil ivareta interessene til selskapa og tilsikre rettstryggleik dersom ein etter aksjelova § 16-16 også sender gjenpart av varselet til styreleiaren.

Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Brønnøysundregistra og Den norske Revisorforening meiner at det ikkje er naudsynt med krav om to varsel eller med gjenpart av varselet etter § 16-16 første ledd.

Brønnøysundregistra meiner at det bør vere tilstrekkeleg at ein sender varsel til selskapet ein gong før kunngjøringa, og viser til at Føretaksregisteret i praksis sender varsel til selskapet også samstundes med kunngjeringa etter aksjelova § 16-16 andre ledd, og at selskapet òg blir underretta på nytt samstundes med sjølve oversendinga av saka til tingretten.

Nærings- og handelsdepartementet viser også til at selskapa i praksis allereie får to varsel, og ser dermed ikkje at det er behov for å lovfeste krav om utsending av to varsel etter aksjelova § 16-16 første ledd.

Ingen av høyringsinstansane har hatt merknadar til forslaget om endring av aksjelova § 16-17. Det same gjeld for forslaget til endring i tilsvarande føresegner i allmennaksjelova, bustadbyggjelaglova og samvirkelova og for forslaget om retting av inkuriar i aksjelova og allmennaksjelova.