8 Økonomiske og administrative konsekvensar av forslagene
8.1 Politiattest
Gjennom spesiallovgivinga er bruksområdet for politiattestar stadig utvida. Auka kostnader på grunn av nye heimlar må derfor reknast med i samband med aktuelle lovforslag.
Forslaget her inneber å utvide kravet om politiattest til ”skoleliknande aktivitetstilbod”. Dette vil kunne føre til utferding av fleire politiattestar, men i avgrensa omfang. Samtidig vil slike særskilde dispensasjonssøknader som Oslo kommune tidlegare har brukt, ikkje lenger bli nødvendige.
Departementet legg på denne bakgrunn til grunn at endringsforslaga ikkje vil medføre vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for politietaten spesielt eller staten generelt.
8.2 Fylkeskommunalt norsk vidaregåande tilbod i utlandet
Ordninga byggjer på at ho skal vere frivillig for fylkeskommunane og andre aktuelle partar, og staten vil som følgje av lovendringa ikkje få ytterlegare utgifter ved at fylkeskommunar går inn i opplegg med vidaregåande opplæring i utlandet, bortsett frå at staten vil kunne få visse utgifter med gjennomføring av eksamen og i tilknyting til tilsyn. Dette blir dekt innanfor dei ordinære budsjetta.
Elles må fylkeskommunar dette gjeld, ta på seg dei økonomiske og administrative konsekvensane som blir ei følgje av dei konkrete opplegga det blir søkt om løyve til å gjennomføre. Ei eventuell godkjenning etter føresegna inneber ikkje rett til støtte. Skoletilboda i Moskva og i Murmansk har fått støtte over statsbudsjettet, men dette ligg til dei årlege budsjettvedtaka.
8.3 Rett til utvida opplæringstid i private vidaregåande skolar
Forslaget inneber at elevar som tek ut eit fjerde og/eller femte år i ein privat vidaregåande skole, vil utløyse statstilskott etter vanlege satsar for private vidaregåande skolar. For elevar som har rett til spesialundervisning utover den ekstra opplæringstida, skal denne dekkjast av heimfylket.
Departementet legg til grunn at forslaget til lovendring ikkje vil medføre vesentlege endringar i løyvingane, fordi det også i dag i praksis blir utbetalt statstilskott for elevar som følgjer opplæring på fjerde og femte året i private skolar. Dersom forslaget likevel skulle føre til at fleire elevar vil ta ut retten i ein privat skole i staden for i offentleg skole, slik at statens utgifter stig, vil fylkeskommunane – som da vil få ei mindre utgift – på vanleg måte bli trekte i ramma gjennom trekkordninga for elevar i private skolar i inntektssystemet.
Departementet legg vidare til grunn at forslaget ikkje vil ha vesentlege administrative konsekvensar.
8.4 Oppdateringar i tilsynsføresegna som følgje av generell gjennomgåing av særlovsheimlar for statleg tilsyn med kommunane
Dei foreslåtte lovendringane vil ikkje ha økonomiske og administrative konsekvensar.
9 Tekniske endringar i opplæringslova § 1-2
Dei foreslåtte lovendringane vil ikkje ha økonomiske og administrative konsekvensar.